Page 1

Eidfjord kyrkje

Nr.1–2010 • Årgang 5

Kyrkjeglytten


Diverse informasjon Tilsette i Eidfjord kyrkje Kyrkjeskyssen

Sokneprest

er det no Lions som har overtatt ansvaret for. Ruta går frå krysset Riksvegen/Hagavegen kl. 10.30 og køyrer opp til Krossen og ned att Sæbøvegen. Så ber det til nedre Eidfjord, og her tek dei runden rundt Elvavegen og Kvednavegen før dei køyrer opp til kyrkja. Retur etter gudstenesta.

Presten har fast kontortid i Kinsarvik onsdagar. Då er han å treffe på tlf 53 67 15 40

Gamlekyrkja står ikkje lenger med open dør om sommaren. Ho er kun open for grupper med guide. Grunnen til stenginga er råd frå fagfolk om at kyrkja ikkje tåler all slitasjen ei open kyrkje fører med seg. Destinasjon Eidfjord tek på seg guiding når det er ønskeleg. På denne måten vert besøket begrensa, men dei som er interessert får likevel høve til å sjå den gamle flotte kyrkja vår. Gamlekyrkja skal fortsatt vere i bruk ved spesielle høve.

Talent i teneste er trusopplæringsprosjektet for 2011. Går du i 6,7 eller 8. klasse kan du vere med. Er du god til å trikse med ball? Kan du stå på hendene? Kan du ri, trylle, teikne, måle, danse, tromme, bake, eller Kanskje noko heilt anna? Kanskje har du ein draum om å vere konfransier? Då er årets talentprosjekt noko for deg. Me skal ha ei workshophelg der me skal få inn mange flinke instruktørar som skal lære oss ulike ting. Me kan nemne: Streetdance, matgruppe, drama og kunst/foto. Deltakarane sine personlege talent skal sjølvsagt også visast fram. Det som vert starta i workshophelga skal jobbast vidare med på to andre samlingar i januar, og det skal setjast saman til eit show som skal framførast for inviterte gjester laurdag 5. februar. Målet er å lage eit show av noko ein kan frå før og noko ein har lært på workshophelga. Me trur dette vert kjekt og håper DU vil vere med!

Gudstenester i Eidfjord kyrkje hausten 2010 24. oktober 07. november 28. november 02. desember 12. desember 21. desember 24. desember 25. desember 31. desember

kl. 18.00 kl. 11.00 kl. 18.00 kl. 10.00 kl. 16.00 kl. 10.00 kl. 16.00 kl. 11.00 kl. 16.00

Høgmesse Minnegudsteneste Ljosmesse Teatergudsteneste Me syng jola inn Skulegudsteneste Jolegudsteneste Høgtidsgudsteneste Nyttårsgudsteneste

Kyrkjeglytten – side 2

Bjørn Tore Sæle Måndag, tysdag og torsdag Onsdag i Kinsarvik e-post: btos@online.no Kyrkjeverje Irene Viveli Måndag, tysdag, torsdag og annakvar fredag. e-post: irviv@online.no Kyrkjetenar Hans Hellevang Alle dagar e-post: hans@eidfjord.online.no Diakoniarb. Elise Sæle Klokkar Alle dagar, bortsett frå fredagar Barne- og e-post: ungdomsarb. lindtnersaele@hotmail.com Sekretær/ Tone Felle Nesheim reinhaldar Tysdag og torsdag og ved ellers behov. e-post: tone@eidfjordkyrkje.no Organist Torstein Langesæter Ikkje faste dagar. Tlf. kyrkjekontoret: 53 66 52 51 www.eidfjordkyrkje.no Opningstider: mandag til torsdag: 0830-1500

Dette finn du i denne utgåva av Kyrkjeglytten: s. 2 Diverse informasjon s. 4 Presentasjon av soknerådet s. 6 Kyrkjeglytt gjennom året s. 8 Frivillighetsarbeid s. 9 Leiarkurs s. 10 Naturkul s. 12 Konfirmantar


Visste du at: • Eidfjord har om lag 1500 graver, fordelt på 3 gravplassar? • Eidfjord kyrkje hittil har 5 frivillige kyrkjekakebakarar? • Eidfjord kyrkje hadde eit snitt på 80 frammøtte pr. gudsteneste i 2009? • Eidfjord kyrkje har eiga heimeside? • Eidfjord kyrkje arrangerer teatergudsteneste to gonger i året? • Kyrkjekontoret tilbyr reingjering og oppattmåling av tekst på gamle gravminne? • Kyrkjekontoret tilbyr ettersyn, vatning og stell av graver? • Eit gravminne ikkje skal vere høgare enn 150 cm, ikkje breiare enn 85 cm, og ikkje tjukkare enn 60 cm? • Eidfjord sokneråd oppfordrer til gjenbruk av gamle gravminne? • Soknerådet arrangerer joletrefest kvart år i byrjinga av januar? • Altertavla i Eidfjord kyrkje er laga av Dagfinn Instanes? • Vetlaskredo er for deg som frå 4 år og oppover? • Eidfjord kyrkje har 30-års jubileum til våren? • Det gjekk med ca 65.000 stein for å bygge kyrkja vår? (me har talt..) • Det var murarmeister Hans Soldal som stod for muringa?

KAREN sluttar i kyrkja Vår trufaste reinhaldar, Karen Lægreid, har nådd aldersgrensa, og takkar for seg etter 22 år som kyrkjevaskar. Sjølv om det er store flater og mange krør å fare over tar Karen seg alltid tid til ein prat over vaskebøtta, og er like smilande og blid uansett korleis det ser ut her… Me har fått smaka moltekremen hennar - den er i ein eigen klasse. Til jul tygg me julekaker dagen lang. Karen baker – og me et, alle sju sortane går ned på høgkant. At Karen har andre talent enn vask og baking er det vel ingen som er i tvil om, og me har sett fleire sider av ho som kanskje dei fleste andre ikkje har. Ho trødde til som ein kar på gokart banen i Kinsarvik. Når staben hadde innlagt mopedopplæring på ein blåtur var ho førstemann på sykkelen. (Det var så vidt me fekk ho av igjen.) Fullt så tøff var ho ikkje når det blei snakk om helikoptertur…. Me ønsker Karen alt godt vidare og takker for vel utført jobb gjennom alle desse åra! Karen handterer det eine køyretøyet like bra…

…som det andre

At det er moro å vere i kyrkja er det vel ingen tvil om?

Kyrkjeglytten – side 3


Eidfjord sokneråd

Unni Høberg

Unni Høberg (58 år) tok til som leiar av soknerådet i 1994. I 1995 fungerte ho som kyrkjeverje, og var då involvert frå ei litt anna side. I perioden 1998 til 2001 hadde ho pause frå soknerådet, men kom sterkt tilbake som leiar i 2002. Ho er oppteken av drifta av kyrkja. At dei tilsette har det bra på jobben, og at ting fungerer som det skal. Ho er også opptatt av kyrkjebygg og vedlikehald, og av det flotte barne- og ungdomsarbeidet kyrkja driv.

Marte Malterud Seip (64 år) kom til Eidfjord i 1977, og vart relativt raskt fast innslag i soknerådet. Ho var jamvel leiar ei stund. Eit par periodar var ho vararepresentant før ho igjen vart fast medlem av rådet. Marte har, og har hatt, mange ulike verv. Ho har nokre periodar vore medlem av bispedømet sitt diakoniutval og representant i Kirkens Nødhjelp sitt representantskap. Ho har vore soknerådet sin representant i styringsgruppa Marte M Seip for sorgarbeid i Indre Hardanger. Kvart år er ho trufast med på Fasteaksjonen. Marte er Bibelkontakt i tillegg til at ho er soknerådet sin representant i styret til for ”Helg i Hardanger”. Ho brenn for barne og ungdomsarbeidet i kyrkja. Marte er også oppteken av verdas fattige og hjelpelause.

Svein Hop (71 år) er kommunen sin representant i soknerådet. Han er no inne i sin andre periode, og har dermed vore med i 7 år. Han har fulle rettar når soknerådet behandler fellesrådssaker. I soknerådssaker er han observatør. Oppgava hans er å vere bindeleddet og kontakten til kommunestyret, og det politiske miljøet. Svein er særleg opptatt av at det økonomiske grunnlaget og at dei økonomiske disposisjonane soknerådet gjennomfører er tilSvein Hop fredstillande. Vidare er Svein opptatt av at utstyr og anlegg, så som at bygg og gravplassar vert drive og vedlikeholdt på ein god måte. At dei tilsette har gode arbeidsforhold og føler at deira innsats er meiningsfull og vert sett pris på, er også viktig for Svein.

Trude Herstad (43 år) er inne i sitt 3. år som soknerådsmedlem. Dei første to var ho vara, men no er ho fast medlem. Hennar oppgåve i soknerådet er å gå på møter, vera kyrkjevert og ellers stilla opp dersom det er eit arrangement i kyrkja sin regi. Trude seier ho synes det er kjekt å vera med i soknerådet.

Trude Herstad

Ragnar Olaf Erdal

Ragnar Erdal (70 år) Har vore med i soknerådet i 6 år. Han har bakgrunn i handtverkarfaget, og det er naturleg at han er opptatt av vedlikehald av bygningar og anlegg. Ragnar er svært god å ha når slike ting står på dagsorden. Med si erfaring, og sitt nettverk, er han rett mann på rett stad. Han har vore i bresjen for både skifte av kuppel i kyrkja, oppussinga av gamlekyrkja, nytt toalettanlegg, samt diverse andre gjeremål. I skrivande stund er han engasjert i oppussing av lokaler i kontordelen av kyrkja.

Hilde Anette Oksavik (31 år) er ny i soknerådet, men ho er godt kjent i kyrkja likevel. Hilde kom til Eidfjord i 2006, og blei snart med i Toneskredo. Ho var innleigd som leiar for Talentprosjektet for eit par år sidan. I fjor haust vart ho også medleiar i Vetlaskredo. I soknerådet er ho mest opptatt av barneog ungdomsarbeid.

Hilde Anette Oksavik

Kyrkjeglytten – side 4


arbeidet kyrkja gjer i fht trusopplæring. Dette er ei svært viktig oppgåve. Særleg no når kristendomsopplæring ikkje lenger er eit tilbod i skulen, seier Borghild.

Borghild Therese Vindenes Vik (34 år) er også nyvald, og dessutan nestleiar i soknerådet. Borghild er husfrue på Eidfjord Fjell og Fjord Hotell, og er ei drivande dyktig dame som me er glade for å ha med på laget. Kvar advent står ho i fronten for tenning av dei store adventsljosa framfor hotellet, før det er fakkeltog opp til kyrkja der det vert arrangert ljosmesse. Ein av grunnane til at Borghild vart med i soknerådet er det

Timo Knoch (33 år) er varamedlem til soknerådet, men med møteplikt. Han er også frivillighetskoordinator. Kva det vil seie kan du lese om litt lenger bak i bladet vårt… Timo har tidlegare vore involvert i kyrkja sitt arbeid då me henta han inn for å vere medleiar på pilegrimsturen i fjor sommar.

Borghild Therese Vindenes Vik

Timo Knoch

Bjørn Tore Sæle er geisteleg representant i soknerådet, utnemnt av biskopen. Hans oppgåve er å ivareta samordninga mellom prestetenesta og soknerådet. Presten har talerett og stemmerett i både soknerådssaker og fellesrådsaker Gamlekyrkja inne, fotografert av John Bour

Irene Viveli er kyrkjeverge og dagleg leiar i kyrkja. Ho førebur alle sakene som skal opp i soknerådet, og er sekretær på møta. Ho har ikkje stemmerett i soknerådet.

Teatergudsteneste

Gjetarane

Før kvar jol og påske vert barnehageborna og borna på småtrinnet ved Lægreid skule invitert til teatergudsteneste i kyrkja. Då vert henholdsvis joleevangeliet og påskehistoria dramatisert og fortalt på ein litt annleis måte. Dei eminente skodespelarane er Trude Brekke, Bjørn Tore og Elise Sæle. Sjølv om det er dei yngste som er spesielt inviterte er alle hjarteleg velkomne. Noko både foreldre og besteforeldre til tider har nytta seg av, for dette er moro også for deg som ikkje lenger er blant dei heilt unge. Teatergudstenesten til jol vert torsdag 2. desember kl. 10.00. Du kjem vel?

”Marta, ro deg litt! Eg skal hjelpe deg ned”

Baltazar alias Bjørn Tore

Ljostenning av barnehageborn

Melkior alias Trude

Englane

Kyrkjeglytten – side 5


Kyrkjeglytt g tta jero Kyrk

Marta syns visst det vart i overkant mykje englesong!

”Ho,Ho ,Ho! Er det nokre snille born her?”

Moro, men litt skummelt og!

”Kva merke fekk du for oppmøtet?”

Ballongsamling for Bibelknøttane

Bibelknøtter på rekke og rad. Ein liten maskot til høgre på bildet. Kyrkjeglytten – side 6

Ein ekte barnedåp


gjennom året Småbarnskafé er populært for alle som er med I gapet på fisken som åt Jona

Vilma og Simen

Vetlaskredo opptrer i kyrkja

Una

Ingunn, Marte Lise og Andrea

Sliten konfirmant

Dyra i Noa sin ark.

Frå ei konfirmantsamling

Joletrefest og konkurransetid Kyrkjeglytten – side 7


Frivillighetsarbeidet i kyrkja vår Timo Knoch er som nevnt frivillighetskoordinator i kyrkja, og du lurer kanskje på kva me treng frivillige til? Det er masse! Me treng deg som har tid og lyst til å bake ei kake til kyrkjekaffien vår av og til. Me treng deg som har lyst å vere med å hjelpe til på Naturkulprosjekta våre, eller vere med som leiar på minikonfirmant eller konfirmantleir. På Bibelknøttar, barnekor, småbornskafe, og div arrangementer er det også ofte er greit å ha ei hjelpande hand. Det kan t.d. vere å hjelpe med praktiske førebuingar, hjelpe til med borna, servere, rydde osb. Har du lyst og anledning til å bidra i arbeidet på ein eller annan måte er me glad for å høyre frå deg. Det skal ikkje vere veldig farleg å melde seg som frivillig i kyrkja. Dersom me treng deg, ringer me, og du svarer ja eller nei, utan dårleg samvittighet… Gje oss ein lyd dersom du ønsker å stå på frivillighetslista vår. Du vel sjølv kva du ønsker å bidra med…

Frivillighetskoordinatoren

Her er eit knippe frivillige som var med på Naturkulturen i sommar!

Får dei fyr på bålet tru? Juniorleiarar på bekkevandring

Trude Varberg kom frå Australia og vart med på narutkulturen

Ei pølse til deg, og ei til… Peptalk?

Tillitsprøvelse for Endre Kyrkjeglytten – side 8


Leiarkurs av Åshild Liseth Vik Frå høsten 2009 til våren 2010 gjekk me, seks ungdommar frå 10. klasse, på leiarkurs! Me fekk vera med på bibelknøttane, hjalp til med minikonfirmantane, var på Naturkulleir og minikonfirmantleir. Me fekk læra mykje om det å vera ein god leiar og fekk teste ut det i praksis. Naturkulhelga på Voss var ein stor opplevelse, for både leiarar og deltakarar. Me fekk vera med på kjekke oppgåver og leikar, og toppa det heile med rafting. Å vere med på leiarkurs er eit stor muligheit som alle burde få oppleva og læra av! Me hadde det knall moro!

Åshild og Sitthiporn

Ein, to, tre! Ta i!

To gode venner setter opp lavvo saman Hmmm!

Åshild

Det er kjekt å vere juniorleiar på tur!

Årets nye Leiarar. (Solvor var ikkje tilstades då bildet vart tatt) Kyrkjeglytten – side 9

Marte Lise


NATURKUL 2010

Historia om Elia vart filma på Tråahjadlane

Det vår om å gjere å finne mest manna

I løpet av våren og forsommaren var det 3 samlingar og naturkulTUR.

1.samling var i mars, og den foregjekk på Høl. I Moses sine fotspor!!! Programmet denne dagen var allsidig. Dei åt manna frå Himmelen, dei rømte frå Egyptarane, og dei aka, leika, grilla pølser og koste seg. Det var 10-bod-konkurranse, og kåring av årets ørkenvandrar. Sitthiporn vann den gjeve tittelen. Me gratulerer! Aprilsamlinga var på Tråahjadlane. Der spelte ungdomane inn film om Elia. Han som kjempa mot avgudsdyrking i Israel. Naturkularane lærte seg også å tenne opp bål. Irene, kyrkjeverge, var grillsjef og serverte varme pølser til alle mann!

Me bøyger oss i vasspruten for Stine – Årets bekkevandrar!

Maisamlinga var det berre dei aller tøffaste naturkulerane som var med på! Då var det nemleg bekkevandring i Simadal. I ein iskald bekk! Tilslutt var det sjølvsagt høgtidleg kåring av årets bekkevandrar.

Har du aldri vore på bekkevandring? Det er å vandre i ein stor eller litt mindre bekk, og utføre ulike oppgåver undervegs! Våt blir du også! Ein sport kun for dei aller naturkulaste med andre ord. Den store Natur-kul-turen gjekk av stabelen i juni! 23 ungdomar og nokre leiarar var til Øyasetstølen ved Voss, og koste seg stort i sommarvarmen. Her var det pilegrimstur til Krossasetstølen, det var bading, fisking, elvesafari, fotball, og det var rafting! Innimellom slaga vart det også tid til litt undervisning som seg hør og bør på ein trusopplæringstur.

Eirik og

r mat Tid fo

Søte, blide jenter koser seg i lavvoen

Anette som kvinna ved brønnen

Hanne teljer manna Kyrkjeglytten – side 10

venne ne ha ns


Samarbeidstest

Alle deltakarane samla på Øyasetstølen

Fleire søte jenter..

Ole Kristian kaster seg uti det!

Naturkult i det våte element!

Rafting! Turens høgdepunkt!

To dyktige bekkevandrarar!

Så var det mat igjen

Tre gode venner raster på turen i Moses sine skispor!

Nokon måtte få litt hjelp på heimturen…

Samling, men ikkje rundt leirbålet

Her gjeld det å ha tunga beint i munnen Kyrkjeglytten – side 11


Konfirmantar av ulike slag Konfirmantane Det er 14 konfirmantar i år. Desse er: Lars Erik Helø, Marianne Hagen Hereid, Joakim Hotle, Silje Marlene Haavik, Maria Voll Låte, Sondre Myklatun, Eirik Felle Nesheim, Jarand Solbakken Ramsdal, Eirin Sæbø, Sverre André Sæbø, Frans Eirik Hjørnevik Sæbø, Malin Jakobsen Telle, Ragnhild Tveito og Thea Øydvin.

Minikonfirmantane Årets minikonfirmantar er 6 i talet. Det er Kaj, Sondre, Nikolai, Erlend, Herman og Stian. Minikonfirmattida er ei forsmak på konfirmasjonstida. Dei skal ha 6 samlingar i haust/ vinter, og minikonfirmanttida avsluttast som vanleg med leir i Sætervika.

Gullkonfirmantjubileum Helga 4. og 5. september var det duka for fest i Eidfjord gamle kyrkje. Gullkonfirmantane feira 50-årsjubileum. Godt og vel halvparten av dei inviterte var tilstades, i tillegg hadde nokre med seg fylgje, så det vart ein fin flokk. Laurdagen møttes dei på galleri Bergslien for omvisning. Middagen vart servert i Hardangerviddahallen, og dei tok også turen innom Natursenteret for å sjå filmen i lag. Når kvelden kom samla dei seg rundt eit bål nede i Ostangen og minnast farne tider. Søndag var det jubileumsgudsteneste i gamlekyrkja og middag, kaffi, kaker og ein god prat på Vik pensjonat. ”Ei triveleg samkoma og ei minnerik stund!” i følge gullflokken.

Odda Trykkeri AS

Kyrkjeglytten nr.1/10.  

Kyrkjeglytten Eidfjord kyrkje Nr.1–2010 • Årgang 5

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you