Page 1

Satsar på leirskule

Industriprosjektet snart fullfinasiert?

Ti kjappe frå Nina og Ola Innkalling til rådsmøte 23.09

Kurstilbod

Næringsnytt i Skjåk #02/2013 | 1. årgang SKJÅK UTVIKLING AS

John Arne Hovstad Balto, dagleg leiar Tlf: 400 95 458 E-post: balto@staak.no Postadresse: C/O Skjåk Almenning, 2690 Bismo Kontonr.: 2085 25 51268 Org.nr.: 897 285 002


Bli flinkare til å nytte heilt alminneleg programvare! To halvdagerskurs 25. september Næringsnettverket har i samarbeid med IKP Bedriftsutvikling “snekra saman” to halvdagskurs i grunnleggande dataverkty. Vi valde å starte med to dataprogram frå Microsoft som dei fleste næringsdrivande bør kjenne – Excel (rekneprogram) og Outlook (eit mangfaldig epostprogram). I dei to kursa vil ein gå gjennom fylgjande:

Outlook-kurs (klokka 09.00–12.00)

I dette kurset lærer du det grunnleggende i MS Outlook 2010. Du lærer mappestruktur og mestring av mange verktøy i MS Outlook for å ha full kontroll på alle dine gjøremål, avtaler og oppfølging av kunder. De fleste av oss vil arbeide opp mot kunder, og hva er vel da viktigere enn å knytte de riktige dokumentene opp mot riktig kunde og gjøre tilgjengelig all viktig informasjon i ett og samme bilde.

Excel-kurs (klokka 12.30–15.30)

I kurset går vi igjennom de viktigste funksjoner i MS Excel vi må kunne for å sette opp ett regnestykke, også kalt kalkyle. Dette for å komme frem til viktige tall i forbindelse med for eksempel prissetting av produkter/tjenester firmaet skal levere. Emner i de viktigste funksjoner i MS Excel - Cellereferanse og absolutt cellereferanse - Enkle formler - Enkel formatering - Tabell - Å skrive ut et regneark - Enkle kalkyleoppsett

Stad: Kommunehuset i Bismo, kommunestyresalen Tid: Onsdag 25. september 2013. Deltakaravgift per halvdagerskurs: 700 kroner for medlemsbedriftene i NIS, 900 kr for andre. Skund deg å melde deg på, vi har eit øvre tak på deltakarar per kurs på 20 personar. IKP Bedriftsutvikling stiller med bærbar pc med rett programvare til alle, så det gjer ingenting om du ikkje har kjøpt programma enno. Påmelding til balto@staak.no eller tlf 400 95 458 så snøgt som råd er!


Innkalling til rådsmøte 23.09.13

Det vert med dette kalla inn til rådsmøte i Næringsnettverket i Skjåk (NiS) mandag 23. september 2013 kl. 18.00. Det vert servering. Møtet haldast på Kommunehuset i Bismo (kommunestyresalen) og alle bedrifter som har teikna medlemskap i NiS før møtet, har stemmerett. Saksliste: 1. Godkjenning av innkalling 2. Konstituering (ordstyrar, referent, to til å skrive under protokollen) 3. Skjåk Utvikling AS, kva arbeider vi med? Ved styreleiar Lars Petter Forberg 4. Orientering om Industriprosjketet v/Nils Henry Fosstuen 5. Trio-arbeidet i Skjåk, ved Arild Halvorsen i Fabelaktiv (bilete) 6. Åpen post 7. Avslutning Skulle det vere spørsmål, ring Skjåk Utvikling AS på 400 95 458 – eller send ein epost til balto@staak.no.

har du meldt deg på

HAUSTTAKK?

Datoen for Hausttakk i Skjåk nærmar seg med stormskritt. I år skjer det heile laurdag 28. september – og vi oppmodar alle som ynskjer å treffe Skjåk-publikummet om å delta med stands. Alt ligg til rette for ei flott markering av kva Skjåksamfunnet har å by på! Sjå heile programmet for dagen bak i denne utgåva av Næringsnytt. Har du mat å by fram for sal – frukt, grønsaker, bær, bakst, kjøt, fisk, ost og vilt – eller andre varar som egnar seg på Hausttakk, så er dykk hjerteleg velkomne til å melde dykk på. Ta kontakt med John Arne Hovstad Balto i Skjåk Utvikling (telefon 400 95 458 eller balto@staak.no). Fylgj oss også på Facebook – facebook.com/hausttakk


Ti kjappe svar! På rådsmøtet i april vart den fyrste leiaren og nestleiaren i Næringsnettverket i Skjåk vald. Vi rekner med at dei er velkjende for dei fleste, men vil likevel nytte sjansen til å spørje Nina Kvalheim Kveum (leiar) og Ola Aaboen (nestleiar) om ein del sentrale spørsmål for bedriftene i Skjåk. I kraft av å vere leiar og nestleiar i Næringsnettverket, er og Kveum og Aaboen medlemmer av styret i Skjåk Utvikling. Dei har personlege vararepresentantar – Geir Ove Melby og Svein Olav Bersu.


Profil: Nina

Harde fakta: NINA KVALHEIM kveum, 31 år, leiar i Næringsnettverket i Skjåk. Kva er Skjåk-næringslivet si største utfordring, slik du ser det? – Det er å skaffe trygge og langsiktige arbeidsplassar. Kva gjorde at takka du “ja” til å engasjere deg i Næringsnettverket i Skjåk? – For meg er det spanande å få vere med å bidra i næringslivet i bygda. Du arbeider sjølv i ei viktig Skjåk-bedrift. Kva gjorde at di bedrift valde å melde seg inn i Næringsnettverket i Skjåk? – Vi ville vere med “der det skjer”. Eg trur dette er eit riktig steg i retning av å få samla næringslivet i Skjåk. Mange unge frå Skjåk flyttar ut. Kva er årsaken til dette? – Fleire og fleire tek høgare utdanning. Skjåk ligg langt unna utdanningsinstutusjonane og då blir det naturleg å flytte på seg. Utfordringa for Skjåk er å legge til rette for at dei som vil flytte heimat, har attraktive jobbar å gå til. Skjåk Utvikling og Næringsnettverket arrangerer Ståk i Skjåk, Nasjonalparkfestivalen og Hausttakk. Kva skal til for å gjere desse arrangementa større? – Nasjonalparkfestivalen tok eit steg i riktig retning i år. Ein fekk samla aktiviteten og laga ei fin ramme rundt festivalen op Sota. Dei to andre arrangementa trur eg kunne hatt klårare profil. Det kan kanskje væra vanskeleg, særleg for folk som ikkje bur i Skjåk, å forstå kva Hausttakk og Ståk i Skjåk er. Sjå på Oktoberfestivalen i Stryn, som er relativt ung. I løpet av få år har den fått fleire tusen deltakarar. Vi bør kanskje lære noko av Countryfestivalen i Skjåk som har eit klårt budskap og stor kundegruppe. Kva trur du om næringslivssamarbeidet i Ottadalen og NordGudbrandsdal. Er vi flinke nok til å samarbeide?

– Ein kan vel alltids bli flinkare til å samarbeide. Eg trur at samarbeid over kommunegrensene i Ottadalen er viktig med tanke på størrelsen og variasjonen i næringslivet. Skjåk Utvikling var med på å arrangere Grotli-konferansen i mai 2013 for å styrke samarbeide med næringslivet i naboområda i Vest, Nordfjord og Søre Sunnmøre. Kva trur du om dette samarbeidet? – Dette er nok noko av det viktigaste vi kan gjøre. I denne regionen er det eit svært spennande, nytenkande og offansivt næringsliv. Her kan vi lære og samarbeide om ting som vil gagne Skjåk i framtida. Eit godt døme på gode synergiar er at Stryvo tok over Bismo Industrier. Riksveg 15 vert ofte trekt fram som det viktigaste samferdselsspørsmålet for næringslivet i Skjåk. Kva trur du det ville ha å seie om vegen fekk eit løft – og vi fikk nye tunellar vest for Grotli? – Dette er viktig på fleire måter. Det handlar om forutsigbarheit for næringslivet –særskilt om vi skal styrke samarbeidet vedstover. Vi må også ha lit til at det i denne samanhengen blir heilårsveg til Geiranger.

Nina Kveum er dagleg leiar på Statoil i Bismo, ein viktig møtestad og service-institusjon i bygda.

Dette vil løfte det lokale reiselivet, særskilt i tida utanom sumarsesongen, noko som er svært spanande. Næringsstrukturen i Skjåk er variert, samanlikna med andre distriktskommunar i fjell-Noreg. Om du skulle få ynskje deg nye bedrifter til kommunen, kva type bedrifter skulle det vere? - Alt av nyetablering er positivt. Skjåk Utvikling og Næringsnettverket i Skjåk arbeider med eit industriprosjekt. Kva trur du dette prosjektet vil bety for industrisektoren i kommunen? – Dette er et spanande og viktig prosjekt, der ekspansjon i eksisterande bedrifter er i fokus. Det er viktig og starte å bygge på – og trygge! – det ein alt har. Så kan vi passe på å legge forholda til rette for nyetableringer, både “nykommarar” frå andre steder og gründerar i Skjåk.


Ola Aaboen arbeider til dagleg på den kjente Skjåk-bedrifta SEBB (www.sebb.no). Bedrifta, som utfører tømring, betongarbeid, kranarbeid, nybygg og så vidare, meldte seg inn i Næringsnettverket i Skjåk frå starten. Foto: Skjåk Utvikling.

Profil: Ola Harde fakta: Ola Aaboen, 43 år, nestleiar i Næringsnettverket i Skjåk. Kva er Skjåk-næringslivet si største utfordring, slik du ser det? – For stor avstand til sentrale strøk, handelslekkasje og fraflytting. Kva gjorde at takka du ja til å engasjere deg i Næringsnettverket i Skjåk? – Samarbeid om fremtidige tiltak? Du arbeider sjølv i ei viktig Skjåk-bedrift. Kva gjorde at di bedrift valde å melde seg inn i Næringsnettverket i Skjåk? – Innblikk i andre bedrifter i Skjåk og samarbeid om eventuelle framtidige prosjekt og tiltak. Mange unge frå Skjåk flyttar ut. Kva er årsaken til dette? – Utdanning, for så å få seg en mer spennende jobb enn det Skjåk kan tilby. Kanskje Skjåk Utvikling og Næringsnettverket kan gå inn i skoler for å gjøre næringa i Skjåk bedre kjent og mer interessant for de unge? Skjåk Utvikling og Næringsnettverket arrangerer Ståk i Skjåk, Nasjonalparkfestivalen og Hausttakk. Kva skal til for å gjere desse

arrangementa større? - Ståk i Skjåk og Haustakk er noe jeg ikke kan, men kanskje en kunne få engasjert flere bedrifter. Når det gjelder Nasjonalfestivalen, har vi noe unikt. Sota er jo en perle, og det vi kan vise fram av tradisjonelle bygg og ditto fjelliv er noe som kan utvikle – hvis vi treffer riktig gruppe av turister mm. Dette er jo ikke bare for skjåkværer. Kva trur du om næringslivssamarbeidet i Ottadalen og NordGudbrandsdal. Er vi flinke nok til å samarbeide? – Samarbeid kan alltids bli bedre, uttalelser og private meninger i media etter sommeren er et skrekkeksempel på hvordan samarbeid kommuner imellom kan få en negativ effekt Skjåk Utvikling var med på å arrangere Grotli-konferansen i mai 2013 for å styrke samarbeide med næringslivet i naboområda i Vest, Nordfjord og Søre Sunnmøre. Kva trur du om dette samarbeidet? - Samarbeid mot vest ga et veldig positivt signal, og jeg tror vi bør engasjere flere fra næringslivet på dette feltet. Riksveg 15 vert ofte trekt

fram som det viktigaste samferdselsspørsmålet for næringslivet i Skjåk. Kva trur du det ville ha å seie om vegen fekk eit løft – og vi fikk nye tunellar vest for Grotli? – Dette er alfa og omega! Slik det er nå, er det bare trist å kjøre gjennom disse tunellene, og når vi vet marginene mellom møtende kjøretøy og kjenner faren for ulykker, så må jo dette utbedres. Næringsstrukturen i Skjåk er variert, samanlikna med andre distriktskommunar i fjell-Noreg. Om du skulle få ynskje deg nye bedrifter til kommunen, kva type bedrifter skulle det vere? – En helhetlig turistbedrift som samler alt vi har å tilby, for deretter å få en slagkraftig annonsering mot riktig turistgrupper. Skjåk Utvikling og Næringsnettverket i Skjåk arbeider med eit industriprosjekt. Kva trur du dette prosjektet vil bety for industrisektoren i kommunen? – Forhåpentligvis så kan dette dra i positiv retning og forårsaker en liten økning i tallet arbeidsplasser.


Nils Henry Fosstuen, velkjend som dagleg leiar i Skjåk Hedda Hytter og Nord-Est, er engasjert av Skjåk Utvikling til å arbeide med industriprosjektet. Eg prøver å ha ein fast kontordag på Skjåk Utvikling-kontoret i Almenningen kvar fredag, fortel han. Foto: Skjåk Utvikling.

Industriprosjektet

snart fullfinansiert?

Skjåk kommune har stilt med 200 000 kroner til Industriprosjektet i Skjåk – og denne veka kom det ein telefon frå Oppland fylkeskommune om at dei stiller med 100 000 kronar, dei og. – No ventar vi berre på Innovasjon Norge, og eg kryssar fingrane for at prosjektet vårt er fullfinansiert i løpet av få veker, seier Nils Henry Fosstuen. Skjåk Utvikling treng helst 450 000 kr for å realisere planane. På vårparten starta Skjåk Utvikling å arbeide med eit Industriprosjekt med fleire viktige mål: Å sjå korleis eksisterande industri kunne ekspandere, og korleis ein kan skape spinoff-effektar. Å finne strategiar for korleis ein kan skape nye industriarbeidsplasser. Å utforme eit prospekt for bedrifter som kan etablere seg i Skjåk. Å bidra til å realisere måla som ligg i Program for næringsutvikling i Nord-Gudbrandsdal. Finansieringsarbeidet går godt: Skjåk kommune har alt løyvd 200 000 kroner til prosjektet, men det trengs

150 000–250 000 kr meir for at prosjektet står fullfinansiert. Difor skapte det jubel då Oppland fylkeskommune handsama ein søknad på rekordtid og gav fullt tilslag på søknaden selskapet hadde sendt: 100 000 kronar. – No ventar vi berre på Innovasjon Norge, kor vi har søkt om 150 000 kr, fortel Nils Henry Fosstuen som er engasjert som prosjektmedarbeidar i 30 prosents stilling. Skjåk Utvikling har og kvantifisert mål for prosjektet fram til 2016. – Vi skal prøve å få til 25 nye industriarbeidsplassar knytt til

eksisterande industri. I tillegg er ambisjonen å få etablert to til tre nye industribedrifter med inntil 15 til 20 industriarbeidsplassar, fortel Fosstuen. – Men i Skjåk Utvikling strekar vi også under at ingen kan «legge inn ei bestilling» på bedrifter og arbeidsplassar og få dei dalande ned frå himmelen. Det vi lover, er å gjere vårt for at dette kan skje. Men ingen kan love 100 prosent suksess i ein slik samanheng, seier Fosstuen. – Og i fyrste omgang handlar det noverande prosjektet om å knyte kontaktar, drøfte moglegheiter og så legge grunnlaget for nye delprosjekter med industribedriftene våre, fortel han og seier: – I Skjåk har vi eit sterkare innslag av industriarbeidsplassar enn mange samanliknbare kommunar har. Dette gjev moglegheiter – og det forpliktar. Eg trur at dette prosjektet, som vi har satt i gang i samarbeid med leiinga i Næringsnettverket i Skjåk, er særs viktig for at både selskapet Skjåk Utvikling og Næringsnettverket skal lukkast i åra som kjem. Og ikkje minst; om kommunen sine måltal for vekst i arbeidsplassar og innbyggartal skal kunne nåast, så er det naudsynt å satse raskt på utviklingstiltak. – Men no vil det altså f.eks. handle om å bygge opp gode prosjekt for konkret bedriftsutvikling. Difor håpar eg at alle i Skjåk-industrien som sit med ein utviklingsidé tek kontakt med meg. Åleine kan eg ikkje skapa arbeidsplassar, vi må stå saman om denne utfordringa, avsluttar Fosstuen.


Naturopplevingar à la carte Kari Hånsnar hadde storfint besøk i sumar. Både Bill Gates og emiren av Quatar kom til Skjåk for å oppleve naturen. Men i Lom og Skjåk Adventure (LSA) har dei likevel ikkje blitt store på det – den fremste satsinga i 2013 er å jobbe meir med skuleelevar gjennom Skjåk Fjelleirskule. Fjelleirskulen – eit pedagogisk tilbod som primært til ungar i borneskulen (1. til 7. klasse) – har tilhald på Grotli i ei høgd på 900 meter over havet. Her skal både elever og lærarar ristast saman, få påfyll og lære meir om naturen. Målet med leirskulen, som nyttar høgfjellshotellet som overnattingsfasilitet, er enkelt: Gjennom aktivitetane både haust, vinter og vår skal elevane oppleve samhald, samarbeid, meistring og glede over å vera ute i naturen. – Det er heilt avgjerande for oss å skape meistringskjensle hos den enkelte, fortel Kari Hånsnar. – Dette er godt for den enkelte eleven, og godt for gruppa som kjem hit. Derfor har vi ei rekke ulike tilbod, og aktivitetane tilpassast den enkelte, slik at alle

får kjenne på gleda ved å vere i aktivitet i naturen. Dei sterke opplevingane som naturen og høgfjellet byr på gjennom vekslande årstider, et eit spektakulært bakteppe for ei fin læringsoppleving, fortel ho. Stampbading og leirbål Ein tilbyr òg friare opplegg utan særskilt pedagogisk opplegg for skoleklassar på mellom ein og sju dagar. Alt bygger på den menyen av aktivitetar som finns i bedrifta – som rafting og juving på hausten, isjuving og isklatring på vinteren. LSA har og ein eigen camp på Storøya kor ein kan overnatte i hytter eller lavvoar. Campen har nytt sanitæranlegg, og det finnst og villmarkscamper med badestamper og leirbål.

Treng kapital Kva er kritiske faktorar for at du skal lukkast? – Som så ofte ellers så er det kapital som er den mest kritiske faktoren. Vi ser definitivt moglegheitene, og korleis dei ulike produkta kan utviklast – men vi har ei kontinuerleg utfordring når det gjelder å nå ut med dei opplevingane vi tilbyr. Her er mye ugjort, fortel Hånsnar. Ho fortel og at det er ei kontinuerlig utfordring å styrke kvaliteten i firmaet sine produkt og utvikle nye produkt i opplevingsportefølja. Samtidig strekar ho under at ein i LSA har både konkrete planar og mange langsiktige draumar. Til vinteren byrjar Trio-serien og gå på tv-skjermen. Kva vonar


Kari Hånsnar er eit velkjent andlet i Skjåk. Ho arbeider med oppleving, turisme – og skal snart bli gardbrukar. Foto: Skjåk Utvikling.

du at skal kome ut av dette for Skjåk-samfunnet? – Eg håpar at Trio-serien kan bidra til å gje Skjåk og området rundt eit realt løft! Eg kryssar fingrane for at naturen og området her vil kunne bli “verdskjend” i Norge og i dei andre landa som Trio etter kvart kjem til sendast i. Dette vil kunne gje gode ringverknadar for reiselivet – om vi klarer å gripe sjansen, vel og merke. For det kjem ikkje av seg sjølv! Det vil kreve hardt og godt arbeid, og ikkje minst samarbeid, for å lande gode resultat av Trioserien. Så eigentleg kan ein kanskje seie at dette kan stort som vi sjølve gjer det til, avsluttar Kari Hånsnar. Storfint besøk Men så til sumaren, som vart noko spesiell for LSA. 4. august kunne VG melde at Bill Gates, som ferierte med familien på Sunnmøre, hadde tatt helikopterturen til Skjåk for å juve i Aura.

På vegen dit, hadde dei fått med seg Skageflå og Geiranger. Og dette var faktisk berre eitt av to celebre besøk denne sumaren, for rett etter kom også emiren av Qatar på reinsjakt. Famlien Gates var med på ein juvetur med rappellering – og dei hadde to guider frå LSA med seg. Til saman var dei ute i fleire timar, og dei prøvde «vannsklier», klatring, klippehopping. Og det heile starta med ei rappelering ned i juvet frå ei høgd på nesten 40 meter. Kva trur du det var som fekk desse to kjendisane til å velge Skjåk? – Eg håpar og trur at det er eit resultat av arbeidet vi har lagt ned over fleire år. Vi ynskjer å tilby kvalitetsprodukt. For Bill Gates så var det faktisk vener av han som har vore hjå oss tidlegare og som hadde anbefalt han å ta turen til oss. Det er klart det er spesielt å få slike gjestar, og for oss er det ei fjær i hatten. Dei var heldige og fekk bra vær, og fekk verkeleg oppleve Skjåk frå si beste side. For oss er det ei artig oppleving å få lov å vise fram noko av det området

har å by på til personar av eit slikt kaliber. Kor mykje trur du mediaoppslaga var verdt? – Slikt er vanskeleg å måle. Merksemda var relativt kortvarig, og diverre ikkje noko vi kan bruke i marknadsføring seinare. Men uansett er det moro å få Skjåk fram i media, og forhåpentlegvis kan det vera med å bidra til at fleire får augo opp for Skjåk. Eg blir glad kvar gong media skriv noko positivt om området vårt, spesielt knytt til naturopplevingane. Alle næringsdrivande i Skjåk tener på at «Skjåk-aksjane» stiger, seier ho. Kva for reaksjonar har du fått frå folk i Skjåk – og andre – etter sumaren? – Vi har fått ein del positive reaksjonar, og det verker som folk stort sett tykkjer at dette var moro. Spesielt med Bill Gates, avslutter Kari Hånsnar i Lom og Skjåk Adventure. Meir info: www.lsadventure.no ww.fjelleirskulen.no

Teambuilding og event er eit felt LSA satsar på. Men her gjeld det å ha dei rette marknadene, så det tek tid og innsats å nå fram til kundene.


GOD BEDRIFTSLEIING – KVA SKAL TIL?

Næringsnett verket i Skjåk (NIS) inviterer til dagseminar for bedriftsleiarar, styremedlemmer og gründerar med tema om økonomi, kommunikasjon og innovasjon. Deltakaravgift: 600 kroner for medlemsbedriftene i NIS, 1000 kr for andre. Stad: Øyberget besøkssenter Tid: Onsdag 23. oktober 2013, kl. 10.00–16.00. Påmelding til balto@staak.no eller tlf 400 95 458 så snøgt som råd er!

Program: 10.00–11. 30: Økonomi og rekneskapsresultat – eit resultat av slik det vart – eller styringsverktøy for bedriftsutvikling? - Budsjett – kva og korleis - Rekneskapen – korleis lese og bruke den aktivt - Nøkkeltal – viktig hjelpemiddel for bedrifter som vil vokse med styring 11.30: Pause 11.45–12.30: Val av selskapsform og stifting av selskap – strategiske val, kva trengs av dokument og formalia? avtalerett – kva treng vi kunne og må gjere for å vere organisert best mogleg? 12.30–13.15: Lunsjservering 13.15–14.30: Kommunikasjon, omdømme og marknadsføring – fancy greier for store firma eller nyttige grep for dei som vi ha suksess? 14.30: Pause 14.45–15.30: Innovasjon – kva er det og korleis lukkast med dette i utkant-Noreg? 15. 30–16.00: Oppsummering og avslutning

Dag Henning Reksnes, direktør i kommunikasjonshuset InMedia på Nordfjordeid, har lang fartstid frå kommunikasjonsbransjen og bedriftsrådgjeving. Han har gjennom ei årrekke vore ein aktiv spelar i næringslivet i Nordfjord og har også fartstid som folkevald. I kurset «God bedriftsleiing – kva skal til?» gjev han ei rask innføring i kva dei som leier bedriftene – både som dagleg leiar og som styremedlem må kunne for å gjere ein god jobb. Kurset er lagt opp såpass generelt at dei fleste vil ha nytte av det i sin kvardag.


Velkomen til

Hausttakk i Skjåk Hausttakk er ein lokalmarknad og ein arena for matrelaterte arrangement. Målet er å fremje lokal matproduksjon og mattradisjon og å byggje vidare på skikken om at folk om hausen kjem til Skjåk for å drive matauk.

Laurdag 28. september 09.00-11.00: Breidablikk-synfaring i Skjåk, med Stensgård og Skjåk kyrkje lagt inn i programmet. Synfaringa endar i Bismo rett før Hausttakk opnast. 10.00-15.30: Mattorg ved Kjøpesenteret i Bismo. Lokale matprodusentar frå Skjåk og nabobygdene i aust og vest byr fram mat for sal. Bålkaffe og diverse handmat blir å få kjøpt. Butikkane i kjøpesenteret har utvida opningstid.

Fredag 27. september 10.00–16.30: BYGNINGSARV og MATKULTUR (seminar). Vi ser på korleis desse to kunnskapsfelta er vevd inn i kvarandre, og korleis dei har forma kulturhistoria vår. Vi retter også søkeljos mot korleis formidlinga av lokal matog drikkekultur i dag kan knytast til kulturminnevernet. Seminaret haldast på Fjellmuseet i Lom. Kveldsprogram med middag på Fossberg Hotel. Påmelding til Sjur Harby på 488 97 714 eller sjur.harby@disenkolonial.no. Sjå heile programmet på www.disenkolonial.no

11.30: Offisiell opning av HAUSTTAKK. Sjur Harby, kulturhistorikar og mannen bak «Breidablikk – Nasjonalt forum for kulturarv» er konferansiér. Endre Skjåk prisar hausten ved å framføre eit kort program om årstida, sett gjennom Skjåk-diktaranes augo. Aud Jotun orienterar om Verdsdagen for psykisk helse og arbeidet med gamle leiker (tema for dagen). Mari Eide Lindsheim avsluttar sekvensen med ein minikonsert, kor ho syng og speler gitar, og ikkje minst stevjar. 13.00: ein smakebit av jakob Sande ved Endre Skjåk. Trekkspelmusikk før og etter. 14.00: eggeløp for born og unge – tre klasser og fine premiar.

Blant dei friviljuge som deltek på Hausttakk i år, nemner vi MeNTAL HeLSe (som i år hentar fram gamle leiker og presenterer eit eige hefte om dette), BYGdeKVINNeLAGeT (som mellom anna kokar god, gamaldags graut), LHL, HUSfLIdSLAGeT og fjeLLMUSeeTS VeNNeR. fRIVILjUGSeNTRALeN har også ope – det blir utstilling av gamle leiker, loppemarknad og sal av kaffe, vaflar og suppe.

facebook.com/hausttakk balto@staak.no | tlf 400 95 459


BLI MEDLEM!

Betal for 2014 no – få hausten gratis

Næringsnettverket i Skjåk (NiS) arbeider til føremon for private verksemder og næringsdrivande i Skjåk-samfunnet.

Som medlem her får du medlemsfordelar: Meir informasjon, deltaking i prosessar, favørpris på skoleringstilbud og meir til. KONTINGENTEN er 450 kronar per årsverk i bedrifta, men ingen bedrift skal betale meir enn 4500 kroner.

Ja, eg ynskjer å melde bedrifta inn i Næringsnettverket i Skjåk (NiS) Bedrifta sitt namn: ­­­_________________________________________________________________ Bedrifta si postadresse: ­­­_________________________________________________________________ Bedrifta sitt telefonnummer: ­­­_________________________________________________________________ Bedrifta si epost-adresse: ­­­_________________________________________________________________ Kontaktperson for Næringsnettverket i Skjåk i bedrifta (gjerne dagleg leiar): ­­­_________________________________________________________________ Årsverk i bedrifta

SEND OSS GJERNE INFORMASJONEN PÅ E-POST!

Om du vil, kan du og sende dei opplysningane vi ber om på e-post, og dermed slippe å klippe i dette bladet. Send dei naudsynte opplysningane til e-post balto@staak.no. Til same adresse kan du sende spørsmål, men du kan og ringe 400 95 458 (dagleg leiar i Skjåk Utvikling, John Arne Hovstad Balto)

Næringsnytt 02-13  

Informasjonsavis fra Næringsnettverket i Skjåk (Skjåk Utvikling AS)

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you