{' '} {' '}
Limited time offer
SAVE % on your upgrade.

Page 1

EN RETTLEIAR

EIT VERKTØY UTARBEIDD AV KRISESENTERET I SOGN OG FJORDANE - 1 -


Kunnskap til å sjå – mot til å handle Vi veit at vold i nære relasjonar er eit lovbrot, og eit stort samfunnsproblem – men klarer vi alltid å sjå at det skjer? Volden kan vere vanskeleg å oppdage, og det krev mot for å ta tak i situasjonen. Volden er ikkje alltid like synleg, og den finst i mange former. Det er viktig at folk i hjelpeapparatet har kunnskap til å sjå, og ikkje minst mot til å handle. Gjennom dette informasjonsmateriellet vil vi på krisesenteret gje deg råd og tips om korleis du kan møte folk, som du mistenkjer er utsett for vold i nære relasjonar. Kva kan du gjere som tilsett, kollega eller ven. Kva er risikofaktorar som kan utløyse voldshandlingar, og korleis taklar ein akutte situasjonar. Alle har plikt til å melde eller å hindre at personar vert utsette for vold. (jfr. Avvergeplikta § 196 i Straffelova) Du kan hjelpe den voldsutsette til å ta kontakt med politiet, overgrepsmottaket eller krisesenteret. Er det barn involvert må du først og fremst varsle barnevern og politi. Barn som er vitne til vold er også utsett for vold, og er du usikker kan du snakke med barnevernet anonymt, om du ynskjer det. Arbeider du med barn bør du ta saka opp med leiar og til dømes helsesjukepleiar. Krisesenteret og overgrepsmottaket har spisskompetanse på vold i nære relasjonar, og kan vere gode samtalepartnarar dersom du er i tvil om kva du skal gjere. På krisesenteret er det døgnbemanning med god kompetanse som hjelper den voldsutsette og eventuelle barn i samarbeid med andre instansar. Akutt-tiltaka ved mistanke om vold i nære relasjonar er politi, barnevern, overgrepsmottaket og krisesenteret. Er du bekymra – ta kontakt for drøfting og rettleiing. Wenche Hovland, Krisesenteret Sogn og Fjordane - 2 -


Vold er eit alvorleg lovbrot Vold i nære relasjonar er eit stort samfunnsproblem og eit alvorleg folkehelseproblem. Vold i nære relasjonar er synleg og usynleg og finst i fleire formar; fysisk, psykisk, materiell, seksuell, økonomisk, digital, latent vold eller det kan vere omsorgssvikt. Følg intuisjonen din. Volden kan vere vanskeleg å oppdage, difor er det viktig at vi i hjelpeapparatet har kunnskap til å sjå teikn og symptom, mot til å stille spørsmål og bistå den utsette med å oppsøke hjelp. Det kan vere vanskeleg å sjå alvoret i situasjonen, og klare å komme seg ut av volden på eiga hand. Det finst hjelp å få. Alle dei akutte hjelpetilboda er gratis. Det beste er om du saman med personen ringer aktuelt hjelpetiltak for å få hjelp. Ein kan også ta kontakt anonymt for drøfting og rettleiing.

PSYKISKE TEIKN

FYSISKE TEIKN

SIGNAL

• Redsel • Uro

• Vondt i magen, hovudet, ryggen m.m.

• Hyppige sjukemeldingar og legebesøk

• Konsentrasjonsproblem

• Søvn og spiseproblem

• Avtalar som ofte vert endra eller kansellert

• Mareritt

• Sår og skader på kroppen

• Stadig utan pengar

• Angst

• Kroppslege smerte

• Depresjon

• Svimmelheit

• Redusert sjølvkjensle • Sjølvmordstankar

• Kjem sjeldan åleine til avtalar • Knuste eigendelar (ved heimebesøk)

• Auka bruk av legemidlar og alkohol

- 3 -


Kva gjer eg som tilsett, som kollega eller ven SJÅ

SPØR

• Konsentrasjonsproblem • Søvn- og spiseproblem

Prøv å få til ein dialog slik at volden vert erkjent.

• Uro og utagerande åtferd • Unnvikande

Start gjerne med: • «Eg er bekymra»

• Depresjon – irritabilitet • Avtalar vert ofte endra

• Personen motset seg hjelp som krev innsyn i familien • Partnar er ofte med på avtalane

• Hyppige legebesøk med diffuse symptom • Reaksjonar ved berøring • Bruk av rusmidlar • Sår og blåmerke

• Brann- og stikkskadar •

Svimmelheit

Fortel kva du ser : • «Det verkar som du ofte er mykje borte frå jobb» • «Du verkar sliten»

• «Eg ser at du har blåmerke på armen» Held fram med: • «Dette gjeld kanskje ikkje deg, men min erfaring er at mange som ikkje har det så greitt heime kan få sånne plager.

Tips! • Prøv å unngå å bruke

ordet «vold»

• •

Lytt aktivt som hmm…, fortel meir om det…, beskriv, kva gjorde du, kvar var du, korleis opplevde du det… Gjenta nøkkelord

• Still opne spørsmål (ikkje leiande)

• Unngå vurderingar av det som har skjedd som «Oj, så forferdeleg» osv.

• «Kva tenker du om det?»

• «Korleis har du det heime?»

}

} - 4 -


ved mistanke om vold i nære relasjonar? AVKLAR Prøv å få oversikt over korleis volden artar seg:

Kor alvorleg er den: • Når skjedde dette siste gang?

• Manglande råderett over eigne pengar

• Er du redd noko skal skje framover?

• Vert nekta kontakt med familie og vener • Audmjuka eller latterleggjort • Øydelegging av ting vedkommande er glad i • Slag, truslar, seksuell tvang • Lugga, brent

• Tvangsekteskap

• Kjæledyr som vert mishandla

• Beskriv kva som skjedde.

• Er det fare for liv og helse for deg sjølv eller barna dine? • Har du tidlegare vore i kontakt med politiet eller krisesenteret?

Risikofaktorar: Samlivsbrot, tidllegare voldsepisodar, tilgang til våpen, arbeidsløyse, økonomiske vanskar, sjukdom og rusavhengigheit kan bety auka risiko for grov vold og partnardrap. Det er viktig å vere klar over at brotfasen ofte er den farlegaste fasen. Politi og krisesenter bør kontaktast! Er det barn involvert skal også barnevern kontaktast.

Be den voldsutsette skrive ned kva som har skjedd og kva som skjer, og skrive tid og stad for hendingar

- 5 -


AVVERGEPLIKT

KVA GJER EG? Motiver den voldsutsette til å kontakte hjelpeapparatet slik at ho/ han kan få hjelp til å komme ut av volden. Hjelp eventuelt ho/han til å ta kontakt med hjelpeinstansar.

Alle har ei personleg plikt til å melde eller på annan måte avverge og hindre at personar vert utsett for skade på liv og helse.

(Straffeloven § 196)

Er du usikker på kva du skal gjere, kan du drøfte saka med krisesenteret eller politiet. Ring gjerne og avtal ein time for ein samtale med fagpersonar på krisesenteret, eller be om råd på telefon. Kontakt til krisesenteret kan også gjerast anonymt.

Rettleiingssamtale på krisesenteret

- Inviter den voldsutsette med til ein samtale på krisesenteret. Krisesenteret kan gi råd og rettleiing om vegen vidare for å stoppe volden og krisesenteret kan gi tett oppfølging i prosessen i samarbeid med andre hjelpeinstansar.

- Eige informasjonsmateriell om tilboda er tilgjenegelig på www.krisesenteret.sf.no eller kontakt krisesenteret for meir informasjon og materiell.

Gi informasjon til den voldsutsette om kva hjelpetilbod som finst

- Du kan også som tilsett i hjelpeapparatet invitere krisesenteret med i møter der den voldsutsette deltek.

- 6 -


VIKTIGE TELEFONNUMMER POLITI ................................................................................................................................... 02800 KRISESENTERET I SOGN OG FJORDANE ............................................................ 57 74 36 00 OVERGREPSMOTTAKET I SOGN OG FJORDANE .............................................. 57 72 37 48 LEGEVAKTA ...................................................................................................................... 116 117 BARNEVERNVAKTA Florø, Førde, Naustdal, Jølster, Bremanger og HAFS (Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Solund) Telefon ....................................................................................................................... 47 45 72 72 Eid, Gloppen, Selje og Stryn ................................................................................... 45 97 62 06 Sogn ........................................................................................................................... 40 02 29 88

AKUTTE SITUASJONAR Ved alvorlege truslar eller fysiske skader etter vold og overgrep. Ring politiet for å forhindre nye overgrep!

Våg å sette ord på bekymringane dine

• Fortel kva du har sett og kvifor du er redd for nye overgrep. • Den voldsutsette kan melde overgrepet eller politiet kan ta ut offentleg påtale. • Ved mistanke om voldtekt og skader etter vold i nære relasjonar kontakt Overgrepsmottaket i Sogn og Fjordane for undersøking, sporsikring og medisinsk hjelp • Kontakt Krisesenteret som kan gi beskyttelse og butilbod ved behov, omsorg, støtte og hjelp, råd og rettleiing, oppfølging i samarbeid med andre instansar og hjelp til re-etablering. Krisesenteret har både eit akutt-tilbod og eit oppfølgingstilbod. - 7 -


Kva gjer du ved mistanke om at eit barn vert utsett for vold? Når du har grunn til å tru at eit barn vil komme til å bli utsett for vold, har du avvergeplikt •

ved fysiske skader

ved alvorlege truslar

• • • • •

ved symptom etter psykisk vold ved mistanke om seksuelle overgrep når barnet viser redsel for å gå heim

når barnet vert henta av rusa foreldre

ved mistanke om nær føreståande eller gjennomført kjønnslemlesting eller tvangsekteskap

Politiet og barnevernet varslast! NB! Ved mistanke om vold mot barn i heimen skal ikkje foreldre kontaktast!

• • •

Ved synlege skader, ta gjerne bilde med eigen telefon. Vurder om barnet skal til overgrepsmottaket eller legevakt for å sikre bevis. Di plikt er sjølve varslinga. Politiet vil etterforske og syte for avhøyr ved barnehuset. Ver merksam på at faktorar som samlivsbrot, arbeidsløyse, sjukdom, trygd og rusmisbruk i familien kan bety auka risiko for alvorleg vold.

Kva gjer du dersom saka er avslutta men volden held fram?

Meld ny bekymring til barnevernet, som i mellomtida kan ha fått fleire bekymringsmeldingar.

- 8 -


AVVERGEPLIKT Alle har ei personleg plikt til å melde eller på annan måte avverge og hindre at personar vert utsett for skade på liv og helse.

(Straffeloven § 196)

Bekymringsmelding sendast til barnevernet Den skal innehalde: •

Personalia, årsaka til bekymring, kva du har sett, høyrt, observert, oppgje kontaktperson og kva som allereie er gjort.

Dersom du er tilsett skal meldinga sendast i samarbeid med leiar. Dersom leiar motset seg å signere, har du eit sjølvstendig ansvar for å sende meldinga med di underskrift. Barnevernet gir meldaren tilbakemelding når melding er motteke og undersøkinga er avslutta. Som ven eller nabo får du berre vite om meldinga er motteke.

}

} - 9 -


HUGS! Du skal berre melde frå om di bekymring. Det er barnevernet som undersøker saka og avgjer vidare tiltak. Anonyme drøftingar Er du usikker? Ring barnevernet for å drøfte saka anonymt.

Vold i nære relasjonar omfattar også barn som er vitne til vold. Skadeverknader av å leve i ein familie der det førekjem vold mellom voksne tilsvarar det å bli direkte utsett for vold. - 10 -


Ved mistanke om vold og seksuelle overgrep mot barn For deg som arbeider med barn, er offentleg tilsett eller er ven, familie, nabo e.l.

SJÅ • Søvn og spiseproblem • Vondt i magen

• Uro og irritabilitet • Depresjon

• Utagerande eller «pleasende» åtferd

• Reaksjonar ved berøring

• Hyppige legebesøk med diffuse symptom • Ho/han set seg imot innsyn i familien

• Sår og blåmerke, gjerne fleire stader på kroppen • Brann og stikkskader • Svimmelheit

• Bruk av rusmidlar

• Vær obs på «skjulte» bodskaper

SPØR Prøv og spørje om kva som har hendt, mens du samstundes ivaretek barnet Start gjerne med: • «Eg er bekymra» – beskriv det du ser • Det verkar som om du har ofte vondt i magen • Eg ser at du har blåmerke på armen Held fram med: • «Dette gjeld kanskje ikkje deg, men min erfaring er at mange som ikkje har det så greitt heime kan få sånne plager.

Tips! • Gjenta det barnet seier

• Still opne spørsmål (ikkje leiande) • Bruk støtteord som «hmm…» ja, fortel,…

fortel meir

Spør gjerne fleire gonger, sei: «eg er her og kom innom dersom du vil snakke med meg» • Avtal eit nytt møte med barnet

• «Kva tenker du om det?»

• «Korleis er det å vere deg heime?»

KVA GJER DU?

• Informer leiar om mistanken din • Observer, skriv ned kva som har skjedd - 11 -

• Noter tid og stad


AVKLAR Eit barn kan fortelje om hendingar heime, litt plutseleg, til dømes i ei samlingsstund, i eit friminutt, osv. Inviter då barnet til ei samtale: • «Då du sa det tidlegare i dag, kva meinte du då?» • «Eg har ikkje vore der, så fortel så godt du kan» • «Kva skjer vidare då?»

• «Du har fortalt meg om…» Vis varsemd og ikkje spør for detaljert, det er politiet eller barnehusa som tek avhøyr av barnet og ynskjer å vere den første som spør barnet om detaljane. Få barnet til å fortelje ope. • Når barnet er ferdig med si forteljing, bekreft det barnet har sagt, og tydeleggjer at det ho/han har sagt er viktig. • Ikkje lov barnet at du ikkje skal sei det til nokon. Forklar at du må snakke med nokon andre vaksne om det barnet har fortalt. Men at du skal fortelje når du gjer det, og kven du snakkar med.

KVA GJER DU? • Noter ned det som barnet har fortalt, så ordrett som mogleg • Dokumentasjon er viktig, skriv «mor seier..», barnet fortel…» • Du kan drøfte saka anonymt med barnevernet, krisesenteret, politiet eller overgrepsmottaket • Drøft gjerne den konkrete saka med leiar og til dømes helsesjukepleiar, der de saman legg ein plan over kven som gjer kva, når. (Akutte tiltak, bekymringsmelding, tilvising til hjelpeapparat. etc.

- 12 -


AKUTTE TILTAK POLITI 02800

OVERGREPSMOTTAKET

Alle former for vold bør meldast til politiet.

Ring overgrepsmottaket på tlf. 57 72 37 48.

Politiet gjer risikovurdering og kan sette inn beskyttelsestiltak som kontakt og besøksforbod og voldsalarm. Politiet gir også råd og rettleiing.

Overgrepsmottaket gir behandling med omsyn til infeksjonsrisiko, uønska graviditet og eventuelle fysiske skader etter eit overgrep. Ein får hjelp til vidare oppfølging i helsesporet i høve fysisk og psykisk helse. Ein får tilbod om gratis bistandsadvokat i inntil 4 timar, og historia og rettsmedisinske spor vert dokumentert på ein måte som held i rettssystemet. Dette gjer det enklare for dei overgrepsutsette dersom dei i etterkant vel å melde saka til politiet, og sikrar deira rettstryggleik i tillegg til den medisinske behandlinga. Mottaket er døgnbemanna med sjukepleiarar og legar i vaktberedskap. www.legevaktsysikl.no/overgrepsmottak

- 13 -


BARNEVERNVAKTA

KRISESENTERET

Florø, Førde, Naustdal, Jølster, Bremanger og HAFS (Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Solund)

Krisesenteret har eit akutt hjelpetilbod med oppfølging over tid.

Telefon

47 45 72 72

Eid, Gloppen, Selje og Stryn Telefon

45 97 62 06

Krisesenteret har fylgjande tilbod: • Skjerma butilbod ein periode •

Omsorg, støtte og hjelp

• Støttesamtalar • Advokatbistand • Tilbod til barn

Sogn Telefon

57 75 36 00

40 02 29 88

Barnevernet undersøker saka når dei få ei bekymringsmelding og kan tilby hjelpetiltak og bidra til at barn og unge får trygge oppvekstvilkår.

• Senteret er døgnope og alle tenester er gratis • Råd og rettleiing • Praktisk hjelp • Oppfølging i ein eventuell re-etableringsfase Ein treng ikkje bu på krisesenteret for å få hjelp. Senteret tek imot dagbesøk av voldsutsette kvinner, menn og barn som treng hjelp utan å bruke butilbodet. Krisesentertilbodet er eit lovpålagd lavterskeltilbod, som er døgnope og gratis. Dei tilsette har god kompetanse på vold i nære relasjonar og konsekvensane av dette.

MELDEPLIKT TIL BARNEVERNET Som tilsett har du meldeplikt til barnevernet når du er bekymra for eit barn.

(Barnevernlova § 6-4)

På Krisesenteret er det også eit barnefagleg team som ivaretek barn i ein akutt situasjon og gir oppfølging over tid i samarbeid med andre hjelpeinstansar. www.krisesenteret.sf.no

- 14 -


NÅR VOLDEN ER AVDEKKA AKUTT-TILTAK

OPPFØLGING & SAMARBEID

• POLITIET

• Krisesenteret

• Spesialisthelsetenesta

• Barnevernet

• Advokat

• Overgrepsmottaket

• Skule og barnehage

• Helsestasjonen

• SMISO

• BARNEVERNET

(både akutt-tiltak og oppfølging)

• KRISESENTERET

• Politi

(både akutt-tiltak, oppfølging og re-etablering)

• NAV • Familiekontor

• OVERGREPSMOTTAK / LEGE

• Lege og sjukehus

(medisinsk undersøking, sporsikring og oppfølging)

(støttesenter mot incest og seksuelle overgrep)

• Barnehuset • Tiltakstenesta • Andre aktuelle

Der volden er avdekka og den voldsutsette held fram med å leve med voldsutøvar TILTAKSPAKKAR • Barnevernet • Ressursgrupper • Familievern (familieterapi)

• Krisesenteret (støttesamtalar med den voldsutsette, og råd og rettleiing) • Politi • Helsevesenet • Behandling av voldsutøvar

For rettleiing om æresrelatert vold: Kompetanseteamet mot tvangsekteskap og kjønnslemlesting · Tlf. 468 090 50 · www.bufdir.no/vold - 15 -


VIKTIGE TELEFONNUMMER POLITI ........................................... 02800 KRISESENTERET i SoF ..... 57 74 36 00 OVERGREPSMOTTAKET i SoF .................................... 57 72 37 48 LEGEVAKTA ............................. 116 117

BARNEVERNVAKTA Florø, Førde, Naustdal, Jølster, Bremanger, Askvoll, Hyllestad, Fjaler, Solund Telefon ............................... 47 45 72 72 Eid, Gloppen, Selje, Stryn A til Å · www.atilaa.no

Telefon ............................... 45 97 62 06 Sogn Telefon ............................... 40 02 29 88

- 16 -

Profile for A til Å Grafisk Design og Media

Kva gjer eg ved mistanke om vold i nære relasjonar?  

Eit verktøy utarbeidd av Krisesenteret i Sogn og Fjordane. Vi veit at vold i nære relasjonar er eit lovbrot, og eit stort samfunnsproblem –...

Kva gjer eg ved mistanke om vold i nære relasjonar?  

Eit verktøy utarbeidd av Krisesenteret i Sogn og Fjordane. Vi veit at vold i nære relasjonar er eit lovbrot, og eit stort samfunnsproblem –...

Profile for atilaa