Steinvik sponsor

Page 1

Sponsorstøtte

Steinvik – ein engasjert støttespelar i lokalsamfunnet ...


Våre verdiar

Våre verdiar - nær og engasjert ligg til grunn for valet av samarbeidspartnarar og sponsorstøtte


Ein engasjert og lokal støttespelar

Steinvik er ein aktiv samfunnsaktør i kommunane Flora, Bremanger og Askvoll. Sponsing er eitt av verkemidla vi brukar for å nå dette målet. Med vår sponsorverksemd ønskjer vi å vise at vi gjev støtte til eit breitt spekter av kultur, idrett og fritidsaktivitetar i nærområdet vårt – særskilt med tanke på born og ungdom. Mangfald og breidde Vi har ei rekke avtalar med ulike samarbeidspartnarar, små og store. Vi er opptekne av å støtte mangfaldet og breidden i idrett, kultur og andre samfunnsnyttige tiltak i «nabolaget» vårt og som mange får glede av. Vi høyrer til her Sponsorverksemd er eit viktig kommersielt verkemiddel for å fremja Steinvik sine kjerneverdiar «nær» og «engasjert». Steinvik skal vere ein aktiv samfunnsaktør og vi brukar sponsing som eit verkemiddel for å nå dette målet. Vi set krav til sponsorstøtta Ved sponsorstøtte set vi krav til attendeyting i form av reklame og eksponering av Steinvik på ein positiv måte. Det er viktig for oss å synleggjere det breie engasjementet vi har i lokalmiljøet vårt. Langsiktig Steinvik ønskjer eit langsiktig perspektiv i dei sponsorengasjementa vi er med på. Då vil vi få best effekt av dei investeringar som blir lagt ned - både i tid og pengar i sponsorobjektet. I tillegg viser erfaring at ein må vere med over tid for å bli assosiert med sponsorobjektet.


Kven og kva yter vi støtte til

Sport Sport handlar om prestasjonar, energi og entusiasme, og Steinvik har valt å støtte den lokale idretten og ulike hendingar knytta til dette. Kultur Steinvik støttar kultur - spesielt kulturhendingar i vårt nærområde. Kulturhendingar som involverer born og unge, vil vere prioritert. Søknad For å bli vurdert som Steinvik sin samarbeidspartnar, må det sendast ein elektronisk søknad til post@steinvik.no. Her må det gå klart fram kva prosjektet går ut på. Det må og synleggjerast kva eit samarbeid kan tilføre av verdi for Steinvik. Vi yter ikkje støtte til: - Enkeltpersonar - Politiske organisasjonar - Religiøse organisasjonar


Logoen er vårt sterkaste visuelle element

Logoen er vårt viktigaste grafiske og visuelle element og skal bidra til å byggje avsendaridentitet. Einheitleg bruk er dirfor viktig. Logoen er merkenamnet vårt, og skal representere Steinvik på ein lett attkjenneleg måte. Logoen skal alltid ha ein framtredande plass i vårt sponsormateriell. Andre selskap. Reglane for bruk av logo og plasseringa, er den same som Steinvik.


Døme på ulike sponsorannonser

Steinvik Steinvik Fiskefarm driv produksjon av laks og aure på 7 lokalitetar i kommunane Flora, Bremanger og Askvoll. Steinvik er ein bevisst distriktsutbyggar og er medeigar i fleire selskap.

Steinvik

Steinvik Fiskefarm driv produksjon av laks og aure på 7 lokalitetar i kommunane Flora, Bremanger og Askvoll. Steinvik er ein bevisst distriktsutbyggar og er medeigar i fleire selskap. Steinvik Fiskefarm AS - 6940 Eikefjord - Tlf: 57 75 25 90 - E: post@steinvik.no


Ulike andre sponsormateriell

DØME PÅ TURSKILT TURLØYPE

Skiltet er ei gåve frå Steinvik


Diverse sponsormateriell

DØME PÅ MÅLSEGL

MÅL

FLYTTBAR STADIONREKLAME


BEACHFLAGG


Anna profilering

DRAKTREKLAME


PROFILERING SKIHUSET PÅ HUMLESTØLEN