Page 3

Ein engasjert og lokal støttespelar

Steinvik er ein aktiv samfunnsaktør i kommunane Flora, Bremanger og Askvoll. Sponsing er eitt av verkemidla vi brukar for å nå dette målet. Med vår sponsorverksemd ønskjer vi å vise at vi gjev støtte til eit breitt spekter av kultur, idrett og fritidsaktivitetar i nærområdet vårt – særskilt med tanke på born og ungdom. Mangfald og breidde Vi har ei rekke avtalar med ulike samarbeidspartnarar, små og store. Vi er opptekne av å støtte mangfaldet og breidden i idrett, kultur og andre samfunnsnyttige tiltak i «nabolaget» vårt og som mange får glede av. Vi høyrer til her Sponsorverksemd er eit viktig kommersielt verkemiddel for å fremja Steinvik sine kjerneverdiar «nær» og «engasjert». Steinvik skal vere ein aktiv samfunnsaktør og vi brukar sponsing som eit verkemiddel for å nå dette målet.   Vi set krav til sponsorstøtta Ved sponsorstøtte set vi krav til attendeyting i form av reklame og eksponering av Steinvik på ein positiv måte. Det er viktig for oss å synleggjere det breie engasjementet vi har i lokalmiljøet vårt.   Langsiktig Steinvik ønskjer eit langsiktig perspektiv i dei sponsorengasjementa vi er med på. Då vil vi få best effekt av dei investeringar som blir lagt ned - både i tid og pengar i sponsorobjektet. I tillegg viser erfaring at ein må vere med over tid for å bli assosiert med sponsorobjektet.

Steinvik sponsor  
Steinvik sponsor