INFORMASJON
Bilde av Julian & Maria
Velkommen til vår nye gjenvinningsstasjon i Purkehola! OPNING Velkommen til opning fredag 13. november Ordførar Ola Teigen og styreleiar Sven Flo klipper snora kl. 10.00. Publikum som ønsker å sjå anlegget, er velkomne. NB! Første dag vi tek imot avfall er:
TORSDAG 19. NOVEMBER
Purkehola finn du når du køyrer RV 5 mot Førde. Sving til venstre 100 m før Sundafjelltunnelen.
www.nomil.no
Saman for eit betre miljø Sven Flo Styreleiar i NoMil Eg er veldig stolt og glad over at NoMil i lag med Kinn kommune opnar ein ny og framtidsretta gjenvinningsstasjon i Purkehola. Kinn kommune er eigar og har stått for utbygginga. NoMil vil ha ansvaret for den daglege drifta. Gjenvinningsstasjonen er avgjerande for å gi abonnentane ei framtidsretta avfallsordning med tilstrekkeleg kapasitet – og vi er eit steg nærmare det nasjonale målet for gjenbruk og materialgjenvinning.
Hytterenovasjon Hildur Sørdal Nærbutikken Stavang landhandel Vi er opptatt av at folk brukar renovasjonskonteinarane på rett måte. Desse er sett opp for hyttefolk, og då kan ein ikkje fylle opp konteinarane med avfall som skal i Purkehola slik at hyttebosset står igjen. Butikken i Stavang er servicepunkt for kommunen, og vi føler eit visst ansvar for at avfallet blir handtert på ein god måte. Det gode tilbodet må ikkje misbrukast, avsluttar Hildur. Når du kjem til Gjenvinningsstasjonen i Purkehola sorterer du avfallet ditt i ulike konteinarar: Restavfall · Treverk · Tekstil · Stål · Impregnert materiell · Papir/papp · Plastemballasje · Glas- og metallemballasje · Isolasjon · Gips · Betong, stein og flis · Tau/not · EE-avfall · Hageavfall
Vi gratulerer med nytt anlegg!
Hovudentreprenør: Postboks 506, 6803 Førde Tlf. 57 72 38 50 | www.aasen-ovrelid.no
Tlf. 57 72 38 50 · www.aasen-ovrelid.no
PRAKTISK INFORMASJON OPE: Mandag og Onsdag Torsdag
kl. 13.00 – 19.00 kl. 10.00 – 15.00
Velkommen til oss i Purkehola! Julian Rasmussen og Maria Sandnes vil vere på plass og ta i mot dei som leverer avfallet sitt i Purkehola, og rettleie folk med sortering. Vi gir sjølvsagt ei hand om ein treng litt assistanse for å tømme bilen. Kinn er heldige som startar med eit heilt nytt anlegg, som er godt planlagt og tilrettelagt for sjølvbetening, seier driftsleiar Julian. NoMil har god kompetanse på slike stasjonar, og dette blir den nyaste og mest moderne. I tillegg til å sortere og hjelpe folk med avfallshandtering skal Julian og Maria ta seg av det farlege avfallet dei får inn. Det er eit strengt lovverk som regulerer denne handteringa. Det skal lagrast separat og ein viktig del av jobben vår er å pakke og sende det vidare til andre behandlingsanlegg. Folk flest har kunnskap om korleis avfallet skal sorterast, og vi vil oppfordre dei til å tenke sortering når dei lastar opp bilen heime.
Florø Rør AS e! ress d a Ny
– en rørleggerbedrift med kunden i fokus!
Hamregata 17 · Tlf. 57 75 20 40 · www.floro-ror.no
Elektro
Tidligere Sønnico Elektro
En innovativ og fremtidsrettet samarbeidspartner 57 75 14 50 · elektrikerfloro@oneco.no · oneco.no
KOSTNADSFRI LEVERING Hushalda kan levere inntil 1 000 kg farleg avfall kostnadsfritt årleg. NoMil tek og i mot barnebleier som er pakka i eigen gjennomsiktig sekk, glas- og metallemballasje og elektrisk avfall kostnadsfritt, frå hushalda. For andre typar avfall betaler du for mengda du har levert. FARLEG AVFALL Gjenvinningsstasjonen fungerer og som mottak for farleg avfall. Farleg avfall skal sorterast for å sikre at det ikkje oppstår skader på menneske og miljø. Denne jobben står i stor grad Maria og Julian for, men vi er avhengige av at du opplyser oss om kva som er i flasker og dunkar som ikkje har original etikett. NB! AVFALL MÅ LEVERAST I GJENNOMSIKTIG SEKK! Ein kan framleis levere avfall laust på hengar eller i bil, då dette avfallet er mogleg å kontrollere for operatørane. Prisar privathushald – alle prisar inkl. mva gjeld ut 2020* Personbil – inntil 1m3
Kr. 103,3
Tilhengar – 1-2 m / Varebil – 1-2 m
Kr. 154,-
Tilhengar – 2-4 m3 / Varebil – 2-4 m3
Kr. 308,-
Tilhengar– 4-6 m / Varebil – 4-6 m
Kr. 462,-
3
3
3
Over 6 m3 – levering berre etter avtale. Eigne prisar for gips og tau/not – for meir informasjon sjå www.nomil.no
Følgjande avfall kan privathushalda levere kostnadsfritt: Farleg avfall, inntil 1 000 kg per år PCB-haldig isolergas, inntil 500 kg pr år EE-avfall Glas- og metallemballasje Gjennomsiktige sekkar som berre inneheld barnebleier *Framlegg til satsar for renovasjonsgebyr og prisar for 2021 vert lagt ut på www.nomil.no
DET ER ENKELT Å VERE MILJØVENNLEG! Visste du at det er gratis å levere inntil 1000 kg farleg avfall.
Kinn kommune – handlekraft på kysten www.kinn.kommune.no
ramsdalmaskin.no Tlf. 902 40 506
NoMil tek miljøet på alvor Avfall er ikkje lenger noko vi kastar på søppelfyllinga. Det er ein ressurs som vi kan gjenvinne til nye råvarer eller energi. God sortering legg til rette for god gjenvinning av avfallet, noko som igjen er bra for miljøet!
Lurer du på kva som skjer med avfallet ditt etter at du levert det på gjenvinningsstasjonen? Matavfallet vert sendt til kompostering på SIMAS kompostanlegg i Sogn/Kaupanger. Her vert matavfallet blanda med hageavfall eller trefils, og kompostert. Ferdig kompostert materiale kan nyttast som jordforbetring, gjødselvare eller som dekke på t.d. skråningar ved vegutbygging. Papp, papir og drikkekartong blir sortert manuelt ved NoMil sitt hovudanlegg i Eidsmona. Papp vert sendt til Ranheim i Trøndelag, for gjenvinning. Ranheim papp produserer mellom anna esker til fiskeriindustrien. Innsamling og gjenvinning av drikkekartong blir til mellom anna esker til pizza og frukostblanding. Glas- og metallemballasjen vert sendt til materialgjenvinning i Fredrikstad. Plastemballasje blir samla inn av Grønt punkt Norge som organiserer gjenvinningsordninga på vegne av plastprodusentane. Grønt punkt har avtaler med ei rekke gjenvinningsanlegg i Europa. Restavfallet vert sendt til energigjenvinning i Norge.
Du kan lese meir på:
www.nomil.no
Kinn kommune Kåre A. Aven Prosjektleiar for utbygging av anlegget i Purkehola, Kinn kommune. Kinn kommune har bygd omlastingsstasjon og gjenvinningsstasjon, samt sikra fjellskjering både i tilkomstveg og Purkehola. I samarbeid med NoMil har vi utvikla og bygd eit funksjonelt og miljøvenlig anlegg. Ola Teigen Ordførar Kinn kommune For Kinn kommune er det trygt å vite at alle typar avfall blir handtert av eit profesjonelt selskap – som vi sjølve eig 41,04 % av. Med gjenvinningsstasjonen på plass i Purkehola, har vi eit godt og komplett avfallstilbod til innbyggarane i Florø.
Fritidsrenovasjon Kinn kommune Fritidsrenovasjonen for Kinn kommune er ei vidareføring av ordninga som var under tidligare Flora kommune. Nytt er at NoMil har ulike kategoriar på gebyret. Kommunen har fastsett ein gradert gebyrskala, avhengig av standard og kor tilgjengeleg fritidsbustaden er. Les meir i føreskriftene som regulerer NoMil sitt arbeid på nomil.no Ordninga med renovasjonsabonnement for fritidshus og sekundærbustader, er frå 2020 lik i alle NoMil sine eigarkommunar. Som del av føreskrifta, er det vedteke at fritidsrenovasjon skal vere ei ordning der abonnenten sjølv tar med avfallet til returpunkt. På returpunkta vil det stå konteinar for restavfall. I hyttekonteinarane kan ein levere plastemballasje, papp/papir, glas- og metallemballasje, våtorganisk avfall og restavfall. Desse har små innkastluker der ein skal få inn bereposar. Hyttekonteinarane skal ikkje nyttast av hushaldingsabonnentane.
Plassering av hyttekonteinarar Du finn kart som viser nøyaktig plassering, og køyrerute, på www.sortere.no. Velg «Vis leveringssteder i» og søk på Kinn kommune.
www.nomil.no
A til Å . www.atilaa.no
Sekkar og større gjenstander må ein levere på gjenvinningsstasjon. Større mengder avfall, metall, hageavfall, farleg avfall, EEavfall, avfall frå bygg m.m. må ein også levere på gjenvinningsstasjonen.