Indata

Page 1

Indata – din lokale IT-leverandør

Vi gir deg ei enklare IT-drift

FOTO: PHOTOEVENT

Indata er lokalisert sentralt i Florø, og leverer tenester og løysingar innan informasjonsteknologi. Vår forretningside er å levere gode og framtidsretta løysingar, og vi skal vere ein føretrekt leverandør.

Nye løysingar for havbruksnæringa Les meir på side 2

Verdifullt med lokale leverandørar Les meir på side 4


FOTO: NILS TORE KARSTENSEN

Nye løysingar for havbruksnæringa Nils Tore Karstensen fortel at dei har fått ein heilt ny kvardag, med Indata sine installasjonar av trådlaust nett. Vi har ein felles lokalitet med Marø Havbruk ved Svanøya, og for at vi skal klare å ha et rasjonelt samarbeid, må vi tenke i nye baner. Då er det veldig bra å ha lokale krefter med på laget, som har teknologien og kunnskapen som skal til. Indata leverer slike pakkar til fleire oppdrettsanlegg i distriktet. Fjordar og fjell gir ekstra utfordringar, men Indata si løysing gir eit stabilt internett med høg hastigheit – faktisk langt betre enn folk med fiber på fastlandet kan drøyme om. For oppdrettarane er det sikkerheit og økonomi som er avgjerande for denne satsinga. Pakkeløysing sikrar samarbeid Indata har montert opp link på Ewos-siloen, som sender signal ut til linken på nybygget vårt på Fanøya og fôrflåten ved anlegget her i Batalden, via ein mellomlink på Andavågen ved Vevlingen, fortel Nils Tore Karstensen. På same måte går det

ein link frå Ewos-siloen til lokaliteten ved Svanøy. Denne pakken har sikra oss eit veldig raskt og stabilt internett, som bind alt i saman. Frigjer ein person Ved hjelp av denne teknologien kan vi sitte i Batalden og fôre fisken som går i anlegget vårt ved Svanøy – og vise versa. Det er klart at dette sparar oss for mange ressursar, presiserer Karstensen. Alternativet hadde vore ein person på kvar stad. No har vi hatt dette nettet gjennom ein ruskete vintersesong, og så langt har det vore problemfritt. Er det noko vi lurer på er det berre å ta opp telefonen, så får vi hjelp, smiler ein fornøgd oppdrettar.

SLIK FÔRAR DEI SVANØYLAKSEN FRÅ BATALDEN: • Fiber frå Origod trådlaust til Ewos-siloen. • Trådlaust lokalnett frå Ewos-siloen til servicebygget til E. Karstensen på Fanøy og oppdrettsanlegg (fôrflåte) i Batalden – via ein link på Aldavågen ved Vevlingen. • Trådlaust lokalnett frå Ewos-siloen til E. Karstensen og Marø Havbruk sin felles lokalitet ved Svanøy. • Lokalnettet på 450 Megabytes gjer at dei kan sitte i Batalden og fôre og ha oversikt over fisken på anlegget ved Svanøy.


Slik får du ei enklare IT-drift Vi har stor suksess med å levere komplette dataløysingar til bedrifter i Flora, fortel dagleg leiar Eivind Gulestøl (bildet). Stadig fleire ønskjer å sette ut drifta av dataløysingar og server, og forklaringa er så enkel at dei vil bruke tida si på det dei er flinkast til. Vi i Indata gjer livet litt enklare for dei ved at vi tek oss av alle oppdateringane og programrettingane som til ei kvar tid må til. Skreddarsyr system Det skjer stadige endringar i dataverda, og vi blir dessverre stadig utsett for ytre truslar mot systema. Vi i Indata gjer det vi kan for å sikre verdiane til kundane våre, med sikkerheitskopi og antivirussystem, poengterer Gulestøl – som har jobba med dette i ein mannsalder. Styrken vår er at vi tilbyr skreddarsaum i oppbygging av system. Vi er eit firma utan tilknyting til kjede, og tilpassar oss kundane sine behov og ønskjer. Fleksibilitet og sikkerheit står i høgsetet hos oss, og vi legg sjølvsagt stor vekt på dei nye krava som er i bransjen. Serviceavtale trygger drifta Indata kan vise til mange små og store referansar, som tilseier at dei har stor tillit i marknaden. For mange av kundane våre er serviceavtala vi tilbyr det aller vikti-

gaste. Det betyr at vi jobbar for bedrifta di i for eksempel 2 timar per månad. Då sjekkar vi at alt er i orden, og fiksar på det som eventuelt må fiksast, fortel Gulestøl. Vi er på ein måte ein litt usynleg IT-medarbeidar for bedriftene, som kjem og gjer jobben sin og går igjen. Dei som har serviceavtale kjem naturleg nok rimelegare frå det enn dei som ikkje har fast avtale. Det gjeld både arbeidet vi gjer og forbruksmateriell som til dømes PC-ar og skrivarar.

Eivind Gulestøl, dagleg leiar i Indata. FOTO: PHOTOEVENT

Eivind Gulestøl

Knut Morten Ullaland

Senior systemkonsulent Telefon: 57 75 87 05 - Mobil: 952 04 645 E-post: knut@indata.no

Kombinert alarm og tilgang ARX sin moderne og sikre IT-struktur kan lett integrerast med andre system. Ullaland fortel at dei enkelt kan kombinere innbrotsalarm og tilgang/lås i same system. Med dette systemet sikrar vi alt frå små enkle bygg, til store komplekse anlegg med mange geografisk spreidde bygg. Same kortlesar kan nyttast både for betjening av alarm og adgangssystem. Trådlaus sikkerheit Vi leverar òg Trioving ASSA ABLOY APERIO trådlaus løysing som er integrert i ARX løysinga. Låsesystemet er enkelt å montere, då ein slepp kabel fram til døra. Stadig fleire bedrifter tek steget frå tradisjonell elektronisk adgangskontroll til trådlause system for styring av låsar og sikkerheit.

Indata skal vere open i kommunikasjonen sin og i tilnærminga til kundar, marknad og samarbeidspartar.

Jørn Ove Klungreset

Teknisk konsulent Telefon: 57 75 87 04 - Mobil: 930 65 447 E-post: jok@indata.no

Teknisk konsulent Telefon: 57 75 87 07 - Mobil: 902 14 082 E-post: thomas@indata.no

Indata er godkjent forhandlar for Trioving ASSA ABLOY elektroniske adgangssystem, som er Noregs største leverandør av låsesystem. Med ARX får du eit avansert online-system med høg og riktig sikkerheit på riktig dør, fortel Knut Morten Ullaland.

Indata er lokalisert sentralt i Florø, og leverer tenester og løysingar innan informasjonsteknologi. Vår forretningside er å levere gode og framtidsretta løysingar, og vi skal vere ein føretrekt leverandør. Det skal vi oppnå ved å fokusere på kvalitet, kompetanse og verdiar.

Daglig leiar / Senior systemkonsulent Telefon: 57 75 87 03 - Mobil: 930 65 438 E-post: eivind@indata.no

Thomas Lund

Indata sikrar verdiane dine

– din lokale IT-leverandør

INDUSTRIDATA AS Evjegata 10, 6900 Florø Tlf: 57 75 87 00 www.indata.no


FOKUS ELEKTRO:

Verdifullt med lokale leverandørar

Svein Nødseth i Fokus Elektro legg sterkt vekt på å bruke lokale leverandørar, men ikkje for ein kvar pris

Sytelaust samarbeid Vi er eit lite og lokalt elektrokonsern med 54 tilsette, som har marknaden både i og utanfor Flora og fylket. Då Fokus Elektro flytta i nye lokale no i vår hadde dei ekstra behov for IT-kompetansen til Indata. Vi la om frå stasjonære til komplette berbare dataløysingar, slik at vi kan jobbe like godt heime som på kontoret. For oss er det eineståande at vi har alt samla i eit verktøy, der Indata tar ansvar for lisensane og oppdateringane. Det er sytelaust for oss, smiler ein fornøgd elektrogründer. Serviceavtale gjer det trygt Fokus Elektro er ei allsidig elektrobedrift. Vi har serviceavtale med Indata, som går ut på at dei ein gong per veke sjekkar at serverfunksjonane fungerer, tar backup og passar på at alt er i orden. Svein Nødseth bedyrar at det kjennest trygt å sjå at dei er innom huset med jamne mellomrom. Dei er solide og leverer varene.

Fokus Elektro fekk byggesikkprisen frå Flora kommune i 2017.

Samfunnsansvar og felles nytte Fokus Elektro er opptatt av å ta samfunnsansvar og gjer det gjennom praktisk arbeid. Vi har til ei kvar tid 8–9 lærlingar rundt om i avdelingane våre. Det er viktig å ta i mot ungdommen som utdannar seg, og det er ein viktig del av rekrutteringa vår. Samtidig er vi veldig opptatt av å handle lokalt, og at bedriftene i nærområdet brukar kvarandre. Indata er viktige for oss og vise versa. Dei er verdifulle for oss, både som leverandør og kunde.

Tekst, prosjektleiing, grafisk utforming og design: A til Å Grafisk Design og Media - www.atilaa.no

FOKUS ELEKTRO sine 5 gode grunnar for å velje Indata: 1. 2. 3. 4.

Dei er lokale og nær oss Dei er rasande flinke Dei er pliktoppfyllande Dei er raskt på pletten når du treng dei 5. Dei har vist at dei kan, og leverer varene

Indata AS Evjegata 10 6900 Florø Tlf: 57 75 87 00 www.indata.no

FOTO: IAN CASSELS

Indata er hovudleverandøren vår på IT-tenester, fortel dagleg leiar i Fokus Elektro Svein Nødseth – og legg til at dei har hatt mange tilbydarar på bana. Den viktigaste fordelen er at dei er lokale. For oss er det verdifullt å bygge opp om det lokale kompetansemiljøet. Dessutan er gjengen hos Indata rasande flinke og dei kjem raskt på pletten, presiserer Nødseth.