Page 1

Havbruk i Sogn og Fjordane HAVBRUKSNÆRINGA STÅR STERKT I SOGN OG FJORDANE og blir omtala som ei komplett «næringsklynge» med stor breidde. For alle med ambisjonar i næringa vil etablering eller jobb i Sogn og Fjordane vere interessant og utfordrande. Gjennom dei seinare åra er fylket blitt kjent for å vere pådrivar og utgangspunkt for utvikling. Spennande nettverk er etablert. Både kunnskapsmessig, næringsmessig og politisk. Bedrifter er engasjerte innan forsking og utvikling, og havbruksselskapa er langt framme i kommersiell og miljømessig utvikling. I dette magasinet kan du lese meir om denne spennande og innovative næringa i Sogn og Fjordane.

www.sfj.no 1


www.sfj.no

– ei drivkraft for næringa

Sogn og Fjordane fylkeskommune har ei viktig rolle i utviklinga av havbruksnæringa i fylket Vi handsamar søknader om lokalisering og etablering av havbruksverksemder. Eit endeleg løyve til å drive med ulike former for havbruk etter akvakulturlova krev også at det er gitt løyve etter anna lovverk. Før endeleg avgjerd vert tatt har søknadane vore innom kommune, Mattilsynet, Kystverket, Fylkesmannen som miljømynde, NVE og Fiskeridirektoratet. Aktørar som har gode utviklingsprosjekt kan søke oss om delfinansiering, eller få hjelp til å finne eksterne kjelder til finansiering. Vi skaper møteplassar der næring, forvalting og forsking kan møtast, og arbeider saman med næringa om å auke rekrutteringa til marin sektor. 140000

LENA MERETE SØDERHOLM er fagkoordinator for marin næringsutvikling i fylkeskommunen si næringsavdeling. - Vår oppgåve er å legge til rette for fleire arbeidsplasser ved å fremje næringsutvikling basert på god og kunnskapsbasert bruk av dei marine ressursane i Sogn og Fjordane.

120000 100000 80000

Foto: Oskar Andersen

60000 40000

Fylket er dominert av lokale eigarar Halvparten av konsesjonane i Sogn og Fjordane som produserer laks og aure er eigd av lokale eigarar. Dette i kontrast til andre fylke som i større grad er dominert av få, men store bedrifter.

20000 0 2000

2005

Produksjon av Laks og aure (tonn) 140000

2010

2011

2012

2013

2014

Verksemder 30

120000

25

100000

20

80000

Marine Harvest Norway AS er den største oppdrettsbedrifta i fylket med 45 % av konsesjonane, Firda Sjøfarmer AS har 15 % og dei 12 andre selskapa eig kvar for seg mindre enn 6 % av konsesjonsmengda.

15

60000

10

40000

5

20000 0 2000

Næringa blir berre meir og meir effektiv. Produksjonen av laks og aure har meir enn dobla seg frå 51 000 tonn i år 2000 til 112 000 tonn i 2014. Samstundes er talet på verksemder nesten halvert i same tidsrom.

2005

2010

2011

2012

2013

2014

Næringa er i konstant utvikling for å møte utfordringar knytt til helse og miljø. Aktørar 30 i vårt fylke er i front på utvikling av ny tek25 nologi og nye driftsformer. I dette magasinet 20 presenterer vi «smakebitar»: lukka flytande

0

2000

2005

2010

2011

2012

2013

anlegg, landbasert produksjon av kveite, kombinasjonsdyrking av fisk og makroalgar og fisk og blåskjel, lusekamp med reinsefisk, tareproduksjon og visningsanlegg med meir.

15 10

Verdiskaping Gjennomsnittleg verdiskaping pr. årsverk i oppdrettsnæringa er 3 150 000 kr (2013) medan gjennomsnittet for fastlands-Noreg ligg på 900 000 kr. Matfiskproduksjonen i Sogn og Fjordane skapte i perioden 2000-2013 verdiar for om lag 3,9 milliardar

5 0

2000

2005

2010

2011

2012

2013

kroner. Mange underleverandørar er lokale og såleis gjev næringa eit langt større grunnlag for verdiar og arbeidsplassar enn dei som direkte er knytt til produksjonen. Dette kjem fram i ei ringverknadanalyse av oppdrettsnæringa i Sogn og Fjordane, utarbeidd av Høgskulen i Sogn og Fjordane (HISF Rapport 1/14).

2

2014

2014

Rekruttering Måløy Vidaregåande skule er einaste skulen i fylket som gjev tilbod om utdanning innan akvakultur (Vg 2 og TAFT-akvakultur). Det vert no arbeidd med å knytte ein undervisningskonsesjon opp mot naturbruk- og akvakulturutdanninga for å gje ei tettare kopling mellom næring og skule.


Havbruk i Sogn og Fjordane

Foto: Egil Aardal

Store ringverknader Havbruksnæringa har etterkvart vore med på å bygge opp ein sterk leverandørindustri i Noreg. I Sogn og Fjordane er det ei rekkje bedrifter som leverer varer og tenester til næringa. Her kan ein nemne forskingslaboratorium med rådgjevande tenester, dykkarfirma, leverandørar av tekniske og digitale løysingar til anlegga, veterinærteneste og ikkje minst transport. Ein fersk rapport frå NOFIMA syner at havbruksnæringa er ein betydeleg bidragsytar til å skape nye arbeidsplassar rundt om i kyst-Noreg. I 2013 var 9.621 årsverk knytt til primærleddet i næringa. Innkjøp hos leverandørindustrien utgjorde 14.678 årsverk. Det betyr at kvar arbeidsplass i havbruksnæringa (produksjon av settefisk og matfisk, slakting, foredling og eksport) genererer i overkant av 1,5 årsverk i anna verksemd (avl, fôr, utstyr, tenester, FOU og transport). Eit gjennomsnittleg havbruksanlegg bidreg i følgje NOFIMA aleine med 42 årsverk i Noreg, medrekna primærledd og leverandørindustri lokalt og nasjonalt. Ein forskingsrapport frå SINTEF viser at verdiskapinga frå leverandørbedriftene, målt i bidrag til BNP (brutto nasjonalprodukt), har auka kraftig dei siste 10 åra. Rapporten syner at havbruksnæringa har aukande betyding for Noreg, og at den får stadig større ringverknader for leverandørindustrien. For heile landet utgjorde ringverknadane i form av bidrag til BNP frå den havbruksbaserte verdikjeda vel 13,5 mrd. NOK i 2013. Dei tre største næringane som står for 37 % av ringverknadane, som effekt av havbruksnæringa var i 2013: • • •

Fiskefôrproduksjon, ca. 2,8 mrd. NOK (21 %) Fagleg rådgjevande og teknisk tenesteyting, ca. 1,3 mrd. NOK ( 9 %) Varehandel ca. 983 mill. NOK ( 7 %)

Ansvarleg utgjevar: SOGN OG FJORDANE FYLKESKOMMUNE Askedalen 2, 6863 Leikanger Tlf: 57 63 80 00 - Fax: 57 65 61 01 www.sfj.no Tekst, foto, grafisk design og utforming: A til Å Grafisk Design og Media www.atilaa.no

www.ewos.no

- eit fyrtårn i bransjen EWOS fabrikken i Florø er omlag som eit middels stort reiarlag, og difor er det avgjerande at den er lokalisert midt i skipsleia. Årleg er det rundt 600 skipsanløp på fabrikkanlegget i Gunhildvågen, der det er døgnkontinuerleg aktivitet. Råstoffet kjem inn med store skip, frå heile verda. Sogn og Fjordane reiarlaget Artic Shipping fraktar fôret ut til 125 oppdrettslokalitetar frå Rogaland i sør til Hitra og Frøya i nord. Fabrikksjef Rune Ryland kan stolt vise fram fôret som blir produsert i Florø, og som til slutt endar som laksefiletar på norske og utanlandske middagsbord.

3

Foto: Egil Aardal

Verdas mest avanserte fôrfabrikk finn ein i havbruksfylket Sogn og Fjordane. Her blir det produsert omlag 300.000 tonn fôr i året, i heile produktsortimentet, frå den minste til den største pellets. Det blir det mange kilo laks av. Om ein produserer lakseporsjonar av laksen som er fôra med pellets frå fabrikken tilsvarar det 3 middagar per veke for kvar einaste nordmann. Å produsere fiskefôr er ein omfattande prosess, og krev eit mangfald av kvalifikasjonar og kompetanse. EWOS fabrikken er ei hjørnesteinsbedrift i Florø, som har vore gjennom fleire store utbyggingar. Fabrikken ruvar bokstaveleg talt som eit fyrtårn i kystbyen og i bransjen.


www.sintef.no APRIL: SINTEF og Bellona er samde om at fiskeoppdrett kan redde verda. Her sjekkar Annelise Leonczek frå Bellona og Silje Forbord frå SINTEF tilveksten på sukkertaren ved MH sitt anlegg ved Reksta.

På Flåtegrunnen, midt mellom øyane Reksta og Skorpa i Flora kommune er dei på sporet av noko som skal «redde verda». Marine Harvest har oppdrettsanlegg for laks her, og målet er at dette skal gi nye marine produkt. Multi-trofisk akvakultur, eller integrert havbruk, er framtida, meiner eit samstemt team frå Sintef, NTNU, Havforskingsinstituttet og Bellona. Alexander Handå frå SINTEF leier prosjektet, og fortel at dei har henta stamplantar av tare rundt Flåtegrunnen som dei har dyrka fram i Trondheim, før dei vart sette ut igjen her. – Marine Harvest sitt anlegg er ideelt for dette forskingsarbeidet, og dei som jobbar her har vore veldig hjelpsame og interesserte. God tarevekst Frå februar til juni har sukkertaren vokse frå å vere ein liten babytare på 1 cm til ein velvaksen tare på 80 - 100 cm. Tilsvarande resultat ser vi også på blåskjel og kamskjel, fortel fornøgde forskarar. Taren og skjela har fått ein eigen merd inn i mellom laksemerdane. I tillegg er det lagt ut tilsvarande referansefelt 200 meter frå anlegget og nokre endå lenger vekke. På referansefelta er tareveksten 30-40 cm. Frå avfall til ressurs Målet vårt, fortel forskar Silje Forbord ved SINTEF fiskeri og havbruk, er å finne ut i kva grad avfallstoff frå lakseoppdrett kan nyttast til å dyrke fram andre vekstar, samtidig som det bidreg til å reinse sjøen rundt anlegget. Det krev eit systematisk arbeid før vi kan gje endelege

tare

på sporet

svar, men allereie no kan vi sjå at tareplantane og skjela inne i oppdrettsanlegget veks betydeleg meir enn referanseanlegga som ligg lenger vekke frå laksemerdane. Framtidas drivstoff Skal dette ha nokon verdi, må taren og skjela gje ein økonomisk gevinst. Taren er veldig næringsrik og vi ser føre oss at fiskeavføring via taren kan ende opp som både menneskemat, dyrefôr og ikkje minst som biodrivstoff. – Med tare gjødsla av fiskeoppdrett kan vi på sikt produsere bioetanol utan bruk av mat eller matjord. Alexander Handå frå SINTEF leier prosjektet med integrert havbruk i Flora.

www.bellona.no

Oppdrett den nye petroleumsnæringa Bellona blir tradisjonelt oppfatta som negative til fiskeoppdrett, men her har det skjedd store endringar fortel seniorrådgjevar i miljøstiftinga, Annelise Leonczek. - Vi ser på avfallstoffa som ein ressurs og ikkje eit problem, og her er det rom for vekst, seier ho. Med integrert havbruk kan ein «redde verda» og erstatte mykje av petroleumsproduksjonen, fortel seniorrådgjevaren innan marin forvalting i Bellona.

JUNI: Forskar Silje Forbord ved SINTEF fiskeri og havbruk viser fram sukkertaren, som frå februar til juni har vakse seg 1 meter lang på avfallstoff frå oppdrettsanlegget på Flåtegrunnen i Flora.

Tare på tanken Formelen er like enkel som den er genial meiner Annelise Leonczek; Utslepp, som avføring og fôrrestar frå laksemerdane blir næring for tang og tare, som igjen blir til drivstoff. Blåskjel som tar opp større partiklar, filtrerer vatnet rundt anlegga og reduserer spreiing av sjukdom og lakselus. Algar er per i dag lite brukt som erstatning 4

for petroleumsprodukt, men interessa aukar og potensialet er kjempestort, fortel Leonczek engasjert. Dei fleste produkta frå petroleum kan erstattast med produkt frå algar. Ein kan til dømes lage mat, bioenergi, klede, plast, medisinar, fiskefôr og helsekost.

FAKTA IMTA: Integrert multitrofisk akvakultur (IMTA): • Oppdrett av fleire artar, på ulike nivå i næringskjeda. • Avføring frå fisk og avfall frå fôring blir utnytta av artar på eit lågare nivå. • Artane skal ha kommersiell verdi og bidra økonomisk Forskingsprosjekt om IMTA på Flåtegrunnen i Flora er finansiert av: • SINTEF • NTNU • Havforskningsinstituttet • Bellona


HAVLANDET MARINE YNGEL (HMY) / SUNNFJORD RENSEFISK

Berekraftig lusekamp - Dette er eit stort utviklingsløft, som er svært ressurskrevjande, fortel Halvard Hovland som er dagleg leiar i INC selskapet Havlandet Marine Yngel (HMY). – Vi har leigd ut lokala, arbeidskrafta og kompetansen vår til 7 oppdrettarar i regionen, som vil satse på oppdrett av berggylte. Dette er eit forskingsprosjekt, men målet er å produsere luseetarar til eigne oppdrettsanlegg og for sal til andre. Bakgrunnen for å stifte selskapet Sunnfjord Rensefisk er ønsket om ei berekraftig handtering av luseplagene. Bruk av leppefisk mot lakselus er ein velkjend og utprøvd metode, og berggylta er ein av mange i ein stor leppefiskfamilie. - Den har vist seg å vere den mest hardføre og effektive i merdane, fortel Hovland. Ein viktig grunn for å drive oppdrett av luseetaren er at ein unngår restriksjonane på fiske av slike artar. I eit fiskehelseperspektiv dreg Hovland fram fordelen av at ein kan setje ut vaksinert fisk året rundt, og dermed sleppe unna ein del sjukdom. I forhold til andre metodar for å bli kvitt lakselusa unngår ein kjemikaliebruk i lusekampen.

Dette er ei tøff og unik satsing Sær fisk – utan magesekk – Berggylta veks raskast og blir størst av leppefiskane, og det er ein svært spesiell fisk, der vi kan dra veksel på kunnskapane våre om oppdrett av torsk, meiner Hovland. Den er unik ved at alle berggylter blir fødde som damer. Først når den har oppnådd ein viss alder og storleik (ca. 30 cm) skiftar den kjønn. Den har og eit heilt spesielt fordøyelsesystem, utan magesekk – berre med tarm. Det gjer den særdeles kresen på fôret. Den svelt i hel framfor å ete laksefôr. For oppdrettarane er det dessutan ein stor fordel at den ikkje et fisk. Yndlingsmaten er skaldyr, krepsedyr og kråkebolle. Utfordringa er å lage eit tørrfôr som den kresne hardhausen vil ete. Andre sære sider ved berggylta er at den er svært varmekjær. På varme sommardagar står den høgt oppe i vassflata. Om vinteren derimot går den nesten i dvale i bergsprekker.

dette blir den suksessen som vi håpar på. Vi driv eit systematisk arbeid, og satsar på å lære undervegs. Første produksjonen var basert på erfaringane HMY har frå torsk. - På bakgrunn av resultata herifrå vil vi sitte igjen med betre forståing for utfordringar med berggylt, og kan tilpasse oss denne fisken sine spesielle behov. HMY og Sunnfjord Rensefisk har søkt samarbeid med Marine Harvest, universitet og leverandørar i inn- og utland om eit større forskingsprosjekt. - All erfaring viser at det tek lang tid før produksjonen av ein ny art kjem inn i ein moden fase. Dersom vi ikkje jaktar aktivt på kunnskap tar det endå lenger tid, seier Hovland.

FOU-prosjekt - Dette er eit nyvinnande prosjekt, og det andre berggylteoppdrettet i landet som satsar på storskalaproduksjon. Hovland fortel at dei starta med å fange stamfisk med garn i nærområdet våren 2014, som dei så har fôra med heimelaga pellets. - Hausten 2014 kjøpte vi inn egg, og etter planen skal den første yngelen vere klar til levering etter 12 månader. Våren 2015 starta vi for fullt med egg frå eigen stamfisk, og vi er sjølvsagt spente på om

Berekraftig nettverk For tida er dei 4 tilsette som forskar på – og steller med fisken. Halvard Hovland fortel at målet er å produsere ein halv million setjefisk per år til eige bruk for eigarane. Dette skal på sikt delvis finansierast ved at ein i tillegg produserer og sel ein tilsvarande halv million yngel til eksterne brukarar. Etter planen skal 50% vere klar til utsetjing om hausten og 50% om våren. Hovland skryt over oppdrettarane som satsar så stort på eit miljøprosjekt. – Det-

Foto: Eivind Nordvik Hauge

5

te er ei tøff og unik satsing. Det er eit unikt samarbeid mellom oss som sit på kunnskap og interesse for ein krevjande yngelproduksjon, og oppdrettarane som ønskjer å gjere matproduksjonen meir berekraftig. Han kan fortelje at dette har skapt stor interesse, og at dei mellom anna har hatt besøk av internasjonal presse, som er opptekne av berekraftig lakseproduksjon. - Dette er god omdømmebygging for den norske havbruksnæringa.

FAKTA SUNNFJORD RENSEFISK: 7 oppdrettarar har gått saman for å utvikle ein berekraftig måte å bli kvitt luseplagene i eigne og andre sine oppdrettsanlegg. Medeigarar: • E. Karstensen Fiskeoppdrett AS • Flokenes Fiskefarm AS • K. Strømmen Lakseoppdrett AS • Landøy Fiskeoppdrett AS • Marø Havbruk AS • Sandnes Fiskeoppdrett AS • Sulefisk AS


www.svanoylaks.no

www.osland.no

Oppdrett gjennom 50 år Lakseeventyr på Svanøy

At tre generasjonar med kvinner på ei øy samarbeider om levebrødet er historisk sett ikkje uvanleg. Det uvanlege med kvinnene i familien Tveit Sveen på Svanøy, er at dei satsar på vidareforedling av laks frå eigen merd. Dessutan har dei satsa i millionklassen og har suksess med nisjeproduksjonen sin. - Vi produserer for hand, og vi røykjer laksen på gamlemåten, fortel Gro Tveit Sveen – som har både mor og bestemor med på laget. Laksen, som blir foredla i topp moderne lokale på den tradisjonsrike øya, kjem frå merdane til familiebedrifta Marø Havbruk. - Vi tek vare på heile verdikjeda, frå fisken er 70-80 gram til forbrukarane har gourmetproduktet i form av røykt laks i neven.

Ein av landets eldste oppdrettsfamiliar finn ein i Bjordal, på Høyanger sørside. Osland Havbruk, som er dagens namn, vart starta av pioneren Erling Osland først på 1960-talet. No - 50 år etter - er det barnebarnet Erik som driv suksessbedrifta vidare. Det heile starta med regnbogeaure i jord-dammar og sjøinnhegningar. Regnbogeaure er framleis ein viktig produksjon på dei 5 matfisklokalitetane i Sognefjorden. - Det var nok bestefar sin visjon å skape noko sjølv, og å få til arbeidsplassar på Høyanger sørside. Dessutan var han lidenskapeleg oppteken av fisk. Han gjorde alt sjølv, frå å sy nøtene, lage fôret og slakte fisken, og var heile tida på leit etter forbetringar. Heile verdikjeda - No er vi kanskje meir opptekne av at vi har del i heile verdikjeda, fortel Erik Osland. - Vi har større nytte av å samarbeide med andre, enn å gjere alt sjølve. Bjordalbedrifta har både klekkeri og settefiskanlegg, og legg vekt på samarbeidet dei lokaleigde oppdrettarane har i Salmon Group. Stamfisk- og rognproduksjonen skjer via selskapet Salmobreed. Nettverk reduserer risikoen for oss, og betyr utruleg mykje, seier Osland. Seaborn er eit viktig salsnettverk når fisken forlét Slakteriet i Brekke. Lokal samfunnsbygging Osland legg og vekt på at den veksten dei opplever gir ringverknader i lokalsamfunnet rundt dei. - Vi brukar lokale leverandørar, når vi til dømes byggjer settefiskanlegg på Sørebø. Det er mange rundt oss som kan mykje om havbruk, nettopp fordi dei alltid har hatt oss som kunde. For oss er det viktig å vere berekraftige og lønnsame bedrifter, som igjen gir stabile arbeidsplassar i distrikta. Dei lokaleigde i Sogn og Fjordane er blitt veldig flinke, og det er mykje takka vere oppbakking frå fylkeskommunen. Havbruk er ein viktig og berekraftig verdi for kommunane, avsluttar Erik Osland

Tradisjonell produksjon Svanøy Røykeri legg stor vekt på å lage eit spesielt produkt, og å møte kundane der dei er. Det ligg mykje arbeid og glede bak produkta våre. Vi går ut i skogen her på Svanøya og plukkar eine og pors for å få fram den spesielle Svanøy-smaken. I tillegg blir det henta spon frå det lokale båtbyggeriet og laksen blir seld med smak av både konjakk og akevitt i tillegg til pors og kvitlauk. Tett på marknaden Det er ikkje berre enkelt å ta opp konkurransen med dei store fabrikkprodusentane, difor har kvinnene på Svanøya valt andre kanalar enn dei store kjedebutikkane. – Vi har nettbutikk, der trykket er ekstra stort rundt juletider. Dei som følgjer bedrifta på Facebook, kan sjå at dei er svært aktive i marknaden. – Ja, vi reiser land og strand rundt, på messer, butikkdemonstrasjonar og Bondens Marked for å selje og promotere laksen vår. Kvinnene på Svanøya satsar på vidare vekst, og ser gode resultat av det nitidige arbeidet. No kan ein kjøpe Svanøylaksen på butikkar rundt om i heile fylket i tillegg til Oslo og Bergen.

3. generasjons oppdrettar Erik Osland med ein regnbogeaure, som var grunnlaget for oppstart av Osland Ørretoppdrett, seinare Eros Laks og i dag Osland Havbruk. 6


www.subaquatech.no

Kvalitetssikrar oppdrettsmiljøet - Miljø er basisen og det viktigaste grunnlaget i arbeidet vårt, seier dagleg leiar i Sub Aqua Tech, Eivind Aarseth. Han driv selskapet sitt med base frå Askvoll, og er ein nøytral part som servar havbruksnæringa i heile fylket. Sjølv har han bakgrunn frå stillinga som fiskerirettleiar i HAFS-området, og starta med eit enkeltmannsføretak for 15 år sidan. I dag er dei 3 medarbeidarar i selskapet som er eit av åtte firma som er akkreditert for lokalitetsrapportar for havbruksnæringa i Noreg. Mest oppdrag har vi likevel i eige fylke, fortel sunnmøringen som har etablert seg i Askvoll.

Sub Aqua Tech AS utfører MOM-B kontrollar og er akkreditert hos Norsk akkreditering som inspeksjonsorgan, for å kunne gjennomføre Lokalitetsundersøkingar i samsvar med NS 9415:2009. Miljøkonsulent Eirik Leknes og dagleg leiar Eivind Aarseth viser fram båt og ROV. Birgitte Kathrine Sunde er også tilsett som miljøkonsulent.

- Havbruksnæringa er sårbar for miljøutslepp, og vi har merka ei stor endring i haldning frå oppdrettarane si side, fortel Aarseth. Miljøkonsulent Eirik Leknes i Sub Aqua Tech, som har brei bakgrunn frå næringa, fortel at oppdrettarane er pålagt å få tilstanden på botnen kartlagt av ein nøytral part – og at dette er ei viktig kvalitetssikring av næringa. - Vi nyttar ROV (fjernstyrt undervassbåt) for å overvake botnen eller tar opp prøver med ein grabb. Metoden er svært effektiv for å følgje utviklinga av miljøbelastinga under anlegga. På grunnlag av den registrerte miljøtilstanden og botntopografien blir det utarbeida ein rapport som skildrar tilstanden. Avanserte botnkart Aarseth fortel at han har investert i avansert datautstyr slik at han kan levere 2D og 3D kartleggingar av botnforholda. Då køyrer vi over området og loddar topografien på botnen, og får ut avanserte kart, som kan nyttast ved ulike søknader og med tanke på fortøyingar med meir. Botntopografien er heilt avgjerande å kartlegge både ved nyetableringar og i eksisterande anlegg, og ein viktig del av

dokumentasjonen til oppdrettarane. Karta kan nyttast i samband med søknad og vurdering av nye lokalitetar, planlegging av fortøyingstraséar og plassering av anlegg i høve til topografi med meir. Dokumenterer tilstanden Rømming og slitasje er viktige stikkord for havbruksnæringa, og fortøyingane skal doku-

www.steinsvik.no

FAKTA STEINSVIK:

Høg kompetanse hos Steinsvik Mercatus i Florø Steinsvik si softwareavdeling Mercatus med 27 tilsette har hovudkontoret sitt i Florø. Frå Florø-miljøet styrer dei all softwareutviklinga i konsernet, frå produksjonsstyringssystem, automatiske fôringssystem, kamerastyring og sensorikk. Mercatus er godt kjend etter mange år i bransjen, med solide soft-

menterast og sertifiserast kvart fjerde år. Då er Askvollfirmaet på plass med miniubåtane sine, og sjekkar i og rundt anlegga. Sub Aqua Tech er etterkvart godt kjent med havbruksnæringa i fylket, og ein viktig støttespelar for næringa. - Vi tar også oppdrag for andre, fortel Aarseth, og viser til jobbar for ferjeselskap, kommunar og bryggeanlegg som treng tilsyn med fortøyingar og røyranlegg.

waresystem for produksjonsstyring, biologisk planlegging og økonomi. Marine Harvest, verdas største oppdrettsselskap har vore kunde i mange år, og brukar systema dagleg på alle sine anlegg i alle land der dei er etablerte. Lokalt står mellom anna oppdrettarane i Salmon Group på kundelista.

7

• • •

Steinsvik Aqua (Tysvær) er leverandør av utstyr, som fôrflåtar, fôringssystem og overvaking. Har kjøpt opp Ocea, som tidlegare hadde hovudkontor i Florø Steinsvik Mercatus har ansvar for softwareutviklinga i konsernet

For Sogn og Fjordane er det kjekt at avdelinga kan skryte av at arbeidet som vert gjort i Florø er av teknologisk topp kvalitet, og at ein har ein stab med svært erfarne og høgt utdanna folk.


www.steinvik.no

– frå fiskarbonde til lakseindustri

Dagleg leiar og gründer på Steinvik Fiskefarm Alex Vassbotten, er stolt av å kunne formidle historia til laksen og eige oppdrettsselskap for folk flest. På visningssenteret får dei mellom anna lære om livssyklusen til fisken. Det er spesielt viktig at dei unge forstår kvar maten kjem frå, og at oppdrettsfisken er eit reint og sunt produkt.

På garden i Steinvika i Eikefjord har det vore drive tradisjonelt jordbruk ved sidan av fiske og handverk gjennom fleire generasjonar. Forfedrane til dagens eigarar hadde båtbygging og smie som viktige tilleggsnæringar. I dag er jordbruk og smie bytta ut med heile næringskjeda innan lakse- og aureoppdrett, med stadig nye knoppskytingar. For eigarane er det viktig å ha hand om heile verdikjeda og å skape lokale arbeidsplassar. Tidleg på 1980 talet såg nye generasjonar på garden i Steinvika nye moglegheiter. Starten på den nye tida var Bru fiskeoppdrett, med smoltproduksjon i Storevatnet. Frå 1986 har det vore oppdrett av matfisk i Steinvika. Allereie etter eit års produksjon var Steinvik ein av oppdrettstoppane i Noreg. I dag produserer Steinvik Fiskefarm matfisk på 7 ulike lokalitetar i Flora og Askvoll, i tillegg til settefiskanlegg i Flora og Bremanger. 30 år med opp- og nedturar Frå slutten av 80-talet, då oppdrettseventyret på Steinvik starta, har Steinvik Fiskefarm hatt mange utfordringar av alle slag. Ein har vore gjennom FOS-konkurs med store økonomiske tap, og ulike laksesjukdommar og utfordrande luseplager. Stormar og uvêr og lakseprisar i «fritt fall» har til tider også skapt store utfordringar. Familieselskap i vekst Mest av alt har laksegründerane i Steinvika opplevd oppturar og knoppskytingar i kjølevatnet av eit oppdrett som går godt. Barlindbotn Settefisk har gjennom heile historia til fiskefarmen sikra anlegga god tilgang på smolt og settefisk. Tal lokalitetar har gått frå den spede starten til dagens 7 anlegg, som til saman produserer rundt 10.000 tonn fisk i året.

Innovasjon og knoppskyting Steinvik Fiskefarm er ein solid oppdrettsaktør som mellom anna har vore med å skipe eksportselskapet Seaborn. Selskapet Havsterk er og ein av knoppskytingane frå Steinvik Fiskefarm. Etter mange års erfaring ser ein kva som må til for å forenkle kvardagen på oppdrettsanlegga. Gjennom samarbeidet med Mundal Gruppen har Havsterk bygt og utvikla innovative fôrflåtar, dødfiskflåtar og arbeidsbåtar i kompositt. Aqua Dykk er eit dykkarselskap i Steinvik sin portefølje, som servar oppdrettsanlegg og andre kundar. Mellom dei nyaste etableringane til Steinvik Fiskefarm finn ein eit visningssenter som er lokalisert i Steinvika og Steinvik Rensefisk som er etablert i Svelgen, der det blir produsert rognkjeks som skal reinse laksen for lus.

FAKTA STEINVIK: • Eigd av far Inge Helge og son Alex Vassbotten • 7 lokalitetar i Flora og Askvoll • Settefisk- og reinsefiskanlegg • Medeigar i Havsterk, Seaborn og Aqua Dykk • Aksjonær i Salmon Group Foto: Marte Vassbotten

www. slakteriet-as.no

Fleksibel slakteribedrift - med to anle Med slakteri i både Brekke og Florø er drifta vår svært fleksibel, fortel dagleg leiar i Slakteriet Kristin Bergstøl Hansen. Saman med gründer og utviklingsleiar Ole Eilersten legg ho vekt på at dei er ei stabil bedrift, med stor kapasitet. - Om alt låg til rette for det, så kunne vi tatt unna all oppdrettsfisken i fylket, seier ein offensiv slakterisjef. - Vi er størst i Noreg på frosen fisk, noko som også gjer oss fleksible på utsending av fisken. Oppdrettarane set pris på at vi kan ta i mot fisken når dei ønskjer det. Lokal fisk og lokale eigarar

– Vi ser det som eit godt teikn at mange av dei tilsette har vore

Kvalitet i høgsetet

med heilt sidan starten i 1989, seier Bergstøl Hansen. - Vi har

– Det viktigaste av alt i denne bransjen er å tenke kvalitet. Vi

– Sal og eksport av fisk er ei sak mellom oppdrettar og salssel-

ein stabil arbeidsstokk på 34 personar i Brekke, 40 i Flora og til

har heile tida fokus på at kvar einaste fisk som går gjennom

skap, presiserer Kristin Bergstøl Hansen. – Slakteriet er uavhen-

saman 12 i holdingselskapet. I tillegg tar vi inn mange vikarar

anlegget vårt skal ende som mat på ein tallerken. Slakteriet er

gig og utan eige salsselskap, men samarbeider med fleire av

når vi har høgsesong og doble skift. Slakteriet har etterkvart

sertifisert etter næringsmiddelstandarden BRC og Global Gap,

selskapa i fylket. Eilertsen og Bergstøl Hansen fortel at dei har

mange tilsette frå Latvia og Litauen, og desse betyr mykje for

som er strenge standardar som er anerkjent av internasjonale

ein ny eigarstruktur på trappene. Seks oppdrettsselskap og eit

folkeveksten i fylket. Både i Brekke og Flora har mange av dei

forhandlarar og grossistar. Siste investeringa er eit pakke- og

salsselskap skal inn på eigarsida og overta til saman 40 % av

utanlandske arbeidarane etablert seg i nærmiljøet.

sorteringssystem som aukar kapasiteten, samtidig som den

aksjane i Slakteriet. Gründeren Ole Eilertsen sit igjen med ca.

sikrar betre hygiene og er eit svært godt rapporteringssystem.

25% av aksjane, og resten er fordelt på andre tilsette.

8


Steinvik Fiskefarm

Visningssenter Visningssenteret med eigen visningskonsesjon er eit praktisk visningsanlegg for produksjon av laks og aure. Her formidlar gründerane i Steinvika havbrukshistoria og den daglege drifta av fiskeoppdrett for publikum. Visningsenteret er ope for skuleklassar, turistar og andre som har interesse av å lære meir om norsk marin matproduksjon. Visningssenteret er aktive på facebook og informerer om aktivitetar som skjer på anlegget og formidlar viktig informasjon om aktuelle saker innan havbruk. Open dag i mai Kvar vår arrangerer visningssenteret ein open dag i tett samarbeid med bygdefolk og lokale lag og organisasjonar. Dette er svært populært og samlar mykje folk i løpet av ein hektisk laurdag i mai. Utstillingane er opne for publikum, det blir grilla laks og mange får seg tur på sjøen med dei populære Havtruckane. I tillegg er det utstilling av veteranbilar og ulike tevlingar. Dette er ein populær aktivitetsdag for heile familien, der folk flest får ein unik sjanse til å oppleve eit oppdrettsanlegg på nært hald. Kvar vår vert det arrangert open dag. Tur på sjøen med Havtruckane er populært for store og små.

egg i fylket Gründer og utviklingsleiar Ole Eilertsen er saman med dagleg leiar Kristin Bergstøl Hansen offensive på vegne av Slakteriet, og kan vise til stor fleksibilitet og kapasitet. - Vi er klare for å ta i mot ein større del av laksen og auren som blir produsert i fylket.

- Dette meiner vi er positivt for selskapet og dei nye eigarane. Med ein slik struktur vil vi levere lokale tenester heile vegen. Fisken blir produsert lokalt, slakta lokalt og eksportert lokalt.

9


www.firdasea.no

Olav og Ola i Skjerjehamn - Grunnen til at eg er her i fylket, er at eg er halvt sunnfjording, fortel Ola Braanaas, på klingande austlandsk med innslag av vestlandsk klang. - Grunnen til at eg driv med oppdrett er vel at eg alltid har vore opptatt av fisk og at oppdrett var i vinden då eg kom flyttande hit til fylket. – Eg trefte akkurat i rette tida. Den store interessa har alltid vore smoltproduksjon, og det var det han starta med i Nordalsfjorden og Bremanger, tidleg på 80-talet. - Det vart mange konkursar i næringa og overproduksjon av smolt i Noreg. Eg måtte kjøpe oppdrettsanlegg for å få avsetnad på smolten. Det er den enkle forklaringa på kvifor Ola Braanaas etablerte seg i Gulen i 1994. - Eg er her meir på tross enn på grunn av noko. Det ligg hardt arbeid bak. Eg har heldigvis aldri fått noko opp i hendene. Etter etableringa med oppdrett og smolt i -94, har det svinga for oppdrettaren som er oppteken av å skape arbeidsplassar i distriktet.

Eg er her meir på tross enn på grunn av noko. Det ligg hardt arbeid bak. Lokal drivkraft I 1998 kjøpte Braanaas og selskapet hans Firda Seafood seg inn i den tradisjonsrike foredlingsbedrifta Martin E. Birknes Eft. Då bedrifta var 90 år i 2009 hadde Braanaas hand om alle aksjane, og satsa for fullt på nytt anlegg. Sidan har det gått slag i slag i Gulen, med nye konsesjonar og visningssenter på Skjerjehamn, som han også har kjøpt opp og tatt godt vare på. I 2013 vart nytt slakteri og pakkeri opna på Byrknesøy. Firda Seafood er fylket sitt einaste fullintegrerte selskap, som har hand om heile kjeda frå rogn til smolt, settefisk, oppdrettsfisk, slakteri og eksport av laks og aure. - Eg er opptatt av lokalt eigarskap, og selskapet Firda Seafood vil vere med å skape arbeidsplassane her folk lever. Laks er mat til verda - Laks er den sterkaste merkevaren vi har ved sidan av fjordane, meiner Ola Braanaas. - Laksen er kjent over heile verda, den er dyrka i

Folkekongen Olav og havbrukskongen Ola har sett sine tydelege spor i skipsleia ved Skjerjehamn.

det reine havet vårt. Olja kan komme og gå, men folketalet på jorda aukar og ein må alltid ha mat. Klarer vi å drive dette fornuftig og berekraftig kan oppdrett ha eit evigheitsperspektiv. Laks og aure er berre noko av det vi kan få ut av havet. Oppdrettsgründeren er optimistisk på den marine verdiskapinga sine vegne, men er meir pessimistisk på vegne av heimfylket sine satsingar. Veg og vekst - Folk må få auga opp for at vegbygging på kysten er avgjerande for framtida. Vegane må komme der verdiskapinga skjer, og det er her på kysten vi har dei framtidsretta næringane. Den marine verdiskapinga i Noreg ligg i dag på rundt 75 milliardar kroner, i følgje rappor10

ten «Verdiskaping basert på produktive hav i 2050» - utarbeida av ei arbeidsgruppe oppnemnt av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab (DKNVS) og Noregs Tekniske Vitenskapsakademi (NTVA). Verdiskapinga er i same rapport estimert til 550 milliardar i 2050. - Då er det avgjerande at kommunikasjonane er på plass, seier Braanaas, som har etablert næringsverksemda si der naturgrunnlaget ligg til rette, men ikkje moglegheitene for å transportere verdiane ut. - Vegbygging er avgjerande for vekst. Skjerjehamn eit unntak På spørsmål om kvifor oppdrettaren har satsa på den gamle handelsstaden Skjerjehamn, kjem svaret konsist. - Det er ikkje for å tene


pengar. Firda Seafood sin filosofi er at vi skal drive med det vi er flinke til. Vi skal vere fornøgde med at vi kan å produsere laks. Skjerjehamn er rett og slett eit unntakstilfelle, fortel Braanaas på bryggekanten av eit sagnomsust anlegg midt i skipsleia. Staden og eigedommen har ei lang historie som er basert på fiskeri, sild, hummar og no laks. Eg føyer meg fint inn i rekka av drivarar av staden frå 1600-talet og fram til i dag. Hovudmålet mitt er å ta vare på staden og husa, og så får eg vere fornøgd om eg klarer å få balanse i drifta. I tillegg til gamle ærverdige hus viser han rundt på eit moderne og pedagogisk visningssenter for oppdrett. Dette er bygt opp i tett samarbeid med Vil Vite senteret i Bergen og har besøk av både barnehageborn og cruiseturistar, som kjem hit med ekspressbåten frå Bergen. Olav kler Skjerjehamn Det er i sommarhalvåret det meste skjer i Skjerjehamn, både med Utkantfestival og andre som kjem her for å nyte den gode stemninga og den utsøkte maten på denne spesielle staden, som har fått ei ny blomstringstid. Kong Olav og laksekongen Ola kneisar på haugen og tek i mot og vinkar farvel til gjestane. - Det var heilt naturleg at Olav kom hit, smiler Ola, og kjem med ei litt finurleg forklaring på kvifor den omstridde statuen av folkekongen står som eit landemerke ved Skjerjehamn. I 1903 vart tidlegare eigar av Skjerjehamn Otto Schreuder valt inn på Stortinget, og var med å løyse opp unionen med Sverige i 1905. - Det kler staden at Olav V, som er fødd nettopp i 1903, er komen til Skjerjehamn. Ola ruvar ikkje så høgt i terrenget som Olav på sokkelen, men begge viser tydeleg igjen på staden.

FAKTA FIRDA SEAFOOD: • • • • • • • • •

Bygde opp smoltanlegg i Nordalsfjorden 1986 Kjøpte anlegg og etablerte seg i Gulen i 1994 50% av aksjane i Birkenes 1998 Konsesjonar frå staten i 2004 og 2008 Kjøpte Skjerjehamn 2005 Olavstatuen 2007 100% Birknes 2009 Visningskonsesjon på Skjerjehamn 2010 Nytt slakteri og pakkeri Birkenes 2013

M.E. BIRKNES EFTF AS

Snart 100 år med fiskemat frå Byrknesøy Slakteriet Martin E. Birknes, som er ein del av Ola Braanaas sin portefølje har ei lang historie i Gulen - frå den tida sjøvegen var den viktigaste transportåra. Det starta i 1919 med hermetisering og eksport av hummar. På 20–30 talet vart det eksportert svimlande 35 tonn hummarhalar frå familien Birknes sitt anlegg. Seinare har både brisling, krabbe, rogn og fiskekaker vore viktige sjømatprodukt frå fabrikken. På 80-talet starta ein med slakting av laks og aure på anlegget på Byrknesøy, men det var for lite råstoff i marknaden. Ola Braanaas kom inn i bildet

på slutten av 1990-talet og frå 2009 hadde han hand om alle aksjane. Då starta ei storstila utbygging av slakteriet, med dobling av kapasiteten. Den nye fabrikken stod ferdig i 2013, og året etter gjekk det 22.000 tonn (sløgd vekt) med laks og aure gjennom anlegget. Det utgjer omlag 88 millionar middagar, som betyr at alle innbyggarane i Bergen kunne ete laks til middag kvar einaste dag i eit heilt år. Verkelegheita er at 1.100 trailerar på ca. 18 meter køyrer til og frå flaskehalsane til Byrknesøy gjennom året - det blir nokre meter med vogntog i kø.

11

I dag er det rundt 40 arbeidsplassar i den tradisjonsrike bedrifta, som ligg nær råstoffet og sjøen, men litt for langt vekke frå dei gode vegane. - Med skiftordning på 7,5 timar har vi ein kapasitet på 150 tonn fisk pr dag, fortel Braanaas. Fabrikken har større kapasitet, seier han - og legg ikkje skjul på at målet er å vekse. - Det burde bli ei ny utbygging kvart tiande år smiler ein optimistisk fabrikkeigar, som ønskjer å skape verdiar der verdigrunnlaget er.


www. marineharvest.no

Fiskeskit blir jordforbetring Marine Harvest sitt settefiskanlegg i Haukå er lett å legge merke til, der det ligg idyllisk og lunt til inne i ei vik mellom Florø og Svelgen. På avstand kan det sjå ut som eit stort og tradisjonelt gardsbruk, med raude og velstelte bygningar mellom fjell og fjord. Men her på garden produserer dei meir enn tradisjonelle jordbruksprodukt. Paul Henning Haugom, som er drifsleiar, viser rundt på settefiskanlegget som leverer smolt til Marine Harvest sine anlegg frå Molde i nord til Sognefjorden i sør. Han fortel at dei kvart år leverer rundt 3,5 millionar fisk på mellom 80 og 150 gram, og at dei er 12 personar i arbeid.

oss er det ei spennande utfordring å prøve å få noko positivt ut av dette. Kravet er at vi skal samle opp 70% av avfallspartiklane som anlegget produserer. I Haukåvika gjer dei meir enn berre å samle opp skiten.

leis inne i ein prøvefase, men etterkvart ser vi at vi får det betre og betre til. Tenk om dette kan bli ein ressurs i stadenfor eit problem, smiler Haugom, og lar ein neve med tørka fiskeskit skli mellom fingrane.

Paul Henning Haugom viser korleis dei samlar opp partiklane i vatnet frå settefiskanlegget ved hjelp av eit slags samleband som skiten festar seg på og som drar med seg skiten opp i ei samlekvern. Etter kvart som det blaute slammet er samla opp går det via eit par filter og til eit eige hus med tørkeutstyr - før det kjem ut igjen som brune luktfrie støvpartiklar.

Det blir naturleg nok ein del avfallstoff frå eit slikt anlegg, og vi har strenge krav til reinsing, fortel Haugom. Avføringa frå fiskane og restar etter fôringa utgjorde 60 tonn oppsamla blaut slam og 22 tonn tørka slam i 2014. For

Tidlegare vart det blaute slammet blanda med husdyrgjødsel og spreidd som gjødsel på garden. Med så store mengder er det ein fordel at vi kan tørke det og sende det frå oss i ein lettare målestokk, seier Haugom. - Vi er fram-

Det er eit næringsrikt pulver som kjem ut i andre enden av settefiskanlegget, og hos Marine Harvest i Haukå har dei tru på at avfallstoffet etterkvart kan bli ein viktig ressurs. I dag går cirka eit årsverk med til dette arbeidet, og vi leverer det tørre slammet til Lindum Bioplan sitt komposteringsanlegg. - For oss er det ein vinn-vinn situasjon å spare miljøet for overbelasting av næringsstoff og få eit nyttig produkt ut av det, seier Haugom. Han kan fortelje at ein av dei tilsette har blanda det tørre stoffet med jord og dyrka fram fantastiske tomatar. - Det tørre og luktfrie pulveret har potensiale til å bli eit viktig jordforbetringsmiddel.

Den blaute fiskeskiten blir transportert ut av vatnet på rulleband, og tørka for seinare bruk som jordforbetring.

12

No blir dette ein ressurs, seier driftsleiar ved Marine Harvest avdeling Haukå Paul Henning Haugom, som tørkar avfallet og lagar jordforbetringsmiddel.


SULEFISK

Framtidsretta tanke gav grøn konsesjon - Ecomerden er eit flytande og lukka oppdrettsystem, som vi har jobba med i fleire år. Det var Jostein Kråkås som kom med ideen - lenge før det var snakk om grøne konsesjonar, fortel Michael Niesar som er dagleg leiar av Sulefisk. - Vi starta dette prosjektet fordi vi ønskjer å tenke nytt, berekraftig og framtidsretta. Tanken var å produsere ein meir robust smolt, fri for lus og lusebehandling. - Planane våre passa inn i føresetnadane til dei grøne konsesjonane, og difor passa det å søke om grøn konsesjon. Men møllene mel sakte, seier ein utålmodig oppdrettar. Treigheita i systemet bremsar oss dessverre - for vi er klare til å sette i gang. Samarbeidsprosjekt Den lukka Ecomerden er eit prosjekt som er jobba fram av Sulefisk og sivilingeniør Jan Erik Kyrkjebø. Merden er laga i stål på Filipinane medan den fleksible duken kjem frå Frankrike. Ei rekkje norske firma har levert utstyr til merden, og samanstillinga er gjort på Noryards BMW i Bergen. HAFS-elektro i Solund har levert og montert dei elektriske komponentane. Lusefri postsmolt Den nyutvikla merden som no er på plass i Solund vil halvere eksponeringstida til postsmolten (fisk opp til 1 kg) i open sjøfase. Dermed får lakselusa berre halvparten av tida til eigen livssyklus, og tida med kontaktrisiko blir be-

tydeleg redusert. Lukka anlegg for fiskeoppdrett, der det ikkje er naturlig gjennomstrøyming av vatn, gir oppdrettarane mykje betre kontroll på miljøet. - Dermed har vi betre føresetnader vekst, helse og velferd. Rømming og dødelegheita blir redusert til eit minimum i denne livsfasen til fisken. Dette samsvarar med krava til dei mørkegrøne konsesjonane som blei tildelt i 2012. Sulefisk var ein av 122 som søkte, og ein av 10 som fekk tildeling. Betre kontroll - Den viktigaste skilnaden frå vanlege oppdrettsanlegg i open sjø er at ein kan styre og kontrollere det som skjer i merden, fortel Niesar. - Her kan ein ha full kontroll på oksygentilførselen, straumforholda og vasskvaliteten. Dersom ein klarer to til tre omgongar med smolt per år - der lus og fiskedød er eliminert vekk - meiner utviklarane at dette vil vere ei lønnsam investering.

13

FAKTA ECOMERDEN: • • • • • • • •

Lukka anlegg til havs Utvikla og patentert av Sulefisk saman med Jan Erik Kyrkjebø Dobbeltvegg sikrar mot rømming Slitesterk dukpose som tåler 30 tonn per meter Flytekragen i stål 24 meter i diameter Volum på 5000 kubikkmeter Har gitt Sulefisk grøn konsesjon i gruppe C

FAKTA Grøne konsesjonar (gruppe C): Vesentleg meir miljøvennlege løysingar enn det som er vanleg: • Mindre risiko for rømming • Færre enn 0,1 holus i snitt per fisk • Max 3 medikamentelle behandlingar per produksjonssyklus


www. sognaqua.no

På ein stad der ingen skulle tru at nokon kunne bu - på det vesle steinete og bratte gardsbruket Slantevika - er gras og sauer bytta ut med sprell levande kveite. Den engasjerte oppdrettaren Jan Brekke fortel om ein fisk som er vanskeleg å dyrke, og som krev lang tid og godt handarbeid for å få fram den gode kvaliteten. Sogn Aqua har klart det.

Kveitesuksess langs fjorden På restaurantane i Bergen spør gjestane etter Slantevikfisk, når dei skal nyte eit godt måltid. Ja, til og med på kunstutstilling i Paris er det blitt servert kveite frå Sognefjorden. - Det er Sognefjorden som er vår viktigaste fordel her, og den kan ikkje så mange konkurrere med, fortel Brekke. Bestefaren til Jan, oppdrettspioneren Erling Osland, starta med kveite for snart 30 år sidan. Han hadde fiska kveite og visste kvar den levde, nemlig på djupt og kaldt vatn. Jan Brekke har fått den genuine interessa for fisk og viljen til å skape noko inn med morsmjølka. Lokal foredling av Sognefjorden Går du 260 meter ned i Sognefjorden kjem du til eit homogent vatn, med stabil temperatur på 7,2°C, lik bakteriesamansetting og salinitet (saltinnhald). - Vi går 100 meter ned i fjorden og hentar opp sjøen frå der kveita høyrer heime, fortel Brekke, og så langt er vi dei einaste som har lukkast med dette. - Vi driv rett og slett lokal foredling av Sognefjorden. Det er viktig å jobbe på lag med naturen. I Slantevika har dei lagt seg på eit moderat nivå, og arbeidet blir utført med handemakt. - Det er ingen plass i heile verda du kan produsere kveite på ein betre måte, seier Jan Brekke. Miljøbevisst og kunnskapsbasert Til og med dei store landbaserte kara, som kvei-

ta veks opp i, er laga i pakt med naturen. Dei er bygde i naturstein, tre og resirkulerbar plast og ligg i etasjar i dei bratte bakkane, frå sjøkanten og oppover mot det gamle våningshuset som fungerer som kontor. Brekke legg vekt på at dei har to viktige suksessfaktorar, i tillegg til naturressursane er kunnskap vår viktigaste fordel. Dette heng tett saman seier Brekke, og viser til at dei på eigarsida er ein samansett stab av doktorgradsstudentar, økonom, ingeniør og erfarne oppdrettarar. Tålmodig handarbeid Kveita frå Slantevika har eit godt rykte mellom kokkar, noko som er eit godt bevis for at tålmodet og handverket har lukkast. - Det tek oss 5 år å få ein slakteferdig fisk på rundt 7 kilo, og vi kan skryte av at all smolten vi set inn lever opp. Vi har gått sakte men sikkert framover sidan oppstarten i 2007, og spelt på lag med naturen. Konkurrerer med villfisk Grunnen til at vi kan konkurrere med dei som fiskar kveita i det fri, er at vi kan levere heilt fersk fisk når kjøparane vil ha den. Vi leverer dessutan topp kvalitet, fordi vi unngår stress. Ein dag for veka blir kveita handplukka ut av kara, og avliva på noregs einaste mobile fiskeslakteri. Fisken blir isa ned på staden, før den

I Slantevika byggjer vi stein på stein, på lag med naturen, seier kveitegründer Jan Brekke.

blir sendt til slakteriet i Brekke for vidare behandling. Derifrå er det strake vegen i bil til kundane i Bergen eller Oslo. Sjølv om Slantevika er ein hardbarka plass med bratte bakkar, stein og ufyseleg kald vind, er suksessfaktoren human behandling av ein skapning som trur han lever i djupet av den kalde fjorden.

www.salmongroup.no

Kjerringa mot laksestraumen Rundt om i landet er eigarstrukturen i havbruksnæringa prega av få men store bedrifter. I Sogn og Fjordane er over halvparten av konsesjonane eigd av lokale aktørar. Noko av grunnen til at alle dei «små» i Sogn og Fjordane overlever i marknaden er at dei er ein del av eit større nettverk. Salmon Group er verdas største nettverk av lokaleigde oppdrettsselskap. Med base i Bergen, yter dei service for 46 aksjonærar langs heile norskekysten. Det vil seie 113 konsesjonar for oppdrett

av laks og aure og omlag 50 millionar smolt. I havbruksfylket Sogn og Fjordane er det eige lokalkontor og registrert 14 selskap inne i det gode selskap av lokaleigde oppdrettsbedrifter. Saman med aksjonæren forhandlar Salmon Group om fôr, vaksinar, forsikringar og andre fellesløysingar som den enkelte oppdrettar kan nyte godt av. Her legg ein vekt på forutsigbarheit og kvalitet. Nettverket er og ein aktiv part i viktige spørsmål innan havbruk. Dei følgjer med på utviklinga,

14

og søkjer å vere i forkant av dei krava næringa blir stilte overfor. Hovudkontoret til Salmon Group fungerer som eit bindeledd og servicekontor for eigarane. Sjølv om dei inngår felles avtalar opprettheld dei prinsippet om valfridom. Aksjonærane i nettverket får dermed både stordriftsfordelar og individuell tilpassingar. Dette er avgjerande for dei små lokaleigde oppdrettarane som heile tida konkurrerer med store sentralstyrte aktørar.


SEAWEED

Havets grønsak til norske ganar Noregs første kommersielle satsing på tang og tare til menneskemat finn ein ytst i havgapet i Askvoll, i øysamfunna Værlandet og Bulandet. Dagleg leiar Daniel Fedøy fortel at dei har etablert firmaet Seaweed for å produsere og foredle tang og tare til ein veksande marknad. Han meiner at forholda ligg godt til rette for å lukkast nettopp her. - Vi har det reine havet rett utanfor oss, og lange tradisjonar for å utnytte det som havet gir. Audun Oddekalv som er styreleiar i Seaweed og som driv bedrifta Værlandet Fiskeredskap fortel at han har vakse opp med å skjere tare til dyremat og jordforbetring, og at det i øysamfunnet har lange tradisjonar for taretråling. - Etterkvart har vi skjønt at tang og tare er ein viktig del av maten i andre land. Grønsakene frå havet er utruleg næringsrike, og med dagens trendar har vi god tru på at dette skal få fotfeste i den norske marknaden, men også til eksport. Nye mattrendar - Norske ganar er meir vande med smaken av gulrøter og grøn salat, men vi ser at vanane til folk er i endring, seier Fedøy. - Sushi er for eksempel den

nye fredagstacoen, og folk er opptatt av sunn og rein mat. Taren som dei dyrkar og haustar like ved Alden er Debiogodkjent, og i første omgang prøver dei seg på restaurantmarknaden. - Vi har innleia eit samarbeid med Norsk Sjømatsenter i Bergen som har testa ut taren frå Seaweed i ulike rettar. På den måten blir kunnskapen og produkta formidla til kokkar og matentusiastar. Ser nye moglegheiter At folk i Værlandet og Bulandet er vande med å sjå nye moglegheiter, og prøver å skape noko saman, er eit godt utgangspunkt for å lukkast. Daniel Fedøy er medeigar i Nikøy Eigedom, som eig det nedlagde fiskemottaket i Bulandet. Det eignar seg godt til for-

edling og pakking av «grønsakene» frå havet. Værlandet Fiskeredskap har kunnskap for å utvikle dyrkingsanlegg for tang og tare, og ser moglegheiter for å få ein ny fot å stå på i ei veksande nisjenæring. Framtidsmat - Dette er nybrottsarbeid og det blir ein del prøving og feiling undervegs, fortel dei to taregründarane. - Vi har starta i ein ende og prøver oss litt fram, og så langt ser vi lyst på framtida. Det er mange som er interessert i å satse i denne marknaden, men vi er dei første som viser igjen i butikkhyllene og på restaurantane. Norske forbrukarar er meir og meir kvalitetsbeviste, og i havgapet i Askvoll står dei klare med eit reint og næringsrikt naturprodukt.

Eksportselskapa i Sogn og Fjordane

omset for nærare 8 milliardar I fylket vårt har vi mange eksportselskap som i hovudsak sel laks og aure. Hovudtyngda av eksportselskap ligg i kystbyane Måløy og Florø, og saman omset desse selskapa store verdiar frå havbruksfylket. Florø har etterkvart bygd opp eit sterkt miljø, med fire eksportselskap; Norwell med over 10 tilsette, Bravo Seafood med 6 tilsette, Skaar Norway med 5 tilsette og Kjellsea med ein tilsett. Selected Seafood i Måløy har 4 tilsette. I Hornindal har Silver Salmon etablert seg med ein tilsett. I Gulen har Ola Braanaas sitt eige salsselskap Firda Seafood. Coast Seafood i Måløy er eit av dei leiande eksportselskapa i fylket med nærare 50 tilsette, og selskapet er i stadig utvikling. Totalt er det mange tilsette i dei ulike eksportselskapa, som samla omset for nærare 8 milliardar kroner. Med andre ord store summar frå havbruksfylket Sogn og Fjordane.

Foto: Thomas Bickhardt - bickfoto.no

Sverre Søraa (bildet) er administrerande direktør i Coast Seafood, som har hovudkontor i Måløy. Coast er eit stort og uavhengige salsselskap for laks og aure, og er heilt i front på teknologi. Dei har investert i videoteknologi og prøver å få med seg leverandørar og kundar til å bruke den nye teknologien. Grunnen til investeringa er å «korte» ned avstanden mellom kjøpar og seljar. Å 15

vere i tett dialog er viktig for begge partar, og då er video den beste løysinga, fortel Søraa. Måløybedrifta VideoNor har tatt på alvor korleis ein kan kommunisere når avstanden er stor. Mellom Måløy og Brussel er videokonferanse like enkelt og rimeleg å bruke som mobiltelefon.

EKSPORTFIRMA: www.coast.no www.norwell.no www.bravoseafood.no www.skaar-norway.com www.kjellsea.no www.selectedseafood.no www.silversalmon.no www.firdasea.no


© A til Å - www.atilaa.no

Sogn og Fjordane fylkeskommune

– ei drivkraft for næringa Havbruk er ei sterk næring i Sogn og Fjordane, med – spennande nettverk – komplette næringsklynger – engasjement i forsking og utvikling – kommersiell og miljømessig utvikling

Askedalen 2, 6863 Leikanger Tlf: 57 63 80 00 - Fax: 57 65 61 01 www.sfj.no 16

HAVBRUK i Sogn og Fjordane  

Her kan du lese om denne spennande og innovative havbruksnæringa i Sogn og Fjordane.

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you