__MAIN_TEXT__

Page 1

Sogn

Fjordane

yrkesfag

Les meir om oss på

OKSU.NO

Det er smart

Til foreldre og føresette

å velje yrkesfag

Yrkesfag opnar alle dører

Mange studerer i årevis etter vidaregåande skule. Når dei endeleg kjem ut i jobb, så sit dei med ei solid studiegjeld – og truleg ikkje særleg betre lønn enn eg har.

Det er tøft å velje mot haldningane til foreldra, rådgjevarane og kompisane. Gjennomgangstonen er at om du er usikker, så ta studiespesialisering – for då er alle vegar opne. Eg vil seie at det er heilt omvendt; Er du usikker så ta ei fagutdanning.

Har du sans for praktisk og variert arbeid må du velje utdanning deretter. - Sverre Nilsen, industrimekanikar og produksjonsteknikar hos EWOS

OKSU.NO Opplæringskontor for industri og teknologifag

www.pro.sf.no

www.nelfo.no/Om-NELFO/Lokalforeninger/NELFO-Sogn-og-Fjordane/

www.bok-sfj.no - www.bilfag.no

www.transportfag-sfj.no/forside

- Finn Ove Øen, dagleg leiar hos Åsen og Øvrelid

www.okosweb.net www.oktf.no

www.okab.no/vare-opplaeringskontor/sogn-og-fjordane/

Sogn og Fjordane

www.sognok.no

www.byggmesterforbundet.no/om-forbundet/oppleringskontor

www.okhm-sfj.no

www.noropp.no

www.sfj.byggopp.no

www.okfh.no


- No er eg sikker på at

eg har valt rett

Eg bestemte meg tidleg for å ta utdanning innan helse og omsorg, fortel Ellen Oppedal på 19 år – som har gått Helse og omsorg på VG1 og Helsearbeidarfaget på VG2 i Sogndal. Eg likar å jobbe med menneske, der eg kan gje av meg sjølv. – Det gir ein utruleg mykje tilbake, smiler Ellen, som er andre års lærling i omsorgstenesta i Høyanger. Eg har tidlegare hatt sommarjobbar på sjukeheimen heime i Eivindvik, så eg visste ein del om kva eg gjekk til. På spørsmål om kvifor ho ikkje gjekk studiespesialisering og satsa på sjukepleiarutdanning har Ellen eit klart svar. Eg var så lei av skule og teori då eg var ferdig med ungdomsskulen, at det hadde eg ikkje orka. 3 år med berre teoretiske fag freista ikkje meg. Godt grunnlag for sjukepleiar Då var det mykje betre å ta to år med praktiske fag og følge på med 2 års læretid. Eg får jo til og med løn under utdanninga, smiler 19 åringen fornøgd. No får eg testa ut faget, og eg står med eit fagbrev i handa etter fire kjekke og varierte år. Ho fortel at planen er heilt klar – eg skal ta eit år med påbygg når fagbrevet er i boks, og så vil eg ta sjukepleiarutdanning. Eg brukar litt lenger tid enn dei som tek strake vegen – men eg meiner at eg har eit mykje betre grunnlag for å bli sjukepleiar enn dei som kjem rett frå skulebenken. Eg har med meg ein god og variert praksis – og er endå meir sikker på at eg har valt rett.

Ellen Oppedal (19) merker at pasientane set pris på å ha både kvinner og menn som hjelper dei i kvardagen og anbefaler fleire gutar å teste ut omsorgsfag.

helsefagarbeidar. Ho har heile tida hatt to kontaktpersonar i kommunen, som har vore flinke til å følgje ho opp. Er det noko spesielt eg har lyst til å vere med på så er det berre å spørje. Det er og betryggande å ha eit opplæringskontor i ryggen, som sikrar at eg får den praksisen og teorien eg har rett på.

”3 år med berre teoretiske fag freista ikkje meg.” Variert læretid Ellen har lærlingplassen sin i omsorgstenesta i Høyanger, noko som har gitt ho ein svært variert praksis. Eg starta med 8 månader på sjukeheimen, no er eg inne i ein 8 månaders periode i heimesjukepleien og i tillegg skal eg innom PU tenesta og ha ein månad sjukehuspraksis. Den siste valfrie perioden har eg valt å vere på sjukeheimen – og det er der eg til slutt skal avlegge fagprøva som

Ellen trivast med å arbeide med menneske.

Ikkje eit feminint yrke Det er utruleg givande å jobbe med eldre, og det skal ofte så lite til for å glede folk. Ellen vil slå eit slag for at fleire gutar vel denne yrkesvegen. Eg er heilt sikker på at mange hadde likt dette veldig godt – og pasientane set veldig pris på at det er både kvinner og menn som hjelper dei i kvardagen. Ho vil anbefale gutane å teste ut faget. – Det er ikkje ein spesielt feminin jobb, presiserer ho. Start med fagbrev Eg vil anbefale folk å starte med ei yrkesutdanning og få fagbrev, før dei går vidare til høgare utdanning, er Ellen sitt klare råd. På den måten får ein erfaring og finn ut kva ein likar. Det viktigaste er å finne eit fag ein likar, og som helsearbeidar er du garantert sikra jobb. Eldrebølga kjem – og vi treng omsorgsarbeidarar – anten dei har fagbrev eller høgare utdanning. I dette yrket er det viktig å vere flink med folk og kunne lytte og vere medmenneskeleg. Vi må ikkje berre ha fokus på sjukdom, men kunne sjå heile mennesket, avsluttar ein reflektert lærling – som er sikker på at ho har valt rett hylle i livet.


Betalt utdanning

gav Sverre ein spanande jobb Sverre Nilsen på 24 år har to fagbrev i lomma, og er godt fornøgd med å ha fast jobb hos laksefôrgiganten Ewos i Florø. Eg har alltid likt praktisk arbeid, og sett føre meg at eg skulle bli mekanikar. At eg har fått ansvar for at pelletsfôret til laks og ørret har rett kvalitet, er nok litt tilfeldig. Sverre fortel at han starta på TIP-lina på Florø VGS og tok anrde året på Industriteknologi. Då eg skulle ut som lærling hadde dei to plassar på Ewos, og eg var heldig og fekk den eine. Etter at fagbrevet som industrimekanikar var i boks fekk eg tilbod om å ta eit år til - og dermed få fagbrev i produksjonsteknikk. Det kunne eg ikkje seie nei til, smiler Sverre fornøgd. Lønn under utdanning Eg reiste i militæret etter at fagbreva var ferdige – og etter eit år der var det veldig kjekt å kunne gå rett i fast jobb i heimbyen, fortel 24-åringen. Ikkje alle passar til å gå årevis på skule. For meg var det heilt supert å kunne ta ei praktisk utdanning – der eg til og med fekk løn under utdanninga. Mange studerer i årevis etter vidaregåande skule. Når dei endeleg kjem ut i jobb, så sit dei med ei solid studiegjeld – og truleg ikkje særleg betre lønn enn eg har. Ansvar for produksjonen Sverre fortel at han har ein svært variert jobb, der han har ansvar for å passe ei heil produksjonsline – frå råvare til ferdig produkt. Ein del av jobben går ut på å følgje produksjonen frå kontrollrommet. Vi må sørge for at fôret som blir produsert tilfredsstiller gitte kvalitetskrav - og ikkje minst det

Det får store konsekvensar om fôret ikkje er tilfredstillande, seier Sverre Nilsen (24) - det skal trass alt bli menneskemat til slutt.

Sverre Nilsen (24) har ansvaret for at fiskefôret på hans produksjonsline held god nok kvalitet. Reparasjonar og vedlikehald av maskiner i kombinasjon med ansvar for produksjon krev 2 fagbrev og gir ein spennande og variert jobb.

kunden etterspør. Sverre kjenner på ansvaret for at bedrifta lukkast, og har god inntening. Må ha to fagbrev Maskinene må heile tida haldast ved like og gå gjennom revisjonar – så det er ikkje berre å sitje ved ein skjerm og sjå at ting skjer. Det viktigaste ansvaret er at maskinene fungerer. Derfor er dei to fagbreva heilt avgjerande – industrimekanikk og produksjonsteknikk utfyller kvarandre. Som lærling hadde eg tett oppfølging frå opplæringskontor, som sikra oss den rette faglege kompetansen. Det var og nyttig å ha minifagprøver undervegs. Utveksling til Riga Under læretida hadde vi ein del felles sosiale og faglege opplegg med andre lærlingar i fylket, minnes Sverre. – Eg var dessutan så heldig at eg var med på ein månads utveksling i Riga. Det var spennande å sjå korleis dei jobbar og tenkjer i andre land.

”Ikkje alle passar til å gå årevis på skule.” Vel det du likar Sverre er ikkje i tvil om kva han vil anbefale til dagens ungdomsskuleelevar. Har du sans for praktisk og variert arbeid må du velje utdanning deretter. Det finst så mange muligheiter – og om ein ønskjer det kan ein gå vidare og ta meir utdanning seinare. Eg er veldig fornøgd med slik eg har det. Eg starta tidleg å tene pengar – og om ein vil det kan ein mange stader få jobbe ekstra - og dermed tene ekstra mykje i periodar. Eg har det aldri kjedeleg på jobb.


Med eit fagbrev i botnen, kan du bli kva som helst, seier Finn Ove Øen (40) - som har gått frå sommarjobb som tømrar til dagleg leiar i Åsen & Øvrelid.

Derfor er yrkesfag

nøkkelen til suksess Du har ikkje lukka ei einaste dør om du vel yrkesfag, seier Finn Ove Øren, som er dagleg leiar i firmaet Åsen & Øvrelid i Førde. Dei aller beste ingeniørane har gått vegen frå fagbrev til fagskulen og vidare til ingeniørutdanning. Ulempa er at vi misser mange gode fagarbeidarar på denne måten.

”I yrkesfaga er det slik at om du likar å jobbe så får du betalt for det.”

Yrkesfag opnar alle dører Gjennomgangstonen er at om du er usikker så ta studiespesialisering – for då er alle vegar opne. Eg vil seie at det er heilt omvendt; Er du usikker så ta ei fagutdanning – då har du noko i botnen – og du kan bli kva som helst. Du kan for eksempel gå karrierestigen i ei bedrift, kombinere fleire fag eller bygge på med høgare utdanning. Muligheitene er uendelege. To krav til lærlingane Hos Åsen & Øvrelid ønskjer dei primært å ha lokal arbeidskraft med fagbrev, og dei prøver å rekruttere ved å ta inn lærlingar. Målet for fylket må vere å ha dei yrkesfaga som næringslivet etterspør, meiner Finn Ove. Samtidig må vi sjølvsagt stille visse krav til ungdommen. Mange er skuleleie når dei er ferdige på ungdomsskulen, og kanskje er yrkesfaga i overkant teo-

retiske for nokre elevar. Det vi legg mest vekt på er at folk møter opp på jobb – og at dei viser normal folkeskikk. Det er eit godt utgangspunkt for å lære seg eit fag. Yrkesfag er vegen til suksess I yrkesfaga er det slik at om du likar å jobbe så får du betalt for det. Dess meir du jobbar dess meir tener du, i motsetnad til andre yrker der ein har ei fast løn uansett. Ønskjer du i periodar å jobbe lange dagar – for å tene meir pengar – så får du gjere det. Elles kan ein jo berre klikke seg inn på skattelistene, smiler Finn Ove. Nesten utan unntak så er det slik at dei som tronar høgst på formuelistene har starta som fagarbeidarar. Det fortel meg at yrkesfag er eit godt utgangspunkt for å starte for seg sjølv.

A til Å - www.atilaa.no / Trykk: Printfarm

Sjølv har Finn Ove gått den strake akademiske vegen for å bli ingeniør, men meiner det er ei stor utfordring at samfunnet oppfordrar alle til å ta høgare utdanning. Han forstår at det er tøft å velje i mot haldningane til foreldra, rådgjevarane og kompisane – og Finn Ove påpeikar at folk må sette seg meir inn i muligheitene som finst.

Profile for A til Å Grafisk Design og Media

Sogn og Fjordane yrkesfag  

OKSU SAMARBEIDER OM OPPLÆRING DER BRANSJANE I SOGN OG FJORDANE HAR FELLES INTERESSER.

Sogn og Fjordane yrkesfag  

OKSU SAMARBEIDER OM OPPLÆRING DER BRANSJANE I SOGN OG FJORDANE HAR FELLES INTERESSER.

Profile for atilaa