Page 1

ALDEN HAMNEOMRÅDE = trygging av farvatna i Sunnfjord og Ytre Sogn Alden hamneområde er eit samarbeidsprosjekt mellom kyst- og fjordkommunar i Ytre Sogn og Sunnfjord; Askvoll, Fjaler, Flora, Førde, Gaular, Hyllestad og Naustdal. Arbeidet er organisert som eit eit § 27 samarbeid, som skal sikre at kommunane får oppfylt sine krav, samstundes som ein får utnytta stordriftsfordelane og spisskompetansen som finnast. Dette vil sikre beredskapen og trygge farvatnet i dei medverkande kommunane.

www.aldenhamn.no


Nytt hamnesamarbeid for å styrke tryggleiken på sjøen Det nye felles hamnerådet for kommunane Askvoll, Fjaler, Flora, Førde, Gaular, Hyllestad og Naustdal har ansvar for eit viktig og krevjande arbeid. Kommunane har gjennom lovendring fått ansvaret for tryggleiken i eige farvatn, og desse utfordringane skal vi løyse i fellesskap. Kommunane går saman og nyttar seg av kunnskapane og erfaringane som Flora Hamn KF allereie har. Dette er eit såkalla § 27 samarbeid, der Flora Hamn KF er sekretariat og ansvarleg for den operative drifta. Vi har kompetansen i Florø, og eit råd samansett av representantar frå alle kommunane vil sikre ei god felles løysing. Hamnerådet for Alden hamneområde skal lage ein handlingsplan som grunnlag for arbeidet med dei prioriterte tryggleiksoppgåvene, og eit felles regulativ for anløpsavgifter, for å dekke kostnadane med dei nye oppgåvene kommunane er pålagde. Regulativet skal vere konkurransedyktig i forhold til hamnane nord og sør for oss. Kyst- og fjordkommunane vil gjennom dette samarbeidet trygge kvardagen for dei som ferdast på sjøen. Førebuingane for samarbeidet har skjedd i ein særs positiv tone, der representantar frå dei involverte kommunane har bidrege på ein konstruktiv måte - og eg ser fram til eit godt samarbeid i Hamnerådet.

Foto: Egil Aardal

Vidar Grønnevik Hamnerådsleiar

På møtet i Florø 29. september var det nyetablerte hamnerådet for kommuna (nestleiar) frå Hyllestad kommune, Fritz Hugøy frå Askvoll kommune, Jens Bernhard Øberg frå Førde kommune, Vidar Grønnevik (leiar) frå Flora kommune

Tryggleik på sjøen har vore eit sentralt tema for kystbefolkninga i uminnelege tider. Med etableringa av det interkommunale hamnesamarbeidet som har resultert i Alden hamneområde vil kystkommunane i Ytre Sogn og Sunnfjord frå 1. januar 2012 ha eit nytt verktøy i arbeidet med å styrke tryggleiken på sjøen. Alden hamneområde skal ha fokus på vedlikehald av kommunale sjømerke, fjerning av hindringar og tilsyn med kaianlegg som er tilgjengelege for ålmenta. Kystverket vil som før ha ansvaret for hovud- og bileier i heile området. Flora Hamn KF skal ha det operative ansvaret og Hamnerådet vil sørge for prioritering av tiltak og budsjettdekning for desse. I tillegg vil samarbeidskommunane kunne få utført sakshandsaming av tiltak i strandsona som skal handsamast etter Lov om Hamner og Farvatn. Handlingsplan er det fyrste som rådet må starte opp med når Alden hamneområde trer i kraft 1. januar 2012. Hamnerådet må etter innspel frå dei samarbeidande kommunane lage ei konkret plan for tiltak og investeringar som må gjennomførast i dei ulike sjøområda - for å styrke tryggleiken på sjøen.


Redningsselskapet set tryggleik på sjøen i høgsetet. Vi ønskjer å bidra til at hamnene i Alden hamneområde skal vere trygge og gode for brukarane. Redningsselskapet har 3 redningsskøyter i 24-timars beredskap i Sogn og Fjordane. Redningsselskapet sine formål: • Redde liv • Berge verdiar • Verne kystmiljøet • Opplysning og ulykkesforebygging for å betre sikkerheita for sjøfarande

ane i Ytre Sogn og Sunnfjord samla. Rådet er samansett av f.v. Margun Hyenes s Otto Hestad frå Gaular kommune, Gudmund Solheim frå Fjaler kommune, e og Annlaug Kjelstad (vara) frå Naustdal kommune. Foto: Egil Aardal

Anløpsavgiftene som blir kravde inn skal gå til investeringar i førebyggande arbeid og administrasjon. Dette kan til dømes vere sprenging, mudring, tilsyn med offentlege kaier og merking. Det er viktig å ha ei god plan og oversikt over kva som må gjerast. Handlinsplanen skal vere basert på kommunane sine behov, og så blir det Hamnerådet si oppgåve å prioritere og finne finansiering av oppgåvene. Kystverket vil som før ha ansvaret for hovud- og bileier i området, og ansvar etter lova knytt til akvakulturanlegg, kraftproduserande anlegg i sjø, røyrleidningar for olje og gass, bruer, luftspenn, tiltak som kryssar kommunegrenser og andre tiltak som kan representere vesentlege hindringar eller ulempe for alminneleg ferdsel. Alden hamneområde sine hovudarbeidsfelt blir då: • Sørgje for at ferdsla i farvatnet ikkje vert hindra eller vanskeliggjort jf. §15 • Sjå til at hamneanlegg og lausøyre som vert brukt i hamneverksemd er i forsvarleg stand, jf.§ 40 tredje ledd • Handsame søknader om løyver etter Lov om Hamner og Farvatn, jf. §27 første ledd

Kystverket tar ansvaret for sjøvegen. Etaten arbeider kontinuerleg for at sjøvegen har tilstrekkeleg breidde og djupne, og er godt opplyst for trygg navigering. Fyr, sjømerker, og utbetring av farleier og fiskerihamner er sentrale oppgåver. I tillegg kjem lostenesta, trafikk­overvaking, informasjons­tenester for sjøfarande, statleg beredskap mot akutt forureining og maritim sektor av Nasjonal Transportplan. I Alden hamneområde er Kystverket til stades med losstasjon i Florø og to statlege oljeverndepot i Florø og Solund.


Foto: Harald M. Valderhaug

I N T E R K O M M U N A LT S A M A R B E I D

FJALER KOMMUNE

FLORA KOMMUNE

FØRDE KOMMUNE

GAULAR KOMMUNE

HYLLESTAD KOMMUNE

NAUSTDAL KOMMUNE

Alden hamneområde er eit vinnvinn prosjekt for kommunane og brukarane, der vi saman kan utnytte stordriftsfordelane ein slik allianse gir. Frå venstre: Andreas Paepenmøller, Audun Korneliussen, Monica Sande, Kjell Hafstad og Erik Svendsen.

F

A HAMN OR K FL

w

w

.n w.f l o ro h a m n

FLORA HAMN KF Fugleskjerskaia · Postboks 17 · 6901 Florø Telefon 57 75 67 40 · Vakt 24t 91 31 80 00 hamn@flora.kommune.no · www.florahamn.no

A til Å - www.atilaa.no

Foto: Anita Øygard

Vi i Flora Hamn KF har det operative ansvaret for Alden hamneområde. Vi er ein stab med spisskompetanse innan maritime fag, og med god kjennskap til sjøområda og hamnene i regionen. Vi har lang erfaring i å drifte Flora hamn, og har nødvendig kunnskap om sikkerheit og sakshansaming i hamnesaker.

o

ASKVOLL KOMMUNE

ALDEN HAMNEOMRÅDE  

Alden hamneområde er eitsamarbeidsprosjekt mellomkyst- og fjordkommunar i YtreSogn og Sunnfjord; Askvoll, Fjaler,Flora, Førde, Gaular, Hylle...

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you