Page 1

Alt er språk – språk er alt

avisa

Det er ei gammal og dessverre temmeleg utbreidd oppfatning at språkleg fornying skjer gjennom skjønnlitteraturen. Les Beate Homlong på kommentarplass s. 2

NR 5 • 2 013 • Å RGA NG 12 • P OS T@L NK .NO • W W W.L NK .NO Støttar Samlaget

Premierte tekstar

Solid språk

I framlegget til statsbudsjett frå den førre regjeringa får Samlaget støtte til lettlestprosjekt. Andre nynorskprosjekt må derimot klare seg utan overføringar.  s.5

Seks ungdomar vart premierte i skrivekonkurransen Fram i lyset under Nynorske litteraturdagar i Aurland. På programs. 15 met stod også bokbad og musikalske innslag. 

Ordførar Sven Flo (H) i Stryn meiner nynorsken står sterkt i kommunen. Likevel ser han språklege utfordringar når kommunen skal rekruttere ny arbeidskraft.  s. 18

Fritt val

Foto: Unge Venstre

Sveinung Rotevatn vil at enkeltmennesket skal ta eigne val. Også når det gjeld språk.

• Sjå s. 12-13

Blir språknøytral

Foto: Høgre

Ordførar Harald A. Stakkestad (H) i Tysvær kommune er ein av dei som er glade for at kommunen no blir språknøytral.

• Sjå s. 6

Teater For gamalost har det til felles med god kunst og provoserande utsegner at første gongen du et han, kan han vere vond å svelgje. Les Terje Lyngstad s. 21

Språkåret Det er eit faktum at nynorsken aldri har vore så utsett som ved dette valet. Les Tom Hetland s. 7

BRUK KORTET

Ørsta er Årets nynorskkommune 2013. Her takkar ordførar Rune Hovde dåverande kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete for prisen. I midten kulturrådgjevar Jostein O. Mo, som er sentral i språkarbeidet i kommunen.  (Foto: Kommunal- og regionaldepartementet)

Språkpris til Ørsta – Me skal framleis arbeide for å bruke eit enkelt og kvardagsleg språk, seier ordførar i Ørsta kommune, Rune Hovde. Han er glad for at kommunen vart kåra til Årets nynorskkommune. Påtroppande kommunal- og

moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) vil no vurdere framtida til prisen. 

S.3


2

LNK-AVISA

Nr 5 2013

Alt er språk – språk er alt

avisa

Eit levande språk

Informasjonsavis for Landssamanslutninga av nynorskkommunar

Leiar

Kunsten å inspirere Kommune-Noreg er i endring. Kommunane får strammare økonomi og fleire oppgåver, og trusselen om tvangssamanslåing heng stadig over dei. Kanskje meir no enn nokon gong før. Det er ikkje unaturleg at grenser og arbeidsfordeling mellom offentlege organ er i endring. Det handlar vel meir om å vere medviten om kva verdiar ein tek med seg inn i endringsprosessane. Det handlar også om språk. I Tysvær kommune kjenner dei også endringane på kroppen. I dag har 60 prosent av borna i skulen bokmål som hovudmål, og lokalavisa har opna opp for bokmålsaker. – Tysvær Bygdeblad er ei nynorskavis. Me bruker det både som ein del av aviskulturen i kommunen og som eit tydeleg image på ei lokalavis. Men me vil vere slik folket er, og det inneber at nokre av sakene våre kvar veke er på bokmål, og at me prøver å oppdatere oss på den nynorsken som folk flest kan forstå og ikkje bli provosert av. Det er også eit tips til Tysvær kommune, skriv lokalavisa på leiarplass. Nyleg gjekk kommunestyret i Tysvær kommune inn for å bli språknøytral, noko det er delte meiningar og mykje engasjement rundt. Det skal bli spanande å sjå om det vil ha noko å seie for identiteten og språkkjensla blant innbyggarane. I 2009 innførte Kommunal- og regionaldepartementet prisen Årets nynorskkommune. Prisen har stimulert og inspirert kommunane til å auke bruken av nynorsk, ikkje minst ved at prispengane på 100 000 kroner blir øyremerkte språkprosjekt. I denne utgåva av LNK-avisa seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner at han vil vurdere framtida til prisen. Vi håpar sterkt at prisen består, og at han framleis kan vere eit verkemiddel for å oppmuntre pressa kommunar til å halde fram med eit godt språkarbeid.

Alt er språk – språk er alt

avisa Utgjevar: Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) Redaktør: Judith Sørhus Litlehamar judith@norsk-plan.no

F

or nokre år sidan var eg til stades på ein paneldebatt under Nynorske litteraturdagar i Flåm. I eit ordskifte om nynorsk og bokutgivingar blei det hevda at pensumlitteratur for høgare utdanning var bøker for spesielt interesserte, bøker som ikkje nådde ut til store målgrupper, og bøker det dermed ikkje var så viktig å få ut på nynorsk. Eg må innrømme at eg blei litt sett ut av denne påstanden der og då, og ikkje klarte å ta tilstrekkeleg til motmæle. Og det har irritert meg litt i etterkant, så derfor kjem det no. For ingenting kunne ha vore meir feil.

Beate Homlong forlagsredaktør, Høgare utdanning, Samlaget

Det er ei gammal og dessverre temmeleg utbreidd oppfatning at språkleg fornying skjer gjennom skjønnlitteraturen. Slik var det kan hende om vi går eit stykke tilbake i tid, men i dag er faglitteraturen vel så viktig for at språket skal halde tritt med samfunnsutviklinga. For det er det som det handlar om, at språket vårt held tritt med samfunnsutviklinga, at vi har forståelege ord og vendingar som gjer oss i stand til å tenkje og ordleggje oss om det samfunnet vi faktisk lever i. Og det samfunnet som i dag omgir oss, er i langt større grad enn tidlegare eit informasjons- og kunnskapssamfunn der ord som opphavleg var fagterminologi, inngår i daglegspråket – og må gjere det. Det handlar både om nye enkeltord, som høgsensitiv, noverdi og berekraftig, men også om måtar å uttrykke seg på, måtar å kommunisere på. Og dette er ikkje uvesentleg, for språk er makt, og den som er i stand til å uttrykke seg godt, har også makt. Det var det prinsipielle, så til det meir praktiske.

F

orsking og høgare utdanning kan kanskje verke smalt, men i dag tek ein stor del unge utdanning utover vidaregåande. Hausten 2012 var det om lag 261 000 registerte studentar ved norske universitet og høgskular – spreidd på eit utal fag og kurs, og talet aukar for kvart år. Ein stor del av desse kjem frå dei nynorske kjerneområda og har nynorsk som hovudmål. Men møter dei sitt eige språk i faget dei har valt å utdanne seg i? Nei. Etter 13 år der lærebøker på eige språk har vore sjølvsagt, er nynorsk så godt som fråverande i høgare utdanning.

K ro n i kk

sterk posisjon. Men skal nynorsken også i framtida vere eit levande, samfunnsberande bruksspråk, er det heilt avgjerande at det blir utvikla ny fagterminologi på fleire fagområde, terminologi som held tritt med samfunnsutviklinga og kan gå inn i bruksspråket. Derfor er pensumlitteratur for høgare utdanning alt anna enn smal. For det er gjennom pensumlitteraturen at fagspråket blir overført til nye brukarar, brukarar som igjen tek med seg språket ut i samfunnet. Og pensumlitteraturen er heller ikkje smal i den tydinga at han har få lesarar. Opplaga av pensumbøker for høgare utdanning er jamt over større enn av romanar, lyrikk og drama. Dessutan, og det er heller ikkje uvesentleg, blir bøkene lesne både av bokmålsbrukarar og nynorskbrukarar; studentane skal jo trass alt ta eksamen.

Dette burde bekymre langt fleire enn meg. For dei som tek høgare utdanning, skal ein gong sjølv ut i yrkeslivet, og dei aller fleste av dei skal i sine yrke bruke språket som verkty, munnleg og skriftleg, som lærarar, som tilsette i helse- og omsorgssektoren, i kommunal og offentleg forvaltning, som journalistar, konsulentar, juristar og marknadsførarar, for å nemne nokre. Men kor godt rusta er dei då til å arbeide i nynorskkommunar når dei ikkje har møtt nynorsk i utdanningsløpet sitt? Og kva haldningar har dei til språket når dei aldri har møtt det som fagspråk, berre som eit litterært språk?

N

ynorsk er fint i dikt. Det veit alle. Men det fungerer også utmerka som fagspråk, sjå berre på fag som filosofi, historie og nordisk, der nynorsk har ein

Faste spaltistar: Jan Olav Fretland Vidar Høviskeland Terje Lyngstad

4230 SAND Telefon 52 79 04 80 Telefaks 52 79 04 81 E-postadresse: bladstova@lnk.no

Korrekturlesar: Dag Gjerde

Montering: Norsk Plan as Astrid Eidhammer Hjelmeland

Adresse til redaksjonen: LNK-Avisa Sandsvegen 134

Trykk: Sunnhordland Opplag omlag 6000

Bladet kjem normalt ut 6 gonger per år og kan tingast hjå LNK, tlf. 22 33 14 00, LNK-Avisa, tlf. 52 79 04 80, eller bladstova@lnk.no Pris kr 150 per år. Neste utgjeving: 13. desember Annonser: Nina Østebø annonse@lnk.no

Annonseprisar: 1/1 side kr 20 000,(253x360 mm) 1/2 side kr 11 600,(253x175 mm eller 124 x 360 mm) 1/4 side kr 7 400,(128x175 mm eller 57x360 mm) 21 kroner per millimeter. Prisane gjeld ferdig materiell. Annonsar blir å levera som pdf-fil til: astrid@norsk-plan.no

Nynorsk er fint i dikt. Det veit alle. Men det fungerer også utmerka som fagspråk, sjå berre på fag som filosofi, historie og nordisk, der nynorsk har ein sterk posisjon.


Nr 5 2013

3

LNK-AVISA

Ørsta årets nynorskkommune – Me skal framleis arbeide for å bruke eit enkelt og kvardagsleg språk, seier ordførar i Ørsta kommune, Rune Hovde. Han er glad for at kommunen vart kåra til Årets nynorskkommune.

– den nynorske vekeavisa for kultur og politikk – gratis! Send SMS DT3V til 2007, så sender vi deg tre prøvenummer utan at du forpliktar deg til noko som helst.

Judith Sørhus Litlehamar judith@norsk-plan.no

Hovde er glad for at juryen vart imponert over det langsiktige arbeidet kommunen har lagt ned for å styrkje nynorsken i den kommunale administrasjonen og ikkje minst som språk i skule og barnehage. Ørsta kommune har blant anna tilbydt nynorskkurs til nokre av dei tilsette. I tillegg ynskjer kommunen no å stimulere næringslivet til å bruke meir nynorsk. – Eg vil gjerne møte næringslivsleiarane for å diskutere språk, me treng ei bevisstgjering for å vise at ein kan marknadsføre seg på nynorsk og ikkje berre på bokmål, slår ordføraren fast. – Eg er i alle fall glad for at me har raudvin og ikkje rødvin på Vinmonopolet no, seier han og ler.

Kan blir meir medvitne Reint språkleg er det ikkje berre enkelt å vere Ivar Aasen sin heimstad. Ordførar Hovde meiner det fort kan bli ei sovepute, og han meiner kommunen framleis har mykje å gå på. – Det var veldig kjekt for oss å få denne prisen i Språkåret og i jubileumsåret for Ivar Aasen. Me har lagt ned mykje språkleg arbeid, sjølv om ein ser at det er mykje ein kan bli betre på. Ikkje minst kan me bli meir medvitne

NR. 48

27. NOVEMBER

Richard Brouillettes har laga film om globaliseringa av det nyliberalistiske tankesystemet.

20. NOVEM

NR. 47

KOMM

BER –

Nøgde: Glade representantar for årets nynorskkommune Ørsta saman med kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete. Til venstre kulturrådgjevar Jostein O. Mo, til høgre ordførar Rune Hovde.  (Foto: Kommunal-og regionaldepartementet)

om korleis me brukar eit godt språk, og ikkje berre om å skrive korrekt. Høgreordføraren er ikkje redd for at nynorsken skal lide under ei ny regjering. Han er optimist, sjølv om mållova ser ut til å bli vraka. – Eg er ikkje så redd for det. Dessutan var det fleire positive punkt for nynorsken i regjeringserklæringa. Me er mange i dette partiet som vil kjempe for nynorsken i regjeringa framover. – Kva skal de bruke prispengane til? – Det skal kommunestyret finne ut av. Eg har i alle fall lova at dei ikkje skal forsvinne i det store sluket, men skape noko me ser igjen.

God nynorsk er klårt språk

Det var tidlegare kommunalog regionalminister Liv Signe Navarsete (Sp) som delte ut den gjeve prisen til Ørsta kommune. – Kva passar vel betre enn at heimkommunen til Ivar Aasen får ein slik pris i det året der vi markerer at det er 200 år sidan målpioneren blei fødd? uttalte Navarsete. Ørsta får prisen for ei brei satsing for å fremje bruken av nynorsk. – Kommunen gjer eit systematisk arbeid for å styrkje nynorskbruken på ulike samfunnsområde, mellom anna gjennom eit aktivt samarbeid med media og næringslivet. Ørsta satsar både på opplæring av dei tilsette og oppfølging i det daglege arbeidet,

heiter det i grunngjevinga frå juryen. – Eg håpar nynorskprisen kan bidra til å utvikle nynorsk som eit godt språk i offentleg forvaltning. Stadig fleire kommunar arbeider no med å gjere språket dei nyttar, klarare. I det arbeidet er det viktig å hugse at god nynorsk også er klart språk, meinte Navarsete. Prisen er på 100 000 kroner og eit bilete.Tidlegare vinnarkommunar er Stord, Seljord, Fjell og Sogn og Fjordane. I juryen for nynorskprisen sit: Vidar Høviskeland, Landssamanslutninga for nynorskkommunar, Nina Teigland, Språkrådet, Gunn Berit Gjerde, fylkesvaraordførar (V) i Møre og Romsdal, Rune Hetland, Landslaget for lokalaviser og Christine Hjortland, Kommunalog regionaldepartementet

Kommunal - og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) vil vurdere framtida til prisen Årets nynorskkommune. Judith Sørhus Litlehamar judith@norsk-plan.no

Vil vurdere nynorskprisen. (Foto: Kommunal-og regionaldepartementet)

premierer god innsats for nynorskspråket. Me vil no sjå på korleis det vil vere naturleg å følgje opp dette arbeidet vidare, seier Jan Tore Sanner til Lnk.no. I år var det Ørsta kommune som fekk nynorskprisen, som blir delt ut av Kommunal- og regionaldepartementet, som frå årsskiftet av vil bere namnet Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Prisen, som vart innførd i 2009, er på 100 000 kroner og eit bilete. Tidlegare vinnarkommunar er Stord, Seljord, Fjell og

Sogn og Fjordane. Bakgrunnen for prisen er å heidre kommunar som arbeider godt for å stimulere til meir nynorskbruk. I jur yen for nynorskprisen sit Vidar Høviskeland, Landssamanslutninga for nynorskkommunar, Nina Teigland, Språkrådet, Gunn Berit Gjerde, fylkesvaraordførar (V) i Møre og Romsdal, Rune Hetland, Landslaget for lokalaviser og Christine Hjortland, Kommunalog regionaldepartementet.

ENTAR

Vitamin­ forsvaret

for immun­ er viktigare Vitamin D det ein tidlegare enn forsvaret viser ny forsking. 6–7 har trudd, HELSE

BER 2009

48. ÅRGANG

EN

r 26. NOVEM ei ordinæ meiner at Hamsun Knut Stein Husby f. ville gjeve rettssak fengselsstraf 32–33 K lang

L 35 KRONER

Kvinnelesn ne skriva ad alle kjendisa Agnes er, Ravatn blar seg gjennom Kvifor skal om prinsess kvinneblada d. i Narvesen. Tre av dei barnebøker Hovlan rår til kjøp av truse A 39 med rumpeundrar Ragnar

LAUSSA

Kongeslaget

ESSAY 18–19

Grand Old Men

Dei fyller sytti år, men både Jon Eikemo og Svein Erik Brodal vonar at det vert teater også i framtida. TREMANNSHAND

På Hebridane gardsbruk. og Neil McLellan kjem to tusen I desember på vitjing. 22–23 tundragjæser

Karl Ove Knausgård i ei lang føyer seg rekkje skriv Solveig av farmordarar, inn Aareskjold.

20–21

KOMM

Heilstøyp Bjørnson t

9

er høgare utsleppa – Klimagass enarioa som vart enn ekstremscsidan, fortel Pål år laga for ti i Cicero. 4–5 Prestrud KLIMA

770803 3340 15

ATUR

BER –

19. NOVEM

BER 2009

48. ÅRGAN

Tore Rem GEN LAUSSA mar, men vil vera snill L 35 KRONE mot musli R musli– Dobbe slem mot antrop Frp er den ltmora osofar l, skriv einaste utanrik Jon Husta . tiske opposis d. seier jonen her spoliKOMM ENTAR i landet, Erling Borgen 15 .

2

JU 3

Regjerin ga vil ha oss til å sløk lyset i gan kje gen samstun des ho set nor som egsreko rd i tildelin gar av oljekon sesjona r. Side 4–5

18–19

eljar Norsk bests selde Tønsberg

frå ­ Clara Tschudi av keisarinne eksemplar 140.000 i 1889. 16–17 boka si i Tyskland

ENTAR

Foto: Scanpix

14–15

Frå Lesja med rom an

Systrene Guri gård Botheim og Sigrid Sørumhar skrive – saman, ord for ord. roman LITTER

MUSIKK 24–25

INTERV

BOKM

48

Dystre r prognosa

Det er 200 år sidan Felix Mendelsohn vart fødd, oppfinnaren av religiøs kitsch i musikken.

Slå av ly Pump o set! olja! pp

Edvard Hoem staden for bør skrive tre band Bjørnson to om Bjørnstjerne i , skriv Geir Mork.

ISSN 0803-3340

TASJE REPOR

LAUSSAL 35 KRONER

INTERVJU 3

ELDING 27 friskt Ord-avdukinga Det gjekk Mange av dei innbydde kom på slottet ikkje, men likevel las Einar føre seg sin då Norsk m i 1821, Økland prologen 8 vart avduka. i Stockhol n gav Ordbok band PROLOG 22–23 då Carl Joha ens audi Vankunna handfast Dei fyrste ster utgåvene ske Leksikon av Store til statsmini r. NorNor grepa i DDR. underapporterte overSamtidsforfals over kallar Sven Samtidsfo rfalsking, Peder Anke G. Holtsmar Holtsmark king, k det. HISTO SIDE 19 RIE

Islay Bønderdrivpåbrørne David

48. ÅRGANGEN

Presidentane i Venezuela, Cuba, Bolivia, Ecuador Nicaragua allierte seg og mot Bush. No rustar dei til for­ svar mot Obama. Men kva hender flest trur betre om presidenten når venezuelarar i USA enn sin eigen? NR. 46 SIDE 4–5 13. NOVEM

innlegg. INNSID

KRONIK

2009

Udugeleg som fiende

SAMFUNN 6–7

tru at illusjon å Det er ein kan berga bilsam­ l. biodrivstoff Trygve Refsda 2 funnet, skriv

– 3. DESEMBER

– Sjukefråværet i Noreg er det høgste i verda. Det er få det ned, seier Knutmogleg å Røed.

KULTUR 10–11

Ventemottak

Dei er utviste flyktningar. Dei bur på ventemottak. No vil dei at skal sjå dei – på Facebook. me

Vil vurdere nynorskprisen

– Me ser positivt på at det eksisterer ein nynorskpris som

Prøv

Tips oss – om ein typisk LITTER

7708

Økonom blåmåndaisk g

ATUR

40 03 33

Ill.: Stein

Skal vi tru er dei godenasjonalbudsjettet sektor over. tidene for offentleg,

47

ISSN 0803-3340

9

ØKONO

15

ISSN 0803-3340

Nerland

MI 6–7

46

9

7708

03 33 40

15

-lesar som ikkje les Dag og Tid. Send SMS til 2007 slik: TYPISK følgd av namn og adresse til personen. (Døme: TYPISK Jonas Gard Større, Riksvegen 10, 5020 Bergen). Han eller ho du tipsar om, får tre nummer av Dag og Tid, heilt utan plikter. Du får eit Flaxlodd som takk for hjelpa. NR. 48

27. NOVEMBER

Richard Brouillettes har laga film om globaliseringa av det nyliberalistiske tankesystemet. KULTUR 10–11

Ventemottak

Dei er utviste flyktningar. Dei bur på ventemottak. No vil dei at skal sjå dei – på Facebook. me SAMFUNN 6–7

20. NOVEM

NR. 47

BER –

tru at illusjon å Det er ein kan berga bilsam­ l. biodrivstoff Trygve Refsda 2 ENTAR funnet, skriv KOMM

Vitamin­ forsvaret for immun­ viktigare

er Vitamin D det ein tidlegare enn forsvaret viser ny forsking. 6–7 har trudd, HELSE

BER 2009

48. ÅRGANG

EN

r 26. NOVEM ei ordinæ meiner at Hamsun Knut Stein Husby f. ville gjeve rettssak fengselsstraf lang KRONIK

L 35 KRONER

Kvinnelesn ne skriva ad alle kjendisa Agnes Ravatn r, blar seg gjennom Kvifor skal om prinsesse kvinneblada d. i Narvesen. Tre av dei barnebøker Hovlan rår til kjøp av truse A 39 med rumpeundrar Ragnar innlegg. INNSID

LAUSSA

Kongeslaget

Islay Bønderdrivpåbrørne David

På Hebridane gardsbruk. og Neil McLellan kjem to tusen I desember på vitjing. 22–23 tundragjæser

Grand Old Men

Dei fyller sytti år, men både Jon Eikemo og Svein Erik Brodal vonar at det vert teater også i framtida. TREMANNSHAND

BOKM ELDING 27 friskt Ord-avdukinga Det gjekk Mange av dei innbydde kom på slottet ikkje, men likevel las Einar føre seg i 1821, Økland prologen sin då Norsk 8 vart avduka. i Stockholm n gav Ordbok band PROLOG 22–23 då Carl Joha ens audi Vankunna handfast Dei fyrste ster utgåvene ske Leksikon av Store til statsmini r. NorNor grepa i DDR. underapporterte over overSamtidsfo tidsforfals kallar Sven Sam rfalsking, Peder Anke king, G. Holts Holtsmar markk det. HISTO SIDE 19 RIE 9

770803 3340 15

Frå Lesja med roma n

Systrene Guri gård Botheim og Sigrid Sørumhar skrive – saman, ord for ord. roman LITTER

ATUR

eljar Norsk bests selde Tønsberg

frå ­ Clara Tschudi av keisarinne eksemplar 140.000 i 1889. boka si i Tyskland ATUR 16–17

Økonom blåmåndaisk g

LITTER

7708

40 03 33

Skal vi tru er dei godenasjonalbudsjettet sektor over. tidene for offentleg,

47

ISSN 0803-3340

9

KOMM

Heilstøyp Bjørnson t

Edvard Hoem staden for bør skrive tre band i Bjørnson, to om Bjørnstjer ne skriv Geir Mork.

48

TASJE REPOR

er høgare utsleppa – Klimagass enarioa som vart enn ekstremscsidan, fortel Pål år laga for ti i Cicero. 4–5 Prestrud KLIMA

ØKONO

15 ISSN 0803-3340

46

9

7708

03 33 40

15

MI 6–7

48. ÅRGANGEN

INTERVJU 3

Karl Ove Knausgård i ei lang føyer seg rekkje skriv Solveig av farmordarar, inn Aareskjold.

20–21

ISSN 0803-3340

Dystre r prognosa

2009

LAUSSAL 35 KRONER

Det er 200 år sidan Felix Mendelsohn vart fødd, oppfinnaren av religiøs kitsch i musikken. MUSIKK 24–25

Presidentane i Venezuela, Cuba, Bolivia, Ecuador Nicaragua allierte seg og mot Bush. No rustar dei til for­ svar mot Obama. Men kva hender flest trur betre om presidenten når venezuelarar i USA enn sin eigen? NR. 46 SIDE 4–5 13. NOVEM

ESSAY 18–19

K 32–33

– 3. DESEMBER

– Sjukefråværet i Noreg er det høgste i verda. Det er få det ned, seier Knutmogleg å Røed.

Udugeleg som fiende

18–19

14–15

ENTAR

2

BER –

19. NOVEM

48. ÅRGAN

INTERV

Foto: Scanpix

Regjerin ga vil ha oss til å sløk lyset i gan kje gen samstun des ho set nor som egsreko rd i tildelin gar av oljekon sesjona r. Side 4–5 Ill.: Stein

BER 2009

Tore Rem GEN LAUSSA mar, men vil vera snill L 35 KRONE mot musli R musli– Dobbe slem mot antrop Frp er den ltmora osofar l, skriv einaste utanrik Jon Husta . tiske opposis d. seier jonen her spoliKOMM ENTAR i landet, Erling Borgen 15 .

Slå av ly Pump o set! olja! pp Nerland

JU 3


4

LNK-AVISA

SITATET: – Mållaga masar jo på at fleire i bransjen vår, i slike «glossy» magasin, skal skrive meir nynorsk og eg føler litt på det. 

Skjønnheitsansvarleg i Det Nye, Julie Botnen til Telemarksavisa

Kanon til kidsa?

Nr 5 2013

Oddvar Torsheim med ny bok Den folkekjære multikunstnaren Oddvar Torsheim fylte nyleg 75 år, og dagen feirar han mellom anna med sleppet av boka Solveigs aller siste song til sin ex. Judith Sørhus Litlehamar judith@norsk-plan.no

lærarstudentane ved Høgskulen i Sør-Trøndelag og funne at dei ikkje skil seg stort frå dei preferansane andre nordmenn har. Det går mykje i krim, lett underhaldning og fantasy. Harry Potter-bøkene er dei klart mest populære, men Cecilia Samartin og Fifty shades of grey ligg òg høgt på listene. Det skal bli action i klasseromma frametter. Av dei 21 best likte bøkene er det to norske forfattarar, Erlend Loe og Jon Nesbø. Ingen nynorskforfattarar er på lista.

Vidar Høviskeland

D

Dagleg leiar i LNK

ei same lærarspirene vart bedne om å nemna to titlar av Nesbø, to av Kielland og to av Jon Fosse. 57 % klarte Nesbø, 5 % klarte Kielland og 2 % klarte tittelen på to bøker av Jon Fosse.

Høvi s ke ord

Og ja, eg veit eg møter meg sjølv i døra no. Fleire gonger har eg etterlyst ei opprydding i norskfaget, også i denne spalta. Men eg trudde andre delar av pensum ville stå meir lagleg til for hogg. Det kan ikkje vera lett å læra seg å lika norsk samtidslitteratur når ein ikkje har med seg dei felles referanserammene som ligg i den klassiske litteraturen vår. Men så lenge så få lærarstudentar ser ut til å lesa norsk litteratur, er det kanskje ikkje så farleg?

K

lassekampen har hatt eit interessant tema oppe dei siste vekene: Innhaldet i den nye læreplanen for norskfaget. Sidan 2006 har læreplanen for grunn-skulen vore utan krav om at elevane treng å kjenna til norske «klassiske» bøker. Me lèt diskusjonen om kva som er klassisk norsk litteratur liggja i dag, men konstaterer at elevane i ungdomsskulen ikkje lenger må lesa Ibsen og Kielland, Garborg og Vesaas. Frå og med i år går den reviderte læreplanen endå lenger. Rett nok skal elevane ha oppnådd 27 mål innanfor norskfaget når dei går ut av ungdomsskulen, og eitt av desse skal vera kjennskap til «noen klassiske tekster i norsk litteratur». Men særleg djup treng ikkje denne kunnskapen å vera:

Me får smørja oss med tolmod og venta på neste generasjon forfattarar – dei som lærer seg å skriva etter at den nyreviderte læreplanen tok til å gjelda. Då vil eg tru at dette ikkje lenger er eit problem.

– Satt på spissen kan du nå være innenfor læreplanen hvis du leser to dikt av Wergeland, seier norsklærar Camilla Skorge til KK.

E

post@lnk.no • Dagleg leiar: Vidar Høviskeland • Styret: Solfrid Borge, styreleiar

• P.B 7044 St. Olavs plass 0130 Oslo • www.lnk.no • facebook.com/LNKno •

I kunsten er Torsheim samfunnskritisk, og han ser gjerne på fordommar med eit humoristisk blikk. Sjølv kallar han seg for «biletkunstnar med musikalske terapeutiske sidesprang», og songtekstane, eller remsene som han kallar dei, går ofte over stokk og stein i vilter livsglede. Men under all humor og galskap finn vi også tristesse og poesi som avslører ein reflektert person bak klovnemaska.

Alt i dag er det slik at ein kan bli norsklærar utan å ha lese norrøn litteratur eller til dømes Ludvig Holberg.

ndå meir spennande vert det når læreplanen no opnar for at lærarane frå og med i år står friare til å dra eigne favorittbøker inn i undervisninga. Høgskulelektor Ola Harstad har undersøkt lesevanane til

Landssamanslutninga

– Det er vel ikkje nødvendig at alt i tekstane heng i hop, og at det er heilt korrekt, berre det fyk av garde på den rette måten? seier Oddvar Torsheim.

Boka er gjeven ut på Skald forlag.

Ideen er at elevane skal læra seg dei nasjonale litterære referansane seinare i livet. Det står att å sjå korleis dette vil slå ut. Alt i dag er det slik at ein kan bli norsklærar utan å ha lese norrøn litteratur eller til dømes Ludvig Holberg.

av nynorskkommunar (LNK)

Heilt sidan biletkunstaren i 1960-åra vart inspirert av amerikansk popkunst, har han leika seg med å omsetje pop- og rocktekstar til norsk. Han har nytta songar av The Beatles, Bob Dylan og Jørn Hoel som ramme for å skape sitt eige univers – eit univers som han betraktar frå Halbrendslia i Førde. I si nye bok Solveigs aller siste song til sin ex presenterer Torsheim eit sprudlande knippe av desse songtekstane, sjølvsagt rikt illustrerte med skribleri, teikningar og andre surrealistiske innfall.

Gunnar Strøm, nestleiar Rune Øygard Astrid Myran Aarvik Halvor Lilleslett. Varamedlemer: Nils R. Sandal Liv Kari Eskeland Kari Vaage Gjuvsland •

LNK arbeider for å skape positive haldningar til nynorsk språk og kultur og for at kommunane og styresmaktene tek desse sakene opp gjennom sine planverk. LNK tek på seg å vere talerøyr for medlemene og spreie informasjon som styrkjer dialektane, nynorsk skriftspråk og dei kulturtradisjonane dette står for. •

LNK samarbeider med: Bladet Sunnhordland KLP forsikring Hotell Bondeheimen Fagforbundet Kommunalbanken

Sjå meir på LNK.no om tilboda kortet gir


Nr 5 2013

5

LNK-AVISA

Gler seg med Samlaget

Språkråd frå Språkrådet sine nettsider www. sprakradet.no.

Spr åkr åd

Eitt eller fleire ord? Når vi har bruk for ord som er sette saman av fleire ord eller av grupper av ord, kan vi bli i tvil om dei skal skrivast i eitt eller i fleire ord. Vi kallar det særskriving når orda i eit uttrykk eller ei ordgruppe blir skrivne kvar for seg: til saman, for så vidt, mang ein, i dag. Det blir kalla samanskriving når uttrykk eller grupper av ord blir skrivne i eitt, utan mellomrom: iblant, altfor, overalt. Samansetningar, dvs. ord som er sette saman av fleire sjølvstendige ord, skal skrivast i eitt . Frisørsalong, krumkake, lammelår, frityrsteikt. Det er ikkje rett å skrive “frisør salong”, “krum kake”, “lamme lår” og “frityr steikt”. Slike skrivemåtar kjem oftast av påverknad frå engelsk, der det er andre reglar for skriving av samansette ord. Dersom du les samansetningane høgt for deg sjølv, kan du som regel finne ut om dei skal skrivast i eitt eller to ord. Døme: våt mark – våtmark, billig bok – billigbok, ferdig hus – ferdighus, små kaker – småkaker, gammal ost – gammalost. Dersom du uttalar eit uttrykk som eitt ord, med trykk berre på det første leddet, skal det skrivast som eitt ord, men uttalar du det som to ord, med likt trykk på begge ledda, skal det skrivast som to ord.

BLANDA KJENSLER: Styreleiar i LNK, Solfrid Borge, er særs glad for at Samlaget får ei auka støtte til satsing på lettlestbøker, men saknar støtte til Norsk Ordbok og Framtida.no (Foto: Toyni Tobekk)

Til vanleg bruker vi ikkje bindestrek i samansette ord, men bindestreken kan brukast for å lette lesinga, til dømes der to vokalar eller tre konsonantar støyter saman, eller viss ordet er sett saman av lange eller framande ledd. Døme: gløgg-gryte, katte-elskar, bre-is.

– Som styreleiar i LNK er eg sjølvsagt glad for at Samlaget har fått støtte til si lettlestsatsing.

750 000 kroner for å styrkje utgjevinga av fleire lettlestbøker på nynorsk. – Det er viktig at ungar i nynorskområde har tilgang på nok nynorsk litteratur i dei tidlege skuleåra når dei skal lære seg å lese, seier Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag.At nynorskelevane har tilgang til litteratur på eige språk, er viktig for å kunne utvikle gode ferdigheiter i nynorsk. – Noregs Mållag har fleire gonger teke opp den nynorske barnelitteraturen og nynorske leselystprosjekt med Kulturdepartementet og er glad for at budsjettframlegget no gjev rom for å auka utgjevingstakta, seier Tennø.

Judith Sørhus Litlehamar judith@norsk-plan.no

Dette er ei særs viktig satsing for å følgje opp intensjonane i stortingsmeldinga Mål og meining, seier Solfrid Borge om framlegget til statsbudsjett frå den tidlegare regjeringa. Vidare synest eg det er bra at Nynorsk kultursentrum og miljøet i Ulvik har fått eit løft i dette budsjettframlegget. Det vil styrkje både Olav H. Haugesenteret og Ulvik poesifestival, seier styreleiaren i LNK, som også er ordførar i Ullensvang herad. – Den raudgrøne regjeringa har levert ei formidabel satsing på kultur i desse to periodane, og dette trur eg heile landet vil nyte godt av i åra som kjem. Men i eit slikt perspektiv må eg vel innrømme at eg er skuffa over at dei to tiltaka som eit samla nynorskmiljø prioriterte i 2014, nemleg Norsk Ordbok og ungdomssatsinga Framtida.no, ikkje fekk auka sine budsjett.

Saknar satsing på Viktig: Marit Aakre Tennø meiner det er viktig at born har tilgang på lettlest nynorsklitteratur. (Foto: Toyni Tobekk)

Auka tilgang til nynorsk litteratur

Men dette er jo ikkje det endelege budsjettet for 2014. Om ei stund kjem tilleggsproposisjonen frå regjeringspartia. Først då får me eit endeleg svar på korleis kulturpolitikken vil sjå ut i 2014, meiner Borge. Noregs Mållag er også glad for Kulturdepartementet føreslår å auke tilskotet til Det Norske Samlaget med

ungdomstiltak

All språkopplæring må fylgjast opp med mengdetrening i lesing på eige språk for å gje elevane språklege føredøme som kan gjere dei til gode skrivarar. I dag er ikkje tilgangen den same på nynorsklitteratur som på bokmålslitteratur. Særleg nynorske lettlestbøker og faktabøker er ei mangelvare, meiner mållaget. – Med den største satsinga på kultur nokon gong er det gledeleg at det også er gjeve rom for basisutstillinga på Hauge-senteret. Ein samla vekst i kulturbudsjettet på over 8 prosent burde også ha gjeve rom for å løyve Norsk Ordbok pengane dei treng for å kome i mål til 2014, og likeins å få det svært vellukka ungdomstiltaket Framtida.no inn i faste former på budsjettet, seier Tennø.

Ved ein del faste uttrykk og grupper av ord er det ikkje alltid lett å vite om vi skal skrive dei som einskildord eller som ordgrupper. I somme tilfelle kan ein dessutan velje mellom særskriving og samanskriving. Ord som skal særskrivast: alt saman / alt sammen, av di (berre nynorsk), av garde / av gårde, den gong / den gang, den slags, ein del / en del, etter at, etter kvart / etter hvert, for lengst, (for) så vidt, for øvrig (berre bokmål), i hvert fall (berre bokmål), i staden for / i stedet for (men istedenfor) (bokmål), langt (i)frå / langt (i)fra (også i tydinga «på ingen måte»), (nynorsk), mang ein / mang en, om bord, om lag, over bord, på ny(tt), så menn, så som, til dels, til saman / til sammen, til stades / til stede, ver så god / vær så god. Uttrykk som får valfri samanskriving eller særskriving: for di og fordi, for resten og forresten, i alle fall og iallfall, så framt og såframt (bokmål også så fremt og såfremt), så pass og såpass, like eins og likeins (nynorsk), like ens og likeens (bokmål), visst nok og visstnok. Uttrykk som får samanskriving eller særskriving alt etter tydinga: altfor (= i for høg grad) og alt for (som i «Alt for Noreg»), ettersom (= fordi) og etter som (= etter kvart som, og i uttrykket alt etter som), overalt (= alle stader) og over alt (= framfor alt, høgare enn alt), det var ein gong ... og ikkje eingong / ikke engang. I følge (med) (= saman med) og ifølgje/ifølge (ifølgje vermeldinga blir det regn). Merk: Ord som innover (el. inn over), utover (el. ut over) skal skrivast saman som adverb, dvs. når dei står aleine. fuglane flaug innover, fjellet hang utover.


6

LNK-AVISA

Nr 5 2013

Nynorskdebatt i Tysvær

Kommunen blir språknøytral Kommunestyret i Tysvær kommune har no gått inn for at kommunen skal bli språknøytral, men det er delte meiningar i saka.

Enklare kvardag Barnehagesjef i kommunen,Anne Lise Myrvoll, er ein av dei som sjølv er bokmålsbrukar, og som no meiner det blir ein enklare kvardag. – Dette betyr at eg no kan skrive planar på bokmål, og dét er betre enn å bruke tid på å skrive nynorsk som ikkje blir særleg bra, seier ho og legg til at ho har hatt behov for mykje hjelp for å få nynorsktekstane på plass. – Har de fått tilbod om kurs i bruk av nynorsk? – Me har ikkje hatt kurs, nei, men eg har absolutt fått den hjelpa eg har hatt behov for. Uansett blir dette enklare, meiner ho.

Judith Sørhus Litlehamar judith@norsk-plan.no

Ordførar Harald A. Stakkestad er ein av dei som er glade for at kommunen vart språknøytral. – 60 prosent av borna i skulen her har bokmål som hovudmål, og sjølv har eg aldri hatt nynorsk. Eg skulle gjerne ha sett at dei tilsette i kommunen fekk skrive den målforma dei sjølve ynskjer, seier han i forkant av den endelege avgjerda i kommunestyret. Heilt korrekt spådde då han då ein jamn omkamp i

Vil ha meir nynorsk Ordførar i Tysvær kommune, Harald A. Stakkestad, skulle helst sett at kommunen vart språknøytral. (Foto: Rogaland Høyre)

DIREKTE UT TIL EI ENGASJERT MÅLGRUPPE! Prøv ei annonse i LNK-avisa og få gratis nettannonse på LNK.no i ein månad!*

kommunestyret. Kommunestyret gjekk med 16 mot 13 røyster gjekk inn for at kommunen skulle bli språknøytral. – Me såg at lokalavisa her fekk ein oppgang då dei la om språket sitt, mykje på grunn av at det var vanskeleg å finne journalistar som ynskte å skrive nynorsk. Eg trur rekrutteringa i den kommunale administrasjonen også kan bli lettare når me blir språknøytrale, seier ordføraren. – Me kan ikkje berre halde på nynorsken for å halde på han, språket må også vere i utvikling, slår ordføraren fast.

Nynorsk image

Avisa blir distribuert til folkevalde og administrativt tilsette i medlemskommunar og fylkeskommunar, og til stortingspolitikarar, skular og bibliotek. Konkurransedyktige prisar og gunstige årsavtaler. Kontakt annonsekonsulent Nina Østebø, E-post: annonse@lnk.no, tlf. 909 96 324. * gjeld ved kjøp av kvart-, halv- eller heilsides annonse

Språkdebatten har også engasjert lokalavisa. – Tysvær Bygdeblad er ei nynorskavis. Me bruker det både som ein del av aviskulturen i kommunen og som eit tydeleg image på ei lokalavis. Men me vil vere slik folket er, og det inneber at nokre av sakene våre kvar veke er på bokmål, og at me prøver å oppdatere oss på den nynorsken som folk flest kan forstå og ikkje bli provosert av. Det er også eit tips til Tysvær kommune, skriv lokalavisa på leiarplass. – Men det er lett å forstå skeptikarane. Nynorsken er i ferd med å forsvinne frå Tysvær. Me ser det i skulen, og me ser det nå altså i det offentlege styringsapparatet. Å frykte at nynorsken er vekke om eit par år er faktisk ein relevant frykt, held ein fram på leiarplass.

– Eg meiner at nynorsk er ein del av kulturarven på eit heilt anna vis enn bokmål. Nynorsk ligg nærare opp til talemålet i regionen vår, og eg ønskjer sjølv å skrive eit moderne nynorsk som er farga av dialekten vår, seier kultursjef i Tysvær kommune, Ingvar Frøyland. – Som nynorskmann og i tillegg kultursjef ønskjer eg jo at nynorsken skal ha framgang også her i Tysvær. Samstundes ser eg også at bokmålet har framgang som del av det me kan kalla ei urbanisering av Tysvær. Det betyr at me som er glade i nynorsk, difor må stå ekstra på for å vise at nynorsk både er vakkert og ei språkform som ikkje er underlegen bokmål sjølv i ei moderne tid, slår kultursjefen fast. Kultursjefen er også sentral i utviklinga av litteraturfestivalen bLEST. – Eit hovudmål med bLEST Litteraturfest er å fremje bøker og lesing breitt både for ulike aldrar og rundt omkring i bygdene i Tysvær. Me inviterer forfattarar som skriv på både nynorsk og bokmål, så denne festivalen er ikkje definert som ein nynorsk bokfestival. – Han går føre seg kvart år første heile veka av november, noko som fell på same tid som Falturiltu nynorsk barne- og ungdomslitteraturfestival på Stord. Dei siste to åra har me hatt felles planleggingsmøte med Falturiltu, og me har som mål å utvikle dette samarbeidet tettare, først og fremst med tanke på å få besøk av nynorskforfattarar som skriv barne- og ungdomsbøker, seier Frøyland.


Nr 5 2013

språkprat:

7

LNK-AVISA

Tom Hetland

Slapp med skrekken Eg skal nok sova godt om nettene dei neste fire åra, stod det i ei pressemelding som leiaren i Norsk Målungdom, Vebjørn Sture, sende ut då regjeringserklæringa var klar 7. oktober. Og sant nok – sett i forhold til det som kunne ha blitt språkpolitikken til dei blå-blå, kom nynorsken greitt ut av det. Valfritt sidemål, som både Høgre og Framstegspartiet hadde på programmet, er erstatta med ei formulering om at regjeringa vil «støtte opp under begge målformene som hovedmål». Dessutan skal det setjast ned eit utval som skal vurdera norskfaget «med sikte på å styrke norskfaget som språkfag, gjøre sidemålsundervisningen mer engasjerende for elevene og forbedre karaktersettingen».

altså ei speglvending av «kunden har alltid rett»prinsippet, som Høgre og Frp elles held høgt.

Solberg, som er vel kjend med stemningane på Vestlandet også utanom Bergen, har sjølv heller aldri vore blant dei som har stått på barrikadane mot sidemålet. Likevel, om Sture reknar med å sova godt om nettene også under Solberg-regjeringa, bør han stå tidleg opp om morgonen og jobba hardt dei neste fire åra. For det er eit faktum at nynorsken aldri har vore så utsett som ved dette valet. Det språkpolitiske byggverket, med grunnmur heilt tilbake frå 1880-åra, som har sikra jamstelling av dei to skriftmåla våre, kan ikkje lenger takast for gitt. Dei partia som vil endra det, har fått ei historisk høg oppslutnad ved val: 43 prosent til saman. Ennå er det eit stykke til dei blå-blå får reint fleirtal. Men målfolket bør ikkje kjenna seg altfor trygge på alle dei andre partia heller. Venstre, som historisk sett har vore nynorsken sin sterkaste støttespelar, er framleis forplikta på denne arven. Samstundes er Venstre i ferd med å bli Noregs mest typiske storbyparti, med over 25 prosent av stemmene frå Oslo, Asker og Bærum aleine. Held denne utviklinga fram, er det naivt å tru at det ikkje også vil kunna bana veg for andre språkpolitiske haldningar i partiet. Og frå den raud-grøne perioden veit me at også i Arbeidarpartiet og SV er det krefter som ikkje synest nynorsk og språkleg jamstelling er så viktig.

Det mest problematiske punktet for nynorsken er at regjeringa vil endra mållova. Dagens rett til å få svar frå staten på si eiga målform skal erstattast med ein rett for tilsette i staten og i språknøytrale kommunar til å skriva på si eiga målform – altså ei speglvending av «kunden har alltid rett»-prinsippet, som Høgre og Frp elles held høgt. Men Vebjørn Sture har sannsynlegvis rett i at dette framlegget ikkje vil bli vedteke i Stortinget. Dermed blir det status quo på dette området òg. Målfolket slapp altså med skrekken. Truleg kan dei takka Kristeleg Folkeparti og Venstre for at dei blå-blå har droppa det valfrie sidemålet, kanskje også ein del Høgre- og Frp-folk som har klart å overtyda partileiarane om at dette ikkje var noka god sak. Erna

Rosenkrantz´gate 8 N- 0159 Oslo + 47 23 21 41 00 bookingoffice@bondeheimen.com www.bondeheimen.no

Målfolket bør derfor vera realistiske nok til å sjå at det blir ein tøffare kamp å forsvara dei språkpolitiske skansane i åra som kjem. Om dei klarer det enn så lenge, vil det over tid vera fåfengt å støtta seg på lovar og reglar dersom det ikkje er ei brei rørsle av aktive språkbrukarar som byggjer opp under jamstellingskravet. Nynorsken må vera eit levande språk, ikkje ein verneverdig museumsgjenstand. På mange område har dei siste åra vore gode for nynorsk språk og kultur. Men utviklinga på skulemålsfronten er illevarslande, med ein nedgang frå 15 prosent til 12,6 prosent det siste tiåret.

Foto: Stavanger Aftenblad

I høve Språkåret 2013 skriv aktuelle skribentar om språkutfordringar og -erfaringar. I denne avisa: Tom Hetland, kommentator og tidlegare sjefredaktør i Stavanger Aftenblad

Så det er nok å ta fatt i. Og kanskje kan ein henta inspirasjon frå ei line i regjeringserklæringa: «Den beste strategi for et sterkt og levende norsk språk er den daglige, frivillige bruken av språket.»

- Eit naturleg val for overnatting og møte i hovudstaden - Med LNK kortet får du alltid beste pris hos oss


8

tema: Mållova

LNK-AVISA

Nr 5 2013

Reagerer på framlegg

Samde: Leiar i Norsk Målungdom, Vebjørn Sture (t.v), styreleiar i LNK, Solfrid Borge og direktør i Nynorsk Kultursentrum, Ottar Grepstad, meiner det er positivt at regjeringa vil greie ut om sidemålsopplæringa kan gjerast

- for deg som meiner noko

Fleire nynorskorganisasjonar er delte i synet på regjeringsplattforma som nyleg vart lagt fram.

Judith Sørhus Litlehamar judith@norsk-plan.no

Eit stimulerande nettmagasin for elevar på ungdomstrinnet og i den vidaregåande skolen – på nynorsk!

www.magasinett.no Nett det du treng på nettet?

NO OG MED EIGA HANDBOK FOR LÆRAREN!

— Det heiter at regjeringa vil støtta opp under begge målformene som hovudmål. Dei to regjeringspartia vil likevel uthola mållova ved å erstatta retten folk har i dag til å få svar på eiga målform, med at tilsette i staten og språknøytrale kommunar skal ha rett til å bruka si eiga målform, uttalte leiar i Norsk Målungdom, Vebjørn Sture til NPK . Til liks med mange andre tviler han likevel på at den nye regjeringa vil få gjennomslag for lovendringa. Sture legg vekt på at Høgre og Frp er dei einaste partia som har gått til val på å svekkje den språklege likestillinga i statstenesta, og at stortingsfleirtalet som trengs for å få det gjennom, difor ikkje finst.

Ikkje overraskande – Alt i alt er det vel ikkje så mykje overraskande i regjeringserklæringa FrP og H la fram, men eg har med interesse merka meg at det kontroversielle punktet om valfritt sidemål er borte, seier styreleiar i LNK, Solfrid Borge. Borge meiner det også er positivt at regjeringa vil greie ut om sidemålsopplæringa kan gjerast betre.

– Det er skuffande at det håplause framlegget om å endre eller fjerne mållova, ligg fast, sjølv om det neppe er fleirtal i Stortinget for ei slik endring.  Styreleiar i LNK, Solfrid Borge.


Nr 5 2013

9

LNK-AVISA

g om å endre mållova

betre. Likevel er dei også samde at ei eventuell utholing av mållova vil vere dramatisk. 

– Det er skuffande at det håplause framlegget om å endre eller fjerne mållova, ligg fast, sjølv om det neppe er fleirtal i Stortinget for ei slik endring. På alle andre område slåss regjeringspartia for at «folk flest» skal ha valfridom, men når det gjeld språk i Staten – les Oslo – er det altså byråkratane som skal kunne velje, ikkje folk flest, seier Borge. Ho reagerer dessutan på at regjeringa i erklæringa uttrykkjer vilje til å satse på norsk litteratur, men i neste setning seier dei vil reversere boklova. – For meg høyrest det ut som ei sjølvmotseiing, avsluttar Borge.

Å skru klokka attende – På nokre kritiske punkt er regjeringserklæringa meir nynorskvenleg enn venta, men dei vil oppløyse lov om målbruk i offentleg teneste. Eit så umoderne tiltak skrur klokka 150 år tilbake i språkpolitikken, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum. – Derimot er det positivt at regjeringspartia vil føre vidare opplæringa i nynorsk for bokmålsbrukarar, sjølv om begge partia seier det motsette i valprogramma sine. I re g j e r i n g s e r k l æ r i n g a g å r H ø g re o g Fremskrittspartiet inn for å greie ut tiltak som kan forbetre opplæringa i nynorsk for bokmålsbrukarar. – Begge partia har programfesta det dei kallar valfritt sidemål, men med denne erklæringa er den saka lagd død i nye fire år, seier Grepstad i ei pressemelding. – Dei veit kva Kristeleg Folkeparti og Venstre meiner, men her har nok også solide miljø i partia gjort godt arbeid.

Gamle idear Direktøren i Nynorsk kultursentrum er positiv til at regjeringa vil lage ei utgreiing om opplæringa i nynorsk.

– Ein sakleg og konstruktiv debatt om dette er vi gjerne med på så sant grunnleggjande krav om språklege rettar og språkpolitiske prinsipp for jamstilling står fast. Regjeringspartia vil endre lov om målbruk i offentleg teneste slik at alle tilsette i staten sjølve avgjer om dei vil skrive nynorsk eller bokmål. Fremjar regjeringa ei slik lovendring, reknar Grepstad med at eit breitt stortingsfleirtal vil avvise framlegget. – Det er eit sunt og demokratisk prinsipp at folkevalde organ avgjer kva offentleg tilsette skal gjere. Offentleg tilsette arbeider på vegner av oss alle og skal ikkje vere privatpraktiserande byråkratar, seier Grepstad. – Grunnregelen i mållova innførte Danmark alt i 1850-åra i grenseområdet mot Tyskland og har vore norsk politikk i nesten 100 år. Regjeringspartia gjekk til val på nye idear, men hentar her fram ein forelda idé frå tidleg 1800-tal, seier Ottar Grepstad.

Betre nynorskopplæring for innvandrarar

Regjeringspartia har forplikta seg til å styrkje både nynorsk og bokmål. Det meiner direktøren i Nynorsk kultursentrum må vise att også i innvandringspolitikken. – Innvandrarar og flyktningar som buset seg i nynorskprega område, får eit dårlegare integreringstilbod enn dei som kjem til bokmålsområde. Når regjeringa er så oppteken av integrering, må dei sanneleg også sikre eit godt opplæringstilbod i nynorsk for dei mange nye innbyggjarane i landet, seier Grepstad. Dette var eit av 21 punkt i den hundreårserklæringa om nynorskpolitikk som Nynorsk kultursentrum og Noregs Mållag la fram på 200-årsdagen for Ivar Aasen i august.

Språk i endring – Språkpolitikken må sjå lenger enn til språket

(Foto: Norsk Målungdom, LNK og Nynorsk Kultursentrum)

– På nokre kritiske punkt er regjeringserklæringa meir nynorskvenleg enn venta, men dei vil oppløyse lov om målbruk i offentleg teneste. Eit så umoderne tiltak skrur klokka 150 år tilbake i språkpolitikken. Direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum.

Rammevilkåra for bruk av nynorsk kan det neste tiåret bli meir påverka av folkeflytting og sentralisering enn av språk- og utdanningspolitiske tiltak, meiner Grepstad. – Der bruken av nynorsk står sterkt, er det få som vel bort dette språket. Når folkeveksten stort sett kjem i område med lite bruk av nynorsk, blir det også relativt færre nynorskbrukarar i skulen. Nynorsk er faktisk blant dei hundre mest robuste språka i verda, og det ser ut til at jamt fleire i nærings- og arbeidsliv bruker nynorsk, seier Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum.

— Det heiter at regjeringa vil støtta opp under begge målformene som hovudmål. Dei to regjeringspartia vil likevel uthola mållova ved å erstatta retten folk har i dag til å få svar på eiga målform, med at tilsette i staten og språknøytrale kommunar skal ha rett til å bruka si eiga målform. 

Leiar i Norsk Målungdom, Vebjørn Sture


10

LNK-AVISA

Nr 5 2013

Gode råd til sidemålsundervisninga Sundvollenerklæringa fortel at den nye regjeringa vil ha ei meir engasjerande sidemålsundervisning. Ingen kan vere usamde i dette, så her blir det full støtte både frå målfolket og alle landets norsklærarar, skriv Torgeir Dimmen. Judith Sørhus Litlehamar judith@norsk-plan.no

Dimmen er leiar for Nynorsksenteret og ser fram til eit godt samarbeid med den nye leiinga i Kunnskapsdepartementet for å nå dette målet. Den nye læreplanen for norskfaget er eit godt grunnlag for betre sidemålsundervisning. I formålsteksten til faget står mellom anna dette: «Det språklege mangfaldet [i Norge] er ein ressurs for barns og unges språkkompetanse. Med utgangspunkt i denne språksituasjonen skal barn og unge få eit bevisst forhold til språkleg mangfald og lære å lese og skrive både bokmål og nynorsk», skriv Dimmen i ein kommentar i Bergens Tidende. Dimmen legg vekt på at skriftspråket nynorsk korkje er eksotisk eller uvanleg. Det har vore ein sjølvsagd del av norsk språkog kulturhistorie i godt over 100 år, og det er i dag bruksspråket til om lag 600 000 nordmenn. – Nynorsk er formelt likestilt med bokmål, det kan brukast over alt i norsk samfunnsliv, og det blir forstått av alle som har ein eller annan variant av norsk som morsmål. Det er ikkje eit framandspråk, og elevane startar på eit nivå langt over null. Med andre ord: At vi har eit mylder av dialektar, to norske skriftspråk, samisk og ein flora av gamle og nye innvandrarspråk er ikkje eit problem. Det er ein ressurs. Denne ressursen er altfor dårleg utnytta i språkundervisninga i dagens skule, skriv Dimmen.

godt grunnlag: Den nye læreplanen for norskfaget er eit godt grunnlag for betre sidemålsundervisning, skriv Torgeir Dimmen ved Nynorsksenteret.  (Foto: Arild Torvund Olsen)

I kronikken lanserer Dimmen tre grep for å få ei meir engasjerande sidemålsundervisning: Tidleg start: Dette er det pedagogiske mantraet i mange fag i

dag. Jo før ein byrjar, dess lettare og betre lærer ein den aktuelle ferdigheita. Mengdetrening: Nynorske tekstar bør brukast i alle fag på alle

klassetrinn, ikkje berre i utvalde norsktimar på ungdomstrinnet. Lærarkompetanse: Gode læreplanar, lærebøker og læringsressursar er viktig, men aller viktigast

er den kompetente og engasjerte læraren.

Nynorskbok hjå MacDonald’s For fyrste gong finn du nynorskbøker på MacDonald´s. Judith Sørhus Litlehamar judith@norsk-plan.no

Kvar haust byter MacDonald’s ut leikene i den populære Happy Meal-menyen sin og erstattar dei med ei valfri bok. For fyrste gong er det råd å velja ei nynorsk bok, Pinne, Grisen og vesle vennen av Lena Anderson. Dette er mållagsleiar Marit Aakre Tennø godt nøgd med.

– Det er eit imponerande medvite val av MacDonald›s, seier leiar i Noregs Mållag, Marit Aakre Tennø. Å lesa og sjå nynorsk er viktig for alle born. Mange born vil møta nynorsk utan fordommar og sjå at språket også høyrer heime mellom hamburgarar og pommes frites. Slik kan eit hamburgarkjøp kanskje vera med på å bryta ned nokre språklege fordommar. Ikkje minst er Pinne, grisen og vesle vennen ei bok som fortener ein mykje større lesekrins enn ho har i dag, seier Tennø. MacDonald’s lèt ikkje berre kvalitet gå føre språk, men har også gått ut og understreka at dette er eit medvite val som speglar språket til kundane deira. – Her er det mange føretak som har mykje å læra, seier Tennø.


Nr 5 2013

11

LNK-AVISA

Nynorsk redaktørpris til Øvrebotten Dagleg leiar for NRK Nynorsk mediesenter, Magni Øvrebptten (59), får Nynorsk redaktørpris 2013. Judith Sørhus Litlehamar judith@norsk-plan.no

Prisen vert tildelt for framifrå innsats for nynorsk som mediespråk. – Øvrebotten er og har vore ei sterk kraft for nynorsk mediespråk i meir enn ein generasjon, seier leiar for Mediemållaget, Berit Rekve.

Sta og framsynt Juryen legg vekt på at Magni Øvrebotten har vore ei sterk kraft for nynorsk mediespråk i meir enn ein generasjon. Dei viser til at ho har vore framsynt gjennom redaktørgjerninga og som leiar for utdanning av journalistar som skal levere på nynorsk på alle plattformer. Ho blir omtala som «ein sta stubbebrytar» for nynorsken. Med opprettinga av Nynorsk mediesenter i 2004, der ho har vore dagleg leiar sidan, har Øvrebotten gått føre i arbeidet for korleis ein kan utvikla nye talent til nynorskbrukande journalistar. Senteret er eit føregangstiltak som har danna modell for NRK FleRE i Oslo, som skal utdanna journalistar med fleirkulturell bakgrunn, og Nynorsk avissenter, skriv juryen. — Eg er ikkje van med å få prisar, så denne prisen kom svært overraskande på meg. Sjølvsagt kjekt å få han, og ekstra stas at så mange av dei eg har vore med

NYNORSKPRIS: Magni Øvrebotten er glad for å få Nynorsk redaktørpris frå Mediemållaget og leiar Berit Rekve. (Foto: Mediemållaget)

på å rekruttere til journalistikken, møtte opp på prisutdelinga. Dotter mi hevdar at eg oppfører meg som om eg var mor deira, og det er det nok noko i, seier prisvinnaren sjølv. — Korleis trur du prisen kan vere med på å stimulere til auka bruk av nynorsk i media?

— No er ikkje eg redaktør lenger, men eg rekrutterer meir folk i året enn dei fleste redaktørar. Eg kan berre love å vere like sta og ivrig for å få fleire nynorskbrukande folk i media. Dyktige føredøme i media er viktig for nynorsk som språk og for den einskilde nynorskbrukar

sin sjølvtillit og vilje til å bruke nynorsk overalt.

Brei erfaring Etter sommarvikariat under Per Håland sitt regime i Gula Tidend i 1971 arbeidde Magni Øvrebotten som journalist i Bergens Arbeiderblad, Firda, Nationen og Dølaposten. Ho tok

utdanning ved Norsk journalisthøgskole 1976–78. Øvrebotten kom til NRK Sogn og Fjordane i 1980, der ho var redaksjonssjef 1985–90 og distriktssjef 1990–2004. I 2004 blei ho tilsett som dagleg leiar ved Nynorsk mediesenter i Førde. Magni Øvrebotten har òg sete i styret for Språkrådet.

Kultur, språk og litteratur for deg som jobbar med barn

PiRion.no – kulturavis for barnehagar og skular

På nettsida vår kan du og lesa om Pirionkurs: Korleis kan vaksne bli medvitne brukarar og formidlarar av språk, kultur og identitet?

Faste spalter:

BOKPRAT | MIN BARNEHAGE | LES FOR MEG | AKTUELT www.pirion.no

facebook/pirion

@avisapirion


portrettet: Sveinung Rotevatn

12

LNK-AVISA

Nr 5 2013

Ideologisk musikant Sveinung Rotevatn har sterk tru på enkeltmennesket sin rett til fridom. Også når det gjeld språk.

Judith Sørhus Litlehamar judith @ norsk - plan . no

D

et er valkamp. Sveinung Rotevatn skriv på bloggen sin at han har køyrt 8000 kilometer med bil, floge fram og tilbake mellom Sogn og Fjordane, Oslo, Trondheim, Bergen og Tromsø, delteke i to TV-

debattar og fleirfaldige radiodebattar, vore deltakar i eit realityshow, vore med i sju skuledebattar, stått timevis i ferjekø og endå fleire timar på stand over heile Sogn og Fjordane. Målet var å få stortingsplass. Det klarte han. Også i dag skal han ut på reisefot. På sitt robuste og markante fjordamål slår den unge politikaren fast på telefon at han har dårleg tid, han skal nemleg fly til Sogn og Fjordane, heim. Men ikkje overraskande finn han


Nr 5 2013

13

LNK-AVISA

Ver medvitne og driv god språkopplæring av tilsette. Det er mykje dårleg språk rundt omkring, og det er sjeldan det skal så mykje til før ein vert meir språkmedviten.

tid til å snakke om hjartesaka, liberalisme, om valet som gav Venstre vippeposisjon på Stortinget, og om nynorsk og korpsmusikk.

mållova. Regjeringspartia vil endre lov om målbruk i offentleg teneste slik at alle tilsette i staten sjølve skal avgjere om dei vil skrive nynorsk eller bokmål. Det reagerer venstrepolitikaren på.

— Nynorsken har alltid vore språket mitt. Bokmål var sidemål og noko du lærte på skulen, seier han bestemt.

— Eg meiner jo at staten er til for borgarane og ikkje omvendt. Men dette må dei få støtte til i Stortinget, noko eg ikkje trur dei klarer.

O

— Kva synest du om språkpolitikken i regjeringsplattforma?

m ikkje språket var det viktigaste argumentet for å velje Venstre som politisk parti, så skader det ikkje at den liberale tankegangen støttar opp om målsaka, meiner Rotevatn. Det var først då han flytta ut for å gjere militærteneste i musikktroppen til Hans Majestet Kongens Garde, at han byrja å tenkje over kva målform han skreiv. — Då møtte eg mange som dreiv med nynorskhets og som syntest nynorsk var vanskeleg. Då forsto eg kor viktig dette var for meg. I studietida valde han Universitetet i Bergen og rettsvitskap. Også her møtte han mange som hadde eit anna forhold til språk og nynorsk enn han hadde. Dermed vakna engasjementet for nynorsk som sidemål og som bruksmål i det offentlege. I 2012 vart han styremedlem i Noregs Mållag. Sidan har språkengasjementet vakse, og rådet til nynorskkommunane er klart og tydeleg: — Ver medvitne og driv god språkopplæring av tilsette. Det er mykje dårleg språk rundt omkring, og det er sjeldan det skal så mykje til før ein vert meir språkmedviten. Valet av parti var ikkje sjølvsagt, sjølv om mor også var kommunestyrerepresentant for venstre i heimkommunen Eid. — Ho la aldri føringar for kva parti eg skulle velje, men eg hugsar ho spurde om eg ville stå på lista då eg var 17 eller 18 år gammal. Det ville eg ikkje. Eg melde meg først inn i Unge Venstre då eg var 20 år, det er ganske seint. Men det er klart at det sikkert har litt å seie kva ein pratar om rundt middagsbordet i heimen.

Foto: Unge Venstre

— Det står jo ganske lite. Det er nokre ord om at sidemålsundervisninga skal bli betre, og det er bra.

S

jølv er han tilsynelatande nøgd med at Venstre no sit i ein vippeposisjon i Stortinget i staden for i regjering, sjølv om regjeringsmakta freista ganske sterkt.

— Det er klart me ynskjer å kome i regjering, men ikkje for einkvar pris. Så langt kom me ikkje i forhandlingane, men me har sikra oss ein samarbeidsavtale som eg meiner er god. For oss var det viktig å få gjennomslag på område som klima, forsking og utdanning. Mange ungdomsparti følgjer etter moderpartiet i politikken. Er Unge Venstre modigare enn andre ungdomsparti? — Eg trur me er sprekare og friare enn mange andre ungdomsparti, ja. Det gjev oss ryggrad og mot til å våge å foreslå større endringar. Sjølv drøymer den nye stortingspolitikaren om meir fritid og ein skikkeleg ferie. Kanskje for å dyrke lidenskapen for korpsmusikk? — Eg har alltid spelt i korps, både i skulekorps, vaksenkorps, studentorkester og i Gardemusikken. Grunnen til at så mange likar korps så godt, meg sjølv inkludert, er nok kombinasjonen av det musikalske og det sosiale. I eit korps jobbar ein saman for å skape musikk. Det er plass til alle, og dei fleste korps har eit svært godt sosialt miljø rundt både øvingar og reiser. Eg har ikkje noko fast korps eg spelar i no, men det kan vere eg bør finne meg eitt i Oslo.

H

an starta den politiske karrieren som økonomiansvarleg i Bergen Unge Venstre i 2007, etterpå har han klatra raskt på karrierestigen. Året etter vart han sentralstyremedlem, og i 2009 gjekk han inn som første nestleiar. I tillegg har han vore aktiv i studentpolitikken for Liberal Liste ved Universitetet i Bergen. Han har vore valkampsekretær og hatt styreplass i fylkeslaget. Lista er lang. I 2011 vart han kommunestyrerepresentant i Eid side om side med mor. Sveinung har tidlegare uttalt at familien Rotevatn då hadde like stor partigruppe som Arbeidarpartiet i kommunen. Frå 2010 og fram til i dag var han også leiar i Unge Venstre. — Kva er hjartesaka? — Klima og miljø, seier han kontant. — Å ta vare på ressursane våre, slik at me kan overføre kloden i god stand til neste generasjon. Han kan snakke seg varm om liberalisme som ideologi, om retten til fridom og til å ta eigne val. Som leiar i Unge Venstre vekte han oppsikt med meiningar som at ein burde avkriminalisere all narkotika, lovleggjere kjøp av sex, avskaffe monarkiet og opne opp for fri innvandring. Sveinung Rotevatn har stor tru på enkeltindividet, sjølv om all fridomen også kan føre til at mange vel feil. Det er vidare trua på enkeltmennesket som er mykje av grunnen til at han ikkje likar regjeringa sitt framlegg om å uthole

S j ø lv m e l d i n g

Namn: Sveinung Rotevatn Alder: 26 Sivilstatus: Ugift Les: For tida går det mykje i statsbudsjettet. Elles les eg mykje aviser og faglitteratur, og skjønnlitteratur i feriane. Høyrer på: Spotify og NRK Alltid Nyheter. Inspirert av: Unge Venstre-medlemmar som har vore medlemmar i nokre få veker og likevel går på talarstolen og snakkar om si hjartesak som om dei aldri har gjort anna. Førebilete: Johan Ludwig Mowinckel


14

LNK-AVISA

Nr 5 2013

Nynorsk kultursentrum tek over Ulvik poesifestival Nynorsk kultursentrum tek over Ulvik poesifestival frå 1. januar 2014. Judith Sørhus Litlehamar Judith@norsk-plan.no

– Ulvik herad er svært nøgd med avtalen. Vi har stor tru på at Nynorsk kultursentrum og Hauge-senteret har den kunnskapen og erfaringa som skal til for å vidareutvikle Ulvik poesifestival, seier ordførar Hans Petter Thorbjørnsen i Ulvik.

Styrker Hauge-senteret Ein avtale mellom Ulvik herad og Nynorsk kultursentrum er no samrøystes vedteken i både heradsstyret og i styret til Nynorsk kultursentrum. Festivalen har vore arrangert annakvart år sidan 2000, og neste festival er lagd til 4.–7. september 2014. – Samrøystes vedtak i både formannskap og kommunestyre er ei tillitserklæring, og vi har stor respekt for det festivalarbeidet som er utført, og den oppgåva vi no tek på oss, seier styreleiar Reidar Sandal i Nynorsk kultursentrum. – Vi ønskjer å gje publikum endå meir festival for litt mindre pengar, og vi trur festivalen også

Overtar poesifestival: Reidar Sandal, styreleiar i Nynorsk kultursentrum vil gje publikum endå meir festival for litt mindre pengar, og meiner Ulvik-festivalen vil styrkje Hauge-senteret. (Foto: Nynorsk kultursentrum)

vil styrkje Hauge-senteret, seier Sandal. Avtalen inneber at Ulvik poesifestival blir ei budsjettavdeling i Hauge-senteret slik Dei nynorske festspela er i Ivar Aasen-tunet. Nynorsk kultursentrum svarar fullt ut for alle sider ved Ulvik poesifestival. I fireårsperioden 2014–17 skal det opprettast eit programråd, og det skal vere

årlege kontaktmøte mellom avtalepartane om festivalen. Ulvik herad har forplikta seg til å løyve 500 000 kr i året til festivalen og yter som før teknisk assistanse ved gjennomføringa.

Spleiselag I tillegg til store eigeninntekter legg Nynorsk kultursentrum vekt

på at både staten og Hordaland f y l ke s ko m m u n e s a t s a r p å festivalen. Ulvik poesifestival blei første gongen arrangert i 2000 og har vore drive som eit kommunal føretak sidan 2003. Festivalsjef har heile tida vore kultursjef Espen Eide i Ulvik herad. I 2012 omsette festivalen for 1,8 millionar kroner.

Grepstad med ny språkbok Ottar Grepstad lanserer no ei ny språkbok som tek føre seg språksituasjonen i verda. Judith Sørhus Litlehamar judith@norsk-plan.no

I Språksansen. Kalender om alle verdas språk gjer han historiske og geografiske dykk, rissar opp dei viktigaste språkfaktuma og siterer forfattarar og språkforskarar. 270 språk er nemnde i kalenderboka, det same er 366 forfattarar, ein for kvar dag i året. – Dette er ei bok med brei kunnskap og glede for språk i sjølvaste språkåret. Kvar dag har ei forteljing frå språkhistoria verda rundt, opplysningar om ein forfattar som blei fødd eller døydde, og eit ord for dagen om språk. Det heile er lagt til rette med overblikk og språkglede,

Ny språkbok: Ottar Grepstad er i desse dagar ute med boka Språksansen. Kalender om alle verdas språk.  (Foto: Nynorsk kultursentrum)

sans for detaljar og glimt i auga, skriv Samlaget om boka. Forteljingane femner 5000 år og nærmare 300 språk. Boka er søstera til biografien om Ivar Aasen som Grepstad lanserte i august, og dei to bøkene vart skrivne parallelt.

Ottar Grepstad (f. 1953) er direktør i Nynorsk kultursentrum, forfattar og hovudredaktør i Allkunne. Han har gjeve ut over 25 bøker om språk og litteratur, historie og samfunn, kultur og politikk.

Det var Ulvik herad som i vår tok initiativ til forhandlingar. – Vi tenkte veldig likt, og vi hadde begge høge ambisjonar. Difor kunne vi få til ein avtale som begge partar er nøgde med, seier styreleiar Reidar Sandal i Nynorsk kultursentrum.


Nr 5 2013

15

LNK-AVISA

Litteraturdagar i Aurland

Frå skrivekonkurranse til foredla tyleskap Mariell Øyre og Jostein Avdem Fretland fekk testa ut debutromanen sin på ein godt røynd forfattarkollega fredag. Tekst og foto: Kjell Eldegard, Sogn Avis – Me var sjølvsagt litt spente på kva Olaug Nilssen ville seia om boka me sleppte no i haust. Men det heile gjekk veldig bra. Olaug hadde sett seg godt inn i det me har skrive, og den timelange samtalen me hadde på Fretheim hotell fredag kveld gjekk soleis veldig bra, seier Jostein Avdem Fretland.

Ambisiøse Sambuarparet frå Årdal og Lærdal er for tida busette i London. Tidlegare i år gav dei ut debutromanen sin, «& me skal bli omskapte», og det var for å samtala om boka dei denne helga dei var på plass hjå Nynorske Litteraturdagar. Olaug Nilssen, forfattaren frå Solheimsdalen i Førde og no busett i Bergen, er full av godord om dei nye kollegaene sine. – Dei er begge ambisiøse og har sett seg høge mål. Noko også debutromanen deira ber tydelege preg av, seier Olaug Nilssen. – Dei går sine eigne vegar, og slår seg ikkje til tols med det som er halvgodt. Det inntrykket sit eg att med både frå å ha lese boka deira og frå samtalane eg har hatt med dei, seier Nilssen.

Bokbad: Mariell Øyre og Jostein Avdem prata med forfattarkollega Olaug Nilssen om debutromanen dei sleppte tidlegare i år, & me skal bli omskapte   Foto: Kjell Eldegard, Sogn Avis

Unge spirer Før bokbadet med dei to debutantane, vart seks unge forfattarspirer frå fylket gjort stas på. Det var vinnarane i skrivekonkurransen Fram i lyset, i samband med 250-årsjubileet til Sogn og Fjordane fylkeskommune, som fekk si påskjøning. Konkurransen vart arrangert av fylkeskommunen i samarbeid med dei tre litteraturfestane i fylket; Jakob Sandeselskapet, Gloppen litteraturfest og Nynorske Litteraturdagar. Juryleiar Ove Eide, pensjonert norsklærar frå Firda vidaregåande

skule, sa at 32 unge forfattarspirer hadde sendt inn eitt eller fleire arbeid til juryen. 28 av deltakarane var jenter og berre fire gutar. Noko som fekk Eide til å koma med eit hjartesukk i høve sine eigne kollegaer. – Det blir ei stor oppgåve for norsklærarane å få fleire gutar til å byrja skriva, sa han. Av dei seks vinnarane var ein frå Sogn. Dette var Maja Styve Loftesnes frå Sogndal. Ho fekk ein delt tredjepremie i klassa for lyrikk med diktet «Atacama». Ein av vinnarane, Astrid Underlid frå Naustdal, tok med

seg to premiar. Ho fekk førstepremie i lyrikk med diktet Fire spor og tredjepremie i novelleklassa med novella Varm vreide.

Bokslepp Litteraturdagane er til både for dei unge og dei med nokre år på nakken. Ein frå sistnemnde kategori er Jens Brekke. Humoristen, forfattaren, læraren og kulturarbeidaren frå Vik hadde klar resultatet av ei finsikting av dei til no 17 utgåvene han har skrive med tittelen Illustrert tyleskap. Med dei 17 bøkene som sats, vart

namnet på den nye boka, ikkje heilt uventa, Destillert tyleskap. Den nye boka, til liks med fleire av dei 17 tidlegare tyleskapsbøkene til Brekke, er illustrert av visesongaren og illustratøren Ola Bremnes frå Svolvær i Lofoten. No busett i Kvæfjord ved Harstad. Bremnes bidrog både med visesong og forteljingar etter Petter Dass under boklanseringa. Jens Brekke sjølv var på plass, men grunna sjukdom i det siste var han ikkje på scena. I hans stad stilte sambygdingen Ragnar Hove med historier frå folkelivet i Vik og nabokommunane.

Seks premierte Seks ungdomar vart premierte i skrivekonkurransen Fram i lyset. Tre i klassa novelle og fire i lyrikklassa. At tre pluss fire vart seks i dette tilfellet, skuldast at ein av ungdomane vart premiert både i lyrikk- og novelleklassa. Tredjepremien var 1.000 kroner, andrepremien 2.000 kroner og førstepremie 3.000 kroner.Alle vinnarane fekk også med seg eit diplom. Vinnarar: Fire av prisvinnarane i skrivekonkurransen for ungdom som vart arrangert i samband med 250-årsjubileet til Sogn og Fjordane fylkeskommune. F.v. Mariell Styve Loftesne, Sogndal, Elise Solvåg, Selje, Linda marie Kirketeig, Fjaler og Astrid Underlid, Naustdal. Sistnemnde vann tredjeprisen i novelleklassa og førstprisen i lyrikklassa.

Dei premierte i lyrikk: Førstepremien gjekk til Astrid Underlid, Naustdal, andrepremien til Daniel Schwartz, Flora medan tredjepremien vart delt mellom Maja Styve Loftesnes, Sogndal og Randi Eilertsen, Førde. I novelleklassa tok Linda Marie Kirketeig frå Fjaler førstepremien, andrepremien gjekk til Elise Solvåg, Selje, medan Astrid Underlid, Naustdal sikra seg tredjepremien.

Tekst og foto: Kjell Eldegard, Sogn Avis


16

LNK-AVISA

Nr 5 2013

97

kommunar deltek i det nasjonale dugnadslaget for kulturarven

Vågå kommune er stolt medstiftar av Norsk Kulturarv og er i dag vertskommune for organisasjonens administrasjon. Ein levende kulturarv er viktig for utviklinga i Vågå, og omdømme og identitet må byggjast med utgangspunkt i dei stadeigne kvalitetane kommunen har. Vågå er ein kommune med svært mange verneverdige bygningar i tillegg til at vi har fleire verna kulturlandskapsområder. Dette gjev oss eit særskilt ansvar for å ivareta denne viktige kulturarven. Vi ønskjer å fortsette det gode samarbeidet med å løfte fram kulturarvens betyding i lokal verdiiskaping. Iselin Jonassen Ordførar Vågå kommune

Sjekk om din kommune er med på våre nettsider Vågå kommune er med i både LNK og Norsk Kulturarv.

Stiftelsen Norsk Kulturarv • post@kulturarv.no • tlf 469 75 100 • kulturarv.no


Nr 5 2013

17

LNK-AVISA

Støtte til Olav H. Haugesenteret

Steinar Nesse

rådmann i Fjell kommune

På ko m m u n e v i s

Nynorsk er ein ressurs I Noreg har vi ei stor mengde av dialektar, to norske skriftsspråk, samisk og mange innvandrarspråk. Er dette eit problem for det norske samfunnet? Sjølv er eg ein nordnesgut frå Bergen. Det er eg stolt over, men eg er heldig, svært heldig. Eg får vera rådmann til ein overmåte spennande nabokommune til Bergen. I Fjell kommune er vi også stolte. Vi er stolte over vår kultur, identitet og språk. Som nynorskkommune merkar vi godt at vi er nabo til Bergen. Vi opplever eit språkleg press både frå engelsk og bokmål. Dette ser eg ikkje på som eit problem, men det er ei utfordring eg gjerne vil ta. Fjell kommune er ein av 30 nynorskkommunar i Hordaland. I vår vedtok vi ein revisjon av målbruksplanen der det vert slått fast at nynorsk er administrasjonsmål i kommuneadministrasjonen, på tenestestadene og i kommunale selskap i Fjell. Den reviderte planen er oppdatert og tilpassa vår nye elektroniske kvardag. I etterkant av vedtaket brukar vi mykje tid og krefter på å få planen «under huda» til våre 1 500 dyktige medarbeidarar.

Basisutstilling: Olav H. Hauge-senteret i Ulvik har fått midlar over statsbudsjettet i tilleg til at regjeringa går inn for å løyve ytterlegare midlar til den nye basisutstillinga ved senteret.

Nynorsk kultursentrum får 17,4 millionar kroner i driftsmidlar i framlegget til statsbudsjett for 2014. I tillegg går regjeringa inn for å løyve 1,5 millionar kroner til den nye basisutstillinga ved Olav H. Haugesenteret i Ulvik. Judith Sørhus Litlehamar judith@norsk-plan.no

Prosjektmidlar til Vinjefondet og driftsmidlar til Allkunne er inkludert i løyvinga, som dermed aukar med 3,5 prosent frå 2013. – Statsbudsjettet syner at regjeringa har tillit til det arbeidet Nynorsk kultursentrum gjer, og gjev oss handlingsrom. Det set vi pris på, seier styreleiar Reidar Sandal. – Vi legg vekt på å gjere det vi seier vi skal gjere, og på å vere ein institusjon som både publikum og styresmakter kan stole på.

vonar vi private samarbeidspartar, Hordaland fylkeskommune og Ulvik herad følgjer opp, seier Sandal.

Trygg drift

Handlingsrom: Styreleiar i Nynorsk kultursentrum, Reidar Sandal, er glad for støtta og tilliten statsbudsjettet signaliserer ved auka løyving.  (Foto: Stortinget.no)

basisutstilling

I statsbudsjettet føreslår regjeringa Stoltenberg å løyve 1,5 millionar kroner til den nye basisutstillinga ved Hauge-senteret. Av eit samla utstillingsbudsjett på 4,5 millionar kroner har Nynorsk kultursentrum no om lag 3,5 millionar på plass. – Planane våre for Haugesenteret er ambisiøse. Løyvinga til basisutstillinga er viktig, og no

Nynorsk kultursentrum skaffar kvart år fleire millionar i marknadsinntekter. Løyvinga i statsbudsjettet gjev høve til trygg drift vidare, men direktør Ottar Grepstad trur rammevilkåra kan bli noko strammare i 2014 enn i år for både Aasen-tunet og Hauge-senteret. – Frå 2014 har Nynorsk kultursentrum også ansvaret for Ulvik poesifestival. Ulvik herad og vi har dei same høge ambisjonane for denne festivalen, og vi gjer no det vi kan for å følgje opp den avtalen vi har gjort med Ulvik herad, seier Ottar Grepstad. Vinteren 2014 skal Språkåret 2013 avviklast. Den kostnaden blir dekt av dei prosjektmidlane Nynorsk kultursentrum har fått tidlegare. Prosjektrapporten for Språkåret 2013 blir lagd fram i mars 2014.

Som følgje av at Fjell er ein bynær kommune, har to tre deler av grunnskuleelevane bokmål som sitt hovudmål. Dette er naturleg nok ei utfordring for våre mange dyktige lærarar. Difor må det, som på så mange andre felt, tidleg innsats til. Allereie i barnehagen må barna verta kjende med og bruka nynorske tekstar. Det hjelper lite å koma med dette seint i skuleløpet.

Vi opplever eit språkleg press både frå engelsk og bokmål. Dette ser eg ikkje på som eit problem, men det er ei utfordring eg gjerne vil ta.

I haust lanserer vi eit opplegg der 16 av songane til trubaduren Johannes Kleppevik er spelt inn instrumentalt. Dette undervisningsopplegget skal brukast frå dei minste i barnehagen til dei eldste ungdomsskuleelevane. På denne måten håpar vi kystkulturen og songane til Kleppevik, som stort sett er på lokal striledialekt, vert ein slager for store og små. I Fjell er vi i full gang med realiseringa av Sotra Kystby, eit urbant prosjekt godt forankra i vår historie og kultur. Eit stort informasjonsmagasin distribuert til 30 tusen husstandar i Bergen vest og nabokommunane vart skrive på nynorsk. Med god samhandling mellom kommune og næringsliv får vi slike ting til. Vi ser fleire teikn på at næringslivet, i større grad enn før, nyttar nynorsk i marknadsføringa. Nynorsk er det einaste skriftspråket/målforma som byggjer på dei norske dialektane. Vi må ta vare på og bruka den lokale dialekten og dei offisielle stadnamna. Eit obligatorisk sidemål gjev gode språkkunnskapar og gjev vår oppveksande generasjon ei språkleg plattform dei vil få bruk for seinare. Eg er redd for at eit valfritt sidemål vil få negative konsekvensar for nynorsken si stilling i det norske samfunnet. Det gjeld ikkje minst i bynære område som Fjell. Vi i primærkommunen skal gjera alt for å retta oss etter opplæringslova og mållova. Men også staten må hugsa på at dei har eit stort ansvar for språkutviklinga i Noreg. For tre år sidan gjennomførte vi ei kartlegging av statlege skriv til Fjell kommune. Alle statlege organ, statlege og regionale, skal senda alle skriv til Fjell kommune på nynorsk. Kartlegginga viste at berre 19 prosent av skriva var på nynorsk. Ingen av skriva frå departementa var skrivne på nynorsk Både stat og kommune må sjå på språket, ikkje minst nynorsk, som ein stor ressurs. Det er ein nær samanheng mellom språk, identitet og kultur. Her er det snakk om ressursar med stor sprengkraft.


kommune: Stryn

18

LNK-AVISA

Nr 5 2013

Det politiske arbeidet i Stryn kommune er leia av ordførar Sven Flo. Varaordførar: Kolbjørn Roset. Kommunestyret har 25 medlemmar, som fordeler seg slik: Ap 4, V 2, KrF 2, Sp 7, H 8, FrP 2. Området som i dag utgjer Stryn kommune, ligg rundt inste delen av Nordfjord og er samansett av det som fram til kommunesamanslåinga i 1964 var Stryn kommune og Innvik kommune. Kommunen grensar til Møre og Romsdal fylke, Oppland fylke og kommunane Hornindal, Eid, Gloppen, Jølster og Luster i Sogn og Fjordane. Stryn er kommunesenteret i den vidstrakte kommunen. Kommunen har ekspressbussamband med Oslo, Bergen, Trondheim og Ålesund fleire gongar for dagen. Næraste flyplass er Sandane lufthamn Anda.

Ålesund OPTIMIST: Strynordførar Sven Flo er optimist på vegner av språkutviklinga i kommunen. 

Ørsta Volda

Stryn Loen Olden

Illustrasjon: Gerhard Stoltz

Ordføraren om:

Språkleg sterk kommune Nynorsken står sterkt i Stryn kommune, meiner ordførar Sven Flo (H).

Språk: Eg er opphavleg bokmålsmann sjølv, men er flaska opp med nynorsk frå ei mor som kom frå Stryn. Sosiale medium: Her har me mykje å gå på i kommunen, det ville ha vore feil å seie at me er best i klassen her. Me har ei Facebook-side, men eg er faktisk usikker på kor mykje aktivitet det er der. Det må me gjere noko med. Kommunesamanslåing: Me nektar å diskutere kommunesamanslåing dersom ein skal bruke tvang til å gjennomføre det. Får me bestemme sjølv, har me derimot fleire kreative tankar om kommunar i nærleiken av oss sjølve som det kan vere interessant å gå saman med. Uansett bør me først og fremst fjerne fylkeskommunen.

(Foto: Harald Vartdal)

Judith Sørhus Litlehamar judith@norsk-plan.no

— Eg meiner bestemt at nynorsken står sterkt i kommunen. Språket står solid her, både i næringslivet, skulen og barnehagen, meiner ordføraren. Trass i det ser han også språklege utfordringar. — Det er klart me har ein god del innvandrarar og arbeidsinnvandrarar som får ei utfordring i å prøve å lære nynorsk og ikkje bokmål. Tilflytting sper på bokmålsbruken i kommunen, men det er også ei naturleg utvikling, slår ordføraren fast. — Ein kommune er avhengig av vekst. Men det er viktig at me er opptekne av bruken av nynorsk i det offentlege. Rådmann Per Kristian Storevik ser at tilsette i kommunen som tradisjonelt brukar bokmål, ofte slit når dei skal skrive nynorsk. — Mange prøver så godt dei kan, men somme gonger blir det ein nynorsk som ein ikkje kan vise fram til andre, seier rådmannen, som legg til at kommunen forventar at nye tilsette skal handtere nynorsk. — Det er ikkje vår oppgåve å utdanne dei i nynorsk når dei skal ha den kompetansen med seg frå før.

Må bruke sparekniven Kommunen melde seg nyleg ut av LNK, noko både ordføraren og rådmann Storevik forklarer med økonomiske grunnar. Også i Stryn er kommuneøkonomien vanskeleg, og sparekniven er brukt der dei har fått det til. — Det viktigaste for oss no framover blir å gje innbyggarane våre eit godt tenestetilbod. Det er ei krevjande oppgåve, ikkje minst med tanke på mange av dei oppgåvene staten pålegg oss. Eit godt døme på det er samhandlingsreforma som nyleg vart innført, seier ordføraren.

I den samanhengen vart LNK-medlemskapen no sett til side, men ingen veit kva som skjer i framtida. — Du er ikkje nynorskbrukar sjølv? — Nei, som du sikkert høyrer, så kjem eg frå tjukkaste Oslo. Men eg handterer begge målformene og har eit tett og nært forhold til nynorsken. Eg er flaska opp på nynorsk frå mor mi, som også var frå Stryn. Rådmann i Stryn kommune, Per Kristian Storevik, trur språklege endringar hjå innbyggarane speglar den digitale utviklinga. — Me er i stadig endring, med ei sterk utvikling på digitale flater. Språket me brukar i sosiale medium, er i endring og kanskje ein trussel mot både bokmål og nynorsk. Mange distanserer seg frå normert språk når dei skriv på nettet, ein utviklar eit eige nett- og sms-språk som ein truleg berre har sett byrjinga av.

På friarferd? Rådmann Storevik trur ikkje at språket er ei av hovudårsakene til at kommunen ofte har utfordringar med å rekruttere naudsynt arbeidskraft. — Eg trur det har meir å gjere med at me konkurrerer med næringslivet når det gjeld lønn og spanande arbeidsoppgåver. Kommunen har på det området diverre ikkje så mykje å stille opp med som det private næringslivet har. I desse endringstider er det også naturleg å snakke om ei mogleg kommunesamanslåing. — Me vil absolutt vere med på å diskutere ei mogleg kommunesamanslåing, men ikkje dersom diskusjonen er basert på tvang. Dette skal kome nedanfrå og vere ein inkluderande prosess, seier høgreordføraren Sven Flo. Det hindrar ikkje kommunen og ordføraren i å tenkje på moglege kommunar dei kan inngå giftemål med. Me har ingen konkrete planar, men det er klart det er mange spanande kommunar rundt oss, seier ordføraren, som først og fremst vil ta livet av fylkeskommunen som institusjon. — Eg meiner bestemt at fylkeskommunen har utspelt si rolle, han er berre eit ledd mellom staten og kommunen, eit ledd som ikkje lenger fungerer.


Nr 5 2013

19

LNK-AVISA

Skapar bulyst: Gjengen bak bulystprosjektet, f.v. Jørn Sønsterudbråten (Fagre Stryn Aktivitetsselskap), Siv Berstad (konsulent), Gro Flølo (Farmhouse), Wenche Flølo (Farmhouse og prosjektleiar), Knut Henning Hjellbakk (Stryn Næringshage) (Foto: Farmhouse)

Vil styrke bulysta I Stryn brukar dei design og kreative løysingar til å styrke bulysta. Judith Sørhus Litlehamar judith@norsk-plan.no

Bakgrunnen for bulystprosjektet som no vert avslutta, var at ein ynskte å bruke design som ressurs i større delar av næringslivet, fortel prosjektleiar Wenche Flølo, som i tillegg er dagleg leiar i designbyrået Farmhouse, som har sitt utspring i miljøet rundt Moods of Norway. — Me har eit spanande mangfald i design i næringslivet vår, med bedrifter som Moods of Norway og Skogstad. Det er ein positiv trend i næringslivet, men attraktiviteten som bustadområde kan bli betre. Difor starta designprosjektet, seier Flølo. Prosjektet fekk midlar frå kommunaldepartementet, fylkeskommunen og Stryn kommune. Dermed starta forprosjektet, der ein kartla kva effekt ein ynskte

prosjektet skulle gi. Målet vart å skape meir aktivitet rundt design i næringslivet, samstundes som ein fekk meir liv i sentrum.

Fekk liv i sentrum Wenche Flølo fortel om det gamle kommunehuset i Stryn, som sto tomt og utan liv. Dette huset vart no pussa opp, og i dag husar det eit nettverk av designbedrifter, kreative miljø, reiselivsaktørar og ingeniørbedrifter. Huset er blitt eit eige designakademi som ligg midt i sentrum, og står difor sentralt i sentrumsutviklinga. Det er viktig for prosjektleiinga at den kreative utviklinga er synleg der folk ferdast. — Ikkje minst har me fått utvikla ei ny form på turistinformasjonen. Det er kjekt å vise att der til dømes turistbussane har fast stoppestad. Det skaper endå meir liv. — Me har fått etablert eit nettverk av kreative bedrifter i kommunen, som saman gjer kvarandre gode. Mange av bedriftene var medvitne om kor viktig design var, men mange av

dei har òg fått forsterka denne kunnskapen gjennom prosjektet. Me er gode på samarbeid her i Stryn. Det er låg terskel for å ta kontakt med kvarandre, og det er bra, slår Flølo fast.

Kreativ avleggjar Sjølv er ho ein del av eit attraktivt arbeidsmiljø i designbyrået Farmhouse. Bedrifta starta opp i 2006 som ein avleggjar av Moods of Norway. Dei vart nedringde av grûnderar som lurte på korleis dei klarte å bygge opp omdømmet og drive så god marknadsføring. Etter kvart vart det vanskeleg å ta seg av heile pågangen, og dei bestemte seg for å skipe ei bedrift som kunne ta seg av alle spørsmåla. — I dag har Farmhouse to tilsette og arbeider med omdømmebygging for bedrifter over heile landet. Moods of Norway har vore ei sterk inspirasjonskjelde for mange bedrifter. Dei har vist at det går an å satse berre ein er modig nok, og ikkje minst at ein ikkje berre kan tenkje tradisjonelt. Viss

Kreativiitet: Det gamle kommunehuset Heradsheim, som blei belyst i spreke fargar på opningsdagen.  (Foto: Farmhouse))

dei hadde spurt marknaden om det var potensial for rosa dressar då dei starta opp, så trur eg ikkje dei hadde fått positivt svar. Ein må tenkje ut av boksen. I desse dagar blir designprosjektet avslutta. No startar jobben

med å skape eit høgskuletilbod som kan stimulere fleire til å tenkje på design som næringsveg. Prosjektet har blant anna oppretta kontakt med Høgskulen i Volda.


20

LNK-AVISA

Nr 5 2013

Språkleg integrering Tidlegare gav Førde opplæring på begge målformer, men frå 2009 har dei berre hatt nynorsk som undervisningsspråk. Judith Sørhus Litlehamar judith@norsk-plan.no

– Den største gevinsten er kanskje at deltakarane får lære språket som vert brukt i kommunen dei bur i. For integreringa sin del synest eg det er viktig at dei lærer nynorsk, seier lærar Sonja Loen ved Førde Norsksenter, i ei pressemelding frå CyberBook. CyberBook er eit forlag som over lengre tid har arbeidd med å utvikle nettbaserte læringsmiddel, òg for framandspråklege som treng nynorskundervisning.

Kunstig med bokmål

Overgangen til nettbaserte læremiddel kan vere ei utfordring. Loen meiner dette har forandra seg, og at fleire no bruker nettressursane aktivt. – Vi gjer lytteøvingar saman, snakkar om bilete og gjennomgår nytt lærestoff, fortset Loen. Resultata på dei statlege norskprøvene har ikkje blitt

dårlegare, heller betre etter omlegginga. – Gloppen er ein nynorskkommune i eit nynorsk kjernedistrikt. Mange av elevane våre har barn i barnehage og grunnskule, og det blir lettare å følgje dei opp med lekser og andre fritidsaktivitetar når alle lærer nynorsk, seier

Dinamo

| Foto: Aina C. Hole

– Mange lærarar syntest òg det var kunstig å undervise på bokmål. Dei måtte lage normaliserte former. Lærarane blei gjerne dårlege språklege modellar, meiner Loen.

Digital læring: Ali og Essam frå Førde løyser ei oppgåve om bustad. 

ar n u mm o k Til: Alle ndar i KLP som er ku

lane sjonsmid valta pen r fo s s a o for t de å la lt me kan e har valt a d a t r a je r g l fo kk ska framleis Tusen ta unen! Me . Me skal m m m je o k k i m svarleg da so lsette lid og an for dei ti o s også i ti s s o it e d e a r m ve e nøgde framleis mtida. D skal vera me skal ik for fra g o le g r g e y d a tr it l v a at ostn ette ha låge k en de ska og dei tils m k , k n y e d g v a d je l om g på KLP ti selskap s så mykje ja k n te je treng ikk oko. r det er n å n r e d r me e

(Foto: CyberBook)

Anne Kristin Myklebust, lærar ved Gloppen opplæringssenter.

Systematisk arbeid I dei ti åra Gloppen opplæringssenter har brukt NorskPluss, har dei konsekvent gjeve opplæring på nynorsk. – Vi bruker ca. 80 prosent av

klasseromsundervisninga til munnlege aktivitetar med nybegynnarar. Ein typisk skuledag jobbar vi fire timar med klasseromsaktivitetar og to timar på data. Lærarane vekslar på å rettleie deltakarane på datarommet. Gloppen opplæringssenter bruker nettressursen målretta og systematisk. Nokre deltakarar jobbar med same kapittel fire til fem gonger før dei får gå vidare til neste kapittel. Samtidig skjer mykje av språklæringa utanfor klasserommet. – Innvandrarane høyrer nynorsk på butikken og i lokalmiljøet. Lokalavisa og distriktsradioen bruker nynorsk. Mange av deltakarane våre kombinerer klasseromsundervisning med språkpraksis i lokale bedrifter, der dei møter eit talemål som er nynorsk. Då er det naturleg at Gloppen opplæringssenter òg nyttar nynorsk i språkopplæringa av vaksne innvandrarar, avsluttar Myklebust.


Nr 5 2013

Nynorskpris til Glashytta Nynorsk næringslivspris for 2013, som Mållaga på Agder deler ut, gjekk til firmaet Glashytta ved Inger Tone Homme og Tor Birger Egge. Judith Sørhus Litlehamar judith@norsk-plan.no

Prisen er etablert av Mållaga på Agder for å stimulere til bruk av nynorsk i næringslivet. Det er sjette gongen Mållaga på Agder deler ut ein slik pris. Glashytta har laga kvalitetsprodukt av glas i 13 år i hjartet av Setesdal, i Bygland sentrum. Heile tida har dei nytta nynorsk i alt skriftleg materiale. Prisen er på 10 000 kroner pluss diplom med litografi laga av biletkunstnaren Olav Bjørgum.

Kvalitet og nynorsk Inger Tone Homme fekk på vegner av Glashytta overrekt prisen av fylkesleiarane i Aust- og VestAgder Mållag, Astrid Myhre og Hilde Stave. Dei roste firmaet for dei handblåste kvalitetsprodukta og den konsekvente nynorskbruken på alle nivå, ikkje minst i høve marknadsføring. Kvalitet og nynorsk høyrer saman, meiner juryen. – Nynorsk er viktig for meg, difor er eg ganske medviten når det gjeld å nytte nynorsk framfor

bokmål, seier prisvinnaren etter å ha kome seg noko etter overraskinga. Glashytta er eit lite familiefirma der ekteparet gjer alt sjølv, frå formgjeving, glasblåsing og kundehandsaming til marknadsføring, gåveinnpakking og ymse administrativt arbeid. Dei gjev gjerne omvising og framsyning av glasblåsarteknikkar for grupper etter avtale, og dermed har Setesdal eit lite glaseventyr å syne turistar, skuleelevar og andre som er interesserte. Produkta deira held særs høg kvalitet og er ei nydeleg bedriftsgåve å gje arbeidstakarane til jul. Kvart glas er unikt ettersom dei vert laga på den opphavlege måten, dvs. at vinglas, bollar, fat, ljosestakar og vasar vert blåste utan maskinar eller former – berre på augemål, slik det har vore gjort i mange hundreår.

Positiv merkevare – Glashytta er igjen eit godt døme på at bedrifter på Agder gjer klokt i å vurdere om det å marknadsføre seg på nynorsk kan leggje ein positiv dimensjon til merkevara og kan vere med og teikne verksemda på ein tydelegare måte, seier fylkesleiarane. Juryen for Nynorsk næringslivspris på Agder har i år vore leiarane og nestleiarane i Aust- og Vest-Agder Mållag (Astrid Myhre, Hilde Stave, Ålaug Rosseland og Åslaug Haugå) og Sigurd Haugsgjerd,Anne Tone Hageland og Jan Kløvstad.

Bli med i Fagforbundet! Fagforbundet er det LOs største forbund, på veg mot 340 000 medlemmer. Arbeidstakarar i kommunale, fylkeskommunale og private verksemder kan bli medlem i Fagforbundet. I tillegg organiserar vi tilsette i sjukehusa. Di fleire vi er, di større gjennomslag vil vi har for rettferdig løn og god behandling på arbeidsplassen. Fagforbundet jobber i mot konkurranseutsetting og privatisering av offentlege tenester. Vi ynskjer ein sterk offentleg sektor som kan gi innbyggjarane ein trygg kvardag og lik rett til velferdstenestene.

omtanke solidaritet samhold

21

LNK-AVISA

Velkommen som medlem. Send Fagforbundet medlem til 1980

Terje Lyngstad

Teatersjef Sogn og Fjordane Teater

t e at e r

GAMALOST TIL FINANSMINISTEREN Under overskrifta «Kulturfolk må også levere» i Dagbladet 3. august hevda partileiaren i Frp, Siv Jensen, at det finst ordningar i kulturlivet som gjer at ein ikkje treng å prestere og levere og skape noko publikum vil ha, men som likevel gir ei sikker inntekt for å halde på. Alle andre næringar og yrkesutøvarar må faktisk levere, seier Jensen, og no er ho blitt finansminister. Det får meg til å tenkje på gamalost, for gamalost har det til felles med god kunst og provoserande utsegner at første gongen du et han, kan han vere vond å svelgje. Neste gong du prøver, skal du ikkje sjå vekk frå at han smakar betre, og jo fleire gongar du prøver, dess betre er det sannsynleg at smaken blir, men du må prøve lenge og ofte. Kunstnaren Kjartan Slettemark var tung å svelgje då han på 1960-talet stilte ut eit bilete som i dag er kjent under nemninga Vietnam-biletet. Det var hard kost å sjå ei dokke ved eit blodig amerikansk flagg, med teksten Av rapport fra Vietnam: Barn overskylles av brennende napalm. Deres hud brennes til svarte sår og de dør. Slettemark vart skjelt ut frå alle hald. Han var ein av dei som ikkje leverte det folk ville ha, og to av desse folka vart så sinte at dei parterte og mosa biletet, både med øks og stein. Utruleg nok har smaken snudd. Slettemarks motto, Med kunst skal vondt drivast ut, vann ein stor siger då han i 2001 fekk Nordisk Råds ærespris. Om Slettemarks kunst blir stilt ut i dag, kan du vere trygg på at det er mange som kjem for å sjå, ja til og med folk flest er blant publikum. Slettemark er død, så det er nærast naturstridig at han leverer, den dag i Det ser ut som om det dag.

tek tid å levere i kulKunst har sjeldan vekt meir debatt i Sogn og turlivet, kanskje både ein Fjordane enn då Ludvig og to mannsaldrar. Det Eikaas og elevane hans smykka ut sjukehuset i kan ta tid før du får levFørde på 1980-talet. ert i politikken òg, sjølv Biletspråket til Eikaas er ofte nonfigurativt, det Siv Jensen kan få røyne uttrykkjer ikkje noko vi det. kjenner att frå naturen. Det gjorde ikkje biletet på veggen til sjukehuset heller. Eikaas leverte ikkje det folk ville ha, og pressa kokte over av dei som kalla det smøreri og det som verre var. Tidleg på 2000-talet vart fleire av kritikarane spurde av avisa Firda om kva dei synest om biletet i dag, og dei fleste var uventa positive. Det er ikkje så rart, for i mellomtida var Eikaas blitt folkekjær kunstnar utstyrt med St. Olavs orden. I dag lever ikkje Eikaas lenger, så det er nær sagt utruleg at han framleis leverer. Dagen etter at biletkunstnaren Oddvar Torsheim opna si første utstilling i Førde på 70-talet, opplevde kona hans, som var lærar, å bli nekta kaffi på lærarrommet. Torsheim leverte ikkje det folk ville ha. Bileta var pornografiske, vart det sagt. I dag er Torsheim nasjonalikon for Sunnfjord og han vi pyntar oss med når vi fortel kor vi bur, og det er nærast eit under at han i ein alder av snart 75 år leverer nær sagt dagleg.

Det ser ut som om det tek tid å levere i kulturlivet, kanskje både ein og to mannsaldrar. Det kan ta tid før du får levert i politikken òg, sjølv Siv Jensen kan få røyne det. Ifølgje Statistisk sentralbyrå er Frp det partiet som er mest avhengig av offentleg partistøtte. I 2011 kom heile 90,2 % av inntektene til partiet frå det offentlege. Til samanlikning fekk det partiet som låg nærast i offentleg støtte, Senterpartiet, 68,4 %. I Frps handlingsprogram står det at «publikums begeistring vil i stor grad være avgjørende for hvilke kunstformer som vil overleve.» Om eg får lov til å kome med eit godt råd til finansministeren no når mørketida har senka seg over oss, må det vere dette: Vend blikket innover, sjå framover og ta deg ein bit gamalost, gjerne med godt smør, flatbrød og ein akevitt til.


22

LNK-AVISA

Nr 5 2013

SITATET: – «Skal du skriva på nynorsk?» fekk eg spørsmål om. Eg svara klårt ja, og antok at det ikkje ville bli noko problem. Så byrja rettleiaren og prata om at det ikkje var noko krav om nynorsk og at eg berre måtte skriva bokmål. No blei eg sjokka. Ein rettleiar i norsk historie burde jo skjøna kvifor eg ville skriva nynorsk. Har ho ikkje fått med seg kor viktig språk er for oss nordmenn? Tydelegvis ikkje. 

Kristin Frafjord, student, 19 år, frå Nærbø til Jærbladet

Viser fram nynorske bokskattar Samlaget og forlagsredaktør Ragnfrid Trohaug vil gjerne vise fram kva skattar som finst av barneog ungdomsbøker på nynorsk. Judith Sørhus Litlehamar judith@norsk-plan.no

I katalogen viser forlaget fram 200 barnebøker. Målet er å vise fram mangfaldet i nynorsk barne- og ungdomslitteratur og ikkje minst å ta livet av myten om at det ikkje finst gode bøker på nynorsk for denne målgruppa.

MEDIEHUSET

Populære bøker

Nå ut til fleire

– Det finst derimot ein fantastisk grunnstamme med bøker som det er verdt å vise fram til fleire, seier Ragnfrid Trohaug, som er stolt over mangfaldet i nynorske barne- og ungdomsbøker. I utvalet av bøker er det lagt vekt på at bøkene er lett tilgjengelege i dag, og at det er bøker som har blitt populære og mykje leste.

Bøkene er oppdelt i kategoriar som peikebøker, biletbøker og klassikarar. Her får ein presentert bøker som Vrimlebøkene, bøkene om Kompisen og ungdomsbøkene til Ingelin Røssland. – Me håpar at mange oppdagar desse skattane no, ikkje berre dei som jobbar i bibliotek og med formidling, men også foreldre og lærarar, seier ho.

Mangfald: Ragnfrid Trohaug i Samlaget er nøgd med å vise fram eit mangfald av nynorske bokskattar i eigen katalog. (Foto: Samlaget)

sunnhordland.no/jobb Ledige stillingar i ditt nærområde

sunnhordland.no

● Søk i ledige stillingar på sunnhordland.no 17.500* unike brukarar 169.000* sidevisingar * I snitt pr. veke

A! EKSTR

ERING PROFIL SIDA M PÅ FRA d.no rdlan sunnho

● Enkelt og oversiktleg ● Ny kommunevis søkefunksjon ● Klikk deg inn på Ledig stilling

i toppmenyen


Nr 5 2013

23

LNK-AVISA

Agnes Ravatn blir festspeldiktar Agnes Ravatn blir festspeldiktar under Dei nynorske festspela i juni. Sjølv er ho overraska. Judith Sørhus Litlehamar judith@norsk-plan.no

– Då eg fekk beskjeden, blei eg først stum. No når eg har fått summa meg litt, gler eg meg berre enormt til fire strålande junidagar med fest og moro, seier Agnes Ravatn. Ravatn skal vere festspeldiktar når Dei nynorske festspela blir arrangerte for 23. gong i juni neste år. Med si observante, modige og humoristiske form skal Ravatn vere med på å setje preg på Festspela, som i 2014 har temaet makt.

Uredd diktar – Ho er samfunnsengasjert og uredd, har ei ung, men etablert

stemme og er svært aktuell med ulike litterære prosjekt, seier programansvarleg Karine Munch. Agnes Ravatn har nyleg gjeve ut romanen Fugletribunalet og er fast spaltist mellom anna i Dagbladet og Dag og tid. Agnes Ravatn er forfattar og spaltist frå Ølen i Vindafjord. Ho debuterte med romanen Veke 53 i 2007 og har sidan den gong gjeve ut fleire kritikarrosa og prislønte essaysamlingar. Ravatn er kjend for si særeigne, vittige stemme og skarpe blikk for menneskeleg veikskap. I 2007 fekk ho Natt og Dags Bergenspris for Veke 53, og ho blei nominert til Brageprisen i 2011 for Folkelesnad. Same året fekk ho Språkprisen 2011. I 2013 vart ho tildelt Hestenesprisen.

for å ikkje gjere skam på Festspela eller meg sjølv, seier Ravatn. Grunnlovsjubileet neste år har inspirert festspelarrangøren til å velje makt som tema. – Makt gjev oss store rom når vi skal fylle dei ulike programpostane, og vi vil gje publikum både gode festivalopplevingar og eit par kraftfulle debattar, seier dagleg leiar Gaute Øvereng i Ivar Aasen-tunet. Dei nynorske festspela vil som tidlegare innehalde konsertar, litteratur, samtalar, kunst og eit eige program for barn og unge. Festspela blir arrangerte i Ivar Aasen-tunet og andre stader i Ørsta og Volda 26.–29. juni 2014..

Søkjelys på makt – Det er ei stor ære å kunne gå inn i rekkja av festspeldiktarar. Eg lovar å gjere mitt aller yttarste

STOR ÆRE: Agnes Ravatn blir festspeldiktar under Dei nynorske festspela i juni. (Foto: Agnete Brun)

Avfall og

gjennvinn

+

ing

grøn rent

=

e

MILJØGE

VINST

Meir om grøn rente på www.kommunalbanken.no www.kommunalbanken.no


Returadresse: LNK-avisa v/ Norsk Plan, Sandsvegen 134, 4230 SAND

aktuelt:

Hans Geelmuyden Kiese

Trur nynorsken vil døy ut – La meg understreke at eg ikkje føler noka glede over denne utviklinga. Eg berre registrerer ho. Nynorsk er både klangfullt og vakkert.

foto: geelmuyden-kiese.no

Namn: Hans Geelmuyden Kiese Alder: 56 Bur: Oslo

Aktuell: Åtvara tidlegare i år næringslivet i Osterøy kommune mot å bruke nynorsk som marknadsføringsspråk

nedslagsfeltet var det berre to som presenterte seg på nynorsk. Så ringde Bygdanytt meg og spurde kva eg trudde var grunnen. Innleiingsvis gjorde eg journalisten merksam på at han snakka med ein livsvarig medlem av Riksmålsforbundet, men at eg ville svare så godt eg kunne. Slik svarte eg: — Dei brukar bokmål fordi nynorsk er eit døyande språk. Vi i kommunikasjonsbransjen er opptekne av alt som lever. Bokmål er ein meir effektiv måte å kommunisere på ovanfor kundane enn nynorsk. Færre og færre snakkar og brukar nynorsk i det daglege, så eg synest bedriftene på Osterøy gjer rett i å bruke bokmål, seier Geelmuyden. – Kva bør næringslivet satse på for å bygge omdømme og identitet?

Brukar du nynorsk, forsvinn du i mengda, seier PR-rådgjevar Hans Geelmuyden Kiese. Judith Sørhus Litlehamar judith@norsk-plan.no

– Du har uttalt at nynorsk som marknadsspråk i næringslivet er eit døyande språk. Kvifor trur du det? – Spørsmålet er ikkje heilt presist. Bakgrunnen for uttalen min er ein artikkel avisa Bygdanytt ville skrive om bruk av nynorsk hjå bedriftene i avisa sitt nedslagsfelt i Osterøy kommune ved Bergen. Avisa fann at av dei 20 største bedriftene i

– Dei må kommunisere tydeleg og forståeleg. Veldig mange fleire forstår bokmål enn nynorsk, så med mindre du har ei bitte lita målgruppe i distriktet, vil truleg bokmål byggje omdømme og identitet meir effektivt. – Kva trur du om framtida til nynorsken som skriftsspråk? – Nynorsk er ikkje dødt, berre døyande. Tala taler sitt tydelege språk. I 1952 valde 25 prosent av elevane i grunnskulen nynorsk. I 1980 var talet kome ned til 16,4 prosent. I 2012 var det 12,6 prosent nynorskbrukarar tilbake. I grunnskulen er det foreldra som vel barna sitt språk. I vidaregåande får elevane velje sjølv. Då fell talet på nynorskbrukarar til 6,5 prosent blant dei som avla eksamen i norsk i 2012. Dersom utviklinga fortset som no, vil døden inntreffe om nokre år.

24 år gamle Kjersti Wøien Håland debuterte tidlegare i år med diktsamlinga Kjersti er ein fiktiv person, helsing Kjersti på Flamme forlag. Foto: Heidi Furre

debutanten av og til poserer eg i tilfelle eg blir overvaka Flamme forlag 2013

Min spådom er at utviklinga vil akselerere. Delvis fordi me opplever tiltakande urbanisering, delvis på grunn av Internett, der det er viktig å vere søkbar. Brukar du nynorsk, forsvinn du i mengda. Søkemotorane finn deg ikkje. – Burde me hatt eitt skriftspråk i landet, og ikkje to? – Det er eit politisk spørsmål som eg ikkje har noko sterkt syn på. Politikarane får finne ut om norske elevar framleis skal bruke tid på skriftleg sidemål, og om staten skal bruke pengar på to likestilte offentlige skriftsspråk. I botn og grunn handlar det om kor lenge ein skal gje havre til ein døyande hest. – Kva er ditt beste PR-råd til målrørsla? – Løft fram det beste i nynorsken; Vesaas, Olav H. Hauge og all den fantastiske litteraturen som er skrive på dette klangfulle språket. – Korleis trur du kommunane kan bruke språk og identitet til å rekruttere innbyggarar og arbeidskraft? – Det er ikkje primært eit spørsmål om språkform. Det er primært eit spørsmål om korleis kommunane prioriterer kommuneøkonomien og leverer tenester til innbyggarane i kommunen. – Kva er ditt personlege forhold til nynorsken? – La meg understreke at eg ikkje føler noka glede over denne utviklinga. Eg berre registrerer ho. Nynorsk er både klangfullt og vakkert. Sjå meir på LNK.no om tilboda kortet gir

Lnk-avisa nr 5 2013  
Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you