Page 1


Den levande kunsten!

Det er den draumen

Det er ei stor glede for Hordaland fylkeskommune å presentera programmet vårt for kunst i skulen hausten 2009 og våren 2010. For oss er det ei viktig og ufråvikeleg målsetting at alle elevar skal få likt høve til å møta den levande kunsten i skulekvardagen. Det er og vesentleg å syna at mangfaldet i kunstuttrykka femnar langt vidare enn det som dagleg når oss gjennom særleg dei elektroniske media, og at kunsten kan engasjera, provosera, røra ved oss og involvera!

Det er den draumen me ber på at noko vedunderleg skal skje, at det må skje at tidi skal opna seg at hjarta skal opna seg at dører skal opna seg at berget skal opna seg at kjeldor skal springa at draumen skal opna seg, at me ei morgonstund skal glida inn på ein våg me ikkje har visst um

Aldri før har born og unge vore meir engasjerte i kunst, kultur og musikk. Det viser bruken av kulturskulene og den store deltakinga på kunst- og kulturaktivitetar. Vi ser det og på den aukande interessa for Ungdommens kulturmønstring kvart år. Det er utruleg imponerande å sjå det store engasjementet, dugleiken og, ikkje minst, det store mangfaldet som pregar born og unge sine kulturelle uttrykk og interesser. Men for oss er det viktig at ALLE skuleborn får møta og oppleva den levande kunsten! Å la seg riva med av magien som oppstår der og då frå kunstnarar som deler tid og stad med oss, opnar for store opplevingar, livskvalitet og varig interesse for kunst og kultur. Diktaren Olav H. Hauge har skildra draumen vi ber på om å gli inn på ein ny ukjend våg. Det skjer med oss i møtet med den levande kunsten! Ronny B. Skaar Kst. fylkeskultursjef

Olav H. Hauge Frå Dikt i samling


Vår ambisjon er at Hordaland skal ha eit rikt og mangfaldig kulturliv, forankra i regionale særtrekk. Fylkeskommunen har som mål å medverke til at lokale utøvarar skal ha moglegheit til å koma seg fram i fylket – det skal vera attraktivt for kunstnarar og kreativ verksemd å etablere seg hos oss. I desse dagar, i samband med finanskrisa, er det spesielt viktig at det offentlege satsar på kunst og kultur, og stimulerer til kulturell nyskaping når næringslivet kanskje må spare akkurat på slikt. Det gjer Hordaland fylkeskommune. Kunst- og kulturformidling er ei viktig kulturpolitisk satsing som tar sikte på å utvikle ei heilskapleg innlemming av kunstnariske og kulturelle uttrykk i realiseringa av læringsmåla i skulen. Det fremste målet er å gje elevar i skulen ein kulturell kapital og kulturell kompetanse som vil gjere dei betre i stand til å møte utfordringane i samfunnet. Alle elevar skal få høve til å oppleve kunst og kultur av høg kvalitet, med håp om at dei får, og vidareutviklar, eit aktivt og positivt forhold til kunst- og kulturuttrykk. Gjennom skuletida skal alle elevar få eit likeverdig kulturtilbod, uavhengig av ressursar i heimen og ressursar i den einskilde skule eller kommune. Eit mangfald av kunst- og kulturuttrykk vert turnert i fylket kvart år, og Hordaland fylkeskommune er arbeidsgivar for eit stort tal utøvarar, mange frå Hordaland – det meste av konsertproduksjonen i skulekonsertordninga skjer regionalt. På vegne av Hordaland fylkeskommune ynskjer eg alle elevar og lærarar lukke til med mangfaldet av kunst- og kulturutrykk i skulekvardagen dette skuleåret! Helge Andrè Njåstad leiar, Kultur- og ressursutvalet

Utgjevar: Hordaland fylkeskommune Opplag:1500 Ansvarleg redaktør Ronny Skaar Redaksjon: Jørn Oftedal Charlotte Espeland Kari Vik Rhoda-Ondeng Wilhelmsen Sigrid Moldestad Wenche Gausdal Arnulf Henriksen Design og layout: Asle Birkeland, Kamikaze Media Trykk: Molvik Grafisk

Kultur- og idrettsavdelinga


MUSIKK

6

Kjære kulturkontaktar! Som kulturkontakt er det de som er det viktige bindeleddet mellom skulen og oss. Det er de som møter utøvarane som kjem til skulen, og som er nøkkelpersonar for at besøket skal vera vellukka både for elevane, skulen og utøvarane.

VISUELL KUNST

22

FILM

28

LITTERATUR

32

Meld tilbake i god tid dersom det er behov for endringar i planen eller det er særskilde utfordringar vi bør vite om på dykkar skule.

KULTURMINNE

36

Gjer informasjon og naudsynte førebuingar kjend for lærarane. Det er ofte deira oppgåve å førebu elevane. Leiinga og eventuelt vaktmeister må også få informasjon om besøket.

SCENEKUNST

40

Sjekk om spelelokalet er ledig og eigna etter spesifikasjonar i omtalen. Sjekk også om utstyr som skal nyttast er i orden.

KUNSTARTAR I SAMSPEL

48

Her er nokre tips for eit vellukka møte: De finn alt de treng å vite om kvart enkelt besøk, dette gjeld informasjon om spelelokalet, førebuingar, lærarorienteringar m.m. på nettportalen: http://www.dks-hordaland.no/

Utøvarane tek oftast kontakt nokre dagar på førehand for å avklare det praktiske/tekniske, til dømes bærehjelp, tilgong med bil m.m. Det er gjerne første gong utøvarane vitjar skulen, då er det kjekt å bli tatt godt i mot. Snakk med dei og bli samde om gjennomføringa.

Levande kunst! Hordaland fylkeskommune er ansvarleg for utvikling, produksjon, formidling og praktisk tilrettelegging av kunst- og kulturtilbodet til skulane i fylket. Kommunane har i tillegg ansvar for lokale tilbod. Ordninga er finansiert av Hordaland fylkeskommune, Rikskonsertene og Den kulturelle skolesekken. Samtlege musikkproduksjoner er produsert av Hordaland fylkeskommune, kultur- og idrettsavdelinga

For at vi mest mogleg skal legge tilboda til rette for skulen må de hugse å oppdatere elevtal, timeplanar og kontaktpersonar i nettportalen. De kan eventuelt kontakte oss, og vi hjelper dykk med dette. Vi stolar på at de legg tilhøva til rette for gjennomføringa på skulen og hjelper oss med at det blir kvalitet i alle ledd. Fleire tips og sjekkliste finn de på nettportalen. Sist, men ikkje minst, er de i tvil om noko kan de ta kontakt med oss. Lukke til! Vi gler oss til eit godt samarbeid! Charlotte Espeland og Jørn Oftedal


Det er absurd å stå opp kl. 7 om morgonen og rigge seg til i ein vinterkald gymsal, men desto større gevinst når det faktisk blir skikkelig konsertstemning, for det blir det når elevane kjem inn. Heidi Marie Vestrheim musikar


MUSIKK


Ein støvel og ein sko Med: Yvonne Algrøy, Sigrid Terese Moldestad og Morten Færestrand For: 1. - 4. årstrinn Turnèperiode: 07.09-10.09,14.09-17.09, 21.09-23.09 Turnèområde: Voss

MUSIKK 8

Vår 2010 Turnèområde: Sunnhordland Indre Omtale Trio Koko har samla eit knippe dikt, rim og reglar skrivne av m.a. Harald Sverdrup, Sigbjørn Obstfelder, Alf Prøysen og Inger Hagerup. Yvonne har sjølv sett melodi til to reglar spesielt for denne konserten. Som så mange her på Vestlandet tenkjer Trio Koko mykje på vêret og årstidene, og det kjem fram i val av musikk. Nokre melodiar vil elevane truleg kjenne frå før, men dei får òg høyre nye og ukjende songar.

Fløytelåt Med: Anette Bjørnenak og Gjermund Fredheim For: 1. - 4. årstrinn Turneperiode: 28.10-30.10, 04.11-06.11, 11.1113.11,18.11-20.11, 25.11-27.11 Turneområde: Askøy, Fusa, Osterøy og Samnanger Vår 2010 Turnèområde: Hardanger Omtale: Menneska har opp gjennom historia brukt fløyter av ulike slag – i samspel med dyra sine eller til eiga underhaldning. I denne konserten får publikum høyre musikk frå gullalderen til blokkfløyta, barokken, samt nyskriven musikk og folkemusikk. Ein vert kjend med fløyter i ulike storleikar og med forskjellige klangar. Velkommen inn i fløytelåten!


Ein Stjerneklar konsert Med: Sigurd Ulveseth, Kim André Rysstad, John Ole Morken og Ole Jakob Hystad For: 8. - 10. årstrinn Turnéperiode: Vår 2010 Turnèområde: Midthordland Ytre, Midthordland Indre

Foto Arne Arnedal

Omtale: Musikarane bak “Ein stjerneklar konsert” har sjangerbakgrunn frå folkemusikk og jazz. To ulike musikalske tilnærmingsmåtar, men likevel med mykje felles. Publikum vil få høyre gamle norske balladar og folkesongar i spreke arrangement med kveding, gitar, fele, bass og saxofon. Og då som no handla balladane ofte om kjærleik.Tradisjon og improvisasjon er viktige element innan både jazz og folkemusikk. I “Ein stjerneklar konsert” får desse elementa smelta saman i eit uttrykk som musikarane har utarbeidd i fellesskap.

HardingBaroque

Foto: Helge Skodvin

Omtale: Slektskapen mellom barokk og hardingfelemusikk er sentralt i denne konserten. Produksjonen tar utgangspunkt i felemakar-kunsten og folkemusikken i Hardanger for 300 år sidan. Vi følgjer felemakaren Trond Botnen og spanande ting om felemakarlivet hans. M.a når han vitjar ”Det Kongelige Hoff i Köbenhavn” og får møte barokkmusikken.

MUSIKK

Med: Benedicte Maurseth, Sigrid Egtvedt og Jostein Stalheim For: 5. - 7. årstrinn Turnéperiode: Vår 2010 Turnèområde: Nordhordland, Midthordland Ytre

9


Kjempebra opplegg som traff elevane midt i mellomgolvet

Design: Kåre Thomsen

Kit Mikayi Med: Ole André Farstad, Benson Mutahi, Philip Tuju, Seamus Njuguna For: 5. - 7. årstrinn Turnèperiode: 31.08 til 16.09 Turnèområde: Bergen, Laksevåg-sentrum

MUSIKK 10

Omtale: Kit Mikayi - ein afrikansk viking. Dei fleste kulturar over heile verda har forteljingar om bragder og gjerningar til dei gamle høvdingane. Vi har historia om Harald Hårfagre og andre viking-heltar. Kit Mikayi var ein av dei store høvdingane av Luo-slekta i Kenya. Favoritt-kona hans, Mikayi, vart forheksa og forvandla til eit fjell. I denne konserten møter publikum ei musikalsk skildring av dei mange mytane om høvdingen Kit Mikayi.

Foto: Nina Kovars

Home is where my hat is Med: Erik Moll, Øystein Fosshagen og Ole Marius Sandberg For: 8 .- 10. årstrinn Turnèperiode: Våren 2010 Turnèområde: Nordhordland, Hardanger Omtale: I åra frå 1820 til 1920 emigrerte millionar av europearar til Amerika. Berre frå Norge drog 850 000 nordmenn for å søkje lukka i eit framand land. Innvandrarane tok med seg lite av materialistisk verdi, men til gjengjeld hadde dei med seg ein skatt av tankegods, kunnskap og kultur. I dette miljøet oppstod countrymusikken på byrjinga av 1900-talet, og sjangeren blei ei samansmelting av tradisjonell europeisk folkemusikk og amerikansk blues og gospel. Countrymusikken speglar ei verd på reisefot. Kall det Roots, Bluegrass, Folk, Tex-Mex, Americana..... eller kall det Erik Moll.


Bilde: John Bauer (1915)

Älvor, Alvar og Troll

Dyras Karneval

Med: Knut Hamre, Kersti Ståbi og Anne Nitter Sandvik Klassetrinn: 1. - 4. årstrinn Turnéperiode: 12.10-02.11 Turnéområde: Laksevåg/Bergen Sentrum

Med: Øystein Haga, Karianne Stangenes Søvig og Kristine Solberg. For: 1. - 4. årstrinn Turnéperiode: 03.11-05.11 og 10.11-13.11, 17.1120.11 Turnéområde: Arna/Åsane Omtale: Med utgangspunkt i ”Dyrenes Karneval” av Camille Saint-Saëns viser musikarane korleis harmonikk og klangbileter kan gje treffande karakteristikkar av ulike dyr og stemningar frå naturen. Borna får høyre ei rekkje songar om dyr, mellom anna eit utdrag av den kjende ”Kattearien”.. (Rossini.)

MUSIKK

Omtale: I dette programmet vert elevane inviterte med på ei musikalsk fantasireise - over myrer og vatn, gjennom mørke, trolske skogar, opp langsetter vidda og innover mot dei djupe fjellholene - der folk i gamle dagar trudde at trolla budde. I folketrua sitt fantasifulle univers vaks det fram eventyr, segner, slåttar og songar som framleis lever. Og mange diktarar, biletkunstnarar og komponistar har seinare laga kunstverk som er inspirerte av den frodige folkekunsten. Slik har det vore i Noreg, og – som vi skal høyra på konserten – slik har det også vore i nabolandet vårt, Sverige.

11


FRI FLYT - Etnosmurfane slår tilbake! Med: Henriette Slorer Jacobsen, Bodil Lunde Roertveit, Geir Rognø, Luiz Aguilera, Sanjally Jobarteh For: Vidaregåande skule Turnéperiode: 15.10-06.11 Turnéområde: Bergen, Bømlo, Kvam, Kvinnherad, Lindås, Odda, Osterøy, Stord, Voss

Illustrasjon: Shutterstock

The Two Fiddlers Med: Opera Bergen For: 4. – 6. årstrinn Turnéperiode: Hausten 2009, veke 43 Turnéområde: Klassar i randkommunane til Bergen blir frakta til Håkonshallen

MUSIKK 12

Omtale: Opera i to akter for born, komponert av Maxwell Davies i 1978. Felespelarane Gavin og Storm Kolson er på veg heim etter å ha spelt i bryllaup. Dei tar ein veg dei ikkje er vande med å gå; over tuene der det seiest at trolla bur! Dei syng og spelar for å overtyde kvarandre at dei ikkje er redde for troll, og for å halde frykta på avstand, men blir skremde av den minste lyd. Gavin går beint heim, men Storm blir ståande att for å lyde etter lyden av trolla…

Omtale: Ordet kommunikasjon kjem eigentleg frå det latinske ordet cummunicare som tyder ”å gjere saman”. I vår tid nyttar vi mellom anna ordet kommunikasjon i tydinga ”formidling av eit bodskap frå ein avsendar til fleire mottakarar.” Er ord og språk naudsynt for å kommunisere? Dei 5 musikalske lykkejegarane i Fri flyt tar elevane med inn i sitt univers og syner at kommunikasjon også er improvisasjon, rytme, energi, glede, dans og leik. Dei vel ”å gjere ting saman” på tvers av ulike kunstformer sjølv om dei kjem frå Gambia, Kråkerøy, Santiago, Bjørnefjorden og Lægdene.

Vi improviserer Med: Olav Dale, Arild Seim, og Rolf Prestø For: 5. - 7. årstrinn Turnéperiode: 26.10-30.10, 02.11, 23.11-27.11, 30.1104.12 Turnéområde: Austrheim, Fedje, Masfjorden, Meland, Lindås, Radøy, Askøy, Fusa, Osterøy, Samnanger Vår 2010 Turnèområde: Sunnhordland Indre Omtale: «Å finna på ting» kan stå som nøkkelord for dette programmet. Gjennom det musikarane gjer, og det dei får elevane med på i konserten, ønskjer dei å skape forståing for den improviserte musikken gjennom oppleving og medverknad.


Sangerinden

Tomlane opp!

Med: Kristin Mulders, Tiril Engelstad og Knut Christian Jansson For: 5. - 7. årstrinn Turnéperiode: 12.11-02.12 Turnéområde: Fana, Ytrebygda og Fyllingsdalen

Med: Frank Jakobsen, Per Jørgensen og Thomas Dahl For: 1. - 7. årstrinn Turnéperiode: 21.09-25.09, 19.10-23.10 og 26.1030.10 Turnéområde: Fjell, Sund og Øygarden

Vår 2010 Turnèområde: Sunnhordland Ytre

MUSIKK

Omtale: I programmet “Sangerinden” ser vi nærare på mytar og sanningar kring songarinnerolla. Stemma er det mest personlege instrumentet vi har. Vi nyttar ho frå vi blir født, anten det er til å skrike, snakke eller - syngje. Ein songar brukar svært mykje tid på å lære seg å kontrollere og utvikle omfang, lydstyrke og klang i stemma. Ei vakker songstemme har til alle tider vore gjenstand for stor beundring, og av og til har beundringa vore så stor at stemma sin  eigar og forpleiar har fått nemninga “diva” og “primadonna”.

Omtale: Tomlane opp for kreativitet på ståande fot! “Tomlane opp!” er ein konsert som både er leiken og musikalsk alvorleg. Musikarane skapar musikken i augneblinken, og dei spelar musikk dei har komponert tidlegare. Med hjelp frå elevane får ord og tonar ny drakt.

13


Kjekt at det også vert fokusert på den klassiske delen av musikkarven vår

Lars Vaular Grieg på Troldhaugen

MUSIKK 14

Med: Marianne Juvik Sæbø, Åse Teigland, Signe Bakke og Snorre Bjerck For: 5. - 7. årstrinn Turnéperiode: 12.10-16.10, 26.10-30.10 Turnéområde: Arna og Åsane Omtale: Vi ønskjer at elevane skal få oppleve Grieg sin musikk, møte folkemusikken som inspirerte Grieg og oppdage at vi kan nytte ei moderne musikalsk innpakning, - utan at Grieg si ånd blir borte. Her får de ein gløtt inn i Edvard Grieg sitt liv og virke med omvising og konsert på Troldhaugen.

Med: Lars Vaular For: 8. - 10. årstrinn Turnéperiode: Våren 2010 Turnéområde: Voss og Sunnhordland Ytre Omtale: “Ganske enkelt genialt!”, skreiv BA om den siste plata hans “D’e glede”, og så trilla journalisten ein seksar på terningen. Lars Vaular tok By:larm på senga og blei ei av dei store, positive overraskingane for både publikum, bransje og media. Han vert rekna som ein av dei beste live-artistane i norsk hiphop. Gjennom songane sine fortel Lars historiar som er sjølvopplevde og personlege. Denne nærleiken til tekstane gjer at publikum fort får eit tilhøve til og blir glad i artisten. Lars Vaular har erobra den norske hiphop-scena, og no står ungdomsskulane i fylket for tur!


Simen Stjernespiller Med: Muriel K. Sandberg, Lena Andresen og Stian Danielsen For: 1. - 4. årstrinn Turnéperiode: 22.09-29.09, 16.11-23.11 Turnéområde: Fana Vår 2010 Turnèområde: Voss Omtale: I Skumringslandet bur alvane, og Simen og glasblåsaren Elias er to av dei. Da Simen fylte 7 år, fekk han ei fløyte laga av venen Elias. Glasfløyta læt som songen til ein nattergal, som gråten til ein sorgfugl, som englelatter og stjernekviskring. Eit instrument skapt for stjernespel. “Simen Stjernespiller” er eit moderne, nyskrive eventyr av Muriel K. Sandberg. Musikken er eit tingingsverk frå Tom Erik Brudvik og Elling Ulvestad. Manus/regi er ved Vigdis Ludvigsen, og kulisser/ kostymer er laga av Jack Markusse.

No får det vere rock!

Vår 2010 Turnèområde: Arna-Åsane Omtale: Musikarane har plukka frå sine favoritt-rockelåter og kledd dei i norsk språkdrakt. Ønskjet er å ta elevane med på ein rockekonsert, og som på rockekonsertar flest har lyttarane ei viktig rolle. Dei syng med på songar dei kan, spelar luftgitar til gitarsoloen og er klåre med klapp og tramp……

MUSIKK

Med: Ole Thomsen, Mads Falck Berven og Ola Høyer For: 1. - 7. årstrinn Turnéperiode: 12.10-27.10 Turnéområde: Jondal, Odda, Ullensvang, Eidfjord og Kvam

15


Dråpen Vannders Med: Badekarane; Ivar Kolve, Norvald Dahl og Kjetil Olai Lundø For: 1. - 4. årstrinn Turnéperiode: Våren 2010 Turnéområde: Midthordland Indre

MUSIKK

Omtale: Vi følgjer Vannders si fyrste vandring i vatnet sitt krinsløp. På vegen møter han mellom anna Skybert, Reinert og bekkeførar Beckstrøm. Musikk er sentral i historia og ein får høyre musikk av komponistar som har latt seg inspirere av vatn.

Duo Montes-Kircher (Venezuela/ Tyskland) Med: Alfonso Montes Alvarez, Irina Kircher de Montes For: 8. - 10. årstrinn Turnéperiode: 19.10-23.10, 26.10-30.10 Turnéområde: Voss/Hardanger Omtale: Dette programmet står i gitaren sitt teikn. Dette allsidige strengeinstrumentet vert spelt over heile verda på mange ulike måtar, og på denne konserten får vi vere med gitarduoen DUO MONTES-KIRCHER på ei musikalsk reise gjennom Sør-Amerika, gitarkontinentet framfor noko anna. Produsert av:

16


Konserten kunne godt vart lenger

Foto:Gunnbjørg Austrheim

Made in Hordaland

På farten med vokalgruppa Taus

Med: Grete Hylland; Magnus Blom og Jarle Kristoffersen For: 5. - 7. årstrinn Turnéperiode: 20.10-23.10 Turnéområde: Granvin, Modalen, Ulvik, Vaksdal og Voss

Med: Beate B. Kvalsvik, Kristine Bjånes, Irene Adolfsen og Elin Hestenes For: 1. - 4. årstrinn Turnéperiode: 15.09-16.09, 21.09-02.09 Turnéområde: Ytrebygda og Fyllingsdalen Vår 2010 Turnéområde: Nordhordland Omtale: Vokalgruppa Taus består av fire stemmer som er ganske ulike, men som kling usedvanleg godt saman. Basen er i Bergen, og dei har sidan starten av 2002 fått ein trufast tilhengjarskare gjennom ei rekkje konsertar og framføringar. No har dei har fått eit spanande oppdrag i hovudstaden, og dei er klare til å reise austover over fjellet, men mykje kan hende på vegen.....

MUSIKK

Omtale: “Trio Vest” vil i skulekonsertprogrammet presentere musikk og tekstar av komponistar og forfattarar frå Hordaland. Musikarane presenterer eit lite utval frå den rike flora av komponistar og forfattarar som fylket har fostra. Hordaland er eit spanande kulturfylke, ikkje berre på grunn av vakker natur og rike tradisjonar, men òg på grunn av mange spanande kunstnarar som på ulikt vis er knytt til fylket vårt.

17


Ole Bornemann Bull Med: Tor Jaran Apold, Sjur Hjeltnes og Ståle Fylkesnes For: 5. - 7. årstrinn Turnéperiode: Våren 2010 Turnéområde: Midthordland Indre

Ole Bull på Lysøen

MUSIKK 18

Med: Nils Økland og Sigbjørn Apeland For: 8. - 10. årstrinn Turnéperiode: Våren 2010 Turnéområde: Bergen og Os Omtale: Den 5. februar 2010 er det 200 år sidan Ole Bornemann Bull vart fødd i Bergen, og det skal feirast! Den norske fiolinisten og komponisten oppnådde ein stjernestatus i Europa og Amerika på 1800-talet. Konsertane hans var umåteleg populære, og kvinner dåna framfor scena når den staute og særs sjarmerande nordmannen byrja spele. Heime i Norge var Ole Bull særleg viktig for utviklinga av eit norsk tonespråk i kunstmusikken, og han løfta fram hardingfela og den norske folkemusikken. Hans framføring av norske folketonar var til stor inspirasjon for den unge Edvard Grieg. I 1850 grunnla han Den Nationale Scene i Bergen.

RAFIKI (Norge/Tanzania) Med : Trym Bjønnes, Hussein Rashidi Masimbi For: 8. - 10. årstrinn. Turnéperiode: 16.11-01.12 Turnéområde: Etne, Kvinnherad, Sveio, Tysnes, Austevoll, Bømlo, Fitjar og Stord Omtale: Duoen Rafiki har ei open innstilling til musikk, tek aktivt del i kvarandre sin song og dans og evner å formidle sine møter til eit ungt publikum. Her ligg noko av forklaringa på suksessen Rafiki har hatt ovanfor tusenvis av ungdomsskuleelevar det siste året. Publikum får høyre ei blanding av tradisjonsmusikk frå Norge og Tanzania, ispedd element frå blues, pop- og verdsmusikk. Produsent:


Kongen & Harlekin Med: Olav Veierød, Tore Kolster og Ingrid Eriksen Hagen For: 1. - 4. årstrinn Turnéperiode: 11.09, 21.09-23.09, 28.09-02.10, 19.1021.10 Turnéområde: Austevoll, Bømlo, Fitjar og Stord

Cusan Tân Med: Ann Morgan Jones, Arild Seim og Sigurd Ulveseth For: 5. - 7. årstrinn Turnéperiode: Våren 2010 Turnéområde: Voss og Hardanger

Ei natt høyrer Kongen ein melodi han ikkje klarar å hugse, men som er så vakker at han berre MÅ finne han att. Han gjev generalen sin ordre om å samle inn alle melodiane i heile verda. Harlekin planlegg å stele gullfløyta til Kongen, for då vert alt så mykje betre. Begge har altså eit problem. Dei treng nok litt hjelp om dette skal gå bra. Det blir musikk av m.a. Monteverdi, Frescobaldi, P. P. E. Bach, Dowland og Morley. Her er òg nye norske tekstar av Per Olav Kaldestad og Ragnar Hovland. Regien er ved Frode Rasmussen, og kostyma og kulissane er laga av Sissel Hamre og Jack Marcussen.

MUSIKK

Omtale: Cusan Tân tyder “eldkysset” på Walesisk. Konserten er eit samarbeid mellom musikarar frå Wales og Hordaland.  “Kunnskap, forståing og toleranse i dette mangfaldet av kulturar og kulturuttrykk byggjast mellom anna gjennom dialog og møte...”.(UNESCO kommisjonen - 2002 Levande kulturytringar).

Omtale: Kongen og Harlekin er ein produksjon for småskulen. Vi møter to kontrasterande hovudpersonar: Kongen og Harlekin. Kongen nyt godt av det føydale samfunnet og lever eit liv i sus og dus. Harlekin svelt, stel og driv kvilelaust omkring.

19


Design: Kåre Thomsen

MUSIKK 20

Foto: Ann Steindal

Burt Nilsson sin store sjanse

Lektor Bjerkes Orkester

Med: Ivar Kolve,Tore Christian Sævold, Ståle Fylkesnes For: 1. - 7. årstrinn Turnéperiode: 26.10-03.11, 19.11.-27.11 Turnéområde: Etne, Kvinnherad, Sveio og Tysnes

Med: Sigrid Moldestad, Sigbjørn Apeland, Anders Bitustøyl, Øyvind Skarbø For: 1. - 4. årstrinn Turnéperiode: 15.10-16.10, 19.10.-23.10, 02.11-06.11 Turnéområde: Austrheim, Fedje, Masfjorden, Meland, Lindås og Radøy

Vår 2010 Turnéområde: Sunnhordland Ytre Omtale: Burt Nilsson er glad i å spele trommer saman med bestekompisen Evert. Dei vil melde seg på den store talentkonkurransen, der dei kan vinne fyrstepremien på 25000.- kroner som dei vil bruke til å redde musikkrommet på SFO. Burt har store ambisjonar, og venskapet deira vert sett på prøve når Burt vert litt for ivrig etter å verte kjendis.

Vår 2010 Turnèområde: Midthordland Ytre Omtale: Lektor Bjerkes Orkester syng og spelar berre kjekke songar. Dei likar å kle seg i stilige hattar og fargerike klær. På programmet står kjende og kjære barnesongar, men mykje av musikken vert til undervegs. Det vert leik og moro med vanlege og uvanlege instrument.


Funk Tube Med: Per Erik Tørfoss, Ole Arnold Børud, Andre Berg, Endre Hallre Hareide For: 8. - 10. årstrinn Turnéperiode: 02.11-05.11, 09.11-13.11,16.11-19.11 Turnéområde: Nord/Midthordland Omtale: Funk er energi, glede og fest! Funk handlar mykje om groove, riff, lyd og ikkje minst om DANS! Røtene til funk ligg i rhythm & blues- og soulmusikk. Produsent:

Hayseed

Omtale: Hayseed(som oversett tyder’bondeknøl’) har eksistert i Oslo sidan 2001. Dei fire musikarane starta å spele saman i miljøet rundt Nordisk Institutt for Scene og Studio i Oslo. Gruppa hentar inspirasjon frå legendariske band som Jimi Hendrix Experience, The Rolling Stones, Deep Purple, The Who, Bad Company, Van Halen, Aerosmith, ZZ Top og Red Hot Chilli Peppers. Produsent:

MUSIKK

Med: Terje Kjørlaug, Remi Fagereng, Morten Fredheim, Endre Hallre Hareide For: 8. - 10. årstrinn Turnéperiode: 29.09-02.10, 12.10-28.10 Turnéområde: Bergen

21


Under ein performance var elevane overivrige etter å få seg ein porselenselefant. 60-70 elever flokka seg rundt meg, så eg nesten mista fotfeste. Dei snakka alle i munnen på kvarandre og strekte fram hendene i håp om at det var dei eg skulle velje ut. Då eg hald handa til ein av dei, og var i ferd med å ta elefanten ut av munnen, vart det heilt stille. Alle stod urørlege og ingen laga den minste lyd dei 15 sekunda elefanten reiste gjennom lufta og ned i handa til eleven. Så var alle i gang igjen med utstrakte hender. Kurt Johannessen biletkunstnar som arbeider med bøker og performance


VISUELL KUNST


Japan i ein boks Med: Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design Formidlar: Solfrid Otterholm For: 1. – 4. årstrinn Turnéperiode: Hausten 2009, veke 39 - 49 Turnéområde: Ullensvang, Jondal, Samnanger, Vaksdal, Modalen, Tysnes, Sveio, Voss Omtale: Eit utstillingskonsept om japansk samtidskultur. Kuratoren har vore i Japan og kjøpt japansk grafisk design, teikningar, magasin, videoar, leiketøy, musikk og emballasje til utstillinga. Ein utstillingsleiar følgjer og formidlar utstillinga. Foto/copyright: Anne Hansteen Jarre/Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design

VISUELL KUNST

Møte med biletkunstnar Kurt Johannessen Med: Kurt Johannessen For: 8. – 10. årstrinn Turnéperiode: Våren 2009 Turnéområde: Bømlo

24 Foto/copyright: Mari Lyssand/Os og Fusaposten

Omtale: Kurt Johannessen presenterer bøker og performance. Elevane får lese bøker og sjå døme på performance på førehand. Når Kurt kjem til skulen, vil han lese og fortelje om dei ulike arbeida sine. Han er særleg oppteken av det visuelle; tekstane er som bilete og han nyttar lite tekst på kvar side i bøkene, ei side – eit bilete! Elevane får òg ta del i ein performance.


Teikning: Tore Strand Olsen

Min dag, mi verd

Teikneserieforedrag

Med: Øyvind Hjelmen For: 5. årstrinn Turnéperiode: Våren 2010 Turnéområde: Stord

Med: Tore Strand Olsen For: 8. – 10. årstrinn Turnéperiode: Våren 2010 Turnéområde: Eidfjord, Ullensvang, Jondal, Osterøy, Kvam

Omtale: Elevane får kvar sitt eingongskamera, og fotograferer frå sin kvardag; personar, ting og hendingar som tyder noko for dei. Bileta blir sett saman til ei utstilling med eit bilete og tittel, eller ein liten tekst, frå kvar elev. I tillegg til at elevane får syne fram – og ikkje minst, tenkje igjennom – kva som er viktig for dei, kan dette bli ein interessant dokumentasjon på kva som rører seg blant femteklassingar i 2010!

Omtale: Elevane får ei innføring i alle trinn i prosessen med å lage ein teikneserie. Tore Strand Olsen startar med idéarbeidet, og inspirerer elevane til å kome på noko dei sjølve har opplevd, eller figurar dei likar å teikne. Dei får sjå ei rekkje døme på korleis ulike teikneserieskaparar jobbar med sine idear. Innføring i teikneteknikk og figurdesign høyrer med, saman med råd om det viktigaste ein må ha i minnet når ein formidlar ei historie som kombinerer bilete og tekst.

VISUELL KUNST

Fotograf/copyright: Andrea Fjalsett, Hystad skule

25


Dagen var godt opplagt med teori og praksis. Fint at elevane fekk prøva seg. Me vil gjerne ha eit slikt besøk ved eit seinare høve! Flinke folk!!!!! Lærar om Videoverkstad på hjul

Foto/copyright: Tore Røyneland/Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design

VISUELL KUNST 26

Oslo by Night – Victor Lind Med: Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design. Formidlar: Solfrid Otterholm For: 8. – 10. årstrinn Turnéperiode: Vår 2010 Turnéområde: Askøy, Lindås, Meland, Øygarden, Austevoll, Odda, Fitjar Omtale: Videoinstallasjon som tematiserer jødeaksjonen 26. november 1942, då norske jødar blei henta ut frå heimen om natta og frakta til Auschwitz. Vi ser eit oslokart, som vekslar med ein stjernehimmel. Kartet syner adresser til jødar som aldri kom att. Verket rettar fokus på aktuelle samfunnsproblem som framandfrykt, rasisme og folkemord. Skuld, fråskriving av ansvar. Passivitet kontra humanitært arbeid er òg i fokus. Elevane får kjennskap til eit mørkt, og for mange ukjend kapittel i Noreg si historie, og samstundes innsyn i ny, aktuell kunst.


Videoverkstad på hjul Med: Kunstmuseene i Bergen, avd. Bergen Kunstmuseum. Kursleiarar: Tonje Li og Yngve Leidulv Sætre/Bendik Johnsen For: 10. årstrinn Turnéperiode: Hausten 2009, veke 38, 39, 42, 43, 45 Turnéområde: Øygarden, Sund, Fjell, Eidfjord, Granvin, Voss, Austrheim, Masfjorden, Fitjar

Foto: Øyvind Pål Farstad

Maskeringstape og samtidskunst

Omtale: Ei fordjuping i film og video som uttrykksform. Elevane får lage film saman med kursleiarane, og får på det viset ei fordjuping i film og video som uttrykksform. Samstundes er det eit høve til å reflektere over korleis filmregissørar og videokunstnarar nyttar ulike filmatiske verkemiddel når dei lagar film.

VISUELL KUNST

Med: Åse Løvgren og Øyvind Pål Farstad For: (9.)10. årstrinn Turnéperiode: Våren 2010, veke 2 og 3 Turnéområde: Austevoll, Fusa, Tysnes, Samnanger, Fedje, Radøy Omtale: Innblikk i samtidskunst og eksperimentering med fargar i ein enkel måleteknikk. Saman med elevane går utøvarane nærare inn på nokre sentrale omgrep, konkrete kunstverk og kunstnarar. Dei utfordrar også elevane til å eksperimentere med fargar og lage eigne bilete med hjelp av ein teknikk med maskeringsteip og akrylmåling på kartong.

Foto: Bergen Kunstmuseum

27


Spontane tilbakemeldingar i møte med elevane: - Ballettfilmen likte eg godt. Eg og vil bli ballettdansar. Det er ikkje noko ballettkurs her eg bur, men eg dansar framfor spegelen. - Har de vore i Hollywood og? - Eg drøymer ikkje om å bli fotballspelar, men eg har ein draum, eg vil kjøpe meg ein traktor. Semaforfilm v/ Gunnbjørg Hage og Linda Hellevik


FILM


Foto/copyright: Gunnbjørg Hage/Semaforfilm

FILM 30

Fotograf: Gunhild Oddsen

Drømmer

Stikk

Med: Semaforfilm For: 1. – 7. årstrinn Turnéperiode: Våren 2010, februar Turnéområde: Kvinnherad

Med: Vigdis Nielsen For: 8. – 10. årstrinn Turnéperiode: Hausten 2009, veke 43, 46 og 47 Turnéområde: Osterøy, Os, Samnanger

Omtale: Ein dokumentarserie i fem episodar, for og med born. ”Drømmer” er ei engasjerande historie om seks born som alle har kvar sin draum. Dei drøymer om hestar og trommer, scener, fotball og orgelspel i store kyrkjer. Det blir oppturar og nedturar, ikkje heilt som dei hadde tenkt, kanskje? Likevel finn alle måtar å halde fast i draumen på…

Omtale: Alexander er 13 år, liten, og mobbeofferet i klassen. Ein dag kjem det ein ny gut i klassen. Han oppfordrar til hemn og ting endrar seg for hovudpersonen. Framsyning av den prislønte kortfilmen ”Stikk”. I etterkant leiar regissøren ein diskusjon om film og mobbing.

Etter vising av filmane blir det samtale mellom Semaforfilm og elevane.

Eg syns at det var veldig interessant å sjå kva draumane til folk var. Også syns eg at det var morosamt med animasjonane i filmen. Og så fekk det meg til å tenkja meir på mine draumar! Elev om Drømmer


Den store reisen Med: Christer Fasmer For: 8. – 10. årstrinn Turnéperiode: Våren 2010 Turnéområde: Etne, Ulvik, Vaksdal, Modalen, Granvin

Foto/copyright: Christer Fasmer

Omtale: Dokumentar og reality – kva skjer bak kamera? NRK-serien ”Den Store Reisen” blei i 2008 presentert som realityserie. Då dei norske familiane fann seg til rette blant stammane fekk serien ei meir dokumentarisk form, der vi fylgjer familiane gjennom sin nye kvardag. Elevane får vere med på å diskutere forståing av sanning i samband med fjernsynsprogram. Kva er skilnaden på dokumentar og realityserie, kva er sant og kva er konstruert? Og er det eigentleg viktig for oss å vite kva som er konstruert og kva som er realitet?

Kjærlighetens valg

Foto: Eirik Andreas Sandaker

Omtale: Vising av dokumentarfilm der regissøren Eirik Andreas Sandaker går inn i den omstridde tematikken Islam og homofili. Forfattaren Tor Fretheim les frå sine bøker om emnet. Korleis skal vi klare å formidle kjærleik? Finst det framleis sensur, eller sensurerer vi oss sjølve? Vågar vi å vere så opne som vi sjølve måtte ynskje det, eller som vi trur vi er, spør dei seg sjølv og andre. Det handlar kan hende òg litt om sjenanse. Og kor ærlege får vi eigentleg lov å vere? Dialog med elevane, spørsmål og diskusjon.

FILM

Med: Eirik Andreas Sandaker og Tor Fretheim For: Vidaregåande skule Turnéperiode: Våren 2010, veke 4 Turnéområde: Kvinnherad, Odda, Stord, Voss og Kvam

31


Kva hugsar eg frå skuletida? Nokre små uventa hendingar som braut med den daglege tralten. Ein ny, ung lærar som ikkje såg ut og snakka slik me trudde ein lærar skulle. Ein gammal mann med kvitt hår og skjegg frå Riksgalleriet som viste biletkunst i gymsalen. Og første året på gymnaset; ein ekte diktar som berre var få år eldre enn meg og hadde gjeve ut diktsamling. Små skilnader frå det vanlege, som viste andre vegar og gav ny kveik. Atle Hansen forfattar, visesongar og tonesetjar


LITTERATUR


Illustrasjon: Annlaug Auestad

LITTERATUR 34

Kuveninnene

Den svarte oksen

Med: Annlaug Auestad For: 1. – 4. årstrinn Turnéperiode: Hausten 2009, veke 36. Våren 2010, veke 18 Turnéområde: Meland, Masfjorden (og fleire våren 2010)

Med: Atle Hansen For: 5. – 7. årstrinn Turnéperiode: Våren 2010, veke 3, 4 og 6 Turnéområde: Lindås, Radøy, Fjell

Omtale: Illustratør og forfattar Annlaug Auestad tar for seg ei humoristisk biletbok om kyr, venskap og krangling. Som andre veninner tar kyrne til å krangle om kven som er finast og best.Til slutt sprekk det for Jorun, ho orkar ikkje all kivinga! Forfattaren fortel om det å teikne og skrive tekstar, og syner ein film på ”kuspråk”!

Omtale: Atle Hansen si nye bok ”Den svarte oksen” kom ut hausten 2009. Ho handlar om Gisle, ein gut på 11 – 12 år som dreg på telttur aleine. Han møter ein svart okse og ein framand, svartkledd mann – og han høyrer kviskrande lydar i skogen, og ser mystiske rørsler på teltduken når han skal sove… Framsyninga er basert på boka, og forfattaren tek i bruk både opplesing, musikk, lydeffektar og enkel lyssetting. Hovudvekta ligg likevel på det litterære.


På jakt etter gull og gråstein Med: Bjørn Arild Ersland og Endre Elvestad For: 5. – 7. årstrinn Turnéperiode: Våren 2010, veke 18 og 19 Turnéområde: Mellom anna Øygarden, Fedje, Masfjorden, Austrheim Omtale: I denne skuletimen treff vi både forfattaren Bjørn Arild Ersland og marinarkeologen Endre Elvestad, som er hovudperson i boka “På jakt etter gull og gråstein”. Når Endre på slutten av timen tar på seg dykkardrakt og hoppar i sjøen, er det elevane som avgjer kva han skal ta med seg opp att; dei kan nemleg snakke med han under vatn gjennom ein gul boks og ein lang leidning! Borna vil lære litt om dykking, og ein god del om kva dei kan finne med dykkarmaske under vatten.

Illustratør og copyright: Annlaug Auestad

Alt flyter

Omtale: Vi kan lære av kvarandre, av gamle grekarar og moderne tenkjarar når vi funderer kring dei store spørsmåla i livet. Forfattar Jarle Rasmussen, som har skrive boka ”Alt flyter – møte med 18 filosofer”, presenterer både gamle tenkjarar og sin eigen kakefilosofi i ord og bilete. Han tar elevane med seg inn i filosofiverda og syner dei at dei sjølve har ein plass der. Teikning: Siri Dokken

LITTERATUR

Med: Jarle Rasmussen For: 10. årstrinn Turnéperiode: Våren 2010, veke 6 og 7 Turnéområde: Fjell, Sund

35


Kulturminner skapes hele tiden. Noe av det morsomme med å kjenne folk som mer eller mindre nylig har flytta til Norge er å smake noen av de matkombinasjonene de kommer opp med. Lammestek med jordbærsyltetøy. Risengrynsgrøt med tyttebær. Brunost med chili. Kanskje var det sånn karrien havnet i fiskebollesausen første gang? Hanna Hilt prosjektleiar og utstillingsdesignar, Fiskeboller i karri


KULTURMINNE


Det var kjekt å kunne få registrera kulturminne i nærmiljøet, i gangavstand frå skulen. Lærar om Du finn oss i naustet

Foto/copyright: Solvei Hanmei Losnegård

KULTURMINNE 38

Foto: Billedsamlingen, Universitetsbiblioteket i Bergen

Drakeverkstad

Fiskeboller i karri

Med: Solvei Hanmei Losnegård For: 3. - 6. årstrinn Turnéperiode: Hausten 2009, veke 37, 40, 42, 43, 44 og 46 Turnéområde: Austrheim, Fedje, Fitjar, Kvam

Med: Prosjektleiar og utstillingsdesignar Hanna Hilt. Formidlar: Karianne Visnes For: 5. - 7. årstrinn Turnéperiode: Hausten 2009 Turnéområde: Ikkje fastsett

Omtale: Drakeflyging har vore populært i tusenvis av år. Med ny teknologi og nye materiale er moglegheitene for drakebygging utvida. Det same gjeld bruksområda. Drakebygging stimulerer ikkje berre fantasien, det syner òg nytten av matematikk og kunnskap og interesse om vêr og vind og ulike vêrfenomen. I Drakeverkstad får elevane først ein kort gjennomgang av ulike typar drakar og kategoriar, samt ei lita innføring i historia til draken. Dernest byggjer kvar elev sin eigen drake, og lærer å styre han.

Omtale: Norsk kultur er i endring. Nokre meiner at samfunnet endrar seg raskare i våre dagar på grunn av auka innvandring og globalisering, og at det lokale samfunnet difor står overfor større utfordringar enn tidligare. “Fiskeboller i karri” er ei utstilling som ønskjer å vise at norsk kultur, på same vis som alle andre kulturar, alltid har vore påverka av resten av verda. Gjennom å sjå nærare på norske mattradisjonar spesielt, diskuterer vi kulturtradisjonar og endringar generelt.


Potetkjellar i vest Med: Haakon Aase For: 5. – 7. årstrinn Turnéperiode: Hausten 2009, veke 38 og 39 Turnéområde: Lindås, Osterøy (totalt 5 skular)

Foto: Berit Bruvik

Omtale: Saman med Haakon Aase finn elevane ein potetkjellar i området der dei bur eller går på skule. I tillegg til å registrere kjellaren freistar dei finne ut mest mogleg om potetkjellaren, t.d. gjennom kontakt med folk som kan fortelje om kjellaren, særleg korleis han har vore brukt…

Du finn oss i naustet

Foto: Arne Høyland

Omtale: Elevar og lærarar blir invitert til rike opplevingar og kunnskapsauke kring sjøbruk, naust, kai, og sjøen som ferdsleveg og knutepunkt. Grunnideen er at elevane vitjar eit naustmiljø i gangavstand frå skulen, der dei saman med Arne Høyland gjer seg kjende med naustmiljøet før og no, og dokumenterer kulturminne.

KULTURMINNE

Med: Arne Høyland For: 7. årstrinn Turnéperiode: Hausten 2009, 8. sept. og veke 39, våren 2010 (periode ikkje fastsett) Turnéområde: Ulvik, Austevoll (hausten), Jondal, Ullensvang (våren)

39


Kultur er samfunnets hjerte. En svak kultur‌ et svakt hjerte. Jan Holden freelance skodespelar


SCENEEKUNST


Veldig, veldig bra. Frå start til slutt, kunne du høyrt den berømmelege knappenåla. Elevane lo og gav tilbakemelding på dei rette plassane. Når noko gjekk føre seg på golvet, reiste dei seg stille opp, for ikkje å gå glipp av noko! Lærar om Morgenfuglen

Foto: Sverre Chr. Jarild/ Thomas Saenger Foto: Ingun A. Mæhlum

SCENEKUNST 42

Poteter har ingen vinger

Morgenfuglen

Med: Ferske Scener For: 4. – 7. årstrinn Turnéperiode: Januar 2010 Turnéområde: Os, Stord

Med: Hege Haagenrud For: 1. – 4. årstrinn Turnéperiode: Våren 2009, veke 10 - 12 Turnéområde: Voss, Askøy

Omtale: Ei teaterframsyning om møtet mellom ein potet på rømmen frå ein potetmosfabrikk, og eit ektepar som sit fast i sorga over tapet av dottera som har vore daud i seks år når historia tar til. Dette er ei enkel historie om kor vanskeleg det kan vere å gå vidare, ei historie om å trenge hjelp og om gleda når sorga endeleg slepp taket.

Omtale: Danseteaterframsyning om den ekstremt trøtte morgonfuglen, og ikkje minst om to særs ulike søstrer; ei øm og omtenksam, ei eigen og egoistisk. Den egoistiske søstera har ein morgonfugl fanga i ei lita øskje. Den omtenksame søstera finn ein dag øskja og slepp fuglen fri. Vil han kome attende? Kven av søstrene vil han i så fall velje? Og kvifor er han så trøtt? Denne underfundige historia vert fortald gjennom dokker, tekst, dans og mime.


Foto: Marcus

Eg, eg og eg

H. C. Andersens fødselsdag

Med: Danseteater Dee For: 1. - 4. årstrinn Turnéperiode: Hausten 2009, veke 46 og 47 Turneområde: Masfjorden, Samnanger, Tysnes, Vaksdal, Øygarden

Med: Adele Lærum Duus For: 1. - 7. årstrinn Turnéperiode: Hausten 2009, veke 42, 43, 44 Turnéområde: Fusa, Granvin, Ulvik, Eidfjord Omtale: Kven var eigentleg H.C. Andersen, og kvifor skreiv han som han gjorde? Gjennom teater, musikk, bilete og drama blir vi kjent med mannen bak eventyra. Sjølv om han ville vore over 200 år, er han framleis levande og aktuell av di eventyra hans rommar tematikk som vedkjem oss i dag: Mobbing, kjærleik, sjølvgodskap, mot og mykje meir. Prosjektet har fleire målsetjingar; å formidla kunnskap om H. C. Andersen sitt liv og forfattarskap, gje elevane lyst til å lese meir av det han skreiv og i tillegg skape ei bevisstgjering om at eventyra hans inneheld fleire viktige bodskap enn dei som ligg heilt i overflata.

Veldig bra. Det er ikkje ofte å oppleva eit opplegg som engasjerer like mykje i 1. som i 7. Lærar om H. C. Andersens fødselsdag

SCENEKUNST

Omtale: “Eg, eg og eg” er ei solo danseframsyning kor dansaren granskar seg sjølv og ulike veremåtar som borna kjenner seg heime i. Ei leiken, humoristisk og ordlaus framsyning som tar i bruk element frå borna sin eigen kvardag. Tema i stykket er bornet si utforsking av seg sjølv og omgjevnadene. Det viser kven du er og kven du kan vere…

43


Heilt supert! Urolege elevar sat stille som mus og følgde med! Synes det seier det meste. Stykket fenga frå første til siste setning. Lærar om Noas Ark

Foto: Dukkenikkerne

SCENEKUNST 44

Foto/copyright: Brageteatret, 2003

Noas Ark

Ei natt i februar

Med: Dukkenikkerne For: 1. – 7. årstrinn Turnéperiode: Våren 2010, veke 4, 5 og 6 Turnéområde: Osterøy, Fitjar, Modalen, Sveio

Med: Hordaland Teater For: 1. - 7. årstrinn Turnéperiode: Hausten 2009, veke 42, 43, 44 Turnéområde: Austevoll, Etne, Odda

Omtale: Figurteaterframsyning etter bibelhistoria om syndefloda. Vi møter Naomi – Noa sitt barnebarn, ei jente som kan snakke med dyra. Dei blir hennar leikekameratar, for dei vaksne har det travelt med å byggje arken. Då hauken drep dueparet om bord, må ho ta ansvar for dei tre egga som ligg att. Korleis kan ho fylgje Noa sitt påbod om berre ei ho og ein han av kvart dyreslag om bord – utan å måtte la eit av egga vere att når vatnet kjem??

Omtale: “Ei natt i februar” av Staffan Göthe. Det er ei natt i februar. Ei stille og mørk natt. I rommet innanfor ligg guten og søv. Der inne. Der er tinga hans. Kleda som han hadde på seg i går og som han skal ha på seg att i morgon. Det har vore ein uhyggeleg dag…


Store Stemme Med: Store Stemme - Prosjektgruppe For: 8. – 10. årstrinn Turnéperiode: Hausten 2009, veke 43, 44, 45 Turnéområde: Lindås, Sund, Øygarden, Tysnes, Sveio, Etne

Foto: Siren Lauvdal

Så tag nu mina händer

SCENEKUNST

Med: Hege Haagenrud For: 8. – 10. årstrinn Turnéperiode: Hausten 2009, veke 45 - 47 Turnéområde: Austrheim, Radøy, Meland, Jondal, Ullensvang, Eidfjord, Kvam, Granvin, Ulvik, Osterøy, Fjell

Omtale: Framsyninga byggjer på forteljinga om indianaren Store Stemme, fortald av svartfot-høvdingen Lange Lanse i 1928. I eit indianarreservat i Canada mot slutten av 1800-talet, førde ei mistyding til den største menneskjejakta i Vestterritoriet si historie. Vi får oppleve korleis ulogiske og farlege situasjonar kan oppstå av di vi ikkje har nok kunnskap om kvarandre. Med å nytte figurar og formspråk, set gruppa fokus på kor viktig kunnskap og toleranse for andre kulturar er.

Omtale: Danseteaterframsyning om sakn og om å vente på nokon som ikkje kjem. Tankane, minna og førekjenslene til to jenter blir visualisert som film på eit stort lerret dansarane nyttar interaktivt på scena. Når dei går av scena går dei bak lerretet, og med det inn i filmen. Slik ser vi dei som tilstades mest heile tida, òg når dei ikkje er det reint fysisk!

45 Foto: Geir-Ove Andersen - Figurteateret i Nordland


Rart. Handlar om oss. Likte det vi såg. Noko å reflektera over. Likte effektane. Syntes skodespelarane var flinke. Elevar om Polyfonia

Mirad – guten frå Bosnia Med: Hordaland Teater. Produsert av Brageteatret For: 8. – 10. årstrinn Turnéperiode: Hausten 2009, veke 42, 43 og 44 Turnéområde: Bømlo, Kvinnherad, Voss, Stord, Odda Omtale: ”Mirad - guten frå Bosnia” av Ad de Bontei, er ei framsyning om ein gut som kjem til Noreg som flyktning, og om opplevingane han har frå eit krigsherja land. Dette er ei gripande historie om guten som skal byrje eit nytt liv i eit framand land, samtidig som han leitar etter foreldra sine. Foto: Transiteatret - Bergen

Polyfonia – eller født mot bedre vitende

SCENEKUNST 46

Med: Transiteateret – Bergen For: 9. – 10. årstrinn Turnéperiode: Hausten 2009, veke 46 og 47 Turnéområde: Askøy, Austevoll, Fusa, Samnanger, Vaksdal Omtale: I framsyninga vert det nytta høyrespelteknikkar, ulike lydbilete og lyddesign. Dette lydlandskapet, saman med skodespelarane sine handlingar på scenen og ein enkel scenografi, utgjer heilskapen i framsyninga; ei blanding av visuelt teater og høyrespel. Stykket tar opp dobbeltkommunikasjon, og peiker på korleis ungdom kan oppleve aukande motsetnad mellom det dei i røynda opplever, høyrer og vert fortald frå ulike hald...

Foto/copyright: Nils Maudal/Brageteatret


Operasjon Almenrausch Med: Samarbeidsprosjekt mellom Tore Vagn Lid, Vest-Agder fylkeskommune m. fl. For: Vidaregåande skule Turnéperiode: Hausten 2009, veke 44 og 45 Turnéområde: Bergen Omtale: Framsyninga “Operasjon Almenrausch” er eit visuelt høyrespel basert på dokumentarisk materiale frå 2. verdskrigen. Teaterstykket går i nærdialog med fleire sentrale utviklingstrekk i norsk og internasjonal historie i perioden 1917-1940. Historia som får liv i denne framsyninga er fortagd i norsk historieskriving. Historia strekk seg frå 1940, med oppbygginga av motstandsrørsla i Noreg, via kampar i byar og på fjellet, til forteiing og fornedring av motstandskjemparane i etterkrigsnoreg.

SCENEKUNST

Foto: Agder Teater

47


Aktørane overraska ved å trekka fram ein trommeslagar på lerretet på slutten: Det viste seg å vera ein sambygding! Tilfeldig, eller godt planlagt?? Kjempebra! lærar, Heavykatten


KUNSTARTAR I SAMSPEL


Foto: Teymor Zarré

KUNSTARTAR I SAMSPEL 50

Foto/copyright: Truls Horvei/Heavykattgjengen

Den magiske kappa

Heavykatten

Med: Det flerspråklige bibliotek, Deichmanske bibliotek. Formidlar: Linda Rios For: 2. – 4. årstrinn Turnéperiode: Våren 2010, veke 14, 15, 16 og 17 Turnéområde: Stord, Bømlo

Med: Roald Kaldestad, Roy Ole Førland og Stig Lundblad-Sandbakk For: 1. – 7. årstrinn Turnéperiode: Hausten 2009, veke 39 og 43 Turnéområde: Bømlo, Sund

Omtale: Vandreutstillinga ”Den magiske kappa” byr på eit lite stykke islamsk kunst. Stig inn gjennom Porten til Orienten, og Linda Rios tar oss med inn i ei forteljing… I sentrum av utstillinga står ein paviljong av glasmosaikk, laga i gammal, persisk tradisjon. Ideen bak utstillinga byggjer på barneboka ”En reise gjennom islamsk kunst” som finst i tospråklege utgåver på ei rekkje språk.

Omtale: Eit musikalsk møte med Heavykatten, Discodansemusa og Pinnsvinet Phillip. Vi er i øvingsrommet til eit band som ønskjer å spela tøff heavy-musikk, og det er ikkje greitt når bandet manglar trommis og gitaristen ikkje dukkar opp. Og når han først kjem, har han hovudet fullt av figurar! Dette er både ei musikalsk og ei litterær oppleving.

Opplegget var fengande og elevane var heilt med frå første gitarriff Lærar om Heavykatten


Dette tilbodet var supert for både elevar og vaksne. Vi opplevde at vi vart engasjerte alle saman, og opplegget passa svært godt til aldersgruppa. Lærar om Vitensenter på hjul

Bokbåten Epos Kulturprogram i samarbeid med Fylkesbiblioteket i Hordaland. Hausten 2009 Nordtur, 5. – 13. november: Møte med forfattar, illustratør og biletkunstnar Sissel Horndal og boka hennar ”Himmelspringaren”. Sørtur, 15. – 28. november: “Wergeland for de minste” med Karen Høie og Kulturproduksjoner. Foto: Stian Wiik

Våren 2010: 6. – 27. april. Dato og programmet er enno ikkje fastsett.

Vitensenter på hjul Med: VilVite - Bergen Vitensenter AS For: 1. – 10. årstrinn Turnéperiode: Hausten 2009, våren 2010 Turnéområde: Radøy, Stord, Odda, Voss, Fusa, Meland

Foto: VilVite, Vitensenter AS

Omtale: Ein annleis skuledag full av opplevingar, med fokus på å skape interesse kring naturvitskaplege fag! Med seg til skulen har Vitensenteret eit oppsiktsvekkjande show, utstyr, eit mobilt planetarium og opplegg til undervisingstimar. Dagen vert avslutta med lærarkurs.

KUNSTARTAR I SAMSPEL

Meir informasjon om program, tid og stad på: http://www.bokbaten.no/

51


Foto: Morten Kutschera

KUNSTARTAR I SAMSPEL 52

Foto: Stig Sandbakk

Sjekk det håret!

Frå Hauge til haiku

Med: Utstillinga er eit samarbeid mellom ei rekkje arkiv, bibliotek og museum i Hordaland. Elev og lærarstyrd For: 8. – 10. årstrinn Turnéperiode: Hausten 2009, veke 41 – 48 og våren 2010 Turnéområde: Stord (hausten). Våren 2010 (område ikkje fastsett)

Med: Truls Horvei og Roy Ole Førland For: 8. - 10. årstrinn Turnéperiode: Hausten 2009, veke 40 og 48 Turnéområde: Modalen, Kvinnherad, Vaksdal

Omtale: Med å setje fokus på håret si tyding, og på kva menneske gjer med hår på ulike stader til ulike tider, set utstillinga fokus på håret si politiske, sosiale, religiøse og symbolske rolle. Vandreutstilling med eit rikt bilet- og tekstmateriale, filmog lydspor, samt mange temaoppgåver på kryss og tvers av fag. Lærarrettleiing, arbeidshefte og anna materiell følgjer utstillinga. Det er òg laga ei nettside.

Omtale: Haikudikting og elektronikamusikk med ulike modular tilpassa skulane. Alle elevane får sjå ei framsyning der utgangspunktet er møtet mellom dikta til Olav H. Hauge, haikudikt og elektroniske klangbilete/elektronika. Her er rom for mykje improvisasjon med grunnlag i innspel frå publikum. Miniverkstad: Horvei og Førland har møte med utvalde grupper/klasser. Føremålet er ei viss fordjuping og praktisering av haiku og elektronika. Dette er både ei musikalsk og ei litterær oppleving.


Fakta

Skulekonsertordninga Hordaland fylkeskommune og Rikskonsertane oppretta i 1991 ein samarbeidsavtale om produksjon og turnèplanlegging av skulekonsertar i fylket. Kultur- og idrettsavdelinga i Hordaland fylkeskommune har i dag ansvar for 75% av samtlege skulekonsertar til born og unge i grunnskulane i fylket. Rikskonsertane si skulekonsertordning dekkjer i dag 99,7% av alle grunnskulane i landet og er statleg finansiert over budsjettet til Kultur- og kyrkjedepartementet. Kvart år gjennomfører rundt 800 musikarar 10 000 skulekonsertar i Noreg.

Den kulturelle skolesekken Hordaland fylkeskommune starta med Den kulturelle skolesekken (DKS) i 2001. Ordninga har vorte gradvis utvida. I dag får alle elevar i grunnskulen kunst- og kulturtilbod. Frå 2007 er ordninga også utvida til vidaregåande opplæring. DKS i Hordaland er organiset med eit styre og eit råd. I styret sit utdanningsdirektøren hos Fylkesmannen i Hordaland og fylkeskultursjefen i Hordaland fylkeskommune. Rådet består av leiar for DKS i Hordaland og representantar frå dei fem regionane i fylket, Bergen kommune, Norsk Kulturforum (NOKU), Kultur- og ressursutvalet (KURE) og Kultur- og idrettsavdelinga. DKS er ei statleg ordning som i all hovudsak er finansiert av overskotet av spelemidlane til Norsk Tipping AS. Det daglege ansvaret er lagt til Sekretariatet for Den kulturelle skolesekken, i ABM-utvikling. Nasjonale aktørar i DKS er Rikskonsertane, ABM-utvikling, Norsk scenekunstbruk, Film&Kino, Norsk forfattersentrum og Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design

* Hordaland fylkeskommune nyttar årleg ca 15 millionar kroner til til kunst og kulturformidling i skulane. av dette vert ca. 4 mill. kroner fordelt til kommunane *om lag 70 ulike produksjonar innan ulike kunstuttrykk årleg * om lag 200 utøvarar vert årleg engasjert av Hordaland fylkeskommune * det vert i stor grad nytta utøvarar frå Hordaland men og nasjonale og internasjonale utøvarar vert engasjert * samarbeider med nasjonale regionale institusjonar og kunstmiljø * Meir en 60000 elevar i grunnskule og vidaregåande opplæring får kvart år tilbod om produksjonar av høg kvalitet * Hordaland fylkeskommune er ein stor og viktig arbeidsplass for frilanskunstnarar

Elevar som arrangørar I samarbeid med Rikskonsertane og Musikk i Skolen inviterer Hordaland fylkeskommune ungdomsskulane til kurset “Elevar som arrangørar”. Elevar og lærarar får tilbod om å delta på dagskurs i å arrangere konsertar og andre kulturarrangement. Hausten 2009 er siste omgang i Hordaland, og invitasjonen har gått ut til skulane i Samnanger, Fusa, Voss, Granvin, Ulvik, Vaksdal, Eidfjord, Jondal, Kvam, Odda, Ullensvang, Etne, Kvinnherad, Austevoll, Bømlo, Fitjar, Stord og Sveio. Gjennomføring 22. - 25. september. Les meir på http://dks-hordaland.no/ og http://www.rikskonsertene.no/


Gjennom Den kulturelle skolesekken opplever born på Hardanger fartøyvernsenter historia gjennom kroppslege erfaringar med roing, spikking, høvling og legging av bastetau. Dette er eit eksempel på det mangfald av tilbod som skuleelevar rundt om i landet får frå musea i sitt nærområde. Kulturarv er eit av temaområda i Den kulturelle skolesekken, og musea er ein viktig innhaldsleverandør til dette fagfeltet. I Noreg har me ein desentralisert museumsstruktur, og dette nyt norske elevar godt av. Dei fleste grunnskuleelevar har eit ”eige” lokalmuseum, og har dermed ein direkte tilgang til profesjonelle kulturvitarar. Sjølv om musea alltid har drive med formidling og undervisning for born og unge, har Den kulturelle skolesekken i mange høve fungert som eit nytt og viktig bindeledd mellom skuleverket og  musea.     Trude Hoflandsdal Letnes Direktør Hardanger og Voss museum

Den kulturelle skolesekken i Hordaland dekker eit stort spekter av kulturtilbod. Ein får på denne måten stimulert elevar og lærarar til å jobbe med kunstfag på ein god måte. Framsyningar, konsertar og utstillingar er av høg kvalitet. Dette er med å stimulere elevar og lærarar til å bli opptatt av kunst og kunsten sine verdiar. Fjellsekken ser det som viktig at ein bruker lokale kunstnarar. Vi har med bakgrunn i dette t.d. arrangert kunstkurs med lokale kunstnarar. Lokalhistorie blir til dømes ivaretatt av Nordsjøfartsmuseet. Innanfor arkitektur og film vil ein samarbeide med til dømes Kystmuseet. Interkommunalt samarbeid er viktig, og ein har saman med Askøy, Sund og Øygarden samarbeidd om fleire prosjekt. Bjørn Andersen og Erika Kroken Fjell kommune

“Vanskeligheten med å beskrive den spesielle følelsen det er å starte dagen med å se inn i 150 par åpne og forventningsfulle barneøyne... som venter på hva du har å fortelle... og som gjør rettmessig krav på KVALITET!” Det å spille for barn og unge er å være “våken”. Det straffer seg fort å sovne i timen...Men det koster av konsentrasjon, innsats, oppmerksomhet belønnes fort ved gleden og “kicket” man kan se mange får ved å oppleve LEVENDE/EKTE musikk tett på. For mange er dette helt tydelig en ny og skjellsettende opplevelse. I en nåtid med mye “manipulert” musikk er denne oppgaven viktig å gi et bidrag til. Når man samtidig opplever at det som fungerer best er når det musiserer 100% på musikkens egne premisser, og en benytter musikkspråkets egne virkemidler; (dynamikk, temposkift, konkrete melodiske linjer, abstrakte sounds osv.),for å fortelle “historier”, så blir det for oss utøvere en særs meningsfyllt konsertsitusjon...og ikke en tilgjort forestilling ovenfra og ned for “barn”. Har man en god blanding av gjenkjennelighet og overraskelser(improvisasjon) i forestillingen, blir dette som å spille en hvilken som helst konsert. Er musikken interessant blir oppmerksomheten fra publikum inntakt. At bar og unge er et krevende publikum i kraft av sin ærlighet, gjør utfordringen ikke mindre...og erfaringene man får ved å håndtere de kreftene som kommer i bevegelse i en skolekonsert, blir fort en “mal” for enhver spillesituasjon. Per Jørgensen musiker


Kultur- og idrettsavdelinga tlf 55 23 91 85 www.dks-hordaland.no

HFK 2009 test  

Presentasjonstest

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you