8 innhaldsrike linjer Eit fantastisk år! SUNNFJORD FOLKEHØGSKULE
På Dans Idrett får du danse og trene kvar dag! Ved å bruke kroppen vil du kjenne på meistring og utvikle betre fysisk form. Du får vere med på tur til fantastiske Rio de Janeiro og London.
Som elev på Dans Idrett er du svært delaktig i skulen si store musi kalsatsing. Skulen produserer musikal og teater-forestillingar som framstår som profesjonelle.
Dei siste åra har vi produsert Children og Eden, Folk og Røvere i Kardemomme By, Kaptein Sabeltann, Hairspray, High school musikal m.m.
I tillegg til dans vil du også få tilgang til skulen sitt oppdaterte tre ningsstudio. Du vil også få delta på saltreningar, fjellturar, beach-akti vitetar, fellestreningar med andre klassar.
Dansehuset, fotoshoot og workshop
På Sunnfjord Folkehøgskule har vi eit eige dansehus. Her er det to lyse og flotte dansesalar med kvalitetsgolv for dans, lydanlegg og lange speglveggar.
Her har kan du vere i aktivitet nesten døgnet rundt!
Vi har foto-shoot på stor scene med lys, scenerøyk og profesjonell fo tograf! Vi lagar musikkvideo av dansar og video av aktivitetar på linja. Du får workshop med profesjonell dansar frå England som underviser i Commercial Dance/Street Dance/HipHop. Han har brei erfaring som dansar, danseinstruktør og koreograf.
Studietur til Rio de Janeiro og London
Dans Idrett
Foto: David Zadig
Foto: Arve Ullebø
Bli betre i E-sport! Vi jobbar saman for å bli betre ved bruk av analyse, coaching og kommunikasjon.På linja vil du også få ein aktiv kvardag med styrketrening og andre idrettar.
E-sport har blitt stort dei siste åra, og er ein naturleg del av ungdom sin kvardag. Her kan du kan kombinere å utvikle deg innanfor e-sport, samtidig som du har eit aktivt liv. Vi skal drive idrett og leik, og vi skal trene både i treningsstudio, gymsal og ute i flott vestlandsnatur!
CS og Valorant
Linja vil ha hovudfokus på CS og Valorant. Gjennom analyse av eige og andre sitt spel vil vi difor utvikle oss som spelarar og lagkameratar. På E-sport kan du oppleve ein god, variert kvardag, med god mulig het for både mental og fysisk meistring. Denne linja er for alle som har interesse og lidenskap for E-sport. Vi ønskjer alle velkommen, uavhengig av nivå. Det viktigaste er at du er motivert til å bli betre, og lyst til å utfordre deg sjølv.
På E-Sport Aktiv brukar vi både gymsal og treningsstudioet i under visninga. Vi ser i større og større grad at fysisk trening i E-Sport virkar prestasjonsfremjande for utøvarane. På treningsstudiet vil du få hjelp til å lage eit program som passar til deg. Vi skal også prøve oss i klatreveggen.
Studietur til Fuerteventura
E-sport Aktiv
Foto: David Zadig
Foto: Arne Håberg
Har du lyst på eit år med mykje fart og spenning? Køyre botnlaus pudder? Bestige nokre av Norges absolutt flottaste fjell? Då er Sunnfjord plassen for deg!
Skulen ligg midt mellom Jostedalsbreen i aust og havet i vest. Her finn du nokre av dei finaste klatre- og turfjella i Noreg!
Vi utforskar enorm vestlandsnatur i Jølster, Jostedalen, Sogndalsdalen, Hurrungane/Jotun heimen og Sunnmørsalpane. Opplevingar
Fjellsport Freeride er en linje for deg som liker et adrenalin-kick. Vi skal ha eit år med mykje utandørsaktivitet. Her vil vi utforske fjell, fjord, elvar og dalar. Du vil utvikle dine ferdigheiter i å bu ute i telt og gapa huk, lære å handtere kulde, ferdast i bratt terreng, be dømme skredfare og navigere etter kart og kompass.
Linjeturen vår går til Alpane, frå Cervinia Breuil i Italia og vidare til Verbier i Sveits. Her skal vi gå toppturar, stå på ski i verdas største skisenter og besøke Free ride World Tour for å få sjå verdas beste skikjørarar i aksjon.
Studieturen er den ultimate opplevinga for deg som vil utvikle deg som skikøyrar og som ynskjer å sette svingar i Alpanes legendariske snø. Fjellsport Freeride reiser i mars – blir du med oss?
Studietur
Fjellsport Freeride
til Alpane, Italia og Sveits
Foto: Peder Broch-Due
Foto: David Zadig
Vil du spele volleyball? Hos oss skal du få trene kvar dag! Gjennom trening, kampar og turneringar vil du oppleve idrettsglede og meistring saman med andre.
På volleyballinja kan du få satse fullt på volleyball eit heilt år. Du kan få kombinere toppsatsing med eit spennande folkehøgskuleår.
Volleyballinja er størst og eldst i sitt slag i Norge. Mange av dagens elitespelarar har vore elevar hos oss. Vi skal spele i 2.divisjon og delta på ulike turneringar. Vi prøvar alltid å kvalifisere oss med både dame, herre og mix-lag til Skule-NM. Kvalifiseringa skjer gjennom Skule-RM som vert arrangert lokalt i november. I januar er det landsfinale. Dette er Norgesmesterskap for Videregå ande skular og Folkehøgskular. Sunnfjord FHS har som målsetting å ta ein eller fleire medaljar i Skule-NM kvart år. Dette har vi oftast klart, og det er vi veldig stolte over!
Kven passar linja for?
På Volleyball-linja forventar vi at du ønskjer å utvikle dine ferdigheiter og kunnskap om volleyball.
Det vert høg treningsbelastning og ein hektisk kvardag.
Vi er ikkje opptatt av kva nivå du har i dag. Hos oss er alle velkomne uansett erfaring!
Vår visjon er ikkje kun å undervise i volleyball, men å inspirere, motivere, å utvikle menneske både på og utanfor bana.
Med andre ord: Menneske først, så volleyball.
Studietur til Rio de Janeiro
Volley ball
Foto: David Zadig
Foto: Arne Håberg
Vil du spele beachvolleyball og volleyball? Hos oss skal du få trene med ball nesten kvar dag! Gjennom trening, kampar og turneringar vil du oppleve idrettsglede og meistring både i sanden og i idrettshallen.
Beachvolleyball
Beachvolleyball har prioritet tidleg på hausten og på slutten av vår-semesteret, samt på stu dieturane til Gøteborg og Rio de Janeiro. Skulen har to nye beachbaner 50 meter frå interna tet. I tillegg har vi eit stort og fint anlegg i Hafstadparken berre ein kilometer frå skulen, med fire baner.
Volleyball
Beach & Volleyball samarbeider tett med og har det meste av undervisninga saman med Volleyballinja. Vi skal spele i 2.divisjon og delta på ulike turneringar. Vi prøvar alltid å kvalifisere oss med både dame, herre og mix-lag til Skule-NM. Sunnfjord FHS har som målset ting å ta ein eller fleire medaljar i Skule-NM kvart år. Dette har vi oftast klart, og det er vi veldig stolte over!
På Volleyball-linja forventar vi at du ønskjer å utvikle dine ferdigheiter og kunnskap om volleyball. Det vert høg treningsbelastning og ein hektisk kvardag. Vi er ikkje opptatt av kva nivå du har i dag. Hos oss er alle velkomne uansett erfaring!
Studietur til Rio de Janeiro
Beach og volleyball
Foto: David Zadig
Foto: Arne Håberg
Muskallinja – scena er di! Du får proff undervisning i song, teater og dans, Du får sette opp førestillingar på små og store scener. Workshops i London. Lærar med internasjonal erfaring.
Du står på scena saman med mange andre, musikken løfter rommet, du syng, dansar og tek i mot applaus frå en stappfull sal!
Eller kanskje du sat som publikummar med gåsehud og tenkte «det der vil eg også vere ein del av!» Då er musikal-linja perfekt for akkurat deg, for her er det plass til alle, uansett erfaring!
Utvikle deg
Musikal Teater på Sunnfjord Folkehøgskule har som mål å gje deg mu ligheit til å utvikle deg i eit miljø med proffe lærarar både i dans, song og teater!
Vi har forestillingar på linja som vi reiser på turné med, og vi har felles musikal for heile skulen. På studieturen får du også oppleve forstillin gar i London.
Det blir workshops med profesjonelle musikalartistar, regissørar og koreografar i London. Vi har og workshop med kjende regissørar og musikalartistar på skulen.
Du får utvikle deg som songar, dansar og skodespelar i løpet av eit heilt år med fokus på alt det ein musikal har å tilby.
Studietur til London
Musikal Teater
Foto: Arne Håberg
Foto: David Zadig
Er du opptatt av å skape din eigen stil samtidig som du er miljø-smart? Her lærer du mønsterkonstruksjon og materialkunnskap, slik at du kan lage klede som passar akkurat DEG på alle måtar.
Redesign og fokus på gjenbruk blir kombinert med syferdigheiter, og du får eit klesskap med minimalt økologisk fotavtrykk. Du får du opplæring i saum av ferdige mønster og mønsterkonstruksjon. Du vil lære om uli ke materialar, slik at du kan lage klede som vil vare lenge. Det blir også fokus på ulike reparasjonsteknikkar. Truleg vil du oppdage at klede du legg mykje arbeid i, blir desto meir verdifulle for deg. Ein garderobe som er snill mot miljøet treng ikkje å vere kjedeleg, eller bestå av veldig få plagg. Her lærer du det du treng for å skape ein perfekt garderobe.
På din måte
Du treng ingen forkunnskapar. Du treng ikkje å kunne sy frå før, og du må vere innstilt på at det kan ta tid å få gode resultat. Du må vere villig til å prøve, feile og prøve igjen, vere lærevillig og utforske dine kreative sider.
Kanskje du er lei av å støtte eit overforbrukssamfunn? Eller du synes at det er vanskeleg å finne klede som sit akkurat som du ønskjer? Eller du synes at trendar ikkje alltid passar deg. Då er dette linja for deg.
Studietur til London og Paris
Slow Fashion
Foto: Arne Håberg
Foto: David Zadig
Du vil få eit år med ballidrett og frifluftsliv! Du vil få trene variert og prøve ut mange idrettar og vere med på eventyrlege opplevingar i storslått vestlandsnatur.
Sport Adventure er ei idretts- og friluftslinje der opplevinga står i sen trum. Idrettsdelen består mykje av ballidrettar som fotball, volleyball og innebandy, men vi skal også prøve ut andre idrettar. Etter eit år på Sport Adventure vil du sitte att med erfaringar du tek med deg vidare i livet.
Både sport og eventyr
Sport Adventure er ei allsidig linje der du får prøve deg i svært mange ulike idrettar. Skulen deltek også på fotballturerningar og volleyballturneringar.
Vi skal gå Via Ferrata i Loen, noko som er ei stor na turoppleving. Dette er ei klatrerute som er mulig for dei aller fleste å gjennomføre. Følelsen av å stå på toppen av Hoven etter gjennomført tur er det lite som slår.
Du vil få vere med på fjellturar, både på ski og til fots, med utsikt som gir fred i sjela. Du skal få lære å lage bål og lage mat ute i naturen.
Sport Adventure
Studietur til Rio de Janeiro
Foto: David Zadig
Tilpassa Sunnfjord er ikkje ei linje, men vårt omgrep for å fortelje at vi vil ein skule der alle skal vere ønska og velkomne, også om ein treng tilpassingar for å fungere bra. Elevar med spesielle behov er velkomne til å søke på Sunnfjord Folkehøgskule. Dette kan vere ulike typer utvklingshemming, rørslehemming eller anna funksjonshemming, eller det kan vere andre tilpasningsbehov, som til dømes at du har omsorg for eit lite barn.
Ofte er det berre små tilpassingar som skal til. Då søker du direkte på den linja du søker på. Ta kontakt med skulen på epost så snart du veit at det er noko som kanskje bør tilpassast eller om du er usikker på det. Gi oss beskjed i god tid slik at vi kan legge til rette for deg.
Fagleg og sosialt
Vi tilpassar så langt det er mogleg slik at du kan delta på linje med dei andre. Det kan f.eks. v ere:
• Legge til rette for pausar
• Finne alternative løysingar om aktivitetane blir for omfattande
• Vi har fokus på ein god og trygg oppstart og eit inkluderande miljø
Vi har internatleiar, miljøkoordinator, miljøarbeida rar og andre tilsette som du kan snakke med om du ønskjer det.
Ta kontakt med oss for å høyre kva vi kan gjere for å legge til rette for dine behov.
Tilpassa Sunnfjord
Foto: Arne Håberg
Foto: Arne Håberg
Alle linjene reiser på stu dieturar, nokre langt borta - andre ikkje fullt så langt. Studieturane er inkluderte i linjeprisen, også måltida på turane.
Studieturane er viktige for læringa på linja.
Studieturar for alle linjene
Heile skulen reiser også på turar saman. Dette er viktig for å gode opplevingar saman også med dei ein ikkje går på linja saman med. Det kan vere dagsturar og det kan vere turar med overnattingar. Ofte inneber desse turane fine na turopplevingar.
Turar for alle
Alle elevane er med på å framføre ein stor musikal. Vanlegvis blir den oppført på kulturhuset si store scene. Musikal Teater og Dans Idrett utgjer grunn stammen i musikalen, men alle elevane er inviterte til audistion til små og store roller. Det er også mange praktiske oppgåver å utføre når vi skal sette opp ei stor forestilling. Foreldre og familiane blir inviterte som publikum når musikalen blir framført, det skjer på vårsemesteret.
Musikal for alle
Foto: Johan Furre
Foto: Arne Håberg
Foto: Arne Håberg
Foto framsida: David Zadig Design: Arne Håberg nov 2022 Sport Adventure Dans Idrett Fjellsport Freeride Volleyball Beach og volleyball Musikal Teater Slow Fashion E-sport Aktiv Tilpassa Sunnfjord SUNNFJORD FOLKEHØGSKULE Solvang 3, 6810 Førde - kontor@sunnfjord.fhs.no -tlf 5782 9960