![]()
Eit år fylt med Jazz, Contemporary, musikaldans, hiphop, samba! Du vil utvikle deg som dansar. Trene allsidig og pushe deg sjølv fysisk. Eit år med innsats, lagarbeid og meistring. Sette deg mål som vi kan hjelpe deg med å nå i løpet av året!
Denne linja passar for deg som vil utfordre og utvikle deg som dansar, trene allsidig og pushe deg sjølv fysisk, eit år der innsats og lagarbeid er alfa omega
• Ikkje minst: Oppleve meistring!
Vi har treningshus med 2 store dansesa lar, spinningsal og topp moderne treningsstudio på skulen. Du kan melde deg opp i ballett eksamen som du kan ta på slutten av året. Skulen satsar stort på fullskala musikalforestilling kvart år, som har høg kvalitet over seg.
Skulen produserer musikal/teater-forestillin gar som framstår som profesjonelle. Grease, Hairspray, FAME, Hakkebakkeskogen, High School musikal, Folk og Røvere i Kardemom me By og Barn av Eden er forestillingar vi har gjort. Her får du alle tiders muligheit til å oppleve korleis det er å produsere slike
forestillingar frå start til slutt. Regi, koreografi, scenografi, musikk, kostyme, sminke og alt det som høyrer med får du vere en del av. Linja har også eigen danseforestilling for sku len der vi viser fram dansar og koreografiar som vi jobbar med gjennom året.
Vi resier til London: Fokus på dans og forstil lingar, og vi ser kjende og ukjende musikal forestillingar og danseforestillingar.
Vi reiser til Fuerteventura på Kanariøyane for å drive allsidig idrett og sport, oppleve fellesskap og fin natur.
Studieturane er inkudert i linjeprisen på Sunnfjord Folkehøgskule.
Bli betre i e-sport, og får du ein aktiv kvardag med klatring, styrketrening, volleyball m.m. Vi jobbar saman for å bli betre gjennom analyse og kritisk tenking.
Vil du utfordre deg sjølv innanfor e-sport, eller berre bli betre? Det tek tid og innsats. Likevel vil du vere med å knuse alle myter om at gamer-folket er skjermvrak som ikkje har eit anna liv. Vi skal drive idrett og leik, og vi skal trene både i treningsstudio, gymsal og ute. Nemnte vi unike naturforhold?
E-sport pluss aktivitet Sunnfjord Folkehøgskule har en lang tradisjon i konkuranseidrettar med Norges mestvinnande volleyballag blant folkehøgsku lar i i Skule-NM.
Her på E-sport aktiv vil vi bygge vidare på denne gode tradisjonen. Ved å fokusere på lagbygging og individuelle ferdigheiter, er ambisjonsnivået at du skal bli betre både som enkeltperson og som lagspelar.
Denne linja er for alle som har interesse
og lidenskap for E-sport. Linja bygger rundt prinsippet om breiddeidrett, og vi ønskjer alle velkommen, uavhengig av nivå.
Skulen har både gymsal og styrkerom. På E-Sport Aktiv vil vi bruke dette aktivt i under visninga.
Opplegget på linja er slik at du kan spele Overwatch, League of legends, CS:GO eller Heartstone. Uavhengig av kva spel du spelar, vil du finne ein plass på E-sport Aktiv.
Vi reiser til Fuerteventura på Kanariøyane for å drive allsidig idrett og sport, oppleve fellesskap og fin natur.
Studieturane er inkudert i linjeprisen på Sunnfjord Folkehøgskule.
Har du lyst på eit år med masse fart og spenning? Kjøre bot nlaus pudder? Bestige nokre av Norges absolutt flottaste fjell? Oppleve å vere ein del av naturen?
Vi utforskar enorm vestlandsnatur i Star dalen, Jølster, Jostedalen, Sogndalsdalen, Hurrungane (Jotunheimen), Sunnmørsalpene, Nordfjord.
Vi skal ha eit år med mykje utandørs aktivitet. Her vil vi utforske fjell, fjord, elvar og dalar, med forskjellege framkomstmiddel og typer bustader.
Du vil utvikle dine ferdigheiter i å bu ute i telt og gapahuk, du vil lære å handtere kulde, ferdast i bratt terreng, og bedømme skred fare. Du vil bli betre på å navigere etter kart og kompass, og legge til rette for dine eigne eventyr i framtida.
Linja passa for deg som likar å vere ute og oppleve fart og spenning. Du treng ikkje vere spesielt flink på ski, ha god kondis eller kunne klatre, men du må like å ta utfordringar og
ikkje ta deg sjølv alt for seriøst. Det er viktig at du er glad i leik og synest at det er kjekt å lære nye ting. Vi skal ha mykje moro!
Dette året skal vi bruke naturen aktivt, og det er viktig å ta vare på den og gi noko tilba ke, for vi vil jo at generasjonane etter oss skal kunne ha dei same fantastiske opplevingane ute i naturen som vi!
Difor skal vi reparere jakker og bukser med hol, fikse skisko, ski og bindingar som går i stykke og bidra med å gjere nærmiljøet reinare.
Linjeturen vår går til Cervinia Breuil i Italia, Zermatt og Verbier i Sveits. Her skal vi gå toppturar, stå på ski i verdas største skisenter.
Eventyrlege opplevingar ute, episk gaming inne. Kajakk, surfing og mykje mer. Vi jobbar med spel frå ulike sjangrar og strategisk tenking og analyse. Vi dreg på kortare friluftsturar og driv med mykje idrett.
Vil du ha eit år der du kombinerer å game med å vere ute og utforske den ville natu ren på Vestlandet? Vi brukar mykje tid på å game, men også å jobbe med tema rundt gaming. Vi diskuterer metodar for å bli betre, og vi reflekterer rundt kvifor vi gamar. Strate gisk tenking og analyse er høgst aktuelt både i gaming og i friluftsliv. Her vil klasserommet vere både ute og inne.
Viss du vil ha eit år med mykje aktivitet og opplevingar kombinert med gaming er denne linja for deg. Forsking viser gong på gong at ein av dei beste måtane å bli betre er gjennom samarbeid. Vi jobbar målretta med dette, både inne og ute. Gjennom analyse av sine eigne og andre sine handlingar, vil vi kunne lære av kvarandre og bli betre i det vi driv med.
Dersom du er glad i gaming, men også vil ha andre opplevingar og eit rikt sosialt liv, vil du ha stor glede av Gaming Adventure på Sunnfjord Folkehøgskule.
Skulen har tilgang på utandørs idrettsan legg, gymsal, styrkerom og en vill natur. På Gaming Adventure vil vi bruke dette aktivt i undervisninga. Vi skal bruke treningsstudio, der vil du få hjelp til å lage eit program som passar til deg. Vi skal også bruke klatresenter med både buldring og klatring.
Vi reiser til Fuerteventura på Kanariøyane for å drive allsidig idrett og sport, oppleve fellesskap og fin natur.
Studieturane er inkudert i linjeprisen på Sunnfjord Folkehøgskule.
Er du opptatt av å skape din eigen stil, samtidig som du tar berekraftige val? Her lærer du mønsterkonstruksjon og ma terialkunnskap, slik at du kan lage klede som passar akkurat DEG på alle måtar.
Ein berekraftig garderobe treng ikkje å vere kjedeleg, eller bestå av veldig få plagg. Her lærer du det du treng for å skape ein perfekt garderobe.
Lag dine eigne klede Redesign og fokus på gjenbruk blir kombi nert med syferdigheiter, og du får eit klesskap med minimalt økologisk fotavtrykk. Du får du opplæring i saum av ferdige mønster og mønsterkonstruksjon. Du lærer om ulike materialar, slik at du kan lage klede som vil vare lenge.
Du vil også lære strikking. Her vil du både lære om ulike garn og materialar, og alle teknikkar du treng for å strikke det du ønskjer. Kanskje vil du ende opp med eit plagg strikka etter eit mønster du sjølv har laga, i eit garn du sjølv har farga?
Linja passar for deg som ønskjer å skape
dine eigne klede, lære syferdigheiter og som tenkjer at det er bra å bruke litt tid på å pro dusere eigne plagg. Du treng ingen forkunn skapar.
Lei av forbrukssamfunnet?
Kanskje du er lei av å støtte eit overfor brukssamfunn? Eller synes at det er vanskeleg å finne klede som sit akkurat som du ønskjer.
Eller du synes at trendar ikkje alltid passar deg. Då er dette linja for deg.
Studieturen på denne linja er flyfri. Det betyr at vi reiser dit det går tog og buss, og at vi held oss i Europa. Reisemål er ikkje heilt bestemt enno, men aktuelle reisemål er Oslo, Stockholm, København og Berlin.
Stideturane på Sunnfjord Folkehøgskule er inkludert i linjeprisen.
Muskallinja – scena er di! Du får proff undervisning i song, teater og dans, Du får sette opp forestillingar på små og store scener. Workshops i London. Lærar med internasjonal erfa ring. Fullskala musikaloppsetting.
Du står på scena saman med mange andre, musikken løfter rommet, du syng, dansar og mottar applaus frå en stappfull sal! Eller kan skje du sat som publikummar med gåsehud og tenkte «det der vil eg også vere en del av!» Då er musikal-linja perfekt for akku rat deg, for her er det plass til alle uansett erfaring!
Musikal Teater på Sunnfjord Folkehøgskule har som mål å gje deg muligheit til å utvikle deg i eit profesjonelt miljø. Målet er å bygge opp eit godt grunnlag og førebu deg til vidare utdanning innan teater og musikal-teater.
Tidlegare erfaring med te ater er ikkje viktig. Innsats, ønskje om å jobbe seriøst og utfordre deg sjølv er det viktigaste!
På musikal-linja lærer du song, dans og teater, og du får tid til å fokusere på teknikk
og formidling. Noko av undervisninga vil skje saman med danselinja på skulen.
Vi vil ha masterklasser med kjende skode spelarar og regissørar frå Norge og England. Nokon kjem til skulen, andre vil vi treffe gjennom studieturane våre.
På musikallinja vil du ha faste timar med dans. Her vil du lære grunnleggande teknikk innanfor jazz og musikal-dans. Vi vil danse mange ulike typer musikaldansar og jazzsjangrar. Målet er at du som musikalartist skal kunne lære koreografi og ta del i dansenum mer under musikalforestillingar.
Der vil vi sjå mange ulike forestillingar og møte og ha workshops med profesjonelle skodespelarar, musikalartister, koreografar og regissørar. Studieturane på Sunnfjord Folke høgskule er inkludert i lilnjeprisen.
Foto: David ZadigVil du spele beachvolleyball og volleyball? Hos oss skal du få trene med ball nesten kvar dag! Gjennom trening, kampar og turneringar skal du få oppleve idrettsglede og meistring både i sanden og i idrettshallen.
Beachvolleyball har prioritet tidleg på hausten og på slutten av vårsemesteret, samt på studieturane til Gøteborg og Kanariøye ne. Skulen har to nye beachbaner 50 meter frå internatet. I tillegg har vi eit stort og fint anlegg i Hafstadparken berre ein kilometer frå skulen, med fire baner.
Beach og Volleyball har det meste av undervisninga saman med Volleyballinja. Vi skal spele i 2.divisjon og delta på ulike turne ringar. Vi prøvar alltid å kvalifisere oss med både dame, herre og mix-lag til Skule-NM. Kvalifiseringa skjer gjennom Skule-RM som vert arrangert lokalt i november. I januar er det landsfinale. Dette er Norgesmesterskap for Videregåande skular og Folkehøgskular.
Sunnfjord FHS har som målsetting å ta ein eller fleire medaljar i Skule-NM kvart år. Dette har vi oftast klart, og det er vi veldig stolte over!
Vi har profesjonelle trenarar som har lang erfaring med å tilpasse trening til ulike nivå. Idrettsglede, meistring og lagspel er sentralt i alt vi gjer. Vår visjon er ikkje kun å undervi se i volleyball, men å inspirere, motivere, å utvikle menneske både på og utanfor bana. Med andre ord: Menneske først, så volleyball.
Treningsopphald på Kanariøyane.
Dette er staden der den europeiske beacheliten gjer seg klar for ein ny sesong. Desti nasjon for studieturen kan bli endra fram til skulestart. Studieturane på Sunnfjord er inkludert i linjeprisen.
Du skal få trene variert og prøve ut mange idrettar, og du skal på eventyrlege opplevingar i storslått vestlandsnatur.
Alt dette skal du gjere saman med ungdom på din eigen alder. Den fellesskapsfølelsen og dei vennskapsbanda eit år på Sport Adventu re gir, er noko du kjem til å ha med deg vidare i livet.
Nokre av aktivitetane: Surfetur til Hoddevi ka, klatre Via Ferrata i Loen, rafting, fotball, basketball, sirkeltrening, volleyball, orien tering, spinning, badminton, frisbeegolf, langrenn, topptur.
Vi starter normalt opp med fotball og beachvolleyball. I november skal vi delta på skulemeisterskap i volleyball. Då stiller Sport Adventure lag i mix-klassen. Det blir naturlig å trene mot dette i tida før. Dette er ei volley ballturnering der vi gjer vårt beste og har det samtidig gøyast av alle. I desember skal skulen delta på Nordvestcup i fotball som er ei turnering for folkehøgskular.
I gymsalen skal vi spele forskjellige ballidret tar og i treningsstudio trener vi minst èin
gong i veka. Vårt nye treningsstudio på skulen kan du bruke så ofte du vil på fritida heile året.
Vi skal rafte ned Jølstraelva og kjempe med naturkreftene. Å gå Via Ferrata er ei stor naturoppleving. Dette er ei klatrerute som er mulig for dei aller fleste å gjennomføre. Her får du testa høgdeskrekken din og pressa litt grenser. Men følelsen av å stå på toppen av Hoven etter gjennomført tur er det lite som slår.
I løpet av hausten skal du også på surfekurs i Hoddevika som er omkransa av vill og vakker natur. Du får kyndig innføring i grunnleggande teknikk av ein instruktør.
Der skal vi drive allsidig idrett og sport, opp leve fellesskap og fin natur. Studieturane er inkudert i linjeprisen på Sunnfjord Folkehøgskule.
På volleyballinja kan du få satse fullt på volleyball eit heilt år. Du kan få kombinere toppsatsing med eit spennande folkehøgskuleår.
Og ikkje minst kan du få dyrke hobbyen din saman med dei andre som har same inter essa. På volleyballinja er det balltrening kvar dag. I tillegg kjem noko styrke- og skade forebyggande trening. Vi har eige idrettslag (Sunnfjord IL) og deltek i seriespel (2.divi sjon).
Skule-NM er eit av våre høgdepunkt. Vi driv primært med innandørsvolleyball, men skal også spele beach-, snø-, gras- og gjørmevol leyball.
Volleyballinja er størst og eldst i sitt slag i Norge. Mange av dagens elitespelarar har vore elevar hos oss.
«The Sunnfjordspirit» er ei kraft som vert skapt ved at vi står saman og dreg i same retning. På Sunnfjord er vi kvarandre sine til hengarar. Vi heiar på kvarandre både på bana og i livet. «The Sunnfjordspirit» har avgjort mange jamne volleyballkampar!
På volleyballinja forventar vi at du ønskjer å utvikle dine ferdigheiter og kunnskap om volleyball. Det vert høg treningsbelastning og ein hektisk kvardag. Vi er ikkje opptatt av kva nivå du har i dag. Hos oss er både nybegynne re og erfarne spelarar velkomne!
Vi reiser på treningsopphald i Costa Blanca. Vi skal få lære av den spanske treningskultu ren, som har prega internasjonal ballidrett i årevis.
På studieturen skal vi trene med den tidle gare OL-deltakaren Raúl Mesa. I tillegg skal vi spele fleire treningskampar mot spanske lag. I løpet av opphaldet kjem vi også til å prøve ut nokre andre aktivitetar og det vert mulig å få besøke storbyen Valencia.
Inkludert i linjeprisen.
Tilpassa Sunnfjord er ikkje ei linje, men vårt omgrep for å fortelje at vi vil ein skule der alle skal vere ønska og velkomne, også om ein treng tilpassingar for å fungere bra.
Vi har ikkje tradisjonelle butreningstilbod eller andre klasser for elevar med spesielle behov, slik ein del andre folkehøgskular har. I staden ønskjer vi i størst mogleg grad at elevar med ulike funksjonsevner er saman om det meste.
Grunntanken er at også elevar med tilpas ningsbehov skal få vere med å bestemme over sin eigen kvardagetter kva dei synes er meiningsfullt å vere med på. Difor er målet at dei skal så langt det let seg gjere vere med på ei av dei eksisterande linjene våre. Ved utviklingshemming trengs det som regel ekstra ressursar for at desse ønskja skal la seg gjennomføre.
Det er avgrensingar for kva linjer elevar
med tilpasningsbehov kan vere med på, det kan vere ulikt etter kva type utviklingshem ming det gjeld. Akkurat som med folk flest, forøvrig.
Vi har to store rom som er tilrettelagt for rullestolbrukarar. Rullestolbrukar vil kunne bu på to av etasjane i internatbygninga vår.
Vi har rullestolheis inne i hovudbygningen som gir tilgang til matsal og undervisningslo kale.
i har også tre små leiligheter i internatet, det er difor mogleg å gå på vår skule der som du har et lite barn. Skulen eig Solvang barnehage, og det er mogleg å søke barneha geplass her.
Uansett kva linje du veljer, kan du kalle deg verdens meister. Ikkje ein slik verdensmeister som du først tenkjer på, med pokalar på hylla og bilete i avisa.
Du blir ikkje best i verda. Verdensmeisterane frå Sunnfjord Folkehøgskule samlar opplevingar over alt der vi ferdast.
Gjennom møte med både seg sjølv og ulike men neske rundt oss oppdagar vi at det fins mange ulike måtar å meistre livet på.
Ein annleis verdensmeister.
Verdensmeister - i eige liv
Vi set opp ein fullskala musikal for eit større publi kum. Siste åra har vi hatt forestillingane Grease, High School Musical, Fame, Hairspray og Hakkebakkesko gen, Kaptein Sabeltann og Children of Eden!
Du kan velje musikalvalfag som minikor, drama, dans og band.
Linjene Musikal Teater og Dans Idrett jobbar
Sunnfjord Folkehøgskule
Solvang 3 6810 Førde
spesielt med musikalen, men alle elevane er også involverte.
Vi har lærarar som er dyktige i dans og musikk. Forestillinga framstår profesjonelt og er blitt eit årleg høgdepunkt for elevane våre. Alle elevane er med på og bak scena!
kontor@sunnfjord.fhs.no tlf 5782 9960 www.sunnfjord.fhs.no