![]()
Eit år fylt med Jazz, Contemporary, musikaldans, hiphop, samba! Du vil utvikle deg som dansar. Trene allsidig og pushe deg sjølv fysisk. Eit år med innsats, lagarbeid og meistring. Sette deg mål som vi kan hjelpe deg med å nå i løpet av året!
Denne linja passar for deg som
• Ønskjer å utfordre og utvikle deg som dansar
• Ønskjer å trene allsidig og pushe deg sjølv fysisk
• Ønskjer eit år der innsats og lagarbeid er alfa omega
• Ikkje minst: Oppleve meistring!
Vi har treningshus med 2 store dansesa lar, spinningsal og topp moderne treningsstudio på skulen. Du kan melde deg opp i ballett eksamen som du kan ta på slutten av året. Skulen satsar stort på fullskala musikalforestilling kvart år, som har høg kvalitet over seg.
Skulen produserer musikal/teater-fore stillingar som framstår som profesjonelle. Grease, Hairspray, FAME, Hakkebakkesko
gen, High School musikal og Folk og Røvere i Kardemomme By er forestillingar vi har gjort. Her får du alle tiders muligheit til å oppleve korleis det er å produsere slike forestillingar frå start til slutt. Regi, koreografi, scenografi, musikk, kostyme, sminke og alt det som høy rer med får du vere en del av. Linja har også eigen danseforestilling for skulen der vi viser fram dansar og koreografiar som vi jobbar med gjennom året.
Vi resier til London: Fokus på dans og forstil lingar, og vi ser kjende og ukjende musikal forestillingar og danseforestillingar.
Vi reiser til Rio de Janeiro: Der skal vi lære å danse samba, capoeira og merengue. Her vil vi ha litt meir fokus på sandidrett og aktivite tar i sjøen.
Bli betre i e-sport, og får du ein aktiv kvardag med klatring, styrketrening, sandvolleyball m.m. Vi jobbar saman for å bli betre ved analyse og kritisk tenking.
Vil du utfordre deg sjølv innanfor e-sport, eller berre bli betre? Det tek tid og innsats. Likevel vil du vere med å knuse alle myter om at gamer-folket er skjermvrak som ikkje har eit anna liv. Vi skal drive idrett og leik, og vi skal trene både i treningsstudio, gymsal og ute. Nemnte vi unike naturforhold?
E-sport Aktiv er e-sport pluss aktivitet
Sunnfjord Folkehøgskule har en lang tradisjon i konkuranseidrettar med Norges mestvinnande volleyballag blant folkehøgsku lar i i Skule-NM.
Her på E-sport aktiv vil vi bygge vidare på denne gode tradisjonen. Ved å fokusere på lagbygging og individuelle ferdigheiter, er ambisjonsnivået at du skal bli betre både som enkeltperson og som lagspelar.
Denne linja er for alle som har interesse og lidenskap for gaming og E-sport. Linja bygger rundt prinsippet om breiddeidrett, og vi ønskjer alle velkommen, uavhengig om du er challenger eller bronze. Viktigast er at du har lyst til å bli betre, og lyst til å utfordre deg sjølv på alle plan.
På linja vil vi hente inn personar med spiss kompetanse i ulike spel for at du skal få ekstra gode inputs. Så om du speler Overwatch, Le ague of Legends, CS:GO eller Heartstone, vil du til ei viss grad få tilrettelagt undervisning.
Vi reiser til eitt eller fleire land i Europa. Destinasjonen bestemmer vi i fellesskap. Mulige reisemål kan vere Tyskland, Polen eller Frankrike.
Har du lyst på eit år med masse fart og spenning? Kjøre bot nlaus pudder? Bestige nokre av Norges absolutt flottaste fjell? Ta eit år på Fjellsport Freeride!
Vi utforskar enorm vestlandsnatur i Star dalen, Jølster, Jostedalen, Sogndalsdalen, Hurrungane (Jotunheimen), Sunnmørsalpene, Nordfjord.
Vi skal ha eit år med mykje utandørs aktivitet. Her vil vi utforske fjell, fjord, elvar og dalar, med forskjellege framkomstmiddel og typer bustader.
Du vil utvikle dine ferdigheiter i å bu ute i telt og gapahuk, du vil lære å handtere kulde, ferdast i bratt terreng, og bedømme skred fare. Du vil bli betre på å navigere etter kart og kompass, og legge til rette for dine eigne eventyr i framtida.
Linja passa for deg som likar å vere ute og oppleve fart og spenning. Du treng ikkje vere spesielt flink på ski, ha god kondis eller kunne klatre, men du må like å ta utfordringar og
ikkje ta deg sjølv alt for seriøst. Det er viktig at du er glad i leik og synest at det er kjekt å lære nye ting. Vi skal ha mykje moro!
Dette året skal vi bruke naturen aktivt, og det er viktig å ta vare på den og gi noko tilba ke, for vi vil jo at generasjonane etter oss skal kunne ha dei same fantastiske opplevingane ute i naturen som vi!
Difor skal vi vere berekraftige og reparere jakker og bukser med hol, fikse skisko, ski og bindingar som går i stykke og bidra med å gjere nærmiljøet reinare.
Vi reiser til Japan for å oppsøke fjørlett og botnlaus pudder så langt du kan sjå. Vi reiser også til Tokyo og ut på landsbygda for å lære om landet og historia etter 2. verdskrig.
Er du glad i fotball og variert aktivitet? Eit år der du møter andre gjennom utfordringar, vennskap og mykje glede i kvar dagen. Du kjenne på meistring og glede i et stort fellesskap.
Har du ønskje om å utvikle deg som fot ballspelar? La tekniske, taktiske og fysiske eigenskapar få blomstre? Linja er eit tilbod for jenter og gutar, ei linje som gir deg mykje trening, kunnskap og erfaring med det fantas tiske lagspelet fotball.
Dine eigenskapar blir viktige for alle rundt deg. Der ein skal spele saman om resultat, der ein skal feire, gle seg og motivere kvaran dre til utvikling.
Du får trenar med Tippeliga-erfaring og aldersbestemte landskampar. Han veit korleis han skal hjelpe deg på vegen. Det vil bli tre ning innandørs i hall, utandørs i nytt anlegg og gymsal. Du skal få kjenne på meistring og oppleve kor sterkt et fellesskap er om ein hjelper kvarandre.
Multisport er eit stort spekter av aktivitetar
vi skal vere innom. Utanom fotball vil du vil få erfare og kjenne på meistring i følgande aktiviteter:
Styrketrening, symjing, fjellturar, spinning, volleyball, utflukter i naturen, langrenn, klat ring, friidrett.
Vi skal vere innom desse aktivitetane i løpet av året. Alle aktivitetane har sin sjarm, sine krav og variasjonar. Vi skal lære og meistre ulike aktivitetar, du skal bli allsidig, sterk, og uthaldande og kunnskapsrik dette året. Lærar på linja har brei kompetanse innan dei ulike aktivitetane, spesielt fotball.
Turen går til Costa Blanca der du skal få gode fasilitar for å trene fotball og andre idrettar. Turen blir ein kombinasjon av at du får trent fotball, men også variere det med andre aktivitetar og opplevingar.
Bli med og engasjer deg lokalt og globalt for den endringa du ønskjer å sjå i verda. Vi jobbar med bærekraft, klima, likestil ling og kampanjearbeid. Studietur til Sri Lanka og Tanzania.
Global Action kombinerer globalt engasje ment med friluftsliv og bruker naturen, lokal miljøet og verda som klasserom. Gjennom året jobbar vi med mottoet «Be the change you want to see in the world»
Gjennom skuleåret jobbar vi med- og bruker FNs 17 bærekraftsmål, som gir godt innsikt i utviklingsspørsmål og utfordringar verda står overfor; global helse, fattigdom, menneske rettar, klimaendringar, miljø og hav, likestilling og meir. Du vil lære om ulike former for akti visme, og om ulike metodar for påverkningsog kampanjearbeid.
I løpet av året samarbeider vi tett med Norec og KFUK-KFUM Global, samt inter nasjonale samarbeidspartnarar i YMCA og
YWCA på Sri Lanka og Tanzania. Du vil få eit godt innblikk i norsk utviklings- og organi sasjonsarbeid og Norge som internasjonal bistandsaktør.
I tillegg til å jobbe med lokalt og globalt engasjement bruker vi naturen og frilufts aktivitetar som avbrekk og som ein del av undervisninga. Det blir fotturar og toppturar i nærområdet og på Vestlandet, havkajakk, klatre Via Ferrata i Loen og surfekurs på Stadt.
Global Action skal på lengre studietur til Tanzania og Sri Lanka. Der skal vi møte lokale samarbeidspartnarar og besøke spennande prosjekt, og oppleve og lære om landa sin kultur og situasjon.
Studieturen skal inspirere til informasjonsog påverkningsarbeid heime.
Muskallinja – scena er di! Du får proff undervisning i song, teater og dans, Du får sette opp forestillingar på små og store scener. Workshops i New York og London. Lærar med interna sjonal erfaring.
Du står på scena saman med mange andre, musikken løfter rommet, du syng, dansar og mottar applaus frå en stappfull sal! Eller kan skje du sat som publikummar med gåsehud og tenkte «det der vil eg også vere en del av!» Då er musikal-linja perfekt for akku rat deg, for her er det plass til alle uansett erfaring!
Musikal Teater på Sunnfjord Folkehøgskule har som mål å gje deg muligheit til å utvikle deg i eit profesjonelt miljø. Målet er å bygge opp eit godt grunnlag og førebu deg til vidare utdanning innan teater og musikal-teater.
Tidlegare erfaring med teater er ikkje viktig. Innsats, ønskje om å jobbe seriøst og utfordre deg sjølv er det viktigaste!
På musikal-linja lærer du song, dans og teater, og du får tid til å fokusere på teknikk
og formidling. Noko av undervisninga vil skje saman med danselinja på skulen.
Vi vil ha masterklasser med kjende skode spelarar og regissørar frå Norge, England og USA. Nokon kjem til skulen, andre vil vi treffe gjennom studieturane våre.
På musikallinja vil du ha faste timar med dans. Her vil du lære grunnleggande teknikk innanfor jazz og musikal-dans. Vi vil danse mange ulike typer musikaldansar og jazz-sjan grar. Målet er at du som musikalartist skal kunne lære koreografi og ta del i dansenum mer under musikalforestillingar.
Det blir studieturar til London og New York. Der vil vi sjå mange ulike forestillingar og møte og ha workshops med profesjonelle skodespelarar, musikalartister, koreografar og regissørar.
Ønskjer du å sjå dei vakre fjordane og fjella på Vestlandet i fugleperspektiv? Lære å meistre ein ny aktivitet? Du får også oppleve naturen ved padling, klatring, ski og meir.
Paragliding er hovudaktiviteten på linja. Dette er ein sport som set strenge krav til sikkerheit, vêr og vind. Eit år her vil gi deg all kunnskapen du treng for å flyge paraglider på eiga hand!
Gjennom året vil vi saman flyge på nokon av dei finaste stadane Vestlandet har å by på. I tillegg til flyging, vil du få oppleve spisse tindar og elvar, padle havkajakk, klatre og stå på ski.v
Friluftsliv er ein stor del av linjeaktiviteten. Vi skal på overnattingsturar, både med og utan telt. Kanskje vi til og med kan flyge nedatt dagen etter?
Viss du ønsker å prøve noko nytt, tek utfor dringar med glede, og elles er glad i å vere ute – så er denne linja for deg. Ingen forkunn skapar er nødvendig, vi lærer deg alt du treng
for å flyge paraglider. Du kan ikkje vere redd for å bli sveitt. Ein paraglider veg rundt 17 kg, og du må vere klar for å bere den opp på fjell vi skal flyge frå.
Algodonales i Spania er eit mekka for ferske paragliderpilotar. Vêrforholda plar å vere ypperlege, og dei ulike take-off -og landings plassane er perfekte for nybegynnarar. Vi skal nytte oss av lokal paragliderskule som kan dei lokale forholda. Vi har også lokal guide som vil vere med å vurdere flygeforhold frå dag til dag.
Klatring og/eller Via Ferrata i El Chorro: Dette er ein populær plass for klatring som ligg i nærleiken.
Utflukt til byen Ronda: Oppleve byen sine attraksjonar.
Du skal få trene variert og prøve ut mange idrettar, og du skal på eventyrlege opplevingar i storslått vestlandsnatur.
Alt dette skal du gjere saman med ungdom på din eigen alder. Den fellesskapsfølelsen og dei vennskapsbanda eit år på Sport Adventu re gir, er noko du kjem til å ha med deg vidare i livet.
Nokre av aktivitetane: Surfetur til Hoddevi ka, klatre Via Ferrata i Loen, rafting, fotball, basketball, sirkeltrening, volleyball, orien tering, spinning, badminton, frisbeegolf, langrenn, topptur.
Vi starter normalt opp med fotball og beachvolleyball. I november skal vi delta på skulemeisterskap i volleyball. Då stiller Sport Adventure lag i mix-klassen. Det blir naturlig å trene mot dette i tida før. Dette er ei volley ballturnering der vi gjer vårt beste og har det samtidig gøyast av alle. I desember skal skulen delta på Nordvestcup i fotball som er ei turnering for folkehøgskular.
I gymsalen skal vi spele forskjellige ballidret tar og i treningsstudio trener vi minst èin
gong i veka. Vårt nye treningsstudio på skulen kan du bruke så ofte du vil på fritida heile året.
Vi skal rafte ned Jølstraelva og kjempe med naturkreftene. Å gå Via Ferrata er ei stor naturoppleving. Dette er ei klatrerute som er mulig for dei aller fleste å gjennomføre. Her får du testa høgdeskrekken din og pressa litt grenser. Men følelsen av å stå på toppen av Hoven etter gjennomført tur er det lite som slår.
I løpet av hausten skal du også på surfekurs i Hoddevika som er omkransa av vill og vakker natur. Du får kyndig innføring i grunnleggande teknikk av ein instruktør.
Australia er eit nydeleg land med eit fantas tisk folkeslag. Her har du mange vakre stren der, flott natur, eit rikt dyreliv og eit behagelig folkeslag.
På volleyballinja kan du få satse fullt på volleyball eit heilt år. Du kan få kombinere toppsatsing med eit spennande folkehøgskuleår.
Og ikkje minst kan du få dyrke hobbyen din saman med dei andre som har same inter essa. På volleyballinja er det balltrening kvar dag. I tillegg kjem noko styrke- og skade forebyggande trening. Vi har eige idrettslag (Sunnfjord IL) og deltek i seriespel (2.divi sjon).
Skule-NM er eit av våre høgdepunkt. Vi driv primært med innandørsvolleyball, men skal også spele beach-, snø-, gras- og gjørmevol leyball.
Volleyballinja er størst og eldst i sitt slag i Norge. Mange av dagens elitespelarar har vore elevar hos oss.
«The Sunnfjordspirit» er ei kraft som vert skapt ved at vi står saman og dreg i same retning. På Sunnfjord er vi kvarandre sine til hengarar. Vi heiar på kvarandre både på bana og i livet. «The Sunnfjordspirit» har avgjort mange jamne volleyballkampar!
På volleyballinja forventar vi at du ønskjer å utvikle dine ferdigheiter og kunnskap om volleyball. Det vert høg treningsbelastning og ein hektisk kvardag. Vi er ikkje opptatt av kva nivå du har i dag. Hos oss er både nybegynne re og erfarne spelarar velkomne!
Vi reiser på treningsopphald i Costa Blanca. . Vi skal få lære av – den spanske treningskul turen som har prega internasjonal ballidrett i årevis.
På studieturen vert beachvolleyball priori tert. Du skal få lære beachvolleyball av den tidlegare OL-deltakaren Raúl Mesa. I tillegg skal vi trene noko innandørsvolleyball og spe le fleire treningskampar mot spanske lag og vi skal besøke storbyen Valencia.
Tilpassa Sunnfjord er ikkje ei linje, men vårt omgrep for å fortelje at vi vil ein skule der alle skal vere ønska og velkomne, også om ein treng tilpassingar for å fungere bra.
Vi har ikkje tradisjonelle butreningstilbod eller andre klasser for elevar med spesielle behov, slik ein del andre folkehøgskular har. I staden ønskjer vi i størst mogleg grad at elevar med ulike funksjonsevner er saman om det meste.
Grunntanken er at også elevar med tilpas ningsbehov skal få vere med å bestemme over sin eigen kvardagetter kva dei synes er meiningsfullt å vere med på. Difor er målet at dei skal så langt det let seg gjere vere med på ei av dei eksisterande linjene våre. Ved utviklingshemming trengs det som regel ekstra ressursar for at desse ønskja skal la seg gjennomføre.
Det er avgrensingar for kva linjer elevar
med tilpasningsbehov kan vere med på, det kan vere ulikt etter kva type utviklingshem ming det gjeld. Akkurat som med folk flest, forøvrig.
Vi har to store rom som er tilrettelagt for rullestolbrukarar. Rullestolbrukar vil kunne bu på to av etasjane i internatbygninga vår.
Vi har rullestolheis inne i hovudbygningen som gir tilgang til matsal og undervisningslo kale.
i har også tre små leiligheter i internatet, det er difor mogleg å gå på vår skule der som du har et lite barn. Skulen eig Solvang barnehage, og det er mogleg å søke barneha geplass her.
Uansett kva linje du veljer, kan du kalle deg verdens meister. Ikkje ein slik verdensmeister som du først tenkjer på, med pokalar på hylla og bilete i avisa. Du blir ikkje best i verda. Verdensmeisterane frå Sunnfjord Folkehøgskule samlar opplevingar over alt der vi ferdast. Gjennom møte med både seg sjølv og ulike menneske rundt oss oppdagar vi at det fins mange ulike måtar å meistre livet på. Ein annleis verdensmeister.
Verdensmeister - i eige liv
Vi set opp ein fullskala musikal i kulturhuset i Førde.
Siste åra har vi hatt forestillingane Grease, High School Musical, Fame, Hairspray og Hakkebakkesko gen og Kaptein Sabeltann! Du kan velje musikalvalfag som minikor, drama, dans, band og lyd og lys. Linje
ne Musikal Teater og Dans Idrett jobbar spesielt med musikalen, men alle elevane er også involverte.
Vi har lærarar som er dyktige i dans og musikk. Forestillinga framstår profesjonelt og er blitt eit årleg høgdepunkt for elevane våre. Alle elevane er med på og bak scena!
Sunnfjord Folkehøgskule Solvang 3 6810 Førde
kontor@sunnfjord.fhs.no tlf 5782 9960 www.sunnfjord.fhs.no
Det er generell usikkerheit om reisemål og reiseaktivitet for 2021-22. Men det blir fin studietur uansett!