Issuu on Google+

Ordleik og rollekort skal gje elevar på mellomtrinnet meir lese- og skrivelyst. s. 4

Maria Parr snakkar om skriving og om korleis det er å reise rundt og lese høgt for norske elevar. s. 6

nYNORSK I BYBARNEHAGar på Austlandet opnar for mange spanande samtalar. s. 8

nynorskopplæring

nr. 6 | hausten 2009 | eit blad frå Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa


Høgtlesing på nynorsk I norsk skule har ein lang tradisjon for høgt­ lesing. Frå mi eiga tid som elev hugsar eg at det var sentralt i undervisninga i mange fag. Læraren vår las ofte for oss, både skjønnlitte­ ratur og saktekster, og me fekk i heimelekse å øve på tekster me skulle lese høgt på skulen. Det var spennande når læraren las frå Snorre, eller når me såg lysbilete av alle slag ormar og slangar som fanst i naturen, og læraren las og fortalde om korleis dei levde. Då fekk me fellesopplevingar som alle kunne snakke om og ta med seg vidare. Høgtlesing er kanskje ein mindre brukt arbeidsmåte i skulen i dag, særleg for eldre elevar. Rett nok står det i Kunnskapslyftet 06 under kompetansemål i norskfaget etter ti­ ande årstrinn, at målet for opplæringa er at

elevane skal kunne: lese og skrive tekster i ulike sjangere, både skjønnlitterære og sakspregede på bokmål og nynorsk. I denne samanhengen vil eg leggje vekt på at elevane skal kunne «lese nynorsk», både skjønnlitterære og sakprega tekster, og at lesing­også inkluderer høgtlesing. Då må sjølvsagt lærarane vere modellar for korleis ein les nynorsk høgt, og det må vere eit poeng at dei nynorske tekstene ikkje vert simultan­ omsette til dialekt eller bokmål. Når ein veit kor viktig formidling gjennom høgtlesing er i skulen, bør lærarstudentane få spesiell opp­ læring i høgtlesing på begge målformer.

Høgtlesing på nynorsk i alle sjangrar høy­ rer til innanfor to av dei grunnleggjande fer­ digheitene som skal prioriterast i alle fag: å ut­ trykkje seg munnleg og å kunne lese. Å få førebu seg til å lese høgt er ein god måte å verte trygg på i framføringssituasjonar. For å verte ein god høgtlesar både på bokmål og nynorsk treng elevane både gode føredøme, oppmuntring­ og rettleiing frå læraren. Når dei seinare skriv eigne tekster for opplesing, presentasjonar, forklaringar og demonstrasjonar, er det godt å ha høgtlesingserfaring for å kunne vidare­ utvikle dei munnlege ferdigheitene.

Anne Steinsvik Nordal, leiar

Nynorskopplæring nr. 6, tredje årgangen Bladstyrar: Arild Torvund Olsen Bladstyrarvikar: Eirik Bech Formgjeving: Arild Torvund Olsen Skrifter: Auto, Dolly, Liza og Sauna Språkvask: Aud Søyland prenteverk: EgsetViketrykk AS framside: Ragnar Aalbu iSSN: 1890-3975 iSSN for nettutgåva: 1891-1633

2

Nynorsksenteret (Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa) er eit ressurssenter for nynorsk i grunnopplæringa. Senteret legg vekt på å utvikle metodar og arbeidsmåtar som kan skape språkkompetanse og motivasjon.

Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa Høgskulen i Volda Postboks 500 6101 Volda www.nynorsksenteret.no

Nynorskopplæring vert utgjeve av Nynorsksenteret, og kjem med tre nummer i året. Send eit e-brev til ror@hivolda.no for å få bladet gratis i posten. Hugs å sende med namnet og adressa di!


Nynorsksenteret har fått godkjent ein treårig tiltaksplan for styrking av nynorskopplæringa. Planen inneheld tiltak for opplæringa i nynorsk frå barnehagen til lærarutdanninga. Forsking på opplæringa i nynorsk er sentralt i planen.

Innhald Høgtlesing på nynorsk av Anne Steinsvik Nordal

s. 2

Styrking av nynorskopplæringa

Nynorsk lese- og skrivelyst av Marit Wadsten

s. 4

To strekar under høgtlesing av Janne Karin Støylen

s. 6

– Vi er svært glade for å få ein treårig tiltaks­ plan for styrking av nynorskopplæringa med ekstra midlar til gjennomføringa av planen, seier leiar for Nynorsksenteret, Anne Steins­ vik Nordal. Det er sett av 4,1 millionar kroner til arbeidet i 2009. Frå barnehagen til den vidaregåande skulen For barnehagen vil Nynorsksenteret setje i gang prosjekt for språkstimulering og få ut­ vikla digitale ressursar for leik og læring på nynorsk. På barnetrinnet vil ein prøve ut pro­ sjekt med tidleg start med skriftleg nynorsk for elevar som har bokmål som hovudmål. For elevar på ungdomstrinnet og i vidare­gåande skule som har nynorsk som hovudmål skal Ny­ norsksenteret setje i gang prosjekt med følgje­

forsking med vekt på skriveopplæring i alle fag. Målet er å gjere elevane til trygge nynorsk­ skrivarar. Nynorsksenteret vil òg føre vidare prosjekt som senteret alt har i gang for elevar som skal lære nynorsk som sidemål. Prosjekta skal følgjast av forskarar slik at resultata kan gjerast kjende og vere med og leggje grunnlag for betre nynorskopplæring. Forsking og utdanning I universitets- og høgskulesektoren skal Ny­ norsksenteret arbeide for å byggje opp kom­ petanse på høgt nivå innanfor nynorsk språk og didaktikk. Nynorsksenteret held mellom anna på med å utvikle og få i gang eit nytt studie­tilbod på 15 studie­poeng i nynorsk for lærarar.

Kan dei lese nynorsk i bybarnehagen på Austlandet? av Benthe Kolberg Jansson

s. 8

To unge TV-stemmer av Hjalmar Eiksund

s. 10

Språket i barne-TV av Hjalmar Eiksund

s. 12

Vevsidetips: Wikipedia av Hjalmar Eiksund

s. 14

Boktips: Samtidsruinar av Odd Goksøyr

s. 14

Les for meg! – nytt kurstilbod Kor mange moderne nynorske tekstar for aldersgruppa 4–8 år kjenner du? Les for meg! er eit nytt kurs for lærarar og førskulelærarar. Kurset gjev ei innføring i den moderne nynorske litteraturen, med mange konkrete boktitlar og lesetips. Du får òg råd om korleis tekstane kan brukast til leseog språkstimulering. Nynorsksenteret kan tilby kurset i perioden november 2009 til november 2010. Kurshaldar er Petra J. Helgesen (redaktør for antologien Les for meg!) frå Språkfolk. Du kan tinge kurset ved å kontakte kurshaldar Petra J. Helgesen på e-post petra@sprakfolk.no eller telefon 53 51 80 94.

3


Mange norske elevar les og skriv altfor dürleg. Korleis kan vi gjere dei til flinkare lesarar og skrivarar? Her er eit døme pü eit undervisningsopplegg for mellomtrinnet der vi kombinerer lesing, rollekort, ordleik og skriving.

Nynorsk lese- og skrivelyst Tekst: Marit Wadsten foto: Arild Torvund Olsen

4


Vi har høyrt det mange gonger no: Norske elevar er ikkje så flinke til å lese og skrive som vi forventar at dei skal vere. Og spesielt gjeld dette gutane. Nasjonale og internasjonale un­ dersøkingar viser at det ser ut til å stemme. Forsking viser også det same; altfor mange elevar stagnerer eller sakkar akterut fagleg frå 5. klasse. Fenomenet blir kalla «the fourth grade slump». Forskarar meiner at dårlege lesefer­ digheiter i vidaregåande kan skrivast attende til opplæringa i grunnskulen. Årsakene kan vere mange, men kva er rådgjerdene? Eg vil presentere eit undervisnings­opplegg som er velutprøvd, systematisk, strukturert, og som er utvikla i samarbeid med eit lokalt pp-kontor. Opplegget passar for 4. til 6. klasse. Ingrediensane er: A. Kort leselekse og lesekort • I starten gir ein leselekse i det vanlege leseverket. Ein tilpassar opplegget ved å konsentrere seg om korte leselekser gjen­ nom heile prosjektperioden. Ti linjer er nok. Dei flinke lesarane får lengre lekse. Dei svake lesarane skal lese det same av­ snittet tre gonger høgt heime. Ein vaksen skal høyre og kvittere på lesekortet med dato og sidetal. Lesekortet kan dekorerast fint og tener som bokmerke i leseboka. • Neste dag høyrer læraren leksa lesen høgt, og kvitterer også på lesekortet. Bruk gjerne klistremerke som oppmuntring. • Seinare i prosjektperioden, eller i neste se­ mester, kan vi velje ein forfattarskap, t.d. Rune Belsvik, Maria Parr, Erna Osland, Lars Mæhle eller Atle Hansen, og då kan ein ta kapittel for kapittel, eller bok for

bok. Vi arbeidde med tekstane etter idear frå eit leseprosjekt med rollekort som ligg på Lesesenteret sine nettsider. Rollekort med instruksjonar finn du også på Lese­ senteret sine nettsider. Ein av filmane i I praksis-serien omhandlar også denne undervisningsforma. Medan dei flinkaste lesarane kanskje les heile boka på ei veke, konsentrerer dei svakaste seg om dei av­ snitta som er felles, og som er med i det alle les. B. Ordkort, ordleik • Plukk ut ti enkeltord frå leseleksa. Skriv orda på blink-kort (ca. 3 cm × 10 cm), klipte­ opp i farga kartong. Hald bunken med orda mot deg, opp-ned. Når du så snur eitt og eitt kort fram, skal ordet komme i rett leseposisjon for eleven. Ein og ein elev får så lese orda høgt. Gjer det til ein leik, gå rundt i klassen, dette skal gå raskt, ta alle ti orda, bunken gjennom, ein gong med kvar elev. • Så kan vi leike oss med dei ti orda. Skriv dei opp på tavla. Elevane lagar sine eigne setningar eller dikt med dei. Kor mange av orda klarer dei å bruke i ei setning? C. Diktat • Læraren brukar det avsnittet som var lese­lekse, og formar om dei ti setningane

noko. Læraren les setningane sakte og mange nok gonger til at alle får tid til å skrive dei ned. Dei første vekene kan dette vere svært sakte, men etter kvart vil alle få opp tempoet. Her er det øving som skal til. • Neste steg er retting. Det skal elevane gjere sjølve. Læraren viser diktaten i stort for­ mat på ein overhead eller videokanon. Vis ei og ei setning, gå gjennom ord for ord, setning for setning, ja gjerne bokstav for bokstav. Pass på at alle rettar kvart enkelt ord. Stav, peik på fonem, diftongar, gram­ matikk, ledd, fokuser på setningsbinding, dobbel konsonant, teiknsetjing, stor bok­ stav … kva det måtte vere. Ein kommentar til slutt Over ein periode på om lag to månader er dette med på å få opp lesefarten hos alle elevane, og det gjer at rettskrivinga går betre og betre ved at vi drillar inn ord og setningsbygnad grundig­ og systematisk. Der er nøye samanheng mel­ lom lesing og rett skriving av ord. Det viser seg at dei som les mykje og godt, også skriv rettare. Dette opplegget verkar kanskje best for dei som ikkje les så godt. Alle vil likevel ha noko å lære av å gå så grundig inn i teksten i ein periode.

Ressursar • Film om rollekort: www.nynorsksenteret.no/ipraksis • Rollekort: lesesenteret.uis.no/leseopplaering/lesing_er/article11329-4474.html • Boktips: www.nynorskbok.no

5


Maria Parr forfattardebuterte med den Bragepris-nominerte barneboksuksessen Vaffelhjarte. I haust kom oppfølgjaren, som har fått tittelen Tonje Glimmerdal. Nynorskopplæring har prata med forfattaren om skriving og om det å lese høgt for skuleelevar.

To strekar under høgtlesing tekst: Janne Karin Støylen foto: Sølvi Brudevoll

6


Tonje Glimmerdal er det einaste barnet i Glim­ merdalen. Bestevennen til Tonje er Gunnvald på 74 år. – Tenk å vere bestevenn med ein slik gammal staur, seier Tonje i tunge stunder. – Det er min santen eit dårleg utval vi har her i Glimmerdalen. Men inst inne veit Tonje at Gunnvald hadde vore beste­vennen hennar om det så budde ti år gamle barn på kvar einaste tue i heile dalen. – Kva skulle du gjort utan meg, Gunn­ vald, spør Tonje ofte. – Då hadde eg grave meg ned og sjølvdauda, svarar Gunnvald. Ein kjenner det med ein gong. Ser det utan­ på. Merkar det i første setninga. Stemninga, kvalit­eten, det unike. Lågmælt smiler og nik­ kar dei som har fått lese før meg. Og visst at ho har skrive ei ny bok, minst like god, men annleis og sjølvstendig frå den førre. Endå fleire torer å nemne Astrid Lindgren no. Det kan dei gjerne gjere. Men dette er ikkje Astrid Lindgren. Dette er Maria Parr. – Har du fått boka mi? spør ho glad. – Sant ho er fin? Den vanskelege andreboka? Eg lurer på om det har vore vanskeleg å skrive denne andre boka. Maria Parr debuterte med Vaffelhjarte i 2005. Boka vart motteken med gledesstrålande kritikkar, prisar, omsetjingar,­ og tallause spørsmål om skulebesøk og lese­ stunder. – Nei, eg var aldri redd for at eg ikkje skulle greie det, om det er det du meiner. Men det har teke tid å skrive fram karakterane. Trille og Lena har vore med meg i åresvis. Eg dikta

«Av og til kjem eg til skular der læraren litt forsiktig prøver å antyde at det kanskje er ein litt «vanskeleg» klasse eg skal møte. Det vert ofte dei kjekkaste timane.»

dei opp då eg var lita sjølv. Tonje heitte faktisk først Tore, ler ho. – Eg diktar, skjønar du. Alle har noko dei grip til for å få avveksling og overskot, for å verte glade. Nokre spring på fjellet eller byg­ gjer garasje, folk strikkar, les og syklar. Alt mogleg. Eg diktar. Det har eg gjort så lenge eg kan hugse. Eg lagar karakterar og univers og lever meg inn i ei anna verd. Eiga forteljebok – Eg har også vakse opp med folk rundt meg som har vore glade i å dikte og fortelje. Det er ein viktig del av familiekulturen vår, smiler Maria. – Då eg gjekk på skulen, fekk eg lov til å halde på med dette. Læraren vår, Reidar Vid­ nes, gav oss ei bok eg ikkje gløymer. Ei fortelje­ bok. Her kunne vi dikte og skrive i villan sky, alt vi ville. I denne boka sette han ingen raude strekar. Retta ingen skrivefeil. Det var ikkje alle som likte det så godt. Men eg elska det! Frå heimkommunen Vanylven har ho med seg jamaldringane Hilde Myklebust og Øystein Vidnes som kritikarroste forfattar-kollegaer. – Det er ikkje slik at gode norsklærarar kan «lage» forfattarar, nei, det trur eg ikkje. Men dei kan leggje til rette for at talentet og skrive­ lysta får utvikle seg, slik Reidar Vidnes gjorde for oss. Elles vil eg gjerne vere audmjuk og ik­ kje så påståeleg om kva lærarane skal gjere og ikkje gjere i norsktimane. Eg synest eigentleg det er vanskeleg å meine noko om dette, eg

er grunnleggjande imponert over alt det gode arbeidet som vert gjort i skulen. Men, seier ho med ettertrykk, dette kan du sitere meg på med to strekar under: Alle born har eit potensial for å like å verte lesne for! Les høgt for ungane, langt opp i ungdomsskulen, smiler ho. Sjølv har ho vore på fleire skule­ besøk enn ho kan telje dei siste tre åra. Uendeleg fint – Av og til kjem eg til skular der læraren litt forsiktig prøver å antyde at det kanskje er ein litt «vanskeleg» klasse eg skal møte. Det vert ofte dei kjekkaste timane. Når elevane torer å opne seg og fortelje sjølve, då kjenner eg at eg får vere med på noko uendeleg fint. – Eg har aldri opplevd at ungar spør om kva målform eg skriv på, ler Maria, når eg vil inn på dette med å vere nynorsk-skrivande forfattar. – Det er dei vaksne lærarane som lurer på dette. For meg vil eg seie at det er ei utvida leseoppleving å lese høgt på nynorsk, eg kan leggje lesinga så nær opp til det munn­ lege språket mitt at eg nærast fortel historia heller enn å lese ho. Slik trur eg det kan vere for mange, særleg for alle dei som snakkar ein nynorsk-nær dialekt. Det er svært viktig at elevar som skriv nynorsk, får lese og høyre gode barnebøker på si eiga målform. Skal dei kunne skrive, må dei ha noko å lese! Difor er eg bevisst på at eg gjer noko viktig når eg skriv nynorsk, avsluttar Maria Parr.

7


Korleis kan ein ta i bruk nynorske tekstar i barnehagar i bokmålsdominerte område? Nynorskopplæring tok turen til Fredrikstad for å sjå på saka.

Kan dei lese nynorsk i bybarnehagen på Austlandet? Tekst og foto: Benthe Kolberg Jansson

Les for meg! i sola. Mathilde Been Kristiansen, Sunniva Selvik Thomas, Katrine Kjellvik Andersen, Daniella Rød-Ihlen og Isabelle Rød-Ihlen.

8


I Kongsten barnehage i Fredrikstad les dei vaksne for ungane fleire gonger om dagen, men så langt har det blitt lite lesing på ny­ norsk. – Vi har ikkje tenkt så mykje på at vi burde lese på nynorsk, seier Katrine Kjellvik Ander­ sen, avdelingsleiar ved ei av dei tre avdeling­ ane i barnehagen. På bordet mellom oss ligg Les for meg!, antologien som Nynorsksenteret gav til alle barnehagar og førsteklassar i fjor. Da eg først tok kontakt med barnehagen, var dei ikkje sikre på om dei hadde fått boka, og ingen kunne hugse at dei hadde lese i ho. Ka­ trine trur det er litt tilfeldig at boka ikkje er blitt brukt, og ho trur ikkje at det har noko med at boka er p�� nynorsk å gjere. Rammeplanen Rammeplanen for barnehagen nemner ikkje lesing på nynorsk og bokmål spesielt, og dette er kanskje ein grunn til at Kongsten barne­hage ikkje har prioritert nynorsk, seier Katrine. Men Rammeplanen for barnehagen inviterer på mange måtar til å bruke både nynorsk og bokmål, blant anna gjennom formuleringar som dette: Befolkningen i Norge er preget av språklig, kulturelt og religiøst mang­fold som vil være berikende og en styrke for fellesskapet i barnehagen. For å arbeide i retning av disse målene må personalet (...) skape et miljø hvor barn og voksne daglig opplever spenning og glede ved høytlesning, fortelling, sang og samtale, og være seg bevisst hvilke etiske, estetiske og kulturelle verdier som formidles.

Den trygge høgtlesaren Ho fortel at høgtlesinga i barnehagen kan vere planlagd eller skje spontant fordi ungane kjem og ber dei vaksne lese. Lesing kan gi gode opplevingar, det skaper kontakt, og lesing kan stimu­lere til samtalar om språk. – Det er viktig at vi les med innleving, at vi let ungane få undre seg, og at vi er opne for innspel frå ungane, seier ho. – Her brukar vi mykje eventyr, både norske og utanlandske, og vi les både barnebokklassikarar og nyare barne­litteratur. Ho trur ikkje dei vaksne i barne­­hagen let vere å lese bøker fordi dei er på nynorsk, men all høgtlesing handlar om at dei vaksne tør å by på seg sjølv, at dei tør å dramatisere, at dei får opplesinga til å bli natur­leg. Det handlar etter hennar meining først og fremst om å vere ein trygg lesar. Språkstimulering – Eg har lese litt frå Les for meg! for ungane i det siste, seier ho, og eg opplevde at dei litt større ungane spør om ord. Ungar assosierer raskt, og slike spørsmål om ord kan vere gode å bruke som utgangspunkt for assosiasjons­ samtalar. I slike samtalar utvidar og utbrode­ rer vi det språklege – ofte med utgangspunkt i misforståingar. Katrine meiner også at det å lese bøker på «den andre målforma» stimulerer til samtalar om språklege forskjellar. – Her i barnehagen har vi ungar med ulike dialektar, og når vi les på nynorsk, blir ungane meir medvitne om desse dialektforskjellane. Fleire av ungane har også foreldre eller beste­ foreldre frå andre kantar av landet, og vi hører ofte at dei kjem med ord og uttrykk som stam­ mar frå eit heimemiljø med andre dialektar enn Fredrikstad-dialekten. Ungar er også im­ pulsive og spontane i måten dei bearbeider

språklege forskjellar på, for eksempel hender det at dei hermar andre dialektar enn den dei snakkar til vanleg. – Språk kan vere så mykje, held ho fram, – vi har jo mange fleirspråklege i barnehagen, og dette gir også moglegheit til å snakke om språkforskjellar. Katrine fortel om to kurdiske barn som snakkar to variantar av kurdisk som ikkje er gjensidig forståelege. – Når vi les ny­ norsk og snakkar om dialektar, opplever dei at vi også innafor Noreg snakkar forskjellig. Østfold-nynorsk? – Det hørest kanskje litt «unaturleg» ut for østfoldingar å lese nynorsk, meiner Katrine, – men alle har jo hørt mykje nynorsk, og når dei vaksne i barnehagen les bokmål, let dei ofte dialekten prege høgtlesingsspråket. Ho meiner det er mogleg når dei les nynorsk òg, sjølv om det kan vere bra å høre at nynorsk er noko anna enn bokmål. Forholdet mellom bokmål og ny­ norsk kan etter hennar meining minne litt om forholdet mellom norsk og svensk i Østfold: – Vi som voks opp her i Østfold, er vane med svensk fordi vi såg mykje på svensk barne-tv. Det gjer ikkje ungane i dag, og resultatet er at dei ikkje forstår svensk like godt som ungar for nokre tiår sia. Tilgjengelegheit og jamleg påfyll er viktig, og det gjeld nynorsk òg. Den gode barnelitteraturen I Kongsten barnehage er dei opptekne av å få med seg god litteratur. – Kan hende han er på nynorsk, seier Katrine. – Kanskje kan vi få meir reklame for barnelitteratur på nynorsk til barne­hagane? Det er jo litteratur som ven­ tar på å bli lesen! Og ungane som poserer for foto­grafen saman med Katrine mens ho les litt i Les for meg!, er ikkje i tvil: – Kan vi lese meir etterpå? spør dei.

9


Sommaren har vore noko annleis i år enn andre år for Ragnhild og Oda, begge elleve år, frå Volda. Dei har brukt halvåret på å leggje norske røyster på ein nyomsett barne-TV-serie.

To unge TV-stemmer Tekst og foto: Hjalmar Eiksund

NorDubb Studios AS arbeider med å etablere eige dubbingkontor i Volda, mellom anna for å møte den stigande etterspurnaden etter nynorske­seriar frå til dømes barne-TV.

– Kan vi ta det ein gong til? spør Oda. På skjer­ men framfor henne og i øyreklokkene ser og høyrer ho den engelske originalversjonen av Milly og Molly. Hennar oppgåve er å gi Molly ei norsk stemme. Arbeidet går fort unna, og i løpet av fire månader har alle dei 26 episodane­ fått nynorsk språkdrakt med mykje sunn­ mørsk tonefall.

10

– Det vanskelegaste er når det dukkar opp veldig nynorske ord i manuset, seier Ragnhild, som gir stemma til Milly i serien. – Men ofte kan vi sjølv påverke korleis ting skal seiast, og då blir det fort veldig nær voldadialekten, ler ho. – Vi får til dømes lov å seie kjøme og begynde i staden for kjem og byrje.

Det tok til som eit tilbod på skolen om å vere med på opptaksprøve. Rundt førti barn melde seg, men det var dei to jentene som til slutt fekk i oppgåve å verte dei første dubbar­ ane ved NorDubb Studios i Volda. Etter kvart har det kome med fleire andre frå klassa òg. Dei gir stemme til mindre roller, og personar som berre er innom i ein eller to episodar. – Jentene er svært flinke, seier Morten Lan­ ge i NorDubb. Han er klar på kvifor selskapet­ har valt å etablere seg i Volda. – Det har kome klare signal frå nrk om at nynorske stemmer er noko dei treng meir av. Volda og omland er interessant sidan det i tilknyting til høgskulen­ og medieutdanninga er mange som jobbar med tv og radio her. I tillegg er nynorsk det naturlege førstespråket for storparten av inn­ byggjarane. Det har derfor vore forholdsvis enkelt å skaffe gode nynorskstemmer til ar­ beidet vårt.


www.nynorsksenteret.no/teikneseriar/ Bruk av nynorske teikneseriar kan vera ein motiverande og spanande innfallsvinkel til norsk­ undervisninga. På vevstaden www.nynorsksenteret.no/teikneseriar finn du sider og striper med meir enn tjue nynorske teikne­serietitlar. Vevstaden kan òg by på lærarressursar og sider med tips og triks for elevar som vil læra å teikna og skriva teikneseriar.


Ein må høyre og sjå nynorsk i bruk for å kunne verte gode nynorskbrukarar. Barn i barne-TV-alder er òg barn i lære-å-lese-og-skrive-alder. Språket i TV-ruta er slik ein viktig normgivar for barna som skal lære å lese og skrive for første gong. Vi har spurt barne-TV-kanalen NRK Super kva språkpolitikk som ligg bak satsinga.

Språket i barne-tv – tilfeldig eller medvite? Tekst: Hjalmar Eiksund foto: NRK

Eit døme på bruk av nynorsk og dialekt i barne­program på NRK: serien Her er eg, som vert produsert i Førde.

nrk Super er den einaste reine barne-tv-­ kanalen med norsk tale og sender kvart år 4380 timar fjernsyn for barn i aldersgruppa 2 til 12 år. Oppgåva til kanalen er å sikre at barn og unge får eit breitt innhald av tenester på radio, Internett og fjernsyn, seier Vibeke Fürst

12

Haugen i nrk. Målet er å styrke norsk identi­ tet, kultur og språk i kampen mot utanlandske underhaldningskanalar. Språkleg, kulturelt og regionalt mangfald er spesielt viktig, og vi er svært opptekne av at barna får høyre ulike dialektar og etnolektar.

Programleiarspråket Nokre av dei viktige språklege føredøma er programvertane i barne-tv. nrk har som mål å rekruttere programleiarar frå alle delar av landet, òg frå andre kulturar enn den et­ nisk norske, og har i dag barne-tv-vertar som bruker og snakkar nynorsk, ulike dialektar og bokmål, og nokre med bakgrunn frå andre land. Barn har rettar Ifølgje fjerde punktet på nrk-plakaten skal nrk fremje barns rett til ytringsfridom. Det­ te gjer at mange sendingar inkluderer barn,


Sol og Julie på fjelltur. Biletet er henta frå dokumentarserien Her er eg.

ikkje minst i dokumentarseriar og i stoff bar­ na sjølv sender inn. Då er det barna sin eigen dialekt som blir brukt. Barne-TV-kompetanse og desentralisering Språket i barne-tv-produksjonane er sjølv­ sagt prega av kvar programma blir laga. Det trengst spesiell kompetanse for å produsere god kvalitet for barn. Det største redaksjonelle miljøet for barneprogram ligg på Marienlyst, og hovudvekta av produksjonane kjem derfor òg derfrå. Tromsø og Trondheim er derimot på god veg og produserer ei aukande mengd barneprogram til nrk 1 og nrk Super. I åra som kjem, ønskjer nrk å leggje meir barne­

produksjon til distriktskontora. I første om­ gang skal Førde auke sin barneproduksjon for 2009. Eksterne produksjonsselskap i Førde, Hamar, Volda, Trondheim, Bergen og Dø­ ves Media i Hallingdal lagar òg eigne barne­ produksjonar for nrk. Dubbing av utanlandske seriar Dei fleste dubbingselskap i landet ligg i Ber­ gen og Oslo. nrk ønskjer i auka grad nynorsk dubbing på innkjøpte seriar, og har gitt alle dubbingselskap beskjed om å produsere flei­ re nynorske dubba program for nrk Super. Dubbingselskapa har så langt ikkje hatt nok nynorsktilsette, og resultata har vore få. Si­

tuasjonen er derimot i ferd med å endre seg. NorDubb Studios arbeider med å etablere seg i Volda og satsar på nynorske stemmer på se­ riane som blir produserte der. Språket ikkje alltid først nrk har mange omsyn å ta når dei produserer, kjøper inn og fastset program for barn. – Vi opplever at vi har ei viktig og krev­ jande oppgåve, og veit at vi har stor innverk­ nad gjennom nrk Super. Dette ansvaret er vi medvitne om. Vi kan bli betre på alle område – også når det gjeld nynorsk. Det viktigaste er likevel at innhaldet på programma held høg kvalitet, avsluttar Fürst Haugen.

Ulike barneseriar med dialektbruk for barn og unge på NRK: • I serien Gaven som blei send tidlegare i år, brukte hovudpersonane dialekten sin. • Her er eg (produsert i Førde) er òg eit eksempel på ein serie med dialektbruk. • Hovudkarakteren i dramaserien Ping-Pong kjem frå Tromsø. • Sentrale karakterar i dokumentarserien Traa til jenter kjem frå Voss, Kristiansand og Bergen. • Dramaserien AF1 prøvde å spegle miljøet frå ein drabantby i Oslo, og engasjerte barn med annan etnisk bakgrunn enn norsk. • Den svenske serien Gjengen på taket har stemmer frå Østfold.

13


Vevsidetips presentert av Hjalmar Eiksund

Nynorsk Wikipedia (nn.wikipedia.org) Nynorsk Wikipedia er eit fritt oppslagsverk på nynorsk. I dag inneheld nettstaden meir enn 50 000 (!) artiklar om alt frå Bennett-øya i Aust-Sibir-havet til samisk verbbøying. Noko for kvar smak, med andre ord. Namnet på nett­ staden kjem frå det hawaiiske ordet wikiwiki, som tyder særs rask, og det er nettopp tempoet i publiseringa som mange meiner er fordelen med nettstaden. Wikipedia er ei samling hypertekstsider som fungerer som eit stort vev-basert leksi­ kon. Ideen er at kvar einskild brukar skriv om

det han eller ho kan best, og overlet til andre å fylle ut det dei kan betre. Nettstaden fungerer dermed som eit stort digitalt fellesminne for alle som er innom. I tillegg til vanleg oppslags­ verksinnhald inneheld Wikipedia informa­ sjon som ein ofte finn i almanakkar og atlas, og nyheiter. På grunn av måten Wikipedia blir skrive på, er det eit overraskande oppdatert opp­ slagsverk. Mengda med bidragsytarar gjer at dei profesjonelle leksikona slit med å vere like dagsaktuelle. Dynamikken og tempoet i opp­

dateringane har vore med på å gi Wikipedia statusen som den soleklare staden for å finne informasjon om alt, og Wikipedia er til dømes ein ynda nettstad for vitehungrige elevar med prosjektarbeid. Ein må likevel ta Wikipedia for nettopp det det er – eit dugnadsarbeid. Det er lett for folk med unøyaktig kunnskap å plassere feil­ aktige artiklar på nettstaden. Ein bør derfor alltid kontrollere informasjonen ein får, opp mot andre tilgjengelege kjelder.

boktips

presentert av Odd Goksøyr Marit Eikemo: Samtidsruinar, Spartacus forlag 2008 Essayet er ein sjanger mange elevar også i vidare­gåande skule har problem med å få grep om. Både fordi dei i liten grad møter sjange­ ren til dagleg, og i endå mindre grad nynorske døme, men også fordi essayet er ein sjanger som krev modning, kunnskap og refleksjon. I Marit Eikemos essaysamling Samtids­ ruinar møter vi 11 ikkje dagsaktuelle essay, men 11 essay om stader og tider vi nettopp har for­ late, og late forfalle. Dermed vert desse tekst­ ane ikkje berre eksempel på ein journalistisk

14

og personleg essaystil, men også eksempel på noko anna som står sentralt i Kunnskaps­­ lyftet: møte mellom kulturar. Om ikkje i tradisjonell forstand. Marit Eike­mo har reist, fysisk og mentalt, og opp­ søkt bygningar og anlegg i forfall, nedlagde fabrikkar, stengde hotell, kjellarar med lager for avskilta, «vonde» automatar (sidan dei er erstatta av snille…), frå toppen av ein hopp­ bakke til botnen av Nordsjøen. Gjennom desse tekstane får vi reflektere, tenkje og føle på kul­

turelle og historiske trådar vi trur er avklipte, men som like fullt er grunnlaget for det sam­ funnet og dei liva vi har i dag. Dei to tekstane som står sterkast igjen hos denne lesaren, er bygde rundt ei vandring på gravstaden til eit nedlagt «sinnssjukehus» og eit besøk på eit nedlagt asylmottak, to tekstar­ som set på prøve både norsk helsepolitikk og asylpolitikk og synet på «dei andre» i det heile. Tema som ikkje berre er aktuelle i norsk­ faget.


Undervisningsopplegg,

boktips, tekstsamlingar og mykje anna ‌


B Returadresse: Nynorsksenteret, Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda

Nynorskopplæring er gratis, og kjem med tre nummer i året. Send eit e-brev til ror@hivolda.no for å få bladet gratis i posten. Hugs å sende med namnet og adressa di!

Foto: Hild Nordal

Gamle nummer ligg ute på vevsida www.nynorsksenteret.no/blad/


Nynorskopplæring nr. 6