Nynorskopplæring nr. 5

Page 10

Er du blant dei som stadig opplever at datamaskinen rettar på språket ditt, sjølv om du veit du skriv rett nynorsk? Opplever du at teksthandsamaren din trur du skriv bokmål, trass i at du har skifta til nynorsk i ordlista gong på gong?

Nynorsk på datamaskinen Tekst: Hjalmar Eiksund

Det går i dag an å gjere pc-en så godt som ny­ norsk. Denne artikkelen fortel deg korleis du gjer denne omstillinga i tre enkle grep. 1. Overstyr førehandsinnstillingane i operativsystemet For dei fleste Windows-datamaskinar er inn­ stillingane i operativsystemet på førehand sette til bokmål. Dette må du endre først. 1. Trykk på Start og opne Kontrollpanelet. 2. Finn så fram til Innstillinger for region og språk. Har du kontrollpanelet innstilt på kategorivising, må du gå omvegen om Dato, klokkeslett, språk og regionale innstillinger. 3. Endre først dei regionale innstillingane til Nynorsk. Deretter opnar du fana Språk og trykkjer Detaljer og byter Inndataspråket til Nynorsk. No vil retteprogrammet til MSWord først prøve ut om du skriv nynorsk. Dersom du ønskjer å byte mellom ulike språk, kan du velje å la språklinja vere syn­ leg på skrivebordet. Ho hjelper deg med å skifte inndataspråk.

10

2. Endre språkbunaden til sjølve operativsystemet Når inndataspråket er endra, kjem turen til menyar og hjelpeboksar. Microsoft har eigne språkpakkar til nedlasting for både Windows XP og Windows Vista. Installasjonen tek ei lita stund, men er rimeleg sjølvinstruerande. Opp­daterte snarvegar til nedlastingsfilene finn du lettast på nettsidene til Språkrådet. Du finn òg gratis språkpakkar til andre Microsoftprogram same staden: http://www.sprakrad.no/Tema/IKT--sprak/ Nynorsk_programvare1/Nynorsk_programvare/ 3. Vel nynorske alternativ når det finst Du finn gode gratisalternativ på nettet. Både kontorstøtteprogram og nettlesarar har ny­ norske alternativ. Her vil vi raskt presentere nokre av dei mest kjende:

• Mange skolar bruker i dag Open Office på skolemaskinane. Den nynorske versjonen finn du på: http://no.openoffice.org/ • Nettlesarar som norske Opera og Mozilla Firefox kan installerast med grensesnitt på nynorsk. Mozilla har òg e-postlesaren Thunderbird som kan lastast ned i ein ny­ norsk variant. • Hos alle dei største læringsplattformene kan brukarane sjølve velje menyspråket i dag. • Nettsamfunn som Facebook er det i dag lett å endre til nynorsk. Dette gjer ein ved to museklikk nede i høgre hjørnet av nettsida. Førebels er nynorsken ein beta­ versjon, og den rådande omsetjinga er re­ sultat av framstemde alternativ. Ikkje all nynorsken er derfor like solid.

Meir informasjon om emnet finn du via www.nynorsksenteret.no/nynorskPC


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.