Issuu on Google+

Endringsarbeid i skulen krev at ein har gjort eit godt førearbeid. s. 6

barnehagar i Time kommune sår nynorske lesefrø. s. 4

Elevar ved Rommetveit skule skriv naturvitskaplege tekstar om dyr som ikkje finst. s. 12

nynorskopplæring

nr. 21 | Sommaren 2014 | eit blad frå Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa


Hjelper kurs på kursen? Tekst: Torgeir Dimmen, leiar for Nynorsksenteret foto: Kib & Morits Her eine dagen fann eg følgjande tittel over eit debattinnlegg: «Er sommeropplæring egentlig effektivt?» (dagbladet.no 23.4.2014). Dei to lektorane­som stilte dette retoriske spørsmålet, gav også svaret: «Innholdet blir glemt og kurset er tilnærmet bortkastet.» Dette er sett på spissen, men debattantane har eit poeng: Den klart mest effektive måten å drive kompetanseheving på, er å knyte opplæringa så tett som råd til eigen praksis. Dette gjeld i dei fleste profesjonar, også for lærarar og barnehagetilsette. Det er ikkje vanskeleg å vere samd i at etterog vidareutdanning som er praksisnær, og som

går over litt tid, er det beste. Idealet er direkte utprøving i eigen klasse eller barnegruppe og fleire oppfølgjande samlingar med rettleiing og erfaringsutveksling. Langsiktig, systematisk og praksisnær skoler­ing er sjølvsagt best også når ein skal drive god nynorskopplæring. Mange døme på dette er oppsummerte i sluttrapporten frå Tiltaksplan 2009–2013. Denne fireårige storsatsinga er omtala i dette nummeret av bladet. Røynslene frå Tiltaksplanen ligg også til grunn for eit anna aktuelt prosjekt: «Tidleg start for mellomtrinnet». Dette skal vi i gang med frå komande haust, og målet er å utvikle gode

Nynorskopplæring nr. 21, åttande årgangen Bladstyrar: Gudrun Kløve Juuhl Formgjeving: Arild Torvund Olsen Språkvask: Aud Søyland Skrifter: Auto og Dolly prenteverk: Tinde design & trykk AS framside: Anna Fiske iSSN: 1890-3975 iSSN for nettutgåva: 1891-1633

modellar­for skriftleg utprøving av sidemålet frå femte årstrinn. Nynorsksenteret brukar mykje ressursar på å formidle kunnskap om god nynorskopplæring. Det gjer vi gjennom ulike samarbeidsprosjekt, på nettstaden og i meldingsbladet. Vi reiser også mykje rundt på fagsamlingar og kurs og presenterer ressursane våre. Auka kunnskap om nynorskopplæring er likevel lite verd dersom det ikkje fører til faktisk handling i klassen eller barnegruppa. Dagens konklusjonen er difor denne: Kurs er ikkje alltid løysinga, men målet er alltid kursendring. 

Nynorskopplæring vert utgjeve av Nynorsksenteret, og kjem med tre nummer i året. Send eit e-brev til ror@hivolda.no for å få bladet gratis i posten. Hugs å sende med namnet og adressa di! Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda www.nynorsksenteret.no


Kor raskt er det råd å fortelja språkhistoria?

Innhald

Språkhistoria på 11 minutt

Hjelper kurs på kursen? av Torgeir Dimmen

s. 2

Tekst: Gudrun Kløve Juuhl

Språkhistoria på 11 minutt av Gudrun Kløve Juuhl

s. 3

Lesefrø på nynorsk av Liv Kristin Bjørlykke Øvereng

s. 4

Endringsarbeid i skulen av Gudrun Kløve Juuhl

s. 6

Den veit best kvar skoen trykkjer ... av Hjalmar Eiksund

s. 8

Vil du bli lesegledar? av Janne Karin Støylen

s. 11

ARTig av Charlotte Tvedte og Torunn Hetland

s. 12

Småtips

s. 14

www.nynorsksenteret.no/historia/ Magritt Jarlsdotter Grimstad er lærar på Kolvikbakken ungdomsskole i Ålesund. Ho opplevde at undervisninga i språkhistorie var oppdelt og lite samanhengande når ulike delar­var lagde til ulike steg: litt til åttande, litt til niande og litt til tiande. Oppdelinga gjorde at mange elevar mangla oversikt. Difor laga ho ein komprimert­ fortelje­teaterversjon av språk­historia, som ikkje­ skulle vera lenger enn ein skule­time. Denne ver­ sjonen­har ho no komprimert ned til 11 minutt for filmmediet. Filmen kan vera til inspirasjon for deg som lurer på korleis språkhistoria kan gjerast meir levande for elevane. Sjå filmen og eit videointervju med Magritt på www.nynorsksenteret.no/historia/

Anna Fiske har laga den fine illustrasjonen­ på framsida av dette nummeret av bladet.­ Fiske er biletbokforfattar, illustratør og teikne­serieskapar. Ho er dessutan fast bidragsytar i Norsk Barne­blad, der ho lagar aktivitetssider for borna.

Gamle nummer av bladet kan du lesa på vevsida vår www.nynorsksenteret.no/blad/


I Time kommune driv 19 barnehagar språkstimulering gjennom prosjektet Lesefrø. Målet med prosjektet er å stimulere til leselyst ved hjelp av strukturert og systematisk arbeid med leseaktivitetar.

Lesefrø på nynorsk Tekst: Liv Kristin Bjørlykke Øvereng illustrasjon: Are Edvardsen Utgangspunktet for denne lesesatsinga var tildeling av pengar frå eit legat i Time kommune. Pengane vart brukte til innkjøp av nynorske bøker.­ – Det vart bestemt at ein ville styrke tilbodet av nynorske bøker i barnehagane og gi auka leselyst gjennom leseaktivitetar i barnehagen, fortel prosjektleiar Siri Kverneland. Prosjektet byggjer på teorigrunnlaget frå boka Lesefrø, som er skriven av Trude Hoel, Gunn Helen Ofstad Oxborough og Åse Kari H. Wagner.­ Boka presenterer ein metodikk for å etablere­ gode lesevanar og auke refleksjonen kring språkstimulering via leseaktivitetar hos personalet. Lesefrø legg vekt på eit samarbeid mellom barne­ hagane og biblioteket. – For å etablere prosjektet i barnehagane hadde vi tidleg dialog og møte med styrarane slik at det­kom med i langtidsplanane, seier Kverne­land. – Det vart oppretta språkkontaktar, ein tilsett frå kvar barnehage, som utgjer ei nettverks­gruppe. Språkkontaktane er pådrivarar av prosjektet­i sine barnehagar, i tillegg til at dei er binde­ledd mellom barnehagen og prosjektleiinga.­Språkkontaktane har vore særleg motiverte for å betre­ legge til rette for språkstimulering via lese­ 4

Nynorskopplæring NR. 21

aktivitetar, og har bidrege til å føre prosjektet framover og utvikle praksis i barnehagen, seier Kverneland. Nettverksgruppa har jamlege møte der ulike tema og spørsmål vert drøfta. Dette kan vere samtale om praktiske løysingar om tilrettelegging av aktivitetar eller faglege samtalar knytte til prosjektet.­Tema som har vore drøfta, er «Kvar les vi? Kven les vi for? Kva tid les vi?» eller faglege samtalar omkring boka Lesefrø. Drøftingar og tema som kjem opp på nettverksmøtet, dannar eit grunnlag for arbeidet i barne­hagane, som utgangspunkt for samtale­og informasjon om leseprosjektet på personal­møte. – Det er viktig med jamlege drypp i personal­ gruppa for å utvikle prosjektet vidare, under­ strekar Kverneland. Korleis vert dette prosjektet motteke hos barne­ hagane? – Denne kommunen har jobba godt med utviklingsprosjekt tidlegare, og barnehagane har erfaringar som dei no byggjer på, seier Siri Kverneland. Som prosjektleiar opplever ho at prosjektet er godt motteke, og dei tilsette i barne­ hagane er motiverte og engasjerte. Hovud­målet med prosjektet er å auke medvitet omkring lesing­hos personalet, men for å nå det har eit mål i denne prosessen vore å starte opp nettopp

– Det er viktig med jamlege drypp i personalgruppa for å utvikle prosjektet vidare. ei slik nettverksgruppe der det er mogleg å diskutere faglege og praktiske utfordringar. Kva forventningar har de til arbeidet i barne­ hagane? – Time kommune hadde ein språkplan, og den er no revitalisert gjennom denne lese­ satsinga. Vidare har kvar enkelt barnehage forplikta seg på å lage ein intern plan og struktur for systematisk lesing for barn. Slik legg barnehagen sjølv grunnlaget for korleis ein vil arbeide for å utvikle prosjektet i sin barnehage. I tillegg forpliktar dei tilsette i barnehagen seg på å gjere seg kjende med teorien i Lesefrø. Tiltak i barnehagen er å føre leselogg for barn, ha samarbeid med biblioteket, informere­foreldre­ om leseprosjektet og drive utlån av bøker­i barne­ hagen. Språkkontakt i Jærbarnehagen, Marit Jaarvik,­ har hatt svært positive erfaringar med prosjektet. – Det var svært motiverande å få nye ny­ norske­bøker frå biblioteket som utgangspunkt


for leseaktivitetar­i barnehagen. Ved å vere med i eit slik prosjekt vart leseaktivitetar i barne­ hagen løfta fram og sette i system. Dette gjer at personalet­og borna les mykje meir bøker enn tidlegare. Personalet har endra syn på kva tid vi les, og for kven. Boka er med oss overalt, vi kan lese i mange ulike samanhengar, ute på tur, for små grupper og for enkeltbarn. I tillegg ser vi at borna i mykje større grad les og blar i bøker sjølve. Dei brukar bøkene meir, og bøkene er også med i leiken på ein annan måte enn tidlegare. Eit døme på det er borna som puttar bøker i ein sekk og leikar skule, og borna som tek fram boka og «les» for andre born, seier Jaarvik. Dei tilsette har vorte kjende med fleire bøker­, dei fekk i «lekse» å lese og presentere­bøker på personalmøtet, og slik vart alle i personalet kjende med mange nye bøker. – Det er mykje lettare å ta fram ei bok når ein kjenner til henne på førehand, seier Jaarvik. – Vi har fått auga opp for den nynorske litteraturen­og har diskutert i personal­gruppa kva som er ei god bok. Vi opplever at dei nynorske­ bøkene har svært god kvalitet, og når borna har vorte kjende med desse bøkene, vel dei ofte ei slik bok. – Det at vi har delteke i dette prosjektet,­ har gjort at leseaktivitetar har vorte løfta fram, personalet­er meir bevisste på kva tid og korleis dei brukar ei bok i lag med borna. Nett­ verksgruppa­har bidrege til stadig å halde oppe det faglege trykket på prosjektet og drive det vidare. Vi har fått kurs om dialogisk høgt­lesing som vi gler oss til å sette i gang med, og til hausten­skal vi vektlegge lesing for minoritetsspråklege barn, avsluttar språkkontakt Marit Jaarvik engasjert. 

Nynorskopplæring NR. 21

5


Gode råd om utviklingsarbeid i skulen frå ei som har gjort det før.

Endringsarbeid i skulen Tekst: Gudrun Kløve Juuhl foto: Universitetet i Stavanger Når ein vil endra noko på skulen sin, til dømes­setja i verk tiltak for at elevane får lesa meir nynorsk i alle fag, er det viktig å gjera eit godt førearbeid. «Dei fleste endringsarbeid gjev få eller ingen resultat, fordi ein ikkje arbeider nok med implementeringsprosessen», seier Sigrun Ertesvåg, professor ved Nasjonalt senter for læringsmiljø og åtferdsforsking. Ho har mange års røynsle med samarbeid med skular om utviklings­ arbeid, og med forsking på utviklingsarbeid. Ho har også skrive boka Leiing av endringsarbeid i skulen, der det står: «Når ein har identifisert eit problemområde ein ynskjer å arbeide med, er det viktig at alle tilsette ved skulen er klar over dette problemet og er forplikta til å arbeide med det. Særleg viktig er det når ein skal gå i gang med ein skuleomfattande intervensjon. Ein kan aldri rekne med at alle vil støtte opp om intervensjonen, men ein peikefingerregel kan vere at om ikkje leiinga og 80–85 prosent av dei tilsette forpliktar seg til intervensjonen, bør ein ikkje starte opp» (s. 46). Kva råd ville du gje om det er nokre lærarar på mellomsteget på ein nynorskskule som har snakka saman­om at ein del elevar verkar språkleg usikre, og at dei difor tenkjer at ein burde arbeida meir med 6

Nynorskopplæring NR. 21

lesing og skriving på nynorsk i alle fag? Kvar går ein derifrå? – Desse er tydeleg i ein initieringsfase der ein må leggja kabalar for å få dette til. Det fyrste eg ville tenkt, er at ein må forankra endringsarbeidet­ i leiinga, slik at det kan ha ein føresetnad for å

verta varig og ikkje avhengig av einskild­personar. Sjølv om det berre er ei gruppe lærarar som har tenkt på dette fyrst, så er jo lesing og skriving noko som ein jobbar med i alle fag, og då er det viktig å få med og motivera personalet, seier Ertesvåg.­


– Ein rektor sa ein gong at det viktigaste han gjorde som leiar i utviklingsarbeid, var å spørja på alle samlingar: «Kva har de gjort med dette sidan sist?» Nokon må etterspørja arbeidet undervegs, elles vert det ein aktiv periode og så glir det ut. Sigrun Ertesvåg, Nasjonalt senter for læringsmiljø og åtferdsforsking

– Det er også viktig å forankra det i det andre endringsarbeidet ved skulen. Grunnen til det er at det skal verta ein del av den samla utviklinga til skulen. Ei av dei største utfordringane med utviklingsarbeid er at mange skular har mange ulike endringsarbeid gåande samstundes. Då kan dei ta merksemda frå kvarandre og endåtil motarbeida kvarandre. Det kan verta for mykje. I ein slik initieringsfase kan det også vera ein idé å henta inn ressurspersonar utanfrå. – Det er viktig å ha to tankar i hovudet når ein set i gang utviklingsarbeid, presiserer Ertesvåg. – Det er lett å handla mykje utan å tenkja så mykje­ på kva me gjer, men me må ha blikket både på det reint faglege og på gangen i utviklingsarbeidet. Det er viktig å motivera alle som skal vera med og forankra det hjå personalet. Elles vert det eit par brennande eldsjeler som vert frustrerte over kollegaene som ikkje gjer noko. Kva skal til for å få til varig endring? – Ein må klara å halda trykket oppe. Å lesa meir nynorsk i alle fag er jo ikkje noko ein berre skal arbeida med i eitt år, det er noko ein må arbeida­langsiktig med. Då er det viktig at ein innarbeider rutinar for korleis ein arbeider med det som skal gjelda alle.

Ein rektor sa ein gong at det viktigaste han gjorde­ som leiar i utviklingsarbeid, var å spørja på alle samlingar: «Kva har de gjort med dette sidan­ sist?» Nokon må etterspørja arbeidet under­ vegs, elles vert det ein aktiv periode og så glir det ut. Eit eksempel på ein rutine kan også vera at teama har det som eit fast punkt på sine møte. Det er mykje lettare å innarbeida nye rutinar enn å halda på dei. Barnehagar arbeider også med språkstimulering. Ser du nokon andre utfordringar med slikt arbeid i barne­ hagen enn i skulen? – No er det skulen eg kjenner og har arbeidd­ spesielt med, men det er mykje det same som gjeld

i barnehagen som elles. Ei spesiell utfordring­ med utviklingsarbeid i barnehagen samanlikna med skulen er at personalet ofte har ulik bakgrunn, og dermed er forståinga for behova­ meir ulik. I skulen­er dei fleste i personalet­ lærarar, men i barnehagen er det ikkje slik. Barnehage­lærarar har hatt om språk­stimulering i utdanninga­si, men fleirtalet av personalet­ er ofte ikkje barnehagelærarar. Dermed er det ekstra­viktig å skapa ei felles forståing­for behova og for kvifor og korleis ein arbeider­med språk­ stimulering, og å sikra at alle er involverte.­Så gjeld det same som elles, ein må danna rutinar,­ og nokon­må etterspørja arbeid med temaet jamleg, avsluttar Ertesvåg. 

Viktige faktorar for at eit utviklingsarbeid skal verta vellukka: • Forankring i leiinga og personalet: alle, eller i alle fall nesten alle, må vera med • Etablera rutinar for arbeid med teamet • Nokon må etterspørja arbeidet jamleg Lesestoff om utviklingsarbeid: • Sigrun K. Ertesvåg: Leiing av endringsarbeid i skulen • Sigrun K. Ertesvåg og Pål Roland: Ledelse av endringsarbeid i barnehagen

Nynorskopplæring NR. 21

7


Kva vil det seie å drive god nynorskopplæring? Frå 2009 til 2013 arbeidde Nynorsksenteret etter ein eigen tiltaksplan med denne problemstillinga.

Den veit best kvar skoen trykkjer …

Tekst: Hjalmar Eiksund foto: Kib & Morits

8

Nynorskopplæring NR. 21


I samarbeid med både enkeltskular og heile­ kommunar vart nye måtar å undervise på prøvde ut i både bokmåls- og nynorskklassar. Erfaringane­ er samla i rapporten Mange vegar til målet, som er tilgjengeleg på nettstaden til Nynorsksenteret. Føremålet med skulebasert kompetanseutvikling er å utvikle kunnskap, haldningar og ferdigheiter på skulenivå. Dette tek tid og er avhengig av ei engasjert skuleleiing som viser eigarskap i prosjektet frå dag ein. Men eit vellykka utviklingsarbeid er òg avhengig av kva val dei som utfører sjølve undervisningsarbeidet, tek undervegs. Lærarane frå samarbeidsskulane har samanfatta kva krav som må stillast til lærarar som skal drive god nynorskopplæring. I fire hovudpunkt definerer dei kva det vil seie å vere lærar for elevar som skal lære nynorsk. Det er viktig at elevane så tidleg som råd blir gjorde kjende med den norske språksituasjonen med to likestilte målformer. Alle elevar som følgjer vanleg læreplan, skal lære både nynorsk og bokmål, og Kunnskapsløftet legg til rette for arbeid med begge målformene allereie på barnetrinnet. Skular og lærarar pliktar derfor å skape eit læringsmiljø der nynorsk er noko sjølvsagt, og ikkje noko framandt og eksotisk. Det kan ein gjere på mange måtar: 1. Kunnskap om nynorsk språk Skal ein undervise i nynorsk, må ein ha opp­ daterte kunnskapar om skriftspråket. Det må vere sjølvsagt for ein lærar å tileigne seg slik kunnskap, uavhengig om ein skal undervise elevar med nynorsk som hovudmål eller side­mål. Å saman­likne ulike måtar å uttrykkje­seg på, på ulike språk og målformer, gir elevane sjansen­til å setje si eiga skriving og kunnskapen­til eigen­ språkbruk i eit større perspektiv. Kontrastiv­

språkopplæring med eit meta­ perspektiv på språket­bør kunne brukast på alle nivå, både i barne­hagen, på barne- og ungdomstrinnet og i vidare­gåande opplæring. 2. Kompetanse i rettleiing av elevtekstar Det trengst kompetanse i å rettleie elevtekstar, og det trengst kompetanse i å sjå det særeigne i den nynorske teksten. På nynorsk bruker ein ofte andre omgrep med ein meir verbal syntaks enn på bokmål. Dette krev at lærarar som rettleier skriving på nynorsk, anten som hovudmål eller sidemål, har kunnskap og kjennskap til emnet.

Lærarane frå samarbeidsskulane har samanfatta kva krav som må stillast til lærarar som skal drive god nynorskopplæring.

3. Kunnskap om nynorsk litteratur Val av kva litteratur elevane får kjennskap til, kan vere med på å skape ein trygg språkleg identitet der både bokmål og nynorsk er med som naturlege komponentar. Mange elevar les si første skjønnlitterære bok som ein del av skulearbeidet, og den medvitne nynorsklæraren veit å føreslå nynorsk litteratur for elevane. Ein må òg kjenne til nettstader som viser aktuelle fagtekstar på nynorsk. Tips om både skjønnlitteratur og sakprosa finn du på nettstaden til Nynorsksenteret. 4. Medvit om eigne haldningar til nynorsk Som lesande og skrivande vaksenperson er lærarar­språklege rollemodellar for elevane. Negative­haldningar til fag og emne smittar, men det same gjeld positive haldningar. Ein lærar­som brenn for faget og emnet, kan langt på veg motverke negative haldningar som kjem til syne i stor­samfunnet. Medvit om språkleg mangfald skaper rom for samtale om språk og dermed språkleg undring. Den norske språksituasjonen opnar for samtale kring språk og språkleg identitet­som to gjensidig forståelege skriftfestingar av det norske­språket. 

Kjelde «Mange vegar til målet», sluttrapport for Tiltaksplan 2009–2013 Les heile rapporten på nettstaden vår: www.nynorsksenteret.no/tp

Nynorskopplæring NR. 21

9


Er du lærar på mellomtrinnet for elevar med bokmål som hovudmål? Ifølgje læreplanen skal alle elevar prøve ut skriving på sidemål frå femte trinn. Vi ønskjer å kome i kontakt med lærarar­som underviser i norsk og er nyfikne på metodar­og undervisnings­ opplegg i nynorsk som sidemål. Oppstart: hausten 2014 Vi tilbyr: toårig samarbeid, kurs og samlingar,­ tett oppfølging Søknadsfrist: 15. juni Kontakt: post@nynorsksenteret.no


Oppdraget for ein lesegledar ligg i namnet: Målet er å vekkje leselyst og leseglede hos barn og unge ved å opne bøker for dei, slik at dei kan få hjelp til å finne ei bok som passar, ei bok dei likar.

Vil du bli lesegledar? Tekst: Janne Karin Støylen foto: Kib & Morits I Rogaland finst det i dag ti aktive lese­ gledarar. Tiltaket er eit samarbeid mellom­Lese­ senteret ved Universitetet i Stavanger og Roga­ land fylkesbibliotek.­­No skal Nynorsksenteret­ starte opp eit liknande sam­arbeid med fylkes­ biblioteket i Sogn og Fjordane,­med særleg vekt på nynorsk leseglede. Ei økt med ein lesegledar kan ha mange former, men er alltid karakterisert av engasjement og entusiasme for det som blir formidla. Vidare gjer humor og snert presentasjonen nærast­til eit show. Er du lærar,­førskulelærar eller­biblio­tekar? Høyrest det å vere lesegledar interessant ut for deg? Eit oppstarts­seminar er under planlegging til hausten,­anten i Førde eller­i Sogndal. Lese­ gledarane frå Rogaland kjem! Satsinga er i støypeskeia, men vi høyrer like­ vel gjerne frå deg som kjenner at «dette har eg lyst til». Send eit e-brev til oss på e-postadressa janne.karin@nynorsksenteret.no. Då vil vi halde deg orientert om framdrifta og fortelje deg kva tid vi startar. 

Nynorskopplæring NR. 21

11


Korleis kan ein ta vare på barns undring og leik i møte med naturen, samtidig som dei lærer å lesa og skriva naturvitskapelege tekstar?

ARTig

– eit undervisningsopplegg i naturfag, norsk og kunst og handverk

Tekst: Charlotte Tvedte, høgskulelærar i kunst og handverk, og Torunn Hetland, høgskulelærar i norsk Inspirasjonen og igangsetjaren for ARTig var Jo Nesbø sin litterære figur Doktor Proktor og museumskatalogen Dyr du skulle ønske ikke fantes. Me la vekt på å skapa ein dramaturgi i opplegget der ein gjekk frå erfaringar i naturen og møte med vitskaplege tekstar og over i fabulering­og fantasi. Me ville undersøkja om elevane byggjer opp eit repertoar som dei i neste omgang kan nytta kreativt og leikande. Opplegget har tre delar: 1. Ut i hagen og i bekkedalen, 2. Fagbøker om artar og 3. Dyr du skulle ønskja ikkje fanst på Rommetveit.

dei valde­ut. I klasserommet hadde me hengt opp arts­plakatar og funne fram fag­bøker og oppslagsverk.­Me hadde også med oss flyttbare tavler med overskrifter og eksempel­tekstar. Her hengde­elevane etter kvart opp eigne multi­ modale­tekstar,­og tavlene var utgangs­punkt for fagleg formidling og samtale.­Observasjons­ teikninga hadde ein viktig plass: Elevane teikna realistiske,­tydelege og karakteristiske­fram­ stillingar av arten.­Dei beskreiv arten også i ord, fann informasjon­om han, og presenterte han i eit sakprega språk.

Ut i hagen og i bekkedalen Undervisningsopplegget starta med at elevane gjekk ut i naturen og oppdaga artar i nær­miljøet. Elevane hadde med seg luper til å studera små insekt eller detaljar på planter og dyr, og dei hadde­ med seg boksar eller glas til å samla planter­ og dyr til klasserommet. Dei brukte teikne- og skrive­saker, og fotoapparat. Øktene ute i naturen­ bar preg av leik, iver og begeistring over opp­ dagingar dei gjorde. Det vidare arbeidet bestod i å skriva og teikna­ut frå eigne erfaringar og å venda seg til fag­litteraturen for å læra meir om ein art som

Fagbøker om plante- og dyreartar Periode to handla om sjangeren fagbøker for barn. Mykje faglitteratur for barn er på bokmål, så her gjaldt det å få tak i nynorske fagbøker og å nytta desse som modelltekstar. Me valde å sjå nærare­på tre fagbøker av Erna Osland, Dyre­ venner, Fint å ha far og Skarpe tenner, som me kjøpte inn gruppesett av. Læraren las høgt og viste fram oppslag på lysark. Ho prøvde å gjera elevane merksame på bruk av illustrasjonar, overskrifter og struktur. Ho stoppa opp ved språklege formuleringar som var morosame, presise, tankevekkande o.a.

12

Nynorskopplæring NR. 21

Slik kunne elevane i neste omgang bli oppmerksame, spørjande og gjerne undrande lesarar og skrivarar. I tillegg til høgtlesing og samtale i klassefellesskapet arbeidde elevane parvis med høgtlesing og teikne- og skriveoppgåver kopla til fagbøkene. Dyr du skulle ønskja ikkje fanst på Rommetveit Den tredje perioden tek elevane med frå saktekstskriving til fabulering og fiksjon. Her skulle dei skapa sitt eige fantasidyr ut frå «mønsteret» til Jo Nesbø og museumskatalogen Dyr du skulle ønske­ ikke fantes. Me hadde følgjande læringsmål: • Elevane bruker eit fagleg repertoar frå arbeidet­med artar i hagen og i bekkedalen og får fram samspelet mellom art og miljø • Elevane bruker «stilen» frå observasjonsteikninga også i framstillinga av fiktive artar • Elevane bruker strukturen og språket i sakteksten til gi truverd til arten sin eksistens­


Det var eit mål å gjera den multimodale tekst­ skapinga til ein prosess, der både me som lærarar­ og medelevane kunne vera medhjelparar i ut­ viklinga­av bilde og tekst. Fyrst henta me fram det me hadde erfart, lese og skrive om artane i hagen og i bekkedalen. Etter kvart handla samtalen om kva dei burde tenkja på når dei skulle skapa og presentera sin art. Elevane starta med å forma det visuelle uttrykket. Dei var då plasserte i grupper rundt små bord med teiknepapir, og byrja laga skisser.­For å fremja dialog let me gruppene etter ei stund besøkja­medelevane sine «teiknebord». Her skulle­dei skriva spørsmål til kvarandre sine teikningar.­Etter denne sekvensen arbeidde elevane­med å skapa arten sin med ord. I dei neste øktene var elevane delte i grupper og stasjonar, der dei la vekt på ulike delar av tekstskapinga: teikninga, det vitskaplege språket og «Difor skulle du ønskja arten ikkje fanst på Rommetveit». I utviklinga av den språklege tekstdelen var lærarresponsen særleg knytt til ordval og struktur.­Det viste seg at elevane trong hjelp til å skriva utdjupande. Det var tydeleg at dei var vane med ein skrivemåte prega av opplisting av fakta, dei mangla god samanheng og utdjupa i liten grad detaljar.

Me meiner samspelet og vekslinga mellom fakta og fiksjon, visualisering og ord har gitt fleire elevar arbeidsglede. Dramaturgien i opplegget, og at det strekte seg ut i tid, var også verdifullt. I dei tre periodane blei det lagt vekt på ulike aspekt ved sjangeren. Elevane har støytt på vanskar og utfordringar, dei har fått rettleiing, dei har fått modellar, men dei har også fått vera skapande og leikande. Me trur også det var viktig for opplegget at det munna­ ut i konkrete produkt, ein museums­katalog: Dyr du skulle ønskja ikkje fanst på Rommetveit, og ei utstilling.­Elevane såg resultat av arbeidet sitt og var tydeleg stolte. 

ARTig er eit samarbeidsprosjekt mellom to høg­ skulelærarar frå Høgskulen Stord/Haugesund og to lærarar i 6. klasse på Rommetveit skule. Høgskulelærarane representerer faga kunst og handverk og norsk, og grunnskulelærarane er klasselærarar og naturfaglærarar. Prosjektet har utgangspunkt i artslære og naturfag, men omfattar viktige tema og kompetansemål i norsk og kunst og handverk. Rommetveit skule deltok i 2013 i eit fagskrivingsprosjekt støtta av Nynorsksenteret, og ARTig er ein del av skulen sitt utviklingsarbeid. Full rapport finn de på www.nynorsksenteret.no/artig/

elevarbeid

Refleksjonar i etterkant: Frå fakta til fantasi – med ord og bilde Dei ferdige elevtekstane viser elevar som leika seg i ein mellomsjanger mellom fakta og fiksjon.­ Elevane tek i ulik grad i bruk eit fagspråk. Alle bruker forteljing, men i varierande grad. I samspelet mellom illustrasjon og tekst ser me at nokre elevar bruker mykje tid og flid på illu­ strasjonen,­medan andre nyttar mest humor og skaparglede innanfor det språklege uttrykket. Nynorskopplæring NR. 21

13


Boktips

Lesartipset Odd Nordstoga (red.) Song for deg og meg Ny og utvida utgåve 2014

Tida går fort. Eg tykkjer ikkje det er lenge sidan­ eg sat med den fine, ferske boka Song for deg og meg i hendene. Redaktøren Odd Nordstoga hadde endåtil komponert ein song spesielt for samlinga av barnesongar. Songen heitte «Kveldssong for meg og deg», og handla om ein hylande gris og fire og tjue kråker på ein madrass. Men det er lenge sidan, i alle fall sett med barneauge: Tolv år! Nye born og nye songar er komne til, og no er også songboka komen i ny og utvida utgåve.

Fabrizio Silei og Maurizio A.C. Quarello Rosas buss 2011

«Midt i den store hallen på Henry Ford-museet står det ein gammal buss, og i bussen er det eit sete som minner bestefar om ei historie langt tilbake i tid. Det er setet til Rosa Parks. Dette er historia om den modige Rosa Parks som ein desemberdag i 1955 nekta å reise seg frå bussetet for å gi plass til ein lyshuda amerikanar, endå raselovene kravde det. Med tårer i auga for-

Klassikarar, folketonar og nye songar.­ Boka har alt! Mange har etterlyst notar og besifring­ til melodiane Odd Nordstoga har kompo­nert til den populære barne-TV serien Vaffel­hjarte basert på Maria Parr si suksess-bok med same tittel. To av dei, «Bestevenn» og «Ein farfar i livet», er med i denne nye utgåva. – Alle songane er lagde i ei tonehøgd som bør passe dei fleste, og harmoniseringa er ikkje avskrekkande, hevdar redaktøren innleiingsvis.

Musikktips

Boka er meint som ei bruksbok. Syng og ver glad!

I år er det hundre år sidan diktaren JanMagnus­Bruheim vart fødd i Skjåk. I samband med jubileet har musikaren Sigrid Moldestad tonesett mange av dikta hans, og elleve av dei er samla på den fine plata Brevet til kjærleiken.

Janne Karin Støylen

14

Nynorskopplæring NR. 21

Sigrid Moldestad Brevet til kjærleiken

av Aud Standal Digernes, Øyra skule tel bestefar historia han veit alt om, for han var med på bussen sjølv.» Slik står det skrive på baksida av denne bilet­ boka, skriven av Fabrizio Silei og illustrert av Maurizio A.C. Quarello. Boka skildrar raseskiljepolitikken på ein måte som engasjerer og vekkjer ettertanke. Teksta er kortfatta og presis. Bileta, nokre i svart-kvitt og andre i fargar, viser fortid og notid på ein meisterleg måte. Boka eignar seg godt for born opp til tenåra. Ho fungerer svært godt til høgtlesing i klasserommet som utgangspunkt for refleksjon rundt temaet raseskilje. Det er då ein fordel å kunne vise illustrasjonane på storskjerm medan du les. Nynorsksenteret har utvikla eit undervisningsopplegg til denne boka, som du finn på www.nynorsksenteret.no/rosa/

Vevsidetips Skole i praksis www.skoleipraksis.no

2014

Skole i praksis er ein serie filmbaserte ressurs­ pakkar produserte av Snöball Film i samarbeid med ulike nasjonale fagsenter. Her finn du filmar om lesing, sidemålsundervisning, fagskriving og mykje anna. Filmane­er retta mot lærarar.


nynorskbok.no Kvart år kjem det mange nye, gode barne- og ungdomsbøker på nynorsk, men det kan vere ei utfordring å halde seg oppdatert. På Nynorskbok.no finn du boktips, omtalar­ av bøker og informasjon om kva aldersgruppe bøkene kan passe til.


Returadresse: Nynorsksenteret, Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda

Slit elevane dine med å skilja bodskapen frå buskapen? Har dei skrevet der dei skulle ha skrive? Nynorsk på 1-2-3 er eit nynorskkurs i teikneserieform. På www.nynorsksenteret.no/tilfang/ kan du tinga gratis klassesett.


Nynorskopplæring nr. 21