Page 1

Gr

an

de

Nynorsksenteret

g m책ne

n

B

av M art ine

ro

e

g o Ive e t r


Berte

Iver likar godt å leike med Berte, for ho finn på så mykje­morosamt, og så er ho så modig. Det er kjekt å reise på oppdagingsferd i lag med Berte, synest Iver.

© 2011 utgjevar: Nynorsksenteret tekst og illustrasjon: Martine Grande språkleg tilrettelegging: Heidi Strand Harboe redaktørar: Liv Kristin Bjørlykke Øvereng og Arild Torvund Olsen isbn: 978-82-7661-301-8

Iver

Berte synest Iver er veldig klok. Iver kan så mykje rart, og dei finn på så mange spanande ting. Og så har dei ein løyndom: Dei kan reise kvar dei vil.

Nynorsksenteret Høgskulen i Volda Postboks 500 6101 Volda www.nynorsksenteret.no


Iver står ute ein kveld og kikkar opp på himmelen. Medan han står slik, kjem Berte springande. – Kva ser du på? spør ho. – Månen, svarer Iver begeistra. – Eg ser på månen. Er han ikkje fin?

Berte står og tenkjer litt. Så kjem ho på noko ho gjerne skulle hatt svar på. – Finst Månemannen? spør ho. – Og kva med Mannen i månen? Bur han verkeleg inne i månen? Iver vil gjerne svare Berte, men han vert heilt forvirra sjølv av desse store spørsmåla.


Dei skjønar straks at dette er ei sak for Berte og Iver.

Det tek ikkje lang tid før dei har bygd eit perfekt romskip.


– Kvifor heiter det eigentleg romskip? undrar Berte. – Eit romskip er jo ikkje eit skip som står i eit rom …

– Eit romskip er eit fartøy som me kan reise med i verdsrommet, forklarar Iver. – Eit skip treng ikkje alltid vere ein båt.


På 1-2-3 er dei over skyene.

Høgt der oppe reiser dei med stø kurs mot månen.

Vel framme på månen går dei straks i gang med å leite etter spor etter Månemannen og Mannen i månen.


Berte og Iver går og går. Eller rettare sagt, dei hoppar rundt omkring. Slik er det nemleg å gå på månen. Dei hoppar på kryss og tvers. Dei hoppar fram og tilbake. Dei hoppar opp og ned.


Plutseleg ser dei at det sit ein lang, tynn mann berre eit par lange hopp i fr책 dei.


– Eg er Münemannen, seier han. Han bukkar djupt og presenterer seg for dei to borna. Berte smiler til Iver. Iver smiler til Berte. Münemannen smiler ikkje. Han er berre trist.


Månemannen seier at han er så trist, så trist fordi han er heimlaus. – Har du verkeleg ikkje eit hus du kan bu i? undrar Berte og Iver. Månemannen ristar på hovudet. – Eig du ingenting, du? spør Berte forskrekka. Ho kjenner at ho får tårer i auga. – Nei, seier Månemannen lågt og ser endå tristare ut.


Men så er det akkurat som om han lyser opp litt der han står. – På ein måte eig eg kanskje noko, seier han. – For ei stund sidan fann eg nemleg ein liten firkanta ting på bakken, men eg aner ikkje kva den vesle dingsen er for noko. – Kan me få sjå? spør Berte og Iver i munnen på kvarandre.


– Det der er jo ei ringjeklokke! seier Berte og Iver i kor. – Det er jo ei slik ein bruker når ein ringjer på døra til nokon. Viss du har ei ringjeklokke, må du vel ha ei dør? Og viss du har ei dør med ringjeklokke, må du vel nesten ha eit hus som døra går inn til? Månemannen vert litt irritert. – Eg har jo nettopp sagt fleire gonger at eg ikkje har noko hus, seier han. – Så kven bur her då? spør Iver.

Ding-dong! Bakken opnar seg som ein port.


Dei klatrar ned ein lang, bratt stige. Månemannen klatrar saman med dei. På botnen av månen møter dei ein liten, tjukk mann med eit stort smil. Han seier at han heiter Mannen i månen. – Velkomne skal de vere! seier Mannen i månen. – Eg kan faktisk ikkje hugse sist eg hadde besøk.


Mannen i månen byr på te og småkaker. Han er overlukkeleg over besøket, for han har ingen andre vener. – Det er ganske einsamt å bu heilt aleine, seier Mannen i månen. – Eg får ikkje inn ein einaste kanal på tv, og for å spele Ludo må ein vere to.


Akkurat i det same sekundet får Berte og Iver ein strålande idé:

– De to kan jo verte romkameratar! – Kjempelurt! seier Månemannen og Mannen i månen i kor. På den måten vil begge to få ein heim, og på den måten vil begge to få ein ven.

Berte og Iver har hatt ein fantastisk dag på månen, men no er det nok på tide å kome seg heim att, før mamma og pappa oppdagar at dei er borte.


Akkurat i det dei landar, høyrer Berte mamma rope at kveldsmaten er klar. – Eg veit ikkje om eg har plass til kveldsmat. Eg åt visst litt for mange småkaker hos Mannen i månen, seier Berte og ler. Iver ler, han òg. Han synest det er morosamt å tenkje på kvar dei har vore.

Før dei spring inn, vinkar dei opp til månen og ropar i kor:

– God natt, og takk for i dag!


Go dn

at t

, Be

hj r o r te o kf k a t g Iver, og tusen

a! p el


Returadresse: Nynorsksenteret, Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda

Vil du ha fleire gratis eksemplar av heftet? Send eit e-brev til ato@hivolda.no Du finn heftet i digital utgĂĽve pĂĽ aktivitetssidene www.nynorsksenteret.no/berteogiver/

Berte og Iver og månen  

Berte og Iver finn på mykje rart i lag. Og så har dei ein løyndom: Dei kan reise kvar dei vil.

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you