Issuu on Google+

Introduksjon til lÌrings- og motivasjonsteori PPU1012 – oktober 2010 Steinar Westrheim


Gjensidig påverknad

Motivasjon ”det som skaper aktivitet, det som held denne ved like, og det som gir aktiviteten mål og meining”

Læring ”relativt permanent åtferdsforandring som oppstår på grunnlag av erfaring”


Ulikt fokus i ulike tilnærmingar  Behavioristisk perspektiv -

åtdferdsendring straff og belønning er motiverande

 Kognitivt perspektiv -

mentale modellar og teknikkar informasjonsprosessering

 Konstruktivistisk perspektiv -

konstruksjon av kunnskap forståing gir motivasjon

 Sosiokulturelt -

kommunikasjon og verktøybruk motivasjon gjennom deltaking 3


Nokre kontrastar Behaviorisme

Kognitivisme

 Læring er åtferdsendring  Fokuserer på det ytre og observerbare  Ytre motivasjon - få belønning av læraren  Den lærande er relativt passiv  For eksempel Skinner

 Læring er kognitiv endring  Metakognisjon er sentralt  Det vil seie mentale prosessar, teknikkar og læringsstrategiar  Indre motivasjon  Den lærande er aktiv  For eksempel Gardners teori om ulike intelligensar


Fleire kontrastar Konstruktivisme

Sosiokulturell/situert teori

 Læring inneber å konstruere personleg kunnskap  Fokuserer på utforsking og eksperimentering  Indre motivasjon - å forstå  Den lærande er aktiv  Piaget passar inn her

 Læring skjer gjennom samhandling  Språk og dialog i sentrum  Ytre og indre motivasjon gjennom deltaking  Vygotskij er sentral i denne retninga


Behaviorisme: Læring gjennom miljøpåverknad  Teorigrunnlag knytta til dyreforsøk tidleg på 1900 talet  ”Gulrotprinsippet” er sentralt: unngå smerte og søkje glede  Læraren kan skape motivasjon og retning gjennom rett stimulering  Gjennom systematisk bruk av straff og belønning hevdar nokre behavioristar at alle kan lære alt!  Viktig å vere bevist etiske utfordringar - manipulering eller hjelp?

6


Klassisk og operant betinging  Klassisk betinging: Pavlov, Watson - enkel reflekslæring og automatiserte reaksjonar, f.eks sleving eller frykt - prøv: http://www.simplypsychology.pwp.blueyonder.co.uk/pavlov.swf

 Operant betinging: Skinner - bevisste og aktive handlingar for å få løn eller unngå straff Belønning= noko positivt eller fjerning av straff Straff= noko negativt eller fjerning av belønning

7


Banduras nybehaviorisme: modell- og sosiallæring  Bandura seier at me ikkje berre lærer av eigne feil og suksessar, men også av andre sine - for eksempel ein gut som begynner å pynte i boka si for å få betre karakter etter at han har sett at jentene gjorde det

 Altså meir vekt på kognisjon: -

oppmerksemd (Han såg at jentene pynta og fekk betre karakter) hukommelsen (Han huska dette) imitasjon (Han imiterte jentene) motivasjon (Han forventa å få betre karakter, altså belønning)

 Hugs at du er ein rollemodell: ”Children see, children do” http://www.youtube.com/watch?v=KHi2dxSf9hw

 Media viser tvilsame rollemodellar

- seriar som ”Farmen” viser for eksempel at det lønnar seg å lure og bedra, då det er då kjem ein langt og har suksess! 8


Kognitivisme  Kognitive teoriar flyttar fokus til indre tankeprosessar - Descartes ”Cogito ergo sum” – Eg tenkjer, altså er eg”

 Bevisstheit omkring eigne tankeprosessar er sentralt: metakognisjon  Modellar har ofte likskap med databehandling i ein PC: - korttidsminnet tilsvarar ”RAM”, langtidsminnet ”harddisken” - begge med avgrensa kapasitet

 Teknikkar og læringsstrategiar som som for eksempel ”chunking” 45 82 91 10 i staden for 45829119, hugseord som ROGGBIF og tankekart blir viktig å lære elevane

9


Metakognisjon og MI  Elevar må lære seg å planlegge, overvake og evaluere si eiga læring  Å bli bevisst at me kan vere ”intelligent på ulike måtar” kan vere ein god start  For eksempel Howard Gardner sin MI-teori (språkleg, matematisk, romleg, kinestetisk, musikalsk, sosial, intrapersonleg intellignes)  Eller Lena Bostrøms VAKT-modell

 Skien kommune sitt prosjekt MILL viser mange praktiske eksempel

10


Konstruktivisme  Konstruktivisme er primært eit perspektiv på korleis læring skjer  I følgje Piaget er læring utvikling av mentale skjema som følgje av miljømessige erfaringar  Læringa skjer gjennom to former for skjematilpassing:

- assimilasjon vil seie ”å tilpasse verda til seg sjølv” Det blir natt fordi sola går og legg seg om kvelden Her ”forklarer” ein det nye ved hjelp av det ein kan frå før - akkomodasjon vil seie ”å tilpasse seg sjølv til verda” Sola kan vel ikkje legge seg som eit menneske, det må vere ei anna årsak til dag og natt…………… Her er dei eksisterande skjema ikkje gode nok, så dei må utvidast

 Ubalansen mellom skjema gir indre motivasjon (likevektsprinsippet) Sola kan då ikkje vere levande og sove i seng? Hmmmm….

 ”Å skape ubalanse” blir dermed eit viktig motivasjonsprinsipp!


Piaget sin stadieteori  Dette er ein omdiskutert teori - blant anna fordi han ser kognitiv utvikling som føresetnad for læring, ikkje som resultat av læring

 Alle går gjennom fire stadier frå 0-12 år der tenkinga utviklar seg kvalitativt - frå det konkrete til det abstrakte - frå ”einvegskøyrt” to ”tovegskøyrt” (reversibel) tenking, for eksempel at + og – er motsett, eller at borna klarar vannglaseksperimentet ved hjelp av konkretisering

- Er det like mykje vatn i dei to glasa?


Sosiokulturelle perspektiv  Desse perspektiva har marxistisk opphav med fokus på utvikling, fellesskap, aktivitet/arbeid og reiskap  Læring og utvikling er her sosiale og kulturelle prosessar  Språk er det viktigaste verktøyet  Verksemd eller aktivitetar knyter individ og kultur saman: Individ - bevisstheit - kjensler - behov

Internalisering

Verksemd Eksternalisering

Kultur - sosiale forhold - kulturelle forhold - materielle forhold

 Internalisering = subjektivering -

me tileignar oss tankar frå kulturen, f.eks lese ei bok

 Eksternalisering = objektivering -

me omformar tankar til materiell form, f.eks skrive ei bok


Vygotskij: All utvikling går frå det sosiale til det individuelle  Den næraste utviklingssona viser kva eleven kan klare med støtte

- sona og evneomgrepet er dynamisk og endrar seg med tilgjengeleg hjelp

- å gi hjelp og støtte i sona kallast for ”scaffolding” (Bruner), stillasbygging - ulike elevar treng ulike stillas, altså tilpassa opplæring i praksis


Situert læring inneber læring i praksisfellesskap  Lærlingeordningar med meister og svenn har lang historisk tradisjon  Læringa er her situert - autentisk, meiningsfull verksemd i eit praksisfellesskap - det ein lærer, har ein direkte bruk for

 Læring skjer gjennom aukande deltaking i fellesskapet

- gradvis overgang frå legitim perifer deltakar (for eksempel ein frisørlærling som startar med å koste hår) til fullbefaren meister - dette gjeld også haldningar, måtar å tenkje på og rutinar

 Motivasjon er dermed knytta til auka deltaking og personleg utvikling, å bli meister sjølv  Læring blir her også eit identitetsprosjekt

- lærlingen utviklar gradvis identitet fram mot ”meister” - etter kvart som lærlingen tar til seg kunnskap, dugleik og sjargong, utviklar han eller ho gradvis også yrkesidentitet

15


Kjapp oppsummering Fokus

Motivasjon Kunnskapssyn

Lærarjobb

Behaviorisme

Ytre

Ytre

Overføring

Belønn!

Kognitivisme

Indre, Indre teknikk

Overføring

Strukturer!

Konstruktivisme Indre, Indre skjema

Konstruksjon

Aktiviser!

Sosiokulturell

Internalisering Eksternalisering

Støtt og ver i dialog!

Ytre og Ytre, sosial indre og kulturell


Kjelder ďƒź Imsen, G. (2005). Elevens verden. Oslo: Universitetsforlaget.


introduksjon_læring_motivasjon_PPU-2010