Page 1

Frå Formatio til Cultura (Formatio= forming/danning av barnet. Cultura= fri utfalding innanfrå) Vegen fram mot den elevsentrerte, barnevenlege pedagogikken. Nokre stoppestader. Vekt på dei som flytta grensesteinane Hellebarn: Berre dei funksjonsdyktige og etterspurde vart oppfostra Kristenretten: Pålegg om å oppfostra jentebarn og "krøplingar" Kristian 5. Norske lov av 1687: Straffereaksjonar for ”oppsetsige” barn; - opp til livsvarig fengsel for å ha ”forbanna foreldra” - halshogging for å ha utøvd vold mot foreldra - etter 12 år, inntil dødsstraff for tjuveri Synet på barnet før opplysningstida: Barnet liten eigenverdi Uferdig som menneske- mest som "gjenstandar", husdyr Måtte formast/kultiverast for å bli menneske (formatio-tradisjonen) Tidleg barndom: "Kjælevesen" Frå 7-årsalderen: mennesket framtrer (arbeidsføre) Skule/undervisning: Formatio einsidig intellektuell/teoretisk livsfjern einsidig vekt på bokkunnskap og "salighetens vei" (dvs. vegen til frelse) einvegskommunikasjon frå lærar (dei som hadde kunnskapen) til barna (dei kunnskapslause) undertrykking av barns naturlege impulsar og veremåtar forming, disiplin og tukt "Oppdaginga av barndommen" funksjon av industrialiseringa og borgarstanden: - familien vert privatisert - omsorg og frigjering for barnet

Johan Amos Comenius (1592 - 1670) Fyrtårn i ei mørk tid Alle skapt i Guds biletedifor alle same menneskeverd undervisning for alle, "alle skulle lære alt",

HSH Bjørn Meling mars 08

1


alle i same skule/same skuleløp, ("einskapsskuletanken") "morsmålsskule" 6 - 12 år læring til rett tid (elevtilpassa læring) "humanitet og sunn fornuft" kunna/praktisera viktigare enn å vita naturen som læremeister den induktive metode vekt på leik: var sosial, spontan/uhemma, gav glede hadde reglar/orden

Jean Jacques Rousseau (1712 - 1778) Emile/ Ou de l'education (1762) "Tilbake til naturen" reaksjon mot "sivilisasjonen"/overklassekulturen: det kunstige, tilgjorte, raffinerte, moralsk forderva lengsel til det enkle, naturlege, ubesudla representert ved naturen, barnet, livet på landsbygda Barnets eigenverdi: barnet menneske i seg sjølv ikkje berre ein liten, uferdig vaksen "Den negative oppsedinga" (fram til 12-års alder) leggje til rette for utfalding av naturgjevne evner/anlegg læraren/oppdragaren: ikkje styre men støtte/assistere ("læraren som veiledar") vere naturens forlenga arm Dei 3 oppdragarane: 1. Naturen - utfalding av evner/anlegg/interesser 2. Tinga - sansing/erfaringar ein gjer i det fysiske miljøet (naturen er "læreboka") 3. Menneska - støtte/assistanse i læringa ("støttande stillas") Læra om "den naturlege straff" ikkje tukt men dei naturlege konsekvensane av barns handlingar Aktivitetspedagogikk: Erfaringslæring: Erfaringar gjennom eigenaktivitet = grunnlag for all læring Undervisninga ordfattig, først knytta til ting/konkreter - seinare til symbol meir teoretisk/symbolsk/bokleg læring frå 12 år nyttemotivet som motivasjonsmiddel - ikkje konkurranse/rangering barnets behov/interesser styrande for undervisningas innhald naturen som lærebok (fram til ungdomsalder)

HSH Bjørn Meling mars 08

2


Johann Heinrich Pestalozzi (1746 - 1827) "Folkeskolens far" eller kanskje omsorgsskulens eller sosialpedagogikkens far? Kjærleiken til barna- særleg dei fattige og lidande Oppretta skular for fattige og foreldrelause Vekt på det sosiale - fellesskapet - skulen som ein heim Skulen- utvikle heile mennesket: a. hodet (intellektet) jfr. L-97: kunnskapar b. hjarta (det moralske og religiøse) " holdningar c. handa (ferdighetene) " ferdigheter Pedagogikken blanding av barnesentrerte og kultursentrerte element: Opplæring ut frå barns føresetnader men "skape gode menneske"

Friedrich Frøbel (1781 - 1852) "Barnehagens far" Som Pestalozzi: Humanitetsidealet- kjærleik til barnet Og som Rousseau tiltru til det gode i barnenaturen Romantikken: Sjølvutfalding gjennom sjølvaktivitet (aktivitetslæring) Leikens betydning (uttrykk for barnets indre og barns skapartrang) Frå læring gjennom leik til læring gjennom arbeid (arbeidsskuleprinsippet) utvikling av heile mennesket (ikkje berre intellektet) naturen som læremeister ("uteskule") intellektuell stimulering gjennom ”Spielgaben”

Ellen Key (1849 - 1926) Reformpedagogikken "Barnets århundre" (1900): Uavgrensa tillit til menneskenaturen og barnets utviklingsmuligheter Krav om utstrakt fridom og utfaldingsrett for barnet, minst mogleg inngrep i barnets utvikling ("sjelemord") Barnets behov og naturlege interesser retningsgivande for oppsedinga ”Naturen” ville i pakt med Darwins utviklingslover foredle menneskeslekta Visjon om ein ny generasjon av frie, sjølvstendige, harmoniske og originale menneske

HSH Bjørn Meling mars 08

3


John Dewey (1859 - 1952) Progressivismen (Reformpedagogikken) The Laboratory School (1896) "Den barne-sentrerte skule" (Undervisninga): Ikkje utgangspunkt i pensa og kunnskapskrav men i barns medfødde interesser ("instinkt"): 1. sosialinstinktet 2. granskingsinstinktet 3. skapingsinstinktet 4. kunstinstinktet (artistisk uttrykk) Oppheva dualismen skule - samfunn Oppheva dualismen å leva - å læra dvs.binda skulefaga saman med barns erfaringsverden "Learning by doing" dvs. all læring knytt til aktivitet ("aktivitetspedagogikken") Ekte kunnskap- ikkje formidla, men resultat av erfaringar ("erfaringslæring") Emneundervisning/det tverrfaglege Vekt på omsorg og det sosiale: und. i smågrupper (gruppearbeid) Prosessen minst så viktig som produktet ("å læra å læra") Mål: opplæring til demokrati og eit liv i samfunn Lærarrolla: tilretteleggje for læring presentere problem/utfordringar prosessveiledar (jfr. L-97: "den nye lærarrolla") Problemmetoden: 1. Å bli konfrontert med eit følt problem 2. Kartleggja problemet og definera ein konkret problemstilling 3. Samla inn informasjon/fakta 4. Drøfta og presentera ulike løysingsforslag 5. Utprøving/gjennomføring 6. Evaluering Prosjektmetoden (Kilpatrick 1918): 1. Initiativ 2. Planlegging 3. Handling/gjennomføring 4. Vurdering

HSH Bjørn Meling mars 08

4


Maria Montessori (1870 - 1952) Frøbel - romantikar, vekt på fantasi Montessori - realist/positivist, vekt på det verkelege, nyttige Stor tiltru til barnet sitt potensial/muligheter til sjølvutfalding (også utviklingshemma barn) ……*………………………………………………………*……………*… Formatio Montessori Cultura (danning) (sjølvutfalding) Pedagogisk syn Lova om dei sensitive periodane Barnet har visse periodar då det er spesielt sensitivt/mottakeleg for visse typar læring Språk i 2-årsalderen ("Bada dei i språk") Skriving i 4-årsalder (Taktile periode før den visuelle) Kjenneteikn på sensitiv periode Barns interesser og spontane handlingar er vegvisar Vilkår for at utvikling skal skje Oppøving av sansane og målretta handling Utvikling = sansing + aktivitet Pedagogane si oppgåve er å driva "utviklingshjelp" fordi "menneskeånda må ha hjelp for å bli frigjort"- dvs. utvikla 3 faktorar i utviklingsprosessen 1. Leiaren = tilretteleggjaren, dvs. personalet 2. Skulen = den sosiale ramma/institusjonen 3. Læraren = materialet, dvs. spesielt tilrettelagt materiell for kvar av dei sensitive periodane Montessorimetoden ikkje undervisning/instruksjon/forteljing men overvaka og leia sjølvutvikling Materialet ("læraren") skal vera sjølvinstruerande og sjølvkorrigerande (feil å hjelpe eit barn der det kan hjelpe seg sjølv) Leiaren (pedagogen) skal organisere, ha overoppsyn, tilretteleggje for den aktuelle sensitive periode, leie, bl.a. passa på at materialet blir brukt rett, men ikkje styre ("spontanitet med tilskuv")

HSH Bjørn Meling mars 08

5


Skulen (institusjonen/læringsmiljøet) skal -vera tilpassa barnet sitt utviklingsnivå bl.a. møblert for barn -vera tilrettelagt for ekte, autentisk handling og reelle livsproblem, ikkje leik, fantasi og på-liksomaktivitetar

Alexander Neill (1883 - 1973) "Den frie pedagogikken": Barnet er godt i seg sjølvgitt at det får utfalde seg fritt utan styring, påbod, tvang og straff Summerhill School (1921 ---) Antiautoritær skulepedagogikk bygt på fridom og elevstyring Reelt skuledemokrati (allmøte) Fridom under ansvar: Elevane vel om dei vil møte på skulen vel også både innhald og arbeidsmåtar Meir vekt på allsidig personlegdomsutvikling enn kunnskap og didaktikk.

Denne utviklinga skjedde mot eit bakteppe av Formatio ”Den Herbartske tradisjon” - Tradisjonalismen ”Den gamle skulen” vert ofte brukt som heading for den pedagogikk som prega europeisk skule i store delar av 1800-talet og fram til den reformpedagogiske rørsla kom i fokus etter første verdskrigen. Denne pedagogikken var i stor grad forankra i ideane til Johann Friedrich Herbart (1776-1841) Han var påverka av idetilfang både frå nyhumanismen og realismen og prøvde å utvikle ein systematisk pedagogikk bygt på etikk og psykologi. Undervisninga skulle baserast på prinsipp og metodar frå psykologien og oppsedinga skulle ha etikken som grunnlag Sterk vektlegging av - det pedagogiske innhaldet (pensum, stoffvalet, det som skulle lærast),

HSH Bjørn Meling mars 08

6


- lærarens undervisning og formidlingsevne - elevens formbarhet - den breie klassiske danninga - disiplin, orden og karakterstyrke (”oppdragande undervisning”) - vilje og moralsk oppseding (”tukt”) - allsidige interesser og kunnskapar Lærarens hovudoppgåve å undervise på ein metodisk rett og effektiv måte og å danne elevane ut frå eit danningsideal, dvs. forme deira tankar, påverke ”tankekrinsen”og å skape ”forestillingar”og interesser. Denne prosessen kalla han ”appersepsjon”. Undervisninga skulle ikkje som hos Dewey ta utgangspunkt i barnets interesser, men tvert om ha som mål å skape interesser Desse nye forestillingane/interessene måtte bearbeidast og bli knytte saman med dei gamle(sette i system) slik at ”forestillingskrinsen” eller ”appersepsjonsmassen” blei både utvida, rikholdig og meiningsfull. Ein slik rikholdig forestillingsmasse ville så prege og setje farge på både interesser, kjensleliv og viljestyrke slik at ein karaktersterk og moralsk høgverdig personlegdom til slutt ville framstå som resultat av danninga og undervisninga. I sum kan Herbarts pedagogikk samanfattast som: Ein lærarsentrert eller fag-og pensumsentrert skule og ein individualistisk pedagogikk som dyrka intellektet og karakterstyrken Læra om dei 4 formalstadia Effektiv undervisning gjennomgjekk etter hans syn fire steg eller formalstadier 1. klarleik (klar framstilling, dvs. passande dose og nok tidsbruk til at eleven såg poenget) 2. assosiasjon (knyte dei nye forestillingane til dei gamle + bearbeiding og drøfting) 3. system (å setje det ein har lært inn i eit system/samanheng og skape oversikt) 4. metode (å anvende det ein har lært, praktisere det, altså kompetanseaspektet)

HSH Bjørn Meling mars 08

7

Formatio til Cultura utvida  

Johan Amos Comenius (1592 - 1670) Synet på barnet før opplysningstida: Barnet liten eigenverdi Uferdig som menneske- mest som "gjenstandar",...

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you