Page 1

1

Erfaringsrapport for Førde Framover Målet er sunn vekst! Dugnadsprosjektet Førde Framover har i over to år prøvd å styrke og utvikle byen gjennom å engasjere innbyggjarar i korleis Førde skal utvikle seg. Fokusområda har vore byforming, omdømme og visjon. Det overordna målet er sunn vekst gjennom utdanning, arbeid, identitet og trivsel. Visjonen er “Førde – ei drivkraft med menneska i sentrum.”

Anne-Mette Hjelle 08.09.2010


Innhold Innleiing ................................................................................................................................................... 3 Bakgrunn ................................................................................................................................................. 3 Målsetting: .............................................................................................................................................. 4 Organisering: ........................................................................................................................................... 4 Byforming ........................................................................................................................................ 5 Visjon ............................................................................................................................................... 5 Omdømme....................................................................................................................................... 5 Forankring ............................................................................................................................................... 5 Rammer ................................................................................................................................................... 6 Økonomi .................................................................................................................................................. 6 INU-midlar ....................................................................................................................................... 6 Sunnfjord Næringsutvikling ............................................................................................................. 7 Årsmelding og rekneskap ................................................................................................................ 7 Innbyggarundersøking ............................................................................................................................. 7 Aktivitet i gruppene ................................................................................................................................. 8 Visjon: .............................................................................................................................................. 8 Byforming ........................................................................................................................................ 8 Omdømme....................................................................................................................................... 8 Prosjektleiing: .......................................................................................................................................... 9 Kommunikasjon: ...................................................................................................................................... 9 Nettsida ........................................................................................................................................... 9 Sosiale media ................................................................................................................................. 11 Media............................................................................................................................................. 11 “Ansikt-til-ansikt” .......................................................................................................................... 12 Internkommunikasjon ................................................................................................................... 12 Eigenevaluering ..................................................................................................................................... 12 Konklusjon/tilråding .............................................................................................................................. 15 Nyttige erfaringar .................................................................................................................................. 18 Vedlegg: ................................................................................................................................................. 19 2


Innleiing Denne sluttrapporten har som formål å oppsummere erfaringane frå gjennomføringa av prosjektet Førde Framover. Her vil vi også drøfte om målsetjinga om å styrke og utvikle Førde er oppfylt. Sluttrapporten vil oppsummere kva lærdom og erfaring Førde og andre kommunar kan ta med vidare frå prosjektet.

Bakgrunn Sluttrapporten tek utgangspunkt i formål og mål for Førde Framover, som vart etablert våren 2008 etter initiativ frå Førde Forum og Førde kommune. Opptakta var ein studietur til Drammen for å lære og å bli inspirert til å ta sterkare grep om Førde si utvikling.

Bakteppet var ei oppfatning av at innbyggjarane i Førde ikkje var stolte nok over byen sin, at kommunen ikkje hadde omdømmet høgt nok oppe på “Førde Framover is a project that will last until summer 2010. We are a agendaen og at group of people living in Førde who wants to contribute in building a byen kunne trenge stronger Førde. We want to come up with ideas that will establish ei sterkare satsing Førde as an attractive place to do business in, visit and live in the på estetikk. I future. Førde is in Sogn og Fjordane, on the west-coast of Norway.” samband med eit (from Anne Mette Hjelles profile on LinkedIn.) folkemøte arrangert av Førde Forum i etterkant av turen, vart dugnadsprosjektet Førde Framover etablert.

3


Målsetting: Målsettinga var ”å mobilisere innbyggarane til å bidra til at Førde vert ein attraktiv og triveleg by å bu i, å komme til og å etablere seg i”. Formålet var å styrke og utvikle Førde gjennom dugnad blant innbyggarar. Korleis satsing på omdømme kan gje vekst og trivsel, er godt illustrert gjennom fagleg ansvarleg for Omdømmeskulen til Kommunal- og regionaldepartementet, Børre Berglund:

Organisering: Førde Framover etablerte tre arbeidsgrupper;   

Byforming Visjon Omdømme

Leiarane av dei tre gruppene, samt prosjektkoordinator, har vore styringsgruppe. Valnemnda, ved Kjetil Bjørset, Rolf Årdal, Iris Loftheim og John Helge Lunde, ville prøve å samle representantar frå ulike grupper i Førdesamfunnet – ikkje folkevalde politikarar – noko dei nye gruppeleiarane sa seg samde i. Argumentasjonen var å sikre hurtig og fleksibel gjennomføring utan lange prosessar om kven som skulle delta. Vi var også samde om at gruppene ikkje skulle vere for store og at vi kunne endre gruppene raskt dersom det gagna prosjektet. Vi har lagt vekt på fleksibilitet og framdrift.

4


Byforming Med i gruppa Byforming har vore; Svein Arne Skuggen Hoff (leiar), Mariann Njøsen, Helene Vie, Magne Faleide, Grete Marøy Sellevoll og Astrid Wittersø.

Visjon John Helge Lunde har leia visjonsgruppa sidan april 2009. Dei andre medlemmene har vore Torhild Hvidsten, Bente Walaker , Grethe Øren, Tore Dvergsdal, Rahimollah Jurmy og Leif Arne Åsen. Lidvin Osland takka av etter første året.

Omdømme Omdømmegruppa har hatt tre leiarar; Inger-Beth Fosse, Guri Sandelien Rekve og Margunn Masdal. Medlemmer har vore Tom Farsund, Frode Hovland, Harald Sætre og Anne-Mette Hjelle. Fosse skifta jobb tidleg i prosessen og stilte plassen til disposisjon for andre og inn kom Guri Sandelien Rekve. Ho flytta frå Førde mot slutten av prosjektet og Margunn Masdal tok difor over leiarrolla. Harald Sætre var med første året. Prosjektkoordinator har vore Anne-Mette Hjelle.

Forankring Det var viktig for oss å møte politikarar og administrasjon tidleg i prosessen og leiargruppa i Førde Framover var i møte med Førde formannskap 8. mai 2008. Vi presenterte oss sjølve og formålet med prosjektet. Vi bad om aksept og støtte til arbeidet ettersom Førde kommune er ein sentral aktør i utviklinga av Førde. Tilbakemeldingane både munnleg og skriftleg var at Førde Framover blei sett på som eit nyttig bidrag i arbeidet med omdømmebygging i Førde. Formannskapet uttalte at dei såg svært positivt på den entusiasmen for Førde sitt omdømme som har vakse fram. Ordførar Nils Gjerland understreka at politikarane i formannskapet såg på prosjektet som eit flott tiltak som synte at innbyggjarane i Førde bryr seg om sitt eige samfunn. Førde Formannskap meinte at ei slik fri gruppering var svært nyttig som ein del av det samla arbeidet med omdømmebygging. Les vedlegg. Ikkje alle var like positive til organiseringa, ettersom vi medvite heldt dei utanfor gruppene. Her var det samla folk frå mange ulike yrker og grupperingar, men altså ingen frå dei politisk valde representantane for Førde kommune. Førde Arbeidarparti ved Jorunn Kirketeig, meinte prosjektet burde vore sterkare forankra i kommunen og ville at kommunen skulle forplikte seg endå sterkare til omdømmearbeidet og ha handa meir på ”rattet”. Dette fekk ho ikkje støtte for, men vi ser på diskusjonen som nyttig for prosjektet og vi blei meir merksame på politikarane si rolle. I etterkant har Kirketeig vore positiv til Førde Framover, noko vi set stor pris på. Vi ser at politisk forankring ikkje må undervurderast dersom ein skal ha noko gjennomført, samstundes trur vi at styrken til dette prosjektet var at vi samla folk som elles ikkje jobbar i bystyret og komiteane. Det har igjen spreidd engasjementet i dei ulike miljøa i Førde. Det var det vi ville.

5


Rammer Hadde vi som starta Førde Framover dei naudsynte rammene for prosjektet? Tid: Vi definerte frå starten av at prosjektet skulle bli avslutta sommaren 2010. Dette - og mål og formål - blei kommunisert til innbyggarar og sentrale aktørar gjennom flygeblad, media, nettside og sosiale media i løpet av første halve året. Økonomi: Økonomisk var det semje blant aktørane i Førde at Førde Framover skulle opp på søkarlista om INU-midlar i 2008. i Prosjektet fekk etter søknad såleis 300.000 kroner i støtte i november 2008. I tillegg søkte vi Førde kommune gjennom næringsselskapet Sunnfjord Næringsutvikling om midlar til ei innbyggarundersøking. Vi blei tildelt 150.000 kroner til formålet hausten 2008. Undersøkinga blei gjennomført og presentert 18. november same år. Sjå vedlegg. Kvalitet: Kvalitetsmessige rammer for prosjektet var basert på mandat som dei ulike gruppene utarbeidde og diskuterte. Felles for gruppene var at det tok tid før ein kom skikkeleg i gang. Dette kan forklarast med at alle venta på innbyggarundersøkinga, som kom i november. I tillegg brukte mange tid til å bli kjent og diskutere mål og formål. I etterkant ser vi at vi kunne ha drøfta og definert klarare krav til kvalitet i arbeidet. Det gjeld både for sekretariat, styringsgruppe og gruppene. “Vegen blei litt til undervegs.” Samstundes er det få andre som har gjort noko tilsvarande - å få innbyggarar til å drive dugnad for utvikling av eit heilt samfunn. Eit meir profesjonelt styrt prosjekt, hadde nok hatt klarare definerte kvalitetskrav , men det hadde kosta vesentleg meir utan nokon garanti for meir engasjement frå innbyggarar. Tvert om kan det virke som ei sovepute for innbyggarane.

Økonomi Førde Framover har vore finansiert av Førde kommune gjennom Sunnfjord Næringsutvikling (150.000,-) og næringslivet i Førde gjennom INU-midlar (300.000,-). Begge løyvingane kom i 2008 etter søknad frå Førde Framover.

INU-midlar INU-midlar er pengar som næringslivet i dei tre kommunane Førde, Flora og Sogndal betaler i ekstra arbeidsgjevaravgift i forhold til resten av fylket og som skal gå til varige, positive effektar for regionane og næringslivet i Førde, Flora og Sogndal. Førde Framover forankra søknaden i forskingsresultat frå professor Oddbjørn Bukve ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Sentralt i forskinga er at fylket ikkje har sentra store nok til å vere attraktive sentra for næringsutvikling og tilflytting. Bukve peikar her på kva sjølvoppfatning vi har som kan hindre nytenking og truleg også presentasjonen av oss sjølve som gjer oss mindre attraktive samla sett. Bukve sitt poeng er at vi neppe kan endre dei som vel oss bort, men at vi kan endre oss sjølv. Dette var det vi ville – endre oss 6


sjølv. I oktober fekk prosjektet 300.000 kroner til utgifter til sekretariat, arrangement, foredragshaldarar, annonsering, m.m.

Sunnfjord Næringsutvikling Førde kommune, gjennom Sunnfjord Næringsutvikling (SNU), støtta Førde Framover økonomisk då dei sa ja til søknaden om midlar til gjennomføring av ei innbyggarundersøking. Her tildelte styret i Sunnfjord Næringsutvikling 150.000 kroner til undersøkinga gjennomført av Markedsinfo AS hausten 2008 og presentert i media og på folkemøte 18. november same år.

Årsmelding og rekneskap Førde Framover blei ikkje registrert i Brønnøysund fordi det var eit prosjekt utan styre og vedtekter, men vi har lagt vekt på å føre rekneskapet eksternt. Desse rekneskapa er lagt ut på nettsida saman med årsmeldingar for 2008 og 2009. Rekneskap for 2010 vil vere på plass etter at alle avtaler og konti er avslutta – og seinast i november 2010. John Helge Lunde har hatt eit særleg ansvar for økonomien.

Innbyggarundersøking Innbyggarundersøkinga, som blei presentert 18. november 2008, gav oss nyttig kunnskap som at 9 av 10 innbyggjarar i Førde såg for seg ei framtid i Førde og ville tilrå venner og familie å flytte hit. Undersøkinga gjort av Markedsinfo på oppdrag av Førde Framover, slo fast at folk i Førde er mest fornøgd med butikkutval, nærleik til naturen og kultur- og skuletilbod. Gjennom undersøkinga, fekk vi også fram kva som kan bli betre. Det blei spesielt framheva behovet for betre vegar og kommunikasjonstilbod, meir kultur, fleire parkar og grøntområde, og betre byplanlegging. Også ønskje om fleire gang- og sykkelstiar, gatelys, eit penare og trivelegare sentrum, tilbod til unge, m.m. var etterlyst. 3 av 4 meinte at Førde ikkje hadde spesielle særtrekk, medan andre framheva nærleiken til naturen og Førde som handelsstad som spesielt positivt. Innbyggarane var klart mest stolt av naturen i og rundt Førde, men også Førdehuset og kulturtilbod generelt. I tillegg slo undersøkinga fast at førdianarane er svært stolte av m.a. biletkunstnaren Oddvar Torsheim og Førde Volleyballklubb. Over halvparten av innbyggarane svarte at dei bur i Førde pga. jobben. Nesten like mange at dei er her fordi dei er fødde her, og/eller har slekt/venner/sambuar i Førde. Undersøkinga var nyttig i den forstand at vi fekk noko å møte all synsinga med og vi kunne bli meir målretta. Den er også god for næringsliv og det offentlege som skal rekruttere folk utanfrå – all den tid den er så positiv. Den er også eit godt utgangspunkt for seinare målingar. Sjå vedlegg.

7


Aktivitet i gruppene Visjon: Visjonsgruppa har gjennom mange møter enda opp med ein visjon for førdesamfunnet dei neste 20 åra som lyder; ”Førde – ei drivkraft med menneska i sentrum”. Gruppa har vidare kome med forslag til mål for Førdesamfunnet. Desse er presentert for ulike målgrupper, m.a. stortingsbenken, fylkesutvalet, Førde formannskap, fleire politiske parti og organisasjonar. I prosessen har gruppa, diskutert mykje sjølv, henta synspunkt frå dei andre gruppene og fått elevar i barneskulen til å skrive framtidsbrev. Desse tankane er illustrert og vist fram på messe, på Førdehuset og på Slåtten skule.

Byforming Denne gruppa har hatt god kontakt med Førde kommune i spørsmål om planarbeid og estetisk utforming. Gruppa har engasjert seg i planane for rådhuskvartalet, delteke på fleire møter med aktørar i Sentrum Sør, utarbeidd fargekart på fasadane i Sentrum Sør, arrangert Elvevandring i samarbeid med andre aktørar og utarbeidd framlegg til nye kommunale retningsliner for utvikling i sentrum. Sjå vedlegg. I tillegg har byformingsgruppa, saman med omdømmegruppa, produsert og gitt ut ei kunstbrosjyre i sommargåve til alle husstandar i Førde. Brosjyra gir forslag til kunstturar i Førde, med oversikt over offentleg kunst i uteromma i området. Denne blei svært godt motteken og fekk fleire positive oppslag i Firda, m.a. lesarbrev.

Omdømme Omdømmegruppa har arrangert både song- og fotokonkurranse for å styrke identiteten til Førde. Fotokonkurransen blei dessverre avlyst pga. for få innsendte bidrag. Songkonkurransen derimot meiner vi var vellukka, med 11 bidrag. (sjå vedlegg.) Vinnaren vart ungdomsgruppa ”Samora” frå Førde. Dei fekk framføre songen under Sommarfesten og fekk møte alle dei andre artistane. Over nyttår spelte dei den inn i studio. Songen har rundt 3400 treff på Youtube. I tillegg har omdømmegruppa hatt eit særleg oppsyn med nettsida og medieoppslag, samt assistert visjonsgruppa med kunstbrosjyren. Gruppa har også laga ein kommunikasjonsplattform basert på visjon, mål og verdiar og til slutt lommebrosjyren “Førde framover – Mål, visjon og verdiar”. Denne blei distribuert gjennom Firda i Førdeområdet. Sjå vedlegg. Vi har også vore medsponsor for rusfritt natt- til-17.mai-arrangement for 10. klassingar og vi har vore ein av initiativtakarane og medsponsor av blomsterarrangementa i sentrum sommaren 2010.

8


Prosjektleiing: Anne Mette Hjelle har sidan starten utført sekretariattenester og har hatt ei hand om organisering og kommunikasjonsarbeid. Hjelle har drifta nettsidene og har stilt kontor og utstyr til rådvelde for aktivitet og møter. I ein periode på to år har ho teke imot til saman fire ungdommar frå Førde Ungdomsskule på utplassering i tre dagar kvar. Elevane har produsert bilde, film og artiklar til nettsida. I tillegg har dei vore med på lanseringa av 3D-modellen av Førde by, lansert av arkitektfirmaet Xform. Hjelle har hatt ansvaret for mykje av det praktiske arbeidet, samt heldt foredrag og planlagt aktivitetar. Dette har ho gjort utan vederlag. Erfaringa er at prosjekt av denne type treng å fastlegge klare, konkrete avtaler om betaling for slike tenester raskt og i tydeleg forståing med alle involverte for at det skal lukkast. At dei fleste jobbar dugnad, medan eit fåtal tek betalt, byr på utfordringar som kan få prosjekt av denne type til å havarere.

Kommunikasjon: Målet vårt har vore å engasjere og vi har difor satsa på god, tydeleg og open kommunikasjon frå første stund. Hovudkanalen vår har vore nettet, både eiga nettside og sosiale media som Origo og Facebook.

Nettsida Statistikken under viser at mange har vore innom www.fordeframover.no. Her har vi produsert og lagt ut nær 150 innlegg over 11 sider med informasjon om oss sjølve og Førde. Desse har alle vore relatert til enten omdømme, byforming eller visjon for Førde. Nettsida har også hatt oppdatert informasjon om Bystien og oversikt over bransjar i Førde, samt nye filmar frå Førde og Førdefestivalen, Førdesang-video og brosjyremateriell. Stig Roger Eide gav oss tidleg løyve til vederlagsfritt å bruke bilda han tok til praktboka Til Førde. Det er vi takksame for. I tillegg har det vore laga lenker til nær 50 organisasjonar som tilbyr fritidsaktivitetar eller som på andre måtar er interessante for folk i Førde. Vi har også brukt nettsida til å kommunisere verdiar gjennom eit avstemmingsverktøy, lagt ut 3D-modell av Førde til google sketchup-bruk og fått inn forslag frå folk om ting vi bør gjere annleis eller satse meir på. Nettsida vart oppretta i godt samarbeid med Terje Sørbø, som då jobba i Firda Digital. Den vil eksistere ei stund framover, men med tydeleg informasjon om at prosjektet er avslutta. Målet er å avvikle nettsida etter eit halvt års tid for å unngå at den “surnar”.

9


Vi innstallerte analyseverktøyet google analytics på nettsida 1. juli 2009 – eit år etter oppstart. Den viser nær 7000 besøk og 16.589 sidevisningar siste året. Dei mest populære sidene på nettsida har vore:

   

Bilde, lyd og video frå Førde Bystien Om førde framover Presentasjonar.

Ser vi på Enivest sitt analyseverktøy Webalizer, som er brukt i heile prosjektperioden, viser den ein del meir trafikk. Sjå graf nedanfor. Uansett tal – nettsida har vore ein god kanal for å kommunisere med ulike målgrupper på.

10


Webalizer: trafikk på nettsida 294.603 sidevisninger og 109.312 brukarøkter 18000 16000 14000 12000 10000 8000 6000

sidevisning brukarøkter

4000 2000 0

Sosiale media I gruppa vår på Facebook har vi hatt 213 medlemmer og i sona på Origo 141 medlemmer. Debattaktiviteten her har ikkje vore veldig stor med tanke på at Førde er den mest folkerike kommunen i Sogn og Fjordane, men særleg på Facebook er det mange sider/grupper om/frå Førde og vi har vore eit nyttig tilskot. Til saman har dei vore gode og tilgjengelige arenaer for nettverksbygging og meiningar. Rundt rekna er det kome inn om lag 116 spennande forslag, synspunkt og idear. Les vedlegg. Også filmar om/frå Førde er lagt ut på Youtube. Til dømes er Førdesangen spilt 3400 gongar siste året og bodskapsfilmen frå innbyggarundersøkinga 275 gonger. Sunnfjordfilmen på Blip.tv er sett 1500 gonger og brosjyra om Førde – eit godt alternativ er opna 3000 gonger på Issuu.com.

Media Vi har lagt vekt på å vere imøtekommande overfor media og har også teke kontakt med dei om vi har hatt noko viktig eller moro å fortelje. I prosjektperioden har vi hatt rundt rekna 20 redaksjonelle omtaler av oss i Firda (inkludert leiarar) og tre i NRK Sogn og Fjordane, stort sett positive alle saman. I tillegg har vi vore omtalt på Kommunal- og regionaldepartementet sine sider Ry.no og Distriktssenteret.no, samt fleire gonger på Driftig.no (Sogn og Fjordane sin gründerportal på nett). Magasinet Næringsbygg for Hordaland og Sogn og Fjordane hadde fire sider om byforming i Førde i byrjinga av 2010, der Førde Framover var sentral saman med Førde kommune (sjå vedlegg). Vi har også hatt fleire lesarbrev på trykk i ulike aviser.

11


“Ansikt-til-ansikt” Sjølv om mykje av kommunikasjonen vår har skjedd på nett, har vi lagt vekt på direktekommunikasjon. Vi har arrangert folkemøter om sentrumsutvikling og innbyggarundersøking/omdømme. Vi har delteke på Sunnfjordstanden på reiselivsmessa i Bergen og Førdestanden på inspirasjonsmessa i Førdehuset i 2009. Vidare stilte vi med fire deltakarar på idédugnaden ”Vegpakke Førde” i regi av Botsfor, Førde kommune og Statens vegvesen. Vi har stilt opp og presentert Førde Framover i frivillige organisasjonar som Førde Lions og Førde Rotaryklubb og fleire politiske parti. Frivillige frå Førde Framover har delt ut flygebrev i sentrum og vi har presentert oss for både eigen kommune, fylkeskommunen, diverse andre kommunar og organisasjonar. Vi har på bakgrunn av invitasjon også gjesta Måløy Vekst i Vågsøy for å inspirere og orientere om korleis vi jobbar i Førde.

Internkommunikasjon Kommunikasjonen innad i prosjektorganisasjonen har stort sett skjedd via nettside, på e-post, telefon og på møter. Prosjektkoordinator har hatt møte med gruppeleiarar og desse har stått for kommunikasjonen innad i gruppene. Referat frå møta er sendt prosjektkoordinator. I tillegg har vi hatt fellessamlingar/verkstader (sjå vedlegg). I ei enkel, men anonym undersøking i sluttfasen – der 15 av 17 deltok – svarar alle at dei føler dei er blitt høyrt i arbeidet med Førde Framover og at deltakinga i Førde Framover har vore meiningsfull. Dette er svært positivt.

Eigenevaluering Vi foretok ei enkel, anonym spørreundersøking rett før sluttmarkeringa på e-post ved hjelp av Google Dokumenter. Undersøkinga, der 15 av 17 har svart, viser at alle – bortsett frå ein - seier ja til om Førde Framover har klart å engasjere folk i Førde i prosjektet. 13 meiner gruppa dei var med i har fungert godt, medan 2 er usikre. Alle svarar ja på spørsmål om deltakinga i Førde Framover har vore meiningsfull og alle meiner dei er blitt høyrt. På spørsmål om dei opplever at Førde Framover har bidratt til å styrke og utvikle Førde, svarar 11 av dei ja (7 i stor grad), medan tre er usikre eller meiner i liten grad. Tre svarar nei, eller er usikre på om Førde kommune har satt pris på Førde Framover, medan 12 svarar ja.

12


13


Kommentarar frå seks av deltakararane: a) “Det viktigaste prosjektet opna for, var ein sjanse til å snakke positivt om Førde og skape ein arena der det positive om byen kunne uttalast fritt. Det prosjektet ikkje lukkast med var å inspirere ukjende nye og andre personar som talspersonar for Førde.” b) “Det har vore veldig kjekt og lærerikt å vere med, og ikkje minst, det har vore ein vekkar m.o.t. mitt forhold til Førde. Eg er urinnvånar, men har ikkje kjent noko form for stoltheit over heimstaden min. Det gjer eg no. Trur også at ein kan sjå frukter av arbeidet vårt. Mykje er gjort m.o.t. uteområde og meir er det planar om. Eg håpar at framtidige politikarar vil ha trivsel, estetikk osb. som kvalitetsparametre i framtida også. “ c) “Førde Framover har vore ein glimrande arena for å samle engasjerte personar i Førde i eitt regime, for å komme fram til nokre felles multiplum som både planmyndigheiter og politikarar kan oppfatte som “folket” si meining om kva som er viktig for å utvikle Førde positivt. Førde Framover har også blitt ein “idebank” med mange gode innspel til positiv utvikling av Førde. Framtida vil vise i kva grad Førde Framover har bidratt til å utvikle og styrke Førde. Der vil alltid vere stor konkurranse om opphavsretten til positiv utvikling. Det mest positive med Førde Framover har vore fellesskapet og engasjementet mellom engasjerte personar som normalt ikkje møtest så ofte. Det nettverket er uvurderlig, og kan spele ei viktig rolle i framtida.” d) “Gruppa brukte litt tid på å kome i gang og finne ut kva det var vi skulle jobbe med og prioritere. Avslutningsvis var det uheldig at vi mista leiaren rett før slutt. På eit så pass seint 14


tidspunkt blir det vanskeleg for andre å ta over og fullføre. Eg føler vi aldri fekk avslutta skikkeleg. Det har elles vore utruleg kjekt å vere med i gruppa. Eg synes det er trist at vi ikkje skal fortsetje. Det var/er mykje vi kunne fortsatt å jobbe med.” e) “Eg syns at prosjektet fungerte bra, unntatt at deltakarane brukte masse tid på detaljar i stadenfor viktige hovudsaker. Elles kom dei med viktige og meiningsfulle idear! Det hadde vore bra om dette prosjektet kunne ha blitt vidareført.” f) “Eg er glad for at eg fekk vere med på dette. Eg har lært masse og kjenner meg meir som ein førdianar som får bry seg om korleis byen skal utvikle seg vidare. Dessutan er eg blitt kjent med mange flotte og spennande folk!”

Konklusjon/tilråding Førde Framover kom som eit resultat av eit behov for endring og eit syn om at vi måtte samarbeide betre og mobilisere innbyggjarane i Førde si utvikling. Mange ville delta og energien blei forsøkt samla i eit Førde Framover. Samstundes klarte Førde kommune undervegs i prosjektet å “lande” fleire gode byformingsprosjekt. Vi såg også at kommunikasjonen til kommunen blei betre gjennom nye og gode nettsider og auka fokus på målretta kommunikasjon med innbyggarane. Dei jobba også fram visjon og verdiar internt i organisasjonen for å kunne bli ein betre tenesteytar for innbyggjarane. Satsinga til kommunen har gått parallelt med Førde Framover og er nok eit resultat av ein brei vilje i Førde til å ta grep om utviklinga av byen. Energibunt Uavhengig av Førde Framover, har det skjedd store endringar i næringslivsorganisasjonane i perioden. Førde Industri og Næringssamskipnad vart skipa 16. juni 2008 og er ei fortsetjing av to tidlegare foreiningar: Førde Næringssamskipnad og Førde Industriforening. Også Sunnfjord Næringsutvikling og Reisemål Sunnfjord slo seg saman i 2010 og står no i startgropa i forhold til å spisse kompetanse, satsing og kommunikasjon. Folketalsutviklinga er positiv og mange meiner energien i Førde og Sunnfjord er høg, sjølv om fylkets største arbeidsplass, Førde sentralsjukehus, er under konstant press. Såleis kom “blandakoret” Førde Framover til rett tid og var vonleg til inspirasjon for dei andre etablerte aktørane. Positive folkevalde 15 av 27 politikarar i bystyret i Førde har svart på ei enkel og uvitenskapeleg spørreundersøking på nett – også her ved hjelp av Google Dokument. Vi kan spekulere på kvifor ikkje fleire har svart? Har dei ikkje hatt tid til å svare? Bryr dei seg ikkje? Likar dei ikkje Førde Framover? Har e-posten frå Google Dokumenter havna i spam-mappa? Uansett kan den gje nokre signal. 12 av 15 opplever at Førde Framover har bidratt til å styrke og utvikle Førde. 12 av 13 svarar ja på om Førde Framover har inspirert kommunen. (Sjå illustrasjonar under.)

15


For vår del, ser vi klart kor mykje tid og innsats lokalpolitikarane legg ned utan all verdens ros og takk. Vi har same engasjementet, men vi har vore heldige som har fått løfte blikket, utan å måtte forholde oss til alle formalia og enkeltsaker gjennom eit langt år. Vi har stor respekt for den jobben dei gjer og dei utfordringane dei har.

16


17


Kommentarar frå bystyrepolitikarar om Førde Framover: a. “Blir veldig skuffa om ikkje samtlege av menneska bak Førde framover ikkje melder seg inn i eit eller anna parti og held fram engasjementet! Det treng Førde for å utvikle seg vidare! Sluttrapporten er eit godt utgangspunkt for framleis å stå på for ei positiv utvikling av byen vår!” b. “Viktig med eit folkeleg engasjement utanom dei folkevalde. De står meir fritt og kan meine ting utan at de tenkjer økonomi og alle dei andre oppgåvene kommunen har. Takk for innsatsen!” c. “Godt jobba! Meir av dette, takk !” d. “Det gjekk som forventa, Førde framover vart lagt ned etter kort tid, utan resultat. Uviljen mot deltaking frå kommunen, i form av politikarar el.l. var påtakeleg. Eit dårleg utgangspunkt for eit selskap som skal utvikle identitetstkjensla til ein kommune.” e. “Førde Framover er eit viktig bidrag for alle som bryr seg om vår felles framtid.” f. “Viktig at Førde Framover har vore leia av folk utan aktive politiske verv i kommunen, og at også deltakarane i dei ulike referansegruppene har vore "vanlege" folk og ikkje aktive kommunestyrepolitikarar.”

Nyttige erfaringar Når vi no gir oss, er det i håp om at dei etablerte organisasjonane/verksemdene/innbyggarane brukar noko av tankegodset vårt i sitt daglige virke til det beste for Førde framover. Vi trur vi har truffe ei “nerve” med vår måte å jobbe på. Arbeidsforma er spennande og lærerik for dei som deltek og Førde vil alltid ha trong for engasjerte innbyggjarar på tvers av miljø og yrke. Vi meiner også at andre kommunar kan dra nytte av våre erfaringar i forhold til omdømmebygging og lokalsamfunnsutvikling. Vi har valt å vere introverte ein periode og jobbe med kva Førde har, kva vi som bur her ønskjer at byen skal vere i framtida og kva vi må gjere for å kome dit. Vi meiner vi har fått eit større engasjement og eigarskap til byen vår gjennom det. Det står ikkje i konflikt med å vere positive til Sunnfjord og Sogn og Fjordane all den tid vi meiner eit sterkt Førde styrkar regionen og fylket vårt- og omvendt. Mange seier Førde har ei spesiell rolle i fylket – som “lokomotiv”. Då må vi som bur her vere villige til å ta den rolla – og andre må hjelpe oss til å klare jobben. Vi har erfart kor viktig det er å ha klart for seg kva ein faktisk vil, planlegge det, organisere og ha minst ein som kan følgje opp og sørge for fart. I tillegg har det vore avgjerande å kunne kommunisere på ein god og moderne måte, avslutte prosjektet etter planen og sørge for at andre kan dra nytte av erfaringane. Å runde av noko ein opplever som meiningsfullt og nyttig kan vere frustrerande, men det er viktig å halde tidsplanen for å sikre framdrift, energi og motivasjon blant deltakarane. Alternativt er det fare for slitasje og frustrasjon og dermed kan prosjektet lett få ein negativ effekt, istadenfor positiv. Dette meiner vi å ha unngått i Førde Framover. Mvh. Deltakarane i Førde Framover 2008-2010 18


Vedlegg:          

Idear og synspunkt frå publikum pdf. Kunstbrosjyre pdf. Visjon og mål-brosjyre pdf. Kommunikasjonsplattform basert på visjon og verdiar pdf. Verkstadavis 2009 pdf Arbeidsdokument visjon pdf. 3D-modell av Førde til google-sketchup og film Årsmelding og rekneskap for 2008 og 2009 pdf. Innbyggarundersøking 2008 pdf. Førdesongar (tekst, notar, lyd, bilde) o Førdesong o Bysong for Førde o Du vakre Førde o Førde o Førdesong o Førdesongen o Syng Førde av glede o Til Førde o Til vårt Førde o Vi ser deg…

i

INU-midlar er kompensasjonsordninga for bortfall av differensiert arbeidsgjevaravgift i kommunane Førde, Sogndal og Flora. Ref. NHO Sogn og Fjordane.

19

Erfaringsrapport Førde Framover 2008-2010  

Her kan du lese korleis lokalsamfunnsprosjektet Førde Framover oppsto, korleis vi jobba og kva vi har gjort både av godt og av gale. God les...

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you