Page 1

L I V

U D Y A Ø V L K Å I L B Å MS P G V


VELKOMEN SOM ELEV TIL MÅLØY VIDAREGÅANDE SKULE Vi vil gjere alt vi kan for at du skal lære mest mogeleg. Ved Måløy vidaregåande skule står kunnskap og læring i fokus. For å lære er det viktig både med god undervisning og klasseleiing og at du sjølv er villig til å gjere ein stor innsats som elev. Eit godt og trygt læringsmiljø er ein viktig basis for gjennomføring av vidaregåande skule. Ved skulen legg vi til grunn at heile skulemiljøet skal vere prega av kunnskap og læring; trivsel og toleranse; tryggleik og gjensidig respekt. Åsta Navelsaker Røed, rektor

2

Foto: Øystein Torheim Design: Trygve Johan Solheim, Frequency


KJEKKE TING ETTER SKULETID Vi har open skule med gratis middag to gongar i veka. Etter måltidet er skulen open for elevane. Her kan du finne på mykje kjekt. Du kan for eksempel vere på treningsrommet, drive med sport i Samfunnshallen, vere i kantina, mekke på verkstaden og spele i gamingrommet. Biblioteket vårt er også ope dersom du vil arbeide med prosjekt eller studere.

Bur du på hybel eller hoppar over frukosten? Vi har frukost på skulen kvar dag frå 08.00 – 08.30. Her tilbyr vi ulike frukostar, som også er gratis.


4


BYGG- OG ANLEGGSTEKNIKK Går du med ein draum om å skape eigne byggverk, eller jobbe med bygg og anlegg? Når du er ferdig utdanna kan du jobbe i bygningsfirma, byggvareverksemder eller i anleggs- og maskinfirma for å nemne nokre. I utdanningsprogrammet vil du blant anna lære meir om produksjon og oppføring av nye bygningar og anlegg, ombygging og vedlikehald av bygningar, om klima og teknologi, og om kvalitet, tryggleik og materialkunnskap. Bygg- og anleggsteknikk dannar grunnlag for mange yrke innan bygg, samferdsle/anlegg, klima- og overflatefag. På skulen får du godt sosialt miljø og samhald, og relevant praksis i nært samarbeid med lokale bedrifter. Dette gjev ei realistisk og god opplæring.

Måløy VGS tilbyd VG1 Bygg- og anleggsteknikk og VG2 Byggteknikk. Etter fagbrev kan du ta meisterbrev eller gå vidare på teknisk fagskule. Du kan òg gå vidare på ingeniørhøgskule eller bli arkitekt ved å ta forkurs, eller å gå Y-vegen til høgare utdanning. Ingeniørar med praktisk bakgrunn er særs ettertrakta på arbeidsmarknaden.

Elevane på byggog anleggsteknikk har aktive og lærerike dagar både inne og ute, som legg grunnlag for fleire yrkes- og utdanningsvegar.

Du bør vere: • nøyaktig gode løysingar • god til å finne beid ute og ar • god på fysisk inne utfordringar • interesser t i Du kan bli: • tømrar dar • anleggsarbei • ingeniør

5


Foto: Måløy VGS

6 Foto: Måløy VGS


HELSE OG OPPVEKSTFAG Likar du å jobbe med menneske? Du som gjerne vil bry deg, har gode evner til å snakke med andre og kan hjelpe andre og gje omsorg i ulike livssituasjonar – søk helse- og oppvekstfag! Når du arbeider med menneske blir det stilt krav til å vere eit godt medmenneske og ha respekt for andre. Du må kunne samarbeide med andre yrkesgrupper og bry deg om å ta i vare andre menneske sine behov både fysisk, psykisk, sosialt og kulturelt. Opplæringa i helse- og oppvekstfag skal gjere elevar skikka til å yte god service og ta medansvar for arbeidsmiljøet innan helse-, oppvekstog sosialtenestene. Ved Måløy vidaregåande skule har vi desse tilboda innanfor programområdet: • VG1 Helse- og oppvekstfag • VG2 Barne- og ungdomsarbeidar

Yrkesfagleg opplæring fører fram til eit yrke og gjev yrkeskompetanse med fagbrev. Du kan gå ut i yrkeslivet etter 2-5 år. Du kan òg ta påbygging til generell studiekompetanse om du vil studere vidare ved høgskule eller universitet. Fagskulane tilbyr eit omfattande etterutdanningsprogram for dei som har fagbrev.

Her lærer du å gje omsorg til andre som treng deg!

Du bør vere: i kontakt med • flink å kome e andre mennesk ilje sv id be ar m sa • ha evne ns jo as • ha observ st is ev sb • ansvar Du kan bli: eidar • ambulansearb omsarbeidar gd un og ern • ba r • apotekteknika • fotterapeut • hudpleiar idar • helsefagarbe r tæ re • helsesek retær ek es ls he • tann • portør ika • or topeditekn

7


8


INFORMASJONSTEKNOLOGI OG MEDIEPRODUKSJON Går du med ein draum om å jobbe i ei IT-verksemd, eller styre kamera i eit TV-studio? Eller har du lyst til å jobbe med grafisk design? Når du er ferdig utdanna kan du jobbe i IT- verksemder, mediebedrifter, reklamebyrå eller forlag, for å nemne noko.  

dei gode ideane dine - idear du kan vidareutvikle til heile konsept direkte for kunden. Her lærer du å jobbe med utfordringar på ein kreativ måte.  

Du vil blant anna lære meir om IT-tryggleik, programmering og brukarstøtte. Du får også prøve å sette opp datanettverk, og lage nettsider frå botnen. 

Samstundes får du gode og unike arbeidserfaringar, fordi vi jobbar med fleire prosjekt i tett samarbeid med næringslivet.  

Er du god til å fortelje historier? Vil du jobbe med tv, foto, film og grafisk design? Hos oss vil du lære korleis du kan jobbe med å utvikle

Her lærer du å jobbe med utfordringar på ein kreativ måte!

Du bør vere: • kreativ IT, nettverk og • interesser t i programvare visuelle • interesser t i er m or sf uttrykk ig kt ya • nø Du kan bli: r IT• IT-utviklar elle r driftsteknika ar, • mediedesign r eller ika kn te ie med t medieprodusen

9


10


NATURBRUK Har du lyst til å jobbe med livet i havet? Her kan du få lære om kva som lever i havet og korleis vi kan hauste ressursane, både ved fiskeri og havbruk/akvakultur. Du får lære om ny teknologi, ulike artar og ulike fangstmetodar. Når du er ferdig med VG1 Naturbruk, kan du søke deg vidare til: VG2 Akvakultur Utdanning for lære i akvakulturfaget VG2 Fiske og fangst Utdanning for lære i fiske- og fangstfaget

Her får du bygd vidare på kompetansen din for å arbeide anten i fiskeri- eller havbruksnæringa.

Dette er ein draumejobb. Vi får vere ute, om ein likar å vere aktiv er det kjekt å vere på fiskebåt.

Du bør vere båtliv • glad i sjø og ologi og bi i t er ss • intere teknologi Du kan bli • fisker • driftstekniker

11


Foto: Måløy VGS

12 Foto: Måløy VGS

Foto: Måløy VGS


RESTAURANTOG MATFAG Dei ulike råvarene vi har tilgang til, berre eit steinkast frå kjøkkenet vårt, meiner mange er grunnen til at vi får så dyktige elevar ved linja vår. Skulekvardagen på restaurant- og matfag består mest av praksis og å trene smakslaukar, vere nyskapande og kreativ. Ein kan ta heile 12 ulike fagbrev i bransjen, og arbeidsstaden din kan vere både på land eller til havs, i innland eller utland. Restaurant- og matfagelevane ved Måløy vidaregåande skule er av dei heldigaste i heile landet. Lurer du på kvifor? Vi har eit kjøkken som ligg bokstavleg talt midt i matfatet! Og hos oss får elevane maritime kurs, slik at dei kan jobbe til sjøs både under utplassering og seinare som lærling

Er du ein som likar varierte dagar, kjekke utfordringar og ha det moro saman med andre? Søk Restaurantog matfag!

Restaurant- og matfagelevane ved Måløy vidaregåande skule er av dei heldigaste i heile landet!

Vi tilbyr: nt- og matfag • Vg1 Restaura servitør • Vg2 Kokk- og fagbrev som: som gir 4 ulike • kokk kk • ernæringsko dler an eh ar kv rs fe • • servitør

13


14


STUDIESPESIALISERING Freistar det å gjere dine eigne val alt etter kva fag du er interessert i? Ved å velje studiespesialisering stenger du ingen dører. Dette programområdet opnar dører for deg som har planar for framtida, men også for deg som er usikker. Frå vg2 kan du velje kva programfag du har lyst å studere i tillegg til fellesfaga, og mange elevar synest dette er kjekt og spennande. På Måløy vidaregåande skule kan du studere språk, realfag, sosiologi og sosialantropologi og marknadsføring og økonomi. Du vil lære både teoretisk og praktisk gjennom aktivitetar som å lage film, reklame, podcastar og praktiske øvingar i språk og på laben. I mange år har vi også hatt ei ungdomsbedrift for marknadsføringselevane og vi har eit samarbeid med lokalavisa for dei elevane som ønskjer å prøve seg på kreativ skriving.

Studiespesialisering gir deg ein solid grunnmur til vidare studiar som kan føre til eit hav av yrke.

Timane er veldig kjekke! Vi gjer masse aktivt og gøy, og lærarane bryr seg om kva vi vil gjere i timane. Lærarane varierer og vi får gjere ting meir sjølve. Det betyr at vi har ein del meir ansvar, men det synest eg berre er gøy.

Du bør vere: st deg sjølv • først og frem gjerne kreativ • nysgjerrig og å lære nye ting • interesser t i Du kan bli: rar, • sjukepleiar, læ , lege, og ol arkitekt, ge var, je dg rå t, lis journa sulent, on advokat, salgsk psykolog, , ar kl vi forretningsut signar, interaksjonsde lege, farmasøyt, tann r, forskar, so vi omsettjar, re geniør og in , ar ør sf marknad mykje meir

15


16


TEKNOLOGIOG INDUSTRIFAG (TIF) Er du interessert i å lære om automatisering, programmering og arbeid med maskiner og produksjonsutstyr? Ein del av opplæringa er produksjonsplanlegging og produksjonsprosessar, programmering av robotar, datastyring av verktøymaskiner, opplæring innan teikning (DAK) og materialkunnskap. Du får også opplæring innan HMS på maskiner som er i bruk på verkstadane.

rekrutterer til delelager- og motormekanikarfaget.

Når du er ferdig utdanna kan du jobbe i mekaniske produksjonsbedrifter, i oljebransjen, bilverkstadar, skipsindustrien og med maritime fag. Etter VG1 Teknologi- og industrifag kan du i Måløy velje mellom tre forskjellige VG2-løp:

Dei fleste elevane får tilbod om læreplass før dei sluttar av skuleåret.

VG2 Køyretøy Er for deg som er interessert i reparasjon og vedlikehald av lette og tunge køyretøy, og synest mekaniske og elektroniske komponentar og system er spennande. Køyretøy

VG2 Maritime fag med fordjuping Matros eller fordjuping Motormann Om du ynskjer deg ei utdanning innan sjøfart, kan du velje Maritime fag. Du får praksis på båt i delar av opplæringa.

I dette utdanningsprogrammet lærer du å bruke teknologi til å løyse praktiske arbeidsoppgåver.

Du bør vere: ingsorienter t • kreativ og løys • nøyaktig programmering • interesser t i id og praktisk arbe Du kan bli: • mekanikar eknikar • produksjonst dekksoffiser r le el • maskin• ingeniør

17


YRKES- OG STUDIEKOMPETANSE (YSK) YSK er eit 4-årig opplæringstilbod der du kombinerer skule med praksis i bedrift. Gjennom denne utdanninga tek du både spesiell studiekompetanse og fagbrev innan studieretninga du vel. Du får også løn under utdanninga og sommarjobb. Kvart år går du på skule 3 eller 2 dagar i veka. Resten av veka har du praksis i bedrift, som regel nær heimstaden din. Alt arbeid i bedrift inngår som praksis for å få fagbrev. I løpet av dei to første åra i opplæringsløpet gjer du ferdig

programfaga for studieretninga du har valt, i tillegg til dei grunnleggande faga for studieførebuande. Tredje og fjerde året gjer du ferdig studieførebuande fag og realfag ein treng fordjuping i for å få spesiell studiekompetanse.

Med eit YSK-vitnemål i lomma står dei aller fleste dører opne for deg, og du er klar for ei høgare utdanning på høgskule eller universitet. I tillegg har du eit fagbrev som kvalifiserer for yrkeslivet rett etter du er ferdig på vidaregåande skule.

SJÅ NESTE SIDER 

18


Foto: Havlandet Marin Yngel AS

YSK AKVAKULTUR Har du lyst til å produsere berekraftig mat gjennom å drive oppdrett på sjø eller land? Eller har du du ein draum om å jobbe som ingeinør, fiskehelsebiolog eller forsker i ei spennande internasjonal næring i vekst? På YSK-akvakultur vil du lære om livssyklus og produksjon av ulike artar, oppbygging og drift av oppdrettsanlegg, miljø og berekraft, fiskevelferd og fiskehelse, og om maskiner og utstyr som vert nytta i oppdrett. Du får også tilbod om ulike næringsretta kurs. I tillegg til programfaga tek du studieførebuande fag og realfag for å få spesiell studiekompetanse. Sist men ikkje minst får du lære mykje

gjennom praktisk arbeid i bedrift, og du får fagbrev som Fagoperatør i Akvakultur.

Viss eg gir jernet og jobbar hardt no, så kan eg velje kva eg vil seinare.

Du bør vere: biologi og • nysgjerrig på teknologi miljø og • interesser t i t berekraf urer t • ivrig og strukt e • pliktoppfylland ot sm ng ga • full av på Kan du bli: • driftstekniker • driftsleder • ingeinør log • fiskehelsebio • forsker t til seinare... • det du har lys

19


Foto: Måløy VGS

YSK HELSEFAGARBEIDAR Likar du å arbeide med menneske og å få opplæring som er både praktisk og teoretisk retta? Eller likar du realfag og ynskjer å lære meir om mennesket? I programfaga lærer du korleis du skal kommunisere med, gje omsorg til og støtte menneskje i ulike livssituasjonar. Du lærer om kroppens oppbygging og funksjon, helsefremjande tiltak, sjukdomslære, og å gje god og riktig sjukepleie. Du vil og få kunnskap om kostlære, hygiene, fyrstehjelp, aktivitetar som fremja livskvalitet og krav som vært stilt til ein profesjonell helsefagarbeidar. Gjennom teori på skulen og arbeid i praksis vil du bli bevisstgjort på kva det inneber å være eit godt medmenneske i møtet med andre i ulike livssituasjonar.

20

Etter du har fullført YSKHelsefagarbeidar kan du arbeide som helsefagarbeidar og/eller du kan studere vidare å ta høgare utdanning.

Her lærer du å gi omsorg gjennom teori og praksis.

Du bør kunne: dre • bry deg om an respekt og • vise omsorg e dr an til n • ta omsy er sk ne men tendig • arbeide sjølvs ed andre m e id • samarbe leg • være ansvar


YSK INDUSTRITEKNOLOGI Har du lyst til å bruke teknologi til å finne gode praktisk løysingar? Eller har du du ein draum om å jobbe som ingeniør, ta fagbrev som CNC-operatør, eller operatør i polymerkomposittfaget i ei næring som stadig er i endring og utvikling? På Ysk-industriteknologi vil du får du undervisning i verkstad, der du lærer å bruke maskinar og anna utstyr for å sveise, frese, dreie og kople straum. Du vil og få tilgang til eige teknologiverkstad der du i skuletida kan øve deg i praktiske prosjekt. Du vil i tillegg få introduksjon i 3D-printing på skulen sine 3D-printarar. Målet er at kunnskapane du får i desse timane skal gje deg eit godt grunnlag for prosjekt seinare i studieløpet.

I tillegg til programfaga tek du studieførebuande fag og realfag for å få spesiell studiekompetanse. Sist men ikkje minst får du lære mykje gjennom praktisk arbeid i bedrift, og du får fagbrev som Fagoperatør i Industriteknologi. Elevane øver seg også på å vere kreative, nytenkjande, problemløysande og til å arbeide saman. Dette er kunnskap næringslivet spør etter, også kalla ”entreprenøriell kompetanse”.

Du bør vere: knologi og • nyfiken på te programmering tenkjande • kreativ og ny uken av br i t er • interess og maskinar , yr st ut y, tø verk er t ur • ivrig og strukt Kan du bli: tør • maskinopera r ka ni • maskintek ør • ingeni • forskar t til seinare... • det du har lys

21


Foto: Måløy VGS

22


SIKKERHEITSSENTERET I MÅLØY (SIM) SIM tilbyr kursing og utdanning innan maritim og marin sektor. Vi tilbyr kursing og utdanning til deg som ynskjer og skape deg ei karriere på havet. Ynskjer du å jobbe offshore, cruise, fiskeri eller innan havbruksnæringa, kan du ta kurs med oss på SIM. Vi tilbyr blant anna sjøredning, branntrening, førstehjelp, medisinsk behandling, redningsfarkost og hmob.

blant anna hurtigbåtkurs og simulatortrening som er eit krav til besetninga på hurtiggåande fartøy. Vi helde på å utvikle ein modul til akvasimulator for elevar og næring.

Eit hav av moglegheiter.

nt av • SIM er godkje atet til å or kt re di Sjøfar ts urs avvikle STCW-k t og godkjent er • SIM er sertifis maritimt av DNV GL som treningssenter.

Vi har eige simulatorsenter som vi kan trene på avanserte maritime og marine operasjoner. Vi tilbyr

23


Frequency.no

Måløy vidaregåande skule jobbar saman med ein rekke kommunar og næringsliv i ulike bransjar for å kunne gi deg den beste utdanninga for framtida. Høyr kva nokre av våre mange samarbeidspartnarar seier:

Gloppen hotell "Når lærarar frå Måløy ringer om utplassering av elevar roper vi HURRA - Da veit vi det er kvalitet."

Bremanger kommune «Vi opplever Måløy vidaregåande skule som svært open for innspel og samhandling mellom elevar, bedrift og skule.»

Bodil Fjellestad, Kjøkkensjef Gloppen Hotell

Randi Ytrehus, Kommunalsjef for Helse og omsorg i Bremanger Kommune

UNU «Entreprenørbransjen i Nordfjord er helt avhengig av det gode samarbeidet med skolen»

Ervik Havfiske «Vi har et godt samarbeid med MVS og håper skolen kan produsere like mange lærlinger til oss i framtida.»

Kent Rune Bugjerde, Daglig leder UNU AS

Kaj Inge Fløde, Mannskapssjef Ervik Havfiske

LocalHost AS, Whereby AS og Nordfjordnett AS: «Vi gir elevane arbeidstrening og fagleg kompetanse slik at dei blir klar for eit godt arbeidsliv.»

Fjordenes tidende «Vi er imponerte over kvaliteten, kreativiteten og samarbeidet med denne flotte skulen.»

Kari Larsen, Administrasjonsleder

Erling Wåge, redaktør og dagleg leiar i Fjordenes Tidende.

Stadyard «Vårt gode samarbeid med MVS bidrar til å dekke behovet for engasjerte lærlinger innen teknologi- og industrifag.»

Toyota Nordfjord og Førde «Vi vil satse på lærlinger for å utdanne ungdom og tilby attraktive og spennende arbeidsplasser for framtida.»

Glenn Paris, HR-ansvarlig Stadyard

Ørjan Solvang, Daglig leder Toyota Nordfjord og Førde AS

Mowi «Vårt samarbeid med skulen gjer oss tilgang på utruleg flinke elevar og lærlingar.» Asgeir Hasund, Regiondirektør Mowi

Måløy vidaregåande skule Nordfjordveien 9109 6718 Deknepollen Nettside: www.maloy.vgs.no E-post: Postmottak.Maloyvgs@vlfk.no Tlf: 57 63 79 00

Profile for Anirot

Bli kva du vil på Måløy vgs  

Brosjyre for Måløy vidaregåande skule 2021.

Bli kva du vil på Måløy vgs  

Brosjyre for Måløy vidaregåande skule 2021.

Profile for anirot
Advertisement

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded