Page 1

Aktiv sommar og haust i Ullinsvin

– Spesiell dragning til Vågå

19. september er det offisiell opning av Galleri Ullinsvin. Gjennom sommaren er det fleire aktivitetar i Ullinsvin.

Sjølv etter mange år borte har musikar Leiv Skeidsvoll framleis ei spesiell dragning til Vågåbygda. I sommar kjem han med bandet sitt.

side 24

side 6 - 8


2

sommar i vågå

NorddaleN

Helsing frå ordføraren konkurranse: Kristin Nygård Lonbakken frå Sparebank 1 Lom og Skjåk og Anders Lien frå Vågå IL trur konkurranseinstinktet vil vakne hjå deltakarane.

Testar jerngrepet Har du nokon gong sett på «Mesternes Mester» og tenkt at dette ser da lett ut. Unde Vågå- Dågå har du høve til å prøve fleire av øvelsene. Inspirert av «Mesternes Mester» på tv har Sparebank 1 Lom og Skjåk og Vågå IL gått saman om å lage ein aktivitetsdag i Dompa under Vågå-Dågå laurdag 8. juni. – Vi hadde lyst til å gjere noko ekstra for ungane denne helga, seier Anders Lien i Vågå IL.

rar, men ei grend kan stille med fleire lag berre dei har ulike namn. Dei to beste resultatet frå kvart lag i dei ulike øvelsene, blir teljande. Her er det framleis tid til tørrtrening for påmeldingsfristen er fredag 7. juni.

miniski og laserskyting

to fluer i ein smekk

Dagen er delt i to. Fyrst ut er «Mesternes Mester». Her får ein prøve seg på aktivitetar som er kjent frå det populære tv-programmet. 90 grader`n, balansekunst, perfekt timing og jerngrepet er alle med på aktivitetskortet som ein får ved oppmøte. I tillegg vil det bli moglegheit til å prøve laserskiting på anlegg som dei får låne av Skiskytterforbundet. Likeins blir det lengdehopp på miniski. Alle deltakarar under 14 år, som gjennomfører fem av desse aktivitetane, får premie. Det er lov for andre å prøve og, sjølv om det ikkje er premie å hente for dei vaksne.

For å kunne gjennomføre arrangementet har Vågå IL og Sparebank 1 Lom og Skjåk inngått eit spleiselag. Vågå IL stiller opp på dugnad mot at banken gjev støtte til Halland mulitisportanlegg. – Hovudtanken er å slå to fluger i ein smekk ved å skape ei morosam happening for barn og unge under VågåDågå, samstundes som det blir ein moro dugnad å vere med på, seier Lien. Kristin Nygård Lonbakken fortel at Sparebank 1 Lom og Skjåk tende på ideen med ein gong. – Eg blir veldig glad når det kjem opp gode idear retta mot dei unge. Vi vil jo at dei skal vere i aktivitet.

grendekonkurranse

liv og røre

Frå klokka 14 blir det intens kniving grendene i mellom. Da arrangerast «Grendenes Mester». Her skal det konkurrerast i tre øvingar som vil krevje millimeterpresisjon, fokus, nervar av stål og vinnarvilje. Øvelsene som det skal konkurrerast i er 90 grader`n, balansekunst og laserskyting. Kvart lag kan ha maksimalt fire deltaka-

Aktivitetane i Dompe laurdag er berre noko av det som blir å delta på under Vågå-Dågå. Etter opninga torsdag blir det lurvetog i sentrum, utstillingar og bygdekveld på Gardsøy laurdag. Her blir det folkemusikkpub, buskspel og rømmegraut. Jon Birger Østby står for utdeling av Kulturminnefondets nasjonale formidlingsstipend.

Nå er det sommar i Vågå og vi er stolte over å kunne syna fram all aktivitet som du kan ha gleda av å delta på i sommar saman med oss. Her har frivillige, private og kommunen samla seg for å gje deg ei god oversikt over aktivitetane som finst. Det skjer så mykje så her er det berre å gle seg. Under namnet Sommar i Vågå får vi synt fram breidda i bygda vår. Arrangementa vil ha basis i lokale kulturuttrykk og andre aktivitetar med lokal aktørar og tilreisande. Til slutt vil eg takke alle som har bidrege til at vi kan samlast til Sommar i Vågå. Eg ynskjer vagvære og alle tilreisande hjarteleg velkomne og håpar døkk får fine dagar og opplevingar saman med oss. Eg gler meg! IselIn VIstekleIVen Ordførar Vågå kommune


NorddaleN

sommar i vågå

3

Distriktets forhandler av Kia og Citroën

Kia feirer 25 år i Norge og feirer med jubileumspriser på mange modeller!

NYE CITROEN C5 AIRCROSS

KIA SPORTAGE

SPAR 40.000,-

KIA CEED

SPAR 26.000,-

CITROÊN GRAND C4S SPACETOURER

KIA NIRO

CITROÊN BERLINGO VAN

• Vi er et moderne Meca-verksted med karosseri- og lakkavdeling. • Reparerer alle bilmerker. Ruteskift. EU-kontroll

UNDER

LØRDAG 7. JUNI KL. 10.00-15.00 vil være tilstede med sine modeller ved Cirkle K

ALLTID

S I R P V HAL oghurt-is y på vår 7. juni g a d r lø

HALV PRIS på Royal-Is fra

Vi er kommisjonær for

Alle som prøvkjører vil den dagen få

HALV PRIS på poleringsvask!

Gratis småis til alle barn! Vågå | 612 37 214 | 06.00-22.00


4

sommar i vågå

NorddaleN

Ottadalen i ei særstilling Ottadalsbygdene har husa mang ein dyktig treskjerar gjennom tidene. Kva var grunnen til at så mange fleire fann glede og inntekt i å skjere pene roser i tre her enn andre plassar? gudbraNdsdalsmusea har i lang tid arbeidd med å få på plass ei treskjerarutstilling i Jutulheimen. Nå er dei snart i mål med arbeidet og kan presentere heile 50 treskjerarar. Jørgen Hagen i Gudbrandsdalsmusea trur dei kjem til å lande på mellom 100 og 150 gjenstandar. – Her er ei blanding av gjenstandar vi har sjølve, innlån frå private og utlån frå Maihaugen, skyt kollega Kristin Akslen Hagen inn. ottadaleN er kjent for sine rike handverkstradisjonar. Kva er grunnen til at Ottadalen er i ei særstilling når det gjeld treskjerarar? – Vi likar dekor, kjem det kontant frå Eirik Haugen som følgjer opp spørsmålet. – Når det blir eit miljø så smittar det lett over på andre. Ottadalen er i særstilling i så måte. Reiser vi over Slådalen til Lesja finn vi meir målarkunst.

som NemNt tidlegare vil utstillinga innehalde mellom 100 og 150 gjenstandar av treskjerarar frå Ottadalen. Her finn ein alt frå små bruksgjenstandar til store ting der ein må nøye seg med fotografi. Haugen forklarar dette med at enkelte, som til dømes Jakob Klukkstad og Edvard Bakkom, har skore mest kyrkjekunst. – Enkelte finst det ikkje småsaker etter i det heile tatt. Dess større, dess gjævare. Slike ting er ikkje flyttbare. – Dersom du skulle trekkje fram noko spesielt i utstillinga. Kva ville det bli? – Jakob Sæterdalen er alltid gjævt i mine augo, seier Haugen etter å ha tenkt seg litt om. Han dreg også frå Anders «Slave», ein framifrå kunstnar som dessverre hadde lange fingre og måtte sone på Akershus festning både titt og ofte ifølgje historia. – Han skar på ein heilt spesiell måte som

ikkje likna andre i det heile tatt. Arbeid etter han fann vi på Maihaugen, seier Haugen. det er også lagt opp til føredrag i samband med utstillinga. Mellom anna om Magnus Berg, selver som hadde eit opphald på Prestegarden i Vågå i unge år. – Han dekorerte mest i elfenbein. Fantastisk arbeid, seier Hagen som håper mange finn glede i føredraget. Utstillinga opnar samtidig med Håndverk +, 7. juni og vil stå fram til fyrste veka i juli. Da blir den flytta til Lom. I Jutulheimen blir utstillinga å finne i Sundstugu. Hagen, Haugen og Hagen håper mange tek turen. – Målet vårt er å lyfte fram treskjerarar som ikkje har vore omtalt så mykje før, samt syne utvikling og breidde. Vi trur det blir ei utstilling som mange vil tykkja er interessant.


NorddaleN

sommar i vågå

5

6.- 9. JUNI 2019 TORSDAG • Offisiell opning av Vågå-Dågå kl 11.00 i Bankbrenna v/ HOKO-leiar Harald Sve Bjørndal • Song, musikk og Lurvetog i Bankbrenna v/Paulo Macamo og barnehagane i Vågå • Musikk på Vågåheimen kl. 14.00 • Omvisning i Kvennberget på Lalm kl. 18.00 v/Terje Kleiven FREDAG • Utstillingar Vågå kulturhus: Monica Bergnord m/ maleri, Sanna Bleka m/akvarellmaleri og Øystein Bleka m/ treklokker kl. 11.00-16.00 • Haljanturnering Sjårdalen samfunnshus kl. 18.00 v/ Sjårdalen samfunnshus • Konsert med 5 Åver i Vågå kulturhus kl. 20.00, kr 200,-. Førehandsal på servicetorget på kommunehuset og ved inngangen. LØRDAG • Liv og røre ved kommunehuset 10.00-12.00 Minikonsertar, stands, lokalt handverk og matmarked. • Kalvmønstring i regi av Tine ved kommunehuset • Utstillingar Vågå kulturhus: Monica Bergnord m/maleri, Sanna Bleka m/akvarellmaleri og Øystein Bleka m/treklokker kl. 11.00-16.00 • Mållaget Ivar Kleiven har stand i Ullinsvin. Innsamling og kviss på ord og uttrykk og sal av hefter, bøker og CD-ar • «Mesternes mester» i Dompe kl. 12.00-14.00. Sjå www.vagail.no • Grendenes mester i Dompe kl. 14.00-15.00. • Busstur med gamal OKB-buss kl. 15.00. til Slådalen og Hulderbu. Oppmøte på Halland. Kr 50,• Guida tur v/ Steinar Håkenstad og servering i Hulderbue • Bygdekveld/kveldsseto på Gardsøy kl. 18.00-24.00 med folkemusikkpub, buskspel og rømmegraut m/tilbehør. Stormviser og Sandvig v/ Holbø, Granlien og unge felespelarar, «Det tapte paradis». Hallingdans v/ Joakim Øyen. Utdeling av Kulturminnefondets nasjonale formidlingsstipend for 2019 v/Jon Birger Østby. Inngangsbillett på både mat og konsert/underhaldning, kr 200,- Førehandssal i servicetorget på kommunehuset, billettsal også ved inngangen på Gardsøy. Arrangør: Vågå-Dågå og Handverk + SØNDAG • Utstillingar Vågå kulturhus: Monica Bergnord m/ maleri, Sanna Bleka m/akvarellmaleri og Øystein Bleka m/ treklokker kl. 11.00-16.00 • Guida tur og servering v/ Ivar Vistekleiven til Strondseterhø kl. 18.00. Oppmøte v/ Sandranden

FREDAG 7. JUNI:

Kl. 17: Skultbakken: Opning av høvelutstilling. Moglegheiter for å prøve høvling. Kl. 19: Ullinsvin: Offisiell opning Håndverk+ 2019: Presentasjon årets utstillingar, kulturelle innslag.

LAURDAG 8. JUNI:

Foto: Studio Dreyer Hensley

Kl. 11-16: Ullinsvin: Utstillingar: Bunadar v/bunadstilverkarane Mona Løkting, Edda Ane Stubberud og Laila Arnestuen. Bunadstilbehøyr v/husflidshandverkarane Eli Fergestad, Anne T. E. Skari, Lise S. Obel, Barbro Storlien, Britt Bakken og Guro Hopmo. Kunstutstilling v. Ragnhild Wik og keramikk v. Ment. Studie i kaff ffeslaberas f v/Ida Skogstad og Fredrik Bull og gjesteutstiller Henrik Ødegaard. Glasarbeid og treskjering v/V /Vågå V ungdomsskule. Bakst: Visning i bruk av tradisjonell bakaromn og takke i eldhuset. Kl. 11-13: Ullinsvin: Minikurs i kontstrikking og hosoband. Påmelding bjorg@mangesysleriet.no Kl. 13-15: Ullinsvin: Bunad – foredrag, debatt og visning: Foredrag v/Mette Vårdal. Paneldebatt leia av Dag Lindvig. Visning av ulike bunadar, trendar gjennom historia. Delta gjerne med din eigen bunad. Påmelding til torunn@kulturogtradisjon.no Kl. 11-14: Ope verkstad hjå arkitektonisk glasdesignar Sigrid Blekastad (Klones) og skinngarv rvar v Sofie Kleppe (Vågå (V V sentrum). Kl. 12-14: Sve gardsbrenneri: Ope for besøk og omvisning. Kl. 11-16: Jutulheimen: Treskjerarutstilling med breitt utval av treskjerarar frå Ottadalen. Kl. 11-16: Skultbakken: Høvelutstilling. Moglegheiter for å prøve høvling. Kl. 15.30-16.30: Munch-vandring inkl. Vågåkyrkja og prestegardshagen Ullinsvin. Oppmøte Munchpunktet Vågå sentrum. Kl. 18-24: Gardsøy: Bygdakveld (sjå program Vågå-Dågå).

SØNDAG 9. JUNI:

Kl. 11-16: Utstillingar som laurdag i Ullinsvin, Jutulheimen og på Skultbakken. Kl. 11-16: Ullinsvin: Stikk innom-kurs for barn og unge: Mart rtasnor, t smiing mm. Kl. 11-12: Ullinsvin: Kaffeprat med Kirsten Visdal m/fleire med fokus på handverk inn i framtida. Kl. 12-14: Ullinsvin: Lag mat i kokegrop med Arne Brimi. Påmelding til felles@handverkpluss.no

Sjå www.handverkpluss.no eller følg Håndverk+ på Facebook for meir info.


6

sommar i vågå

NorddaleN

Vågå-ven kjem på bes Som ung var han svært dyktig på blokkfløyta, men det skulle bli trompeten som vart hans instrument. I sommar kjem Leiv Skeidsvoll heim til Vågå og serverer Moldejazz under Landskappleiken.

leiv skeidsvoll tykkjer det er både banebrytande og sprekt gjort av Vågå spel- og dansarlag å invitere Bech og Skeidsvoll New Orleans Band frå Molde til å halde konsert under Landskappleiken i Vågå i sommar. Dei skal spela på utescena framfor kommunehuset laurdag 29. juni. Det var Erik Lillebråten, direktør i Norsk kulturarv og ildsjel for korpsmusikk, som tok initiativet til dette musikalske samarbeidet. – Vi har vore og spelt i Vågå to gonger før, fortel Leiv Skeidsvoll, og denne gongen skal vi ha med element av folkemusikk i konserten vår under Landskappleiken. Vi skal mellom anna framføre ein Vågåhalling der Hallgrim Høye Haug og Eirik Schjølberg skal ta seg av felestemmene. Dette blir ein spennande miks av det tradisjonelle i den norske folkemusikken med New Orleansjazzen. – Kven er med i Bech og Skeidsvoll New Orleans Band ? – Det var Gunnar Bech (trombone) og eg som fekk bandet i gang i 2013, og vi har hatt tre utskiftingar på dei seks åra. Vi er nå åtte fulltids musikarar i bandet, og det spesielle er at tre av dei fire gutane mine er med. Det er Lauritz på saksofon, Peder på flygelhorn/trompet og Isach på piano. Dei tre andre er Torstein «Fuggeln» Fuglseth på komp, Sindre Klykken på kontrabass og Hans Petter Gyldenskog på trommer. Leiv tykkjer dei har ei optimal samansetjing nå, og at han stolar 110% på med musikarane sine.

"

Vi skal mellom anna framføre ein Vågåhalling der Hallgrim Ulvik Haug og Eirik Schjølberg skal ta seg av felestemmene. Dette blir ein spennande miks av det tradisjonelle i den norske folkemusikken med New Orleansjazzen.

konsert i Oslo Konserthus med 1200 tilhøyrarar i salen, Rjukanhuset, Ålesund kyrkje og Molde domkyrkje. Vøien vart kåra til den beste Elvisimitatoren i Europa i 2018. Slike samarbeidsprosjekt blir den fengande gospelmusikk av!

leiv skeidsvoll Musikar

leiv skeidsvoll set stor pris på å få spela på heimebane i Vågå, for det var her det aktive livet som multimusikar starta. Leiv er den yngste av seks søsken, tre gutar og tre jenter, og det var mykje musikk i familien. – Foreldra min var med i songkor, og mor lærde meg å spela på gitar da eg var 5–6 år, fortel Leiv.

det var med stor respekt og spenning dei reiste til New Orleans, jazzens Mekka, i 2013. Dei hadde fem konsertar der på ei veke, og Leiv fortel at dei vart godt mottekne og at det var «ekstra hot». I fjor oppnådde dei å få plakatjobb på den internasjonale jazzfestivalen i Molde, og dei er ønska tilbake att i år også. Bandet har hatt mange store samarbeidsprosjekt med andre orkester og solistar med stort hell, noko som fortel om kapasiteten og den musikalske kompetansen i bandet. Dei har spelt på mindre klubbar, i gatemiljø, kyrkjer og på større scener og festivalar. Den gode kommunikasjonen med publikum og måten dei opptrer på scena gjev god respons. Leiv nemner spesielt samarbeidet med Elvisimitator Morgan Vøien og Molde janitsjar med

oNkeleN miN, Toralf Haug, var fyrste læraren min på fele, og det er nok mest gjennom mor og Haug-slekta musikkinteressa har kome. Det var eit heilt spesielt fint musikkmiljø på ungdomsskulen på den tida. Mange av lærarane hadde god musikkutdanning, og dei årlege elevkonsertane der lærarane også tok del var svært populære og samla stappfullt samfunnshus. Det er med stor takksemd Leiv spesielt nemner to personar som har hatt mykje å seia for han i valet som musikar. Den eine er storebroren Per, eller Pelle som han blir kalla. Han var musikklærar på ungdomsskulen og dirigent i lokale korps. Han var klår på at minstebroren måtte koma seg ut for å få seg utdanning og kompetanse som musikar. Den andre Leiv trekkjer fram er naboguten Svein Hovdkinn. – Svein tok vare på meg da vi vaks opp, og det er

glad i vågåbygda: Leiv Skeidsvoll har framleis, etter mange år ikkje få timar eg sat og lydde på han da han øvde på fiolinen sin heime hjå han ved kjøkenbordet. Dessverre er han gått bort, og det var både trist, vemodig, men også litt fint da eg fekk lov til å spela i gravferda til Svein, mimrar Leiv. på uNgdomsskuleN var Leiv også svært dyktig på blokkfløyte, og han fekk til og med spela i lag


NorddaleN

sommar i vågå

søk med band i sommar

r borte ei spesiell dragning til Vågå.

med tussefløytespesialisten Egil Storbekken og Hindarkvartetten. I skulekorpset og i Vågå musikkforening der storebroren Per var dirigent spelte Leiv trompet, og dette skulle bli hovudinstrumentet hans. I radio og i TV kunne Leiv følgje med korleis Louis Armstrong og Finn Eriksen spelte trompet, og han tok mål av seg til å følgje etter dei. Leiv

var 17 år, og mor hans tykte han var for ung til å reise til Oslo. Kompromisset var at Leiv tok eitt år på handelsskulen på Otta før han året etter reiste til Oslo og prøvespelte på Østlandske musikkonservatorium. Der kom han inn og valde trompet, gitar og song som fag. Etter fire år der vart det fokus berre på trompet i to år på Barratt Due musikkinsti-

tutt. Det var i denne tida Leiv mellom anna skreiv songen om dorullen som han framførte med gitar til. Denne fall i god jord hjå dei fleste, men Leiv fortel at mor hans fekk høyre av nokre eldre damer i bygda at teksta i visa var upassande.

bla om

7


8

sommar i vågå

NorddaleN

band: Bech og Skeidsvoll New Orleans Band vart stifta i 2013 og har nå følgjande samansetjing f.v. Isach Skeidsvoll, Torstein «Fuggeln» Fuglseth, Hans Petter Gyldenskog, Leiv Skeidsvoll, Sindre Klykken, Gunnar Bech, Peder og Lauritz Skeidsvoll. Foto: Kristoffer Eikrem

med seks års musikkutdanning i bagasjen fekk Leiv eit vikariat i Asker og Bærum musikkskule som han kombinerte med private trompetelevar og speling i lag med Robert Levin som også dreiv med privat musikkskule. I 1990 vart det ledig jobb i Molde korpsskule som var ein stiftelse der alle korpsa i Molde var med. Denne vart seinare innlemma i Molde kulturskule. Leiv søkte og fekk jobben. Det aktive musikkmiljøet i Molde lokka, og Leiv reiste derfor til rosenes by. tre år seinare fekk han eit vanskeleg val. Han søkte jobben som rektor i nyoppretta kulturskule i Vågå og fekk tilbodet om fast arbeid i heimbygda. Han hadde da kome inn i jazzmiljøet i Molde og måtte ta ein grundig diskusjon med kona Marie. Skulle dei busetja seg i Vågå eller bli buande i Molde? Vågå kommune gav Leiv ei ekstra veke svarfrist før Leiv til slutt takka nei til Vågå kommune. Leiv angrar ikkje på valet han gjorde i 1993, for han kunne ikkje fått dei same musikalske utfordringane som Moldemiljøet har gjeve han. I 2000 kjøpe Leiv og familien eige hus i Kleive utanfor Molde der dei framleis bur. i 1990 var det litt tunge tider i korpsbyen Molde da det vart lyst ut etter dirigent. At Leiv ikkje takka ja til rektorstillinga i Vågå i 1993 har Molde sett stor pris på. På innflyttardagen i 2017 vart Leiv derfor kåra til Årets innflyttar i Molde av JCI. Junior Chamber International er ein organisasjon for unge menneske mellom 18 og 40 år som ønskjer personleg utvikling og leiartrening.

Gjennom musikken har nok Leiv både sett og losa mange ungdomar vidare i livet. Formålet med Innflyttardagen er å skape trivsel og gjera Molde kjend som ein god plass å flytte til og bu i. Arrangementet blir gjennomført i Molde sentrum. at livet til Leiv Skeidsvoll stort sett handlar om musikk forstår vi når vi høyrer om kva han har brukt mesteparten av tida si på. Frå 1990 var han dirigent for Molde janitsjar ein femårsperiode før han tok over dirigentstokken att i 2013 og har han framleis. Da Molde kulturskoles ungdomsband feira tjueårsjubileum i fjor fekk Leiv ein varm takk og mange gode ord. Han hadde vore dirigent i alle år, og vart takka fordi han ser kvar musikar og er opptatt av at alle skal få utvikle seg på beste måten. Leiv har vore dirigent også for Kviltorp og Nordbyen Skolekorps i alle 27 år! Med tre aktive musikksøner i Bech og Skeidsvoll New Orleans Band og den fjerde, Elias, som er utøvande musikar som bassist på Norges musikkhøgskule seier det seg sjølv at familielivet er fylt med musikk. – Samspelet med gutane våre utviklar oss alle saman, fortel Leiv. – Vi stiller krav båe vegar og blir meir gira og skjerpa. Vi er privilegerte som kan ha det på denne måten. I det siste har gutane forresten minna meg på at eg skal ta det litt meir med ro, for det er ikkje til å koma frå at eg blir litt eldre kvar dag, ler Leiv. Men kva gjer Leiv når han ikkje er musikar? Svaret kjem fort: Fotball! Moldepatrioten og Manches-

ter United-supporteren lyser opp i sofaen, og at Ole Gunnar Solskjær er trenar er stort for Leiv som elskar all sport – men ikkje golf. Vågå ein magnet – Vågå betyr mykje for meg, og det er ikkje ende på dragninga til Vågå, fortel Leiv. – Eg er heldig som får musikkoppdrag i heimbygda mi, og eg må vedgå at eg er litt spent når vi startar opp. Men når musikken er i gang går spenninga over. I sommar veit eg at mellom anna alle søskena mine står framfor utescena ved kommunehuset når jazzbandet vårt skal ha konsert, så da kriblar det nok litt ekstra i magen før vi er i gang. leiv skeidsvoll elskar prosjektoppgåver med jazzbandet, og han lettar litt på sløret om eit nytt samarbeidsprosjekt i Vågå på nyåret.

"

I sommar veit eg at mellom anna alle søskena mine står framfor utescena ved kommunehuset når jazzbandet vårt skal ha konsert, så da kriblar det nok litt ekstra i magen før vi er i gang. leiv skeidsvoll Musikar og Vågå-ven


NorddaleN

sommar i vågå Vi har egenproduserte bilder laget av Mette Mette R V Damstuen

Tlf. 61 23 24 11

lugumstugu@interflora.no

BURSDAGSFEIRING 12. juli

Vi sender med posten

med kaffe, biteti og gode tilbud!

Åpningstider: Man.-fre. 9-16.30 Lør. 10-15.00

Tlf 61 23 70 44

u u u u u u u

KLÆR for DAME og HERRE ULL fra SAFA og DOVRE GARN fra SANDNES GARN Sengetøy, handkler og dyner fra HØIE Bunadstoff fra GUDBRANDSDAL ULDVAREFABRIKK Syutstyr: Knapper- glidelås- sytråd osv. DAMESKO fra JANA- MERRELL- JEAN PAUL

Vælkomme innum te ein trivele handel på VÅGÅ HANDELSHUS Haldis og Venke

Hos oss finner du det meste!

- BØKER OG LEKER - KONTORREKVISITA - VESKER OG KOFFERTER - GLASS OG STENTØY - HARDANGERBESTIKK - LYS OG SERVIETTER - VELVÆREPRODUKTER - SOUVENIER

Vi er din totalleverandør innen sport, jakt og fiske!

Velkommen! Følg oss på facebook

Tlf. 61 23 22 80

VÃ…GÃ…

           

9


10

sommar i vågå

NorddaleN

1

2

3

1 Holbø: Vertskapet på Holbø, Sidsel Berg og Tor Amund Holbø framfor peisen som dei ti målarane dansa rundt under Vågåsommaren. 2 sve: Slik såg det ut på Sve der fire målarar budde under Vågåsommaren 1894. Fire år seinare bygde dei pensjonatet på garden. 3 kvinnelege målarar: Alice Dagny Pihl i arbeid med eit portrett fotografert av Esther Langberg. Oslo Museum. 4 storvik: På Sygard Storvik budde dei fire målarinnene under Vågåsommaren.

4


NorddaleN

sommar i vågå

Sommaren frå 125 år sidan I år er det 125 år sidan ti norske målarar samla seg i Vågå. Denne kunstnarsamlinga i 1894 blir kalla «Vågåsommaren». kuNstNarsamliNga som strekte seg frå mai til slutten av september i 1894 og fekk mykje å seia for dei som tok del. Det var ikkje berre den kunstnarlege delen, men også det sosiale samværet i gruppa og med lokalmiljøet som gjorde opphaldet i Vågå til ei minnerik tid for dei. Ein av deltakarane, Lars Jorde (1865 - 1939), omtala opphaldet og vennskapet som «Det tapte Paradis, og ein annan såg på samlinga som «Merkeåret for ein ny generasjon kunstnarar». kuNstNarmiljøet i Kristiania (Oslo) for 125 år sidan var ikkje større enn at dei fleste kjende til kvarandre. Kristen Holbø (1869 – 1953) var gardgut på Sygard Holbø. Etter noko motvilje hjå faren hadde han som 20-åring fått lov til å ta kunstnarutdanning, og han hadde synt fram eit friskt naturtalent og eit skarpt auga for motiva. Etter å ha vore heime att i Vågå ei tid reiste han tilbake til hovudstaden att i 1893. Ein av kunstnarvennene hans der var den åtte år yngre Halfdan Egedius (1877 - 1899) som Kristen nærmast vart ein storebror for. Det var nok dei to som må ta æra for at dei åtte andre kunstnarane vart inviterte til Vågå denne sommaren for 125 år sidan. Egedius fekk bu i lag med Holbø heime på farsgarden hans i Sjårdalen. Dei hadde sett opp ein toetasjes tømmerbygning nokre år tidlegare og hadde god plass. på gardeN Sve dreiv dei overnatting og skysstasjon, og der tok Lars Jorde, Thorvald Erichsen, Alfred Hauge og Oluf Wold-Torne inn. Det var vanleg at ferdafolk tok inn på dei større gardane på den tida, og Unni Formo på Sygard Storvik fortel at det var godt vennskap mellom dei på Holbø og dei på Storvik. Kanskje derfor vart dei fire kunstnardamene innlosjerte på Sygard Storvik. Det var Kristine «Kris» Laache, Laila Hvalstad, Johanna Bugge og Alice Pihl. målarkuNstNaraNe var inne i ei brytningstid i 1894. Fargebruken gjekk over frå dei duse, tonefine og naturnære fargane til ein mørkare, tyngre og noko mystisk palett. Dette vart mykje diskutert når kunstnarane samla seg til sosialt lag, og dei fleste var opptekne av å fordjupe seg i stemningsmaleriet. Sjølv om denne sommaren var svært regnfull vart det måla mange fine måleri, og opphaldet deira i Vågå vart avslutta med ei utstilling i skulehuset i Vågåmo midt i september. Kristen Holbø fortalde i 1940 at «Te kår helg kom oss samen og det va synd å sea at oss ha det stusle. Folk trudde nok helst at oss berre tenkte på moro og leven. Men i yrkun arbeidde oss så hardt oss kunna, og um hausten ha oss stor utstilling i Vågåmo tå alt oss fekk gjort um såmårn». Han fortalde også om eit moderne maleri som alle ti måla på kvar sin gong da dei var på Sygard Storvik. «Oss måla ette tur på det, og det galdt um å finne på di mest orimelege ting og di dristigaste fargo, og e skal sea det vart veig i vellingen. Men morosamt va det».

I boka om Kristen Holbø som sonen og målaren Halvdan Holbø har gjeve ut blir det referert til ein minnekveld for Lars Jorde i 1940 der Kristen Holbø fortalde om Vågåsommaren på vågåmål. Der fortalde Kristen at Lars Jorde og Wold-Torne kom innom Holbø på tur til Vågå og Sve der dei skulle bu denne sommaren i 1894. Da Torne fekk sjå nokre geit ute på Holbø opna han glaset og skreik «åt gjeitom og heldt slik eit leven i eit onderleg tungemål at ingen kunne skjøne någå tå di «. Dei kom frå Bjølstad i Heidal, og den vanlege reisemåten på den tida var med tog frå Oslo til Eidsvoll, Skibladner til Lillehammar og tre dagar til fots oppover Gudbrandsdalen. vågåsommareN vart ei fin sosial oppleving for dei ti kunstnarane. I samla flokk melde dei seg inn i Vågå ungdomslag, og saman med vagværane dansa dei på Øivollen i den ljose sommarnatta. Da dei samlast på ein av dei tre gardane dansa dei ofte «Kjerringa med staven» rundt skorsteinen. På Holbø måla Egedius det vakre «Heggen» som er ei sommarstemning frå hagen på Holbø med den fine utsikta mot Lalm. Eit anna fint maleri «Hjeltguten» gjekk dessverre tapt i ein skipsbrann. Kristen Holbø måla ikkje så mykje denne sommaren fordi han hadde det travelt med illustrasjonar til Edvard Storms «Dølaviser». På Klones tok dei kunstinteresserte eigarane Blachwell og Fabritius godt imot dei unge målarane, og dei tinga på dekorasjonar på dørfyllingane av Egedius og Holbø. Kloneseigarane kjøpte også det praktfulle portrettmaleriet «Mari Klasen» som Egedius måla. det var nok ikkje tilfeldig at dei fire mannlege målarane vart buande på Sve. Garden har namn og tradisjon i kunsthistoria. Her var det den unge Erik Werenskiold gjorde dei fyrste skissene til eventyrteikningane sine, og det var ved Vågåkyrkja han laga den fyrste skissa si til det kjende maleriet Bondebegravelse. I Nasjonalmuseet heng det to teikningar av ein bonde frå Vågå og ein potetopptakar som Werenskiold teikna på Sve i 1878. Kristen Holbø fortalde om Alfred Hauge ein dag han stod og måla ved ein av heimane i Vågåmo. Ein gris sprang og heldt aldri fred rundt han, så til slutt orka ikkje Hauge meir. Han gjekk bort til stugu og ropte høgtideleg inn i døra at det var sleppt laus ein gris. På den tida var det sikkert hundre lausgrisar i Vågåmo, fortalde Holbø. harald sve Bjørndal har teke vare på gjesteprotokollane, men den som dekker Vågåsommaren i 1984 er dessverre borte. I ei av stovene på Sve heng ei originalteikning av ein hest som Werenskiold teikna da han var på Sve att noko seinare. Av brevvekslingar frå gjestane på Sve sommaren 1894 går det fram at det kosta 55 kroner månaden å bu på garden. På den tida var hovudhuset på Sve eit tømmerhus med berre ei høgd, fire år før pensjonatet vart bygd i 1898.

11


12

sommar i vågå

NorddaleN

ULIKE AR SOMMAREN 7. juni

kl 20.00

Konsert med «5 Åver» i Vågå kulturhus

Arr: Vågå kommune/Vågå-dågå

12. juni

kl 18.00

Til Gålen ved nedre Sjodalen. Kristen Holbø 150 år, Gålen 125 år. Vågåsommaren 125 år. Frammøte ved Postfuru i Sjodalen

Arr: Vågå historielag

Teknikkurs kajakk. Påmelding: www.gjendeguiden.no

Arr: Gjendeguiden

Randsverkmartna. Vil du ha stand så ta kontakt: randsverkmarked@hotmail.com

Arr: Randsverk grendalag

14. - 16. juni 15. juni

kl 11.00-15.00

19. juni

kl 10.00

Pensjonist-tur med «Den kulturelle spaserstokken» Arr: Vågå kommune Til Brimi Fjellstue. Påmelding til Frivilligsentralen tlf 61293788

19. juni

kl 19.00

Kveldseto i Jutulheimen. Kåseri ved Hans Christian Dahl

Arr: Vågå Historielag i samarbeid Gudbrandsdalsmusea

Besseggløpet. For informasjon og påmelding: http://.besseggløpet.no/ Tlf 90135434

Arr: Maurvangen fjellpark og Vågå IL

Lalmsdagen. Stands, grillmat, kaffe og vaflar, Underhaldning, tråtraktor/sykkel-løp m.m.

Arr: Lalm samf.hus/Lalm Vel og Grendautvikling

Landskappleik. (Sjå eiga program)

Arr: Vågå spel og dansarlag

22. juni 22. juni:

kl 11.00

26. - 30. juni 27. juni

kl 13.00

Munch-guiding. Gå i fotspora til Edvard Munch via Arr: Vågå kommune Vågåkyrkja og Ullinsvin. Start: Munchpunkt ved Liehjørna

28. juni

kl 13.00

Munch-meditasjon i Vågåkyrkja ved Munch-guide Sanna Bjerketvedt og organist Per Anders Hovelsrud

29. juni

kl 17.00

Konsert med Unge folkemusikarar i Ullinsvin Arr: Ullinsvin drift AS Astrid Garmo, Amalie Kinsarvik Tvilde, Martin Steinum Brun, Vera Sonne og Victoria Oftestad

29. juni

kl 15.00

Konsert med Beck & Skeidsvoll På utescena ved kommunehuset Kulturarv og Vågå kommune

Arr: Landskappleiken, Norsk

8. juli

kl 19.00

Konsert Gammel-Kleppe Bluegrasskonsert m/Hans M. Austestad frå Earlybird

Arr: Vågå konsertserie

15. juli

kl 19.00

Konsert Gammel-Kleppe Camilla Granlien, Bjørn Sigurd Granlien og Vegard Vårdal

Arr: Vågå konsertserie

19. juli

kl. 18.00

Klassisk konsert i Ullinsvin med song ved Martin Steinum Brun og piano ved Grete Vargeid

Arr: Ullinsvin drift AS

Munch-dagen 2019. (Sjå eiga program)

Arr: Munchpunkt Gammel-Kleppe og Vågå kommune

20. juli

Arr: Vågå kommune

22. juli

kl 19.00

Konsert Gammel-Kleppe. Gode musikkvenar møtes til nordisk mestermøte

Arr: Vågå konsertserie

29. juli

kl 19.00

Konsert Gammel-Kleppe. Mads Erik Odde og Bjørn Kåre Odde

Arr: Vågå konsertserie


NorddaleN

sommar i vågå

RRANGEMENT N/HAUSTEN 2019 5. august

kl 19 00

Konsert Gammel-Kleppe. Klassiske perler med sopran Ingeborg Dalheim

Arr: Vågå konsertserie

5. - 9. august kl 09 00-14 00

Teikne- og målekurs i Ullinsvin 1.-3. trinn (2010-2012) Arr: Ullinsvin drift AS Påmelding/spørsmål til monica@almater.no tlf 92868164 innan 15. juni

8. - 11. augustkl 09.00 - 15.00

Tine fotballskule i Vågå. Halland kunstgrasbane

Arr: Vågå IL

10. august

Tessand-dag. (Program blir annonsert seinare)

Arr: Tessand Grendalag

12. - 16. augustkl 09.00-14.00

Teikne- og målekurs i Ullinsvin 4.-7. trinn (2010-2012) Arr: Ullinsvin drift AS Påmelding/spørsmål til monica@almater.no tlf 92868164 innan 15. juni

12.-16. august

Aktiv sommarferie 2019. 1. – 7. klasse Arr: Vågå kommune Spørsmål og påmelding: mona.sveen@vaga.kommune.no

14. august

kl 18.00

Tur til Olufhuset på Hamn og Reiret på Sel Frammøte ved YX i Vågåmo

Arr. Vågå Historielag

17. august

Traktorrock. (Sjå eiga program)

Arr: Kvinner i landbruket

23. - 25. august

Finnasus grendafestival. (Sjå eiga program)

1. september

Diktardagar (Sjå eiga program)

Arr: Skårvangen og Skogbygda Grendalag Arr: Diktardagar

1. september

Bjerrgaards Skaal ! Konsertkåseri med Mette og Vegard Vårdal, Camilla Granlien og Halvor Kjerkreit

Arr: Diktardagar

7. september

kl 12.00

Sjårdalsløpet

Arr:Sjårdalen IL

8. september

kl 11.00

Olashovdatur

Arr: Sjårdalen IL

14. - 15. september

10 års-jubileum for utvalde kulturlandskap i Nordherad

Arr: Nordheradsprosjektet

13. - 15. september

Fjellfilmfestival ved Gjende

Arr: Friflyt, DNT

Konsert med Iver Kleive og Knut Reiersrud i Vågåkyrkja Førehandssalg av bill. i servicetorget eller på heimesida

Arr: Vågå kommune

Opning av Galleri Ullinsvin. 30-års jubileum Morten Krogvold.

Arr: Ullinsvin drift, og Arr.komite Morten Krogvold-jubileet

Konsert Gammel-Kleppe. Ein konsert om Anne frå Kleppe, med Carl Petter Opsahl

Arr: Vågå konsertserie

20. september

kl 23.00

19. - 22. september 6. oktober

kl 19.00

Kvar måndag frå 10. juni – 30. september er det guida tu over Besseggen. I tillegg kvar tysdag frå 25. juni – 20. august. Info og billettar: www.gjende.no

13


14

sommar i vågå

NorddaleN

det skal synast: At det er Landskappleik i Vågå seier fv Torunn Elise Kveen (leiar for informasjon Landskappleiken 2019) og Kjærsti Gangsø (leiar for Landskappleiken 2019).

Klart for kappleik Innbyggjartalet i Vågå blir nær dobla når publikum og deltakarar til Landskappleiken 2019 kjem til Vågå 26.–30. juni. I år er HM Dronning Sonja gjest under meisterkonserten. – slagordet vårt er at det skal synast at det er kappleik. Det skal høyrast song og musikk, vere bunadskledde folk og folk med musikkasser overalt. Det blir liv og røre ved Lasaronstolpen i Vågå, seier Kjærsti Gangsø, leiar for Landskappleiken 2019. det er Vågå Spel- og dansarlag som står som arrangør for Landskappleiken 2019, som går føre seg frå onsdag til sundag. Onsdag er det opning med statssekretær Frida Blomgren. – Det er stas for kappleiken at det kjem nokon frå leiinga i Kulturdepartementet. Det er noko med å vise at folkemusikk ikkje er noko borti ein krok, men av ein storleik av betydning, seier Gangsø. Før opninga blir det avduking av ei byste av Ole Bull i Ullinsvin. Avdukinga skjer i eit samarbeid mellom Vågå Spel- og dansarlag, Unn og Birger Bostad og Vågå kommune. det går føre seg konkurransar frå onsdag og utover veka. Fredag kveld er det Vågåkvelden i Vågåhallen, med bestillingsverket «Han var hoga heim» – eit musikalsk eventyr om Johannes Blessom som drog til København og fekk skyss heim med Jutulen.

Gangsø og Torunn Elise Kveen, leiar for informasjon for Landskappleiken 2019, seier dei har fått mykje støtte til denne konserten. Det er Kultivator som står bak bestillingsverket. laurdag er det gratiskonsert på plenen ved kommunehuset. Det blir jazz og folkemusikk med Bech og Skeidsvoll og lokale folkemusikarar. Sundag er det folkemusikkmesse i Vågåkyrkja. Sundag går også meisterkonserten av stabelen. – HM Dronning Sonja kjem og blir gjest på meisterkonserten. Det skjerpar oss, og er stor stas for oss som arrangør. Ho er Folkorg sin høge beskyttar, forklarer Gangsø. ho tykkjer det er vanskeleg å seie noko eksakt om kor mange personar det er i Vågå under landskappleiken. – Men om vi seier rundt 3.000 personar betyr det nesten ei dobling av innbyggjartalet. Landskappleiken samlar rundt 1.000 spelemenn, songarar og dansarar. Gangsø og Kveen opplyser at årets kappleik nærmar seg 1.400 startnummer – fleire deltek i fleire klasser.

– Frå Vågå brukar det å vere rundt 50 deltakarar, seier Gangsø. I tillegg er mange frivillige i sving under ein kappleik. – Det er snakk om rundt 600 frivillige, og hovudtyngda av dei er frå Vågå. I år blir det campingplassen under landskappleiken på Halland. – Vi har eit samarbeid med Vågå idrettslag. Å ha campingplassen her gjer det lettare for oss. Vi kjem tettare på infrastrukturen som finst, og gjer arrangementet enda meir komprimert, seier Gangsø. vågå spel- og dansarlag arrangerte landskappleik også i 2016. Da omsette arrangørane for fem millionar kroner. – Berre ein liten del av overnatting er innrekna i den summen. Vi kan ikkje seie konkret i kroner og øre kva landskappleiken har å seie for Vågå. Men ein kan tenkje seg at når vi omset for fem millionar kroner, er det ingen tvil om at det har store ringverknader, meiner Gangsø. Som arrangør er det eit mål å gå med 300.000 kroner i overskot. Pengane blir brukt til rekrutteringsarbeid.


NorddaleN

sommar i vågå

andesleppet: Under Finnasus Grendafestival er populært. Hans Spakrud i Skogbygda og Skårvangen grendalag seier at i år kjem dei til å ha 1.000 ender.

Ti år med grendefestival Skårvangen og Skogbygda grendelag står bak grendafestivalen Finnasus. Målet første året var å lage ein liten og intim festival med låg terskel. 23.–25 august i år arrangerer dei grendefestival nummer ti. haNs spakrud er kasserar i grendalaget. Han har vore med sidan starten av grendafestivalen. – Da skulen i Skogbygda vart nedlagt, skulle skulen seljast. Så fekk vi beskjed at dersom vi greidde å skape aktivitet, kunne vi behalde skulen. Vi bad om idear frå folk. Ein av ideane var å lage ein festival. Vi bestemte oss for å prøve det. Og at vi ikkje skulle satse hardare enn at vi landa med beina på jorda att dersom vi feila, seier Spakrud. haN seier at med hjelp av heile grenda gjekk arrangementet prikkfritt. – Eg meiner å hugse at vi sat att med eit overskot på 18.000 kroner. Vi vart inspirert til å prøve til att året etter. Vi fann på fleire idear og utvida litt. Han seier at festivalen har eit par grunnprinsipp. Det skal vere lågterskel, og festivalen skal vere liten og intim. Den skal aldri bli stor. – Det trur eg ikkje den har vorte, sjølv om det har vore over 300 personar på arrangement i Finndalen i samband med festivalen. Nokre idear har slått godt an, medan andre har vorte prøvd og seinare droppa. Av ideane

som har hatt stor suksess, er det årlege andesleppet i Finndalen. – Det er populært. I fjor hadde vi 835 ender. I år kjem vi til å ha 1.000 ender, seier Spakrud. Andesleppet går føre seg sundag under festivalen. Alt av arrangement denne dagen går føre seg i Finndalen. I tillegg til andeslepp er det matservering og auksjon. – Vi prøvde oss med kanopadling, men det var ikkje så populært. Eit anna arrangement som er populært er fotballcup, der ulike grender i Vågå stiller lag. – Den heldt på å bli for seriøs for oss. For å få ned konkurranseaspektet og seriøsiteten har vi prøvd fleire tiltak. I fjor planta vi skog på bana, det vart godt motteke, ler Spakrud. Tidlegare har dei prøvd seg med at spelarar som fekk raudt kort måtte spele med ansiktsmaske og spelarar som fekk gult kort måtte spele i gummistøvlar med 47 i storleik. i år er det også nye idear. Fredagskvelden er via til barneaktivitetar. Spakrud fortel at som følgje av årlege overskot har det vorte kjøpt inn eit telt på 6 gonger 12 meter som folk i grenda kan låne om dei vil. – I år skal vi fylle dette med 1.000 ballongar

fredagskvelden, i samband med barneaktivitetane. Arrangørane vil ikkje røpe for mykje, men kan seie såpass at det dreier seg om ein konkurranse. I år blir det eit lokalt marknad, med heimelaga ting som bakst, ull og forskjellig handverk. laurdag er den offisielle opninga av festivalen. – Da er det premiering til dei som har fått ungar i grenda. Dei får delt ut ein vase med gullinskripsjon og ein blomebukett. Laurdag på dagtid blir fotballcupen arrangert, og om kvelden blir det jubileumsmiddag. – Alle som har vore med og hjelpt til i løpet av dei ti åra blir bedne inn til middag. Etterpå er det fest. spakrud seier Finnasus grendafestival er kome for å bli. Festivalen er avhengig av at folk i grenda stiller opp. Ifølgje Spakrud er det lett å få med folk. Han er og klar på at utan eldsjelene festivalen har, blir det ikkje festival. Han meiner at for grenda betyr festivalen samhald og sosialt samvær. – Folk kan kome på festival, kose seg og sjå på folkelivet, seier han.

15


16

sommar i vågå

NorddaleN

BESØK VÅR BUTIKK OG SE VÅR

UTSTILLING AV BADEROMSMILJØER! Trenger du rørlegger? Ta kontakt med oss

VI OPPFYLLER KJØKKENDRØMMEN DIN! Kontakt oss for bestilling av gratis tegnetime.

Vågå 919 14 227 - Dovre 957 72 864

Vågåvegen 40 • vaga@comfort.no

POWER VÅGÅ Vågå handelshus - tlf. 992 11 690 • www.power.no

GROV CAMPING & GONHILDBUA LANDHANDLERI BYR PÅ:

SJOKOLADEFESTIVALEN 2019 Fredag 26. juli kl. 20.00 PUB OG ALLSANG MED TRUBADUR ARILD NYGAARD Lørdag 27. juli fra kl. 12.00 • SPENNENDE AKTIVITETER • GODE SMAKER • MUSIKK • SJOKOLADE For mer info og bestilling • Ta kontakt med: post@grovcamping.no • grovcamping.no • tlf. 906 90 930

Coop Byggmix Vågå Vågåvegen 47, 2680 Vågå 992 11 680 • vaagaa@byggmix.coop.no

COOP BYGGEKONTO

- En enkel måte å betale på

BLI MEDLEM Gå ikke glipp av kjøpeutbytte

På Mega Vågå satser vi på

LOKALMAT

Coop – litt ditt Åpningstider: I Coop får du kjøpeutbytte på alt du handler. Mer Man.-fre 07.00-23.00 Lør 08.00-21.00 informasjon om de ulike• fordelene finner du på: coop.no

OPPSKRIFTER, TIPS OG INSPIRASJON: mega.no


NorddaleN

sommar i vågå

vågå: Fotograf Morten Krogvold kan markere 30-årsjubileum i Vågå denne sommaren. – Det hadde eg aldri trudd da eg kom hit for fyrste gong i 1989, seier han.

Foto: arkiv

Eit fotografisk jubileum – Workshopane i Vågå har vore noko av dei viktigaste tinga eg har gjort i livet. det seier fotograf Morten Krogvold. I 30 år har han halde workshopar i Vågå. Det skal markerast med ei storslått jubileumshelg i bygda han har lagt sin elsk på. – Eg hadde aldri trudd at det skulle bli så omfattande da eg kom hit for fyrste gong i 1989, seier han. Planen var å gjennomføre ein workshop. No 30 år seinare har han nesten kome ut av teljinga, men at han har passert over 200 workshopar i bygda, er han sikker på. – Det har vore heilt fantastisk. Eg har møtt så mange hyggelege menneske, og fått moglegheita til å forandre folk sine liv gjennom desse workshopane. – På kva slags måte? – Mange har fått testa ut sin kreative skaparevne. Når ein gjer det, skjer det noko. Ein del har ikkje møtt den verda før. Plutseleg blir ein meir enn berre ein observatør. – Kva har det betydd for deg? – Det har vore fantastisk. Det er noko av det

viktigaste eg har gjort i livet. Man blir ein døropnar, og er med på å auke livskvaliteten til folk rundt seg, seier han. krogvold har halde tallause workshopar gjennom si lange karriere, både nasjonalt og internasjonalt. Men han kjem stadig tilbake til Vågå. Det er ikkje utan grunn. – Vågå er ei bygd med tradisjonar. Det er hyggelege folk her, og bygda kan skilte med eit fantastisk landskap. Det er viktig at ein er til stades når ein er med på workshop, difor kan det vere problematisk å halde det i store byar. Det er lett at det blir upersonleg og. Vågå er på mange måtar hjarta i Noreg, seier han. Fotografen har eit tett samarbeid med Vågå hotel, der workshopane arrangerast, og han anslår sjølv at han har bidrege til at om lag 45.000 gjester har kome til hotellet utanom sesong i forbindelse med workshopane.

i forbiNdelse med opninga av Galleri Ullinsvin i slutten av september, skal Krogvold ha ein utstilling. – Det blir ei variert utstilling. Det blir nokre originalfotografiar som berre har vore i bøker. Det blir og ein del nye bilete frå bygda som skal stillast ut. Eg skal nemleg oppover Ottadalen i løpet av sommaren og ta ein del nattbilete. Eg ynskjer å vise bygda på ein annan måte, seier han. i skrivaNde stund er det framleis nokre plassar igjen på workshopane til Krogvold i Vågå. – Eg reknar med at det er fullbooka tidleg i august, seier han og legg til: – Ein mengde av dei beste fotografane i Noreg byrja hjå meg. For mange er workshopane i Vågå eit høgdepunkt. Det er like artig kvar gong, seier han.

17


18

sommar i vågå

NorddaleN

aktuell: Monica Bergnord er aktuell med ei ny utstilling i Vågå til sommaren.

Ny Bergnord-utstilling Monica Andresen Bergnord er aktuell med ei ny kunstutstilling under VågåDågå. – det er alltid stas å ha utstilling i Vågå. Det er mange kjentfolk som kjem inn-om. Samstundes er det alltid interessant å få attendemeldingar på måleria, seier Andresen Bergnord. Det er ikkje fyrste gong at den utflytta vagværen har kunstutstilling i heimbygda. Også i 2017 hadde ho ei separatutstilling under VågåDågå. Årets utstilling «Naturens puls og hjerteslag», er inspirert av kva naturen gir og tar. – Det er fascinerande korleis den same naturen kan oppfattast heilt forskjellig u frå betraktarens ståstad, seier ho. fargar, musikk og ordlause energiar er viktige element når Andresen Bergnord skal sette i gang ein ny prosess. – Eg undrast over kvifor uttrykket gjentek seg, og let meg overraske av samtala med bilete. Og eg blir fascinert av korleis det er mogleg å gjenskape kjensler gjennom fargar, former og performative handlingar, uttaler ho. Andresen Bergnord, som i dag er busett på Grünerløkka i

Oslo, jobbar til dagleg som grafisk designar, men nyttar ein dag i veka til å måle. Det er under desse dagane ho har forberedt seg til sommarens utstilling. – eg ser at bilda mine har sterke relasjonar til natur, landskap og stemningar, seier ho. Kunstnaren jobbar abstrakt og intuitivt, og under heile prosessen arbeidar ho heile tida med å «fange bilete» og å «sleppe det». – Det e handlinga som styrer framdrifta. Eg jobbar intuitivt for så å sette meg tilbake og analysere, då kjem bildet til meg, seier ho. Det står i stor kontrast til korleis ho har arbeidd tidlegare. – Eg har og jobba med portrettmåleri. Då må ein planleggje mykje i forkant. Slik eg jobbar no, blir biletet til undervegs. Det er givande, seier ho. for deN utflytta vagværen har kunsten betydd mykje. – Det gjev meg mykje. Eg bruker det blant

anna som avkopling. Når eg målar legg eg vekk alle tankar. Då koplar eg på ei stemning eller ein tilstand. Eg nyttar alltid musikk når eg målar. Det blir ein slags meditativ tilstand, eller ein form for terapi om du vil, seier ho. Kunstnaren planlegg ikkje noko i forkant. Ho vel ut nokre få fargar før ho byrjar å fylle lerretet. – Det må rett nok vera ei nerve i det for at eg skal gå vidare. Ofte er det landskap som kjem fram. Eg er ofte inspirert av naturen. Eg har det nok med meg far tida eg budde i Vågå. Dette med fjell og elver. No har eg berre Akerselva rundt meg, skrattar ho. kuNstutstilliNga til Andresen Bergnord blir å finne i andreetasjen på Vågå kulturhus. Seinare i sumar vil den flyttast til Ullinsvin. Kunstnaren skal også nytte tida i Vågå til å lære bort å teikne å male. Ho skal nemleg ha eit eiga teikne- og målekurs for barneskule- og ungdomsskuleelevar i veke 32 og 33. – Det vert spanande, seier ho.


NorddaleN

sommar i vågå

19

Elektriker for ditt behov! Lemonsjø Fjellstue & Hyttegrend

Familiedrevet Fjellstue med tradisjonelle hytter, hotellrom, klassisk norsk kjøkken, fjell-, natur- og kulturopplevelser. En perle i Jotunheimen. Lemonsjøen byr på ro, naturopplevelser, friluftsliv, rike muligheter for aktiviteter til glede for store og små året rundt.

Overnatting i lune senger Opplev en ærlig, norsk hytteferie! Alternativt, komfortable hotellrom eller moderne leiligheter med utsikt til Jotunheimen.

Mat & Drikke Vi legger vår sjel i god mat; tradisjonsrik, klassisk norsk, lokal, hjemmelaget og velsmakende. Med et moderne kjøkken og a la carte servering, tilbyr vi den fleksibiliteten vi ønsker at du skal finne i fjellheimen. Velkommen!

Møter, Selskap & Jubileum Vi har lang erfaring med bedriftssamlinger, møter, kurs, selskap og jubileum. Vårt personale gir deg og dine gjester en varm og profesjonell ramme. I forkant av ethvert arrangement er vi behjelpelige med planlegging, tilrettelegging og kommer gjerne med forslag til aktiviteter og selskapsmenyer. Vi tilbyr også catering til forskjellige anledninger.

For mer info: lemonsjoe.no, facebook eller ring 61238722 Proel AS • Industrivegen 31, 2680 Vågå Tlf: 61 23 24 40 E-post: post@proel.no • www.proel.no

Familien Furuset ønsker deg velkommen!

19. september Kl. 11.00

Ullinsvin

Offisiell opning av Galleri Ullinsvin. Taler, kulturinnslag, lett servering. Opning av jubileumsutstilling Morten Krogvold. Boklansering.

Kl. 10.00

Vågå kulturhus

Morgonfilm.

Kl. 17.00

Vågå sentrum

Avduking av fotopunkt.

Kl. 18.00

Vågå kulturhus

Ansikt-til-ansikt med Morten Krogvold.

Kl. 23.00

Vågåkyrkja

Konsert med Knut Reiersrud og Iver Kleive. Billettsal servicetorget tlf. 612 93 620.

Kl. 10.00

Vågå kulturhus

Morgonfilm.

Kl. 11.00-17.00

Ullinsvin

Jubileumsutstilling Morten Krogvold. Aktivitetar for barn og unge, Cafe Edvard ope.

Kl. 12.00

Vågå kulturhus

Foredrag Morten Krogvold: ” 30 år i Vågå”.

Kl. 15.00

Galleri Ullinsvin

Guiding i utstillinga med M. Krogvold.

Kl. 16.00

Galleri Ullinsvin

Kunstnersamtale med Morten Krogvold.

Kl. 19.00

Vågå Hotell

Festmiddag.

Ullinsvin

Jubileumsutstilling Galleri Ullinsvin. Morten Krogvold vil introdusere kunsten for barn og unge kl. 11.00. Teikning av Krogvold sine bilder. Cafe Edvard ope.

20. september

Offisiell opning Galleri Ullinsvin & 30-års jubileum Morten Krogvold i Vågå

21. september

22. september Kl. 11.00-16.00


20

sommar i vågå

NorddaleN

VELKOMNE

innom for ein god handel på møllas butikk i Vågå! Stort utvalg for både gardbrukaren og den vanlige forbruker.

Vågå, tlf. 61 23 70 72 www.norgesfor.no/ottadalen

Baristabudeia serverar nykverna svart kaffe, espressobaserte drikkar og tradisjonsbakst i eit autentisk setermiljø. GRATIS leik og moro for heile familien i vår Energikamppark!

Unik kaffebar ved Lemonsjøen! Ope i juni, juli og august (kalvenseter.no/@kalvenseter), i haustferien, vinterferien og påska. Julemarked i desember. Seterspa med sjøutsikt. Parkering på setra. Velkomen!

www.kalvenseter.no


NorddaleN

sommar i vågå

arrangørar: Mai Elin Ulsanden (f.h.) Gunn Rindhølen, Elinor Rønningen, Liv Mari Dahlen, Eva Christin Bergslien Austrem, May Bente Holen, Turid Grimsbø Snerle, Ragnhild Snerle og Elin Marie Sveen. Foto: Privat

Traktorsuksessen i Vågå Traktorrock har gjort seg bemerka i kongeriket. No legg fleire ferien sin til Vågåmo. det er sjette året på rad at arrangementet går av stabelen. Dei siste tre åra er det driftige kvinnfolk i "Kvinner i landbruket" som har stått bak det stadig veksande arrangementet. For det har balla på seg dei siste åra. I fjor vart det ein suksess utan like, ifølge Turid Grimsbø Snerle i arrangementsgruppa. Rosinen i pølsa var sjølvsagt traktorparada. Aldri før har det vore så mange traktorar i Vågåmo som i fjor. 244 totalt. – Det var kolossalt. Eg veit ikkje om vi tør å håpe på enda fleire i år, seier ho.

sukssfaktor Traktorrock er no den store happeningen for mange. – Det appelerar veldig til ungdommen. Det er mange som driv med nedteljing til arrangementet, seier Grimsbø Snerle. Ho avslørar no at arrangementskomiteen kan presentere fleire nyheiter under årets Traktorrock.

– Vi skal fortsette å satse på det vi veit fungerer bra og som er ein suksess. Men, det vil vera noko nye momentar som vi trur vil vera med på å løfte arrangementet enda nokre hakk, seier ho. Grimsbø Snerle kan ikkje avsløre noko enda, men seier at det blant anna vil vera meir fokus på barneaktivitetar, bygdestafett med ny vri og i tillegg kjem det nye utstillarar som arrangørane meiner vil skape ein del blest. - Det er viktig å fortsette med det vi veit fungerer samtidig som vi prøver ut nye ting, sier ho. – Kva skyldas suksessen? – Konseptet er genialt. Enkelt og genialt. Eg trur dei fleste har eit forhold til traktor på ein eller annan måte. Det heile har slått an, og det er ingen andre bygder i landet som har noko liknande, seier ho.

fleire legg ferien til vågå Stadig fleire turistar tek no kontakt med arrangementskomiteen med ynskje om å legge feri-

en sin til Vågå under Traktorrock. – Dette har blitt eit fenomen. Vi har fått nasjonal merksemd og stadigf fleire får kjennskap til arrangementet. Det er utruleg artig, seier ho.

parade, konsertar og valgkamp Arrangørane meiner at Traktorrock bidreg til ei ekstra stolheit over å vera fra bygda og ei stoltheit over næringa. Ein annan ting arrangørana er samde om, er at på Traktorrock finn du noko for ein kvar smak. - Paraden er nok høgdepunktet for mange, men det er mykje å sjå fram til for liten og stor. Her blir det stort marked, mange utstillarar, barneparade og garantert ein del stunt fra ulika hald, sier Grimsbø Snerle. Ho varslar allereie nå at "Kvinner i Landbruket" vil gjera eit stunt under arrangementet. Arrangørana håpar også å kunne smelle i gang valgkampen. - Klart vi må få til eit stunt på valgkampen og. Ja, også blir det jo stor fest på Bokhandelen. Den kan ein ikkje gå slipp av, seier ho.

21


22

sommar i vågå

NorddaleN

variert program: – Håndverk+ har som mål å skape kunnskap om og interesse for vår rike handverksarv slik at gamle teknikkar og metodar blir med vidare inn i framtida, seier initiativtakar Kirsten Visdal.

Med handverk i fokus 5.- 9. juni arrangerast Håndverk+ i Vågå. Målet er å skape ein møteplass som løfter tradisjonsrikt handverk inn i framtida. i år blir Håndverk+ arrangert for andre gong, og byr på eit fullspekka og variert program. Fredag er det offisiell opning av Håndverk+ 2019 i Ullinsvin. Her blir det mellom anna presentasjon av årets utstillingar. – buNad blir eit hovudtema i år. Vi har med tre bunadstilverkarar som skal ha utstilling av bunader og tilbehøyr. Vi har og med fleire husflidshandverkarar som syner fram tilbehøyr til bunad. Det blir visning av bunader. Folk kan kome med sin eigen bunad og delta på visninga. Det blir også foredrag ved Mette Vårdal og debatt om bunad. Alt dette skjer i Ullinsvin laurdag, seier arrangementskoordinator Tora Sandbu. Ho seier utstillingane er ein viktig del av Håndverk+. I Jutulheimen blir det treskjerarutstilling med eit breitt utval av treskjerarar frå eldre og nyare tid i Ottadalen. På Skultbakken er det høvelutstilling. Ragnhild Wik og MENT har keramikkutstilling. Ida Skogstad og Fredrik Bull har sett på kulturen rundt kaffeslabe-

ras som har resultert i nye serveringsdelar til kaffi og biteti. det er lagt opp til faglege workshops. Tema er samanføying av tre, gropbrenning av keramikk, arkitektur og produktutvikling. – Her er møte mellom ulike faggrupper og kunnskapsdeling sentralt. Det er ikkje grunnopplæring, men fokus på korleis tradisjonelle handverksteknikkar kan nyttast i andre samanhengar for å fornye eller utvikle nye produkt, fortel Sandbu. I tillegg til dette er det mykje som skjer i løpet av Håndverk+. Mellom anna er det minikurs i kontstrikking og hosoband, stikk innomkurs i å stryke bunadsskjorte og knyte stivatørkle, stikkinnomkurs for barn og unge i smiing og tekstil, ope verkstad hjå arkitektonisk glasdesignar Sigrid Blekstad og skinngarvar Sofie Kleppe, besøk på Sve gardsbrenneri, bygdekveld på Gardsøy, kaffeprat med Kirsten Visdal og matlaging i kokegrop med Arne Brimi. – Vi håpar det er eit variert program både for

unge og vaksne, seier Sandbu. – håNdverk+ har som mål å skape kunnskap om og interesse for vår rike handverksarv slik at gamle teknikkar og metodar blir med vidare inn i framtida. Det vil bety nye næringsvegar, fleire arbeidsplassar og spennande produkt. Ved samarbeid mellom handverkarar, designarar og andre faggrupper har handverket stort potensial for både utvikling og innovasjon, seier initiativtakar til Håndverk+ og interiørstylist Kirsten Visdal. håNdverk+ er ein samanslutning av aktørar som representerer frivillige lag og organisasjonar, privat næringsliv og det offentlege: Studieforbundet kultur og tradisjon, Gudbrandsdalsmusa, Vågå husflidslag, Norsk Kulturarv, Treskjærerverkstedet, Kvist, Sigrid Blekastad Arkitektonisk Glasdesign, Fram-Tid og Vågå kommune.


NorddaleN

sommar i vågå

Når du blir lei av grillingen! Vågå burger´n m/ost, bacon, løkringer og glaze

Nystekt pizza

Vi har hamburgere, nystekt pizza og annet. MYE GODT!

BYGG ER SOM MENNESKER – Alle er unike

VÅGÅ

Tlf. 61 23 85 28

VELKOMMEN INNOM for handel og inspirasjon.

Gjenbrukshandel er kreativt og morsomt, miljøvennlig og bra for lommeboka di!

Etter 20 år i faget vet vi at ingen bygg, prosesser og personer er like. Derfor starter vi med deg og dine ønsker, og planlegger og gjennomfører byggeprosjektet utfra dette. Ta gjerne kontakt, så finner du fort ut av om vi kan bidra til å gjøre din drøm til et bygg med unike kvaliteter.

ÅPNINGSTIDER VÅGÅ

Brennvegen 3, Vågå. Tlf. 454 72 613

Mandag Torsdag Fredag Lørdag

10-16 10-18 10-16 10-16

Industrivegen 4B, 2680 Vågå Tlf. 966 24 285 www.brunbygg.no

HAR DU BYGGEPLANER? ·.'·.·.·'

.. '

. .. . ' ' ' . . . .

\

Lei av lekkasjer og vedlikehold?

Ditt spisested - hele året! Alle typer arrengement. • Dåp • Konfirmasjon • Bursdager • Slektstreff • Minnesamvær

Kaizer skjøtefrie takrenner med løvstopper!

.. ·.·.·--.·:·

..., : . .

Kaizer leverer skjøtefrie takrenner hvor du unngår lekkasjer og minimerer vedlikehold ved bruk av et unikt løvstoppersystem. Den pene profilen og ., , . skjulte kroker gir bygget en estetisk oppgradering.

Les mer på www.kaizer.no, eller ring oss på telefon: 90593446

UTENOM HUS OG HYTTER KAN VI TA PÅ OSS: Næringsbygg - Påbygg Restaurering - Våtrom Småarbeid

KONTAKT OSS FOR EN HYGGELIG BYGGEPRAT! Tessand Byggservice AS

Svømmebasseng • Sauna • Treningssenter

2680 Vågå Tlf: 90593446 post@tessandbyggservice.no Nybygg * Restaurering * Fundamentering

Postboks 40, 2680 Vågå • Tlf: 994 92 535 www.vagahotel.no

23


sommar i vågå

NorddaleN

nytt galleri: Tora Sandbu, prosjektleiar for Ullinsvin, syner fram det nye galleriet som er på om lag 300 kvadratmeter.

Galleriopning 19. september er det offisiell opning av Galleri Ullinsvin. Gjennom sommaren er det fleire aktivitetar i Ullinsvin. det er etablert eit driftsselskap, som skal drifte galleriet og tilhøyrande aktivitetar. Bak selskapet står Vågå historielag, Vågå kommune og Vågå husflidslag. – Vågå og regionen har ein rik kunst- og kulturarv, og arbeidet med Ullinsvin er ein måte å vidareutvikle og synleggjere dette på. Vi ønskjer at satsinga i Ullinsvin skal kome heile regionen til gode – til glede for både yngre og eldre, seier Sandbu.

torsdag 19. september opnar Galleri Ullinsvin med ei jubileumsutstilling med Morten Krogvold, som har 30-årsjubileum for sine fotoworkshops i Vågå dette året. – Det blir eit variert program som strekker seg gjennom heile helga. Ein del av programmet er relatert til Morten Krogvold sitt jubileum, seier Tora Sandbu, prosjektleiar for Ullinsvin. morteN krogvold skal halde foredrag om sine 30 år med foto- workshops i Vågå. Det blir også eit andlet- til- andletsmøte med Krogvold – eit nærportrett – der Krogvold sjølv blir intervjua. – Gjennom helga blir det guiding i Krogvoldutstillinga. Fredag og laurdag har vi gratis morgonfilm, seier Sandbu Ho fortel at det skal etablerast nokre fotopunkt i Vågå sentrum, for å synleggjere Vågå som fotobygda. Desse blir opna i løpet av helga Fredag kveld er det kyrkjekonsert med Knut Reiersrud og Iver Kleive. – Det blir ope tun der vi syner fram alle aktivitetar og aktørar i Ullinsvin.

ideeN om å etablere ein visingsstad for Krogvold sin fotokunst var utløysande for satsinga til Vågå kommune. – Vågå historielag har vore utløysande for at galleriet blir realisert. Det er Vågå historielag som står for eigedomsselskapet som eig bygget, Historielaget står og for bygginga av galleriet og magasin, som har ein total prislapp på om lag 13 millionar kroner. Sandbu opplyser at bygget er fullfinansiert gjennom privat gåve, offentlege midlar og stor eigeninnsats. I kjellaren på galleriet har historielaget etablert eit magasin for historielaget og Gudbrandsdalsmusea sine gjenstandar og arkiv.

gjeNNom sommareN er det forskjellige aktivitetar i Ullinsvin. Cafe Edvard blir open, og i år blir det middagsserverings på sundagar. Martin Steinum Brun og Ane Holen Lorentzen skal jobbe i Ullinsvin i sommar. – Barn og unge er viktige for satsinga i Ullinsvin. Ane og Martin skal ha ein del ulike aktivitetar for barn og unge i sommar, som til dømes teater, eventyrstund og aktivitetar i hagen. Signe Skålsveen skal bidra med bakst til kafeen, opplyser Sandbu. Det blir småkonsertar i sommar – den første under Landskappleiken. I veke 32 og 33 skal Monica Bergnord ha teikne- og målekurs for ungar i 1.–7 klasse.

Utgiver Nord- Gudbrandsdal Media, Storgata 19 2670 Otta Ansvarlig redaktør Helene Hovden

24

Profile for Amedia Annonseproduksjon AS

Sommer i Vågå  

Sommer 2019

Sommer i Vågå  

Sommer 2019