Page 4

4

sommar i vågå

NorddaleN

Ottadalen i ei særstilling Ottadalsbygdene har husa mang ein dyktig treskjerar gjennom tidene. Kva var grunnen til at så mange fleire fann glede og inntekt i å skjere pene roser i tre her enn andre plassar? gudbraNdsdalsmusea har i lang tid arbeidd med å få på plass ei treskjerarutstilling i Jutulheimen. Nå er dei snart i mål med arbeidet og kan presentere heile 50 treskjerarar. Jørgen Hagen i Gudbrandsdalsmusea trur dei kjem til å lande på mellom 100 og 150 gjenstandar. – Her er ei blanding av gjenstandar vi har sjølve, innlån frå private og utlån frå Maihaugen, skyt kollega Kristin Akslen Hagen inn. ottadaleN er kjent for sine rike handverkstradisjonar. Kva er grunnen til at Ottadalen er i ei særstilling når det gjeld treskjerarar? – Vi likar dekor, kjem det kontant frå Eirik Haugen som følgjer opp spørsmålet. – Når det blir eit miljø så smittar det lett over på andre. Ottadalen er i særstilling i så måte. Reiser vi over Slådalen til Lesja finn vi meir målarkunst.

som NemNt tidlegare vil utstillinga innehalde mellom 100 og 150 gjenstandar av treskjerarar frå Ottadalen. Her finn ein alt frå små bruksgjenstandar til store ting der ein må nøye seg med fotografi. Haugen forklarar dette med at enkelte, som til dømes Jakob Klukkstad og Edvard Bakkom, har skore mest kyrkjekunst. – Enkelte finst det ikkje småsaker etter i det heile tatt. Dess større, dess gjævare. Slike ting er ikkje flyttbare. – Dersom du skulle trekkje fram noko spesielt i utstillinga. Kva ville det bli? – Jakob Sæterdalen er alltid gjævt i mine augo, seier Haugen etter å ha tenkt seg litt om. Han dreg også frå Anders «Slave», ein framifrå kunstnar som dessverre hadde lange fingre og måtte sone på Akershus festning både titt og ofte ifølgje historia. – Han skar på ein heilt spesiell måte som

ikkje likna andre i det heile tatt. Arbeid etter han fann vi på Maihaugen, seier Haugen. det er også lagt opp til føredrag i samband med utstillinga. Mellom anna om Magnus Berg, selver som hadde eit opphald på Prestegarden i Vågå i unge år. – Han dekorerte mest i elfenbein. Fantastisk arbeid, seier Hagen som håper mange finn glede i føredraget. Utstillinga opnar samtidig med Håndverk +, 7. juni og vil stå fram til fyrste veka i juli. Da blir den flytta til Lom. I Jutulheimen blir utstillinga å finne i Sundstugu. Hagen, Haugen og Hagen håper mange tek turen. – Målet vårt er å lyfte fram treskjerarar som ikkje har vore omtalt så mykje før, samt syne utvikling og breidde. Vi trur det blir ei utstilling som mange vil tykkja er interessant.

Profile for Amedia Annonseproduksjon AS

Sommer i Vågå  

Sommer 2019

Sommer i Vågå  

Sommer 2019