Page 21

NorddaleN

sommar i vågå

arrangørar: Mai Elin Ulsanden (f.h.) Gunn Rindhølen, Elinor Rønningen, Liv Mari Dahlen, Eva Christin Bergslien Austrem, May Bente Holen, Turid Grimsbø Snerle, Ragnhild Snerle og Elin Marie Sveen. Foto: Privat

Traktorsuksessen i Vågå Traktorrock har gjort seg bemerka i kongeriket. No legg fleire ferien sin til Vågåmo. det er sjette året på rad at arrangementet går av stabelen. Dei siste tre åra er det driftige kvinnfolk i "Kvinner i landbruket" som har stått bak det stadig veksande arrangementet. For det har balla på seg dei siste åra. I fjor vart det ein suksess utan like, ifølge Turid Grimsbø Snerle i arrangementsgruppa. Rosinen i pølsa var sjølvsagt traktorparada. Aldri før har det vore så mange traktorar i Vågåmo som i fjor. 244 totalt. – Det var kolossalt. Eg veit ikkje om vi tør å håpe på enda fleire i år, seier ho.

sukssfaktor Traktorrock er no den store happeningen for mange. – Det appelerar veldig til ungdommen. Det er mange som driv med nedteljing til arrangementet, seier Grimsbø Snerle. Ho avslørar no at arrangementskomiteen kan presentere fleire nyheiter under årets Traktorrock.

– Vi skal fortsette å satse på det vi veit fungerer bra og som er ein suksess. Men, det vil vera noko nye momentar som vi trur vil vera med på å løfte arrangementet enda nokre hakk, seier ho. Grimsbø Snerle kan ikkje avsløre noko enda, men seier at det blant anna vil vera meir fokus på barneaktivitetar, bygdestafett med ny vri og i tillegg kjem det nye utstillarar som arrangørane meiner vil skape ein del blest. - Det er viktig å fortsette med det vi veit fungerer samtidig som vi prøver ut nye ting, sier ho. – Kva skyldas suksessen? – Konseptet er genialt. Enkelt og genialt. Eg trur dei fleste har eit forhold til traktor på ein eller annan måte. Det heile har slått an, og det er ingen andre bygder i landet som har noko liknande, seier ho.

fleire legg ferien til vågå Stadig fleire turistar tek no kontakt med arrangementskomiteen med ynskje om å legge feri-

en sin til Vågå under Traktorrock. – Dette har blitt eit fenomen. Vi har fått nasjonal merksemd og stadigf fleire får kjennskap til arrangementet. Det er utruleg artig, seier ho.

parade, konsertar og valgkamp Arrangørane meiner at Traktorrock bidreg til ei ekstra stolheit over å vera fra bygda og ei stoltheit over næringa. Ein annan ting arrangørana er samde om, er at på Traktorrock finn du noko for ein kvar smak. - Paraden er nok høgdepunktet for mange, men det er mykje å sjå fram til for liten og stor. Her blir det stort marked, mange utstillarar, barneparade og garantert ein del stunt fra ulika hald, sier Grimsbø Snerle. Ho varslar allereie nå at "Kvinner i Landbruket" vil gjera eit stunt under arrangementet. Arrangørana håpar også å kunne smelle i gang valgkampen. - Klart vi må få til eit stunt på valgkampen og. Ja, også blir det jo stor fest på Bokhandelen. Den kan ein ikkje gå slipp av, seier ho.

21

Profile for Amedia Annonseproduksjon AS

Sommer i Vågå  

Sommer 2019

Sommer i Vågå  

Sommer 2019