Page 2

2

sommar i vågå

NorddaleN

Helsing frå ordføraren konkurranse: Kristin Nygård Lonbakken frå Sparebank 1 Lom og Skjåk og Anders Lien frå Vågå IL trur konkurranseinstinktet vil vakne hjå deltakarane.

Testar jerngrepet Har du nokon gong sett på «Mesternes Mester» og tenkt at dette ser da lett ut. Unde Vågå- Dågå har du høve til å prøve fleire av øvelsene. Inspirert av «Mesternes Mester» på tv har Sparebank 1 Lom og Skjåk og Vågå IL gått saman om å lage ein aktivitetsdag i Dompa under Vågå-Dågå laurdag 8. juni. – Vi hadde lyst til å gjere noko ekstra for ungane denne helga, seier Anders Lien i Vågå IL.

rar, men ei grend kan stille med fleire lag berre dei har ulike namn. Dei to beste resultatet frå kvart lag i dei ulike øvelsene, blir teljande. Her er det framleis tid til tørrtrening for påmeldingsfristen er fredag 7. juni.

miniski og laserskyting

to fluer i ein smekk

Dagen er delt i to. Fyrst ut er «Mesternes Mester». Her får ein prøve seg på aktivitetar som er kjent frå det populære tv-programmet. 90 grader`n, balansekunst, perfekt timing og jerngrepet er alle med på aktivitetskortet som ein får ved oppmøte. I tillegg vil det bli moglegheit til å prøve laserskiting på anlegg som dei får låne av Skiskytterforbundet. Likeins blir det lengdehopp på miniski. Alle deltakarar under 14 år, som gjennomfører fem av desse aktivitetane, får premie. Det er lov for andre å prøve og, sjølv om det ikkje er premie å hente for dei vaksne.

For å kunne gjennomføre arrangementet har Vågå IL og Sparebank 1 Lom og Skjåk inngått eit spleiselag. Vågå IL stiller opp på dugnad mot at banken gjev støtte til Halland mulitisportanlegg. – Hovudtanken er å slå to fluger i ein smekk ved å skape ei morosam happening for barn og unge under VågåDågå, samstundes som det blir ein moro dugnad å vere med på, seier Lien. Kristin Nygård Lonbakken fortel at Sparebank 1 Lom og Skjåk tende på ideen med ein gong. – Eg blir veldig glad når det kjem opp gode idear retta mot dei unge. Vi vil jo at dei skal vere i aktivitet.

grendekonkurranse

liv og røre

Frå klokka 14 blir det intens kniving grendene i mellom. Da arrangerast «Grendenes Mester». Her skal det konkurrerast i tre øvingar som vil krevje millimeterpresisjon, fokus, nervar av stål og vinnarvilje. Øvelsene som det skal konkurrerast i er 90 grader`n, balansekunst og laserskyting. Kvart lag kan ha maksimalt fire deltaka-

Aktivitetane i Dompe laurdag er berre noko av det som blir å delta på under Vågå-Dågå. Etter opninga torsdag blir det lurvetog i sentrum, utstillingar og bygdekveld på Gardsøy laurdag. Her blir det folkemusikkpub, buskspel og rømmegraut. Jon Birger Østby står for utdeling av Kulturminnefondets nasjonale formidlingsstipend.

Nå er det sommar i Vågå og vi er stolte over å kunne syna fram all aktivitet som du kan ha gleda av å delta på i sommar saman med oss. Her har frivillige, private og kommunen samla seg for å gje deg ei god oversikt over aktivitetane som finst. Det skjer så mykje så her er det berre å gle seg. Under namnet Sommar i Vågå får vi synt fram breidda i bygda vår. Arrangementa vil ha basis i lokale kulturuttrykk og andre aktivitetar med lokal aktørar og tilreisande. Til slutt vil eg takke alle som har bidrege til at vi kan samlast til Sommar i Vågå. Eg ynskjer vagvære og alle tilreisande hjarteleg velkomne og håpar døkk får fine dagar og opplevingar saman med oss. Eg gler meg! IselIn VIstekleIVen Ordførar Vågå kommune

Profile for Amedia Annonseproduksjon AS

Sommer i Vågå  

Sommer 2019

Sommer i Vågå  

Sommer 2019