Page 17

NorddaleN

sommar i vågå

vågå: Fotograf Morten Krogvold kan markere 30-årsjubileum i Vågå denne sommaren. – Det hadde eg aldri trudd da eg kom hit for fyrste gong i 1989, seier han.

Foto: arkiv

Eit fotografisk jubileum – Workshopane i Vågå har vore noko av dei viktigaste tinga eg har gjort i livet. det seier fotograf Morten Krogvold. I 30 år har han halde workshopar i Vågå. Det skal markerast med ei storslått jubileumshelg i bygda han har lagt sin elsk på. – Eg hadde aldri trudd at det skulle bli så omfattande da eg kom hit for fyrste gong i 1989, seier han. Planen var å gjennomføre ein workshop. No 30 år seinare har han nesten kome ut av teljinga, men at han har passert over 200 workshopar i bygda, er han sikker på. – Det har vore heilt fantastisk. Eg har møtt så mange hyggelege menneske, og fått moglegheita til å forandre folk sine liv gjennom desse workshopane. – På kva slags måte? – Mange har fått testa ut sin kreative skaparevne. Når ein gjer det, skjer det noko. Ein del har ikkje møtt den verda før. Plutseleg blir ein meir enn berre ein observatør. – Kva har det betydd for deg? – Det har vore fantastisk. Det er noko av det

viktigaste eg har gjort i livet. Man blir ein døropnar, og er med på å auke livskvaliteten til folk rundt seg, seier han. krogvold har halde tallause workshopar gjennom si lange karriere, både nasjonalt og internasjonalt. Men han kjem stadig tilbake til Vågå. Det er ikkje utan grunn. – Vågå er ei bygd med tradisjonar. Det er hyggelege folk her, og bygda kan skilte med eit fantastisk landskap. Det er viktig at ein er til stades når ein er med på workshop, difor kan det vere problematisk å halde det i store byar. Det er lett at det blir upersonleg og. Vågå er på mange måtar hjarta i Noreg, seier han. Fotografen har eit tett samarbeid med Vågå hotel, der workshopane arrangerast, og han anslår sjølv at han har bidrege til at om lag 45.000 gjester har kome til hotellet utanom sesong i forbindelse med workshopane.

i forbiNdelse med opninga av Galleri Ullinsvin i slutten av september, skal Krogvold ha ein utstilling. – Det blir ei variert utstilling. Det blir nokre originalfotografiar som berre har vore i bøker. Det blir og ein del nye bilete frå bygda som skal stillast ut. Eg skal nemleg oppover Ottadalen i løpet av sommaren og ta ein del nattbilete. Eg ynskjer å vise bygda på ein annan måte, seier han. i skrivaNde stund er det framleis nokre plassar igjen på workshopane til Krogvold i Vågå. – Eg reknar med at det er fullbooka tidleg i august, seier han og legg til: – Ein mengde av dei beste fotografane i Noreg byrja hjå meg. For mange er workshopane i Vågå eit høgdepunkt. Det er like artig kvar gong, seier han.

17

Profile for Amedia Annonseproduksjon AS

Sommer i Vågå  

Sommer 2019

Sommer i Vågå  

Sommer 2019