{' '} {' '}
Limited time offer
SAVE % on your upgrade.

Page 1

2020

Informasjon frå nye Ålesund kommune

#HEILTMITT

Folkefest søndag 5. januar Offisiell opning av den nye kommunen. Festforestilling med aktørar frå heile nye Ålesund, stort felleskor, felleskorps og Ålesund symfoniorkester. Frivillige, næringsliv og kommune inviterer til aktivitetar og moro. Sal av middag og godsaker.

Open - engasjert- modig

I støypeskeia Haram • Sandøy • Skodje • Ørskog • Ålesund

Nr. 2/2019

www.nyealesund.no Haram - Sandøy - Skodje - Ørskog - Ålesund


GOD LESING!

DET NÆRMAR SEG

No skjer det! Når julefreden senker seg i dei tusen heimane, er det like før fem kommunar er historie og ein ny ser dagens lys.

For ei reise det har vore! Frå den spede, usikre starten til her vi er no – fleire år etterpå og på nippet til at samanslåinga faktisk skjer. Det har vore mykje jobb for tilsette og politikarar og jobben er langt frå ferdig. Det vil vere humpar og dumper langs vegen vi skal gå saman etter den faktiske samanslåinga 1. januar, men trua på at vi skal lukkast er sterk hos alle involverte.

saman fem kommunar, vi har også hatt som mål å danne noko nytt, noko betre for innbyggarane. Innbyggarane har vore – og er i fokus, og betre tenester, nytenking og mot har prega prosessen. I dette siste av fire innbyggarmagasin får du blant anna lese om korleis heile den nye kommunen markerer at vi er blitt ein. Vi inviterer alle til gigantisk feiring 5. januar i Sparebanken Møre Arena. Dette vil du ikkje gå glipp av – for det skjer faktisk og vil du få med deg det som skjer, må du vere der. Takk for reisa – det har vore ei oppleving. Med ønske om ei fredeleg jul og eit godt nytt år. Anne Bente Skjellum redaktør

I byggeperioden har vi ikkje berre arbeidd med å slå

Innhald No skjer det!

side 2

Prosjektleiar/rådmann har ordet

side 3

Heilt mitt skal bli heilt ditt!

side 4

Sandøytunet og Haram tenestehus

side 6

Opning i hundre for Framtidslaben

side 7

Store forventningar til framtida

side 8

Visste du at… Sandøy har 980 km2 havland som omkransar 20 km2 tørrskodd land med ei samla kystline på 245 km?

Vil du vere med å skape utvikling i ditt lokalmiljø? side 10 Sjekk inn 2019 No skal vi bygge saman Innbyggartorg

side 12 side 14

Prosjektleiar/rådmann har ordet

Det nærmar seg nyttår og ny kommune! Mange er nok spente på om dei vil merke noko endring 1. januar - og i så fall korleis. Lite vil nok merkast for innbyggarane den første tida. Men over tid skal den nye kommunen stå fram som ein meir solid kommune enn det vi har fått til kvar for oss. Dette er ein klar intensjon med bygginga av den nye kommunen.

arbeidsoppgåver som gjer at oppgåvene skal løyast på ein god måte også i framtida.

Fagsystema er på plass, beredskapsplaner vedtatte  alt dette gjer at vi har sikra grunnlaget  for tryggleiken til innbyggarane våre i overgangen frå det gamle til det nye. Like så har dei tilsette blitt plasserte inn i organisasjonen med

Det vil likevel ta tid før vi har klart å likne ut dei ulikheitene som er i tenestetilboda våre i dag. Dette vil ta år med god planlegging og prioritering. Årsaka til at det vil ta tid, er at ambisjonane er høge - vi skal bygge kompetanse for å få like god kvalitet til innbyggarane der dei bur.

Mange tilsette i alle dei 5 kommunane har bidratt i prosessen med å legge alt til rette for overgangen til ny kommune. Eg vil seie hjarteleg takk til alle saman!

Eg ønskjer dykk alle lykke til i overgangen inn i ny kommune - og minner alle om at det er i fellesskap vi utviklar den nye kommunen! Astrid Eidsvik Prosjektleiar/rådmann i nye Ålesund

Dei beste ønsker for jula og det nye året!

side 16

Ikkje ein einmannsjobb

side 18

Ein Friskus-kommune side 20

2

3


STOR FEIRING 5. OG 6. JANUAR

ja

-Heilt mitt skal bli

Leo Aj

kic

6.

. ar

sk al

sier mån dag feran

nu

n ko re e v

HEILT DITT!

Det lover vi alle som er involverte. Det seier Endre Volden produsent og regissør for #Heiltmitt saman med kulturkonsulent Mathias Tvedten. Prosessen med å samle nye Ålesund har pågått lenge, og arrangementet #Heiltmitt i Sparebanken Møre Arena 5. og 6. januar skal markere at no er den nye kommunen ikkje #littmitt lengre. I byggeprosessen har #littmitt_nyeålesund vore brukt i sosiale media for å folk til å bli kjente med kva som rører seg i alle delar av den nye kommunen. Frå 1. januar er den nye kommunen eit faktum – og dermed #heiltmitt. Den store bli kjent-festen Søndag 5. januar blir den store familiedagen i hallen. Unge og gamle, amatørar og profesjonelle er inviterte til gjestebod som speglar nye Ålesund. Frå scena blir det underhaldning og lag, organisasjonar og næringsliv skal ha standar med aktivitetar. Festen varer frå klokka 14.30 – 18.00 og det er mogleg å kjøpe mat slik at ein kan få med seg alt som skjer. - Denne ettermiddagen er startskotet for at vi skal bli betre kjente, frå Ona til Sjøholt, Skodje til Haram og frå bygd til by. Kven er han frå Sjøholt som har reist lengre enn nokon av oss? Kven er Elise på 80 frå Ona og kva er hennar historie? Kva med dei unge som veks opp? Kva held dei på med og kva er dei opptatte av? Og kven er Eva Vinje Aurdal eigentleg – den nye ordføraren for alle i kommunen? Og den ukjende på stolrada bak deg? Han skal du også få bli kjent med! Endre Volden nærast boblar over når han gir nokre hint om kva besøkande får oppleve på #Heiltmitt. Han er til dagleg avdelingsleiar ved Fagerlia videregående skole med ansvar for kunst, design og arkitektur, og musikk, dans og drama. Han leier dermed fylkets største fagmiljø for opplæring innan kunstfag. Endre har ansvaret for å sy saman alt som skal skje på scena under #Heiltmitt og å binde saman aktivitetane på scena og på golvet i hallen. - Det blir ein gedigen fest for alle som bur her, kunne tenkt seg å bu her, lurer på å flytte hit eller har vore på vandring frå ein stad dei ikkje lengre kan bu. Det blir litt

4

ditt, heilt mitt men aller mest vårt. Ålesund skal vise seg fram som landets rausaste region! Engasjementet til Endre Volden er stort og ekte. - Her blir det eit tverrsnitt av alt det nye Ålesund er ein smeltedigel som viser mangfaldet. Farstad med sin trekkspill-virtuositet, dansaren frå Kongo og Ålesund Ballettskole, ungdommar som driv med musikk, dans og drama, karategruppa frå Sandøy, Ålesund Symfoniorkester, kor og korps og eit mylder av frivilligheit.

Visste du at… Klesdesignaren Vatne Judith Bech frå sine ne har hatt kjola de bå på raud løpar og i New York i Cannes?

Saman med Endre arbeider ei samansett arbeidsgruppe og eldsjeler innan idrett, musikk, scenekunst, elevar frå ungdomsskolane, frivillige lag, organisasjonar og næringsliv for å lage aktivitetar i hallen desse to dagane. Både søndag og måndag er sydde over same lest, med mingletid mellom det som skjer på scena slik at alle verkeleg skal få kjenne på #heiltmitt. Første skoledag Måndag 6. januar har alle ungdomsskoleelevane den første skoledagen i sin nye kommune saman i hallen for å bli betre kjente. Mathias Tvedten er kulturkonsulent og har ansvaret for det som føregår på scena denne dagen. Han er utdanna songar og musikklærar, er frå Larvik og har budd i Ålesund i eitt og eit halvt år. - Dette er eit gedigent arrangement for alle dei om lag 2500 ungdomsskoleelevane i nye Ålesund. Vi har arbeidd saman med ungdommane for å lage aktivitetar som dei har lyst til å vere med på. Målet er at dei også skal bli betre kjente og at dei får presentere seg og stadene dei kjem frå for kvarandre. Arrangementet på måndag kan skilte med ein programleiar dei fleste kjenner. - Til å binde saman det heile har vi fått Leo Ajkic. Han er kjend frå radio og tv og har stått bak fleire dokumentarar

Endre Volden. Mathias Tvedten innfelt.

der inkludering og arbeid mot utanforskap er ein raud tråd, seier Mathias. I tillegg til show frå scena, har ungdommane i haust reist rundt i nye Ålesund for å lage film om kultur- og fritidstilbodet i alle kommunane. Den blir vist begge dagane.

- Fordi nye Ålesund ikkje er fullkomen utan deg der. Du er den nye kommunen. Vil du sjå kva din tidlegare nabo held på med? Bli litt kjent med kva nye Ålesund har av folk? Er det eit startskot du ikkje skal gå glipp av, er det dette, seier Endre Volden.

- Vi fekk pengar frå Bli kjent-fondet for å lage denne filmen, den blir vist på arrangementet. Det gler vi oss veldig til, smiler Mathias.

Han ler og avsluttar: - Kva er det verste som kan skje? At du får ein ny bekjent, får utvida horisonten og sett alt det fantastiske denne nye kommunen har å by på.

Dette må du få med deg! Kvifor ungdommar og alle andre bør få med seg #Heiltmitt? Endre og Mathias er heilt klare.

Vil du halde deg oppdatert om arrangementet og kva som skjer – gå inn på Facebook eller nyealesund.no og søk etter #Heiltmitt.

- Fordi dette skjer. Om du vil eller ikkje, så skjer det. Og vil du få med deg det som skjer, så bør du vere der, slår Mathias fast.

Tekst/foto: Anne Bente Skjellum 5


NYE TENESTEHUS

FRAMTIDSLABEN I ÅLESUND

Opning i hundre for

Sandøytunet

framtidslaben

I Sandøy trengte fleire av tenestebygga opprusting, og i 2014 starta prosjekt Sandøytunet. Det blei tidleg i prosessen konkludert med samlokalisering av samfunnsfunksjonane, fordi dette blir sett på som positivt både for dei som bur der, arbeider der og for dei som kjem på besøk.

FNs framtidslab i Ålesund - U4SSC (United for smart and sustainable cities) opna med strategisamling og offisiell opning med partnarar og besøkande. Laben har til no inngått avtalar med 29 partnarar!

Sommaren 2016 begynte riving, graving og midlertidig flytting av tenestene. Samtidig hadde tenestene full drift. Sommaren 2018 blei omsorgsbustadene og rådhusdelen innflyttingsklare, medan resten av tenestene flytta inn våren året etter. Sandøytunet har samla mange tenester: Rådhustenester, nærmiljøkafé, storkjøkken, dagaktivitetssenter, lege- og tannlegetenester, fysioterapi, helsestasjon  og  heildøgnsbemanna omsorgsbustader. Tekst/foto: Kristina Røyset Naas

Haram tenestehus

Visste du at… har jentekoloni? je od Sk nteKeisar Wilhelm II ga Je lp til kolonien som naudhje en Ålesund etter bybrann sett opp i 1904. Huset blei først men blei på Aspøya i Ålesund, der det flytta til Skodje i 1908 oloni blei brukt som feriek for jenter frå Ålesund.

Strategisamlinga hadde 150 deltakarar frå partnarar og interesserte. Her blei det diskutert kva framtidslaben skal vere og deltakarane hadde workshops der dei diskuterte løysingar på gitte problem. Ut i frå det som blei diskutert, blir det sett opp ei prioriteringsliste over kva tiltak laben og partnarane skal begynne å arbeide med. Opninga Torsdag 7. november var det klart for offisiell opning med omlag 300 frammøtte. Det var ordførar Eva Vinje Aurdal som sto for den offisielle opninga ved hjelp av elevar frå Vatne barneskule som deltok med sitt pro-

sjekt frå First Lego League. Leiar for FNs satsing på smarte og berekraftige byar og tettstader, Kari Aina Eik helste framtidslaben velkomen. Podcast Elevar frå Fagerlia videregående skole deltok med dans, performance og stunts. Elevane skal også drive ein podcast frå laben. Podcasten vil vere av og med ungdommar og snakke om smarte og berekraftige løysingar. Her er det berre å halde øyrene opne! Tekst/foto: Anne Bente Skjellum

Ved opninga hadde framtidslaben 29 partnarar som skal vere med å drifte laben anten økonomisk eller gjennom andre bidrag: • ACO • Asplan Viak • Atea • Augment City/OSC (Offshore Simulation Center) • Avento • BDO • COWI • Digernes næringspark • Ekornes

• Fagerlia videregående skole • Haram Næring og Innovasjon • Høgskulen i Volda • Kremmergaarden v/Handelshuset Rønneberg • Kystverket • Mørenett • Møre og Romdal arkitektforening (MAF) • Møre og Romdal fylkeskommune

• NExTdigital • Norconsult • NMK Eiendom • NTNU • SINTEF Ålesund • Sparebanken Møre • Statens Vegvesen - Region Midt • Tafjord Kraft • ÅKP AS • Ålesund parkering

Observatørar er Forskningsrådet og Innovasjon Norge.

I Haram har det lenge vore planlagt å bygge eit nytt kommunehus. Kommunen sine tenester har vore spreidd rundt i ulike bygg og ein ønska ei samlokalisering av desse.

I løpet av 2019 har planane endeleg blitt ein realitet og i september kunne Haram kommune opne dørene til det nye tenestehuset. I det nye bygget har ein no fått samla svært mange av dei kommunale tenestene under eitt tak. I første etasje ligg servicetorg, bibliotek, frivilligsentral, helsestasjon for barn og ungdom og legekontor. I andre etasje finn ein andre kommunale funksjonar som stab, tekniske tenester, oppvekst- og barne- og familiekontor. Elles innheld bygget eit kantineområde og fleire møterom og spesialrom med moderne tekniske løysingar. Dette, i tillegg til den romslege foajeen i første etasje, gjer at huset fungerer godt til ulike typar arrangement, alt frå små møte til foredrag og konsertar. Om du er nysgjerrig på å sjå meir av dei nye tenestehusa, er du hjartleg velkomen til å stikke innom for å ta ein titt! 6

Tekst/foto: Ragnhild L. Nordang/Haram kommune

Workshop for å stake ut kursen til framtidslaben. 7


MIDT I KOMMUNEN Visste du at… ritime Sandøy eiger det ma som KS MA et ter en aktivitetss om med har eit tilbod for ungd m hovudpadling og segling so ommens aktivitet? Det er Ungd har fått kommunestyre som dei har etablert senteret kor mange kajakkar og ei segljolle på 10 fot.

- Store forventningar til framtida

På Tennfjordneset i Haram kommune ligg midtpunktet for landareala i nye Ålesund kommune. Her, i midten av den nye kommunen, kom ordførar Eva Vinje Aurdal og varaordførar Vebjørn Krogsæter saman for å snakke om kva forventningar dei har for den nye kommunen. Både Eva og Vebjørn framhevar at det er mykje ukjent i det vi skal skape i den nye kommunen. Vi skal ikkje vere ein kopi av noko som har vore før, men skape noko nytt. - Vi skal óg skape noko nytt i rolla som ordførar og varaordførar, og i det ligg det mykje utvikling, og det er spennande. Men vi er veldig audmjuke for at det blir nokre utfordringar og motbakkar i dette arbeidet, seier Vebjørn. Det Eva trekker fram som mål nummer ein i sitt arbeid framover, er å vere ein ordførar for heile kommunen. - Eg må finne ein måte å jobbe på der eg er synleg, og som gjer at alle innbyggarane føler at eg representerer dei på ein god måte. Det er som Vebjørn seier, vi kan ikkje gå i andre sine fotspor her, vi må finne vegen sjølv. Vi har eit veldig godt vegkart og det er intensjonsavtalen som er laga i fellesskap, og som eg trur er den viktigaste rettesnora slik at vi ikkje skal gå oss bort, seier Eva. Når kommunegrensene endrar seg frå 1.1.2020 får den nye kommunen større landareal, og enda større havareal. Begge reflekterer over at det geografiske midtpunktet er plassert i havet, like utanfor Fjørtofta. - Der er dei store havområda og vi har trua på at noko av framtida til den nye kommunen ligg der. Og Nordøyvegen vil gjere øyane tilgjengelege på ein måte som verkeleg kan skape nye opplevingar og arbeidsplassar, seier Vebjørn. 8

Viktig å heie på kvarande Både ordførar Eva og varaordførar Vebjørn meiner at tillit og det å heie på kvarandre er viktige faktorar for å lykkast med den nye kommunen.

Varaordførar Vebjørn håper også at folk skal bli nysgjerrige på den nye kommunen sin, at folk frå Brattvågen for eksempel tar seg ein tur til Hessa og lærer dei ytre bydelane å kjenne. «Look to Ålesund» Samarbeidet med FN og berekraftsmåla har skapt mykje merksemd og vil bidra til at fleire «ser til Ålesund». Auka samarbeid med partnarar for å nå måla er vesentleg. - Verdiane for den nye kommunen er open, engasjert og modig. Og det å vere modig krev modige politikarar og det krev modige tilsette i administrasjonen. Vi har tatt dei sjansane og moglegheitene som har kome, med tanke på samarbeidet med FN og oppretting av den andre FN-laben i Europa for Smart Sustainable City her i Ålesund.

- Når innbyggarane vaknar opp 1. nyttårsdag bur dei i ein heilt ny kommune, og vi vil fortsette å utvikle oss og utvikle gode tenester, frå vogge til grav for den einskilde, seier Eva. Både Eva og Vebjørn seier at dei tilsette i alle fem kommunane er svært viktige for at kommunereforma skal bli ei god historie, og at mange sikkert er veldig spente på framtida. - Eg håpar dei gler seg til nyttår og eit nytt arbeidsår, seier Vebjørn.

- Tillit er veldig avgjerande å ha mellom politikarar og mellom tilsette i administrasjonen. Vi må vise tillit og vi er alle avhengige av tillit for å få dette til å vekse og gro, seier ordførar Eva Vinje Aurdal. Vebjørn trekker også fram sitt nyttårsforsett for 2020: - Skal vi lykkast med den nye kommunen så må vi heie på kvarandre, og vi er avhengige av at folket heiar på oss. Og då må vi ha som eit forsett at vi skal vise oss tilliten verdig slik at vi blir heia på. Men tillit kan ingen forlange eller forvente, det må ein gjere seg fortent til. Så forsettet er å gjere seg fortent til den tilliten som vi no er blitt vist, seier varaordførar Vebjørn Krogsæter avslutningsvis. Tekst/foto: Christine Rørvik

Eva seier at målet i hovudsak ikkje er at vi skal få internasjonal merksemd, men at vi tar FN sine berekraftsmål på alvor. Ho trekker fram at utfordringane med berekraftsmåla ikkje kjenner landegrenser. − Å vere ein aktør i ein større internasjonal samanheng er også viktig for nye Ålesund kommune, seier Eva. Nedteljing til 2020 Vi er i førjulstida og det er berre nokre veker til nye Ålesund blir ein realitet frå 1.1.2020. Eva og Vebjørn seier at den einskilde innbyggar truleg ikkje vil merke så stor forskjell, men at kommunereforma er ei organisering for framtida. Med fokus mellom anna på større fagmiljø og betre tenesteutvikling. 9


NYE KOMMUNEDELSUTVAL 2020

Vil du vere med og skape utvikling i ditt lokalmiljø?

Visste du at… Foreininga Ved og Vel har søkt om å få sette opp offentlig badstu på Osberget på Sjøholt; perfekt for nyttårsbadarane der etterkvart.

Kommunedelsutvala er inndelt i følgande 11 nye geografiske område. Ona

#Littmitt_nyeålesund

Sandøya Finnøy

8 Harøya

Fjørtofta

11

Flemsøya

Haramsøya

Brattvåg

Hildre

10

Søvik

Vatne

Taftasundet

5

Ellingsøya

Hessa

10

1

Kommunedelsutvalet skal vere breitt samansett og ungdom ned til 14 år kan veljast. Dei som er under 18 år når dei bli valde, kan veljast for to år, andre blir valde for heile perioden på 4 år.

Lerstad Hatlane Åse Tørla/ Humla

Skodje

6

7

Ørskog

Sjøholt

3

Ver eit fyrtårn for utvikling og framdrift og ver med i eit aktivt lokaldemokrati. #DiLøysing_VårFramtid Tekst: Solveig Kvamme/ Foto/kart: Ålesund kommune

Blindheim Skåthaugen Magerholm

Hesseberg

5 Ellingsøy

2 Nørvøy, Nørvasund og Hatlane

6 Skodje

3 Spjelkavik, Åse og Lerstad

8 Sandøy og Fjørtoft

- dekker Nørvøya vest til Gjerdegata og Flatholmvegen 19 (ca.) og austover til Hatlaåsen.

- dekker området frå Hatlaåsen og austover til skulekrinsgrensa mot Skodje og sørover til Skåthaugen.

Valle

Spjelkavik

4

Du sender inn ditt forslag innan 31. desember 2019 på skjema som du finn her: www. nyealesund.no/kandidat

1 Hessa, Aspøy og sentrum

- dekker Hessøya, Aspøya og vestre del av Nørvøya aust til Gjerdegata og Flatholmvegen 19.

Tennfjord

Sentrum

Kommunedelsutvalet skal vere initiativtakar til - og talerøyr og lyttepost for - saker innbyggarane og nærmiljøet i kommunedelen er opptatte av. Utvala er både eit formelt og uformelt kontaktpunkt mellom innbyggarane og kommunen sine andre folkevalde organ, og mellom innbyggarane og kommunen.

Det er kommunestyret som vel medlemmane til kommunedelsutvala på sitt første møte i 2020. For-

9

2

slag på kandidatar er det de som innbyggarar som foreslår. Du kan foreslå deg sjølv som kandidat eller andre som du meiner passar. Kandidatane må ha eit engasjement for kommunedelen og for innbyggarane som bur der og vere opptatt av eit aktivt lokaldemokrati.

Utvalet får eit eige budsjett som kan brukast til tiltak i og for lokalmiljøet. Kommunedelsutvalet skal legge til rette for at innbyggarane lettare kan vere med å uttale seg og bestemme i saker som gjeld kommunedelen.

Lepsøya

Aspøya

I den nye kommunen vår skal vi ha 11 kommundelsutval som er geografisk samanfallande med ungdomsskolekretsane. I eit kommunedelsutval møtest politikarar, innbyggarar, næringsliv og frivillige frå lag og organisasjonar for å saman arbeide for eit godt lokalmiljø.

Vaksvik

4 Indre Borgund

- dekker området frå Skåthaugen i nord, Humla, Tørla og austover til skolekrinsgrensa mot Skodje (Hesseberg)

- dekker Ellingsøya og øyane i Ellingsøyfjorden

7 Ørskog 9 Brattvåg, Hildre og Søvik 10 Vatne og Tennfjord 11 Nordøyane (Lepsøy, Haramsøy, Flemsøy) 11


SJEKK INN 27. DESEMBER

Visste du at.... Ålesund har sitt eige kaffibrenneri? Den nedlagte trafostasjonen i Parkgata har blitt til Jacu Coffe Roastery. Fleire dagar i veka duftar det nybrend kaffi over Ålesund sentrum.

Klart for Sjekk inn 2019!

Jobbmessa Sjekk inn blir arrangert for fjerde året på rad, 27. desember på NMK (Norsk Maritimt Kompetansesenter). Nytt i år er at arrangementet er på dagtid og at næringssjefen i nye Ålesund er med på laget. Jobbmessa legg opp til å vere ein møteplass for bedrifter, studentar og unge vaksne – både dei som bur her, dei som vil bu her og dei som er heime på juleferie. - Vi gler oss til igjen å ta imot bedriftene og jobbsøkarane, seier næringssjefen i nye Ålesund kommune, Inger Synnøve Remme. Ny i rolla – no også sjef for Sjekk inn Remme har arbeidd som næringsrådgivar i Haram kommune sidan 2013. Ho er utdanna økonom og har arbeidd i privat næringsliv i mange år. Ho har difor god kjennskap til næringslivet i regionen, både det eksisterande og ny-etablerarar. - Vi har så utruleg mykje å by på i vår region! Natur,

kulturliv og ikkje minst spennande næringsliv. Og på Sjekk inn kan bedriftene møte godt kvalifisert arbeidskraft og framtidas arbeidstakarar. I 2018 var det rundt 40 bedrifter som møtte rundt 500 moglege arbeidstakarar, og vi veit om fleire som fekk jobb i etterkant! Tips dei unge Remme oppfordrar foreldre, besteforeldre, familie og venner til å tipse sine unge til å møte opp på NMK kl. 14.00 til 17.00 fredag 27. desember. - Saman skal vi bygge regionen, avsluttar ho. Kven står bak Sjekk inn? Sjekk inn blir arrangert av nye Ålesund, Giske og Sula. Tekst: Ingvild Liadal/Foto: Tone Molnes

12

• ÅKP

• Haram Næring og Innovasjonsforum

• NTNU

• Sykkylven Næringsutvikling AS

• Blue Legasea

• Ålesund Sentrumsforeningen

• Sunnmørsposten

• Bypatrioten

• Studentparlamentet

• The North West

• Næringsforeningen i Ålesundsregionen

• Sunnmøre regionråd IKS

Meir informasjon om Sjekk inn: sjekk-inn.no eller facebook.com/sjekkinn/

Ing er S

Sjekk inn 2019 har desse samarbeidspartnarane: y

me Rem ve ø nn

Norsk Maritimt Kompetansessenter fredag 27. des. kl. 14.00 - 17.00

13


VI SKRIV HISTORIE!

Kristin Krohn Devold (80 år) Foto privat.

No skal vi bygge saman

62 års erfaring skil den eldste og den yngste i kommunestyret. Kristin Krohn Devold (80 år) var 18 år då ho debuterte, det same som Silje Sandøy Husøy er no.

Mengda personstemmer førte Kristin rett inn i kommunestyret, sjølv om ho eigentleg hadde gitt seg. Den erfarne politikaren vil ikkje kome med noko råd til Silje: - Nei ikke et eneste ett, dette klarer hun så godt. Det er om å gjøre å bare være frempå og si det du mener og gjøre det du tror på, det er ikke noe annet. Jeg har sett så mange som skal være så lure, og det er ikke så lurt, seier Kristin. Silje seier at ho vil gjere det ho kan for å få fram meiningane sine om dei forskjellige sakene som blir behandla i kommunestyret. - Du blir egentlig respektert. Det gjør ikke noe om du er uenig med noen, men du må stå for det du mener, og si det sånn som det er. Så blir man enten nedstemt eller ikke, og sånn er det, seier Kristin og ler. - Ja, slik er livet, seier Silje og ler endå meir. Vi skriv historie! For Silje er det kjempestort å vere folkevalt i det nye kommunestyret. - Vi skriv historie, både med storleiken på kommunestyret med 77 representantar, og med at fem kommunar blir slått saman. - For meg er det viktig at alle blir representert, spesielt no når vi har så lange avstandar. At alle skal få ei stemme uansett om du kjem frå byen eller ei øy, seier Silje. Silje trekker også fram at kommunestyret må vere samlande. - Vi må verkeleg få til ting for alle i den nye kommunen. Vil tale ungdommen si sak Den yngste i kommunestyret, Silje, valte å engasjere seg for å tale ungdommen si sak. Ho har lenge vore engasjert i ungdomspanelet i Møre og Romsdal fylke og har mykje erfaring med å finne ut kva ungdommen meiner. - Eg veit å snakke ungdommen si sak og eg skal gjere det beste eg kan for at det skal bli bra i den nye kommunen, seier Silje. 14

Kristin synes det er viktig at ungdommen skal bli høyrd, men helst engasjere seg enno meir. - Mange ungdommer bryr seg ikke i det hele tatt, og vi må ikke sitte igjen med inntrykket av at de ikke bryr seg. Derfor er det så kjekt når det er noen som virkelig engasjerer seg som kommer med i kommunestyret, seier Kristin. Brenn for skole og byen Kristin tenker tilbake på tida då ho starta i politikken som morosam. - Jeg synes jo den gangen at det var moro, og det at jeg går litt på igjen nå, det er jo for å kunne være med å prege byen og kommunen min, og slåss litt for det vi tror på, seier Kristin. Skole og byen er det Kristin brenn mest for. - Jeg synes at skole er det viktigste, det er fremtiden vår. Og det gjelder alle unge, så det er i grunn min hjertesak. Jeg er jo også glad i alt som har med byen å gjøre. Så jeg vil jo at alle nye i kommunestyret skal bli like glad i byen her, eller gamlebyen Ålesund om jeg skal kalle den det. For her er mye bra med både byen og distriktet, seier Kristin. Vil skape noko bra Både Kristin og Silje trekker fram at prosessen rundt kommunesamanslåinga har vore god, og begge seier at det er viktig å sjå framover og bygge bruer. - Det at Ålesund var med på slåss så kraftig for Nordøyvegen, tror jeg var viktig for å knytte kommunene sammen, seier Kristin. - Og no må vi fortsette å sjå framover. Vi må prøve å skape noko bra, bygge opp heile den nye kommunen slik at det blir attraktivt for alle å kome hit, og vere her og bli her, seier Silje.

Visste du at… i Hamsundhelleren ne i Haram er det blitt fun p ska restar av våpen og rei ren lla frå steinalderen? He i 1877, blei utgraven allereie 00 år og både bein og ein 20 e jev gamal menneskek blei funnen.

Tekst /foto denne side: Christine Rørvik 15


INNBYGGARTORG

I alle dei fem nye Ålesund-kommunane finn ein i dag servicetorg eller tilsvarande som innbyggarane kan kontakte for hjelp og rettleiing når det gjeld det meste av kommunale tenester og tilbod. Frå nyttår vil Servicetorga bli til innbyggartorg, men kva betyr det for deg som innbyggar? Nye Ålesund har som mål å utvikle kvaliteten på tenestene og sørvisen til innbyggarane. Lokal identitet og nærdemokrati skal vere høgt prioritert og kommunen skal aktivt samarbeide med andre samfunnsaktørar ved å etablere ulike møteplassar og samarbeidsformer. - Ein måte nye Ålesund ønsker å få til dette på, er ved å opprette innbyggartorg, seier Malin Piegsa, kommunalsjef for Kultur og medborgarskap. Innbyggartorg, kva er det? Innbyggartorga er meint å vere kontaktflata mellom kommunen og lokalsamfunna. Tett knytt til innbyggartorget er biblioteka, frivilligsentralane og det som i dag er ved dei kommunale sørviskontora. Innbyggartorga skal ha både digitale tenester og rom for møte mellom menneske. - Noko veit vi og mykje må vi skape framover i eit samarbeid mellom kommune og lokalsamfunn, fortel Hege Steinsland, verksemdsleiar for innbyggartorga.

16

Etter kvart er det meininga å kunne tilby digitale møte og avtalar med saksbehandlar. Dei ulike kommunalområda er i tenkeboksen når det gjeld korleis dei kan tilby tenester i innbyggartorga. Det vil bli ein basispakke av tenester som blir tilgjengelege. Dette inneber at mange av dei tenestene som innbyggarane får sørvis på, blir vidareført. – Om du til dømes bur i Spjelkavika men arbeider i Brattvåg, kan du like gjerne stikke innom innbyggartorget der og få utført dei same ærenda der som du ville fått på innbyggartorget i Ålesund, seier Hege entusiastisk. Ulik utforming frå torg til torg Innbyggartorga skal ha to hovudfunksjonar; som arena for kommunale tenester og som arena for samfunnsutvikling og nærdemokrati. Begge desse funksjonane skal tilpassast lokalmiljøet. Det skal vere totalt fem innbyggartorg plassert rundt om i dei fem kommunesentera, og desse vil få ulike uttrykk alt etter behov og korleis lokala er utforma.

– Dei ulike torga vil bli forma av særpreg, ressursar og engasjement i dei ulike lokalsamfunna. I tillegg til kommunale tenester håper vi at innbyggartorga blir fylte av arrangement knytt til biblioteket og frivilligsentralen, og at det blir aktivitetar, verkstadar og møteplassar som innbyggarar, lag eller organisasjonar tar initiativ til. Difor vil tilbod i innbyggartorga naturleg nok variere frå stad til stad, seier Hege. Viktig med innspel frå innbyggarar I september blei det arrangert opne møte i kvar av dei fem kommunane der temaet var framtidige innbyggartorg. Her var alle interesserte velkomne til å kome med sine innspel og forslag: - Det er innbyggarane som kjenner lokalmiljøa i kom-

ein St

nd sla

munen best, difor var det viktig for oss å høyre desse meiner at innbyggartorga skal tilby. Vi har no fått ei retning og gler oss til å kunne utvikle innbyggartorga i nye Ålesund vidare, saman med våre viktigaste samarbeidspartnarar –nemleg innbyggarane avsluttar kommunasjef Malin Piegsa.

Malin Piegsa og

Frå servicetorg til

Visste du at... idrettslaga i Skodje, Ørskog og Vestnes samarbeider om preparere og drifte eit nett av skiløyper som går i alle dei tre kommunane?

He ge

NYTT OM INNBYGGARTORG

Tekst/foto: Ragnhild Nordang/Haram kommune

FAKTA INNBYGGARTORG

• 5 innbyggartorg i kvart av dei gamle rådhusa. • Det er ein ambisjon at stadig meir skal kunne løysast i førstelinjekontakten med kommunen. • Det er ein ambisjon at stadig meir skal kunne løysast digitalt, anten det gjeld spørsmål, søknader eller møte med saksbehandlarar.

• Dei som ønsker å møte ein person for tilpassa rettleiing og hjelp skal få det. • Innbyggartorg som konsept strekk seg utover lokala på rådhusa. Det inkluderer bibliotek og alt arbeid i kontaktflata til frivilligsentralane.

• Kvart lokalsamfunn har fleire lokale og aktivitetar som passer inn under paraplyen innbyggartorg. • Mange arrangement og møtepunkt vil passe inn i tenkinga rundt innbyggartorg anten det er på IDhuset i Brattvåg, biblioteket på Moa eller Sandøy eller Frivilligsentralen på Sjøholt eller Gomerhuset.

• Biblioteka er innbygartorget si forlenga arm inn i lokalsamfunna.

17


ENKLARE KVARDAG

Visste du at... du kan overnatte i Molja fyr ? Ytterst på ga moloen ved innseglin t De et. fyr g til Ålesund lig t rke me de sjarmerande lan ktite ark er innreia av kontoret Snøhetta og har rom for to.

Ikkje ein einmannsjobb

Kommunalområdet miljø, by- og stadutvikling tar form. Kommunalsjef Ole har, saman med fagstaben sin, som ei av sine hovudoppgåver å gjere tenestene enklare og meir forståelege for deg som innbyggar.

- I ei spesialisert verksemd som vår er det lett for at vi bruker faguttrykk som verken innbyggarar eller andre så lett forstår seier kommunalsjef Ole Andreas Søvik. Dette vil han prøve å endre på. Mange erfarer at dei blir sendt hit og dit i kontakt med kommunen. Eit eksempel kan vere ei byggesak der ofte 4-5 ulike avdelingar skal seie sitt før ei avgjerd blir tatt. Søvik seier at her kan god samordning internt, tydeleg kommunikasjon og bruk av nye digitale løysingar vere med å gi enklare arbeidsprosessar og samla sett ei betre sørvisoppleving for brukarane.

- Har du éi sak skal du berre halde deg til éin person som sørger for koordinering slik at du får eit raskt og tydeleg svar.

Chat med ein koordinator Den nyoppretta fagstaben har ei sentral rolle i denne samordninga. Mellom anna har fagstaben ansvar for at du skal møte ei «teknisk førstelinje». På dei nye innbyggartorga skal du kunne få kontakt med ein koordinator. - Har du éi sak skal du berre halde deg til éin person som sørger for koordinering slik at du får eit raskt og 18

tydeleg svar, seier Søvik. Han seier at dei arbeider med å få til ein chattefunksjon på sikt, slik at du kan få svar på det du lurer på om søknaden eller saka di. Ålesund kommune satsar sterkt på deltaking i FN-nettverket U4SSC (United for Smart and Sustainable Cities). Her blir kommunen målt opp mot FN sine berekraftsmål og på smarte og digitale løysingar. Denne satsninga påverkar mange av dei tenestene som kommunalområdet miljø, byog stadutvikling skal levere. - Dei fleste av oss har no vendt oss til å få tenestene levert og avklart digitalt. Derfor vil fleire kommunale tenester i framtida bli samla på ei felles digital plattform. Eg trur opplevinga blir mykje betre, seier han.

Skal dra lasset saman - Det å leie eit så samansett kommunalområde byr på utfordringar som eg ser fram til å kome i gang med. Samstundes er dette på ingen måte ein einmannsjobb, i arbeidet med den nye kommunen har eg blitt kjent med utruleg mange flinke og engasjerte folk som vi er heilt avhengige av framover, og som gjer at eg er optimistisk, avsluttar han. Tekst/foto: Ingvild Liadal

May Foss - førstelinje og innbyggarkontakt, Ole Andreas Søvik - kommunalsjef, Per Langnes - rådgivar, Frode Helland - leiar for fagstaben. Sol Slinning og Tom Rian var ikkje til stades då bildet blei tatt.

FAKTA OM MILJØ, BY- OG STADUTVIKLING Kommunalområdet vil omfatte desse tre verksemdene:

• Plan, byggesaker og geodata •Veg, grønt og anlegg • Vatn og avløp Desse tre verksemdene har 15 avdelingar med i overkant av 200 tilsette. Her er høg grad av spesialisering innanfor ei rekke fagfelt knytt til drift av tekniske anlegg, utviklingsoppgåver og service overfor innbyggarane. Fleire avdelingar vil ha sin hovudbase både i Brattvåg og Ålesund.

Nordre Sunnmøre landbrukskontor er flytta til Brattvåg

Visste du at… Sjøholt har Nord-Europas høgaste juletre på rot?!

Kontaktinformasjon for e-post er framleis: landbrukskontoret@orskog.kommune.no Postadresse: Nordre Sunnmøre Landbrukskontor, Øyravegen 11, 6240 Ørskog. Besøksadresse: Haram kommune, Strandgata 40, 6270 Brattvåg. Det vil vere mogeleg å avtale gardsbesøk og møte på dei tidlegare rådhusa, som før. Kontaktpersonar: Helga Færøy tlf. 905 13 075 - Kolbjørn Snevik tlf. 482 12 118 - Sissel Flagestad tlf. 481 32 625

19


KVA SKJER I NÆROMRÅDET?

Ein Friskus-kommune!

Nysgjerrig på kva som skjer i ditt nærområde? På Friskus.com får du opp aktivitetar som skjer i nye Ålesund kommune. Haram testa det ut for oss! Kva vil Friskus bety for innbyggarane i nye Ålesund? Dei kan kjapt finne ut kva som skjer og samhandle med andre lag og organisasjonar om prosjekt. Er du ny i kommunen, kan du sjå om det skjer noko du kan engasjere deg i og slik raskare bli ein del av samfunnet du bur i. Eg trur også det vil føre til at vi veit meir om kva som er i denne store kommunen av lag og organisasjonar, og moglegheiter for kva ein kan delta på og oppleve. - Kan kven som helst registrere seg? For ein innbyggar er Friskus ein interaktiv aktivitetskalender. Er du under 15 år, blir bruken godkjent av føresette ved hjelp av Bank ID. Du kan gå inn på sida og finne aktivitetskalenderen utan å vere innlogga, men skal du melde deg på oppdrag eller aktivitetar, må du ha ein brukar. Du registerer deg ein gang.

Frivilligkoordinator i Haram, Ingvild Haram.

Eg har tatt kontakt med frivilligkoordinator i Haram, Ingvild Haram, for å høyre litt meir om kva erfaringar dei har gjort seg etter dei tok i bruk Friskus. - Det er eit flott verktøy der du raskt får oversikt over kva som skjer i kommunen. Det er heilt gratis å vere medlem. Friskus er óg ein plass ein kan melde seg på oppdrag og aktivitetar, og ikkje berre i nærmiljøet – også når du skal besøke andre stader.

- Kven skal koordinere aktivitetane som blir lagt inn her? Koordineringa skjer av seg sjølv. Det du legg ut av aktivitetar, legg seg automatisk ut på kalenderen. Det går også an å ha lukka grupper som kanskje passar meir for kommunale einingar som omsorgssentre og dagsentre. Men det er også mogleg for dei å velje ha arrangementa sine på aktivitetskalenderen som «open for alle» når dei lagar arrangementet/aktiviteten/oppdraget. - Har du trua på at dette blir eit høgt elska verktøy for oss innbyggarar? Ja, det håper eg inderleg. Friskus har i alle fall tatt meg med storm. Eg håper ALLE innbyggarar går inn og sjekkar ut dette programmet.

Tekst/foto: Ingrid R. Hjelle/Ragnhild L. Nordang

Overgang til ny kommune Det vil vere ei rekke tenester som blir berørte av overgangen til ny kommune.

Du finn ei oversikt på nyealesund.no i artikkelen som heiter Overgang til ny kommune.

20

Utgivar: Nye Ålesund kommune I redaksjonen: Ingrid Marie Rekdal Hjelle, Kristina Røyset Naas, Christine Rørvik, Ragnhild Louise Nordang, Solveig Kvamme, Ingvild Liadal, Anette W. Petersen, Nicolaas Kippenbroeck og og Anne Bente Skjellum. Forside: Ålesund kommune. Grafisk design: Hustrykkeriet, Ålesund kommune Opplag 29 000. Trykk: Unitrykk

Profile for alesund4

Innbyggarmagasin - I Støypeskeia - høsten 2019  

Innbyggarmagasin - I Støypeskeia - høsten 2019  

Profile for alesund4
Advertisement