Issuu on Google+

Kvar ein dag

Herborg Kr책kevik


KVAR ein dag treng me styrke, nokre dagar mykje, andre dagar berre litt. I salmen «Blott en dag» siterer Lina Sandell Bibelen der det står «som din dag er skal din styrke vera». Dette gjer godt å høyra for alle menneske, uansett kvar me trur styrken kjem ifrå. Eg har sunge salmar heile livet, og dei siste par åra har eg tillete meg å syngja dei offentleg. Tillete meg det, fordi dei trøystar meg, gjev meg glede og mot. Eg har innsett at eg kan syngja salmar utan å snakka om tru. Filosofen Wittgenstein meinte at språket og religionen bur i to forskjellige kammer i mennesket. Difor kan me aldri setja ord på det religiøse. Salmane prøver å gjera nettopp det, dikta om det Guddommelege. Det er kanskje umogeleg, men eg syns det er vakkert at menneske prøver på det umogelege. Herborg

Til Bitta


490 Blott en dag &

####

#### #### ####

Herborg Kråkevik

# c œ œ œ . œj œ œ œ œ œ ˙ œ œ œ . œj œ œ œ œ ˙ . Kvar ein dag, kvar aug-ne-blink im

#

œ.

kvi

# œ. #

j œ œ œ œ œ

- ler

i min Fa -ders

j œ œ œ œ œ

ber

for meg ein fa - ders

œ.

j œ œ œ œ œ

del

1

Oscar Ahnfelt Lina Sandell-Berg

av ljos og myrk - re

œ ˙

hen - der,

œ ˙

hjar - te,

gong-en

For ei

j œ œ œ œ œ

œ œ œ.

Skul -le

eg,

œ ˙

svar - te,

KVAR ein dag, kvar augne­ blink om gongen For ei trøyst kva enn som då fell på, Allting kviler i min Faders hender, Skulle eg, hans barn vel reddast då? Han som ber for meg ein faders hjarte, Gjev åt kvar ein nyfødd dag i gry Kvar sin del av ljos og myrkre svarte, Verk og møda, kvild og ly.

kvar

œ œ œ.

Verk og

œ œ

All-ting

œ œ

˙.

Han som

j œ œ œ œ œ ˙.

Kvar sin

hans barn vel red - dast

œ œ œ.

Gjev åt

trøyst kva enn som då fell

ein ny - fødd dag i

då?

œ œ

gry

j œ œ œ œ œ ˙.

- da,

kvild

og

Œ

ly

2. Han vil alle dagar nær meg vera, Særskild miskunn gje kvar særskild stund. Kvar dags sut og sorger vil han bera Han som gjev oss kraft att kvart sekund. For sin dyre eigedom å gjera, Trygg i livet, har han lagt på seg: «som din dag er skal din styrke vera» Denne lovnad gav han meg.


Kvar ein dag

3. Hjelp meg du, å kvila trygt i vissa Berre ved din lovnad, Fader kjær, Ikkje trua eller trøysta missa Som i ordet meg forvara er. Hjelp meg, Herre – Å kva enn som hender, Ta imot ifrå di Faderhand; Kvar ein dag, kvar augneblink om gongen, Til eg når ditt gode land. Tekst: Lina Sandell-Berg Nynorsk tekst: Johannes Gjerdåker Melodi: Oscar Ahnfelt

2

LEI , milde ljos, igjennom skoddeeim, Lei du meg fram! Eg går i mørke natt langt frå min heim, Lei du meg fram! Før du min fot, eg treng ei sjå min veg Så langt og vidt - eit steg er nok åt meg! 2. Du veit det vel, eg bad ei alltid so: Lei du meg fram! Eg ville velja sjølv min veg, men no Leid du meg fram! Eg ville leva vilt, var stolt og strid Og stor i mot –

å, gløym den dårskaps tid! 3. Di makt har signa meg, då veit eg visst Du leier enn I myr og fjell og hei, og so til sist Ein morgon renn, Då til meg smiler engleåsyn blid, Som eg har elska før, men mist ei tid. Tekst: John Henry Newman Nynorsk tekst: Peter Hognestad Melodi: Charles H Purday

3

HAN TEK ikkje glansen av livet, Den Frelsar som kallar på deg. Fyrst då kan for alvor du leva Når han får deg fylgja på veg. 2. Du høyrer dei dårande røyster Som lovar deg gullglim og glans, Men ingen legg lys over vegen Som Jesus og kjærleiken hans. 3. Han hjelper i brattaste bakkar Og stør deg når vegen vert smal. Han signar dei sollyse sletter Og lyser i dødsskuggens dal.


Herborg Kråkevik

4. Han fører deg frelst over fjorden, Heilt fram til den him­ melske strand. Når døden sin brottsjø du møter, Vil Jesus dra båten i land. 5. Han tek ikkje glansen av livet, Han gyller din morgen og kveld Og opnar ei dør til dei salar Der æveleg høgtid du held. Tekst: Trygve Bjerkrheim Melodi: Tysk Folketone

4

DET FINST ei jord som opnar opp sitt djup av svarte natt Og løyner både sjel og kropp til ingenting er att 2. Det finst ei natt som møter deg og tek deg mjukt imot Og lèt deg kvila æveleg, di hand, di sjel, din fot 3. Det finst frå Gud i alt som er, i jord og nattevrimmel, Di sjel er hans, du er hans verd, du lyser fram hans himmel Tekst: Jon Fosse Melodi: Andreas Utnem

5

SÅ TAK då mine hender Og før du meg Til ferdi heim seg vender, Min Gud, til deg! Eg kan’kje gå åleine Det minste steg. Du er mi von, den eine, Styr du min veg! 2. Å, lat di miskunn gøyma Mitt hjarta mildt, Så det seg sjølv kan gløyma Og verta stilt! Lat barnet ditt få kvila, Ja, ber det du! Då kan det roleg smila Og trygt deg tru. 3. Så tak då mine hender, Og før du meg Til ferdi heim seg vender, Min Gud, til deg! Tekst: Julie von Hausmann Nynorsk tekst. Peter. Hognestad Melodi: Friedrich Silcher

6

Å JESUS, du som gjev ditt liv til alle, Du rik på miskunn, rik på nåde er. Eg som Maria for din fot har falle, Min beste kvilestad den finn eg her. Ved navnet ditt, eit ljos i myrkret


Kvar ein dag

livnar, Ifrå mitt hjartans djup eg priser deg. All tvil i alle tunge skyer rivnar Di miskuns sol skal stråla gjennom meg 2. Eg er då løynd i dine sår som brende. No ordet ditt vil lysa for min fot. Når du meg prøver ut i myrke lende, Skal heilag ande gje meg kraft og mot. Lat elden alltid meg i hjarta brenna! Fyll még med kjærleik, det er alt eg bed! So eg kan atter andre sjeler tenna I brann for deg som stødt gjev liv og fred. 3. Eitt ynskje einast, har eg her på ferda; Å vera på ditt gode tre ei grein, At eg må vera ljos og salt i verda, Og skina som ei stjerna klår og rein Tekst & Melodi: Aage Samuelsen Nynorsk tekst: Johannes Gjerdåker

7

Ein fin liten blome i skogen eg ser, I granskogen diger og dryg, Og vent mellom mose og

lyng han seg ter. Han står der så liten og blyg 2. Sei, ottast du ikkje i skogen stå gøymd der skuggane tyngja deg må? Å nei,for av Herren eg aldri vert gløymd, Til ringaste blom vil han sjå 3. Eit bod frå min Herre du blome meg ber: om einsleg eg vert på min veg, så veit eg at Herren vil vera meg nær, Gud Fader, han vernar óg meg. 4. Som blomen om vinteren visnar eg av, Men gled meg, for då står eg brud. Lat lekamen kvila med fred i si grav, mi sjel, ho er heime hjå Gud! 5. Ja, glad skal eg vakna hos Jesus eingong i morgonen æveleg klår, og blanda med heilage englar min song i himlen, dit døden ei når Tekst: Johan Alfred Blomberg Nynorsk tekst: Anders Hovden Melodi: Bjørn Eidsvåg


Herborg Kråkevik

8

FAGERT er landet du oss gav, Herre, vår Gud og vår Fader! Fagert det stig av blåe hav, Soli ho sprett og ho glader, Signar vårt land i nord og sud; Såleis di åsyn lyser, Gud, Over vårt Noreg i nåde. 2. Likjest vårt folk i mager jord Skjelvande blomen på bøen, Stend utan livd i vind frå nord Tett innmed kanten av snøen. Herre, du ser med miskunn ned, Folket vårt giv du livd og fred, Er oss so kjærlig ein Fader. 3. Signa då, Gud, vårt folk og land, Signa vårt strev og vår møde, Signa kvar ærlig arbeids­ hand, Signa vår åker med grøde! Gud, utan deg den vesle urt Veiknar og visnar, bleiknar bort, Ver du oss ljoset og livet! Tekst: Anders Hovden Melodi: Melchior Vulpius

9

SLIK SOM eg var Kom eg til Gud og fekk jubla: Min Far! Skuldig til døden for syndene mange, Bunden i lekkjer frå syndeveg lange. Å, for eit under, han elsk til meg bar Slik som eg var. 2. Slik som eg var! Å, eg fekk sleppa den børa eg bar! Døra var opna for syndaren store, Ja, det var nok det som Frelsaren gjorde. Barn fekk eg vera, og Gud var min far, Slik som eg var. 3. Slik som eg er, Herren i nåde til barnet sitt ser. Om synder og tvil det er heile mi æra, Han er min Frelsar, og det vil han vera. Nåden er fri, og eg kviler meg der, Slik som eg er. Tekst& Melodi: Sigvard Engeset

10

DU SOM eig det eigentlege i meg, du som står når alt anna fell, Fattig er den takk eg kan gje deg, men eg prøver med


foto:anne jorun sĂŚten


Herborg Kråkevik

ord no ikveld. Berre du kan få meg te’å dansa, syngja høgt om at eg er glad, Sidan får du meg og te å stansa, siga ned i din veldige favn 2. Alltid når eg går dine vegar kjenner eg meg rik og fri, Og når du gjev meg utsikt til havet, er eg sterk og lukka er mi. Men så ofte reiser eg frå deg, trakkar trøytt på asfalt og stål Til eg vaknar ei natt og må nå deg, pakkar børa, og går mot mitt mål 3. Og no er eg endeleg i deg, ser ditt berg, din blom og din bekk. Kjenner at det kostar å nå deg, veit du syns eg var lenge vekk. Stryk eit strå og stansar ved steinen, går den veg eg alltid har gått, Ber deg spakt om å åpna deg for meg, utan deg vert sinnet mitt grått. Berre du kan få meg te’dansa, syngja høgt om at eg er glad. Sidan får du meg og te å stansa, siga ned I din veldige famn

Tekst: Herborg Kråkevik Melodi: Svensk folketone

11

ALLE HAR hast. Ingen har tid. Alle har sitt å gjera. Kven bryr seg om at eg er redd? Nei, det let alle vera. 2. Gud har då tid. Æveleg han, høyrer meg i det stille. Han gjer meg glad når eg er redd. Når eg har gjort alt ille. 3. Høyrer du Gud? Om eg var stygg, er eg då ein av dine. Alt vert så trygt når berre du held handa di i mine Tekst: Britt G. Hallqvist Nynorsk tekst: Johannes Gjerdåker Melodi: Egil Hovland

12

EG RÅDA vil alle i ung­ dommens dagar At dei då i tide må tenkja seg om. Ein kan ikkje kalla dei dagar tilbake, Ein kan ikkje vita når Gud går til dom. Når ljoset er forbi, Og himmels


Norsk folketone (Innfjorden)

Kvar ein dag

3 &b 4 b œ b

œ

œ

Eg

œ

rå - da

dei

œ

œ

œ

œ

œ

œ

œ

kan

b œ

kan

ik

œ

ik

b c œ

-

-

kje

œ

kje

vi

œ

la

œ

-

ta

œ

œ

œ

œ

ten

œ

œ

dei

da

œ

œ

-

-

seg

œ

œ

gar

-

til

ba

-

œ

œ

ke

Ein

c

œ

dom

œ

œ

Ein

˙

œ

œ

At

œ

om

œ

til

œ

da - gar

˙

œ

kja

går

œ

œ

œ

ung - dom - mens

Gud

œ

œ

i

œ

når

œ

œ

œ

œ

˙.

œ œ

de

-

œ

œ

al - le

œ

-

kal

œ

œ œ

ti

œ

œ

b 43 œ b œ

i

œ

vil

œ

˙.

œ

œ

œ

œ

œ

œ

œ

œ

˙

43

œ œ

œ Œ


Herborg Kråkevik

dør slår i, Når dag brest i rømda, og natt er i kjømda, Då er det for seint alt å tenkja seg om. 2. Idag når den kallande røyst du får høyra, Han ber deg å koma til Guds faderfamn. Ditt hjarta vil fata hans røyst i sitt øyra, Han kallar deg stilt, og han nevner ditt namn Når ljoset er forbi, Og himmels dør slår i, Når dag brest i rømda, og natt er i kjømda, Då er det for seint alt å tenkja seg om. 3. Sjå tida vil skunda, og dagen vil stunda, Og sola må skymast mot utgang og kveld! Før natta må falla på Far må me kalla, Då alt anna brotnar, men ordet hans held Når ljoset er forbi, Og himmels dør slått i, Når dag brest i rømda, og natt er i kjømda, Då er det for seint alt å tenkja seg om. Tekst: Ukjent v.1 / Einar Skaatan 1935 v 2 og 3 Nynorsk tekst: Johannes Gjerdåker Melodi: Folketone fra Romsdal

13

Jesus, eg hjarteleg lengtar å smaka Sælaste hugnad i samfunnet ditt Riv meg frå alt som vil halda tilbake Drag meg til deg, som er upphavet mitt! Lat meg ei trelldom med bokstaven driva Som gjerer utanpå, fager og fin Men i mitt hjarta di lov må du skriva So eg i sanning kan kalla meg din. 2. Styrk du meg storleg i hjarta her inne, Og ved din ande ditt verk i meg gjer! Fest deg i hugjen, i tanke og minne, Lokka og lei meg, so veik som eg er! Meg og mitt eige eg gjev utan klaga, Når berre du i mitt hjarta vil bu, Og alle makter på døri må draga, Som vil meg burt frå din kjærleike snu. 3. Jesus som gav meg eit høyrande øyra Drag du meg óg med di leiing og råd! At eg di lokking må lyda og høyra Syna min lydnad i liv og i dåd!


Kvar ein dag

4. Sæl den, som kunne det eine få læra: Heil seg å ofra med hjarta og sål! Måtte du, Jesus, no alt for meg vera! Eg er dessverre så langt frå mitt mål. Jesus, som gav meg eit høyrande øyra, Drag du meg óg med di leiing og råd, At eg di lokking må lyda og høyra Syna min lydnad i liv og i dåd! Tekst: Johan Ludvig C. Allendorf Nynorsk tekst: Elias Blix Melodi:Folketone fra Ryfylke

14

TUNGT frå auga, Tåre­ lauga. Droperegn på kinnet fell. Eg i lengsla, opp frå stengsla Ser mot Salems gode grend. Å, då minskar ve og verk, Ser eg dit, då vert eg sterk 2. Då får øyra røyster høyra, Alle slags i englekor. Dei skal klinga høgt, og springa Fram i lovsong ved Guds ord. Å, då talar ut mi sjel; Helsar verda glad farvel!

3. Du er grunnen, Nådebrunnen. Kom og sjå kor her er fatt; Sjå kor dine ligg i pine Djupt i lengsla i si natt. Når, Å store Fader då, Vil du taka meg herfrå? Tekst: Hans Adolph Brorson Nynorsk tekst: Johannes Gjerdåker Melodi: Folketone fra Telemark

15

Å LEVA, det er å elska Det beste di sjel fekk nå; Å leva, det er i arbeid Mot rikare mål å trå. 2. Å leva, det er i livet Å finna det største verd; Å leva, det er å vinna Til sanning i all si ferd. 3. Å leva, det er å leggja All urett og lygn i grav; Å leva, det er som havet Å spegla ein himmel av. Tekst: Anders Vassbotn Melodi: Per Steenberg


Å leva det er å elska: Frå sikre språkkjelder har eg høyrt at Vassbotn vart tvungen frå kyrkjeleg hald til å endra teksten frå «ein himmel» til «Guds himmel» for å få songen inn i salmeboka. Vassbotn skal ha sagt; –finns det nokon annan himmel då,enn Guds? Men han gjorde endringa og fekk songen inn som salme. Eg har valgt å syngja originalteksten, og går utifrå at Human-etisk forbund er takksame for det. Jesus eg hjarteleg lengtar å smaka: Denne salmen har mange vers.eg har valgt å syngja eit utdrag, og teke meg stor fridom med å settja saman to vers til eitt. Tungt frå auga: Brorson skreiv mange fleire vers enn desse tre Johannes Gjerdåker har omsett, og eg har bytt om rekkefylgja på versa for å få utdraget til å hengja saman med det musikalske arrangementet.


Produsent: Herborg Kråkevik Vokalproduksjon: Bjørn Erik Pedersen Arrangementer: Helge Lilletvedt og Bernt Rune Stray Tangentar: Helge Lilletvedt Gitarar: Bernt Rune Stray Perkusjon: Rune Arnesen Strykeorkester: TrondheimSolistene Fiolin «Å Jesus, du som gjev ditt liv til alle»: Ole-Henrik Moe Spelt inn i Kongshavn Studio, Kristiansand og whiteroom, Asker, og strykarar i Nidaros Studio, Trondheim av Bjørn Nessjø og Rune Nordahl Prosjektleiar: Astrid Diesen Takk til Bjørn Ole Rasch, Annbjørg Lien og Kjell Sverre Fardal i Kongshavn Studio. Mixa i whiteroom, Asker av Bjørn Erik Pedersen Mastra i Cutting Room, Stockholm av Bjørn Engelmann Artwork: Anne J Sæten Design ajsaeten@newmedia.no Coverfoto: Cecilie N. Seiness Management: Astrid Diesen astrid@diesen.com www.universalmusic.no www.herborgkrakevik.no Takk til Petter Singsaas for tillit, kloke råd og gode idéar Takk til Johannes Gjerdåker for at han lyfter språket opp frå kvardagen og gjer det heilagt Takk til Anne Grete Preus for hjelp til å forstå trongen til å syngja salmar Takk til familien min som kvar ein dag minner meg om at å leva, det er å elska


1 Kvar ein dag

9 Slik som eg var

2 Leid milde ljos

10 Salme

3 Han tek ikkje glansen av livet

11 Alle har hast

4 Nattsalme

12 Eg råda vil alle

5 Så tak då mine hender

13 Jesus eg hjarteleg lengtar å smaka

6 Å Jesus du som gjev ditt liv til alle

14 Tungt frå auga

7 Ein fin liten blome

15 Å leva det er å elska

8 Fagert er landet

π 2009 Universal Music AS © 2009 Universal Music AS


salme