Page 1

Jatak er Noregs største produsent av byggkonstruksjonar i tre. Omsetninga i 2010 er på 220 millionar. Jatak Kaupanger er ein av seks medlemar i kjeda og 35 dyktige medarbeidarar omset for 50 millionar. Jatak skal framstå som marknadsleiande innafor utvikling, kompetanse, nytenking og produksjon i vår bransje. Medlemmane i Jatak har nye og moderne fabrikkar med bransjen sine leiande konstruksjonsverktøy, Roofcon og Trusscon, og sjølvsagt topp moderne produksjonsutstyr.

Vi skal styrke vår konstruksjonsavdeling Vi tek marknadssandelar og til vår konstruksjonsavdeling skal vi tilsetje ingeniør eller tømrar/teknisk tegnar med teknisk tilleggsutdanning. Manglande formell utdanning kan kompenserast med byggteknisk erfaring.

KOMPETANSE? Jatak!

Du vil bli ein viktig del av eit motivert og framtidsretta miljø med fokus på utvikling og nytenking. Du er sterk fagleg, har høg arbeidskapasitet, trivst i eit hektisk miljø, er open og likar når du kan ta fram seljaren i deg. At du er ærleg, strukturert og målbevisst er eit krav.

Vi tilbyr ein spennande og utviklande jobb med gode betingelsar i bransjen sitt største fagmiljø. Du får gode kollegaer i eit selskap med ein klar strategi, og med høge målsetjingar.

For ytterlegere informasjon om oss sjå jatak.no, eller kontakt Odd Tufte på tlf. 57 67 74 03/913 14 180. Søknad med CV skal sendast snarast til odd@jatakkaupanger.no Jatak Kaupanger AS Bordvegen 2 6854 Kaupanger

Jatak Kaupanger - Ledig stilling  

Jatak Kaupanger - Ledig stilling

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you