Issuu on Google+

1/2010 Etter tiår med stivpynta språk fekk reklamebransjen det for seg at dei måtte finne ut kva dialektar som er mest populære og dermed sel best. Så lenge der er reklamebyrå, er

nytt frå ivar aasen-tunet 12. ÅRGANGEN

fordomar etterspurde.

FRÅ 70 TIL 50 Einar Økland er den strategiske diktaren og den essayistiske historikaren. Han skriv dei bøkene han reknar med at ingen andre ville kome til å skrive, og som bør finnast. Frode Grytten er novellekunstnaren og observatøren som har gitt norsk litteratur ei røyst det er blitt uråd å vere utan. Økland runda 70 no i januar, Grytten blir 50 i desember. Denne våren feirar vi dei med kvar si temautstilling. SPRÅKFAKTA 2010 Kva kan tabellar og figurar seie om språksituasjonen i Noreg og andre land? Meir enn nok. Frå 27. januar ligg den digitale boka Språkfakta 2010 med 350 kommenterte tabellar og figurar fritt tilgjengeleg på www.aasentunet.no. I februar markerer vi Den internasjonale morsmålsdagen med eit søndagsprogram om språk i vest. Forfattaren Christine de Luca frå Shetland gled seg veldig til å ta turen frå Edinburgh til Ørsta.

JON EIKEMO og PER SIVLE Kritikarane jubla. Publikum stod i kø. På ny gjorde mannen på scena det så få gjer han etter. Stykket Per Sivle – Ikkje lenger enn min kjærleik rekk gjekk på Det Norske Teatret i heile fjor haust. Onsdag 10. februar får 350 sunnmøringar sjansen til å oppleve dette kunstverket av ei framsyning. Med seg på scena har han pianisten Olga Konkova, som tolkar Ketil Bjørnstads musikk. Stykket er skrive av Jon Eikemo og Ola E. Bø, som har hatt regien saman med den nye teatersjefen på Det Norske Teatret, Erik Ulfsby. For Eikemo er inga rolla for lita og inga for stor, sa Norsk kulturråd og gav han æresprisen i 2007. Dette er den store rolla, igjen.

FESTSPEL I FIRE DAGAR Festspeldiktaren Rønnaug Kleiva har levert teksten som skal stå på festspelkruset 2010. Det er å få kjøpt i nettbutikken og i Aasen-tunet frå 13. april. Den dagen lanserer vi programmet for Dei nynorske festspela 2010. Frå og med i år er dette ein intens festival på fire dagar, frå torsdag kveld til søndag ettermiddag. DRAUMKVEDET Draumkvedet er eitt av dei merkelegaste dikta i norsk litteraturhistorie. Forteljinga om Olav Åsteson sluttar aldri å gripe og røre. Heller ikkje når Berit Opheim Versto og Karl Seglem held konsert med dette verket. Laurdag 23. januar kjem dei til Ivar Aasen-tunet. Det blir litt av ein kveld.


I va r A a s e n - t u n e t J ANUA r – A P RI L SØNDAG 17. JANUAR 15.00 Basisutstillinga, Aasen-tunet Ei røyst som er mi Nyopning av temautstilling om Einar Økland, som fyller 70 år i dag Utstillinga står til og med 26. mars Gratis opningsdagen, elles inkludert i prisen til basisutstillinga

LAURDAG 23. JANUAR 18.00–19.30 Kafeen, Aasen-tunet Vinterdraumen: ein middagskveld i tunet Kafé- og kjøkkenleiar Milan Ilic inviterer til middag med kake og kaffi Kr 235 Førehandstinging seinast tysdag 19.1.

20.00–21.00 Salen, Aasen-tunet Draumkvedet

Berit Opheim Versto (song) og Karl Seglem (musikk)

Kr 200 / honnør kr 150 / studentar kr 100

TYSDAG 26. JANUAR 12.00–12.45 Bryne vidaregåande skule Rekvisittar for eit liv Opning av nettutstilling om Ivar Aasen med originaltekstar av faghistorikarar og 20 skjønnlitterære forfattarar www.aasentunet.no/rekvisittar

I samarbeid med Bryne vidaregåande skule

Ivar Aasen-tunet 10 år ONSDAG 27. JANUAR 11.30–12.30 Ordmoro med ordbøker I samarbeid med Kunnskapsforlaget

Instituttleiar Odd Monsson: Upretensiøse tankar om ordet språk Masterstudent Hjalmar Eiksund: Når eit språk blir tekst – lesevanar hos unge nynorskbrukarar I samarbeid med Ivar Aasen-instituttet Gratis

ONSDAG 3. FEBRUAR 18.00–22.00 Kafeen, Aasen-tunet Strikkekafé om selbuvotten Annemor Sundbø held foredrag og presenterer boka Selbuvotten av Terri Shea. Sal av kaker og kaffi. Ta med strikketøy! Kr 50 inkl. ein kopp te I samarbeid med Det Norske Samlaget

SØNDAG 7. FEBRUAR 15.00–16.30 Salen, Aasen-tunet På trekkspel: Håvard Svendsrud

13.00–14.30 Salen, Aasen-tunet Språkfakta 2010 Lansering av den mest omfattande og best oppdaterte dokumentasjonen av språk i Noreg – no også med kapittel om språk i andre land Direktør Ottar Grepstad: Språkfakta 2010

Ivar Aasen budde kaldt, og blodsirkulasjonen var dårleg. Då kom det godt med å ha ullunderbukser, eller underbrok. Ordet ”Brok” tok han med i ordboka i 1850: ”Dette ægte og gamle Navn er paa nogle Steder fortrængt af det nye Ord Buksa”. Korleis ein ordbokmakar definerer ordet linning? ”Rundkast paa Klæder,” skreiv Aasen i den nye utgåva av ordboka si i 1873.

Kafeen er open også i pausen

Kr 150 / honnør og student kr 100

ONSDAG 10. FEBRUAR 19.00–21.00 Ørsta kulturhus Eikemo & Sivle Per Sivle – Ikkje lenger enn min kjærleik rekk Jon Eikemo og Olga Konkova (piano) Manuskript: Ola E. Bø og Jon Eikemo Musikk: Ketil Bjørnstad Regi: Ola E. Bø og Erik Ulfsby Ein produksjon frå Det Norske Teatret Dørene opnar kl. 18.00 Kr 350 Billettar på www.orsta.kulturhus.no

MÅNDAG 15. – FREDAG 19. FEBRUAR Ungdomsskulane i Volda og Ørsta Festspela ut i skulane! Alle 8. klassane får tilbod om besøk av festspeldiktaren Rønnaug Kleiva

I samarbeid med Volda kommune og Ørsta kommune

Ivar Aasen-tunet 10 år SØNDAG 21. FEBRUAR 16.00–17.00 Salen, Aasen-tunet

IVAR AASEN PÅ LÅRET Ryktet sveiv gjennom korridoren i Aasen-tunet alt i midten av november: Turkis medium damer er utselt. I september hadde Ingrid I. Opedal tinga 1000 Ivar Aasen-boksarshorts frå Kina, med Aasen-namnet på linningen og signaturen på venstre låret. Nesten alle storleikane var utselde då varepartiet endeleg var på plass vesle julaftan. Takk til alle tolmodige kundar!


H o vudsp o n s o rar

Den internasjonale morsmålsdagen: språk vest i havet

Komplett program for familiedagen blir kunngjort seinare

Utstillinga står til og med 11. juni I samarbeid med Norsk Tegneseriemuseum Kr 50 / familie 150

Vårspela 13. – 15. april

SØNDAG 28. MARS Basisutstillinga, Aasen-tunet Musikken i språket

Når du skriv, tenker du at det må vere nok å skrive. Det må vere meir enn nok. Når du har sett punktum, så har du sett punktum. Finale. Finito. På eit vis er det då alt saman tar til. Du har skrive 100 sider. Du har skrive 200 sider. Du har skrive 500 sider. Likevel spør dei deg. Kva er det du har skrive? Kva er det du har på hjartet? Kva er det du meiner? Kva er det du vil seie? Kva er det du eigentlig vil seie?

Forfattaren Christine de Luca frå Shetland les dikt og fortel om shetlandsdialekten Øystein Orten presenterer forfattaren og les gjendiktingar Kr 100

Alle desse orda etter orda er dei verste. Desse etterorda er dei tyngste. Dei er sjølvsagt dei lettaste, men likevel dei tyngste. Ein diger stein rundt halsen. Ver så god, hopp! Eg elskar å skrive. I alle fall når alt flyt og alt kjem piplande ut. Det er sjølvsagt ikkje alltid slik. Ofte står eg i stampe, ofte famlar eg i blinde. Men når orda kjem, er det som ein rus. Du veit du er der du skal vere. Eg tenker at orda som kjem etter orda, er dei unødvendige orda. Det er ikkje dei som tel. Det er orda som kjem før alle dei preikesjuke orda, som er viktige. Vi hadde fint klart oss med dei. biografiar, bokmeldingar og bokbad er bare nachspiel og spekkhogging. Som Frank O´Hara skreiv i diktet om «Kritikeren»: Jeg kan umulig tenke på deg som annet enn: mine frukttrærs banemann. Frode grytten, 2004 Foto: Helge Skodvin

SØNDAG 14. MARS 13.00–16.00 Salen, Aasen-tunet FAMILIEDAG MED TEIKNESERIAR 13.00 Galleriet, Ivar Aasen-tunet Donald Duck den gamle Celebrating the Duck: Korleis burde Donald Duck sjå ut som 75-åring? Opning av utstilling med originalverk av Knut Nærum, Solveig Muren Sanden og 30 kunstnarar frå Europa, Amerika, Asia og Australia

Solveig Muren Sanden

Nyopning av temautstilling om Frode Grytten Utstillinga står til og med 22. juni Gratis opningsdagen, elles inkludert i prisen til basisutstillinga

15.00–16.00 Salen, Aasen-tunet På fløyte: Siri Hovde Masterkonsert med Siri Hovde (fløyte) og Trond Schau (flygel)

TYSDAG 13. APRIL 10.00–10.30 Aasen-tunet, Ørsta og Det Norske Teatret, Oslo Dei nynorske festspela 2010 Open pressekonferanse Festspeldiktaren i Oslo på føremiddagen og i tunet om kvelden

20.00 Salen, Aasen-tunet Festkveld med diktekunst Hovudgjest: festspeldiktaren Rønnaug Kleiva Per Halse om salmekunstnaren og omsetjaren Anders Hovden Musikk og litterære gjester Kr 100, gratis for deltakarane på frivilligmøtet

19.00 Biblioteket, Aasen-tunet Innsats Festspela 2010! Vel møtt til alle som vil vere frivillige under Dei nynorske festspela 24. – 27. juni. Program for kvelden kjem på www.aasentunet.no

19.00 Kafeen, Aasen-tunet 150-årskake for Anders Hovden Gratis kake

Kr 150 / honnør og student kr 100

DONALD DEN GAMLE I fjor fylte Donald 75 år. Det har fått meir enn 30 teiknekunstnarar frå fleire verdsdelar til å skape sine bilete av Donald den gamle. Ein av kunstnarane er Solveig Muren Sanden (91), dronninga i norsk teikneseriekunst. Knut Nærum er ein annan av dei som har gjort sitt til at Celebrating the Duck er ei utstilling av det sjeldne slaget. Den blir vist i Galleriet frå 14. mars.

Or gjesteboka i Aasen-tunet

Strøyk nynorskeksamen 2 ganger, men her er jeg. Du vant Aasen J Ina Fjeldstad, Volda, 21. august 2009 Lovely building – a work of art. Bob Thornton, Calgary, Canada, 23. august 2009

PROGRAM OG BILLETTAR Oppdatert informasjon: www.aasentunet.no Billettar til arrangement billettluka.no/aasentunet 70 04 75 84 Billettar kan hentast og kjøpast i alle Narvesen og 7-Eleven-butikkar Med atterhald om endringar


Utgivar: Nynorsk kultursentrum redaktør: Ottar Grepstad

personleg lånekasse. Anders Hovden var fødd 13. april 1860. 13. april lanserer vi festspelprogrammet for 2010 og inviterer til festkveld med diktekunst. Der blir det også plass til salmediktaren og gjendiktaren Anders Hovden.

Tilbod frå butikken i Aasen-tunet

HOVDEN 150 Då Anders Hovden skulle overta som prest på Toten, mønstra flatlendingane all sin motstand mot å få ein nynorskbrukar på preikestolen. I eit telegram varsla dei Hovden om at han var uønskt. – Kari og eg kjem lell, svara presten. Han kom, talte og vann,

same kvar han var prest, og var også ein av dei som med størst kraft tok til motmæle når Bjørnstjerne Bjørnson herja med allmugen og språket deira. Presteutdanninga gjorde Hovden unna i Kristiania i 1880-åra med sambygdingen Ivar Aasen som

T-skjorte med sitat frå Anna Gavalda Festspel-t-skjorta 2009 Før kr 199 No kr 99

VEGEN Vegen opp i Aasen-tunet er ombygd, utbetra og asfaltert. Jostein Nerbøvik-plassen mellom hovudbygningen og utescena har fått ny form. Tilkomsten er blitt lettare for alle, ikkje minst for rørslehemma, og mangt er blitt finare. Arkitektane Hille & Strandskogen visste kva dei gjorde då dei forma prosjektet og heldt asfalten unna veggene til Sverre Fehns verk.

Ottar Fyllingsnes: Jon Eikemo Pokker til kar! Kr 309

STRIKKEKAFÉ Viss ei amerikansk kvinne som aldri har vore i Selbu, skriv ei bok om selbuvotten og tek med ei mengd strikkeoppskrifter, kva skjer då? Då blir boka av Terri Shea ein bestseljar, omsett av Annemor Sundbø. I god tid før OL kjem Sundbø til strikkekafé i Aasen-tunet.

Alfred Fidjestøl: Eit halvt liv Ein biografi om Per Sivle Kr 349

Ope: Mån.–fre. 10–16 • Søn. 12–17 www.aasentunet.no/butikk

SPRÅKHYLLA I samråd med språkvitaren Rolf Theil har vi kjøpt inn meir enn tjue bøker på engelsk om språk i verda. Ei av bøkene er den 16. utgåva av Ethnologue, 1248 sider om 6909 språk i verda. Alt dette språksnadderet er samla i Språkhylla i biblioteket, som er ope 9–15 frå måndag til fredag.


Symra 1/2010