Issuu on Google+

ONEN NYTT FRÅ OLAV H. HAUGE-SENTERET 4. ÅRGANGEN

1/2014 Olav H. Hauge var gartnar og bonde, diktar og gjendiktar, lesar og opplesar. Livsverket hans byggjer på den grunntanken at handverk og diktekunst heng saman. Hauge-senteret vil vidareføra denne grunntanken.

Foto: Finn Ståle Felberg / Oktober

Foto: Mocca Design/Monica Hansen

MELLOM FJORD, FJELL OG HJARTE Kva skjer med ei jente når unge gutar rundt ho døyr? I dikta til Mona Vetrhus finst det ei lita bygd mellom sjø og bratte fjell, der ørn, hjort og viking ferdast i same natur som leikande ungar, og der gutar køyrer i fjorden. I 2012 debuterte Vetrhus med diktboka Nokre gutar kjem ikkje heim i kveld, og 8. februar kjem ho til Hauge-senteret for å snakka om og lesa frå boka.

SKOMSVOLD TIL ULVIK Kjersti Annesdatter Skomsvold gjestar Hauge-senteret på verdas poesidag 21. mars. Skomsvold brakdebuterte som forfattar med boka Jo fortere jeg går, jo mindre er jeg i 2009, og fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris for boka. I 2012 kom boka Monstermenneske ut, som handlar om Skomsvold sin eigen ME-sjukdom. Kritikarane har særleg bite seg merke i hennar kreative og nyskapande språkbruk. Denne språkbruken gjennomsyrar også debuten hennar som lyrikar, med diktboka Litt trist matematikk. Skomsvold vil samtala med Jan H. Landro og lesa frå diktsamlinga. Landro er tidlegare kulturredaktør i BT, og har heile livet levd tett på litteraturen.

VERBALE OG MUSIKALSKE KRUMSPRING Svein Tang Wa er ein markant kulturprofil og trubadur med stavangerdialekta som eitt av sine meste kjende varemerke. Han er ein humanist, humorist og forteljar som dyrkar det gode livet, små situasjonar og vanlege folk, alt formidla med ironisk snert. Johan Egdetveit er kjend som sjangeroverskridande trekkspelvirtuos, og spelar alt frå rock til klezmermusikk. Svein og Johan har gjennom mange år med samarbeid utvikla sin særeigne stil, og publikum bør vera førebudd på mange slags krumspring, både verbale og musikalske. SAMTALE MED EIN MEISTER Benedicte Maurseth har i 22 samanhengande år vore Knut Hamres elev. Når ho ser attende, er det samtalene som har vore det viktigaste i opplæringa. Å vera ingenting er ei bok med samtalar om blant anna kunst, dikting, medkjensle og mystikk mellom meisterspelemann Knut Hamre og eleven hans, Benedicte Maurseth. Dei vitjar Hauge-senteret for samtale og konsert 7. juni.


O L AV H . H A U G E - S E N T E R E T ARRANGEMENT VÅREN 2014 LAURDAG 8. FEBRUAR 20.00 Drøs kafé, Ulvik Inn i diktarverda med Mona Vetrhus Forfattaren les eigne dikt og samtalar med formidlar Guro Ljone Kr 150

LAURDAG 5. APRIL 20.00 Den grøne kafè, Ulvik Konsert med Svein Tang Wa Svein Tang Wa framfører eigne viser. Med seg har han Johan Egdetveit på trekkspel Kr 150

LAURDAG 7. JUNI 20.00 Den grøne kafè Meistermøte Samtale og konsert med felespelarane Benedicte Maurseth og Knut Hamre Kr 150

FREDAG 23. MAI 21.00 Den grøne kafè, Ulvik Siderkveld omsider Tor Hellesnes framfører viser og Asbjørn Børsheim fortel om sider. Arrangement i samarbeid med Sidersleppet Kr 100

KONTAKT OSS Olav H. Hauge-senteret, Promenaden 7, 5730 Ulvik www.haugesenteret.no Tlf. 56 52 70 70 admin@haugesenteret.no

Foto: arkiv, Olav H. Haugesenteret

Foto: Hildur Hauksdóttir / Oktober

Foto: Morten Brun / Oktober

Foto: Knut Bry

FREDAG 21. MARS 20.00 Den grøne kafè, Ulvik Verdas poesidag med Kjersti Annesdatter Skomsvold Forfattaren les frå eigne bøker og samtalar med Jan H. Landro Kr 150

Under utvikling: eit dokumentasjons- og H. Hauge og lyrikk i mange former på tve

Same fine vintervêret. I dag 10 ° ÷. Kanskje det beste vêret på Vestlandet, men elles mykje fint yver heile landet. I morgon opnar leikane på Lillehammer. Stor spaning, flust med snjo, heile landet kvitt. Radio og fjernsyn køyrer for fult. Bussar og politifolk frå heile landet er kalla inn. – Engelske soldatar, 500, driv vinterøvingar her i Ul-

vik. Ungane og engelskmennene spelar seg i bakkane på Lekve, upp frå barnehagen. Ein dag var Knut Hamre og Ågot Gammersvik her. Mykje prat, men hyggjeleg. Nils Øydvin var her og moka snjo frå dørene. Olav H. Hauge i dagboka 11. februar 1994

GJESTENE HAR ORDET

Dette blir spennende! Kommer tilbake hit en annen gang. Ann Margrethe Solheim og Øystein Boland God plass å vera. Takk. Turid Bang


g formidlingssenter om Olav vers av språkgrenser

T I L S K O T S G I VA R A R

ULVIK HERAD

BASISUTSTILLINGA OPNAR 4. SEPTEMBER SixSides vann konkurransen sansar og nyttar plassen og om utforming av basisutstil- romma i Hauge-senteret på linga i Hauge-senteret. Ut- ein god måte, seier dagleg stillinga handlar om Olav H. leiar Geir Netland. Opningsdato for utstillinga Hauge sitt liv og verk, men har også ein høgare himmel, er no fastlagt til 4. september og skal formidla lyrikk i 2014. Dette er dagen før opmange former og på tvers av ninga av poesifestivalen, og språkgrenser. I utstillinga vil vi vil nytta høve til å invitera publikum bli kjende med uli- gjester, publikum og festivalke sider av Olav H. Hauge og deltakar til ei spennande og få ein inngang til hans lyriske innhaldsrik arrangementsunivers. Publikum skal også helg i Ulvik. – Basisutstillinga er ei stor få oppleva den mangfaldige og langsiktig investering for verdslyrikken som rommar alt frå kunstdikt til songly- Olav H. Hauge-senteret. Vi må difor kvalitetssikra innrikk. – Utstillingsløysinga til Six- hald og utstillingselement sides oppmodar til deltaking slik at alle kan oppleva noko SKRIVAREN: Skisse av rommet Skrivaren i 1. etasje der publikum skal bli og undring, ei reise inn i po- nytt om Hauge og lyrikk, kjend med omsetjaren Hauge, og få innblikk i samspelet mellom dikting og esiverda. Utstillinga blir for- også i åra framover, seier gjendikting i fortid og samtid. (Illustrasjon: SixSides) midla gjennom fleire verke- Netland. middel, utfordrar fleire MITT HAUGE-DIKT Det er den draumen Det er den draumen me ber på at noko vedunderleg skal skje, at det må skje – at tidi skal opna seg at hjarta skal opna seg at dører skal opna seg at berget skal opna seg at kjeldor skal springa – at draumen skal opna seg, at me ei morgonstund skal glida inn på ein våg me ikkje har visst um.

Dropar i austavind, 1966

Jeg er ikke den eneste som synes at dette er et vakkert dikt, og muligens blir det nesten sett på som en sviske, men søren heller. Man trenger svisker, vi har behov for å drømme, og det er nettopp noe av det umiddelbare ved diktet jeg liker. Det får meg til å tenke på et sitat av Dmitri Sjostakovitsj: “Jeg lever i fantastiske verdener – og glemmer mitt liv – som om det begynte å bli uutholdelig for meg.” For diktet gjør vondt også – et håp om noe annet innebærer jo at det er noe man ønsker seg vekk fra, og det innebærer en risiko for skuffelse.

Kjersti Annesdatter Skomsvold

SPRÅKÅRET VERKA – For eit år sidan sa me at målet er at mange ved neste årsskifte skal vita meir og tenkja annleis om språk i Noreg enn dei gjer i dag. Det slo til, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum. Ei spørjeundersøking Språkåret 2013 og Nynorsk kultursentrum gjennomførte i 2012 og 2013, syner at endå fleire enn før har eit positivt bilete av Ivar Aasen, og at fleire synest det er positivt at Noreg blir eit meir fleirspråkleg samfunn.


UTGIVAR: NYNORSK KULTURSENTRUM ANSV. REDAKTØR: OTTAR GREPSTAD

Foto: Ivar Aasen-tunet

tane, og me vil gje publikum både gode festivalopplevingar og eit par kraftfulle debattar, seier dagleg leiar Gaute Øvereng i Ivar Aasen-tunet. Dei nynorske festspela vert arrangert i Ivar Aasen-tunet og andre stader i Ørsta og Volda 26.–29. juni 2014.

ABC PÅ NY Barneboka ABC, som Olav H. Hauge og Bodil Cappelen gav ut i lag, vart i desember i fjor gjeve ut i 3. opplag. Samlaget melder at dei totalt har selt om lag 9000 eksemplar av ABC. Forlaget ser på boka som ein av sine store klassikarar som dei alltid skal ha for sal. PROGRAMRÅDET SETT Brageprisvinnar Ruth Lillegraven blir med i programrådet for Ulvik poesifestival saman med Sindre Ekrheim

Putevar: «Midvinter. Snø» Laga av Iren Kleiven Kr 450

Den andre mannen Dokumentarfilm av Vigdis Nielsen (DVD) Kr 179

– forfattar og lyrikkmeldar i BT, Brit Aksnes – frilansar med bakgrunn frå forlag og festivalarbeid, Endre Ruset – lyrikar som også har vore knytt til Norsk litteraturfestival og Eirik Vassenden – professor i litteraturvitskap ved HiB. Arbeidet med hovudtema og program starta i januar. – Me kan lova ein innhaldsrik og spanande poesifestival, så set av datoane 4. – 7. september, seier dagleg leiar Geir Netland ved Olav H. Hauge-senteret.

Finn Coren I draumar fær du (CD) Kr 180

www.haugesenteret.no

Tilbod frå nettbutikken

FESTSTELA 2014 Ørnulf Opdahl skal vera festspelutstillar under Dei nynorske festspela 2014. Opdahl kjem frå Ålesund og er kjend langt utover Noregs grenser for tolkingane sine av den mektige, vestlandske naturen. Festspeldiktar Agnes Ravatn (bilete) vil med si observante, modige og humoristiske røyst setja sitt tydelege preg på Festspela 2014, som har temaet makt. – Makt gjev oss store rom når me skal fylla dei ulike programpos-


Onen 1/2014