Page 1

FESTSPELSYMRA NYTT FRÅ DEI NYNORSKE FESTSPELA 2010

TORSDAG 24. JUNI

24 25 26 27

FESTSPELDIKTARENS FAVORITTRETT God mat og drikk høyrer med på ein festival. På Dei nynorske festspela får festspeldiktaren velje sin favorittrett som ein del av festspelmenyen frå kjøkkenet i Aasen-tunet. Rønnaug Kleiva har eit spesielt forhold til spinat-burek, som ho første gong fekk smake i ein liten Rønnaug Kleiva (foto: Ingjerd Kleiva) bulgarsk by på grensa til Tyrkia og Hellas. – Sidan har eg alltid elska spinatpai, eller spinatburek, eg har ete han i tallause variantar, alle gode, og eg lagar han sjølv når eg skal gjere stas på folk, seier festspeldiktaren.

Monika Nordli og Steinar Albrigtsen

STEINAR ALBRIGTSEN PÅ NORSK Steinar Albrigtsen har gjendikta sine eigne favorittlåtar av den amerikanske songaren og låtskrivaren Jim Croce til si eiga dialekt. Desse songane blir framførte for første gong for publikum når han står på utescena i Ivar Aasen-tunet saman med songaren Monika Nordli og bassisten Andrew Nesblom. Saman gir dei publikum ein musikalsk miks som er ein nordvestlandsk seinsommarkveld verdig. Begge kjem dei med kvar sin CD på norsk til hausten. Albrigtsen med ein heil CD med songar av Jim Croce. Han er mellom anna opphavsmannen til hiten ”Bad, bad Leroy Brown” som Frank Sinatra gjorde til sin eigen. Jim Croce omkom i ei flyulukke i 1973, men musikken hans er framleis levande. Songane er ærlege, melodiøse og treffer lyttarane i hjartet. Når Steinar Albrigtsen syng dei på sitt eige målføre, blir det om mogleg eit endå sterkare uttrykk. Telemarkingen Monika Nordli skriv alle songane sine sjølv og har gitt ut to album prega av mellom anna pop, rock og roots. I kveld syng ho songar frå det tredje albumet som kjem til hausten, denne gongen med tekstar på nynorsk.

AASEN I BRUK Ivar Aasen gjekk til fotografen berre tre gonger i livet sitt. Likevel er motivet av han brukt i tallause samanhengar. Jostein O. Mo har gått lengre enn dei fleste i å samle på bruksgjenstandar der bileta av Aasen og statuen av han er trykt. Flasker, koppar, t-skjorter, plakatar, frimerke. Samlinga til Jostein O. Mo har han berre sjølv fullstendig oversyn over. På Festspelutstillinga som blir opna i kveld, får du sjå eit utval av dei mest råkande gjenstandane i Galleriet i Ivar Aasen-tunet. KOR LANGT REISTE IVAR AASEN? Ivar Aasen reiste i 23 år for å samle stoff om talemål landet rundt til det som blei skriftspråket nynorsk. Ingen rekna på kor langt han reiste. Det har direktør Ottar Grepstad i Ivar Aasen-tunet gjort. No kan du vere med på å gjette kva resultat han kom fram til, 9872, 15 273 Ivar Aasens reiser eller 24 438 km! Du kan levere svaret ditt i ein boks i resepsjonen i Aasen-tunet, eller sende det på ein e-post til gaute@aasentunet.no. Laurdag 26. juni legg Ottar Grepstad fram resultatet, og vinnaren av konkurransen blir kåra straks foredraget Dette er Ivar Aasen er ferdig.

UTGIVAR: NYNORSK KULTURSENTRUM REDAKTØR: GAUTE ØVERENG ANSVARLEG REDAKTØR: OTTAR GREPSTAD


FESTSPELA I DAG – TORSDAG

Rønnaug Kleiva Foto: Ingjerd Kleiva

Maria Parr Foto: Sølvi Brudevoll

Ivar Aasen, 1871

Steinar Albrigtsen

Festspeldiktarens favorittrett

Maria Parr

Festspelutstillinga Ivar Aasen i bruk

Steinar Albrigtsen og Monika Nordli

17.00–24.00 Kafeen, Aasen-tunet Burek med spinat Kr 110

20.00 Salen, Aasen-tunet Årets nynorskbrukar i samtale med Audhild Gregoriusdotter Rotevatn

21.00 Galleriet, Aasen-tunet

22.00 Uteamfiet, Aasen-tunet Musikk av Jim Croce og Monika Nordli Med Andrew Nesblom på bass

Kr 50

Du får kjøpt favorittretten til Rønnaug Kleiva kvar dag under Festspela.

Kr 300 / student og honnør 200

FESTSPELA I MORGON – FREDAG

Hans H. Skei

Malin Reitan

Gabriel Fliflet Foto: Nicolai Karlsen

Sigvart Dagsland

Ivar Aasenminneforedraget

Familieshow med Malin

Åresong

Sigvart Dagsland

Hans H. Skei: Mindre er meir: Nye tankar om den korte forteljinga Sigrid Merethe Hanssen les Kr 100

Aktivitetar og sal av mat og drikke etterpå Kr 100 barn og vaksen / familie 300

Ei høgtidsstund med songar som vil leve lenge (BT) Gabriel Fliflet, Per Jørgensen, Benedicte Maurseth, Kristoffer Vogt og Stein Urheim Kr 200

Sigvart Dagsland, Torjus Vierlid, Hildegunn Garnes Reigstad og Ingelin Reigstad Norheim Kr 300 / student og honnør 200

13.00 Salen, Aasen-tunet

17.00 Volda bygdetun

18.00 Salen, Aasen-tunet

22.00 Uteamfiet, Aasen-tunet

Billettar og meir informasjon på www.aasentunet.no. Du får også kjøpt billettar på Narvesen. HOVUDSPONSORAR

Festspelsymra 1 2010  

Nytt frå Dei nynorske festspela

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you