Festspelavisa 2018

Page 11

Tingingsverket Ferdaminne Tord Gustavsen urframfører tingingsverket i høve Vinje-jubileet under Dei nynorske festspela.

Gustavsen er ein av Noregs mest kjende jazzmusikarar, og han tek med seg ein konsert basert på kapittelet «Huldra» i Ferdaminne til Aasen-tunet. – Vi nyttar òg nokre av dei dikta som reisekaren bryt ut i andre stader i boka, fortel Tord Gustavsen. – Musikk og resitasjon får verke intimt saman. Vi går inn i den poetiske styrken til verket, vi kjenner på hovudpersonen si sjølvkjensle og korleis han tviler på seg sjølv, og vi etablerer konteksten – sjølve reiseforteljinga. Skodespelar Cecilie Jørstad les eller fortel. I bandet er Tore Brunborg på saksofon, Sigurd Hole på kontrabass, Jarle Vespestad på trommer og Rune Børø på lyddesign. – Alle er folk eg har arbeidd saman med i ensemblet mitt og i ulike konstellasjonar før, og det er verkeleg stimule-

rande å setje det kjende saman på ein ny måte og med eit heilt eige fokus, seier Gustavsen, som hadde ei paradoksal oppleving med boka før han takka ja til å gjere tingingsverket. – Teksten tala først ikkje til hjartet mitt eller musikaliteten min, berre til forstanden. Det opna seg gradvis, og etter kvart vart eg ein stor fan. Kapittelet «Huldra» er verkeleg lysande. Alle bør unne seg å lese det aller mest kjende diktet i boka, «No ser eg atter slike fjell og dalar», på nytt. Det er ein tekst med mange fleire lag og større djupner enn eg først trudde, avsluttar Gustavsen. Tingingsverket er støtta av Kulturrådet. Laurdag 9. juni 22.00–23.15 Salen, Ivar Aasen-tunet Ferdaminne Kr 400 / student og ungdom 200

Handel for høvet

tord gustavsen (foto: Hans Fredrik asbjørnsen)

Varslingar

Ny annonse

Meldingar

Førre

Eigedom / Bustad til sals / Møre og Romsdal / Ørsta/Volda

Min FINN

Til søket

Neste

GRATIS OG UFORPLIKTANDE verdivurdering, Ørsta/Volda laurdag 9. juni kl. 13.00 Prisantyding

150,-

Innhald: Marit Eikemo og Frode Grytten står for eit av dei mest originale høgdepunkta under Dei nynorske festspela 2018. Eikemo kom denne våren med boka Gratis og uforpliktande verdivurdering. I boka følgjer vi eit par i dei siste dagane før bodrunden. Medan dei ser over prospektet og går gjennom rom for rom, blir det samstundes ei vurdering av deira eige forhold og livet dei lever. Forfattaren og sambygdingen Frode Grytten blir med på visinga i eit hus til sals i Ørsta eller Volda. Han vil lese frå Det norske huset, som handlar om den store bustaddraumen som gjorde oss alle til spekulantar. –Det er alltid moro å vere med Marit. Det blir latter og alvor, tjohei og tårer – garantert, seier han. Informasjon om arrangementstad og billettar på festspela.no Lagre annonsen

11


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.