Page 1

Sparebank 1 Søre sunnmøre • Sunnmørsposten • Lydkjelleren • Kulturrådet • Fritt ord Kulturdepartementet • Møre og Romsdal fylkeskommune • Volda kommune • Ørsta kommune


Helsing til Festspela

Gaute Øvereng (foto: Aasen-tunet, Sunniva Lund Osdal)

Festspel med identitet Kor viktig er språket ditt, det du les og dei orda du vel å bruke, for den du er? Temaet for Dei nynorske festspela er identitet, og dette er spørsmål vi ønskjer at publikum skal få reflektere over desse fire festspeldagane.

Skulane har enno ikkje teke sommarferie når årets festspel blir sett i gang. Det er nytt av året og gir oss eit eineståande høve til å utvide tilbodet til ei av dei viktigaste målgruppene våre, born og unge. I godt samarbeid med skulesektoren i Ørsta og Volda, og Fylkesbiblioteket i Møre og Romsdal, vil svært mange skuleelevar få besøk av engasjerte forfattarar som spreier leseglede. Det er kjekt å kunne bidra til slikt. Språket og litteraturen er kjernen i festspelprogrammet, og publikum vil

møte dette gjennom både nære samtalar om viktige tema, foredrag, opplesingar, humor og eit breitt musikkprogram. Festspeldiktar Marit Eikemo får travle og kjekke dagar. Du får ein unik sjanse til å bli betre kjend med forfattarskapen hennar, og hennar evne til å skildre samtida med skarpe refleksjonar og varme. Vi får ikkje dette til åleine. Vi vil difor rette ein stor takk til alle frivillige og rekkja av gode samarbeidspartnarar som er med på å gi publikum ei ugløymande festspeloppleving.

Norsk kultur og identitet blir stadig diskutert i det offentlege ordskiftet. Det er lite konsensus om kva norsk kultur omfattar. Det er interessant å ha med seg at nettopp den manglande konsensusen har lange historiske linjer. Både i mitt parti, Venstre, og hos Ivar Aasen var det som Arne Garborg seinare kalla tokultur-læra, eit viktig utgangspunkt for samfunnsanalyse. Oppfatninga var at det eksisterte to kulturar i Noreg. Den eine hadde tilknyting til ein elite med røter i Danmark, og den andre var den opphavlege norske kulturen til folket. Vi veit i ettertid at nasjonen vart bygd på begge kulturane – og at Noreg i tillegg er bygd på territoriet til samane. Særleg i USA og Storbritannia er det no diskutert korleis ei ny todeling av folket er politisk relevant. Ein skil mellom «anywheres» og «somewheres», mellom ein elite som orienterer seg globalt og ei stadbunden underklasse. Eg trur ikkje den delinga er så relevant i Noreg. Motsetnader i Noreg skriv seg for ein stor del frå medviten kamp og forhandling mellom identitetar, ikkje skeiv

Kulturminister Trine Skei Grande (foto: Mona Lindseth, Venstre )

fordeling av gode. Det ser ut til å gjort oss ulike, og at vi klarar å vere det på ein samlande måte. Målrørsla har vore ein viktig premissleverandør for dette. Eg ynskjer festspeldeltakarane gode opplevingar og samtalar om identitet!

Festspela styrker identiteten vår

Vel møtt!

Gaute Øvereng dagleg leiar Aasen-tunet

Uredd festivalarrangør Det er igjen klart for Dei nynorske festspela. Som alltid har dei eit rikhaldig og variert program. Det blir kunst, litteratur, foredrag, konsertar og førestillingar for barna. Her blir det gode kulturopplevingar for alle. Årets tema er «Identitet». Dei nynorske festspela viser igjen at dei ikkje er redde for å ta opp tema som er relevante og kanskje vanskelege. For kven og kva definerer identitet? Korleis kan språket vere med på å definere oss sjølve? Og på kva for måte er det med å definere dei andre? Det blir spennande å ta del i Festspela si utforsking av temaet. Eg ønskjer lukke til. 2 Dei nynorske festspela 2018

Jørgen Amdam (foto: Volda kommune) og Stein Aam (foto: Charlotte K. Kvistad)

Fylkesordførar Jon Aasen (foto: MR Fylke)

Dei nynorske festspela er ei svært viktig hending i regionen vår som er med og styrker vår identitet som nynorskkommunar. Programmet i år er spanande, og kvinnene er sterkt representerte både i samtalar og konsertar. Spesielt interessant er det at både lokale, nasjonale og internasjonale kapasitetar er sterkt engasjerte i programmet. Programmet er mangfaldig og appellerer til breie grupper av innbyggarar. Som festspeldiktar Marit Eikemo seier: «Det er blitt

eit strålande program med stor variasjon og med mange av mine favorittnynorskfolk.» Vi ynskjer Dei nynorske festspela til lukke med programmet i 2018. Jørgen Amdam Ordførar Volda Stein Aam Ordførar Ørsta


Maria Horvei (pressefoto), Marit Eikemo (foto: Agnete Brun), John-Ragnar Aarset (foto: Hans Kristian Thorbjørnsen) og Frida Ånnevik (pressefoto)

Debutant opnar Festspela Til hausten debuterer Tharaniga Rajah med romanen Det er lenge til skumring. Torsdag får vi høyre utdrag frå denne romanen på opningshøgtida, der forfattaren også skal halde opningstalen for Dei nynorske festspela. – Rajah er ei av mange som representerer framtida for den nynorske litteraturen, og det er særleg stas å peike framover med ein slik opningstalar i jubileumsåret for Det Norske Samlaget, seier dagleg leiar Gaute Øvereng i Ivar Aasen-tunet. Opningstalen blir det første oppdraget Rajah har som forfattar. – Å vekse opp med å sjonglere to kulturar, tvingar ein til tenkje på kven ein er og korleis ein verkar på andre. Identitet er eit spennande tema, og eg vonar talen min kan få folk til å sjå dette frå ein annan vinkel, at dei får litt å tyggje på, seier Rajah. Opningshøgtida er også første møtet festspelpublikummet får med festUtgivar: Nynorsk kultursentrum Indrehovdevegen 176 6160 Hovdebygda Tlf. 70 04 75 70 admin@aasentunet.no festspela.no - aasentunet.no

speldiktar Marit Eikemo, som vil lese ein nyskriven tekst for dette høvet. Generalsekretær John-Ragnar Aarset i Høgre tek imot prisen Årets nynorskbrukar, og vi får høyre vakker song frå Frida Ånnevik, som held konsert i uteamfiet seinare på kvelden. Programleiar for det heile er Maria Horvei, redaktør i det litterære magasinet Vinduet. Torsdag 7. juni 18.00–19.00 Salen, Ivar Aasen-tunet Opningshøgtid Kr 200 / student og ungdom 150

Tharaniga Rajah (foto: Oda Berby)

Ansvarleg redaktør: Ottar Grepstad Redaktør: Laila Walseth Lid

Redaksjonen: Olav Øyehaug Opsvik Gaute Øvereng Framtida.no Produksjon: Aarflot Media Holding

Designkonsept Thomas Lewe design Trykk: Sunnmørsposten/ Polaris Trykk Ålesund

Opplag 28 000, av dette 22 000 som innstikk i Sunnmørsposten 24. mai og 4800 som innstikk i Møre-Nytt 31. mai

3


Festspeldiktar med

mange ballar i lufta

Marit Eikemo → Fødd i odda 6. april 1971, bur i bergen → utdanna cand.mag. Har vore journalist i bergens tidende, redaktør i Syn og Segn saman med Hilde Sandvik (2002–2006), informasjonssjef for Festspillene i bergen (2006–2009), kunstnarisk leiar for festivalen Litteratursymposiet i odda (2009–2014) og redaktør i forlaget Vigmostad og bjørke (2014–2016). Frå 2016 er ho dagleg leiar for Cornerteateret i bergen. → debuterte i 1999 med reportasjeboka Her, no. Møte med unge menneske. Første romanen Mellom oss sagt, kom i 2006 → Samtidsruinar vart i 2008 kåra til årets nynorskbok av dag og tid. eikemo fekk nynorsk litteraturpris 2011 for Samtale ventar. i 2017 fekk ho amalie Skram-prisen for forfattarskapen sin. den siste romanen Gratis og uforpliktande verdivurdering kom i april 2018 og har hausta gode kritikkar. → er festspeldiktar ved dei nynorske festspela 2018

4

dei nynorske festspela 2018


Marit Eikemo drøymde aldri om å bli forfattar. I vår kom ho med sin femte roman, og i juni er ho festspeldiktar under Dei nynorske festspela. Den travle forfattaren sit på kafeen på Cornerteateret i Bergen. Her er ho dagleg leiar og har kvardagen fylt opp med prosjekt i tillegg til skrivinga. I april kom den femte romanen hennar: Gratis og uforpliktande verdivurdering, som har fått strålande kritikkar. Bokmeldar Gabriel Michael Vosgraff Moro i VG gav romanen terningkast fem og meiner «Marit Eikemo har skrevet en knakende god pageturner om norsk middelklassehverdag, knuste drømmer og jakten på det perfekte liv». Sjølv med ein travel kvardag og nylevert bok, tek ho ikkje pause frå skrivinga. –No held eg blant anna på med ein tekst til ein antologi som Mette Marit skal vere redaktør for, til verdas største bokmesse i Frankfurt i 2019, fortel ho. –Korleis er det å skrive skjønnlitteratur på oppdrag? –Eg synest eigentleg det er greitt. Eg skreiv òg ein tekst for teaterstykket Heim, ein Vestlands-krønike som har gått på Hordaland Teater, der mange forfattarar vart inviterte til å skrive ei scene. Det var kjekt, fortel ho. Håper på diskusjon Romanen Gratis og uforpliktande verdivurdering handlar, som tittelen seier, om bustadkjøp. Her følgjer vi eit par som kjem over draumehuset på Finn. no. Vi følgjer dei i dagane før, under og etter vising og gjennom alle diskusjonar og vurderingar. –Samstundes blir fortida rulla opp, og det som ytre sett er ei vurdering av huset, viser seg å vere ei ganske grundig vurdering av dei sjølve og forholdet. Så huset blir eit symbol på kva liv ein ønskjer eller ønskjer seg vekk ifrå, fortel ho. For Eikemo har det vore interessant å sjå på kva desse bustaddraumane representerer for oss. –Hanne, karakteren i boka, er oppteken av at dette er eit fellesprosjekt. Det viser seg i løpet av handlinga at det kanskje er like mykje hennar soloprosjekt, og at ho har gått langt for å halde oppe fellesskapet, familieinstitusjonen og så bortetter, seier ho. Eikemo har vore oppteken av kva som eigentleg er det verste vi kan gjere mot kvarandre i dag. –Ein blir jo sjokkert av å høyre at

nokon har vore utru og kanskje funne seg nokon andre, men kva er det som verkeleg set verdiane våre på spel? Kva kan ein gjere i eit tosamt fellesskap, som er uoppretteleg? seier ho løyndomsfullt. –Det vil punktere heile lesaropplevinga for folk om eg avslører kva som skjer. Men eg håper det kan danne utgangspunkt for diskusjonar etter kvart, seier ho. Samtidsobservasjonar Særleg Finn.no har vore ei inspirasjonskjelde for forfattaren, som har følgt med på bustadmarknaden i mange år. –Eg har vore heilt manisk på Finn og brukt enormt med tid der, sjølv om eg eigentleg ikkje har tid til å halde på med det, fortel ho, og legg til at ho har gjort det til ein arbeidsmetode i livet at ingenting skal vere bortkasta. – Har eg brukt mykje tid på Finn, så må eg i det minste bruke det til ein roman, eller noko, ler ho. –Kor viktig er det for deg å vere kritisk til samtida? –Det er ikkje ei rolle ein tek på seg, men heller ein måte å vere i verda på, å stille spørsmål til det som omgir ein. Det som er viktig for meg som samtidsforfattar, er at eg gjennom eit truverdig narrativ kan prøve å seie noko nytt om den tida vi lever i. Det nynorske blikket På påstanden om at det finst eit eige nynorsk blikk, veit ikkje Eikemo om ho er einig i. –Det er klart at kjem ein frå utkanten, så har ein jo ei anna erfaring enn om ein kjem frå byen, men det er store variasjonar. Eg vil heller snakke om variasjonane som finst, seier ho. –Du kjem frå Odda, som er ein liten plass. Trur du det er med på å forme det du skriv? –Ja, det trur eg. På slike små plassar får ein på ein heilt annan måte tildelt ulike roller, som ein ikkje så lett kan tre ut av. I byen kan ein lettare gå inn og ut av ulike roller. Men er du politimann i Odda, så er det det du er. Eller brannmann, eller fittetjuven. Ein får så veldig den rolla. Og då blir det som om alle i samfunnet spelar ut rolla si. Ofte overspelar dei litt òg. Dette er noko Frode Grytten får fint fram, synest eg. Eikemo dreg også fram den munnlege forteljetradisjonen frå fabrikkane. –Eg har jobba mange somrar i produksjonen på fabrikkane, og det er jo ein type lukka samfunn som gir grobotn for ein litt røff tone og gode forteljingar, som ikkje alltid er så lette å etterprøve.

Eg synest historiene frå fabrikken har ei spesiell kraft i seg. Eg likar den barske måten å fortelje på, seier ho. Ingen forfattardraum Marit Eikemo hadde ingen draum eller noko håp om å bli forfattar. Det var eit stort nok sprang å tore å bli journalist. Etter å ha skrive reportasjeboka Her.No, tok ein av redaktørane i Samlaget kontakt og oppmoda ho om å skrive skjønnlitterært. –Det hadde eg nok ikkje tort, viss ikkje. Så det var ikkje slik som andre ofte seier, at dei visste at det var det dei skulle bli. Eg likar veldig godt å vere i arbeidslivet, og eg har ikkje noko behov for å definere forfattarskapet som eit arbeid, slik eg ser enkelte har. Eg synest skriving er noko anna enn arbeid, fortel ho. –Så du vil halde fram med å gjere begge delar? –Ja, viss eg har helse til det. Det er jo eit helvete å halde på slik. Men eg ser jo at begge delar gir meg energi. Det er ikkje sikkert eg hadde halde ut å berre gjere éin ting, smiler ho.

Klar for festspel Frå 7. til 10. juni er ho festspeldiktar under Dei nynorske festspela. Ho gler seg mykje og fortel engasjert om programmet. –Eg og Frode Grytten skal ha vising og verdivurdering av eit hus som er til sals. Det trur eg blir gøy! fortel ho engasjert. I tillegg skal ho mellom anna samtale om å byggje karakterar, verdiar, mødrer i litteraturen. Av Ingvild Eide

Festspeldiktarar 2013–2017 2013 Lars petter Sveen, guri Sørumgård botheim og Sigrid Sørumgård botheim 2014 agnes ravatn 2015 gunnhild øyehaug 2016 ruth Lillegraven 2017 Lars mæhle

Her møter du festspeldiktaren Torsdag 7. juni 18.00–19.00 Salen, ivar aasen-tunet Opningshøgtid rett etter opningshøgtida går vi samla ut til ivar aasen-bautaen gamletunet, ivar aasen-tunet Blomar ved bauta: Ivar Aasenbautaen Fredag 8. juni 12.30–13.15 Salen, ivar aasen-tunet Festspeldiktaren 16.30–17.15 Salen, ivar aasen-tunet Munn til munn Laurdag 9. juni 10.30–10.45 Samtidsruinar 11.00–11.45 matsalen, møre Folkehøgskule Essayisten Vinje 13.00–13.45 Hus til sals, ørsta el. Volda Gratis og uforpliktande verdivurdering 16.30–17.15 Salen, ivar aasen-tunet Mødrer i litteraturen 17.30–18.15 utstillinga, ivar aasen-tunet Karakterbygging Søndag 10. juni 11.00–12.00 Uteamfiet, Ivar Aasen-tunet Festspelgudsteneste i det fri 13.00–13.45 Salen, ivar aasen-tunet Språk for tru Festspeldiktaren har stått for omsetjingar og bøker til desse arrangementa Fredag 8. juni 18.00–19.15 ivar aasen-tunet Alt inkludert Scenisk lesing av Alt inkludert av marit eikemo med skodespelarar frå det norske teatret 23.30–24.00 – –24.00

peisestova, møre Folkehøgskule, ørsta Målbar: Finst det liv på Mars? Songar frå den engelskspråklege populærkulturen omsett og framført på nynorsk

Alle dagar

møre Folkehøgskule Fotoutstillinga Samtidsruinar

5


Frida Ånnevik

Frida Ånnevik vann sin tredje Spellemann i vinter, og nådde heilt til semifinalen av «Århundrets stemme» på TV2 i vår. Ho får æra av å spele den første konserten under Dei nynorske festspela. Musikken hennar kallar ho visesong med litt attåt. – Eg lèt meg påverke av all musikken eg høyrer og ber med meg, og eg diggar å kunne pakke inn mine eigne songar i lydar som vekselvis både gir motstand og følgjer teksten. – Det fascinerer meg at vi, i 2018, enno er litegrann holebuarar som liker å sitje rundt bålet om kvelden og høyre forteljingar og songar – at ordet og evna til å fortelje enno trumfar teknologien. Temaet for Festspela i år er identitet. Ånnevik kjem frå Ridabu utanfor Hamar, og ho syng på hedmarksdialekt. – Språket mitt er viktig for meg som artist, det gir meg identitet. Hedmarksdialekta er både tung og lett samtidig, og det er eit språk eg bruker litt med omhug. Viss eg skal inn på det som er ambivalent for meg, må eg syngje det på dialekt for at det skal smelle ordentleg. For ein visesongar med dragning mot popmusikken kan ein trygt seie at hedmarksdialekta gir motstand, for ho er alt det som pop-imaget ikkje er: treig, triveleg og traust. På scenen har ho med seg Jo Berger Myhre, bass, Pål Hausken, trommer, Haldor Røyne, gitar og Andreas Ulvo, piano. Torsdag 7. juni 20.00–21.15 Uteamfiet, Ivar Aasen-tunet Frida Ånnevik Kr 350 i amfiet/ 325 / ungdom 250 / barn 200 Frida ånnevik (foto: anne Valeur)

Det beste frå Sigrid Moldestad I fjor feira ho ti år som artist. Fredag kveld på Festspela tek ho med seg fullt band og dei beste songane sine til uteamfiet.

Sigrid moldestad (foto: øystein Haraa)

6

dei nynorske festspela 2018

Sigrid Moldestad er blitt ein av Noregs fremste artistar innanfor folkemusikk, vise- og tradisjonsmusikk. Ho har eit sterkt forteljehjarte med leikfull kraft og melankoli i sjølvskrivne viser og tekstar. – Eg gler meg veldig til å kome til Ivar Aasen-tunet igjen. Der har eg hatt kjekke opplevingar før. Festspela er ein særmerkt festival som set nynorsken i høgsetet, seier Moldestad. Felespelaren frå Breim i Nordfjord vart tidleg introdusert for folkemusikken. Ho har studert folkemusikk ved Ole Bull-akademiet på Voss og har fordjupa seg i tradisjonen frå heimeområdet sitt. Det er også denne musikken som er inspirasjon og rota til mykje av det ho skaper sjølv. Moldestad har fått to Spellemannprisar og ei rekkje andre utmerkingar. Hausten 2017 gav ho ut plata Vere her.

På konserten blir det fleire songar frå denne plata, i lag med ei samling av dei beste songane hennar frå dei siste ti åra. – No arbeider eg med ei plate med folkemusikk frå heimstaden min, fortel Sigrid Moldestad. I bandet er Jørgen Sandvik på gitar, mandolin og banjo, Sigbjørn Apeland på piano og trøorgel, Anders Bitustøyl på bass, Kåre Opheim på trommer og Roald Kaldestad på gitar. Fredag 8. juni 20.00–21.30 Uteamfiet, Ivar Aasen-tunet Sigrid Moldestad Kr 350 / 325 / honnør, student og ungdom 250 / barn 150


Konsertkabaret med Herborg Kråkevik

– Vi skal lage ein konsert for Festspela full av god musikk og godt humør! seier Herborg Kråkevik. Kråkevik fekk strålande kritikkar for kabareten på Chat Noir sist vinter. «Lyst og levande» og «frekke klør og mjuke mjau» skreiv høvesvis Dagsavisen og VG. No tek ho med seg det same kritikarroste

ensemblet og mange av dei same songane til uteamfiet i Ivar Aasentunet, med Tove Kragset på piano, Gjermund Silset på bass, Katrine Pedersen på cello og Hans Petter Mæhle på fiolin. – Det er alltid godt å kome innom dei kjernestadene nynorsken har i Noreg: Aasen-tunet, Det Norske Teatret og Hauge-senteret. Eg skal til alle desse stadene i løpet

av året, og det gjer meg glad og trygg! – Nynorsk er heilt grunnleggjande for meg både i liv og arbeid, understrekar Herborg Kråkevik. Kråkevik har vore i Aasentunet tidlegare, og ho gler seg til å kome igjen. – Sist vart vi så godt mottekne, og eg har store forventningar til denne konserten.

Kunstnarisk spelar Kråkevik på eit breitt register – frå elleville humorshow til inderlege musikalske framføringar.

Laurdag 9. juni 20.00–21.15 Uteamfiet, Ivar Aasen-tunet Herborg Kråkevik Kr 350 i Uteamfiet / 325 / student og ungdom 250 / barn 150

7


Ivar Aasenminneforedraget:

«Eg finner vel eit hus som vil meg hysa» Jan Inge Sørbø, professor ved Høgskulen i Volda, har skrive eit storverk om nynorsk skjønnlitteratur – frå Ivar Aasens tid til i dag. I minneforedraget vil han leggje spesiell vekt på nynorskforfattarane som reisande. – Eg tek til med Aasen og held fram med Vinje, som begge gjekk lange turar i Noreg. Den nynorske litteraturen er sett saman av personar som har brote opp, og det har gitt nynorsken eit utanforblikk som set spor i heile litteraturen, seier Sørbø. Sørbø er aktuell med Nynorsk litteraturhistorie, der han viser korleis nynorske forfattarar både har forma dei litterære normene i periodane dei levde i, og opponert mot dei. – Aasen var svært viktig både lingvistisk og for litteraturen, og han er

blant dei viktigaste diktarane på 1800talet, seier Sørbø. Han meiner utanforblikket kjenneteiknar den nynorske litteraturen fram til i dag, og viser til både Kjartan Fløgstad, Marit Eikemo og Agnes Ravatn som døme på det. Utviklinga av det nynorske skriftspråket har sytt for at stemmer og erfaringar frå heile landet har fått innpass i litteraturen, og at det er blitt skrive bøker frå småbruk og fiskevær på eit språk som reflekterer mang ein lesar sin eigen måte å tenkje og snakke på. Fredag 8. juni 10.00–10.45 Salen, Ivar Aasen-tunet Ivar Aasen-minneforedraget: «Eg finner vel eit hus som vil meg hysa» Kr 120 / ungdom 70

Jan Inge Sørbø (foto: Agnete Brun)

To diktarar frå Vestlandet Erlend O. Nødtvedt og Runar Gudnason i samtale med Eivind Myklebust om geografi, landskap, språk og tilhøyrsle.

«Vestlandet er ikke et sted, det er en tilstand, et vesen» heiter det ein stad i boka Vestlandet av Erlend O. Nødtvedt. Han er klar på kvifor landsdelen fortener ein eigen roman: – Fordi det er ein så vakker og grufull plass. Runar Gudnason skreiv i fjor på Framtida.no om å flytte heim til Hovdebygda: «Heime er ikkje nødvendigvis berre ein geografisk plass, det kan like gjerne vere ei tid, ein sinnstilstand, eller kjensler utløyst av noko du sansar, gjennom lukter, syn, eller nokre lydar.» 8 Dei nynorske festspela 2018

– Eg har skrive mykje om Sunnmøre fordi det er her eg kjem ifrå. Eg tenkjer Vestlandet er mykje, det er samansett, fortel Gudnason – og legg til: – Det er i alle fall meir enn Hordaland og Sogn og Fjordane. Hovdebygdingen gler seg til å møte ørsting og litteraturkritikar Eivind Myklebust og diktaren Erlend O. Nødtvedt til samtale. – Nødtvedt er vår tids beste diktar, synest eg. Eg gler meg veldig til å møtast! Fredag 8. juni 14.00–14.45 Salen, Ivar Aasen-tunet Vestlandet Kr 150 / honnør 100 / student og ungdom 80

Runar Gudnason (foto: Tord Lejon)

Erlend O. Nødtvedt (foto: Elias Dahlen)


Det nynorske i det nordiske Kvifor skrive ei nynorsk litteraturhistorie? Og kva skil den nynorske litteraturen frå den nordiske?

Nynorsk litteraturhistorie av professor Jan Inge Sørbø er første gongen den nynorske litteraturhistoria er samla i éi bok. Litteraturkritikar Eivind Myklebust leier ein samtale mellom Sørbø og litteraturkritikar og journalist Marta Norheim om det nynorske i det nordiske. – Nynorsken har hatt i seg ein aggresjon mot sider av det nordiske, for å gjere plass til norsk språk. Ein har vore nøydd til å slå frå seg for å få plass. Men

nynorsken har òg vore eit dialogisk og lyttande prosjekt, fortel Jan Inge Sørbø. – Nynorske forfattarar las mykje nordisk litteratur, og hadde mykje kontakt med Danmark. Garborg fekk gjennomslag delvis på grunn av brørne Brandes. Vesaas-ekteparet var svært opptekne av det nordiske, avsluttar han. Laurdag 9. juni 14.00–15.00 Salen, Ivar Aasen-tunet Det nynorske i det nordiske Kr 150 / honnør 100 / student og ungdom 80

Mødrer i litteraturen Marit Eikemo, Hilde Kvalvaag og Marta Norheim møtest til samtale med Kristin Fridtun om mødrer i litteraturen.

I dei to siste bøkene sine skildrar festspeldiktar Marit Eikemo to mødrer: ei åleinemor som flyttar til ein ny stad utan så mange personlege eigedelar i Alt inkludert, og i den siste boka hennar ei mor som har funne draumehuset i Gratis og uforpliktande verdivurdering. I boka Lev vel, alle skriv Hilde Kvalvaag om Knut på seksten som blir med mora Gunhild til Canada. Dei skal følgje fotspora til oldefaren, som forlét familien i Noreg for aldri å kome tilbake. Det blir eit eksistensielt drama mellom mor og son. Marta Norheim er litteraturkritikar i NRK og har skrive fleire bøker om norsk samtidslitteratur, seinast Oppdateringar frå lykkelandet i fjor. Kristin Fridtun er spaltist i Dag og Tid og har gitt ut fleire bøker om språk og kjønn. – Vi skal snakke om litterære

Kristin Fridtun (foto: Silje Krager, Samlaget)

Hilde Kvalvaag (foto: Tove K. Breistein)

mødrer som fascinerer og engasjerer, og spørje om dei ser nokon tendensar eller mønster i korleis mødrer blir framstilte, avslører Kristin Fridtun. Laurdag 9. juni 16.30–17.15 Salen, Ivar Aasen-tunet Mødrer i litteraturen Kr 150 / honnør 100 / s og u 80

Eivind Myklebust (foto: Tuva Maria Engdal)

Marta Norheim (foto: Tove K. Breistein)

Kven er eg – og er det viktig? Vi blir definerte og definerer oss sjølve gjennom språk og orda vi vel på godt og vondt.

Kristin Fridtun er kjend for mange gjennom språkspalta si i Dag og Tid, og er aktuell med boka Homoflokar. Linda Klakken har markert seg med å skrive om det skeive livet i det streite Noreg både for vaksne og barn. Barneboka Dumme, dumme hjarte handlar om forelsking mellom to jenter. Lyrikkdebuten hennar, Mamma, kone, slave, vart av Dagbladet og Bokmagasinet kåra til ei av årets beste bøker i 2013. Tharaniga Rajah er skribent og debuterer i september med Det er lenge til skumring. Tharaniga har sjølv tamilsk bakgrunn og har vakse opp på Moi. – Høyrer vi noko ofte nok, støyper det spor i hjernen, og det krev arbeid å få hjernen til å gå ein annan sti, seier ho. Dei tre kvinnene møtest til samtale om identitet og korleis språket kan definere på godt og vondt. Samtaleleiar er Per Magnus Finnanger Sandsmark, redaktør for Allkunne.

Linda Klakken (foto: Kristin Aafløy Opdan)

Arrangementet er i samarbeid med Allkunne. Fredag 8. juni 15.00–15.45 Salen, Ivar Aasen-tunet Kven er eg – og er det viktig? Kr 150 / honnør 100 / student og ungdom 80

Tharaniga Rajah (foto: Oda Berby)

9


Samtale med festspeldiktaren

Marit Eikemo (foto: Ingvild Eide)

Festspeldiktar Marit Eikemo samtalar med Maria Horvei, redaktør i Vinduet, om sin eigen forfattarskap. Marit Eikemo er frå Odda og bur i Bergen. Ho har tidlegare arbeidd som journalist i Bergens Tidende, redaktør i Syn og Segn, festivalsjef for Litteratursymposiet i Odda og forlagsredaktør. Ho er no

Maria Horvei (pressefoto)

dagleg leiar for Cornerteateret i Bergen. Eikemo debuterte i 1999 med intervjuboka Her, no. Møte med unge menneske. Hennar første roman, Mellom oss sagt, kom i 2006. Eikemo har til saman gitt ut fem romanar, den siste er Gratis og uforpliktande verdivurdering frå i vår. Ho har også skrive essaysamlinga Samtidsruinar.

Marit Eikemos bøker er kjende for å vere både smarte og underhaldande, og ho har imponert både kritikarar og publikum med presise observasjonar av det norske samfunnet og tida vi lever i. Ho fekk Amalie Skram-prisen 2017 for forfattarskapen sin. Arrangementet er i samarbeid med Samlaget.

Essayisten Vinje – Vinje er hyperaktuell, seier Gunnar Skirbekk, som saman med festspeldiktar Marit Eikemo samtalar med Ottar Grepstad om essayisten Vinje. Skirbekk er ein av Noregs mest kjende fagfilosofar, og har vore professor i filosofi ved Universitetet i Bergen i ei årrekkje. Han meiner Vinje-boka frå 1863, A Norseman’s Views of Britain and the British, går rett inn i dagsaktuelle diskusjonar om tilhøvet mellom globalisert kapitalisme og statlege institusjonar. I boka går Vinje inn på forholdet mellom stat og marknad, og han kritiserer penge- og adelsmakta som han finn i Storbritannia. Blant folk flest er 200-årsjubilanten Aasmund Olavsson Vinje mest kjend 10 Dei nynorske festspela 2018

for kjenslevare dikt som «Leitande etter Blåmann» og lødig journalistikk som i «Grauten på Grut» frå Ferdaminne. Gunnar Skirbekk tek til orde for å vise andre sider av diktaren, juristen og journalisten Vinje. – Det er altfor mange litteratar som har skrive om Vinje, meiner Skirbekk, og han meiner Vinje er underkjend som filosofisk essayist. – Det går ei linje frå Holberg via Vinje til Hans Skjervheim og Jon Hellesnes, held han fram. Laurdag 9. juni 11.00–11.45 Matsalen, Møre Folkehøgskule Essayisten Vinje Kr 150 / student og ungdom 100 Gunnar Skirbekk (foto: Kjell Arne Steinsvik)

Fredag 8. juni 12.30–13.15 Salen, Ivar Aasen-tunet Samtale med festspeldiktaren Kr 150 / honnør 100 / student og ungdom 70


Tingingsverket Ferdaminne Tord Gustavsen urframfører tingingsverket i høve Vinje-jubileet under Dei nynorske festspela.

Gustavsen er ein av Noregs mest kjende jazzmusikarar, og han tek med seg ein konsert basert på kapittelet «Huldra» i Ferdaminne til Aasen-tunet. – Vi nyttar òg nokre av dei dikta som reisekaren bryt ut i andre stader i boka, fortel Tord Gustavsen. – Musikk og resitasjon får verke intimt saman. Vi går inn i den poetiske styrken til verket, vi kjenner på hovudpersonen si sjølvkjensle og korleis han tviler på seg sjølv, og vi etablerer konteksten – sjølve reiseforteljinga. Skodespelar Cecilie Jørstad les eller fortel. I bandet er Tore Brunborg på saksofon, Sigurd Hole på kontrabass, Jarle Vespestad på trommer og Rune Børø på lyddesign. – Alle er folk eg har arbeidd saman med i ensemblet mitt og i ulike konstellasjonar før, og det er verkeleg stimule-

rande å setje det kjende saman på ein ny måte og med eit heilt eige fokus, seier Gustavsen, som hadde ei paradoksal oppleving med boka før han takka ja til å gjere tingingsverket. – Teksten tala først ikkje til hjartet mitt eller musikaliteten min, berre til forstanden. Det opna seg gradvis, og etter kvart vart eg ein stor fan. Kapittelet «Huldra» er verkeleg lysande. Alle bør unne seg å lese det aller mest kjende diktet i boka, «No ser eg atter slike fjell og dalar», på nytt. Det er ein tekst med mange fleire lag og større djupner enn eg først trudde, avsluttar Gustavsen. Tingingsverket er støtta av Kulturrådet. Laurdag 9. juni 22.00–23.15 Salen, Ivar Aasen-tunet Ferdaminne Kr 400 / student og ungdom 200

Handel for høvet

tord gustavsen (foto: Hans Fredrik asbjørnsen)

Varslingar

Ny annonse

Meldingar

Førre

Eigedom / Bustad til sals / Møre og Romsdal / Ørsta/Volda

Min FINN

Til søket

Neste

GRATIS OG UFORPLIKTANDE verdivurdering, Ørsta/Volda laurdag 9. juni kl. 13.00 Prisantyding

150,-

Innhald: Marit Eikemo og Frode Grytten står for eit av dei mest originale høgdepunkta under Dei nynorske festspela 2018. Eikemo kom denne våren med boka Gratis og uforpliktande verdivurdering. I boka følgjer vi eit par i dei siste dagane før bodrunden. Medan dei ser over prospektet og går gjennom rom for rom, blir det samstundes ei vurdering av deira eige forhold og livet dei lever. Forfattaren og sambygdingen Frode Grytten blir med på visinga i eit hus til sals i Ørsta eller Volda. Han vil lese frå Det norske huset, som handlar om den store bustaddraumen som gjorde oss alle til spekulantar. –Det er alltid moro å vere med Marit. Det blir latter og alvor, tjohei og tårer – garantert, seier han. Informasjon om arrangementstad og billettar på festspela.no Lagre annonsen

11


Leseglede og musikk Dei minste får eit rikhaldig tilbod av artige opplevingar, frå ein vaskeekte lesegledar til ein levande lydsti. Fredag ettermiddag er det lagt til rette for ei fin stund for heile familien i Volda bygdetun. Også born utanom barnehagen får høve til å oppleve Silje Sirnes Winje når ho besøkjer Volda bygdetun fredag ettermiddag. Der får ho selskap av ein vaskeekte «lesegledar» – ein ekspert på litteraturformidling til born og unge. Lesegledar Trond Strand møter du også under Friidrettens dag i Ørsta laurdag. Laurdag får born i Ørsta og Austefjorden høve til å treffe Arnfinn Kolerud, som nyleg mottok Kulturdepartementet sin litteraturpris for boka Snillionen, ei humoristisk forteljing om kor vanskeleg det er å vere styrtrik – og eit godt menneske. Han vil lese frå boka på Ørsta folkebibliotek og på scenen til Austefjordhelg.

Tradisjonen tru blir dei minste også inviterte til Barneboktua søndagen. I år blir reisa dit ei oppleving utanom

det vanlege, med ein levande lydsti der borna får oppdage spennande musikkinstrument i skogen bak Aasen-tunet.

Laurdag 9. juni 11.00–12.00 Ørsta folkebibliotek Festsprell: Snillionen Kr 50

Laurdag 9. juni 13.00 (Under Friidrettens dag) Ørsta stadion Festsprell: Lesegledar Trond Strand Gratis

Laurdag 9. juni 14.00–14.30 Austefjordhelg Festsprell: Snillionen

Lesegledar Trond Strand (foto: Kjell Aga Ulvestad)

Arnfinn Kolerud (pressefoto)

Søndag 10. juni 12.30–13.30 Lydstien og Barneboktua, Aasen-tunet Festsprell 12.30–13.00 Levande lydsti 13.00–13.30 På Barneboktua Gratis

Rikhaldig skuleprogram I år har Festspela gripe sjansen til å gi eit særskilt rikhaldig program til skulane i Ørsta og Volda. Medan dei minste får leike seg med rockekattar, vert dei eldre utfordra på spørsmål kring mobbing, nynorsk og identitet.

I år får skuleelevar i Ørsta og Volda ein større del av Festspela enn nokon gong tidlegare, med besøk frå tre sterke forfattarar. Roald Kaldestad har gjort det stort med bøkene om Heavykatten og vil lese og dele tips om å lage rockeriff med elevane på småsteget. Mellomsteget får eit godt møte med Atle Hansen, som står bak boka Apetryne. Han vil snakke med dei om mobbing, internett og sosiale medium. Elevane i ungdomsskulen får eit møte med Terje Torkildsen, som tidlegare har motteke Uprisen for sine noveller i bokserien Stavanger Stories. Han vil snakke om nynorsk i ein urban setting. Er nynorsk bynorsk? 12 Dei nynorske festspela 2018

Terje Torkildsen (foto: Marius Vervik)

Atle Hansen (foto: Marte Belsvik Hansen)

Roald Kaldestad (foto: Truls Horvei)


Festsprell med Silje Sirnes Winje Silje Sirnes Winje, kjend frå NRK Super og Reiseradioen, syng alt frå Trompesang til Svarte svingende salte bananer. Mellom songane blir det hopp og sprett og tull og tøys.

– Det er veldig spennande å lage musikk for born. Ungar fortener god kvalitetsmusikk, og eg gjer alltid mitt beste for å lage musikk som treffer ungane, fortel Silje Sirnes Winje, som tek med seg to musikarar til bygdetunet i Volda og uteamfiet i Aasentunet. Nokre av låtane har ho skrive sjølv, og nokre har Maria Solheim eller Hans Martin Austestad skrive. Alle dei morosame og underfundige tekstane er skrivne av mor hennar, Åse Sirnes Winje. – Vi gler oss til å delta på Dei nynorske festspela. Eg har høyrt mykje godt om denne festivalen og ser fram til å møte mange flotte ungar. Eg håper dei vil syngje, danse og hoppe saman med oss. Silje Sirnes Winje og Maria Solheim kjem i desse dagane med ei ny plate saman. – «Kykkelykkelig», som eg gav ut i 2011, var eit soloprosjekt. I 2016 gav eg ut «Kaptein snabelbæsj og hjertetyven» saman med Maria Solheim. Og no held vi på med ein oppfølgjar, seier Silje Sirnes Winje, og håper det blir plate til hausten. Fredag 8. juni 11.00–12.30 Uteamfiet, Aasen-tunet Festsprell: Silje Sirnes Winje Aktivitetar Kr 70 / 50 familie per person Fredag 8. juni 17.00–19.00 Volda bygdetun Familiestund i bygdetunet Kr 150 / barn, student og ungdom 100 / 75 familie per person

13


Generalsekretæren som braut ein vane

Høgres generalsekretær John-Ragnar Aarset er kåra til Årets nynorskbrukar 2018 fordi han braut eit språkleg hegemoni i Høgre. Styret i Nynorsk kultursentrum hadde 47 kandidatar å velje mellom og markerte med denne prisvinnaren at også politiske parti er viktige i den daglege bruken av nynorsk. Det er 19. gong prisen blir delt ut. Aarset får prisen «for viljen til konsekvent bruk av nynorsk i politiske miljø der slike røyster trengst for å fremje nynorsk som sak og praksis», seier styret i grunngivinga si. – Eg tok mitt første aktive val for nynorsk som gymnasiast. No prøver eg etter fattig evne å motivere andre til den erkjenninga som ligg i slagordet om at nynorsk + dialekt = sant. Denne prisen motiverer meg sterkt til å halde fram med det. Under opningshøgtida deler styreleiar Lodve Solholm ut prisen på 100 000 kroner. Då fortel Aarset kva han vil gjere med den summen. Seinare same kvelden samtalar prisvinnaren med journalist Heidi Fagna. Torsdag 7. juni 21.30–22.00 Salen, Ivar Aasen-tunet Årets nynorskbrukar 2018 Kr 150 / student og ungdom 70

Prisvinnarar 2013–2017 2013 Filosofen Gunnar Skirbekk 2014 Artistane Aasmund og Odd Nordstoga 2015 Kunsthistorikaren Jorunn Veiteberg 2016 Omsetjaren Martine Rørstad Sand 2017 Generalløytnant Morten Haga Lunde

Verda sett frå Catalonia Katalanarar sitt ønske om lausriving frå Spania er politisk omstridd, men at dette handlar om meir enn økonomisk sjølvstende, er det liten tvil om. Laurdag kjem professor F. Xavier Vila frå Universitetet i Barcelona til Aasen-tunet for å fortelje meir om kva språket har å seie for den katalanske identiteten. Spør du ein katalanar om kva katalansk identitet er, vil dei fleste nemne språ14

dei nynorske festspela 2018

ket som den første faktoren. Katalansk vart avskaffa i offentleg bruk i Spania så langt tilbake som i 1714, og i Francotida var det heilt forbode. No meiner mange katalanarar at dagens regjering set i verk tiltak som undertrykkjer katalansk språk og kultur, og det går på identiteten laus. – Spania kan vere som Sveits, som ser verdien i alle sine språk. Spansk er ikkje eit slikt fleirtalsprosjekt, men ei forlenging av kongedømmet Castilla,

seier Vila. Han er språkvitar, føreles i katalansk filologi og er direktør ved Institutt for katalansk språk og litteratur. Føredraget blir halde på engelsk. Laurdag 9. juni 13.00–13.45 Salen, Ivar Aasen-tunet Verda den vide Kr 120 / student og ungdom 70 F. Xavier Vila (foto: marta Vila)


Linda Eide: Meirfiksjon

Linda Eide gjer eit forsøk på å finne ein fellesnemnar for all god forteljing. – Då eg arbeidde i radioen, var det finaste folk kunne seie til meg, at dei kunne sjå det levande for seg. Då visste eg at dei hadde kopla inn «meirfiksjon», seier Linda Eide. Dei siste åra har ho for alvor vorte rikskjend – og nærmast ein nasjonalskatt – gjennom populære tv-program som Norsk attraksjon og Eides språksjov.

Ordet «meirfiksjon» har ho sjølv laga. I det gøymer det seg ein påstand: «Det er ikkje den forteljinga eg fortel, men den du ser for deg.» – Vår evne til å sjå for oss ting vi ikkje ser, er kolossal, påpeikar Eide. – Krafta i forteljinga kjem frå det minste ordet til dei store forteljingane. Språket vårt gir bilete og forteljingar, og gjennom forteljingane som formidlar noko, kan ein òg få til endring, held ho fram. I tillegg til å vere kjend frå tv og radio, har

Linda Eide gitt ut ei rekkje bøker, mellom anna to bøker i lydjournalistikk. Laurdag 9. juni 15.15–16.15 Salen, Ivar Aasen-tunet Linda Eide: Meirfiksjon Kr 150 / honnør 100 / student og ungdom 80

15


Dei nynorske festspela 2018 Torsdag 7. juni

10.00 Ivar Aasen-statuen, Ørsta Blomar ved bauta: Ivar Aasen-statuen Gaute Øvereng, dagleg leiar Ivar Aasentunet Gratis 16.30 Kunsthuset, Ørsta Opning kunstutstilling Roar Hagen i samtale med Ottar Grepstad Arrangør: Volda og Ørsta kunstlag Gratis 15.00–21.00 Kaihuset, Ørsta Ungdomsarrangement Aktivitetar ute og inne I samarbeid med Kaihuset, Volda ungdomsråd og Ørsta ungdomsråd

18.00–19.00 Salen, Aasen-tunet Opningshøgtid Festspeldiktar Marit Eikemo framfører ein nyskriven tekst. Opningstale ved debutant Tharaniga Rajah. Utdeling av prisen Årets nynorskbrukar 2018. Musikkinnslag: Frida Ånnevik. Programleiar: Maria Horvei I samarbeid med Det Norske Samlaget

Kr 200 / S U 150

Rett etter opningshøgtida Gamletunet, Aasen-tunet Blomar ved bauta: Ivar Aasen-bautaen Festspeldiktar Marit Eikemo les og kransar Ivar Aasen-bautaen. Allsong: «Dei gamle fjelli»

Fredag 8. juni

09.00-10.00 Kunsthuset, Ørsta Frukostmøte med Roar Hagen, som teiknar og fortel om politikk og næringsliv I samarbeid med Volda og Ørsta kunstlag og Fugl Føniks kaffibar Kr 150 – frukost inkludert

Gratis

Jan Inge Sørbø (foto: Agnete Brun)

10.00–10.45 Salen, Aasen-tunet Ivar Aasen-minneforedraget: ”Eg finner vel eit hus som vil meg hysa” Reisa som nynorsken sin identitet. Jan Inge Sørbø, professor, Høgskulen i Volda

Runar Gudnason (foto: T. Lejon) Erlend Nødtvedt (foto: E. Dahlen)

14.00–14.45 Salen, Aasen-tunet Vestlandet Erlend O. Nødtvedt og Runar Gudnason i samtale med Eivind Myklebust om å finne seg sjølv mellom bakkar og berg. Kr 150 / H 100 / S U 80 15.00–15.45 Salen, Aasen-tunet Kven er eg – og er det viktig? Samtale om språket og orda som definerer oss – på godt og vondt. Kristin Fridtun, Linda Klakken og Tharaniga Rajah i samtale med Per Magnus Finnanger Sandsmark. I samarbeid med Allkunne Kr 150 / H 100 / S U 80

Kr 120 / S U 70 Frida Ånnevik (pressefoto) Marit Eikemo (foto: Agnete Brun)

Utstillingar Kunsthuset, Ørsta

20.00–21.15 Uteamfiet, Aasen-tunet Frida Ånnevik Konsert. Jo Berger Myhre, bass, Pål Hausken, trommer, Haldor Røyne, gitar, Andreas Ulvo, piano Kr 350 i amfiet/ 325 / S U 250 / B 200

Roar Hagen: Kven er vi? Ei utstilling om å høyre til Torsdag 7. juni 16.30–19.00 Fredag 8. juni 12.00–17.00 Laurdag 9. juni 11.00–16.00 Søndag 10. juni 14.00–17.00 Arrangør: Volda og Ørsta kunstlag. Utstillinga står til 7. juli

21.30–22.00 Salen, Aasen-tunet Årets nynorskbrukar 2018 John-Ragnar Aarset i samtale med Heidi Fagna

Møre Folkehøgskule

23.00–01.00 Peisestova, Møre Folkehøgskule, Ørsta Målbar 23.15–23.45 Roar Hagen i samtale med Maria Horvei om karikaturar som politisk språk og bileta som formar identiteten vår Kr 100 / S U 80

Fotoutstillinga Samtidsruinar Fotograf Svein Olav Humberset Opningstider blir annonsert

Ivar Aasen-tunet

Kr 150 / S U 70

22.00-01.00 Studenthuset Rokken, Volda JON OLAV Konsert I samarbeid med Studenthuset Rokken Kr 200 / S 150

Temautstilling: Språk og identitet. Viljen til språk: Ei utstilling om nynorsk skriftkultur Opningstider: Torsdag 7. juni 10.00–24.00 Fredag 8. juni 09.00–24.00 Laurdag 9. juni 10.00–24.00 Søndag 10. juni 10.00–18.00

11.00–11.30 Uteamfiet, Aasen-tunet Festsprell: Silje Sirnes Winje 11.30–12.30 Aktivitetar Høver best for born 3–6 år

Kr 70 / 50 familie per person

11.30–12.15 Salen, Aasen-tunet Medietimen Utdeling av Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar. Programleiar: Juryleiar Solveig Barstad. Musikkinnslag: Sigrid Moldestad Arrangør: NRK Nynorsk mediesenter Gratis

11.30–12.00 Fugl Føniks, Ørsta Kaffi, bokstaveleg talt Hilde Kvalvaag les frå Lev vel, alle Kr 70 / U 50 11.30–13.30 Kaihuset, Ørsta Kulturkafé Arrangør: Ørsta frivilligsentral Gratis

12.30–13.15 Salen, Aasen-tunet Festspeldiktaren Festspeldiktar Marit Eikemo samtalar med Maria Horvei om forfattarskapet sitt Kr 150 / H 100 / S U 70

Jon Olav (pressefoto)

16 Dei nynorske festspela 2018

11.00–11.45 Volda omsorgssenter Nynorsktango med Øyvind Robak trio: Aasen, Vinje og Grieg Song og musikk I samarbeid med Volda kommune og Den kulturelle spaserstokken Gratis

13.00–13.45 Bakk-Ola-marka, Ørsta Nynorsktango med Øyvind Robak trio: Aasen, Vinje og Grieg Song og musikk I samarbeid med Aktivitetssenteret Bakk-Ola-marka Gratis

Kristin Fridtun (foto: Silje Krager, Samlaget)

16.30–17.15 Salen, Aasen-tunet Munn til munn Om den munnlege forteljetradisjonen. Forfattar Bergsveinn Birgisson og rappar Runar Gudnason i samtale med festspeldiktar Marit Eikemo Kr 150 / H 120 / S U 80

17.00–19.00 Volda bygdetun Festsprell: Familiestund i bygdetunet Musikar Silje Sirnes Winje og lesegledar Trond Strand I samarbeid med Stiftinga Sunnmøre Museum Kr 150 / B S U 100 / F 75 per person

18.00–19.30 Propellhallen kulturarena, Volda Operaen Kimen av Magnar Åm basert på Kimen av Tarjei Vesaas Arrangør: Magnar Åm Kr 430 / U 320 / B S 230

18.00–19.15 Aasen-tunet Alt inkludert Skodespelarar frå Det Norske Teatret les frå Alt inkludert av Marit Eikemo. Ellen Birgitte Winther, Nina Woxholtt, Eivin Nilsen Salthe og Paul Åge Johannesen I samarbeid med Det Norske Teatret Kr 200 / B S U 100


20.00–21.30 Uteamfiet, Aasen-tunet Sigrid Moldestad Konsert. Sigrid Moldestad, song og fele, Sigbjørn Apeland, tangentar, Anders Bitustøyl, bass, Jørgen Sandvik, gitar, Kåre Opheim, trommer, Roald Kaldestad, gitar, Kjetil Kristiansen, lyd Kr 350 / 325 / H S U 250 / B 150

22.00–22.45 Salen, Aasen-tunet B.R.U.S. Godbitar og sære saker frå den nynorske vinylsoga. Olav Hove og Arild Torvund Olsen Kr 100 23.00–02.00 Peisestova, Møre Folkehøgskule, Ørsta Målbar 23.30-24.00 Finst det liv på Mars? Songar frå den engelskspråklege populærkulturen omsette og framførte på nynorsk. Heidi Marie Vestrheim, Roy Ole Førland og Frode Grytten

12.00–12.45 Volda kyrkje 12-konsert: Susanne Lundeng og Jorun Marie Kvernberg Unikt meistermøte Gratis

12.00 Ørsta stadion Friidrettens dag 13.00 Festsprell: Lesegledar Trond Strand Arrangør: Ørsta IL friidrett Gratis

Gratis

10.30–12.00 Spinneriet, Volda Festspelfrukost Arrangør: Volda Næringsforum og Volda Frivilligsentral

16.30–17.15 Salen, Aasen-tunet Mødrer i litteraturen Festspeldiktar Marit Eikemo, Hilde Kvalvaag og Marta Norheim i samtale med Kristin Fridtun Kr 150 / H 100 / S U 80

Bergsveinn Birgisson (foto: Helge Skodvin, Pelikanen forlag, Bjartur forlag)

12.00–12.30 Fru Svendsen, Ørsta Kaffi, bokstaveleg talt Bergsveinn Birgisson les frå Svar på brev frå Helga Kr 70 / U 50

13.00–13.45 Hus til sals, Ørsta/Volda. Gratis og uforpliktande verdivurdering Opplesing og samtale om norske hus og eigedomsmekling. Festspeldiktar Marit Eikemo og Frode Grytten I samarbeid med Eigedomsmeklar1 Søre Sunnmøre Kr 150

13.00–13.45 Salen, Aasen-tunet Verda den vide: Katalansk språk og identitet F. Xavier Vila, professor ved Universitetet i Barcelona Kr 120 / U 70

14.00–14.30 Det Grøne Treet, Volda Kaffi, bokstaveleg talt Gjertrud Langva les frå Vi spring ikkje slik vi sprang Kr 70 / U 50

Roy Ole Førland og Heidi Marie Vestrheim (foto: Ryd foto)

11.00 Spinneriet, Volda Festsprell: Knølkvalen Kai Heidi Marie Vestrheim og Roy Ole Førland I samarbeid med Volda Næringsforum Volda Frivilligsentral Gratis

14.00–14.30 Scena, Austefjordhelg Festsprell: Snillionen Arnfinn Kolerud les frå Snillionen

Kr 150 / H 100 / S U 80

9. juni

10.30–10.45 Møre Folkehøgskule Samtidsruinar Festspeldiktar Marit Eikemo les frå essaysamlinga Samtidsruinar i fotoutstillinga basert på same boka

Linda Eide (foto: Spartacus)

15.15–16.15 Salen, Aasen-tunet Linda Eide: Meirfiksjon

Laurdag

Gratis

10. juni

Kr 150 / S U 100

Kr 150 / S U 100

10.30 Gågata, Ørsta sentrum Festspelfrukost og aktivitetar Opning av Kunstgata, Roar Hagen, Åmdalskoret Berre damer, Ørsta Hornmusikk Arrangør: Butikkane i gågata, Ørsta kommune og Ørsta næringskontor

Søndag

11.00–11.45 Matsalen, Møre Folkehøgskule Essayisten Vinje Festspeldiktar Marit Eikemo og Gunnar Skirbekk i samtale med Ottar Grepstad

14.00–15.00 Salen, Aasen-tunet Det nynorske i det nordiske Kvifor ei nynorsk litteraturhistorie? Kva skil den nynorske litteraturen frå den nordiske? Professor Jan Inge Sørbø og Marta Norheim i samtale med Eivind Myklebust Kr 150 / H 100 / S U 80

17.30 – 18.15 Utstillinga, Aasen-tunet Karakterbygging Frode Grytten og Marit Eikemo fortel om å skrive fram roman- og novellekarakterar Kr 150 / H 100 / S U 80

18.00–19.30 Propellhallen kulturarena, Volda Operaen Kimen Opera av Magnar Åm basert på Kimen av Tarjei Vesaas Arrangør: Magnar Åm Kr 430 / U 320 / B S 230

18.00-19.00 Det Grøne Treet, Volda Kviss med Allkunne.no Leia av Per Magnus Finnanger Sandsmark, redaktør i Allkunne Kr 50 20.00–21.15 Uteamfiet, Aasen-tunet Herborg Kråkevik Konsert-kabaret. Tove Kragset, piano, Gjermund Silset, bass, Katrine Pedersen, cello, Hans Petter Mæhle, fiolin Kr 350 / S U 250 / B 150

Kari Veiteberg (foto: Bispemøtet, Hege Flo Øfstaas)

11.00–12.00 Uteamfiet, Aasen-tunet Festspelgudsteneste i det fri Preike ved Kari Veiteberg, biskop i Oslo. Musikk ved Susanne Lundeng og Bjørn Andor Drage. Festspeldiktar Marit Eikemo les Arrangør: Volda sokneråd i samarbeid med Ørsta sokneråd 12.00–17.00 Kafeen og Jostein Nerbøvikplassen, Aasen-tunet Kyrkjekaffi og søndagskafé 12.30-13.30 Aasen-tunet Lydstien og barneboktua 12.30-13.00 Levande lydsti Instrumentskattejakt for dei minste på veg til Barneboktua I samarbeid med kulturskulane i Ørsta og Volda Gratis 13.00–13.30 På Barneboktua Høgtlesing frå Ei kjedeleg bok av Vegard Markhus Gratis 13.00–13.45 Salen, Aasen-tunet Språk for tru Biskop Kari Veiteberg og festspeldiktar Marit Eikemo i samtale med Linda Eide Kr 150 / S U 80

22.00–23.15 Salen, Aasen-tunet Ferdaminne Tingingsverk til Vinjejubileet av Tord Gustavsen. Tord Gustavsen, piano, Tore Brunborg, sax, Jarle Vespestad, trommer, Sigurd Hole, bass, Cecilie Jørstad, resitasjon, Rune Børø, teknikk Kr 400 / S U 200

23.00–02.00 Peisestova, Møre Folkehøgskule, Ørsta Målbar 23.15–23.45 Linda Eide og Herborg Kråkevik Kr 150 / S U 100

Frode Grytten (foto: Paul S. Amundsen)

15.00–16.30 Uteamfiet, Aasen-tunet Aasen-stemnet 2018 Stemnetale: Frode Grytten Susanne Lundeng Konsert Susanne Lundeng, fiolin, Arnfinn Bergrabb, trommer, Bjørn Andor Drage, tangentar og Are Simonsen, lyd/elektronikk Kr 200 / H 150 / U B 100

11.00–12.00 Ørsta folkebibliotek Festsprell: Snillionen Arnfinn Kolerud les frå Snillionen. Høver best for born 8–12 år I samarbeid med Nynorsksenteret Kr 50

H Honnør S Student U Ungdom B Barn

Med atterhald om endringar

Gjertrud Langva (foto: Oda Berby)

17


JAN INGE SØRBØ

MARTA NORHEIM

Eit storverk om nynorsk skjønnlitteratur – frå Ivar Aasens tid til i dag!

Kva skjer i den nyaste skjønnlitteraturen?

Nynorsk litteraturhistorie

Oppdateringar frå lykkelandet

Dette er boka for alle som ønskjer å vite meir om samtidslitteraturen, lystlesarar så vel som fagfolk!

Over 150 forfattarskapar er representerte. Her finst kjende storleikar, så vel som forfattarar som fortener ny merksemd.

Pris kr 349,–

Pris kr 449,–

MARIT EIKEMO

Gratis og uforpliktande verdivurdering «en knakende god pageturner om norsk middelklassehverdag, knuste drømmer og jakten på det perfekte liv.» Gabriel Michael Vosgraff Moro, VG

«Marit Eikemo er en mester i å se hvordan vi lever i dag.»

Pock

Leif Ekle, NRK

et! Pris kr 169,–/stk

Pris kr 379,–

GJERTRUD LANGVA

HILDE K. KVALVAAG

Vi spring ikkje slik vi sprang

Lev vel, alle

«Gnistrande godt om folk slik dei er … Hilde Kvalvaag syner seg som ein stor forfattar, som kan skrive om det aller mest opprivande utan å verta sentimental.»

Ein morgon vaknar bror og søster åleine i huset i skogen. Foreldra er sporlaust forsvunne, og søskena byrjar å leite etter dei. Dagane går, og ved å fortelje kvarandre historier prøver dei å finne ut kva som har skjedd. Langva har skapt eit særeige univers, som har i seg ekko av eventyr og fablar.

Odd W. Surén, Dag og Tid

Pock

KRISTIN FRIDTUN

LINDA KLAKKEN

Dumme, dumme hjarte

Kjønn og ukjønn Ordhistoriske essay

«Klakken har skrevet en feel good-roman full av overdrivelser og komiske forviklinger, som samtidig har såre undertoner.»

Kristin Fridtun opnar ein ny inngang til kjønnsdebatten ved å gjere arveordet kjønn til granskingsobjekt og springbrett for vidare drøftingar av kjønn, kjønnsnormer og kjønnsidentitet.

Ingrid Senje, Bokvennen Litterær Avis

9-12 år

Pris kr 329,–

Pris kr 229,–

samlaget.no

dei nynorske festspela 2018

Helge Baardseth, Vagabond

Pris kr 149,–

Pris kr 329,–

18

et!

«Nesten ubehagelig spennende. Vanskelig å legge vekk. … en drivendes god bok.»


Grytten og Lundeng på Aasen-stemnet Frode Grytten er hovudtalar, og Susanne Lundeng spelar opp til konsert på Aasen-stemnet.

Det tradisjonsrike Aasen-stemnet er lagt til søndagen under Dei nynorske festspela. Frode Grytten held hovudtalen under stemnet. Forfattaren og journalisten har nådd eit stort og internasjonalt publikum med bøkene sine. Etter talen blir det konsert med Susanne Lundeng. Musikken hennar er sterkt forankra i den nordnorske folkemusikken. – Det kan skildrast som eit talespråk, at eg snakkar nordnorsk dialekt på fela, og alt eg seier, også nye ting, seier eg på den dialekta. Bjørn Andor Drage på tangentar, trommeslagar Arnfinn Bergrabb og lydmann Are Simonsen er også med.

På den siste plata Det va nære på debuterte Lundeng som tekstforfattar. – Det nesten berre tvinga seg fram til denne utgivinga. Det byrja med teksten til plata. Stemma mi har eg alltid brukt, som oftast utan ord, eller så har eg sunge folkesongar og bånsullar. Men eg har ikkje alltid heilt funne meg til rette i dei gamle tekstane. Så har vel òg livet gjort at eg no har litt meir på hjartet, og eg liker å utforske dialekta mi til å gå inn i det musikalske språket mitt, seier Lundeng. Søndag 10. juni 15.00–16.30 Uteamfiet, Ivar Aasen-tunet Aasen-stemnet Kr 200 / honnør 150 / ungdom og barn 100

Frode grytten (foto: paul S. amundsen)

Susanne Lundeng (foto: ingvild Skeie Ljones)

Det Norske Teatret les Eikemo

nina Woxholtt (foto: det norske teatret)

paul åge johannesen (foto: det norske teatret)

ellen birgitte Winther (foto: det norske teatret)

eivin nilsen Salthe (foto: det norske teatret)

Skodespelarar frå Det Norske Teatret les frå Alt inkludert av Marit Eikemo i salen fredag.

møblar. Gjennom sommaren følgjer vi Agnes i forsøket hennar på å etablere seg. I møte med borna i gata, mammabloggaren, politimannen, organisten og jusstudenten er det ofte ikkje meir enn ei kvit løgn som skal til for å få ting til å gli lettare. Men snart blir omgangen meir utfordrande, pengane minkar, og

løgnene blir fleire. Med eit fargerikt persongalleri og kostelege scener teiknar Marit Eikemo eit skarpt portrett av Noreg i dag. Bokmeldarane var samstemde om satiren og humoren i boka. Ellen Birgitte Winther, Nina Woxholtt, Eivin Nilsen Salthe og Paul Åge Johannesen frå Det Norske Teatret

vil gjere denne sceniske lesinga svært underhaldande.

Boka til festspeldiktar Marit Eikemo fekk strålande kritikkar då ho kom ut i 2015. Agnes og dottera Maja flyttar inn i eit hybelhus i eit vanleg norsk nabolag, utan nettverk, vener, pengar eller

Fredag 8. juni 18.00–19.15 Salen, Ivar Aasen-tunet Alt inkludert Kr 200 / barn, student og ungdom 100

19


Platekåseri med B.R.U.S. Det har vorte ein tradisjon kvar festspelfredag å hente fram snadder frå den nynorske vinylhistoria.

Olav Hove og Arild Torvund Olsen har med seg endå fleire vinylplater med godbitar og sære saker. – I år blir det jubileum opp og i mente. Vi nynorskfolk er jo så flinke til å feire jubileum. I 1996 markerte vi til dømes at det var hundre år sidan Ivar Aasen døydde (!), og i år er det mellom anna jubileum for Vinje og Samlaget, så vi vil nytte platekåseriet til å dra fram både viktige og totalt uviktige jubileum innanfor nynorsk populærmusikk. Det er til dømes åtti år sidan den fyrste

populærmusikkplata med nynorsk tekst kom ut, fortel Arild Torvund Olsen. Viss du lurte: B.R.U.S. står for «berre rock utan sidemål». Og det er ingen grunn til uro: Ivar Medaas er med – som alltid. Fredag 8. juni 22.00–22.45 Salen, Ivar Aasen-tunet B.R.U.S. Kr 100

plateomslag frå samlinga til torvund

Nynorsktango med Øyvind Robak Trio I tillegg er planen å komponere eit par nye tangoar med Vinje-tekstar i høve Vinjejubileet, fortel Øyvind Robak. Med seg på konserten har han Martin Schiessler på fiolin og Nora Aurdal med song – alle i trioen er frå Volda kommune. – Som trio har vi ikkje spela saman før, men Martin og eg har spela ein del i lag, både tango og klassisk, men som duo mest tango på bandoneon og fiolin. For det meste spelar dei etter den gamle tradisjonen med å nytte ein pianonote som utgangspunkt. – Det er viktig for meg å presisere at tangoen både har opphav i Uruguay og i Argentina, seier Øyvind Robak, som sjølv har budd i Uruguay. For nokre år sidan gjekk desse to landa saman om å få tangoen inn som felles kulturarv på UNESCO-lista. 20

dei nynorske festspela 2018

Fredag 8. juni 11.00–11.45 Volda omsorgssenter Nynorsktango Gratis

Fredag 8. juni 13.00–13.45 Bakk-Ola-Marka, Ørsta Nynorsktango Gratis

øyvind Skatvedt robak (foto: Lluis Calm Vidal)

– Vi spelar tangoar med tekst på nynorsk, mest Ivar Aasen, men eg har òg med meg ein tangovals med Anders Hovden-tekst.


Frå skaldekunst til rapp Bergsveinn Birgisson og Runar Gudnason blir intervjua av Marit Eikemo om munnleg forteljetradisjon.

Bergsveinn Birgisson har doktorgrad i nordisk skaldekunst frå Universitetet i Bergen og har gitt ut ei rekkje diktbøker. Han er òg kjend for bestseljaren og fagboka Den svarte vikingen, som vart nominert til Brageprisen, og romanen Svar på brev frå Helga, som vart nominert til Nordisk Råds litteraturpris. Runar Gudnason er Hovdebygda sin eigen rapp-gudfar, mest kjend som artisten «Sjef R» i hiphop-gruppa Side Brok. – Rapp liknar veldig på folkedikting og folkemusikk. Vi bruker begge nokre mønster frå andre, som sampling, og vi konkurrerer om å vere best. Det går meir naturlege linjer mellom rapp og det gamle enn til popmusikken. Rappen er gjerne også meir prosaisk, slik folkekunsten er, seier Gudnason. Fredag 8. juni 16.30–17.15 Salen, Aasen-tunet Munn til munn Kr 150 / honnør 120 / student og ungdom 80

Bergsveinn Birgisson (foto: Helge Skodvin, Pelikanen forlag, Bjartur forlag)

Årets Urørtvinnar rockar på heimebane

Runar Gudnason (foto: Tord Lejon)

Få med deg konserten med ei av dei stigande stjernene i norsk musikk: ørstingen Jon Olav! – Eg vart heilt fullstendig overtydd då eg såg han live. Eg synest han er ein formidabel vokalist. Det sa musikksjef i P3 Mats Borch Bugge om Jon Olav då han vart kåra til Årets Urørt i vinter. Bugge sat i juryen saman med Silje Halstensen, alias Bendik, og Sondre Justad. Justad uttalte til p3.no at vi treng ein modig artist som Jon Olav i

norsk musikkliv. Jon Olav slo gjennom med låten «Hei Erna!» sist haust, etter at låten tok av i sosiale medium. 22-åringen Jon Olav Sandal frå Barstadvik vil bruke musikken til å skape engasjement og spreie viktige bodskapar, til dømes om klimapolitikk. Torsdag 7. juni 22.00–01.00 Studenthuset Rokken, Volda JON OLAV Kr 200 / student 150

JON OLAV (pressefoto)

21


12-konserten:

Lundeng møter Kvernberg

Festspelgudsteneste

kari Veiteberg (foto: bispemøtet, Hege Flo øfstaas)

Oslo-biskop Kari Veiteberg skal halde preika under festspelgudstenesta i uteamfiet i Aasen-tunet søndag 10. juni.

Kari Veiteberg tok til som biskop i Oslo i desember 2017. Ho har ein visjon om ei kyrkje som er open for alle, heile tida. – Lat oss halde fram med å oppmuntre kvarandre med tydelege ord. Lat oss bli flinkare til å bruke orda til alle som treng det, slik at gleda og livsmotet kan

yngle, sa Veiteberg i sin innsetjingstale. Møtelyden vil få oppleve ein biskop som er både engasjert, klok og frimodig. Komponist og orgelprofessor Bjørn Andor Drage og folkemusikar og komponist Susanne Lundeng syter for musikk på festspelgudstenesta. Søndag 10. juni 11.00–12.00 Uteamfiet, Ivar Aasen-tunet Festspelgudsteneste

Susanne Lundeng (foto: ingvild Skeie Ljones)

jorun marie kvernberg (foto: marius beck dahle)

Det blir eit meisterleg felemøte mellom Nord-Noreg og Møre og Romsdal på 12-konserten i Volda kyrkje laurdag.

møter ho musikaren og komponisten Susanne Lundeng. Ho er ein av NordNoregs mest anerkjende og skatta folkemusikarar. Felespelarane skal både spele kvar for seg og saman, i eit meisterleg musikalsk møte mellom det nordnorske og nordvestlandske.

Jorun Marie Kvernberg er kjend for god formidlingsevne og gnistrande felespel og song. I Kvernberg si solosatsing er det slåttemusikken frå Møre og Romsdal som står i høgsetet, og ho er ein av få felespelarar som fordjupar seg i felemusikken frå denne regionen. Under 12-konserten i Volda kyrkje

Laurdag 9. juni 12.00–12.45 Volda kyrkje 12-konsert Gratis

Ein finn ikkje noko før ein kjem der det er

www.dagogtid.no

Søk i Allkunne

22

Få Dag og Tid i posten kvar veke! Ja, eg tingar eit halvårsabonnement til 1260 kroner

Ja, eg tingar eit halvårs student­ abonnement til 630 kroner (halv pris)

NAMN: _____________________________________________________________________________________________________________________________________________________________ AS

ADRESSE: ___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________ POSTNR./POSTSTAD: ________________________________________________________________________________________________________________________________________________ TELEFON: ___________________________________________________________________ E-POST: ______________________________________________________________________

dei nynorske festspela 2018

Svarsending 0091 0090 Oslo


Kaffi, bokstaveleg talt

Ingen festspel utan den faste programposten Kaffi, bokstaveleg talt. I år spenner opplesingane frå Island til ein lokal debutant.

Gjertrud Langva frå Volda debuterte denne våren med romanen Vi spring ikkje slik vi sprang. Ein morgon vaknar bror og søster åleine i huset i skogen. Foreldra er sporlaust forsvunne, og søskena byrjar å leite etter dei. Dagane går, og ved å fortelje kvarandre historier prøver dei å finne ut kva som har skjedd. Dei byrjar å utforske ukjende rom i huset og det tidlegare forbodne landskapet omkring. Dei teiknar eit kart som blir utvida etter kvart som dei gjer seg kjende. Foreldra er borte, men kanskje er dei ikkje heilt åleine likevel. Langva har skapt eit særeige univers, som har i seg ekko av eventyr og fablar. Hilde Kvalvaag les frå den siste boka si, Lev vel, alle, på Fugl Føniks i Ørsta fredag føremiddag. Kvalvaag er ein prislønt forfattar, som har vunne både Brageprisen og Kulturdepartementet sin litteraturpris. Lev vel, alle er eit engasjerande drama om eit komplisert forhold mellom mor og son. Historia er inspirert av Kvalvaags eigen oldefar, som forlét familien og levde dei siste tretti åra av livet sitt åleine i Canada. Lev vel, alle er ein roman om å lausrive seg og å finne seg sjølv og sin plass i verda.

Bergsveinn Birgisson er kjend for bestseljaren og fagboka Den svarte vikingen, som vart nominert til Brageprisen, og romanen Svar på brev frå Helga, som vart nominert til Nordisk Råds litteraturpris. Laurdag under Festspela kan du høyre han lese frå Svar på brev frå Helga på Fru Svendsen i Ørsta. Romanen er historia om sauebonden som svarar på brevet han fekk frå elskarinna si for lenge sidan, og forklarer dei vala han tok den gongen. Fredag 8. juni 11.30–12.00 Fugl Føniks kaffibar, Ørsta Kaffi, bokstaveleg talt Hilde Kvalvaag Kr 70 / ungdom 50

Gjertrud Langva (foto: Oda Berby)

Laurdag 9. juni 12.00–12.30 Fru Svendsen, Ørsta Kaffi, bokstaveleg talt Bergsveinn Birgisson Kr 70 / ungdom 50 Laurdag 9. juni 14.00–14.30 Det Grøne Treet, Volda Kaffi, bokstaveleg talt Gjertrud Langva Kr 70 / ungdom 50

Hilde Kvalvag (foto: Tove Breistein)

Bergsveinn Birgisson (foto: Helge Skodvin, Pelikanen forlag, Bjartur forlag)

Høgskulen i Volda Volda er kjent for eit godt studentmiljø og eit mangfald av lag og organisasjonar. Aktive og kreative studentar gir deg høgdepunkt som VEKA, Dokfilm, Animation Volda og X2 Festivalen. Høgskulen i Volda legg vekt på fleksible studieformer og har mange nett- og deltidsstudium.

HØGSKULEN I VOLDA TILBYR STUDIUM INNAN: • Administrasjon, planlegging og leiing • Estetiske fag, kunst- og musikkfag • Helse og sosialfag • Historie og religion • Idrett og friluftsliv • Lærarutdanning • Medie- og journalistfag • Språk og litteratur Vi har løpande opptak på mange av studia våre! www.hivolda.no

FOTO: MARIUS BECK DAHLE

23


AUSTEFJORDHELG 2018 AS REGIONTEATRET I MØRE OG ROMSDAL

teatretvart.no

Fredag 8. juni 20.30-02.00:

Konsert med Dance With A Stranger /support: Sunnmøre Baarelag Stad: Vollane fotballbane, Fyrde Fri aldersgrense, dei under 15 år i følgje med verje

Laurdag 9. juni 11.00-15.00: Kafè på Bygdestova (Samhald) - Gratis hoppeslott i 2. etasje - Austefjord Bygdekvinnelag

Vi ønskjer festspeldiktar Marit Eikemo, utøvarar og publikum velkomne til Dei nynorske festspela 2018!

Volda kommune

Ørsta kommune

www.volda.kommune.no

www.orsta.kommune.no

11.00-15.00: Austefjord Museum - Omvisning - Lag ditt eige hoppetau Kr. 30,- (born gratis) - Austefjord museumslag

- Volda kulturskule - Klovnen Fix - Utdeling av gåve til nyetablerte austefjordingar 13.30-18.00 Aktivitetar: - Volda Ørsta flyklubb - NAF - Dyreutstilling, - ITF Volda Taekwon-Do klubb - Hjartåbygda skyttarlag - AIL Barneidrettsgruppe - Salgsboder - Hoppeslott

13.30-18.00: Familiedag på fotballbana Vollane (Fyrde)

14.00-14.45: Barnebokforfattar Arnfinn Kolerud les frå boka si «Snillionen» i lavvoen

15.00-17.30: Underhaldning frå utescena. - Austefjord hornmusikk - Soulchildren - Young Eagles

21.00-02.00: - Bålbrenning på Øyra - Sosialt treff - Bumpy Roads spelar til dans

Søndag 10. juni

Info/prisar: Bubilplass:

12.00: Friluftsgudsteneste på Kvivssetra (bompengar). Sal av rømmegraut, kaker og kaffi. - Austefjord Sanitetslag

Kr 380,- (Tikkio.no) Kr 450,- (frå kl. 19 konsertdagen)

Fredag:

Laurdag:

kr 250,-, kontakt: Tormod Slåttelid tlf. 913 42 862. Vipps og betalingsterminalar

Kr 100,- per pers.

(born under 12 år gratis) Austefjordhelg

#Austefjordhelg

Med kraft til å skape tusenvis av draumar

Foto: Marius Beck Dahle

- og ei og anna stjerne!

Stolt støttespelar til liten og stor innan lokal kultur og idrett. www.tussa.no

24

dei nynorske festspela 2018


Finst det liv på Mars? Det blir i alle fall liv på Målbar! Som alltid er Målbar på Møre Folkehøgskule open kvar kveld under Festspela.

Roar Hagen har kledd av og karikert norsk politikk i over tretti år i VG. Torsdag kveld kjem han heim til Ørsta for å snakke med Vinduet-redaktør Maria Horvei om korleis det er å kommentere norsk politikk gjennom teikning. Fredag kveld møtest Frode Grytten, Heidi Marie Vestrheim og Roy Ole Førland for å snakke om og framføre songar frå den engelskspråklege populærkulturen omsette til nynorsk. Festspeldiktar Marit Eikemo har vunne pris for gjendiktinga av David Bowies «Life on Mars». Kanskje blir det framføring av både denne og heilt nye gjendiktingar av perler frå pophistoria. Etter konserten med Herborg Kråkevik laurdagskvelden møter ho Linda Eide på Målbar på Møre Folkehøgskule. – Forhåpentleg kan Linda Eide og eg snakke litt om kor viktig språket er på nachspielet. Det kan bli underhaldande! seier Herborg Kråkevik. Linda Eide gler seg òg:

Roar Hagen (foto: Annemor Larsen)

Heidi Marie Vestrheim (foto: Ryd foto)

Herborg Kråkevik (foto: Mona Nordøy)

Torsdag 7. juni 23.00–01.00 Møre Folkehøgskule Målbar 23.15–23.45 Roar Hagen Kr 100

Fredag 8. juni 23.00–02.00 Møre Folkehøgskule Målbar 23.30–24.00 Finst det liv på Mars? Kr 150 / student og ungdom 100

Laurdag 9. juni 23.00–02.00 Møre Folkehøgskule Målbar 23.15–23.45 Linda Eide og Herborg Kråkevik Kr 150 / student og ungdom 100

– Herborg Kråkevik er alltid så veltenkt og velformulert å høyre på.

Ope kaihus

Test kunnskapane dine på pubkviss

Musikk, litteratur, samfunn og sport er blant emna de kan bli testa i på pubkviss i Volda.

Kaihuset opnar dørene for ungdom torsdag frå 15 til 21 med aktivitetar både inne og ute. – Vi er glade for at det no blir eit eige festspelarrangement for unge. Ekstra kjekt synest vi det er at det skjer i ungdomen sitt eige hus, Kaihuset, seier Hans Robert Bondhus og Rebecca Riise Bjerknes ved Kaihuset. Både festspelutøvarar og artistar

frå ungdomsmiljøet vil opptre, og det blir aktivitetar både ute og inne denne dagen. Arrangementet er eit samarbeid mellom Festspela, ungdomsråda i Ørsta og Volda og Kaihuset. Torsdag 7. juni 15.00–21.00 Kaihuset, Ørsta Ungdomsarrangement Gratis

Kviss frå Allkunne

ELLE mELLE Foto: Mutiara Karina, Flickr.com CC BY-NC-ND

Kaihuset (foto: Kjell Arne Steinsvik)

Kvissen er open for alle. Du kan førebu deg litt ved å lese sakene som ligg på framsida av det nynorske oppslagsverket Allkunne.no under Festspela. Sidan 2009 har Allkunne publisert over 25 000 leksikonartiklar om mange ulike emne, og kvar dag kjem nye artiklar til. Redaktør Per Magnus Finnanger Sandsmark leier kvissen. Kjøkenet på Det Grøne Treet er ope, slik at det er høve til å ta ein matbit medan de deltek på kviss. Du rekk også å kome deg til Ivar Aasen-tunet og Herborg Kråkevik-konserten etter at kvissen er ferdig.

Edvard Munch

Laurdag 9. juni 18.00–19.00 Det Grøne Treet, Volda Kviss med Allkunne.no Kr 50

25


Festspel i sentrum Lokalt næringsliv og frivillige lag syner seg frå si beste side med frukost og festsprell i sentrumsgatene i Ørsta og Volda. Publikum kan få oppleve lokale kunstnarar når Kunstgata opnar i Ørsta, medan born i Volda får eit spennande møte med Heidi Marie Vestrheim og knølkvalen Kai. Festspelfrukost og arrangementa i sentrum på laurdagen er ein viktig og kjekk tradisjon for Dei nynorske festspela. Her samlast lokalt næringsliv og frivillige lag seg om flotte, sosiale arrangement med god mat og varierte kulturinnslag. I år vert det opning av Kunstgata i Ørsta sentrum på laurdagen, der lokale kunstnarar får stille ut bilete i butikkvindauge i gågata. Det blir ei staseleg opning med innslag frå lokale musikklag. På Spinneriet i Volda sentrum blir det konsert for dei minste med Heidi Marie Vestrheim og Roy Ole Førland. Dei har gjort stor suksess med forteljinga om knølkvalen

Kai. Sjølv om han er ein liten knølkval, er han likevel nesten like stor som ein garasje! Vi følgjer Kai og mamma gjennom havet, med møte med både ukjende fiskar, sjødyr og farlege spekkhoggarar. Heidi Marie Vestrheim er kjend både som musikar og programleiar på mellom anna NRK Super. Laurdag 9. juni 10.30 Gågata, Ørsta sentrum Festspelfrukost og festsprell Opning av Kunstgata, Roar Hagen, Åmdalskoret Berre damer, Ørsta Hornmusikk Laurdag 9. juni Spinneriet, Volda 10.30–12.00 Festspelfrukost 11.00 Festsprell: Knølkvalen Kai

Roy Ole Førland og Heidi Marie Vestrheim (foto: Ryd foto)

kel!”

k “Eg vil ha ny sy

re. Lær barn å spa eige kort t it d t e n r a b i G og last ned

www.sparebanken.no/spink

26 Dei nynorske festspela 2018


Premiere på operaen Kimen

Under Festspela skal ein industrihall i Volda forvandlast til ei storslått operascene, der publikum får oppleve ei heilt spesiell framsyning. Magnar Åm har komponert den nyskrivne operaen, som er eit tingingsverk frå Telemark Kammerorkester og er bygd på romanen Kimen av Tarjei Vesaas. Romanen vart skriven i 1940, etter krigsutbrotet, og representerer eit viktig vendepunkt i Tarjei Vesaas si dikting. Det metaforiske fekk større plass,

språket vart meir nake, det usagde meir dominerande, og eit mørkt djup kom meir til syne. Oppsetjinga er eit samarbeid mellom lokale regissør- og scenografkrefter, lokale kor og musikarar i alle aldrar og store nasjonale, profesjonelle aktørar. –På denne måten vonar vi å sveise saman entusiastiske kulturaktørar frå heile Sunnmøre og kanskje inspirere til nye framtidige opera- og musikarstjerner, seier komponisten sjølv. Regissør er Jiri Nagy og scenograf Kristof Asbot frå

Opera Nordfjord. På lista over aktørar står Telemark Kammerorkester, Ålesund strykekvartett, Indre strøk ungdomsstrykeorkester, Volda Vokal, Ørstakoret, Volda og Ørsta korskule og ei lokal ungdomsdansegruppe. Solistar er Karen Rosenberg Olsen, Magne Fremmerlid, Eivind Kandal, Thomas Røshol, Ingeborg Fangel Mo, Ragnhild Engeset, Louise Engeseth og Karina Holkestad. Premieren i Propellhallen i Volda blir fredag 8. juni, med ei ekstra framsyning laurdag 9. juni.

Fredag 8. juni 18.00–19.30 Propellhallen, Volda Operaen Kimen Kr 430 / ungdom 320 / barn og student 230 Laurdag 9. juni 18.00–19.30 Propellhallen, Volda Operaen Kimen Kr 430 / ungdom 320 / barn og student 230

God boksommar! Maks rabatt og gode tilbod «En knakende god pageturner om norsk middelklassehverdag, knuste drømmer og jakten på det perfekte liv.» VG

KUN

332,(Ord.pris 379,-)

FRAKTFRITT

haugenbok.no - Postboks 175 - 6101 Volda - Telefon 70 07 45 00 - epost@haugenbok.no - www.haugenbok.no

27


Identitet i kunst, politikk og næringsliv Torsdag 7. juni opnar Roar Hagen kunstutstillinga «Kven er vi? Ei utstilling om å høyre til». På kvelden møter han Maria Horvei, redaktør i Vinduet, til samtale på Målbar. Fredag 8. juni blir det frukostmøte, der Hagen teiknar og fortel om politikk og næringsliv. Utstillinga i samband med Dei nynorske festspela 2018 skal løfte fram og drøfte omgrepet identitet, både lokalt, nasjonalt og i det store biletet. Dette er ein lang tradisjon, og teikningar var til dømes eit særs vitalt medium då Noreg skulle rive seg laus frå unionen med Sverige og finne sin eigen identitet som folk i ei større verd. – I dag har teikningar fått ei fornying når vi i ei globalisert verd må finne vegar til sameksistens, utfordring og språk. Det er difor ei ære for meg å vere med i «Cartooning for Peace», ein organisasjon oppretta med hjelp av mellom andre Kofi Annan. Teikningar har synt seg å kunne vere med i den store samtalen om kven vi er, og kvar vi er på veg,

seier teiknar og illustratør Roar Hagen. Fredag 8. juni fortel Roar Hagen om kvifor næringslivet må forstå politikken, og kvifor politikken treng representasjon og innspel frå næringslivet. Hagen fortel om situasjonen etter #metookampanjen, og korleis den legg nye premissar for samarbeid på arbeidsplassen. Arrangementa er i samarbeid med Volda og Ørsta Kunstlag og Fugl Føniks kaffibar. Kunstlaget driv Kunsthuset, som ligg i Webjørn Svendsen-gata i Ørsta sentrum. Torsdag 7. juni 16.30 Kunsthuset, Ørsta Opning kunstutstilling Gratis Fredag 8. juni 09.00–10.00 Kunsthuset, Ørsta Frukostmøte Kr 150 inkludert frukost Roar Hagen (foto: Annemor Larsen)

Medietimen Harald Thingnes får nynorskprisen for journalistar.

Journalist Harald Thingnes i NRK Sporten får Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar 2018. – Når det kjem ein fjernsynsreportasje av Harald Thingnes, veit du at du får noko meir enn eit reint sportsreferat, du får eit kvalitetsprodukt både språkleg og journalistisk, skriv juryen. Thingnes har arbeidd i NRK Sporten i 20 år og framhevar NRK som ein god arbeidsplass for å utvikle språket sitt. Han har aldri opplevd det som negativt å vere nynorskbrukar i NRK, sjølv om han tidvis har vore den einaste nynorskbrukaren i redaksjonen. –Eg er audmjuk og stolt over å få ein slik pris. Nynorsk har alltid vore det naturlege språket mitt, både privat og profesjonelt. Eg brukar det konsekvent til alt og alle, det finst ikkje noko alternativ for meg. Det er eit fantastisk språk og eg kjenner meg privilegert som fritt kan bruke språket mitt også på jobb, sier 28 Dei nynorske festspela 2018

ME IR PÅ NYNORSK TIL F LE IRE

Harald Thingnes. I juryen er Solveig Barstad, TV 2, leiar. Ho har med seg nettredaktør Inger Johanne Sæterbakk i Norges Bondelag og professor Øystein A. Vangsnes ved Universitetet i Tromsø og Høgskulen på Vestlandet. Under prisutdelinga blir det musikalsk innslag med Sigrid Moldestad. Nynorsk mediesenter Fredag 8. juni 11.30–12.15 Salen, Aasen-tunet Medietimen Gratis

Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar 2013–2017 2013 Christian Wiik Gjerde, NRK Super 2014 Ingunn Solheim, NRK 2015 Jan Zahl, Stavanger Aftenblad 2016 Jon Hustad, Dag og Tid 2017 Jens Kihl og Guri Kulås, Klassekampen

www. npk . no

Harald Thingnes (foto: Ole Kaland,NRK)


Tema- og fotoutstilling:

Finst ein nynorsk identitet? Det blir stundom sett likskapsteikn mellom språk og identitet. Men betyr språk like mykje for sjølvbiletet som ein skulle tru? Den nye temautstillinga frå Aasen-tunet utforskar dette og blir i år supplert av ei fotoutstilling utandørs.

Det er Valdres-fotografen Anne-Marte Før som vil stå for den kunstnarlege biten av temautstillinga utandørs. Før har mellom anna vore knytt til Valdresmusea, Jørn Hilme-stemnet, Noregs Ungdomslag og Vinjerock, og ho har gjort liknande prosjekt tidlegare. – Kanskje kan utstillinga utfordre

stereotype oppfatningar av ein nynorskbrukar og kva det vil seie å vere ein nynorskbrukar. Det er i alle fall målet mitt. Eg ser etter variasjonane blant menneska som er nynorskbrukarar, og eg håper betraktaren kan sjå at det av og til berre er språket som er fellesnemnaren. Identitet har vore eit interessefelt for meg lenge, og det er spennande å ta utgangspunkt i eigen identitet når ein arbeider med fotografiet. Som nynorskbrukar har eg sjølv vorte plassert i feil bås ei rekkje gonger, seier Anne-Marte Før. Det er altså særskilt det nynorske tilfellet det blir sett lys på, men ikkje

berre det. Utstillinga vil også ta for seg språk og identitet meir allment, og det internasjonale perspektivet vil vere synleg. Då vil den særeigne dialektfridomen i Noreg gjere det aktuelt å samanlikne med tilhøva i andre land. – Vi er nyfikne på kva det gjer med språkidentiteten til folk at dei ikkje kan bruke dialekta si overalt i samfunnet. Det norske tilfellet er også unikt når ein ser på bakgrunnen og historia til nynorsken, som ikkje har opphavet sitt i talemålet til overklassa og eliten, seier Anders Aanes, dokumentasjonsansvarleg i Ivar Aasen-tunet.

Anne Marte Før (pressefoto)

Samtidsruinar Sommar i bilete i Aasen-tunet Fotograf Svein Olav Humberset har late seg inspirere av boka Samtidsruinar av festspeldiktar Marit Eikemo og laga ei eiga utstilling med same namn.

Sommar i Aasen-tunet (foto: Nynorsk kultursentrum og KIB & Morits)

I Ivar Aasen-tunet tek kunnskapsrike omvisarar deg med i utstillinga og gir deg forteljingar til undring og ettertanke. Kvar dag er det omvisingar om språkforskaren og diktaren Ivar Aasen. To veker i sommarsesongen er det også vandreteater for dei minste med tunkatten Lurivar. Utstillingane i Aasen-tunet opnar for fleire sansar, med installasjonar om språk og kultur som du både kan sjå, høyre og ta på. Du kan sjå kladdearka Ivar Aasen aldri rakk å bruke, høyre forfattarar fortelje om dikting, og du kan snurre på ein globus som viser utbreiinga av skriftsystem verda over.

Sjølv om Lurivar i eigen person berre er til stades i Aasen-tunet to veker denne sommaren, er det alltid eit høve til å møte tunkatten på nært hald i Verdas minste kinosal. I språkverkstaden er det mykje å gjere på eiga hand, åleine eller saman med vener og vaksne. I eit eigenutvikla dikthjul kan du leike fram eigne dikt, spele dialektspel eller leggje deg ei stund på hemsen til Lurivar og høyre på forteljingar eller songar. Aasen-tunet byd også på ein utandørs aktivitet for heile familien: ordløype til Høgetua, der du finn eit heilt eige utebokbibliotek for born. Meir informasjon på aasentunet.no.

– I boka til Eikemo var der eitt kapittel som merkte seg klart ut. Skildringa hennar om Harastølen i Luster (gamle Luster sanatorium) var ukjend for meg, og eg vart umiddelbart fascinert, seier fotografen sjølv. Humberset fortel at han tenkte mykje på korleis han skulle tolke boka hennar opp imot dei fotografiske ideane sine, der ei av utfordringane var å ikkje berre fotografere gamle bygg, men å finne ei djupare historie bak ruinane. – Etter at eg vitja Harastølen, vart eg ikkje i tvil om at utstillinga måtte handle om dette kapittelet i boka til Eikemo, seier Humberset. Han ønskjer å gi publikum eit innblikk i korleis livet har vore på Harastølen gjennom alle desse åra. Ein finn bevis frå alle tidsepokar, frå starten i 1902 og heilt fram til nyare tid der nokon har «renovert» ulike delar av bygningen, og alle rom har si eiga heilt unike historie å fortelje. Utstillinga er open kvar dag under Festspela, og laurdag kl. 10.30 kjem festspeldiktaren sjølv og les frå Samtidsruinar i kulissane av fotoutstillinga med same namn.

Svein Olav Humberset (foto: Humberset Foto)

Kvar dag under Festspela Møre Folkehøgskule Fotoutstillinga Samtidsruinar Opningstider på festspela.no Laurdag 9. juni 10.30–10.45 Møre Folkehøgskule Samtidsruinar Festspeldiktar Marit Eikemo les Gratis

29


Vi køyrer for små og store grupper! Tlf. 916 85 201 - bussmore@nettbuss.no

Designbyrå + Trykkeri

Hotellivaraasen.no Tlf. 70 04 50 00

tindetrykk.no

Tlf: 70 04 60 00 www.foraform.com

Berte og Iver Bli med i Mållaget!

www.berteogiver.no

På Berte og Iver-sidene kan borna spele spel, leike og eksperimentere med rim, bokstavar, staving og ord og sjå animasjonsfilmar på nynorsk. Sidene fungerer både på datamaskin og på nettbrett.

NyNorskseNteret www.NyNorskseNteret.No

Kr ngkastingsmed hjartet r ngen –påForrettedegstaden! Vil du sjå og høyre nynorsk i media? Meld deg inn i Kringkastingsringen! Les meir på www.kringkastingsringen.no

PEER GYNT MED TORALV MAURSTAD I HOVUDROLLA Premiere 9. september BILLETTAR: detnorsketeatret.no / 22 42 43 44

30

dei nynorske festspela 2018

Send tekstmeldinga NYNORSK til 2490. 200 kroner vert då lagt til mobilrekninga. Du kan også melda deg inn på nm.no.

nm.no


Dans litt Kva er det som fenger deg? Kor tid let du deg rive med? Synge med? Danse med? Eller hoppe opp av stolen i vill begeistring? Vi vil treffe noko i deg som utløyser den spontane gleda. Spele på strenger som får det til å rykke i dansefoten, får hofta til å svinge eller armane opp i lufta. Dans og musikk er universelt.

findriv.no

Dansen i musikken – musikken i dansen!

Festspeldiktarens favoritt

Det var bestemor mi som introduserte meg for hakkasteik, eller grynasteik som eg trur ho kalla det. Det var først seinare, då eg begynte å gå i bryllaup rundt omkring i Hardanger, at eg fekk vite at det også blir kalla for brurasteik, at det er ein tradisjonsrik festrett i Hardanger. Det skulle ein ikkje tru, slik som den ser ut, med konsistens  som ein tjukk graut, laga av oppmala, kokt kjøtt og flesk blanda med kokte byggryn. Folk som ser det for første gong, vil kanskje tenke at

hakkasteik er det stikk motsette av festmat, og slik var det for meg. Hakkasteik hørte kvardagane til. Bestemor budde i etasjen under oss i Odda, og nokre gonger då eg kom heim frå skulen, møtte ho meg i trappa og spurte om eg ville ha litt å ete. Nokre gonger kunne det vere plukkfisk, andre gonger blodpølse og i verste fall blodpannekaker. Men nokre gonger var det hakkasteik. Og då var det fest på kjøkkenet til bestemor. Marit Eikemo

Festspelbutikken bognar av gode tilbod og varer du ikkje får andre stader.

I høve 200-årsjubileet for Aasmund Olavsson Vinje er det laga eit sitjeunderlag i ull med sitatet «No ser eg atter slike fjell og dalar som dei eg i min fyrste ungdom såg». Kafeen byd på ein variert meny med både kalde og varme rettar, og ingen stad er vel venare å nyte festspeldiktarens favoritt enn i utekafeen i sommarsola.

Noko for alle i festspelbutikken

Dansen er i musikken. Dans litt.

4. – 8. juli 2018

fordefestival.no

Festspeldiktar Marit Eikemo har levert nyskriven tekst til festspelkruset, som er eit populært samleobjekt, og årets festspelskjorte har sitatet «Det er noko som manglar her» frå essaysamlinga Samtidsruinar.

31


Arrangementsstader

Ivar Aasen-tunet

Opningstider 1. juni–15. august Måndag–fredag kl. 10–17 Laurdag og søndag kl. 12–17 Utvida opningstider under Festspela (sjå midtside) Sjå sommarprogrammet på aasentunet.no 16. august–31. mai Måndag–fredag kl. 10–16 Søndag kl. 12–17 Billettprisar Vaksne 100 Barn (6–16), student 50 Honnør 70 Grupper (min. 15 personar) per person 70 Familie (barn og inntil to vaksne) 220 Eigne prisar for skuleklassar, barnehagegrupper gratis Billettar festspela.no / ebillett.no Telefon 70 04 75 70 Rabattar Ev. honnør, studentbillettar eller Kulturrabatt for ungdom er oppført spesielt. Festspelpass kr 1600 Gir tilgjenge til alle festspelarrangement. NB! Også gjester med festspelpass må reservere plass på førehand til arrangement i lokale med avgrensa plass, som Salen i Ivar Aasen-tunet.

17

10

3

2 9

8 5

Takk til tilskotsgivarar og sponsorar

7 1

4 6 11 16 12 15

Ørsta 1. Ivar Aasen-statuen 2. Målbar, Møre Folkehøgskule 3. Festspelfrukost, Ørsta 4. Bakk-Ola-marka 5. Kunsthuset 6. Ørsta folkebibliotek

13

Volda 7. Volda omsorgssenter 8. Fru Svendsen 9. Fugl Føniks 10. Kaihuset 11. Ørsta Stadion 12. Det Grøne Treet

14

Ørsta kommune

13. Propellhallen 14. Volda bygdetun 15. Spinneriet 16. Volda kyrkje 17. Austefjordhelg

Volda kommune

Samarbeidspartnarar

Ein

Parkering under Festspela

ve

g

øy sk

rin

Allkunne · Amfi Ørsta · Aschehoug · Austefjordhelg · Bakk-Ola-marka, Ørsta Bertel O. Steen avd. Volda · Butikkane i gågata, Ørsta · Cappelen Damm Det Grøne Treet · Det Norske Samlaget · Det Norske Teatret EigedomsMeklar1 Søre Sunnmøre · finn.no · Flamme Forlag Fru Svendsen kunst- og kulturkafé · Fugl føniks kaffibar Fylkesbiblioteket Møre og Romsdal · Hotell Ivar Aasen · Høgskulen i Volda Kaihuset · Møre Folkehøgskule · Nordsjøforlaget · Norsk Barneblad Norsk Forfattersentrum · NRK Nynorsk mediesenter · Nynorsksenteret Pelikanen Forlag · Spinneriet · Studenthuset Rokken Stiftinga Sunnmøre museum · Tussa ASA Volda frivilligsentral · Volda kulturskule Volda Næringsforum · Volda og Ørsta kunstlag · Volda omsorgssenter Volda sokneråd · Volda ungdomsråd · Westre Bakeri · Ørsta Bil AS Ørsta folkebibliotek · Ørsta frivilligsentral · Ørsta kulturskule Ørsta Næringskontor · Ørsta sokneråd · Ørsta ungdomsråd

g→

Ivar Aasen-tunet har eigen parkeringsplass, men under Festspela er det ikkje plass til alle her. Vi har avtale om

parkering med gode grannar i nærområdet. Det vil vere parkeringsvakter i området under heile Festspela.

festspela.no #festspela Miljømerkt trykksak

Polaris Trykk Ålesund 241-791

Festspelavisa 2018  

Alt som skjer under Dei nynorske festspela 7.–10. juni 2018!

Festspelavisa 2018  

Alt som skjer under Dei nynorske festspela 7.–10. juni 2018!