Page 17

D E I N Y N O R S K E F E S T S P E L A • I v a r A a s e n - t u n e t • 2 3 . – 2 6 . j u n i 2 011 • Vo l da og Ør s t a

17

S

Kammerspel med kjensler Kjærleiken treng ikkje alltid ord. Musikken kan også gi uttrykk for dei mest inderlege kjenslene. Det vil ein strykekvartett samansett spesielt for Festspela vise til fulle i salen i Aasentunet laurdag ettermiddag. Då fiolinisten Sigmund Eikeset frå Ørsta blei spurt om kven han ønskte å ha med seg på ein kammerkonsert i Aasen-tunet, var Øyvor Volle eit klart svar. Øyvor Volle har røter frå Vartdal, og med på konserten er også kollegaer av henne frå Gøteborg, Johanna Persson på bratsj og Johan Stern på cello. Dei skal mellom anna spele ut den austerriske komponisten Anton Webern si ungdomsforelsking. Inspirasjonen til hans Langsamer Satz kom då han og kusina Wilhelmine Mörtl var på ein fottur i det austerriske landskapet. Dei to blei etter kvart gifte. – Å gå slik for alltid mellom blomane, med mi kjæraste ved mi side, å kjenne seg så fullstendig eitt med universet, utan bekymringar, fri som lerka på

himmelen – Å for ein prakt, skreiv Webern i dagboka si om denne opplevinga. Han komponerte dette verket som 21-åring i 1905, men det blei ikkje framført før i 1962. Ein annan form for kjærleik kjem fram i den finske komponisten Kaija Saariaho sitt verk Terra Memoria frå 2006. – Dette stykket er dedikert dei som ikkje lenger er blant oss. Deira liv er fullstendige, ingenting blir lagt til. Vi som er tilbake blir heile tida minna om opplevingane vi hadde saman med dei. Våre kjensler held fram med å endre seg rundt ulike sider ved deira personlegdom, nokre minne held fram med å kome til oss i draumane våre, seier Saariaho. Strykekvartetten spelar i tillegg Kjell Mørk Karlsen sin kvartett nr. 3, og Johannes Brahms sin kvartett nr. 3 i B-dur. Laurdag 25. juni 16.30 – 18.00 Salen, Ivar Aasen-tunet Kammermusikk i tunet Kr 250 / honnør, student og ungdom 150 / barn 100

Fiolinisten Øyvor Volle er mellom anna kjend frå Vertavo-kvartetten.

Billie Holiday på nynorsk Friluftsgudsteneste i eit Blix-år Billie Holiday sin stormfulle kjærleikslyrikk er kledd opp i nynorsk språkdrakt og blir framført i Aasen-tunet i den blå timen før midnatt laurdag. Det er Annjo Klungervik Greenall som både har gjendikta songane, og som framfører dei. Ho er godt utrusta for begge delar: Greenall har drive med musikk sidan tenåra, men er til dagleg førsteamanuensis i engelsk ved NTNU. Ved eit tidlegare høve har ho uttala at måten Billie Holiday skreiv om kjærleik på er universell, og noko tenåringar i alle aldrar slit med. Med seg på scena har ho Thomas Torstrup på flygel og Aksel Jensen på bass. Festspeldiktar Bjørn Sortland les frå 12 ting som må gjerast rett før verda går under.

Salmediktaren og bibelomsetjaren Elias Blix er den enkeltpersonen som har hatt mest å seie for utviklinga av nynorsk som kyrkjespråk. I år er det 175 år sidan han vart fødd, og det vil festspelgudstenesta bere tydeleg preg av.

Foto: Siri B. Gellein Laurdag 25. juni 23.00–24.00 Salen, Ivar Aasen-tunet Billie Holiday på nynorsk Kr 200 / student og ungdom 100

– Eg seier gjerne at Den norske kyrkja må vere målrørsla sin største suksess. Vi nyttar ei salmebok der 40 % av tekstane er Søndag 26. juni 11.00–12.00 Uteamfiet, Aasen-tunet Festspelgudsteneste i det fri

på nynorsk, og ein syng nynorske salmar med like stor innleving på Frogner som i Førde, seier årets talar, Blix-biograf og bibelomsetjar Anders Aschim. – Nestekjærleik er den raude tråden gjennom bibeltekstane for denne søndagen. Slik vil gudstenesta òg vere med på å kaste lys over hovudtemaet for Festspela, seier Aschim. Festspeldiktar Bjørn Sortland er tekstlesar og sokneprest Mathias Austrheim er liturg. Mellom dei musikalske aktørane i gudstenesta er Hjørundfjord barnekor under leiing av kantor Marie Austrheim. Etter gudstenesta er alle inviterte til kyrkjekaffi og søndagskafé på Jostein Nerbøvik-plassen.

Festspelavisa 2011  

Programmagasin for Dei nynorske festspela 2011

Festspelavisa 2011  

Programmagasin for Dei nynorske festspela 2011