Page 1

ORD SKIF TE Diktantologi 2018


Ordskifte kjem frå norrønt orðaskipti og kan bety debatt og diskusjon, men òg byte av ordelag. Fleire av poetane som kjem til festivalen tek på ulikt vis opp samtidsaktuelle tema i diktinga si. Det poetiske språket kan opne for nye refleksjonar og fleire perspektiv. Med festivaltemaet vil vi undersøkje poesien si rolle i det offentlege ordskiftet, men også noko av det fleirtydige som kjenneteiknar poesien. Fleire kunstformer kan ta sin plass i det offentlege rommet, og med poesien som ramme er det også lett å assosiere til skiftande tydingar av ordskifte: Kva inneber det å omsetje dikt til andre språk? Kva får det å seie at dikt kan bli tolka på ulike måtar?


10 nye dikt i dialog med diktinga til Olav H. Hauge

Mona Høvring Erlend O. Nødtvedt Cecilie Løveid Kjartan Hatløy Svanhild Amdal Telnes Knut Ødegård Bendik Vada Sindre Ekrheim Ingrid Nielsen Øyvind Rangøy


ALLE FAKTA KAN BLI FEIL Korleis er det med deg, du vesle fugl, du som gøymer deg på dyrka mark? Songen din er rein og klar, som ei japansk vindklokke er songen din. Du triste, beske kvark, du gløymske gluon, kva tyder dette chu-hu, etterfølgt av eit gys? Søvnen sin vitskap og di skinande kvitring seier: Freden og eg er framande for kvarandre no.

Diktet er skrive i dialog med «Hald på med ditt» frå Spør vinden (1971) av Olav H. Hauge

Mona Høvring


Hauges kjeller revisited det er ikke måte på kulturlag tenker jeg da jeg snubler i rye og finner en lem i kjellergulvet til hauge et omriss et svakt lilla lys jeg føler med fingrene i glipene en svak eim av røkelse fra dypet jeg får ringen på jeg trekker jeg tør åpne jeg åpner boken blar gulvdøren opp khtonisk kistelokk eller kongenedstigning skikkelsen fjerner seg fort og stille der nede mahognystigens slitte sølvfester dette er andre trinn dette er andre kjeller rossvollkjellermenneske med hodet først med hodet først nedover steinspiralstigen splinter av teglstein av blånegler i mørtelen er dette en brønn er det et sted å slippe øyet jeg passerer gjennom skjell potteskår dyrebein lander på anegalleriet i et hvelvet rom noen hvitkledde pensler der de siler mold har ulvik herad virkelig gitt tillatelse til dette? de pirker i sorglagene mens jeg graver nedover i tilbakelagte bevissthetstrinn jeg står lett på fellen før kvister før lyng brister jeg faller spiddes på innsiktene de står som askepiler opp fra rå jord jeg tar hakken først når klanket kommer først når gnisten følger klanket først i lyset fra gnisten fra grunnfjellet kan stigningen oppbegynne

Erlend O. Nødtvedt


SØTSTRØMLYS Kan lyset vårt være fjell-lys? Jeg prøvde å få ham til å forstå at lys i hus er akkurat som vann i elver. Hvis du ikke stenger lyset før du går ut fortsetter lyset å strømme videre forsvinningspunkt for forsvinningspunkt for kråker som ikke er der, Er det sånn når elven renner begge veier også? Selv når elven renner gjennom flere land er det slik.

Cecilie Løveid


dikt om Olav H. Hauge Hauge preikar ikkje, men det er to gudar hjå han, Vårherre og Gud Vårherre –Hauge berre smiler godlynt om Vårherre. Men Gud er hans alvor. Ei snill kraft i kosmos «finn det sovande så vel som det vakande hjarte». Gud er æva, stjernene men og den eigne store sorg, når den er blitt mild. Hauge bed ikkje, altfor varsam til det. Men i sagbukken og Hauge er Gud, i ærleg arbeid. Gud er i Hauge der han hjelper yngste trea. Er i tanken:» gjer ein annan mann ei beine.»

Kjartan Hatløy


Høyr – her er hissige vengjeslag når ordi skiftest, dei flyg som flaksande kråkur over fjorden. Nei, skal ein leva i lag bør ein te seg, kan byte beiner og halde bannordi for seg sjølv.

Svanhild Amdal Telnes


JAHVES SKALDAR Ein teolog sa meg at Jahve tyder: Eg er den eg er. Folk flest meiner at skaparen Gud er død Tenkte på dette då eg tenkte på diktarar før: på Arnold Eidslott som var ein kar med jarnklør på føtene, han klatra opp høge stolpar og reparerte telefonliner slik at signala kom fram, på at Alf A. Sæter var ein fotograf med drivkvit hud som heldt seg stort sett i mørkeromet der han framkalla positive bilete frå negativ film, og at Olav H. Hauge var ein gartnar som la si kvasse sjel i å skjera kvistene av epletrea med heilt presise snitt slik at kvart tre bar maksimalt med eple. Vi mindre skaparar er dei vi er, vi òg.

Knut Ødegård


EI BLIND DØR Man sa:

du

finn fjæs i anna

rota system

Man sa: e nesten

du fjord

men man læste dæ ikke i går Med fingran dine om ei gul dør: grønne grep dræg mæ med i Tang dær et ferskenblad skrape mjukt over ei nyfunne snøhinne

Bendikt Vada


Ingen må vere omgjeven av nokon alt som blir omringa av tre er ei glenne i ein skog eit ord må vere omgjeven av munna ei øy må vere omkransa av vatn på alle kantar alle kantar må vere hardare og høgare enn vatnet, og vatnet må renne, må røre seg, strøyme, kunne dra under, drukne noko

Sindre Ekrheim


Skift om morgenen våkner jeg av svarttrosten uten å vite hva som fikk den til å synge om dagen forstår jeg ikke verden men om natten er veggene borte så jeg ser det levende mørket i det mørket husker jeg den ubesøkte sjelen som vekker meg og jeg åpner ørene nå

Diktet er skrive i dialog med «Eg dreg ifrå glaset» frå På ørnetuva (1961) av Olav H. Hauge

Ingrid Nielsen


For keisaren du atter gol og svor. Så står eg der med hand på klinka no og noko i meg susar. Er det blod? Død i mitt skal av kalk og tome ord. Og fjella snøkledd månefunklar blått så tida stansar. Bislaget er tørt med stille lukt av frakkar. Det er mørkt og orda påkledd no. Men du er gått. Eg er åleine. Famlar etter språk og finn ein brytar. Glødelampa skin på gamal staffpanel, ei kvern, ei skåk slik månelys gjer snøvatn til vin. Eg er på isen. Knakande, ei råk der heilagdomen rivnar til eit grin

Øyvind Rangøy


Kva du gjorde. Kva du gjorde i dag? Det skil ingen òg. Men kva du tenkte, um du tenkte noko stort og verdfullt, kan du godt skriva ned. Olav H. Hauge, Dagbok, 1967

poeisfestivalen.no

Profile for Nynorsk kultursentrum

Diktantologi Ulvik poesifestival 2018  

Ti samtidspoetar har skrive nye dikt opp mot temaet «ordskifte» i dialog med diktinga til Hauge. Dei 10 forfattarane som har skrive dikt er...

Diktantologi Ulvik poesifestival 2018  

Ti samtidspoetar har skrive nye dikt opp mot temaet «ordskifte» i dialog med diktinga til Hauge. Dei 10 forfattarane som har skrive dikt er...