Motebok 2012

Page 39

Årsmelding Det er det gamle styret sitt ansvar å skrive melding for det året som er gått. Du som sekretær skal skrive årsmelding i ord og tall med statistiske opplysningar i medlemsregisteret.

Frist 15. desember!

Årsmeldinga gjev mange viktige opplysningar om aktiviteten i 4H-klubben. Både 4H i fylket og 4H Norge treng desse opplysningane, til dømes for å dokumentere 4H-arbeidet ved søknader om stønad. Mange fylker brukar også opplysningane som grunnlag for utvelgjing av årets 4H-klubb. Årsmelding må derfor fyllast ut nøyaktig. Det er fire delar (Arrangement i klubben, Amatørteater og underhaldning, Volleyballaktivitet og Årsmelding i ord) de skal fylle ut. Etter utfylling av Årsmeldinga skriv de den ut og legg den fram for årsmøtet for godkjenning. Hugs å lime inn kopi i Møteboka slik at man har dette for ettertida. Berre dei klubbane som har fylt ut årsmeldinga innan 15.desember, vil få Frifondmidlar. I neste årsmelding må de skrive kva de har brukt pengane til.

Korleis fylle ut årsmelding i medlemsregisteret Først må du logge deg inn på Min Side på 4h.no, og trykke “Medlemsregister”. Då kjem du inn på klubbsida. Deretter vel du fanen “Årsmelding”.

Arrangement i klubben

1. Vel ”Arrangement i klubben” 2. Skriv inn årstallet 3. Fyll inn tala for 2012 4. Lagre

4H Norge 39


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.