UniverS nr 2 - 2010 - FoU-rapport 2009

Page 10

det humanistiske fakultet

Treng nye forståingar av læring Dagens opplæringstilbod til

I doktorgradsarbeidet filma ho kvardagen til fem born med kvar sin nærperson på skulen eller i barnehagen over ein halvårsperiode. Det vil seie: eitt barn i barnehage, to born i grunnskulen og to born i vidaregåande skule. Borna som deltok i undersøkinga, har djupe utviklingshemmingar. Dei har store hjelpebehov, og dei har utfordringar med språk, helse og rørsle. Etterpå gjekk ho gjennom videoopptaka saman med dei same nærpersonane for å få deira betraktningar om konkrete samspelsituasjonar.

born med utviklingshemming har for lite rom for individuelle forståingar og tilpassingar, viser eit doktorgradsarbeid frå Universitetet i Stavanger. Anita Gjermestad disputerte ved Det humanistiske fakultetet i desember 2009 med avhandlinga Skjøre samspill: En deskriptiv og fortolkende studie av barn med dyp utviklingshemming og deres nærpersoner i barnehage og skole. Studien til Gjermestad ser på korleis det tosidige samspelet mellom born med djup utviklingshemming og nærpersonane deira i barnehage og skule kan fortolkast, kva mønster som kjem til syne, og korleis samspelet blir skildra og fortolka av nærpersonane til borna.

Kritisk til tradisjonen

SAKNAR INDIVIDUELL TILPASSING: Anita Gjermestad er kritisk til tradisjonelle forståingar av læring i samspelet mellom born med djup utviklingshemming og nærpersonane deira i barnehage og skule.

På grunnlag av studien konkluderer Gjermestad med at for at borna skal få rett oppfølging, må det nye forståingar til. I avhandlinga rettar ho kritikk mot tradisjonelle forståingar av læring i både spesialpedagogikken og vernepleiefaget. – I det tradisjonelle læringsperspektivet, der alt skal målast og vegast, er det ikkje

Fagleg leiar: Stein Erik Ohna. Rettleiarar 2009: 24 . Ph.d.-kandidatar: 45. Disputasar 2009: 5

Doktorgradsprogram

Spesialpedagogikk Spesialpedagogikk er eit doktorgradsprogram som tek for seg vilkår for læring og utvikling hos born, unge og vaksne med særlege behov. Doktorgradsprogrammet er forankra ved Senter for åtferdsforsking, Lesesenteret og Institutt for allmennlærarutdanning og spesialpedagogikk. Hildegunn Fandrem forska i doktorgraden sin på depressive symptom og mobbing blant innvandrarungdom og norsk ungdom. I avhandlinga Psychological and sociocultural adaptation among adolescents in Norway with immigrant backgrounds: A study of depressive symptoms and bullying finn Fandrem at innvandrarungdom har fleire depressive symptom enn norsk ungdom, og at jenter har fleire enn gutar. Fandrem konkluderer òg med at medan norske gutar i større grad mobbar for å få makt, mobbar innvandrargutar meir for å høyre til. (Les kort intervju med Fandrem side 12.) Anita Gjermestad har i avhandlinga si Skjøre samspill: En deskriptiv og

10

fortolkende studie av barn med dyp utviklingshemming og deres nærpersoner i barnehage og skole sett på det ho kallar ein annleis relasjon. Temaet for studien er det dyadiske samspelet mellom born med djup utviklingshemming og nærpersonane deira i barnehage og skule. Funna til Gjermestad tyder på at det må satsast meir på individuell oppfølging av born med djup utviklingshemming. (Sjå eigen artikkel ). Liv Stray Larsen har i doktorgradsarbeidet sitt studert motoriske vanskar hos born med konsentrasjonsvanskar og hyperaktivitet (ADHD). I avhandlinga Motor problems in children with ADHD and clinical effects of Methylphenidate as assessed with the MFNU har Stray Larsen undersøkt metoden motorisk funksjonsnevrologisk undersøking (MFNU), som blei utvikla for å vise at desse borna òg strevar med å regulere spenningar i muskulaturen. Stray Larsen viser i forskinga si at instrumentet har vore klinisk nyttig.

I UniverS Nr. 2 – 2010 I Spesialutgave – FoU-Rapport

(Sjå kort intervju med Stray Larsen om avhandlinga ). Ingunn Studsrød har forska på samanhengane mellom skuletilknytinga til elevar i den vidaregåande skulen og korleis dei opplever lærarar, foreldre og venner som sosialiseringsagentar. I avhandlinga Perceptions of socialization practices of parents, teachers and peers in reports of school adjustment in upper secondary school: A study of Norwegian secondary school students har Studsrød studert variasjon i fråvær, skulk, intensjonar om å slutte og kjensle av framandgjering. Desse faktorane har vist seg å ha store konsekvensar for kvardagslivet og det framtidige skule- og yrkeslivet til elevane. Temaet for doktorgradsarbeidet til Arlene Arstad Thorsen har vore prioriteringane og den subjektive forståinga til førskulelærarar og lærarar når dei handterer åtferd i barnehage og skule. I avhandlinga Teachers’ priorities and beliefs: A venture into beliefs,


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.