Øynytt nr 4 september 2015

Page 1

ØY

Nummer 4

NYTT

Kyrkjeblad for Øygarden

September 2015

På misjonsbesøk i Thailand 50

konfirmantar

8

42. årgang

10

3

“Jesus ser den eine” av Erling Vik

4

100 års-jubilant på Torsvik

6-7

Kandidatar til soknerådsvalet

16

På tur til Modalen


Misjonsavtale signert Søndag 21. juni vart misjonsavtalen mellom Det norske misjonsselskap og Øygarden sokneråd formelt signert, under gudstenesta i Hjelme kyrkje.

Råmund Skjold, Grete Lunde, Espen Tveten

Tilstades frå NMS var regionleiar Grete Lunde. Ho hadde óg talen i gudstenesta.

Det var nestleiar i Øygarden sokneråd, Råmund Skjold, som representerte kyrkjelydane i Øygarden. Frå NMS vart det overrekt to plakettar med overskrifta Misjonsavtale. Meininga er at desse skal hengja synleg i kyrkjene. Avtalen omfattar m.a. eit mål om å samla inn kr 30 000 årleg, forbøn, misjonsinformasjon og markering av misjon, særleg i openberringstida. Pengane som vert gitt går til NMS sitt arbeid i Thailand, i Mukdahan der ein driv lekmannsarbeid. Det er mogleg å lesa meir om dette arbeidet på NMS sine nettsider: www.nms.no Red.

Kyrkjebudsjettet for 2016 Frå 2014 fekk kyrkja lokalt trusopplæringsmidlar frå Kyrkjerådet. Utan desse midlane måtte ein redusert i drifta til kyrkja i Øygarden. I tillegg kjem det inn små og store gåver til soknerådet sitt arbeid. Desse midlane går til å halda oppe ordninga med team. Det er Øygarden kyrkjelege fellesråd (soknerådet med tillegg av ein representant frå kommunen) som har økonomi og personalansvar for kyrkja lokalt. Kostnader vert i hovudsak ført over fellesrådet sitt budsjett/rekneskap. Offer og enkeltkjøp soknerådet gjer, vert ført i soknerådet sitt rekneskap. Fellesrådet sitt budsjett for 2016 har ei ramme på kr 6 051 000,00. Dette dekkar heile verksemda, også gravferd og kyrkjegardar. Skal budsjettet gå i hop må Øygarden kommune i 2016 auka si ramme til kyrkja med kr. 150 000 til kr 4 755 000. Vert ramma mindre må kyrkja redusera. I tillegg kjem behov for nokre eingongskjøp av utstyr. Budsjettet er ikkje klart før etter at kommunestyret har gjort vedtak i desember. Red.

Givarteneste - teamet Takk til dykk som har gitt nokre store gåver og som vil vera anonym. Me kan berre takka på denne måten. Takk til alle som gir. Ditt bidrag er utruleg viktig for at me kan oppretthalda ordninga med ungdomsteam i Øygarden. Alle gåver monnar, slik den blå søyla viser. Teamet 2015/2016 er komen i arbeid og busett i Blomvågen. Velkommen til Mildrid, Lovise, Øystein, Martin Jonas og Tor André. Me har altså fem flotte ungdomar som skal delta i kristent barne- og ungdomsarbeid i Øygarden. Det er kyrkja i Øygarden som saman med NLM er ansvarleg for teamet. Du kan gi gåve til konto nr. 3628 55 90870. Gåva kan registrerast skattefritt. Ønskjer du informasjon om dette, ta kontakt med oss på tlf. 56382240. Red.

2

ØyNytt

Redaktøren har ordet

Kjære lesar! Misjon står i fokus i dette nummeret av ØyNytt. Jesus er interessert i den eine, slik soknerådsleiaran skriv i andakta. Misjon er å formidla evangeliet til alle menneske, anten her i Noreg eller ute i verda. Mange fnys av ordet misjon. Då har ein ikkje sett seg inn i bakgrunnen for kvifor drive misjon og kva misjonærane eigentleg gjer. Misjonen har prøvd å sjå heile mennesket og har opp gjennom tidene drive utdanning og helsearbeid i tillegg til å forkynna evangeliet om Jesus Kristus. Dette er gjort i eit samarbeid med lokale kyrkjer og styresmakter. Misjonen i samarbeid med nasjonale kristne og styresmakter har gjort og gjer ein forskjell for menneske mange stadar i verda. Misjonen har stått og står enno sterkt i Øygarden. I bladet skriv me om bedehus som fyller 100 år dette året. Det vert markert, noko ein absolutt bør gjera. Bedehusa må løftast fram. Bedehus og misjonsarbeid heng saman. Sjølv om forsamlingar slår seg saman og nokre bedehus har meir aktivitet enn andre, må ein sjå betydningen av arbeid lokalt, særleg for barn og t.d. søndagsskule. Eit døme er Oen bedehus der Pluss-klubben samlast ein gong i månaden (5. -8. klasse). Det er kyrkjeval 14. september. Det er flott å sjå kandidatane som stiller til val, i sokneråd og bispedømeråd. Det er slik at kyrkja sitt arbeid er med og formar samfunnet, også lokalt, ikkje minst gjennom arbeid mellom og møte med barn og ungdomar. Me deler tru og undring, kristne tradisjonar og verdiar, opplevingar og fellesskap, håp og kjærleik under overskrifta STØRST AV ALT. Ha ein fin haust! Olav Martin Vik Kyrkjeverje og redaktør


Andakt ved soknerådsleiar Erling Vik

Jesus tek seg av den eine Mi andakt tek utgangspunkt i songen til Trygve Bjerkrheim: “Jesus tek seg av den eine som om ingen andre var. Han har tid for deg når hine tid og time ikkje har” På ein tur til Etiopia for to år sidan hadde eg eit sterkt møte med en liten fattig gut. Me overnatta på ein lodge ved innsjøen Langano. Her var området inngjerda og ein måtte passere vaktpost for å kome inn og ut av området. Området utanfor hadde spreidd busetnad med små afrikanske jordhytter. Av rein nysjerrigheit tok eg meg ein liten spasertur aleine på utsida av området. Etter nokre få minuttar ser eg ein liten gut, tenkjer han kunne vere mellom 8-10 år , kome gåande sakte mot meg. Han var kledd i ei utsliten T-skjorte og ei velbrukt bukse. Me møttest og vart sitjande på ein liten stein og prøvde å kommunisere litt i lag. Vårt møte vart avslutta med at eg fekk gi han ei lita gåve og han strålte av glede og takksemd I mi barnlege Gudstru trur eg det var Gud som denne dagen sendte denne vesle guten i min veg. For meg vart det eit sterkt møte og påminning om to ting: Det at Jesus tek seg av den eine, og det at me som medmenneske kan vere med å hjelpe nettopp ”den eine”. På denne måten kan me gjere ein forskjell. Jesus tek seg av den eine. Om du minst av alle var, vil han møta deg med kjærleik som ein trufast bror og far. Rekn med Jesus i kvardagen. Han vil ha med deg å gjere. Så slepp han inn i livet ditt. Jesus tek seg av den eine sæl kvar ein som går til han. Dag for dag han vil deg leia til du når det gode land.

Soknerådsleiar Erling Vik.

Takk til Maria, Ane Marte og Maria!

Kyrkjeleg tilsette skårar høgt

Fredag 19. juni var siste dagen i Øygarden, for teamet 2014/2015. Me ønskjer å takka hjarteleg for arbeidet som Maria, Ane Marte (2 år) og Maria har lagt ned i Øygarden. Dei har formidla Jesus til born og unge på ein fin måte. Dei på si side repliserer med at kyrkja i Øygarden må vera “verdas beste arbeidsplass”. Dei har hatt ei flott tid i Øygarden.

Direktorat for forvaltning og IKT (Difi) offentleggjorde 10. juni resultata frå innbyggarundersøkinga 2014/2015. Tilfredsheita med Den norske kyrkja sine tenester er her målt saman med innbyggarane si vurdering av ein rekke andre tenester/verksemder i forvaltninga.

Red.

Hellesøy bedehus 100 år Me gratulerer Hellesøy bedehus med 100-årsjubileet. ØyNytt skreiv om arbeidet og aktivitetar på dette bedehuset i nr. 4/2013. Jubileumsfesten vert søndag 20. september kl. 17.00 med tale av Asle Hetlebakke. Kaffi og kaker. Red.

Dei som deltek i Dfi si undersøking, vert beden om å rangera svara på ein sjutrinns-skala frå «svært misnøgd» til «svært nøgd». Omrekna til ein skår frå 0-100 ligg 81-100 i topp-

Foto: Olav Martin Vik

kategorien «svært nøgd». Kyrkja sin snittskår ligg på 81. Høgast skår får altså kyrkja på spørsmål om å yte service. Sammenlikna med andre tenester ligg Den norske kyrkja på topp når det gjeld brukarane si tilbakemelding om personlig oppfølging. Folk si oppleving av korleis kyrkja har gjennomført dåp, konfirmasjon, vigsel eller gravferd er svært positiv - med ein skår på 86-87.

Red.

• Visjonskveld i Blomvåg kyrkje torsdag 22. oktober kl. 19.00. Motto: “Gå difor ut”. Ope for alle. arr. Øygarden sokneråd. • Stor konsert med Kulturskulen, i Blomvåg kyrkje, måndag 25. januar 2016 kl. 18.00 arr: Kulturskulen i Øygarden og kyrkja. ØyNytt

3


Torsvik bedehus er 100 år i 2015. Huset vart vigsla i desember 1915.

Torsvik bedehus 100 år

Torsvik bedehus vart bygt i 1915. ØyNytt gratulerer med 100-årsjubileet. Aktiviteten på bedehuset er liten i dag i forhold til slik det var før, men huset vert halden i hevd og den årlege bedehusbasaren på somarstid samlar enno mykje folk. Jubileet vert feira i september. Tekst og foto: Olav Martin Vik Kjeldemateriale: frå 75-årsjubileet og Else Austbø

Vekking og tankar om bedehus Hausten 1914 var det vekking på Torsvik. Møta vart halden i stovene og dei vart for små. Ein trong eit større hus og tanken om eit bedehus var sådd. Ein komité på fire menn vart valt til å realisera bedehuset: Halvor Heliksen, Anders Johannesen, Paul Jensen og Mons A. Monsen. Grunn og finansiering Helek Halvorsen stilte grunn til disposisjon for bedehuset. I byrjinga vart det betalt 10 kr pr år. Seinare vart grunnen kjøpt ut. Det vart så sett i gong med å skriva ut lister for frivillige gåver. Desse listene vart sendt rundt på bygdene i kring. Det gjekk bra med innsamlinga. På Torsvik kom det inn kr 1671, på Vik kr 60, på Toft kr 57, i Blomvåg kr 20,50 og på Follesø kr 45. Tilsaman kr 1853,85. I Sundsbanken søkte ein om eit lån på kr 3000 og då hadde ein kr 5000 som skulle finansiere det nye bedehuset. Huset vart bygd og gjelda betalt Komiteen reiste til Bergen etter materiale og skifer til taket. Dette vart kjøpt hos Paal

4

ØyNytt

Kahrs. Ein av snurpebåtane slepte skuta med materialane til Torsvik. Huset vart bygd av Halvar Heliksen, Anders Johannessen, Harald Halvorsen, Peder Landro, Andreas Olsen og Johannes Johnsen. Løna var kr 18 pr veke og 42 øre timen. Arbeidsløna kom på kr 2019. Huset kosta kr 7300 og då hadde ein ei skuld på kr 2400. Det vart etter kvart gitt rentefrie lån slik at ein fekk løyst ut skulda. I det som då var Herdla var det berre bedehus på Misje. Komiteen tykte huset var for lite, så det var bedehuset på Landro som vart malen for bedehuset på Torsvik, rett nok gjort 2 alen kortare. Det var emisær Lars Johnsen som teikna huset. Vigsla i desember 1915 Bedehuset vart vigsla 14 dagar før jul i 1915. Det var Lars Johnsen som vigsla huset. Mathias Orheim var med. Han spelte fele den gongen. Dei ulike misjonsorganisasjonane hadde sendt talarar til vigslinga. På det meste var det 7 misjonsforeiningar på Torsvik. På vigslingsdagen kom det folk frå Vik,

Toft, Turøy, Misje, Rong og Blomvåg. Fornying og basar I seinare tid har bedehuset fått oppvaskmaskin og det er installert varmepumpe. Huset har fått nye vindauge og det er gjort anna vedlikehaldsarbeid. Då ein skulle kjøpa varmepumpe måtte pengane samlast inn og folket på Torsvik slutta godt opp om innsamlinga. Den årlege bedehusbasaren i juni, med åresalg, samlar enno mykje folk. Det er mange som gir gåver til basaren. Me gratulerer med jubileet!

Jubileumsfest Torsvik bedehus 100 år laurdag 19.september kl. 16.00 Tale ved sokneprest Espen Tveten


Soknepresten si temaside Espen Sigve Tveten, sokneprest

Globalt oppdrag i den lokale kyrkjelyden Soknerådet i Øygarden vil frå i år støtta misjonsarbeidet i Thailand. Me har forplikta oss til ut året 2017 å støtta prosjekt i Det Norske Misjonsselskap og IMI-kyrkja, som er knytt til Normisjon. Begge driv eit godt arbeid i smilets land. Det er lang tradisjon for kyrkja i Øygarden å støtte misjonsarbeid, men det er lenge sidan det var Asia. Tradisjonelt har det globale misjonsansvaret ikkje vore så synleg i norske kyrkjelydar. Det har vore bedehusa og misjonsorganisasjonane som har teke seg av slikt arbeid. Kyrkjelyden har teke seg av lokalarbeidet. Men lokalkyrkjelyden har eit ansvar for misjon overalt. Misjon er eit grunnleggande uttrykk for kyrkjelyden sin identitet. Misjon er ikkje noko me kan velja om me skal gjera eller ikkje, kyrkja er i sitt vesen misjonerande. «Slik lyset eksisterer ved å brenna, slik eksisterer kyrkja ved å vera misjonerande», sa teologen Emil Brunner. Den frigjerande bodskapen om frelsa i Jesus Kristus skal heile tida nå vidare ut. Har ein fyrst oppdaga gleda, skal ein ikkje halde henne for seg sjølv. Delt glede er heil glede. Misjonal kyrkje Eit nytt omgrep er på veg inn i kyrkja. Me snakkar no om at kyrkja må vera misjonal, til fordel for misjonerande. Talar me om ei misjonerande kyrkje, tenkjer mange gjerne på det ei gruppe av spesielt interesserte misjonsfolk er opptekne av, slik som misjonsprosjekt og basarar. Det misjonale fokuserer ikkje på aktivitetane me gjer, men på kva vi heile tida er kalla til å vera. Misjon tyder «sending/sendt», og seier såleis noko om vår identitet og vårt oppdrag. Det fortel oss ikkje berra kva me skal gjera, men kva me er. De er saltet og lyset i verda, sa Jesus til disiplane og la vekt på at dei var det allereie. Dei var det i eigenskap av å tru og fylgja Jesus. Dei skulle ikkje verta det etterkvart, når dei berre vart flinke nok. Å vera ein etterfylgjar av Jesus betyr at ein ikkje kan velja om ein er sendt eller ikkje. Alle er sendt. I dåpen vert vi kalla inn til å leva nær Jesus, samt sendt ut til verda. Det vert eit misjonalt liv.

Foto: Olav Martin Vik

Misjon er grensesprengande. Det handlar om å ta med evangeliet til stadig nye folkeslag. Men det handlar ikkje berre om geografiske grenser. Misjon kan sprenga grenser i våre familiar, nærmiljø og arbeidsplassar også. Samarbeid Når det gjeld misjon i andre land, vel kyrkjer i Noreg å samarbeida med ulike organisasjonar. Den norske kyrkja har ingen underavdeling som driv tradisjonelt ytremisjonsarbeid, slik som til dømes den finske lutherske kyrkja. Så sjølv om det er viktig at norske kyrkjelydar tek eit stadig større ansvar for misjonsoppdraget, er det ingen ynskjer om å spela misjonsorganisasjonane ut over sidelinja. Tvert imot er det eit sterkt og målretta samarbeid ynskjeleg og naudsynt. Eit sterkt arbeid i lokalmiljøet og eit engasjement for arbeidet i Thailand heng saman. Og vi håpar at misjonsforpliktinga vår vil føre til gjensidig velsigning og glede for både Thailand og Øygarden. Ver med å støtta økonomisk og i bøn. Lukke til.

“Misjon er eit grunnleggande uttrykk for kyrkjelyden sin identitet” Visjonskveld i Blomvåg kyrkje torsdag 22. oktober kl. 19.00 under mottoet: “Gå difor ut”. Fokus på misjon lokalt og globalt. Arrangementet er ope for alle. arr. Øygarden sokneråd. ØyNytt

5


Kandidatar til soknerådsvalet i Blomvåg Erling Vik 59 Bankmann Bakgrunn: Økonomiutdanna. Bank. Tidl. styreleiar i Vik bedehus. Aktiv i kristent arbeid. Medlem i soknerådet i fleire periodar. Særleg oppteken av: Misjon. Solidaritet med fattige. Barne og ungd. arb. Kyrkjelydsvekst.

Namn: Øystein Vik Alder: 33 Yrke: Journalist i BT Bakgrunn: Journalistutdanna frå

Namn: Alder: Yrke:

1

Gimlekollen i Kristiansand. Er leiar i barnekoret Lyskastaren. Spelar gitar og piano.

6

2

3

4

5

Barn og unge må bli kjent med Jesus. At kyrkja er ein plass for alle.

Kristent arbeid mellom barn og unge. Namn: Renate Fjeldstad Haug Alder: 31 Yrke: Miljøterapeut Bakgrunn: Sjukepleiarutdanna ved

Inger Marie Blom Bonifacio Alder: 31 Yrke: Kontaktlærar på Toftøy Bakgrunn: Almennlærar med opprykk. Tidlegare leiar i barnelag. Er no leiar i Blomvåg søndagsskule. Namn:

Særleg oppteken av:

Særleg oppteken av:

Haraldsplass. Særleg oppteken av:

7

Barne- og ungdomsarbeid. Diakoni i kyrkja.

Namn: Øyvind Solsvik Alder: 40 Yrke: Lærar på ØUS Bakgrunn: Utdanna ved lærarhøg-

Namn: Åse-May Solsvik Blom Alder: 44 Yrke: Lærar Toftøy skule Bakgrunn: Utdanna adjukt. Musik-

skulen i Volda, kristendom grunnfag. NLA. Medlem i soknerådet i fleire periodar. Arbeider med MOT.

klinja ved Fjellhaug skular. Er med og driv barnekoret “Lyskastaren”.

Særleg oppteken av:

Barne- og ungdomsarbeid, musikk og song i kyrkja, fellesskapet i kyrkjelyden.

Kyrkjelydsutvikling med fokus på ungdomsarbeid.

Særleg oppteken av:

8

Namn: Therese Dale Alder: 24 Yrke: Barnehageassistent Bakgrunn: Studiekompetanse.

Namn: Johan Jarle Dale Alder: 64 Yrke: Vaktmeister Bakgrunn: Tidlegares sjømann og

Nestleiar i styret for Refuel. Har arbeida i Team i Øygarden og deltek aktivt i kristent arbeid.

fiskar. Verkstad og lagerarbeid. Er med i kristent arbeid. Styreverv i bedehus og foreiningsarbeid Særleg oppteken av: Vidareføre den kristne arven. Kjempe for at kyrkje og kristenliv får gode vekstvilkår.

Særleg oppteken av:

Barn og ungdom.

9

Namn: Gisle Kårbø Rong Alder: 39 Yrke: Adm. direktør i Seatrans Bakgrunn: Utdanna frå NTNU.

Namn: Jakob Kåre Blom Alder: 60 Yrke: Fiskeoppdrettar Bakgrunn: Tidl. Krinsstyre i NLM.

Har ansvar for skipsflåten til Seatrans Shipmanagement AS. Frivillig medarbeidar i kyrkja.

Styreleiar i Toftøy barnehage (NLM). Medlem i soknerådet i fleire periodar.

Særleg oppteken av:

Særleg oppteken av:

Gudstenestelivet, barne- og ungdomsarbeidet.

10

Samarbeid mellom kyrkje og misjon i barne- og ungd. arbeidet.

• Kandidatane er nummerert i den rekkefølgje slik dei står på vallistene, til soknerådsvalet i Blomvåg og Hjelme. • Valdagen for kyrkjevalet er måndag 14. september. Stad og tid for valet finn du imformasjon om på side 12.

6

ØyNytt


Kandidatar til soknerådsvalet i Hjelme Namn: Råmund Skjold Alder: 48 Yrke: Konst. einingsleiar i ØK. Bakgrunn: Norges landbrukshøg-

1

skule. Lærar på Val landbruksskule. Styreverv i Skjergardsheimen og Bergen birøktarlag. Medlem i soknerådet. Driv søndagsskule. Særleg oppteken av: Song og musikk i gudstenesta. Få fleire med i kyrkja.

Namn: Thorleif Birger Hellesøy Alder: 66 Yrke: Pensjonist Bakgrunn: Forretningsmann,

kjøpmann. (Eurospar Rong). Dreiv Hellesøy musikklag i mange år. Frivillig medarbeidar i kyrkja

7

Namn: Astrid Nautnes Rustad Alder: 56 Yrke: Kundevert i Øygarden k. Bakgrunn: Vidaregåande skule, all-

Særleg oppteken av:

Diakoni, besøksteneste. Kyrkjelydsutvikling og barn og ungdom. Namn: Tormod Magnesen Alder: 27 Yrke: Student Bakgrunn: Studert 3-årig faglærar

8

Særleg oppteken av:

Musikk, ungdomsarbeid, Refuel. Namn: Bjørg Fjeldstad Alder: 60 Yrke: Spesialsjukepleiar TBOS Bakgrunn: Utdanna sjukepleiar.

9

Vidareutdanning i diakoni og geriatri. Set i soknerådet. Frivillig medarbeidar.

4

5

Særleg oppteken av:

Gudstenestene og gudsteneste- livet. Tilrettegging for alle i gudst. Namn: Eilert Olai Hellesøy Alder: 42 Yrke: Legemiddelkonsulent Bakgrunn: Høgskule, økonomi, leiing. Kjøpmann og diverse komersielle styreverv. Adm. styret i Norkirken.

Namn: Monica Breivik Alder: 38 Yrke: f.t. heimearbeidande Bakgrunn: Ulike arbeidsplassar.

Alpha-kurs og frivillig arbeid. Set i soknerådet. Særleg oppteken av:

6

10

Arbeid mellom born og unge. Musikk.

prosjektingeniør i FMC. Nesleiar i barnekreftforeininga i Hord. og SF. Frivllig medarbeidar i ungd.kl. Refuel. Særleg oppteken av: Styrka ungd. arbeid og å behalda teamet. Namn: Kjersti Larsine Waage Kårbø Alder: 56 Yrke: Adjunkt Bakgrunn: Lærarskule. Lærar (adjunkt). Dirigent for tidl. Immanuel (kor). Tidl medlem i rekkje kommunale råd og sokneråd. Tidl. misjonær i Kenya. Særleg oppteken av: Diakoni i kyrkjelyden, sterkare samhald. Frå ord til praksis. Trygve Johannes Hellesøy 77 Pensjonert/vikarierande sokneprest Bakgrunn: Lærar, rektor, soknediakon, prest. Har vore representant i Øygarden kommunestyre og ei rekke andre råd og utval. Særleg oppteken av: Diakoni, barneog ungdomsarbeid, vaksenopplæring og eldreomsorg.

Namn: Alder: Yrke:

Særleg oppteken av:

Misjon, ungdomsarbeid, media og kommunikasjon.

nen, Normisjon og Toftøy barnehage, misjonær i Mali i over 8 år. Særleg oppteken av: Ei inkluderande kyrkje bygd på Guds ord. Den Heilage Ande må vera tilstades i kvardagslivet. Namn: Arild Nordvik Alder: 42 Yrke: Prosjektingeniør Bakgrunn: Bilmekanikarutd. No

ved HiNT, komposisjon for Scene, film og TV. Studert byggingeniør. Musikar i Gospel teens

3

Kristent arbeid generelt, barne- og ungdomsarbeid. Namn: Jan Sanden Alder: 48 Yrke: Industrimekanikar Bakgrunn: Styreverv i Santalmisjo-

menne fag. Medlem i soknerådet, tidl. varamedlem. Frivillig medarbeider under gudstenestene.

2

Særleg oppteken av:

11

Informasjon om Kyrkjevalet 2015 finn du på www. kyrkjevalet.no Kandidatane til bispedømerådet i Bjørgvin finn du i innstikket til dette bladet. Godt val! ØyNytt

7


Barne- og ungdomssider

Frå venstre: Trym Hamm

Tirsdagsgruppa med konfirmantar

Nye konfirmantar med forventn Tekst: Hogne Berland Foto: Martin Jonas Nakken I desse dagar er 50 håpefulle ungdomar i gong med konfirmantåret. Om 8 månader er dei første konfirmert, men før det skal dei vera med på mykje. Undervisning, gudstenester, ungdomsklubb, kor, leir og meir. Vi snakka med nokon av dei om kva forventningar dei har til året. Trym Hammer Heggholmen, Benjamin Knarvik Rong, Maria Nautnes og Rebecka Marielle Godvik er alle einige om at dei gler seg til året. «Vi har hørt frå andre at det er gøy, så vi trur året

vert kjekt!». Benjamin seier han gler seg spesielt til konfirmantleiren og dei andre er einig i det. Dei ser òg fram til å verta betre kjent med teamet. «Dei verkar veldig koselige, og Tor André er morsom», seier Maria.

Kvar konfirmant skal velja seg ein klubb dei vil delta på gjennom året. Her har dei fire vald litt forskjellig. Maria har vald KRIK. «Eg likar å vera aktiv, så tenkte at det var eit bra val for meg». Guttane satser på Refuel. «Eg har ikkje vore der før», seier Benjamin, «men eg har høyrt Den første undervisninga syns dei vart frå andre ungdommar at det er bra». bra. «Det blir interessant å sjå korleis det Rebecka har vore med i Gospel Teens vert framover», seier Trym. «For å vera lenge, og vil halde fram med det. «Eg ærleg så kan kanskje gudsteneste vera elskar å synge, så Gospel Teens er perfelitt kjedelig, så eg er spent på å lære kt for meg! I tillegg får vi alltid mat der», meir her på undervisninga. Eg trur det seier ho og ler. kan bli annleis.»

Hogne har ordet

Hogne Berland, kyrkjelydspedagog

gjorde veldig inntrykk og då eg var liten svarte eg «misjonær» dersom nokon Temaet i Øynytt denne gongen er mis- spurde kva eg skulle verta då eg vart jon. Eg får ein litt rar følelse når eg tenk- stor. Tenk at nokon reiste frå det trygge jer på ordet. Eg var ikkje gammal då eg og gode Noreg, for å fortelje menneske først fekk høre om misjonærar. Vi abbo- i andre land om Jesus. Det er fantastisk! nerte eit kristent barneblad i posten som Sidan har eg alltid vore interessert i å heitte Blåveisen. Der fekk eg lese om høyre nyhende frå misjonærar i ulike menneske som reiste til andre land for delar av verda. Korleis går det? Er det å fortelje om Jesus. Eg hugsar at dette noko bra som skjer? Kva er utfordrande

8

ØyNytt

og vanskeleg akkurat no? Oppdraget frå Jesus til oss, er at alle folkeslag skal få høyre om han. Framleis er det mange folkeslag som ikkje har høyrt, men utviklinga går fort. Dei som er unge i dag, kan vera generasjonen som får vera med og bringa det gode budskapet til dei siste folkeslaga. For ei spennande tid! Det er viktig at vi held


Dette skjer!

Leirar på Skjergardsheimen 3. oktober 23.-25. oktober 4.-6. desember 22.-24. januar 12.-14. februar 26.-28. februar 22.-24. april

1.-2. klasse leirdag 3. klasseleir 4. klasseleir 7. klasseleir 5. klasseleir 6. klasseleir 8.-10. klasseleir

Ungdomsklubben Refuel

: Maria Nautnes, Rebecka Marielle Godvik, Benjamin Knarvik Rong og mer Heggholmen.

ning

(frå 8. klasse)

4. september Tale: Sindre Kvalheim 18. september Tale: Birgitte Rong 2. oktober Tale: Viggo Wilhelmsen 16. oktober Tale: Jon Amador 30. oktober Tale: Wiggo Tangstad 13. november Tale: Arvid Vik 27. november Tale: Olav Vindenes 11. desember Refuel og KRIK julebord. Espen Tveten. Stad: Rong bedehus Tid: 19.30-22.30

KRIK (frå 8. klasse) Då vi spør kvifor dei vil konfirmere seg, er svara òg litt ulike. Fleire seier at tradisjon er viktig. «Og så ønskjer eg å lære meir om kristendom og på ein måte komme meir inn i det», fortel Rebecka. Trym fortel at han har lest i Bibelen før og kan ein del. «Men no er eg spent på om eg kan læra noko nytt her i år!»

28. august 06. november 11. september 20. november 25. september 04. desember 23. oktober 11. desember Refuel og KRIK julebord. Espen Tveten. Stad: Tid:

Toftøy gamle skule 19.00-21.00

Gospel Teens (frå 5. klasse) 1. september 15. september 29. september 13. oktober

27. oktober 10. november 24. november 08. desember

Stad: Blomvåg kyrkje Tid: 17.30-19.30

oss oppdatert på kva som skjer, at vi ber for og oppmuntrar misjonærane, og at vi er med å betale løna deira! Vil du ha nyheiter om misjon? Eg anbefaler den kristne ungdomsnettsida www.itro.no!

Nytt K2-kull I fjor starta K2 opp for første gang. Dette er eit tilbod til dei som er ferdig med konfirmantåret, men har lyst å vera med vidare. 20 ungdommar fullførte det første året. No startar straks det andre kullet med K2-ere opp, og i år er 25 allereie påmeldt. Vi gler oss til å få gå litt meir i djupna av den kristne trua saman med denne flotte gjengen!

ØyNytt

9


På skattejakt i Tha Misjonæren som vart prest i Øygarden tok familien med tilbake til Thailand for å sjå korleis det stod til med menneska dei var saman med i 7 år. Det vart eit gledeleg gjensyn. Tekst og foto: Espen Sigve Tveten I sommar flytta eg fokus frå prestetenesta i Øygarden til smil og varme mellom gamle vener i Thailand. Heile familien sette seg på flyet og var 3 veker i landet me jobba i, i 7 år. Kva ville møta oss, hadde arbeidet stagnert eller gått fram? Det vart eit gledeleg gjensyn. Skattejakt Livet som misjonær kan samanliknast med ei skattejakt. Om det ikkje er gull og diamantar me finn, så er det verdifulle skattar som ligg i kvart menneske. Som utsendt for Det norske misjonsselskap (NMS) hadde Maria og eg eit hovudfokus med å utrusta kyrkjelydsmedlemane til teneste i kyrkja si. Det har mange gonger slått meg kor unike kvart einskild er, alle har sine spesielle historiar. Uansett om dei me trefte hadde fortid som alkoholmisbrukar eller trollmann, eller berre eigde det dei stod og gjekk i, var dei alle tiltenkt ein plass hos Gud og hadde evner som kunne utviklast og nyttast til det gode. Språklærar Tik Ei evnerik dame er vår tidligare språklærer Tik. Ho lærte oss thai og budde i same område som oss. Det var stor glede den dagen ho vart kristen, og ho fekk deretter opplæring i kristen tru.

Fakta om Thailand •

Ligg i Søraust-Asia Ca 70 mill. innbyggjarar Bangkok er hovudstaden CA. 95 % av innb. er buddhistar Kongedømme Thailand sitt opphav vert rekna frå år 1238 av det første thaifolket som hadde utvandra frå Kina. • Viktige næringar er jordbruk og turisme.

• • • • •

10 ØyNytt

Det er fantastisk å sjå kor mykje ho har lært og kor mykje ho stolar på Gud i kvardagen. Ho har blitt ein av hovudleiarane og er no tilsett i misjonsarbeidet. Ho har gått frå å vera tilskodar til deltakar til leiar. Med tanke på skattejakt, har Gud gitt ho gåva til å undervisa og leia. Ho er på bilete øvst til venstre, saman med sin mann som vart kristen i år. Få kristne Thailand er eit stort land med ca 70 millionar innbyggjarar. Det er få kristne i dette buddhistiske landet, om lag ein halv prosent. NMS har sidan 1976 vore engasjert i Thailand. No har landet ei sjølvstendig nasjonal luthersk kyrkja. NMS støttar bistandsarbeid i slummen i Bangkok og på landsbygda, og har mange prosjekt knytt til evangelisering og kyrkjelydsbygging. Det er om lag 20 lutherske kyrkjelydar med om lag 3000 medlemar i Thailand i dag. Som misjonærar arbeidar ein heile tida ilag med nasjonale kristne. Både biskopen og prosjektleiarar er thaiar. I dag vart misjonærane mest nytta til opplæring og utrustning av dei som er kristne, medan dei før var evangelistar. Frimodige kristne Det er viktig at thaiane sjølv får vitna for sine landsmenn. Det er tidligare hushjelp Phen et godt døme på (til høgre på bilde to). Ho vart kristen på ein ungdomskonferanse me arrangerte og ho har vokse mykje. Då me var på gudsteneste i sommar, vart me særs glade då me oppdaga at Phen var talaren den søndagen. Frimodig og sjølvsikker underviste ho kyrkjelyden. Kvelden før hadde me vore på utemøte i hagen til nokon av ungdomane. Kvar laurdag kveld ønskjer dei å ha møte i sitt nærmiljø der dei har undervisning,

F.v. oppe: Språlærar Tik.

Tidl. hush

lovsong og bøn. Og dei inviterer vener og naboar. Modig og til etterfølging for nokon kvar. Denne kvelden høyrde me Bokki undervise, noko som var ei ny og god oppleving. Bokki ble kjend med kyrkjelyden via eit skuleprosjekt for dei med lite resursar, i alle fall økonomisk. Ho er no ein viktig medleiar i kyrkja. Seminar og opplæring Dei misjonsprosjekta Øygarden no vil støtta går på utrustning av lekfolk. Dei tre døme eg har tatt med i denne artikkelen er ei frukt av dette arbeidet. Det er viktig at dei nykristne blir grunnfesta i den kristne trua. Då dei vert kristne gjekk startskotet for eit nytt liv. Dette arbeidet er viktig for at kyrkja skal veksa. Mykje av veksten har fram til no kome gjennom aksjonar og store tilstellingar,


ailand

hjelp Phen t.h.

Ungdom Bokki.

F.v. nede: Ungdom under opplæring.

men skal veksten tilta trur me at det er viktig at kvar enkelt kyrkemedlem er trygg i si tru og veit korleis dei kan dela ho. I vår misjonsperiode i Thailand bygde me opp eit kyrkjesenter i byen Mukdahan i Nordaust-Thailand.

Vaksne på seminar.

Denne staden ligg på grensa til Laos og er i eit prosti med 7 kyrkjelydar. Mukdahan er base for kurs og seminar med fokus på enkel bibelundervisning og det kristne livet. På kartet til høgre er Mukdahan merka med ein raud ring.

Dåp ved Espen.

M

Misjonsavtalar Øygarden støttar no to misjonsprosjekt i regi av NMS og IMI-kyrkja som er knytt til Normisjon. Begge har base i byen Mukdahan og begge driv utrustning av lekfolk. Begge prosjekta har tilsette frå både Noreg og Thailand. Ein viktig grunn til at soknerådet valde desse prosjekta var at dei i tillegg til å retta seg mot vaksne og har ungdomar som målgruppe.

NMS-prosjektet er geografisk avgrensa til Nordaust-Thailand og den lutherske kyrkja. IMI-kyrkje-prosjektet er nettverkbasert og ikkje berre knytt til lutherske kyrkjelydar, og har hele Thailand som nedslagsfelt. Det er et godt samarbeid mellom prosjekta, både i Noreg og Thailand. For å støtta eit innhaldsrikt arbeid, valde soknerådet både NMS og IMI-kyrkja. Familien Tveten var involvert i

begge desse prosjekta. Øygarden sokneråd har forplikta seg til å samla inn kr 30000,årleg til kvar organisasjon, og avtalane strekk seg frå 30.06.15 til 31.12.2017 ØyNytt

11


RØYSTESTADAR I ØYGARDEN Kyrkjevalet er måndag 14. september, på same dagen som kommune- og fylkestingsvalet. Det er to heilt adskilte val, men vallokala skal liggja i nærleiken av kvarandre. Vallokalet for kyrkjevalet er tydeleg merka. Det vert sendt ut valkort til kyrkjemedlemene, med informasjon om røystestad. Du kan røysta desse stadane: Toftøy krins på Toftøy skule Rong krins på Rong skule Blomvåg og Breivik krins på Blomvåg skule For heile Hjelme sokn på Tjeldstø skule (gjeld også Hernar)

kl. 12.00 - 20.00 kl. 12.00 - 20.00 kl. 12.00 - 20.00 kl. 12.00 - 20.00

Førehandsrøysting i Øygarden

Du kan førehandsrøysta på kyrkjekontoet, Rong senter, frå og med 10. august til og med fredag 11. september. Kontoret har ope kl. 09.00 - 15.00.

Orgelet i Hjelme kyrkje Orgelet i Hjelme kyrkje er no reparert og overhalt. Ventilar og ein del andre kompenentar var utslitne. Arbeidet tok fire dagar og kosta kr 62 000 + mva. Eit orgel består av mange små og store delar som krev vedlikehald og utskifting. Øygarden kommune løyvde midlar til denne reparasjonen, i 2014.

Babysong haust 2015 Det er babysong i Blomvåg kyrkje kl. 11. Måndag 14.9, 28.9, 12.10, 26.10, 9.11, 23.11. Kontaktperson: Kari Sandøy Rong, tlf. kyrkjekontoret 56382240.

Kven kan røysta ved Kyrkjevalet 2015

Du røystar i det soknet du høyrer til. Du må ha fylt 15 år innan utgangen av 2015 og vera medlem i Den norske kyrkja.

Småbornssong (nytt tilbod) Alder 1 - 3 år

Endring på røystesetelen

Du kan levera røystesetelen utan å endra den. Då får alle kandidatane ei røyst kvar.

Andre endringar enn det som er omtala her vil ikkje telje med i valoppgjeret.

Du kan gi ei tilleggsrøyst til inntil tre kandidatar. Då set du eit kryss i ruta til venstre for namnet til kandidaten. Kandidaten får då to røyster.

Det er ikkje høve til å stryke kandidatar.

Du kan gi personrøyst til inntil tre andre valføre personar i soknet. Det gjer du ved å føre opp personnamnet på røystesetelen. Bruk store bokstavar. Personen får ei røyst.

Rettleiing i vallokalet

Det skal brukast blå/svart penn eller blyant ved retting av røystesetelen. Valmedarbeidarane vil gi rettleiing om korleis du skal gå fram, dersom du treng slik rettleiing i vallokalet.

All informasjon om Kyrkjevalet 2015 finn du på www.kyrkjevalet.no Ta med legitimasjon til vallokalet!

Me startar opp med småbornssong i Blomvåg kyrkje. Tysdag kl. 17.00 22.9, 20.10, 3.11, 17.11, 1.12. Kontaktperson: Kari Sandøy Rong, tlf. kyrkjekontoret 56382240.

Barnekantoriet Startar opp tysdag 1.9. Dei øver kvar tysdag på Tjeldstø skule mellom kl. 13.45 og 15.15. 1-2 frå Teamet vert med på øvingane. Kontaktperson: Anne Lise Grøm, tlf. 91881208

DEN NORSKE KYRKJA Kyrkjeleg valstyre i Øygarden Kyrkjekontoret, Rong senter Posboks 144, 5331 Rong

Leif Gunnar Vestbøstad Vik går inn i rolla som leiar i Barnevakten. Vik er utdanna journalist, og har ein allsidig mediefagleg bakgrunn. Han har m.a. jobba fleire år som nyheitsreportar i NRK, og har også vore tilsett som fotojourna- list i Harstad Tidende og som medieleiar i Normisjon. Kjelde/foto: barnevakten.no

Eldretreff haust 2015 Det vert eldretreff Hjelme kyrkje onsdag kl. 16.45: 16.9, 21.10, 18.11. Tednebakkane oms. senter torsdag kl. 16.30: 17.9, 15.10, 19.11, 10.12.

12 ØyNytt

Mange på GF 2015 Fleire tusen menneske i alle aldrar deltok på Norsk Luthersk Misjonssamband sin generalforsamling på Randaberg i juli. På siste møte søndag føremiddag kom det inn 1,7 mill kr i kollekt. NLM er Noregs største misjonsorganisasjon med ca. 150 misjonærar. I Noreg driv NLM m.a. 40 barnehagar og ei rekkje skular og høgskular.

Vik bedehus - program for hausten Sjå nettsida: http://vikbedehus.no/

INRI - program for hausten på Rong bedehus. Sjå nettsida: https://inrirong.wordpress.com


med m me ed 1 1000m 000 00 0m m 2 salgsflate i Rong Senter

Revisjon & regnskap - Ei rein og skjær handleglede ved havgapet havgapet!

Kontakt oss på tlf: 56 38 72 70, eller se mer informasjon på www.fagrevisjon.no Fag Revisjon AS, Bølgekraftvegen 1, 5337 RONG, firmapost@fagrevisjon.no

Fiskk - og ferskvarespesialisten f k l

Fristende frukt og grønt

Innholdsrik betjent ostedisk

Nydelige nystekte bakervarer

Velsmakende varm mat

Herlig salat - og fruktbar

Måndag Ope måndag- -fredag fredag kl.8-22, 8 - 21,Laurdag laurdag kl.9-20 9 - 20

EUROSPAR Rong

Bank i Butikk

tlf. 56 38 71 40

Tlf. 9185 6258

Vi formidlar blomster til innland og utland

VESTGAR

Rong Senter Telefon:56 38 92 65 Postboks 107, 5331 Rong

E L E K T R O

-din el-kontakt

Eigne prisar for pensjonistar Langope torsdag

RONG SENTER

TIMEBESTILLING 56 38 73 90 Instalasjon industri, bolig Data- og telenett Alarmanlegg Antenne/parabolanlegg Elektroverksted Elektrisk forretning

Tlf. 56 38 50 00

VESTGAR

Vakttelefon: 922 34 062

ELEKTRO

Møllestykket 21, 5360 Kolltveit T: 400 30 210 E-post: post@vestgarelektro.no www.vestgarelektro.no

www.torsteinsvik.no

Ditt begravelsesbyrå på Sotra. Oppfølgning og veiledning i en tung og vanskelig tid. Vi dekker hele Fjell, Sund og Øygarden

TLF 56 32 08 90 hele døgnet Skjenet 4, 5353 Straume ( samme hus som Ligningskontoret )

• Stort utval av godbiter fra vårt kjøkken • Moderne bilverksted m EU/kontroll • Reparasjon av alle bilmerker • V askehall • Kaffiavtale • Gass

BLOM SERVICESENTER AS 5331 RONG - tlf. 56 38 72 80

Godkjent bilverksted ØyNytt

13


Lukas Eikeseth Jenny Marie Rong Kausland kyrkje 5.04.09 Kris Nicholas Forland Laurits Revne Klepsvik Fillip August Breivik Kvilhaug Mathilde Vilhelmsen Martin Kobbevik Fjellanger

Elisabeth Kleppe, f. 1912 Karin Margrethe Jakobsen, f. 1954 Inger Hausberg, f. 1938 Sveinung Høvik, f. 1940 Harald Henry Jacobsen, f.1946 Nelly Fauske, f. 1917 Kirsten Bjøntegård, f. 1912

Sentralbordet er ope: Onsdag .................................... kl. 11.00 - 14.00 Tysdag og fredag ................... kl. 09.00 - 14.00 Du kan ringe direktenummer eller mobil også utanom desse tidene.

Kjøp kjapt, trygt og billig

Telefon:

E-post:

arne.m.engelsen@sund.kommune.no Kyrkjeverja: Soknepresten: harald.gronnevik@sund.kommune.no anette.r.bornes@sund.kommune.no Diakonen:

Private telefonar: Harald Grønnevik ................................................. 56 33 71 04 sokneprest

Ynskjer å gleda deg med denne anemone som Gud har signa rikt med eit hjarte i si krone.

Kausland kyrkje 13.04.09 Lasse Leander Skagen Helland Sebastian Kallestad Iversen Sofie-Malene Guleng Lie Hovin kirke 19.04.09 Tuva Øvretveit Revhaug

Kausland kyrkje ............................. 56 33 86 89

TIL MIN VEN

Loen kirke 12.04.09 Tobias Sande

Måndag er presten sin fridag.

Arne Martin Engelsen ......................................... 56 33 12 42 kyrkjeverje mobil 908 94 530 Anette Rakli Børnes ................................. mobil 482 72 672 barne- og ungdomsdiakon Natalia Medvedeva ................................... mobil 412 80 264 kantor Rønnaug Fjøren .................................................... 56 32 13 44 kontorsekretær Gunnar Langeland ............................................... 56 33 92 62 Tlf. 56 /38 28 00 - Fax 56 38 28997 0972 276 mobil kyrkjetenar kyrkjegardsarbeidar 56 Egil Fosse .............................................................. Adr. Pålsneset, 5337 Rong 33 73 18 mobil 906 69 191 kyrkjegardsarbeidar / gravar www.th-bygg.no Torbjørg O. Bakke ................................................ 56 33 90 26 leiar Sund Sokneråd 56 33 82 33 Aslaug Flatråker ......................................... kyrkjetenar Kausland

Når livet synest trist med berre gråversdagar - lat tankane få dansa gjennom anemonehagar.

Søre Sæle

Tlf. 56 38 71 20

56 31 90 80 56 31 90 81 56 31 90 82 56 33 90 83 56 31 90 84 56 31 90 85

Det er vi som bygger Øygarden

Sund kyrkje 8.04.09 Benjamin Finsås Januario Kalunga Remy Kristoffer Halvorsen Sjursen Fjell kyrkje 12.04.09 Aron Arnt Vatne

Sentralbord ...................................... Telefaks ............................................ Diakonen .......................................... Kapellanen ....................................... Kyrkjeverja ....................................... Soknepresten ...................................

-ingalis

Kausland kyrkje 3.05.09 Birk Frostad Stensrud

Mand – fred kl.07.00 – 23:00 Lørdagar 08:00 – 21:00

Melding om dåp:

Alle medlemer av Den norske kyrkja får tilsendt ei helsing med orientering om dåpen straks prestekontoret får fødselsmelding. Av praktiske grunnar ynskjer vi melding om dåp seinast 14 dagar før dåpsgudstenesta.

Vest Modul AS

Vitjing i heimen:

For dei som ikkje kan koma til kyrkje, kan presten halda nattverd i heimen. Det same gjeld om nokon ynskjer samtale/sjelesorg eller skriftemål. Ver frimodig og ta kontakt. Prestane har teieplikt.

PRESTETENESTA I SUND

• • • •

5336 Tjeldstø

Kontakt med prest måndag - fredag kl. 08 - 17: 922 18 817 Tilbygg Normann 958 19 905 Utanom desse tidene kan ein ved akutt behov for presteNybygg Ingvard 958 10 967i teneste som ikkje kan vente, bruke beredskapsordninga Rehabilitering prostiet (sjå nedanfor). Montering ogBEREDSKAPSORDNINGA utleige av brakker Trelastlager Tjeldstø I PROSTIET I tidsrommet 17.00 - 08.00 på kvardagar, og i helgane/ høgtidene frå kl. 08.00, er det alltid ein prest i beredskap i prostiet. Ved behov for teneste frå prest, tenester som ikkje kan vente (dødsbod, soknebod om døyande, sjelesorgstøtte i kritiske situasjonar), skal ein ta kontakt med vakthavande prest på: 954 83 655

ÅGOTNES TANNHELSETEAM Adresse: Gamle Kyrkjeveg 17 Sund 5378 Klokkarvik Tannlegene Sokneblad

Ågotnes Tannhelseteam Konto: 3000.15.98194 Kontingent: 150 kr pr. år Ågotnes Helsehus Redigering: Olai Otterå 1374 Skjærgardsvegen

Benedikte Kolbeinshavn og Utgjevar: Sund Sokneråd Sissel Blom Vi tar imot gamle og nye pasienter!

Telefon: 96 90 44 00

E-post: sund.sokneblad@hjemme.no

Trykk: Grafisk Trykk A/S, Straume

Opplag: 2.400

5363 ÅGOTNES

Telefon: 96 90 44 00 www.tannhelseteam.as post@tannhelseteam.as

Nyhende frå kyrkja i Øygarden finn du på vår heimeside: www.kyrkja.no/oygarden

14 ØyNytt

Redaksjon: Olai Otterå ............. 56 33 77 46 Harald Grønnevik .. 56 33 71 04

Tlf.: 56 38 24 40 Fax: 56 38 24 41 Mobil: 928 41 790 E-mail: post@oygarden-elektriske.no


Til lukke

Gudstenester i Øygarden

70 år

12. sept Kåre Ingolv Sæle, Sjåneset 20 23. sept Marius Kristoffer Sæle, Løtevegen 27. sept Annbjørg Sæle, Sjåneset 20 28. sept Lillian Troland Jensen, Sturevegen 178 14. okt Øystein Werner Busch, Utenga 5

75 år

09. sept 14. sept 22. sept 9.okt

80 år

07. sept 12. okt 19. okt

85 år 26.sept 20.okt

6. sept. Blomvåg kyrkje kl. 11.00 4. okt. Blomvåg kyrkje kl. 11.00 Gudsteneste med Gudsteneste v/ Helge Unneland. konfirmantpresentasjon v/ Espen Tveten Dåp. Nattverd. 13. sept. Hjelme kyrkje kl. 11.00 Gudsteneste v/ Helge Unneland. Dåp. Nattverd.

11. okt. Hjelme kyrkje kl. 11.00 Gudsteneste v/ Espen Tveten. Nattverd.

20. sept. Blomvåg kyrkje kl. 11.00 Sprell levande gudsteneste v/ Espen Tveten. Song av Lyskastaren barnekor. Dåp

18. okt. Blomvåg kyrkje kl. 18.00 Hausttakkefest v/ Espen Tveten. Nattverd.

Åge Renland, Veslevarden 48 Villie Petro Nygård, Osundet 4 Marit Rossnes, Rossnesvegen 20 Kristbjørg Berthilde Brodahl, Ullsvikvegen 13

27. sept. Hjelme kyrkje kl. 11.00 Sprell levende gudsteneste v/ Espen Tveten. Song av Barnekantoriet

Ole Vik, Larsevegen 16 Marie Solheim Dåvøy, Sandråsvegen 7 Hildebjørg Mathilde Breivik, Breivikvegen 35

Blomvåg • Ruben Isager, Jervhella • Hedda Sæle Hagen, Blomvåg • Isac Bjertnes, Fagrebakkane • Emil Sande Misje, Vikatoppen • Aletta Kristenesen- Hammer, Fagerdalsvegen • Martine Kristensen- Hammer, Fagerdalsvegen • Matheo Garvik Eide, Torsvikhøgda (Håkonsvern kirke)

Malvin Fritz Kårbø, Dammane 13 Daniel Bugge Dale, Dalevegen 9

Vigde

Blomvåg • Gerd Elin Nedrebø og Carl Fredrik Aarø (kyrkjekontoret) • Iselin Toft og Ole Kristian Vikenes • May Iren Fjeldsaunet og Yngve Sæle • Hanne Herdlevær og Erlend Stølsnes • Therese Dale og Christoffer Gerhardsen

Døypte

Hjelme • Alf Malvin Martinussen, Hellesøy • Kristian Olai Sanden, Nordre Sæle • Tilje Edel Sekkingstad Torsvik, Torsvik

Hjelme • Tonje Myrvold og Roger Martinussen

25. okt. Hjelme kyrkje kl. 11.00 Hausttakkefest v/ Espen Tveten. Nattverd.

Døde

Blomvåg • Kristina Karina Dale, Dale f. 1927 • Bernt Herdlevær, Løten f. 1939 • Aksel Malvin Turøy, Arsettunet f.1933 • Else Johanne Rong, Rong f. 1949 • Magne Reidar Torsvik, Ternholmvegen f. 1945 • André Blom, Blom f. 1982 Hjelme • Gunvor Olin Berge Kleppe, N.Sæle f. 1953 (Bønes kyrkje) • Leidulf Sandøy, Hellesøy f. 1941 • Johan Martin Berland, Heggøy f. 1926 • Kamilla Heggøy, Tjeldstø f. 1927

Takk

Takk

Tednebakkane omsorgsenter ved post 6 takkar så mykje for pengegåva i samband med Aksel Malvin Turøy sin bortgang og pengegåva i samband med Johan Berland sin bortgang.

Takk for blomehelsingar og pengegåver til Nautnes bedehus i høve min 95-årsdag. Helsing Bernt Martin Tjong

Takk

Tusen takk for all deltakelse, blomsterhelsingar, venleg omtanke og gåver til ungdomsklubben, Refuel, på Rong bedehus, på kr. 14,200, i anledning min kjære mann og vår far, Leidulf Sandøy sin død og gravferd. Takk og til Cecilie på Blomsterbua for nydelige blomster, til Solstrands Begravelsesbyrå, Olav Vindenes, kyrkjestab og prostiprest Helge Unneland. Ruth, Henning, Kari og Synnøve m/ familie

- vi utfører alt det praktiske eller tilrettelegger for pårørende som ønsker å gjøre noe selv

OLA HOVDENS LEGAT Etter statuttane er det ungdom frå tidlegare Hjelme kommune som har høve til å søkja støtte til høgare utdanning. ” Under elles likevilkår skal dei gå føre som tek sikte på høgare utdanning i 4 år eller meir ved høgskule, universitet eller anna utdanningsinstitusjon, med rekna slik som gjev praktisk utdanning” (sitat statuttane). Søknadsskjema kan du få ved å venda deg til Øygarden kommune v/sørviskontoret, eller på kommunen si nettside under ”søknadsskjema” (www.oygarden.kommune.no ). Søknadsfrist er 31 oktober 2015.

Knut Helge Polden

Espen Polden

Elin Mikkelsen Berntsen

Heine Polden

Tom Wilson

Døgntelefon: 55 21 44 50 • mobil: 917 51 700 www.bergenogomegn.no

AVD. BERGEN Teatergt. 20 5010 Bergen Tlf: 55 21 44 50

AVD. SOTRA

2.etg på Shellstasjonen Sartor, 5353 Straume Tlf: 55 21 44 50

Styret ØyNytt

15


DEN NORSKE KYRKJA Øygarden sokneråd Øygarden kyrkjelege fellesråd

Returadresse: ØyNytt Postboks 144 5331 Rong

ØYNYTT

kommunikasjonsorgan for Den norske kyrkja i Øygarden

B

Ansvarleg redaktør Olav Martin Vik. E-post: kyrkjeverje@kyrkja.net Redigering og lay-out i InDesign Olav Martin Vik I redaksjonen Hogne Berland, Olav Martin Vik, Kari Sandøy Rong, Espen Tveten og Anders Vik E-post: kontor@kyrkja.net Kontingent Min. kr 125 innan kommunen Min. kr 175 utanom kommunen Takkeannonsar Kr 100

Kontonummer 3628 07 02557

Trykk Bodoni, 5017 Bergen Distribusjon Hammer Transport, tlf. 92063006

DEN NORSKE KYRKJA I ØYGARDEN

Kyrkjekontoret Ekspedisjonstid: måndag-fredag kl. 09-15 Besøksadresse: Rong senter, 2. etasje Postadresse: Boks 144, 5331 Rong Telefon sentralbord 56382240 Vakttelefon prest: 56382240 (dagtid) E-post: kontor@kyrkja.net Nettside: www.kyrkja.no/oygarden Facebook: kyrkjaioygarden Organisasjonsnr.: 976 995 430

Medarbeidarar (stab)

Kyrkjeverje/dagleg leiar Olav Martin Vik e-post: kyrkjeverje@kyrkja.net Tlf. 56382243/93264400 Sokneprest Espen Tveten E-post: sokneprest@kyrkja.net Tlf. 56382240 Kontorleiar Kari Sandøy Rong E-post: kontor@kyrkja.net Tlf. 56382240 Kyrkjelydspedagog Hogne Berland pedagog@kyrkja.net Tlf. 56382247 Kantor Anne Lise Grøm E-post: kantor@kyrkja.net Tlf. 91881208 Diakonimedarbeidar Bjørg Blom E-post: diakon@kyrkja.net Tlf. 47816181 Kyrkjetenar Kåre Kristoffersen Blomvåg kyrkje, tlf. 91105197 Kyrkjetenar Janesh Amenya Hjelme kyrkje, tlf. 95823472 Teamet, tlf. 56382240 (kontoret) Leiar i kyrkjelege råd: Erling Vik, tlf. 48210462

Beredskapstelefon i Vesthordland prosti Kvardagar frå kl. 17 til kl. 8 neste morgon og heile lørdag og søndag, tlf. 95483655. Gjeld berre for tenester som ikkje kan venta og dødsbod. Legg att beskjed om du kjem til telefonsvarar.

Glimt frå eldreturen 2015. T.h. innfeldt sokneprest Espen Tveten og frivillig medarbeidar Jarle Dale. Foto: Else Austbø

På tur til Modalen

Eldreturen er i regi av eldretreffa i Hjelme og Blomvåg sokn. Turen er svært populær. Av: Else Austbø Bussen starta frå Hellesøy kl. 8.00. Alle deltakarane vart skyssa fram til riksvegen slik at bussen skulle spara tid. I år var det så mange påmelde at me laut hyra inn privatbilar for å gi tilbod til alle interesserte. 56 eldre og nokre yngre hjelparar vart med på turen, prest Espen hadde også lyst på tur til Modalen. Veret var ikkje det beste, men kva gjer vel det når alle er innstilt på å gjera sitt beste ? På turen til Knarvik var det velkomst, song og ord for dagen. Ingebjørg Sæle hadde fått den oppgåva i år. Songhefte og kart vart utdelte i setene. Me hadde tinga lunch på Knarvik senter og dei stod klare til å ta imot oss i 11-tida. Alt var godt tilrettelagt med ferdig påsmurde rundstykke og kaffi då me kom dit. Me var der til ca. kl. 12. Då gjekk turen til Hillesvåg Ullvarefabrikk. Her kunne ein handla garn, jakke og andre garnting. Mange drog korta sine og både personalet og me var nøgde med besøket. Så gjekk turen vidare innover langs Osterfjorden, målet var no Modalen. Bjørg hadde med cd-ar av og med Ivar Medås. Ho kåserte kort og spelte av på anlegget i bussen. Mange gode låtar frå ein gangen kultur fekk me presentert. Else sa litt om diktaren Olav Nygard og las to dikt av han.

På Mo vart me først mottekne av kyrkjetenaren som hadde varma opp kyrkja for oss. Han fortalde om Soga til Mo kyrkje. Ei vakker trekyrkje frå midt på 1800-talet. Presten hadde ein kort andakt for oss og så song me til slutt. Etter besøk i kyrkja tok bussen oss oppover i dalen så langt me kunne køyra. Ein pensjonert lærar, Gunhild Steinsland, guida oss og fortalde. Øvre Helland var den siste bygda me kom til. Litt lenger opp i dalen ligg bygda kor diktaren Olav Nygard vaks opp. Dit kunne ikkje den store bussen koma opp. Modalen er ein liten kommune med interessant og lang historie. Vasskraft gir velstand til folka her. Me såg eit kommunalt og eit BKK kraftverk i elva, elles var det gardsbruk tett i tett mellom fjella. Me avslutta turen med middag på Mo-Bryggja. Denne staden er no driven av eit islandsk ektepar. Det var god mat i fine lokale. Me tok til på heimturen ca kl 17.00. Heimferda vart korta med song og forteljingar. Presten fortalde frå Thailand og Kjellaug Vik hadde funne soger i bygdebøkene om modølingar i gamle dagar. Heile turen hadde Bjørg (Blom) vore guide . Dette er hennar nærområde frå ungdomstida og ho gjorde det så interessant for oss. Vel blåst!

ØyNytt 5/15 kjem ut 21.10. Annonsefrist er 9.10.15

kyrkjaioygarden

2015 Bilete og tekst tilhøyrer ØyNytt og kan ikkje kopierast eller brukast utan godkjenning.

kyrkja.no/oygarden


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.