Fylkesmagasinet 16

Page 18

All iWant for christmas... RETT PÅ Andrine Bruland - Skal eg lage noko kveldsmat? ... - Hallo? - Hm? - Skal eg lage noko kveldsmat? - Ja takk - Kva då? ... - Kva då spør eeeeeg!?!? Lyder dette kjent? Dette er den nye forma for verbal kommunikasjon, i alle fall i min omkrets. Og grunnen er sjølvsagt den nye kvinna. Nesten alle mennene i livet mitt har minst èi sånn. Ho får fram eit lys i auga og ein ømheit i fingrane som eg aldri har klart å framkalle hos nokon mann. Og sjølv om mennene hevdar at eg er viktigare, og at ho ikkje betyr nokon ting, at det er eg som har deira fulle kjærleik og merksemd, så er ikkje det sant. Denne typen kjerring byrjar som regel på i. Liten i. Og finnes i variantar som iPad, iPod, iPhone... Greitt, eg ser tendensen også med meg sjølv. Om minsten brått skulle sovne i armane mine (noko som er ein sjeldan og dyrebar velsigning som ikkje må forstyrrast under nokon omstender), kjenner eg straks panikken bre seg dersom eg er aleine heime, og både fjernkontroll, mobil og iPad er meir enn ei armlengd unna. Slappe av, utan skjerm? Det går jo ikkje? MEN, eg klarar i alle fall å få med meg det som skjer rundt meg, og ha ein samtale med andre, medan eg sit på nett, sjølv om eg er litt avhengig. Og eg klarar i alle fall å være saman med andre utan å måtte hente fram ein skjerm. Eg tykkjer fleire og fleire rundt meg ikkje klarar å vere utan i heile teke.

Eg har faktisk sett og hørt om folk som sjekkar Facebook medan dei køyrer bil, og leverar ungane i barnehagen medan dei er i ein telefonsamtale frå dei kjem til dei går.

Eg veit at det ikkje er menns favorittaktivitet å sitte og stire kvarandre inn i auga og snakke over tente stearinlys. Men det skal ikkje så mykje til, når ein berre får 100% merksemd når ein først får den. Eg sit gjerne aleine og heklar og nyt freden resten av kvelden, om eg har fått 10 minutt fullstendig skjermfri kjærestearmkrok først. Eller ein god, skjermfri historie som har fått meg til å le skikkelig. Og til eventuelle veslebrør som måtte lese dette; vi kan til og med sjå ein film i lag, altså på éin skjerm, utan at eg skal mase og snakke så mykje samtidig, berre de ikkje har iPaden og iPhonen oppe samstundes. Dette er trass alt eit kompliment! Så som Mariah Carey syng i julesongen, så krev heller ikkje eg så mykje til jul. Eg treng ikkje snø, dyre gåver, julestrømper på peisen (sjølv om det er veldig kjekt), så lenge eg får litt tid med alle dei som eg er aller mest glad i. Ordentleg, skjermfri tid. All I want for christmas, is YOU!

Kor mange gonger ser du ikkje at folk – særleg menn – hentar fram iPhonen så FORT dei har eit ledig sekund, uansett om dei ventar på bussen, står i kø, eller til og med er i kaffibesøk? Eg har faktisk sett og hørt om folk som sjekkar Facebook medan dei køyrer bil, og leverar ungane i barnehagen medan dei er i ein telefonsamtale frå dei kjem til dei går. Og når ein ikkje kan hugse

FM

sist ein hadde ein heil, konsentrert samtale med nokon utan å måtte mase og gjenta seg sjølv fordi ein kjempar om merksemda mot denne skjermen, tykkjer eg at det har gått for langt. I den hektiske kvardagen kan eg til ein viss grad akseptere at det er slik, innanfor rimelege grenser, men når vi går inn i jula, som skal være ei fredeleg familiehøgtid, har eg veldig lyst å kommunisere ansikt til ansikt – ikkje berre face to face. (Hah, såg du kva eg gjorde der?)

Foto: Christin Eide

REGNSKAPSFØRING – Ny tjeneste for ditt aksjeselskap.

16•2012

18

Du bestemmer hvor stort regnskapshonorar du skal ha.

Unni Kriken

statsautorisert revisor

Med webbaserte regnskap fra norske 24SevenOffice kan du gjøre som du selv vil: Scann inngående faktura, fakturer, ta ut rapporter og sjekk om kunden har betalt. Som kunde har du samme tilgang til systemet som oss. Våre 4 ansatte, herav 2 statsautoriserte revisorer og en siviløkonom, har lang erfaring fra regnskap og revisjon og stor kompetanse på skatt, avgift, selskapsrett, økonomistyring og revisjon. Vi tar oppdrag i hele fylket. Kontakt statsautorisert revisor Hans Magnar Hansen for en uforpliktende prat på tlf 41 78 54 00 eller statsautorisert revisor/ aut. Regnskapsfører Unni Kriken på tlf 41 78 54 01.

Hans Magnar Hansen statsautorisert revisor

stort

Vi har utval av bruktbilar – det kan løne seg å ta turen innom oss! Ta kontakt og fortell oss kva du er ute etter. Førde Halbrendsøyra, 6800 Førde Tlf. 57 82 99 00 www.opusas.no

Sogndal Granden 23, 6856 Sogndal Tlf. 57 62 57 57 www.opusas.no


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.