Spire raud

Page 1

Gro Wollebæk

Spire

• Tydelege læringsmål • Varierte lesetekstar • Lesespørsmål til alle lesetekstane • Enkle og morsame forskeraktivitetar • sikrar grunnleggjande dugleikar • Kapittelprøver til oppsummering og undervegsvurdering.

Spire

Naturfag for småskulesteget

EM PL AR

Oppgåvene og aktivitetane i bøkene er varierte og er lagt opp slik at elevane må diskutere, lage enkle hyoptesar, undersøkje, samarbeide, lage, lese, teikne og skrive.

Raud

KS

Spire er en serie arbeidsbøker i naturfag som har ei praktisk og undersøkjande tilnærming til faget, samtidig som dei fokuserar på lesing og leseforståing.

VU

R

D

ER

IN

G

SE

Spire raud er i hovedsak meint for 3. steget.

Nynorsk: ISBN 978-82-492-1809-7

9

788249

218097

www.gan.aschehoug.no forlag@gan.aschehoug.no

GAN Aschehoug


Til læraren På kvart oppslag i arbeidsboka vil elevane møte ulike fagtekstar. Dei inneheld ein del naturfaglege ord og omgrep som elevane må førebu seg på før sjølve lesinga.

EM PL AR

Prosessen før lesinga startar er like viktig som sjølve lesinga. Utviklinga av lesedugleik i naturfag går frå å finne og bruke uttrykt informasjon i enkle tekstar til å forstå tekstar med stadig fleire fagomgrep, symbol, figurar, tabellar og implisitt informasjon. Det er viktig å trene elevane i gode strategiar for korleis dei skal gå fram når dei skal lese ein fagtekst. Gi elevane eit overblikk over oppslaget: • Gå gjennom måla øvst på oppslaget. Kva er det elevane skal lære? • Gå deretter laus på fagteksten ved å lese overskriftane, studere bileta og tabellane, og tekstane som høyrer til. • Les òg gjennom lesespørsmåla i forkant.

KS

Slik kan elevane førebu seg på kva dei skal fokusere på under sjølve lesinga. I denne prosessen kan læraren òg få oversikt over kva for omgrep som kan vanskeleggjere forståinga, og gi ei forklaring på dei.

SE

Kvart kapittel inneheld enkle forsøk og praktiske aktivitetar der elevane bør øve seg på å ta i bruk dei naturfaglege omgrepa som er knytte til temaet, å formulere hypotesar og å trekke slutningar ut frå det dei har lest og erfart.

G

Forsøka og aktivitetane krev lite utstyr, og er lette å førebu og setje i gang saman med elevane. I lærarrettleiinga finn du forklaringar til forsøka og tips til fleire aktivitetar.

ER

IN

I slutten av kvart kapittel er det ei tekstramme som oppsummerer måla på kvart oppslag. Læraren bør ta seg tid til å gjennomgå måla for å sikre at elevene har oppnådd god forståing av innhaldet. Gjennomgongen kan skje munnleg eller i form av ei kapittelprøve som kan lastast ned frå heimesida til forlaget. Du vil finne forslag til fleire aktivitetar, samt kopieringsoriginalar, i lærarrettleiinga.

R

D

Vi ønskjer at boka på ein enkel og morosam måte skal bidra til ei spennande og levande naturfagsundervisning – både for elevar og lærarar!

VU

Lukke til!

Gro Wollebæk


Innhald Vêr og vind

EM PL AR

2 • Krinsløpet til vatnet ....................................... 4 • Vêr og vind ..................................................... 6 • Lufta er for alle .............................................. 8 • Skyer ............................................................... • Lyn og tore ..................................................... 10 • Vêrmelding ..................................................... 12 • Lyd .................................................................. 14

På himmelen

KS

• Stjerner ......................................................... • Stjernebilete .................................................. • Mytar .............................................................. • Nordlys ...........................................................

Forhistorisk tid

Fjellet

IN

G

SE

• Livet på jorda ................................................. • Dinosaurane kjem .......................................... • Dinosaurar ...................................................... • Kva åt dei? ..................................................... • Monster på Svalbard! .................................... • Borte for alltid ...............................................

VU

R

D

ER

• Snaufjellet ...................................................... • Dyr på fjellet .................................................. • Plantar på fjellet ............................................ • Fjellvatn ......................................................... • Naturrett ........................................................ • Naturvettspelet ..............................................

16 18 20 22

24 26 28 30 32 34

36 38 40 42 44 46

Kroppen

• Næringstoff ................................................... 48 • Fordøyinga ..................................................... 50 • Kjemiske reaksjonar ....................................... 52

Alt heng saman • Forureining ................................................... • Resirkulering .................................................. • Næringskjeder ............................................... • Utryddingstrua .............................................. • Den blå planeten ...........................................

54 56 58 60 62

1


Krinsløpet til vatnet

Du skal lære • kva orda krinsløp, fordampe og kondensere tyder • kva som skjer i krinsløpet til vatnet

Gammalt vatn?

KS

Når skyene blir tunge, blir det nedbør. Det vil seie at vassdropane fell ned som regn eller snø.

2

Noko av vatnet fordampar1 og stig til vêrs. Vatn som fordampar, er usynleg.

VU

R

D

ER

IN

G

4

Vassdampen blir kjølt ned og kondenserer. Det vil seie at dampen blir til små vassdropar eller iskrystallar. Dette blir til skyer.

SE

3

EM PL AR

Har du tenkt på at vatnet du drikk, kanskje blei drukke av ein dinosaur for millionar av år sidan? Alt vatn på jorda blir brukt om og om igjen. Det kjem ikkje noko nytt vatn til jorda. Vi seier at vatnet går i ei bane eller eit krinsløp.

2

5

Vatnet renn ut i hav og innsjøar og blir varma opp på nytt av sola.

1

Sola held krinsløpet til vatnet i gang. Sola varmar opp vatn i hav og innsjøar.

Fordamping er overgangen frå vatn til damp. Dampen er ein gass.

1


Lesespørsmål 1 Kva tyder det at vatnet går i eit krinsløp? 2 Kva er det som held i gang krinsløpet til vatnet? 3 Kva skjer når vatnet blir varma opp? 4 Kva tyder det at vatn kondenserer? 5 Finst det andre krinsløp i naturen? Diskuter i klassa.

EM PL AR

6 Kan vatn nokon gong forsvinne, trur du? Grunngi svaret ditt.

Du treng

Kva trur du skjer?

KS

Fyll glaset med skikkeleg varmt vatn. Lag ei skål av aluminiumsfolien. Dekk til toppen av glaset med skåla, og legg isbitar oppi. Følg med på forandringane som skjer inni glaset.

G

SE

• Kva skjedde? • Korfor skjedde det?

Du treng

IN

Kva trur du skjer?

• eit stort glass • aluminiumsfolie • isbitar

D

ER

Hell 2 dl vatn oppi glaset og like mykje oppi tallerkenen. La vatnet stå i ro i glaset og tallerkenen til neste dag. Legg merke til forandringane som har skjedd.

• eit vassglas • ein tallerken • målebeger

VU

R

• Kva skjedde? • Korfor skjedde det?

Regndropar

Pust!

Klipp ut to like dropeformer i filt. Sy dei nesten heilt saman langs kanten. Dytt litt vatt inni. Sy heilt igjen. Lim på auge og munn. Heng dei opp i taket.

Blås varm pust på ein spegel eller eit vindauge.

• Kva skjedde? • Korfor skjedde det?

Forsøksskjema finn du i lærarrettleiinga.

3


Du skal lære

Vêr og vind

• korfor det blir ulikt vêr på jorda • namn på ulike typar vêr

Kvar kjem vêret frå?

EM PL AR

Sola varmar opp jorda. Ved ekvator1 er det varmast, fordi det er ekstra tett med solstrålar som varmar opp bakken der. Langt nord og langt sør blir det ikkje så varmt, fordi solstrålane treffer skrått på jorda. Då blir avstanden mellom kvar solstråle større. Sola varmar altså opp landjorda og havet ulikt. Det blir vind når oppvarma luft skubbar vekk kald luft. Vind er luft i rørsle. Vinden flyttar på skyene og skaper ulikt vêr.

KS

På eitt døgn snurrar jordkloden rundt seg sjølv ein heil gong. Det vil seie at jorda snurrar 460 meter kvart sekund. Dette er også med på å skape vêret.

det veldig varmt og fuktig.

Ekvator

VU

R

D

ER

aldri, og det er veldig varmt.

I regnskogen i Indonesia er

IN

I ørkenen regnar det nesten

G

SE

Nordpolen

Sørpolen

Polane ligg lengst frå sola.

Ute på havet oppstår det

Derfor er det veldig kaldt der.

av og til kraftig virvelvindar.

Ekvator er ei tenkt linje midt på jordkloden. Ekvator deler jorda inn i den nordlege og den sørlege halvkula.

1

4


Lesespørsmål 1 Kva gjer sola for å skape vêr? 2 Kva er ekvator? 3 Korleis blir det vind? 4 Kor fort snurrar jorda rundt? 5 Kva type vêr er det der du bur?

Kva heiter vêret?

SE

KS

Alt vêr har eit namn. Lag ei liste over all slags vêr du kjem på. Kor mange vêrnamn kan du? Samanlikn lista din med ein annan. Kor mange vêrnamn kan de til saman?

EM PL AR

6 Korleis trur du det ville ha vore på jorda om vi ikkje hadde vêr?

G

Ekstremvêr!

VU

R

D

ER

IN

Det hender at vêret blir ekstremt. Det kan vere ekstrem varme eller kulde, mykje snø, mykje regn, flaum eller veldig sterk vind.

Skriv Ein tornado er ekstremvêr. Finn informasjon om tornadoar i bøker eller på Internett. Skriv minst fem faktasetningar om det du finn. Du treng

Kva trur du skjer?

Fyll syltetøyglaset nesten fullt med vatn. Tilset oppvaskmiddelet. Skru på korken og rist glaset, slik at såpa skummar. Sving deretter glaset i sirklar.

• eit reint syltetøyglas med lok • 3 ts oppvaskmiddel

• Kva skjedde? • Korfor skjedde det? Forsøksskjema finn du i lærarrettleiinga.

5


Du skal lære

Lufta er for alle ...

• kva luft er • kva som skjer når lufta blir varma opp

Kva er luft?

EM PL AR

Luft er ein gass som er usynleg. Du kan ikkje smake eller ta på lufta. Men når det er vind, kan du kjenne lufta på kroppen.

G

SE

Dess høgare opp du kjem, dess mindre oksygen blir det i lufta. Vi seier at lufta er tynn. Derfor har fjellklatrarar med seg oksygenflasker når dei skal klatre til toppen av fjellet.

KS

Alt som lever på jorda, må ha luft. Ein del av lufta er ein gass som heiter oksygen. Vi menneske treng oksygenet i lufta for å kunne puste.

VU

R

D

ER

IN

Når luft blir varma opp, tek ho større plass. Då blir ho lettare enn kald luft. Når vi prompar, kjem det varm luft. Prompen går derfor alltid oppover.

Lesespørsmål 1 Kva er luft? 2 Kva skjer dersom vi ikkje får nok oksygen? 3 Korfor blir det vanskelegare å puste når ein er på eit høgt fjell? 4 Kva skjer med lufta når ho blir varma opp? 5 Korfor kan det vere best å ta underkøya i ein køyeseng? 6 Kva trur du får luftballongen til å stige?

6


Du treng

Kva trur du skjer? Knyt tråden på midten av blomsterpinnen. Sjekk at pinnen heng heilt vassrett. Fest ein tom ballong med teip i kvar ende av pinnen. Sjekk at pinnen framleis heng vassrett.

• • • •

to ballongar ein blomsterpinne ein tråd to teipbitar

EM PL AR

Blås opp den eine ballongen så mykje du klarer. Heng han tilbake på pinnen.

• Kva skjedde? • Korfor skjedde dette?

Du treng

• plastflaske • varmt og kaldt vatn

KS

Kva trur du skjer?

D

ER

IN

• Kva skjedde? • Korfor skjedde det?

G

SE

Fyll ei plastflaske med skikkeleg varmt vatn. Når du kjenner at plasten er varm, kan du tømme ut det varme vatnet igjen. Skru på korken. Hald deretter flaska under rennande, kaldt vatn.

Du treng

Smett ballongen over den eine enden på dorullhylsa, slik du ser på biletet. Fest ballongen godt med teip. Tenn lyset.

• • • •

VU

R

Kva trur du skjer?

ei tom dorullhylse ein ballong telys og fystikker teip

Hald dorullhylsa slik at du siktar mot lyset med den opne enden. Ta tak i ballongen og dra han bakover mot deg. Slepp så taket i ballongen. • Kva skjedde? • Korfor skjedde det?

I lærarrettleiinga finn du forsøksskjema og tips til fleire forsøk knytte til temaet.

7


Du skal lære

Skyer 10000

• korleis skyer blir danna • namn og utsjånad på nokre typar skyer

Fjørsky

Makrellsky

EM PL AR

Høge skyer

5000

Rukleskyer Lagsky

KS

Bygesky

Mellomhøge skyer

SE

Buklesky

2500

IN

G

Haugsky

Nedbørssky

VU

R

0 meter

D

ER

Låge skyer

Kva er ei sky?

Vatn som fordampar frå jorda, stig til vêrs. Atmosfæren er eit lag med gass Dess høgare opp i atmosfæren ein er, dess kaldare rundt jorda. blir det. Vassdampen blir avkjølt. Vassdampen Den gjer det mogleg å leve her. kondenserer og blir til skyer. Skyer høgt oppe i lufta er samansett av iskrystallar, mens skyer nær bakken er av vassdropar. Skyer som ligg midt imellom, har både vassdropar og iskrystallar i seg.

8

Skyene dett ikkje ned fordi varm luft frå bakken held dei oppe. Skyene ser lette ut, men vatnet i ei vanleg haugsky kan vege rundt 550 tonn. Det er det same som omtrent 100 elefantar.


Lesespørsmål 1 Kva skjer med vatn som fordampar? 2 Kva skjer med vassdampen oppe i atmosfæren? 3 Kva kan skyene vere laga av? 4 Forklar korfor skyene ikkje ramlar ned. 5 Kva slags skytypar kallar vi for høge skyer?

EM PL AR

6 Korleis trur du haugskyer og fjørskyer har fått namnet sitt?

Du treng

Kva trur du skjer?

G

VU

R

D

Skybilete

ER

IN

• Kva skjedde? • Korfor skjedde det?

SE

KS

Fyll glaset med litt kokande vatn. Sett skåla med isbitar på toppen av glaset. Løft opp skåla og vêr rask med å spraye litt hårspray rett ned i glaset utan å treffe kantane. Set skåla med is fort på plass igjen. Følg med på kva som skjer i glaset.

• reint syltetøyglas • isbitar i ei skål • hårspray

Skykappløp! Jobb saman to og to. De treng ein bomullsdott og eit sugerøyr kvar.

Teikn skyer med eit kvitt stearinlys på eit kvitt ark. Mål over heile arket med utvatna blå vassmåling.

Legg dykk på magen og blås bomullsdotten frå start til mål med sugerøyret.

Kva skjer med målinga der du har teikna med stearin?

Form bomulla på ulike måtar, og prøv fleire gonger. Kva for form flyttar seg raskast?

Skriv ein faktatekst eller eit dikt om skyer til biletet ditt. Lag utstilling i klasserommet.

Forsøksskjema finn du i lærarrettleiinga.

9


Du skal lære

Lyn og tore Når mykje kald luft pressar varm luft til vêrs, blir det ofte kraftig regn med tore.

+

+

– +

+

–+ –

+– + – –+ – –+ – + + +– –

3+

+

+

+

+

+

+

+ –

–+

+

Varm luft

KS

+

+

+

+

+

ER

+

1

+

Kald luft +

+

+

+

– +

+ –

SE

4

D R VU

+

– +

2

Blir det for mange elektron på éin stad, hoppar dei ut av skya og ned mot bakken med ein kjempegneist. Då blir det lyn!

Lufta rundt lynet blir varma opp veldig fort. Det lagar ein brumlelyd som vi kallar tore. Lyn og tore skjer samtidig, men vi høyrer tora etter lynet fordi lyset går fortare enn lyden.

+–

+

IN

4

G

3

Vassdropane kolliderer med kvarandre inni skya. Då losnar små «delar» som vi kallar elektron. Elektrona + + +– samlar seg nedst i skya.

– +

+ –

+ +

2

+ –

+

EM PL AR

1

• korleis det blir lyn og tore • korfor det heiter tore

+

– – + + – +

– +

– + –+ – + –

– +

− +

Elektron Proton

I vikingtida, for rundt 1000 år sidan, trudde menneska i Noreg at det var guden Tor som skapte lyn og tore. Når han køyrde over himmelen i vogna si, bråka det fælt. Dette blei kalla Tor-drønn, altså tore.

10


Lesespørsmål 1 Kva skjer når mykje kald luft pressar varm luft opp? 2 Kva er elektron? 3 Kva skjer når det blir for mange elektron på éin stad? 4 Korfor høyrer vi tore etter lynglimtet? 5 Korfor kallar vi lyden for tore?

EM PL AR

6 Korfor blir lufta rundt lynglimtet varma opp, trur du?

Byggjesteinar

SE

KS

Atom er bitte små byggjesteinar som alt i verda er laga av. Atoma er bygde opp av elektron og proton. Protona ligg i midten av atomet, medan elektrona svevar omkring. Det er like mange av kvar. Her kan du sjå tre ulike atom:

Helium

Oksygen

Gull

G

• Kor mange elektron er det og kor mange proton er det i helium?

IN

• Kor mange proton er det og elektron er det i oksygen?

ER

• Gull har 79 elektron! Kor mange proton er det i midten då?

D

Telleregelen

VU

R

Lyd går med ein fart på 330 meter i sekundet.

Tusen og ein, Tusen og to, Tusen og tre ...

Dersom det tek tre sekund frå du ser lynet, til du høyrer tora, er torevêret omtrent ein kilometer unna deg. Kor langt unna er torevêret dersom det tek seks sekund før du høyrer tora?

Flytt elektrona! Gni ein oppblåsen ballong mot håret ditt. Prøv å hengje ballongen opp på veggen etterpå. Dersom ballongen heng, har du klart å flytte elektron frå håret til ballongen, akkurat slik som elektrona hoppar ut av skya når det lynar. Teikn og forklar kva som skjer.

Fleire aktivitetar knytte til temaet finn du i lærarrettleiinga.

11


Du skal lære

Vêrmelding

• kva ein meteorolog er • kva for hjelpemiddel meteorologane bruker for å lage vêrmelding

Alle snakkar om vêret ... Meteorologi er læra om vêr og klima. Ein meteorolog er ein som forskar på vêret. Meteorologane jobbar kvar dag med å finne ut korleis vêret vil bli.

EM PL AR

Før i tida observerte ein naturen og såg etter vêrteikn, men no bruker meteorologane avanserte hjelpemiddel for å lage vêrmeldingar.

SE

Satellittar i verdsrommet kan fortelje oss korleis skyene vil flytte på seg og korleis temperaturen i atmosfæra er.

KS

Ein radar blir plassert høgt oppe. Han kan fortejle ganske nøyaktig kor og når det kjem nedbør og korleis vindforholda vil bli.

ER

IN

G

På ein vêrstasjon på bakken måler ein timer med sol, temperatur, fukt i lufta og hastigheiten på vinden.

VU

R

D

Mange stader i landet finst det nedbørstasjonar. Kvar morgon måler ein kor mykje regn eller snø det har kome.

Gamle værtegn

«Ein ring rundt månen varslar om vêrskifte, snø eller annan nedbør.»

12

«Svalene flyg høgt mot godvêr, men lågt når det blir dårleg vêr.»

«I dag du om sola ser ein stor ring. I morgon du av sola ser ingenting»


Lesespørsmål 1 Kva tyder meteorologi? 2 Kva gjer ein meteorolog? 3 Kva for hjelpemiddel bruker meteorologane for å melde vêret? 4 Kva er nedbør? 5 Kva er eit vêrteikn?

EM PL AR

6 Korfor er det så viktig å vite korleis vêret blir, trur du?

Vêrmelding Skriv svara i boka di.

1. Kva slags vêr er det meldt i Oslo på onsdag? 3. I kva byer snør det desse dagane?

Stader

Tysdag

Onsdag

Bergen

-7°

-1°

-2°

IN

D

Trondheim

ER

Stavanger

Torsdag

-2°

G

Oslo

Kristiansand

SE

4. Kva by har mest sol desse dagane?

KS

2. Kva dag er det mest regn i Bergen?

R

Følg med på vêret der du bur

VU

Jobb i grupper.

• Mål nedbøren og les av temperaturen der du bur, kvar dag i ei veke. • Bruk Internett og samanlikn målingane de har gjort med ein annan stad i Noreg. Vel staden sjølve. • Samanlikn og finn likskapar og skilnader i været på desse to stadene i løpet av veka.

Skjema til å føre vêrobservasjonar i finn du i lærarrettleiinga. Kapittelprøve som kan brukast til undervegsvurdering, kan lastast ned gratis frå heimesidene til forlaget.

13


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.