Sjakk - ei kjærleikshistorie

Page 1


M_Sjakk ferdig_A 16/09/14 15:42 Page 1

1


M_Sjakk ferdig_A 16/09/14 15:42 Page 3

BĂĽrd Vegar Solhjell

Sjakk Ei kjĂŚrleikshistorie

Samlaget Oslo


M_Sjakk ferdig_A 16/09/14 15:42 Page 42


M_Sjakk ferdig_A 16/09/14 15:42 Page 5

Innhald Forord  Del : Kapittel : Kapittel : Kapittel : Kapittel :

Nerdane tek hemn  Sjakkfeber  Ein indre jubel  Folk flest spelar sjakk  Frå Hollywood til litteraturhistoria 

Del : Kapittel : Kapittel : Kapittel :

Historia  Opphavet til sjakken  Ein spegel for Europa  Vitskapen sitt hundreår – moderne sjakk blir til  KGB spelar sjakk 

Kapittel :

Del : Sjakkspelaren  Kapittel : Spelartypane  Kapittel : Bobby Fischer  Kapittel : Duell  Del : Kapittel : Kapittel : Kapittel : Kapittel :

Sjel  Spel med sjel  Spelets gang  Sjakk matt  Sjakkleik 

5


M_Sjakk ferdig_A 16/09/14 15:42 Page 6

Del : Kapittel : Kapittel : Kapittel :

Nytte av sjakk  Er sjakk nyttig?  Strategi  Sjakk i skulen 

Del : Blomstringstid  Kapittel : Toppidretten sjakk  Kapittel : Eit spel for framtida  Notar  Løysing oppgåver  Litteraturliste  Takk  Vedlegg: Sjakkreglane 


M_Sjakk ferdig_A 16/09/14 15:42 Page 7

Forord Av Hans Olav Lahlum Ordet «sjakk» kan vekke sterke kjensler og minne. Bård Vegar Solhjell bruker i denne boka ordet «kjærleik» om forholdet sitt til sjakk. Tru mot meg sjølv vil eg kanskje heller bruke ordet fascinasjon. Men ein sterk og langvarig relasjon er det heilt klart. Forholdet til sjakk er eit av dei få som har betydd noko positivt i livet mitt i dei tiåra eg har levd. Det starta på eit lærarrom i Nordland ein dag i slutten av -åra. Eg hadde eigentleg to år igjen til eg skulle byrje på barneskulen, men som ektefødd barn av to lærarar budde eg der nokre månader – og var ofte innom både før og seinare. Ein planleggingsdag på lærarrommet brukte ein eldre kollega av foreldra mine nokre minutt av ein matpause på å lære meg korleis dei attlevande brikkene på det gamle sjakkbrettet på skulen flytta seg. Læraren var korkje nokon sterk sjakkspelar eller stor pedagog. Dei ulike sjakkbrikkene og deira svart- og kvitruta verd fengde meg likevel mykje meir enn barne-TV gjorde den dagen. Mora mi hadde aldri spelt eit einaste sjakktrekk sjølv, men var derimot ein god barnepedagog og syntest at eldstebarnet si uventa intellektuelle interesse var vel verd ei oppmuntring. Neste gong mora mi reiste bort, kjøpte ho med heim både eit reisesjakkbrett og ei tynn, lita sjakkbok. Eg har 7


M_Sjakk ferdig_A 16/09/14 15:42 Page 8

framleis boka i hylla, no mellom eit hundretal større sjakkbøker. Kvar gong eg ser den boka, tenker eg at det rett nok ikkje er ei veldig god bok, men likevel er ho ei av dei viktigaste gåvene eg har fått. Fascinasjonen for sjakk sette seg hardt fast i ein tenkeglad femåring ein eller annan dag i  eller . I åra kunne det gå mange månader mellom kvar gong eg trefte på nokon eg kunne spele med. Men tilværet lyste opp litt og kjendest meir meiningsfullt og interessant kvar gong det skjedde. Og fascinasjonen over dette spelet til kongane har eg sidan alltid bore med meg – på den lange og tidvis kuperte vegen gjennom -åra og fram til no. I dag, i , veit eg ikkje kor mange fleire tiår eg får leve eller kva retning livet elles vil ta, men eg er likevel merkeleg sikker på at forholdet til sjakken er eit av dei som vil følge med meg til den siste levedagen. Samstundes viser ei rask oppteljing av dei venene eg er sikker på vil følge meg livet ut, at eg har møtt dei fleste av dei gjennom felles interesse for sjakk. Lenge var vi sjakkentusiastar ein ganske liten minoritet her i landet. Vi møttest i klubbar og turneringar og hadde det morosamt og meiningsfylt, men vart sikkert ofte sette på som litt sære og rare. Kanskje er det slik framleis, og kanskje er vi litt sære og rare, men likevel har noko forandra seg. Ja, mykje er endra, på få år. Haldninga til sjakk – og til oss som elskar eller er fascinerte av spelet – har vorte langt meir positiv. For  vart eit jubelår for oss norske sjakkentusiastar. Dette var året då Magnus Carlsen tok det siste steget opp og erobra verdsmeistertittelen, som den 8


M_Sjakk ferdig_A 16/09/14 15:42 Page 9

første frå Norden nokon gong og den første frå VestEuropa i etterkrigstida. Nokre av oss hadde nok håpa på ein oppgang, men ingen hadde vel våga å drøyme om dette. Med eitt slag var sjakk vorte mellom dei mest populære sportsgreinene i norske aviser og TV-kanalar. Korleis kunne det hende? Hovudgrunnen heiter sjølvsagt sjakkgeniet Magnus Carlsen. Men Carlsen er åleine ikkje ei tilstrekkeleg forklaring. Eg trur også det handlar om sjølve spelet sjakk. Ja, sjakk har så mykje spenning og fascinasjon i seg at det framleis evnar å vinne nye tilhengjarar, ny entusiasme. Vi snakkar om eit fleire tusen år gamalt spel, som i dei siste tiåra har vorte ein av verdas mest utbreidde idrettar.  landslag var påmelde sjakk-OL i august  i Noreg. Under halvparten så mange land var representerte i vinter-OL  i Sotsji. Det norske sportspublikummet har oppdaga at sjakk er ein verdssport – og samstundes oppdaga at sjakk er ein særs spennande sport, godt tilpassa både TV og Internett. Heile det norske sportspublikummet følger sjølvsagt ikkje med på sjakk, men ein uventa stor del av dei har altså byrja å gjere det no. Samstundes blir sjakkturneringar følgde av mange nordmenn som ikkje normalt reknar seg til sportspublikummet. Det skjer fordi sjakk er ein spennande sport, men også fordi han kan vere så mykje meir. Sjakk er eit rutete og mangefarga grenseland mellom sport, spel, vitskap og kultur. Det er difor sjakken i fleire hundre år har kunna fascinere menneske frå forskjellige miljø i ulike verdsdelar. No altså også her i Noreg. Eg trur noko av fascinasjonen for sjakk ligg i mang9


M_Sjakk ferdig_A 16/09/14 15:42 Page 10

faldet. Sjakk kan ha store innslag av geometri og matematikk, men av til også strategi og til og med samfunnsfag. På startstreken i sjakk-NM finn ein mange fysisk aktive unge gutar som likar å spele fotball, men også dei som sit i rullestol eller er blinde. Menn og kvinner kan møtast i alle klassar, og forskjellen på den eldste og yngste NM-deltakaren er vanlegvis kring  år. Summa summarum er sjakk ein utviklande og integrerande møteplass for Noreg i dag. I eit internasjonalt perspektiv kan sjakk med stor rett kallast den mest litterære sporten i verda. Sjakklitteratur i ulike former finst på mest alle språk, og i eit hundreårsperspektiv snakkar vi kanskje om eit hundretusental ulike boktitlar. Historisk har Noreg lege langt etter til dømes Sverige og Danmark når det gjeld produksjon av interessante sjakkbøker på eige språk. For ein sjakkspelande forfattar er det svært hyggeleg å sjå at dette no endrar seg. Mellom fleire spennande tilskot til den norske sjakklitteraturen skil Bård Vegar Solhjell si bok Sjakk – Ei kjærleikshistorie seg ut på fleire måtar. Språkleg er ho klart nok den mest interessante nynorske sjakkboka som finst. Eg vil gå eit steg vidare og hevde at det er den mest interessante norske sjakkboka frå -talet så langt. Samstundes som denne boka kjem ut for første gong, kjem André Bjerke sin klassikar Spillet i mitt liv ut i ny utgåve. Trass alle dei openberre skilnadene mellom André Bjerke og Bård Vegar Solhjell (dei står langt frå kvarandre i generasjon, politisk syn, målform – og det meste anna eg kan kome på at to intellektuelle 10


M_Sjakk ferdig_A 16/09/14 15:42 Page 11

nordmenn frå etterkrigstida kan vere ulike på), er det klare likskapar mellom sjakkbøkene deira. Boka til Bjerke var den første store, norske sjakkboka skriven for både spelande og ikkje-spelande lesarar. Den arven tek Solhjell no opp, i ei heilt anna tid – og sjølvsagt då med ei heilt anna bok. Solhjell si førre bok var ei inspirerande refleksjonsbok om politikk og samfunnsliv. Denne gongen har han skrive ei bok som kan vere til inspirasjon og interesse for turneringsspelarar på alle nivå, men også for dei som aldri har spelt eit parti – berre dei har eit minimum av interesse for sjakken. Boka er vorte ei fartsfylt og tankevekkande rundreise gjennom sjakken i fortid, notid og framtid. Den som les denne boka, vil lære noko nytt om sjakk, men også om tida vår og menneska i ho. Lesarane er med desse orda ønskte velkomne med på ei særs spennande litterær rundreise i sjakken si verd – som i  er norske Magnus Carlsen sitt kongerike. Trondheim, .. Hans Olav Lahlum


M_Sjakk ferdig_A 16/09/14 15:42 Page 12


M_Sjakk ferdig_A 16/09/14 15:42 Page 13

del 1

Nerdane tek hemn


M_Sjakk ferdig_A 16/09/14 15:42 Page 14


M_Sjakk ferdig_A 16/09/14 15:42 Page 15

kapittel 1

Sjakkfeber Skifeber og dansefeber, ja. I ny og ne ein Bieber-feber eller Britney-feber. Men sjakkfeber? I november , då Magnus Carlsen spelte om å bli den . verdsmeisteren i sjakk, ramma sjakkfeber Noreg. Direktesending i NRK. Portrettintervju med Magnus Carlsen over alt. Konstant oppdatering i dei fleste nettmedia. Den obligatoriske jakta på kjendisar som spelar sjakk: «Vi har høyrt at x kan litt sjakk, trur du det kan stemme?» På VGTV, der eg deltok fire speledagar som gjest og kommentator, sette dei ny sjåarrekord under sendingane frå sjakk-VM. Ikkje ny rekord for sjakksendingar, men ny rekord uansett programtype. Det var massiv mediemerksemd. Men mediemerksemd er ikkje feber. Feber har vi når samtalen i lunsjen på jobben dreier seg om sjakk. Når folk ikkje sjekkar Facebook på bussen, dei sjekkar stillinga i eit sjakkparti. Feber er når det er umogeleg å oppdrive eit sjakkbrett i bokhandelen. Når eit smart lite firma får hurtigprodusert sjakkbrett og brikker og tener ein liten formue på det. Feber er når folk sit på jobben og følger kvart trekk i eit parti, i seks timar. Når kollegaen min Snorre Valen og eg blir «ferska» på kontoret hans medan vi spelar eit sjakkparti midt på arbeidsdagen. I desember  var eg på julebordet til stortings15


M_Sjakk ferdig_A 16/09/14 15:42 Page 16

journalistane på Ekebergrestauranten i Oslo. Der var det også andre julebord. Utpå kvelden kom ein god og full mellomleiar i ei norsk bedrift bort til meg. Han leksa opp om korleis SV var eit ubrukeleg parti, den raud-grøne regjeringa vonlaus og eg den mest tarvelege ein kunne tenke seg begge stader. Heilt til for ein månad sidan. Då hadde han sett meg snakke om sjakk på TV, og no var eg den smartaste i kongeriket nest etter Hans Olav Lahlum (og etter Siv Jensen, kom han på etter kvart). Det er ikkje det at eg har tenkt «nei sjakkfeber, det kjem vi aldri til å få oppleve». Det er det at tanken ikkje eksisterte. Konseptet var fråverande. Det fanst ingen mogeleg samanheng mellom sjakk og feber. Som den manglande samanhengen mellom jorda og rund i . Det var ikkje det at det var urealistisk, det var det at ingen hadde tenkt på det. I Noreg. For verda har opplevd sjakkfeber før. I Storbritannia, då britiske Nigel Short spelte VM-kamp mot Kasparov i , var det daglege direktesendingar på TV. I USA, då Bobby Fischer vart verdsmeister i , eksploderte sjakkinteressa. I India er Viswanathan Anand folkehelt, og i Russland har det vore meir eller mindre konstant sjakkfeber i eit hundreår. Det finst faktisk ein russisk stumfilm frå  som heiter «Sjakkfeber», om ein mann som er så opphengd i sjakk at han gløymer sitt eige bryllaup. No var det Noreg sin tur. I Drammen driv Øystein Brekke Noregs beste sjakkbutikk og nettbutikken sjakkbutikken.no. Han er Mr. Sjakk i Noreg, entusiasten framfor nokon. Forfat16


M_Sjakk ferdig_A 16/09/14 15:42 Page 17

tar av ei rekke lærebøker, arrangør av turneringar, den som kjenner alt og alle i Sjakk-Noreg. For han var denne tida som nokre veker i paradis. Ja, han selde for meir på ein månad enn på heile det siste året før. Og det var han glad for. Men paradis er ikkje pengar, paradis er ei lukkekjensle. Har du arbeidd heile livet ditt med å spreie sjakk, så er lukka at spelet endeleg er spreidd. At alle rundt deg brått ser det du alltid har sett: sjakkens magi. Eg trefte Øystein Brekke under sjakk-VM. Eg såg lukka hans og kjende at han strålte noko eg følte sjølv. Ein indre jubel, vil eg kalle det. Ja, nett det. Ein indre jubel. For den nerdete aktiviteten eg vaks opp med – og elskar, litt i det skjulte – har brått vorte noko av det kulaste barn kan gjere.


M_Sjakk ferdig_A 16/09/14 15:42 Page 18

kapittel 2

Ein indre jubel I klassen til den eldste sonen min arrangerte dei sjakkturnering under sjakk-VM i , og han vann. Gledesstrålande kom han heim og fortalde om førstepremien – han fekk spele eit sjakkparti mot læraren. Det partiet vann han også – og kom heim med ein pokal. Litt stolt, slik eg var stolt då eg vann sjakkturneringar, men først og fremst litt kul. «Pappa, jeg har aldri vunnet noe før», sa han. Med ein indre jubel som eg såg kom ut gjennom det forsiktige smilet.

Min barndoms sjakk Det var far min som lærte meg trekka. Pappa, som var lærar, tok vidareutdanning i kroppsøving, og heile familien budde eit år i eit hus i Sem nær Tønsberg. Det var før eg og søstera mi hadde byrja på skulen, og barnehageplass hadde vi ikkje. Tilbake i Naustdal fanst ein liten sjakklubb der medlemmene møttest kvar tysdag. Det var Grytten som dreiv han. Han beit negler og spelte skotsk opning – ein open og offensiv spelemåte som passa lynnet hans. Så smått innvigde han meg i mysteria i sjakken. Sjakk har eit image som kjedeleg, men eg hugsar min barndoms sjakk mest som leik. Fordi det var eit spel eg likte, sjølvsagt, men også fordi det finst eit utal 18


M_Sjakk ferdig_A 16/09/14 15:42 Page 19

mogelegheiter til å leike seg. Og eg fekk lov til å leike meg, tulle litt med brikkene når eg ville det, spele lagsjakk, lynsjakk. Gjere som eg ville. Og ofte ville eg lære, men ikkje minst forstå. Kvifor noko skjedde, kva eit trekk betydde. Dei første sjakkbøkene mine vart slitne i stykke, så teipa igjen. Ei av dei har eg enno, det vil seie eg har dei arka som ein gong vart trykte som ei bok. Eg las magasin, fann fram andre sine parti og øvde på opningar. Eg såg vakre kvelarmattar (ein matt der kongen er sperra inne av eigne brikker og dermed blir «kvelt» når han blir sjakk) og dronningoffer (å gi frå seg dronninga for eit angrep på motspelaren) inni hovudet når eg lukka auga. Eg synest det er vanskeleg å hugse mykje frå min eigen barndom, men eg kan hugse element frå sjakkparti eg spelte. Sigrar, irriterande tap. Oppgåver og råd frå sjakkbøker. Opningar eg ikkje kunne, men spelte likevel. Dumme feil eg framleis lukkar auga i irritasjon over. Jan Nikko, som budde i sentrum og hadde ein far som var lege, hadde noko endå viktigare: ei sjakkdatamaskin. Han var tre år eldre enn meg, så eg kjende han knapt, men far min hadde han på skulen og fekk ordna det så eg kunne dra ned dit ein kveld og spele sjakk. Magisk. Etter kvart vart eg ein brukbar spelar. Kretsmeister i Sogn og Fjordane (tre gonger, trur eg) og deltakar i NM i aldersbestemte klassar (to gonger, trur eg). Som tolvåring deltok eg i noregsmeisterskapen i sjakk, aldersbestemte klassar, for første gong. Der plasserte eg meg trygt i den nedre halvdelen av feltet, utan at det uroa meg spesielt. Likevel slutta eg som tolvåring. Eg gjorde eit kort 19


M_Sjakk ferdig_A 16/09/14 15:42 Page 20

comeback det året eg vart femten. Sjakkmiljøet i Naustdal hadde brote saman, men eg starta opp igjen. Spelte litt og dreiv Naustdal sjakklubb. Eg hengde opp lappar på skulen om sjakkurs. Om lag førti barn mellom åtte og tolv vart med, og eg lærte dei å spele sjakk. Det var moro, og barn og foreldre syntest det var topp. Fleire av dei vart mykje betre sjakkspelarar enn meg. Andre vart ikkje det, men har det siste året mint meg på kor moro det var å lære sjakk. Så gav eg meg. Byrja å spele elektrisk gitar i staden. Kvifor slutta eg? Eg veit ikkje, men eg trur eg veit. Å spele sjakk i Naustdal vart etter kvart ein einsam aktivitet, utan andre spelarar som både heldt mitt nivå og var på min alder. Eg hadde ingen å dele dette med i det daglege. Men dei fanst andre stader i fylket, på turneringar, blant vaksne. Om eg ville. Det var ikkje eigentleg difor eg slutta. Eg trur eg må vedgå: Sjakk var ikkje kult. Litt teit, som vi ville sagt i Naustdal den gongen. Nerdete, seier eg i dag. Det var ingen positive tilbakemeldingar å hente på å vere god i sjakk. Det drog ikkje damer, berre tomme blikk og fleipete kommentarar. Var det også ei medverkande årsak til at eg ein periode, på ungdomskulen, vart litt erta og kalla «professor»? Eg hugsar det ikkje sånn i dag. Samstundes flyt ting saman. Å vere sjakkspelar var jo ikkje ein isolert del av meg som eg kunne kle av meg, som eksisterte på sida av den eg elles var. Det var ein del av ein nokså skuleflink, veldig tynn, altfor meiningssterk, fiolinspelande gut utan moped og med rar musikksmak. Som du skjønar var det ikkje nokon grunn til å 20


M_Sjakk ferdig_A 16/09/14 15:42 Page 21

skulde på sjakken for noko som helst. Likevel hadde eg behov for å kle av meg noko av livet mitt. Så eg slutta å spele sjakk. Og slutta å spele fiolin. Utan at det hjelpte. Det som hjelpte, var å kome på vidaregåande, bli eldre og bli tryggare. Men eg vart i alle fall sjakkfri. Med unnatak av nokre sprekkar, har eg vore sjakkfri i mange tiår. Verda gjekk ikkje glipp av ein stor sjakkspelar den gongen. Men eg gjekk glipp av mange timar og år med glede. I alle fall andre å dele sjakkgleda med. I staden følgde eg med for meg sjølv. På Simen Agdestein, som eg hadde stor sans for, og på matchane mellom Karpov og Kasparov. På Judit Polgar, den sterkaste kvinnelege spelaren gjennom alle tider, som eg var særleg fascinert av. Eg spelte eit parti kafésjakk i ny og ne, og ein vinter spelte eg i Nordnes sjakklubb i Bergen igjen for moro skuld og las nokre fleire bøker om opningsspelet i sjakk. Så vart det stille.

Ein sjakkflyktning kryssar sitt spor Det var ein kombinasjon av Internett og Magnus Carlsen som fekk meg utpå igjen. Først litt, så meir. Mest i smug og i handterlege mengder. Eg lasta ned applikasjonar til mobilen og spelte på nett, først og fremst lynsjakk. Det kjendest som eg hadde oppdaga ei verd på nytt, og no var ho så tilgjengeleg. Ho var heime i stova, på kontoret, på toget – der eg trong ho. Eg kunne skru ho på, og rett av. Eg byrja å lese litt om sjakk igjen og følgde med. Tidleg gjorde det inntrykk på meg å lese om Magnus Carlsen. Ikkje først og fremst det han opp21


M_Sjakk ferdig_A 16/09/14 15:42 Page 22

nådde der og då, men potensialet – det som kunne skje. Tanken på at ein norsk gutunge kunne bli ein av dei verkeleg gode spelarane på verdsnivå. Kva skaper ein fascinasjon? Kvar går det frå nysgjerrigheit, moro, leik til å bli noko ein ikkje heilt klarer å legge vekk? Det gjekk lenge bra, det var nok VM-feberen som fekk meg ut av balanse igjen. Kvalifiseringa (kandidatturnering) i London følgde eg frå kontoret og mobilen, og spelte gjennom parti og såg på mogelegheiter etterpå. Og så berre måtte eg spele nokre parti sjølv etter det. Taper eg, må eg ha revansj. Eg hatar å avslutte ei økt med tap. Har eg gjort noko dumt i eit parti, må eg prøve ein gong til. Eg hatar å tape, men eg hatar å gjere dumme feil også. Problemet er sjølvsagt at med nivået mitt gjer eg feil heile tida. Kor lett er det å halde ein fascinasjon skjult? Overfor kollegaer og vener går det fint. Dei fleste som kjenner meg, har neppe sett meg spele eit parti sjakk. For kone og barn? Ikkje lett, skal eg seie deg. For når skal du gjere det? Det må jo vere mellom middag og trening. Eller mellom trening og lekser. Eller mellom lekser og legging. Eller mellom legging og rydding. Eller mellom rydding og kveldsjobb, telefonar og rekningar som må betalast. Men dette «mellom» finst eigentleg ikkje. «Mellom» der lurer ungane på kvifor eg spelar sjakk i staden for å snakke med dei, skjere brødskive til dei eller leike med dei. «Mellom» der finst dei minutta eg kan snike meg til eit parti lynsjakk på Internett, når kona mi legg ein unge eller lagar kveldsmat. I fall du er i tvil: eit sikkert opplegg for krangling. 22


M_Sjakk ferdig_A 16/09/14 15:42 Page 23

Kva skjedde, korleis kom denne trygt oppbevarte fascinasjonen fram att? Han var jo forsvarleg lagra langt inne i eit undersjelisk anlegg. Det gjekk frå nysgjerrigheit til å oppta hovudet og tankane. Til å bli vanskeleg å la vere. Berre må spele, sjekke eit parti, finne ut av ein opningsvariant. Det var eigentleg nærliggande. Løysinga var å ikkje halde fascinasjonen skjult, men tvert imot å ta han fram. Å dyrke han, dele han med andre, gle meg over han. Å la den indre jubelen styre. Det hjelpte. Det hjelper ikkje mot det plutselege behovet for å sjekke ein variant midt i leggetid eller lysta til å spele eit parti lynsjakk under ein kjedeleg stortingsdebatt. Berre sjølvdisiplin hjelper mot det. Men eg tenker at det kanskje spreier ei interesse som blir til ei glede ein eller annan stad. Og at det dermed hjelper. Eller kanskje hjelper det ikkje til anna enn å glede meg sjølv. I så fall er det greitt nok. Eg er trass alt  år, eg har lov. Det er dessutan mange hundre millionar av oss, vi er ein stor flokk.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.