Jenta i Blindgata

Page 1



Av Linn T. Sunne Illustrert av C amilla Billett

Samlaget oslo 2016


«Ta godt imot Inga», seier Hanne. «Inga har flytta inn i Blindgata og skal gå i klassen vår.» Tea ser på Teodor. «Blindgata! Det er jo gata vår!» Inga smiler til heile klassen. Ho ser ut som om ho gler seg til timar og friminutt.

6


7


Inga går ikkje på SFO. Ho går rett heim etter skulen. Etter middag ringjer det på døra. Det er Inga! «Skal vi finne på noko?» spør ho. «Bli med meg heim! Eg bur i det kvite huset inst i gata.»

8


9


Inga er artig å vere i lag med. Ho har ein liten hund. Den heiter Knøtt. «Skal vi leike i morgon?» seier Inga. «Ja! Eg ringjer deg etter middag», seier Teodor. «Eg har ikkje telefon», seier Inga. «Mor di har sikkert», seier Tea. Inga ristar på hovudet.

10


11


Dagen etter gĂĽr Tea og Teodor til det kvite huset. Inga sit utanfor i ei huske.

Ho skvett da ho ser dei. Hunden bjeffar. 12


«Så fint at de kjem!» smiler Inga. «Skal vi steikje pannekaker?»

13


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.