Eldprøva

Page 1

Clara trur ho er ei heilt vanleg jente som lever eit heilt vanleg liv. Men då ho blir klort i fjeset av ein svart, gigantisk katt, er ingenting lenger som det var. I all hast pakkar mor bilen og tek Clara med til eit hus langt ut i skogen der tanta hennar bur. Tante Isa meiner at Clara er ei villheks som henne, men Clara veit ingenting om trolldom. For kvart mislukka tryllekunstforsøk føler ho seg tryggare på at ho berre er ei vanleg jente. Men ei natt, når Clara er åleine i huset, blir ho sett på hekseprøve.

lene Kaaberbøl

Ny og spennande fantasyserie!

lene Kaaberbøl

Eldprøva

Eldprøva er den første boka i Lene Kaaberbøls nye fantasyserie Villheks. Serien handlar om Clara, hennar kjærleik for dyr og hennar kamp for å overleve som villheks i ei verd der trolldom ikkje er barnemat. Frå 10 år.

Eldprøva

«Lene Kaaberbøl kan dette – å skrive fantasy som får blada til å vende seg av seg sjølve.» K a ren Lise Sønderg aard Br a ndt, Jyllands-Posten

isbn 978-82-521-7903-3

9 788252 179033 samlaget.no

villheks3.indd 1-3

07.02.12 16:34


Eldprøva ferdig.qxd:Layout 1

12-03-12

12:06

Side 3

Eldprøva Frå dansk ved Øystein Rosse

Med vignettar av Anders Walter

Samlaget Oslo 2012


Eldprøva ferdig.qxd:Layout 1

12-03-12

12:06

Side 5

1 Havkatten Katten stod midt i trappa, og han ville ikkje flytte seg. Det var den største katten eg hadde sett i heile mitt liv. Like stor som labradoren til venen min, Oscar, og like svart. Auga hans lyste neongult i halvmørket i kjellarnedgangen. «Ehm … katt? Kan eg få kome forbi?» Nei. Det var ikkje det at han sa det, altså. Ein kunne berre sjå det på han. Det var ikkje for moro skuld han sat der. Det var ikkje tilfeldig. Han sat der fordi han ville sitje der. Fordi han ville meg noko. Eg skulle på skulen. Eg var allereie litt seint ute, og slik som det regna og bles, ville sykkelturen verken bli særleg rask eller særleg behageleg. Og eg hadde ikkje lyst til å forklare Matte-Hanne at eg kom for seint til timane hennar for andre gong på fjorten dagar fordi eg ikkje torde gå forbi ein svart katt. «Husssj,» kveste eg til han. «Vekk! Stikk! Ha det!» Han opna berre gapet og viste meg ei lyseraud tunge og eit sett kvite tenner som var både lengre og kvassare enn vanlege kattetenner. Og han var heilt klart betre til å kvese enn eg var. Eg trilla sykkelen litt oppover rampa og steig opp på det neste trappetrinnet. Katten og eg var no cirka to meter frå kvarandre. Eg vifta med den eine handa. «Forsvinn!» 5


Eldprøva ferdig.qxd:Layout 1

12-03-12

12:06

Side 6

Han rikka seg ikkje ein millimeter. Eg er nok ikkje den modigaste jenta i verda, men akkurat då var eg mykje reddare for Matte-Hanne enn for katten. Eg drog pusten djupt, og så drog eg med meg sykkelen oppover trappa det fortaste eg kunne. No måtte han vel flytte seg. Katten hoppa. Ikkje til sida eller bakover, men rett mot meg. Han trefte meg i brystet og ansiktet, og ein kort augneblink såg eg ikkje anna enn svart pels. Eg snubla, fall baklengs ned trappa og landa på ryggen i botnen av kjellarnedgangen med sykkelen og katten oppå meg. Bakhovudet mitt small i betongen, og den eine olbogen skrapa bortover den grove muren. Men det var katten som fekk meg til å liggje stokk stille med hjartet hamrande heilt oppe i halsen. Dei gule katteauga brann mot meg. Klørne bora seg gjennom regnjakka mi, gjennom genseren under og heilt inn til den berre huda. Det var ein svart, pelskledd skugge som dekte nesten alt, og bak den kunne eg ikkje sjå anna enn blygrå himmel og regn som fall ned på oss begge i store, kalde dropar. Han lyfta den eine frampoten, med spreidde, blotta klør. Dei var mjølkekvite i tuppen og blågrå lenger oppe. «Nei,» kviskra eg. «Ikkje gjer det …» Sjølv om eg ikkje heilt skjønte kva det var eg var redd for at han skulle gjere. Eg låg halvveges oppå den venstre armen min, men eg prøvde å velte katten vekk med høgre. Pelsen hans var våt og tung, og ikkje berre av regn. Han lukta tang og hav og saltvatn. Og eg klarte absolutt ikkje å rikke han. Svisj! 6


Eldprøva ferdig.qxd:Layout 1

12-03-12

12:06

Side 7

I ein lynrask, feiande bevegelse hogg han poten mot ansiktet mitt, og eg kjende klørne rispe huda rett over nasen, midt mellom augebryna. Blodet begynte å renne med det same. Eg kunne kjenne det sildre ned langs naserota og måtte blunke for å ikkje få det i auget. Og mens eg enno låg der, lamma og skamfaren, bøygde havkatten seg fram, og eg kjende den varme, ru tunga raspe over panna mi. Han slikka blod av det såret han sjølv hadde laga. «Clara! Kva er det no, då? Du kjem for seint!» Stemma til mor mi kom frå arbeidsrommet. Eg berre stod der i gangen og fekk ikkje fram eit ord. Og like etter kom ho ut. «Vesle mus,» sa ho forskrekka. «Kva er det som har skjedd?» Eg rista på hovudet. Ja, heile kroppen min rista faktisk. Eg hadde vondt i hovudet, det sveid og brann i såret i panna, og det var som om eg enno kjende vekta av den våte kattekroppen og lukta av tang og salt blod. «Ein katt,» kviskra eg. «Det var … ein katt.» Eg hadde ikkje rekna med at ho ville tru meg. Eg hadde førestelt meg at ho ville stille ei mengd spørsmål og seie at eg overdreiv. Eg meiner, kor ofte er det eigentleg at ein blir overfallen av ein svart kjempekatt? Men slik var det ikkje. Ho berre stirte på meg. «Å nei,» sa ho. Ikkje meir. Og så begynte ho å gråte. Kanskje det er best eg forklarer eit par ting. Mor mi er inga sippeguri. Ho er jamt over ganske tøff. Ho er jour7


Eldprøva ferdig.qxd:Layout 1

12-03-12

12:06

Side 8

nalist. Frilansar heiter det, fordi ho har sitt eige firma og lever av å skrive artiklar til alle dei avisene som vil betale henne for det. Og det er faktisk mange, for ho er god, og ho er flink til å finne spennande saker òg. Far min bur ikkje saman med oss, og det har han ikkje gjort sidan eg var fem år, så mor er van med å klare det meste sjølv. Og ho slutta fort å gråte og fann fram førstehjelpsskrinet og begynte å reinse både såret i panna og det på olbogen, samtidig som ho hadde mobiltelefonen klemd fast mellom skuldra og øyret og prøvde å kome gjennom til legen. «Du er no nummer … sju … i køen,» sa ei fjern mobilstemme. Mor smekka igjen mobilen med ein hissig bevegelse og henta ein pose frosen mais og eit handkle ute på kjøkkenet. «Her,» sa ho. «Hald det mot såret. Vi køyrer dit sjølve.» «Sykkelen,» sa eg. «Eg fekk ikkje låst sykkelen.» «Drit i det,» sa ho. «Det kan vere det same no. Ta på deg ein tørr genser. Vi veit ikkje kor lenge vi må vente.» No var ho seg sjølv att. Mora som hadde kontrollen, mora som alltid passa på meg. Men eg kunne ikkje gløyme det hjelpelause, vesle «Å nei» og det uttrykket eg hadde sett i ansiktet hennar før ho fekk på seg morsmaska igjen. Den opne munnen hennar. Heilt kvit på leppene. Og tårene som berre spratt fram i auga hennar. Som om heile verda nettopp hadde gått under.


Eldprøva ferdig.qxd:Layout 1

12-03-12

12:06

Side 9

2 Kattefeber «Dette er til fem dagar,» sa legen og gav mor mi ein resept på penicillin. «Og Clara … ikkje ert katten meir, er du snill, OK?» «Eg erta han ikkje,» sa eg. Eg hadde så vondt i hovudet, og det kjendest på ein måte større og varmare ut enn det brukte. Dessutan var eg øm i skuldra av stivkrampesprøyta, og katteklormerka sveid mellom auga på meg. Det føltest så urettferdig at den elles så greie legen vår nærmast oppførte seg som om alt saman var min eigen feil. «Nei vel,» sa ho. «Men hald deg iallfall unna kattar den nærmaste tida.» Ho såg opp på mor mi igjen. «Ring meg viss det blir raudt og hovent, eller viss det blir blemmer kring såret. Ho bør jo helst ikkje få katteklorsjuka.» «Katteklorsjuka?» sa mor. «Kva er det?» «Mange kattar kan ha ein farleg bakterie som heiter bartonella. Den kan lett overførast til menneske, men penicillinet burde ta han i startfasen. De treng ikkje vere engstelege.» Det var eg ikkje heller, eller iallfall ikkje så veldig. Eg var meir redd for at kattemonsteret skulle kome tilbake. På heimvegen stoppa vi først ved apoteket i Jernbanegata og seinare ved La Luna, som er yndlingspizzeriaen vår. «Hawai med ekstra ost?» spurde mor. «Ja,» sa eg, sjølv om det føltest litt rart å kjøpe pizza midt på dagen. Men regnet auste enno ned, tett og grått, og 9


Eldprøva ferdig.qxd:Layout 1

12-03-12

12:06

Side 10

eg hadde ein tung influensaaktig følelse i heile kroppen. Eg visste ikkje om overdrivne mengder av smelta ost ville hjelpe mot det, men det var då eit forsøk verdt. Det var ikkje snakk om at eg skulle på skulen. Mor oppførte seg faktisk som om det berre var eit tidsspørsmål når den der bartonellabakterien ville slå meg ut, trass i jod, sprit, borsyre, penicillin og ei grundig sårreinsing. Då vi hadde ete pizzaen og rydda av bordet, ville eg spele litt dataspel på rommet mitt, men i staden fekk ho meg til å krype saman med eit vatteppe og ei bok på gjestesenga inne på kontoret der ho sat og jobba. Det var triveleg nok, det var ikkje det, men eg fekk ein følelse av at det var fordi ho ville halde auge med meg. Litt over tre om ettermiddagen peip ein SMS inn på telefonen min. Han var frå Oscar. «Kvifor var du ikkje på skulen?» stod det. Eg visste ikkje heilt kva eg skulle svare. Det var liksom litt innvikla å skulle forklare at eg hadde blitt klort av ein katt og kanskje ville bli sjuk av det. Til slutt skreiv eg berre «Sjuk » sjølv om det ikkje var sant – enno iallfall. Den natta drøymde eg om katten. Han venta på meg ved sykkelkjellaren, akkurat som han hadde gjort i verkelegheita. Men i staden for å overfalle meg strekte han kroppen i eit langt, tilfreds og smidig kattestrekk og geispa så eg kunne sjå alle tennene hans. «Du er mi no,» sa han og slikka seg om munnen med ei lyseraud tunge. «Mi, mi, mi …»

10


Eldprøva ferdig.qxd:Layout 1

12-03-12

12:06

Side 11

«Mor?» «Ja, venen min?» Ho sette seg opp i senga med eit rykk, så vaken at eg ikkje var sikker på om ho hadde sove. «Mor, eg trur eg har feber …» Det dunka i panna, og armane og føtene mine føltest som lange stilkar, som om dei ikkje sat skikkeleg fast på kroppen lenger. Lyset frå nattbordlampa til mor bora seg inn gjennom auga og vidare inn i hjernen. Eg lukka auga ein augneblink, men det var heller ikkje bra, for då blei eg svimmel og klarte nesten ikkje å halde balansen. Mor drog meg ned på sengekanten og la ei hand på panna mi. «Du er jo glovarm,» sa ho. «Gjer det vondt her?» «Ja.» «Legg deg her, så ringjer eg til legevakta.» Men det var tydelegvis ingen som rykte ut berre fordi ein tolvåring hadde fått litt feber. Eg låg med lukka auge i senga til mor mi og høyrde henne krangle med legen, fjernt og underleg ullent, sjølv om ho sat nesten rett ved sida av meg. «Men penicillinet verkar jo ikkje,» sa ho. «Ho har over førti i feber!» Eg døste litt. Det dufta så herleg reint og trygt av nyvaska sengetøy og mor og mor-sjampo, men eg torde likevel ikkje heilt å sove. Katten var der framleis, kjende eg. Han venta i draumane mine. «Vil du ha litt vatn?» «Nei takk …» Eg var varm og sår i halsen, og eg hadde ikkje lyst til å helle noko ned gjennom han sjølv om eg eigentleg var temmeleg tørst. 11


Eldprøva ferdig.qxd:Layout 1

12-03-12

12:06

Side 12

«Det er nok best at du drikk noko. Cola? Saft?» «Litt saft, kanskje.» Ho henta det til meg. Så gjekk ho ut på kjøkkenet att, og eg kunne høyre at ho sette på vatn til kaffi. Ho hadde teke med seg mobilen og ringde til ein eller annan. «Det er Milla Ask. Unnskyld at eg ringjer så seint, men det er utruleg viktig at eg får tak i syster mi …» Så lukka ho døra, og eg kunne ikkje høyre resten. Men jamvel midt i feberørska undra eg. Eg visste godt at mor hadde ei storesyster, men eg hadde aldri treft henne. Og eg fatta ikkje kvifor mor skulle ringje til henne klokka to om natta. Kanskje ho var lege? Nei, tante Isa levde av å teikne, kom eg plutseleg på. Vi hadde ein gong sett nokre kort med nokre svært livaktige ender på i eit butikkvindauge. «Isa Ask Design» stod det på eit stort skilt, og korta var dritdyre. «Ho heiter også Ask,» sa eg og peikte. Eg var ikkje så gammal den gongen, kanskje åtte eller ni. «Det er fordi ho er tanta di,» sa mor. Men ho kjøpte ikkje korta, og då eg spurde om ikkje vi kunne besøkje tante Isa, sa mor berre noko om at ho budde «svært langt ute på landet», som om det var i indre Mongolia og ein berre kunne kome seg dit med hundespann eller helikopter. Det var alt eg visste om tanta mi. Så kvifor var det no plutseleg «utruleg viktig» å få tak i henne? Eg lukka trøytt auga og orka eigentleg ikkje spekulere meir. Men i mørket bak augeloka kunne eg høyre katten syngje. Mi, mi, mi … Eg opna auga att. Eg trur faktisk eg gret litt, først og fremst fordi eg var så trøytt og likevel ikkje torde sove meir. 12


Eldprøva ferdig.qxd:Layout 1

12-03-12

12:06

Side 13

På den andre sida av den lukka kjøkkendøra var stemma til mor blitt høg og sint. Framleis kunne eg ikkje høyre alle orda, berre noko om viktig og livet til dotter mi. Livet til dotter mi? Hjartet mitt hoppa over eit slag. Trudde ho at eg var i ferd med å døy? Ein kunne jo døy av farlege bakteriar sjølv om ein ikkje var eldgammal og budde på sjukeheim. «Mor?» ropte eg. Men ho høyrde meg ikkje gjennom den lukka døra og var nok også svært oppteken av telefonkrangelen sin. Eg sette meg opp. Pang. Ein hammar trefte meg midt mellom auga, midt i kattesåret. Eg klynka litt. Det gjorde så vondt, og det ville berre ikkje gi seg. «Mor?» Eg reiste meg opp. Kjøkkendøra var fleire kilometer borte, men eg kom då fram til slutt. «… det kan det vel hende eg må,» sa mor. «Men eg forstår berre ikkje at det går an å vere så likeglad når …» Så fekk ho auge på meg. «Neimen, vesle mus, då. Set deg før du går rett i golvet.» Ho snudde seg brått bort, men eg hadde sett det. Ho gret. Igjen. Mødrer skal ikkje gråte. Dei skal vere vaksne og sterke og passe på ungane sine. Eg er som sagt ikkje så frykteleg modig, ikkje slik som Oscar, men eg trur faktisk han også ville ha vore redd no viss han var meg. «Gi meg adressa,» sa mor kort. «Så får eg finne ut resten sjølv.» Ho skribla nokre hissige bokstavar på hugseblokka som hang på kjøleskåpdøra, og avslutta svært brått 13


Eldprøva ferdig.qxd:Layout 1

12-03-12

12:06

Side 14

telefonsamtalen. Då ho snudde seg til meg att, hadde ho tørka tårene og smilte på mors vis. «Vesle mus, vi blir nok nøydde til å køyre ein tur. Trur du du orkar det?»


Eldprøva ferdig.qxd:Layout 1

12-03-12

12:06

Side 15

3 Paddegift og snokespytt Vi køyrde lenge. Mor hadde fylt baksetet på den vesle, blå Kiaen vår med puter og dyner, og eg låg i grunnen godt nok, bortsett frå at eg blei meir og meir svimmel, og det suste så rart i øyra mine, omtrent som summinga til ein irriterande mygg, berre høgare og nærmare, som om han sat heilt inne i øyregangen. Mi, mi, mi. Eg sov nok litt likevel, for plutseleg var vi ute av byen, og det var ikkje lenger gatelys og trafikkstøy rundt oss, berre mørke, og iblant lysa frå ein og annan bil. Vindaugsviskarane peip over frontruta, iiii-ii, iiii-ii, og regnet tromma mot biltaket. «Kan vi ikkje slå på radioen?» spurde eg, for eg tenkte at då ville eg kanskje ikkje høyre mygglyden lenger. «Jo då. Ligg du godt?» «Heilt fint,» sa eg. Det spraka i høgtalarane i bilen mens mor mi prøvde å finne ein kanal som vi fekk inn slik nokolunde. Stemmer og musikksnuttar fór forbi, men blei borte att i radiosuset. «Det er visst ikkje så lett her ute,» sa ho. «Skal eg ikkje setje på ein CD i staden?» «OK.» Ho fann eit Electra-album ho visste eg likte. Electras klare, sterke stemme skar gjennom bassdrønn og trommerytmar. «Go where you gotta go, no matter how far,» song ho. «Mama always told me, gotta be who you are, can’t be nobody else, gotta seek your own star, gotta be … gotta be … gotta be who you are.» 15


Eldprøva ferdig.qxd:Layout 1

12-03-12

12:06

Side 16

Eg låg og høyrde litt på det. Det var som om hovudverken ikkje banka like sterkt når eg konsentrerte meg om å høyre Electra i staden for myggtonen. Så tok eg mot til meg. «Mor?» «Ja, mus?» Ho skifta gir og sette opp farten litt. Vi køyrde oppoverbakke no, merka eg. «Er dette … denne sjukdommen … er det noko ein kan døy av?» Ho fjerna foten frå gasspedalen, og bilen mista farten nesten med det same fordi det gjekk så bratt oppover. Så snudde ho seg i setet og såg på meg. «Clara-mus. Slik må du ikkje tenkje!» sa ho. «No er vi snart hos tante Isa, og då hjelper ho oss. Alt kjem til å gå bra. OK, venen min?» «Ja,» mumla eg. «OK.» Men eg sa det nok mest for hennar skuld. For mens ho sette opp farten att og køyrde vidare gjennom regnet og mørket, kunne eg ikkje la vere å tenkje på éin ting: Ho hadde ikkje sagt nei. Bilen skumpa og skrangla bortover vegen som var så humpete at mor berre fekk lirka Kiaen framover i sniglefart. Eg sette meg opp. Det var rett og slett for ubehageleg å bli kasta opp og ned på denne måten når ein låg. Eg stirte ut mellom framseta og prøvde å få eit inntrykk av kvar vi var. Skinet frå frontlysa hoppa over grusskrentar og vasspyttar og høgt, vått gras. Vegen gjekk nærmast i ei djup, brei grøft. På begge sider gjekk det bratt oppover ein meter eller to, og sjølv om det hadde slutta å regne no, var 16


Eldprøva ferdig.qxd:Layout 1

12-03-12

12:06

Side 17

det ikkje mange stjernene å sjå, for vi køyrde gjennom ein skog av høge, kolsvarte graner. «Er vi snart framme?» spurde eg. «Om ti minutt,» sa mor. «Det påstår iallfall GPS-en, men eg trur ikkje heilt han har teke høgd for kva for slags veg dette er.» Ho prøvde å lirke seg utanom eit hol, men klarte det ikkje heilt på grunn av dei bratte vegkantane. Krrrrrr. Noko skrapa mot botnen på Kiaen. Kanskje det med helikopter og hundespann ikkje var så dumt likevel. Det tok ikkje ti minutt, men snarare tjue før vi svinga til høgre over ei lita trebru og såg lys mellom trea lenger framme. «Det må vere her,» sa mor. «Det er nok ingen andre som vil bu så langt utanfor allfarveg.» Vi køyrde gjennom ei grind og over eit lite jorde, og så stansa mor bilen på ein gardsplass mellom to hus. Der stod det frå før ein eldgammal liten Morris Mascot med svarte sider og kvitt tak. Begge husa hadde stråtak, og murane var ikkje av vanleg murstein, men bygde av slike steinar som ein finn på marka. Det var lys i det eine huset, og då mor opna bildøra, kjende eg lukta av fuktig jord og granskog og vedrøyk. Døra var ei slik halvdør som det iblant er i stallar. Den øvste halvdelen blei slått opp, og der stod det ein høg, pukkelryggja skapnad med lange indianarfletter. Nei, vent. Ho var ikkje pukkelryggja. Pukkelen hadde fjører og auge og venger. Det var ei ugle, og ho stirte interessert på oss som om vi var noko ho lurte på om ho skulle ete til frukost. 17


Eldprøva ferdig.qxd:Layout 1

12-03-12

12:06

Side 18

«Kom inn,» sa den framande dama med ugla. «Så skal eg sjå kva eg kan gjere.» Det var altså tante Isa. Tante Isa hadde fyrt opp i vedkomfyren i det store rommet som i mine auge var ei merkeleg blanding av verkstad og stue. Ei gryte stod og bobla og spytta små skyer av damp og skarpe lukter ut under loket med jamne mellomrom. Der var hyller og skåp langs alle vegger der det ikkje var vindauge, og på hyllene stod det ikkje berre bøker, men også krukker og glas og verktøykasser, og rekkjer av korger fôra med aviser – seinare fann eg ut at det låg vintersovande piggsvin og hasselmyser i nokre av dei. Der var eit par umaka lenestolar, to lange bord og ein høvelbenk. Lyset kom frå to parafinlamper, og eg kunne ikkje sjå nokon TV. Eg sat på ein sliten gammal sofa som lukta hund, med to ryer over mi eiga dyne, og likevel fraus eg. Tante Isa hadde vore grei mot meg, men ikkje akkurat like grei mot mor mi, syntest eg. «Berre sov viss du kan,» sa ho til meg. «Her skjer det ingen ting.» Dei brune auga hennar hadde same fargen som haustlauv, og av ein eller annan grunn trudde eg på det ho sa. «Katten …» kviskra eg. «Ikkje her,» sa ho. «Her kjem han berre inn viss eg gir han lov.» Og det var ikkje nødvendig å forklare noko. Ho visste det alt. Eg fatta ikkje korleis ho kunne vite det, men det var ein veldig lette at ho berre forstod. 18


Eldprøva ferdig.qxd:Layout 1

12-03-12

12:06

Side 19

Overfor mor mi var stemma hennar heilt annleis – så skarp at ein kunne skjere seg på ho. «Du skulle nok ha kome litt før.» «Korleis kunne eg det?» sa mor. «Det skjedde først til morgonen i dag.» «Ja. Men ho fylte tolv i mars, ikkje sant?» Mor svarte ikkje med det same, sjølv om det ikkje akkurat var noko vanskeleg spørsmål. Først tenkte eg at ho kanskje var like forvirra som eg var – eg skjønte ikkje kva fødselsdagen min hadde med saka å gjere. Men då ho svarte, kunne ein høyre at ho ikkje var det minste forvirra, berre sint og redd. «Ho er ikkje slik som deg,» sa ho. «Ho er ei søt, gløgg og normal jente.» Tante Isa såg lenge på mor. «Det trur eg ikkje vi skal diskutere no,» sa ho. «No må vi berre få feberen ned så jentungen kjem seg på føtene att.» Ja takk, tenkte eg. Og viss de kunne få hovudverken til å forsvinne òg, så … Tante Isa letta på gryteloket og auste noko av innhaldet i gryta over i eit krus med ei stor skei. «Her,» sa ho og rekte meg kruset. «Det smaker litt bittert, men det hjelper.» «Kva er det?» sa mor mi mistenksamt. «Paddegift og snokespytt,» sa tante Isa. «Kva trudde du?» Eg såg forskrekka opp, men så såg eg at det var eit glimt i dei haustbrune auga. «Nei då,» sa ho roande. «Eg berre ertar mor di. Det er 19


Eldprøva ferdig.qxd:Layout 1

12-03-12

12:06

Side 20

pilebork og urter som kan hjelpe penicillinet litt på veg. Og når du har drukke det, stryk eg deg litt kring nakken og hovudet. Alt saman hjelper.» Og det gjorde det. Paddegifta, eller kva det no var, smakte beintfram pyton, men så sette tante Isa seg i sofaen, tok hovudet mitt i fanget og begynte å stryke fingrane fast, men varsamt oppover halsen min, over nakken og heilt opp i håret. Det føltest berre så godt. Det var som om ho fjerna ørlite av hovudverken med kvart strøk. Sjølv då ho begynte å trykkje meg på panna, som var så hoven av såret, gjorde det ikkje det minste vondt. Ho nynna mens fingrane arbeidde, ein ordlaus melodi som steig og fall i merkelege rykk; det var iallfall ikkje ein song eg kjende. Somme gonger høyrdest det nesten ut som om ho kunne syngje to tonar på ein gong, ein djup og ein høg. Eg veit ikkje kvifor, men eg kom til å tenkje på vind og regn og lukta av haustlauv. Og midt oppi det heile høyrde eg ei dør bli lukka. Eg opna auga, som hadde glide godt og grundig igjen. «Mor?» «Ho kjem snart inn att,» sa Isa. «Alt dette med urter og villsong er liksom ikkje hennar greie.» «Villsong?» «Hysssj. Ikkje tenk så mykje. Det kan vi alltids snakke om seinare.» Til slutt var hovudverken heilt borte. Og då eg sokk ned i søvnen, var det ikkje lenger nokon havkatt som venta i skuggane.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.